Lenke til referat frå møte i skulemiljøutvalet 03.06.14

Download Report

Transcript Lenke til referat frå møte i skulemiljøutvalet 03.06.14

Medlemer Skulemiljøutvalet
Dykkar ref.
Gol kommune
Vår ref.
13/03687-11
Dato
08.07.2014
Referat frå møte i skulemiljøutvalet 03.06.14
Til stades: Bjørn Åke Økland og Marianne Brekke (FAU), Svanhild Aalvik ( andre tilsette),
Anne Marie S Bjørnebekk og Laila Mehl ( lærarrepr.), Kristin Bakke Haugen (UKL), Ingebjørg
By Teigen (rektor)
Sak 4 - 2013-2014
Elevundersøkelsen 2013
Undersøkinga vart gjennomført 20.10.13
Skulemiljøutvalet drøfta resultata slik dei kjem fram på Skoleporten.
Resultata viser stor grad av trivsel og god kultur for læring, men også
noko mobbing. Når ein samanliknar på kjønn ser ein at det er blant
jentene at det førekjem mobbing. Dette har vore trenden på skulen
dei siste åra, og skulen skil seg her frå resten av landet.
Det vart jobba systematisk med jentemiljøet, blant anna ved hjelp av
psykiatrisk helsesøster, gjennom heile hausten. Det vart også
gjennomført ART-opplæring blant jentene på trinnet i vårhalvåret.
Foreldrerepresentant og UKL-representant etterlyste tydlegare
tilbakemeldingar til føresette på foreldremøta Dei meinte lærarane
burde bli klarare og tøffare når dei orienterer om elevmiljøet i
klassane.
Lærarrepresentantane meinte det var vanskeleg å gi meir konkret
informasjon fordi det kan opplevast som stigmatisering av
enkeltelevar eller brot på teieplikta.
Rektor orienterte om prosjektet Kjærlighet og grenser i regi av
Borgestadklinikken. Hemsedal barne- og ungdomsskule har køyrt
kurset dette skuleåret, og det har vore gode tilbakemeldingar frå både
skulen og foreldra. Foreldrekveldane har ført til tettare samarbeid
mellom foreldra, og dette har påvirka klassemiljøet positivt.
Postadresse:
E-post:
Internett:
Gamlevegen 4, 3550 Gol
[email protected]
www.gol.kommune.no
Telefon:
Faks:
32 02 90 00
32 02 90 10
Bankgiro:
Bankgiro skatt:
Organisasjonsnr:
2324 05 00051
7855 05 06172
00964952612
Hallingdal
Skulemiljøutvalet rådde til at det vart gitt orientering om opplegget på
første FAU-møte til hausten, helst med representantar frå Hemsedal.
Sak 5 – 2013-2014
Trivselsundersøkinga 2014
Gjennomsnittstala for heile skulen var i 2014 omtrent som tidlegare
år: 4,5 i timane, 4,7 i friminutta, 4,6 på skulevegen. Forskjellane
mellom klassane var i år mindre enn før. Svarprosenten var på 94,5%.
Rektor stilte spørsmålet om skulen skal fortsette med denne
undersøkinga som ikkje er anonym. Det er viktig å vera klar over at
ikkje alle ynskjer å koma med eventuelt negative merknader eller
skårer når undersøkinga ikkje er anomym. Kontaktlærarane og rektor
opplever at skulen likevel får verdifull informasjon gjennom
undersøkinga, fordi mange nyttar høve til å skrive kommentarar.
Skulen får dermed høve til å følgje opp enkeltsaker. Tidspunktet for
gjennomføringa er gunstig fordi det er omtrent midt mellom
periodene for foreldresamtaler.
Skulemiljøutvalet meinte at så lenge skulen opplever undersøkinga
som verdifull, bør ein fortsetje med den.
Sak 6 – 2013-2014
Skjult mobbing og metoden Innblikk
Rektor orienterte om Tove Flakk si metode Innblikk for å
avdekke/kartlegge skjult mobbing. Metoden er tidkrevande både når
det gjeld gjennomføring av intervju og sammenfatting og analyse av
svara. Metoden er prøvd ut på 2 trinn etter mistanke om mobbing, og
skulen vil fortsette å bruke verktøyet.
Sak 7 – 2013-2014
Spretten-og sprek-kvelden 2014 og manifest mot mobbing
Rektor og ordførar ynskjer å nytte høvet til å setje fokus på arbeidet
mot mobbing ved å underskrive Manifest mot mobbing denne
kvelden. Skulemiljøutvalet støtta dette.
Kvelden blir torsdag 4. september. FAU vil bli involvert i planlegging og
gjennomføring.
Med helsing
Ingebjørg By Teigen
rektor
Godkjent og ekspedert uten underskrift
Kopi til: Skulefagleg ansvarleg/Astrid Myro Rust