Sogn og Fjordane Bondelag - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Download Report

Transcript Sogn og Fjordane Bondelag - Sogn og Fjordane fylkeskommune

1 av 4
Sogn og Fjordane fylkeskommune
6863 LEIKANGER
Norge
Vår saksbehandler
Oddvin Haugland
57 83 70 85
Vår dato
27.02.2013
Deres dato
Vår referanse
13/00142-5
Deres referanse
Høyringssvar - Skulebruksplan vidaregåande opplæring i Sogn og
Fjordane 2013 -2024
Viser til høyringssak frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, med høyringsperiode 4. mars
til 26. april 2013.
I høyringsnotatet frå fylkeskommunen vert det vist til prognosar for alt. 2016 og 2024 som
syner at elevtalet i v. g. skule i fylket går ned med 400- 600 elevar i fire ulike
utviklingsalternativ. Dette fører til reduserte økonomiske overføringar frå staten til
fylkeskommunen med om lag 40-50 mill. i 2016 og 70-80 mill. i 2024. Det må såleis
skjerast ned på det fylkeskommunale skuletilbodet på v. g. skule av økonomiske årsaker.
Det skal kome ei ny statleg finansieringsordning for fylkeskommunane, men ein veit ikkje
på noverande tidspunkt storleiken på denne finansieringa og må såleis ta utgangspunkt i
dagens finansieringsnivå for v.g. skule. Sjølv om det også i ein del kommunar i vårt fylke
er prognose for auka vekst i folketalet, verkar ikkje dette i særleg grad på det samla tal
elevar i vårt fylke som skal gå på v.g. skule om t.d. 5-10 år. Norconsult og Sogn og
Fjordane fylkeskommune har så greidd ut mange alternative løysingar for å kome i møte
dei økonomisk utfordringane, der medisinen er nedlegging av skular og overføring av liner
til eit mindre tal skular.
For landbruksnæringa sin del har Stortinget bestemt at vi skal auke matproduksjonen med
20% innan 2030. Då treng vi fleire elevar som vel naturbruk og tilnærma fagområde knytt
til matproduksjon frå ”jord til bord”. Produksjon av mat er blitt eit kompetanse- og
arbeidskrevjande arbeid, knytt til mange ulike fagfelt. Sogn og Fjordane Bondelag vil
såleis i skulebruksplanen fremje naturbruk og andre tilknytte fagområde som bygger opp
under bonde- og landbruksnæringa si trong for ei samla utdanning.
Sogn og Fjordane Bondelag, som representerer landbruksnæringa, den mest desentraliserte
bygdenæringa i fylket, ønskjer i tråd med dette også ein mest mogleg desentralisert
skulestruktur for undervisning i den vidaregåande skulen. Det vil vere avgjerande å
Bondelagets Servicekontor AS
Postadresse:
Hafstadvegen 39
6800 FØRDE
Sogn Og Fjordane Bondelag
Bondelagets Servicekontor AS
Besøksadresse:
Hafstadvegen 39
6800 FØRDE
Org.nr.: 939678670
Org.nr.: 985063001 MVA
Telefon:
57837080
Bankkonto:
Bankkonto:
E-postadresse:
[email protected]
3700.20.33993
8101.05. 91392
Internett:
http://www.bondelaget.no/sognogfjordane/
Norges Bondelag
2 av 4
Vår dato
Vår referanse
27.02.2013
13/00142-5
balansere eit fagleg godt tilbod på ein slik måte at færrast mogleg elevar treng å flytte på
hybel allereie når dei skal ta til på vidaregåande skule. Det vil seie at ein må ta omsyn til
busetnadsmønster og pendlarmønster når ein skal kome med løysingar i denne saka.
Vi tek såleis ikkje stilling til nokon av dei konkrete forslaga i fylkeskommunen si høyring
når det gjeld nedlegging eller flytting av liner ved dei vidaregåande skulane i fylket, men
fremjar følgjande forbetringstiltak.
1. Styrking av undervisningstilbodet ved Mo og Jølster v.g. skule, avd. Mo
For landbruksnæringa vil det vere avgjerande at skuletilbodet ved Mo og Jølster v.g. skule
si avdeling på Mo er av ein slik art at det er attraktivt for elevar å søkje seg dit i framtida.
Vi meiner i den samanheng at det vil vere gunstig for studieretning naturbruk på Mo om
det også kunne vere eit breiare tilbod av studieretningar knytt til skulen, med alternative
tema som naturmiljø, foredling av mat, biologi, økonomi og teknologi. Mo og Jølster v.g.
skule har med sine arealressursar og sin bygningsmasse eit svært godt utgangspunkt for å
kunne gje andre tilnærma studieretningar eit betre ”klasserom” for si undervisning. Skulen
driv også eiga næringsverksemd på skulegarden når det gjeld produksjon og sal av
jordbruksvarer. Dette er eit element ved skulen som ein ikkje finn i same grad ved andre
v.g skular i fylket, og som etter vårt syn kan nyttast endå betre enn i dag, for å kunne gje
elevar arbeidstrening og forståing for å etablere og drive eiga næringsverksemd med
utgangspunkt i kortreist mat. Vi registrerer elles at elevane ved Mo og Jølster v.g. skule
gjorde det svært godt i tevlinga for elevverksemder tidlegare dette året. Det er viktig å
nytte skulen sin kompetanse for å utvikle dette vidare i miljøet kring studieretning
naturbruk.
Fagskuletilbod i landbruksfag
Vi ber fylkeskommunen sjå på moglegheitene for å opprette eit fagskuletilbod i husdyr- og
jordbruksfag ved skulen, retta inn mot bønder og rådgjevarar i landbruksfag. Det må også
vere aktuelt å vurdere eit fagskuletilbod som kombinerer landbruksfag og tekniske fag, i eit
samarbeid med den tekniske Fagskulen i Førde. Dette vil styrkje Mo som ein meir allsidig
skulestad. Fagskuletilbodet i landbruksfag vil vere landsdekkande, der inntak vil byggje på
fullført v.g. utdanning i naturbruk eller realkompetanse i landbruksfag.
Livslang læring i landbruksfag
For landbruksnæringa er det også viktig at Mo har god fagkompetanse som grunnlag for å
gje eit godt tilpassa etterutdanningstilbod i landbruksfag og gje dei med annan utdanning
kompetanse i landbruksfag, når dei i vaksen alder tek over gardsbruk i fylket. Mange av
dei som kjem attende og tek over gardsbruk har gjerne ein mastergrad og arbeidserfaring
frå andre yrke, men manglar den faglege basisen for å drive sin matproduksjon og si
næringsverksemd på eigen gard. Slikt alternativt fagtilbod basert på nettstudium og
helgesamlingar finn ein i dag ved Mo og Jølster vidaregåande skule. Eit godt fagleg
kompetansemiljø ved skulen er også avgjerande for eit slikt tilbod i framtida.
2. Samordning og samanslåing av vidaregåande skulane
Samordning av v.g skular i Førde regionen
Vi går inn for ei samordning av alle studietilboda for v.g. skule i Indre Sunnfjord, der ein
fokuserer på tilgjengelege ressursar i form av lokalitetar, lærarkrefter og administrativt
Norges Bondelag
3 av 4
Vår dato
Vår referanse
27.02.2013
13/00142-5
personell ved dei ulike studiestadane. Men skal ei slik samordning kunne skje må dette
gjelde for alle skulane i Førde- regionen, ikkje berre gjennom fylkeskommunen sitt
alternative grep at Mo og Jølster v.g skule vert ei avdeling under Øyrane v.g skule og
skulen på Vassenden vert lagt ned. Vi finn det naturleg at også Hafstad v.g. skule vert trekt
inn i ei slik samordning. Dette vil truleg bli krevjande å få til, men ein vellukka modell for
ei slik samordning, eller samanslåing, vil gje grunnlag for ei betre ressursutnytting knytt til
alle skulane både når det gjeld bygningsmasse, økonomi og lærarkrefter og vil kunne gjere
studietilboda meir allsidige, fleksible, attraktive og framtidsretta for elevane. For det er jo
for elevane skulane er til.
Samordning av administrasjonen ved dei v.g. skulane i fylket
Vi meiner også at eit grep for å redusere kostnadane i v.g. skule må kunne omfatte å greie
ut eit opplegg for samordning av administrasjonen til alle dei vidaregåande skulane i alle
regionar i fylket. Dagens effektive elektroniske datateknologi og kommunikasjon må
kunne gje grunnlag for ei slik effektivisering. Eit av måla med dette må vere at dei pengar
ein sparar på effektiviseringa av den administrative funksjonen må kunne føre til at ein i
større grad kan behalde ein desentralisert skulestruktur, noko som mellom anna vil tene
bygdesamfunna og dei svakare befolkningsområda på ein positiv måte.
Nytte felles fagkompetanse ved ulike studiestader
Om ein administrativt samordnar drift og undervisningstilbod ved dei ulike studiestader, i
t.d. Førde- regionen, vil dette opne opp for at lærarkrefter kan nyttast betre og meir
rasjonalt innan same administrative eining og såleis kunne pendle og undervise på ulike
studiestader.
3. Samlokalisering av vidaregåande skule og ungdomsskule
Vi stør, som tilrådd av fylkeskommunen, der det ligg til rette for det, å prøve ut ei
samlokalisering og eventuelt samordning av vidaregåande skule og ungdomsskulen.
Spesielt må dette vere aktuelt der den v.g. skulen blir redusert og mister
undervisningstilbod. Ei slik samordning vil då kunne gjere den samla
undervisningsinstitusjonen meir robust, både fagleg og økonomisk, og såleis på ein positiv
måte tene både det kommunale og fylkeskommunale undervisningstilbodet, også ved ei
eventuell integrering og samordning av undervisningstilbod for begge skulane.
4. Kompensasjon ved nedlegging av v.g. skular
Om konklusjonen i nokon høve likevel skulle bli at v.g. skular må leggast ned, er det viktig
at dei kommunane der dette skjer får kompensert for dei ulemper dette vil medføre for
kommunen. Det må i slike høve synast stor velvilje frå fylkeskommunen for å kome dei
ulike kommunane og regionane i møte i høve dei krav kommunane stiller.
Med venleg helsing
Elektronisk godkjent, uten underskrift
Per Hilleren - leiar
Oddvin Haugland
Norges Bondelag
4 av 4
Vår dato
Vår referanse
27.02.2013
13/00142-5