FAU ved samtlege grunnskular i HAFS

Download Report

Transcript FAU ved samtlege grunnskular i HAFS

Til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane
og Sogn og Fjordane fylkeskommune
HAFS, april månad 2013
Fråsegn til føreståande skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane.
«Alle dessa dagar som kom och gick, inte visste jag at det var själva livet.»
Det er kanskje vågalt å starte ei fråsegn i ein debatt om skulestruktur med eit svensk sitat,
men dei heller få dagane fram til de skal ta endeleg avgjerd til framtidig struktur kan
bokstavleg talt vise seg å vere «själva livet» for nokre av dei vidaregåande skuletilboda i
fylket vår. Dette gjeld m.a. skulen i vår region, Dale vidaregåande skule, og skuletilbodet
som er etablert i nabofylket vårt gjennom Hordalandsavtalen.
Meir vesentleg er likevel dei store fylgjene ei nedlegging av desse skuletilboda kan føre til
for regionen vår over tid.
Med dette som bakteppe ynskjer FAU (foreldra sine arbeidsutval) ved samtlege grunnskular i
HAFS-regionen å gje til kjenne nokre synspunkt i høve skulebruksplanen, synspunkt som vi
vonar de vil ta med dykk i dei vanskelege avvegingar de står over for den næraste tida.
HAFS er etablert som ein eigen region: HAFS må òg vurderast som eigen region sett i høve
til vidaregåande opplæring. Dette til liks med Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.
HAFS-regionen er av storleik om lag som Vestfold fylke, og vert eksisterande tilbod ved Dale
vidaregåande skule lagt ned, og Hordalandsavtalen avvikla, vil regionen vår som den einaste i
fylket stå utan tilbod om vidaregåande opplæring. Dette kan, og vil vi ikkje akseptere!
Kvalitet: Dale vgs er av dei mindre skulane i fylket, men har gjennom fleire år vore mellom
dei med dei beste eksamensresultata. Skulen ligg t.d. heilt i fylkestoppen når det gjeld resultat
frå eksamen våren 2012.
Fylkesdekkande linjer: Dale vgs er den einaste skulen i fylket utan fylkesdekkande linjer.
Det er såleis eit rettkome ynskje at det òg vert etablert slike linjer ved denne skulen, og
alternativ her kan vere t.d. ein påbyggingsklasse for dei med og utan fagbrev og ei IB-linje.
Det er ikkje berre eit krav at vi skal behalde skulen vår, vi ser det både som naturleg og
sjølvsagt at denne vert styrka med fylkesdekkande linjer i tida vidare.
Samarbeid RKNUWC – Dale vidaregåande skule: Vi har i regionen vår den einaste
UWC-skulen i Norden, og kan her hente ut vesentlege synergiar mellom denne og Dale vgs.
Sogn og Fjordane fylke er elles det einaste fylket utan såkalla ”International Baccalaureate”
(IB) utdanning, ei utdanning som ikkje har vore mykje etterspurt til no, men som mest truleg
vil verte det i tida vidare. Dale vgs og UWC har arbeidd i eitt år med å få realisert IB ved
skulen. Dette er no under vurdering i den nye skulebruksplanen, og vi vil på det sterkaste
oppmode om at det vert etablert ei slik linje ved Dale vgs.
Hybelliv og pendling: Det er ein styrke for vår region at mange av elevane kan pendle
dagleg, og at dei såleis kan bu heime i den tida dei er under vidaregåande opplæring.
Føresetnadane her er Dale vidaregåande skule og Hordalandsavtalen. Men det er òg ei
kjensgjerning at ein del elevar her hjå oss har for lang dagleg pendleavstand, og at dei difor
må bu på hybel. Desse elevane har, slik vi ser det, eit tryggare opphald ved å bu i Dale eller i
ei av dei nærliggande bygdene.
Dette sjølvsagt fordi her er mindre forhold, men òg fordi skulen har ei veldig godt fungerande
oppfylgingsteneste. Det er dessutan vesentleg at elevane har ein god dialog og tett kontakt
med skulen sin miljøkoordinator, som har eit ekstra ansvar for hybelbuarane. Her vert det lagt
ned mykje viktig og godt arbeid. Vi meinar difor at elevane vert tekne vel så bra, eller betre
hand om nettopp fordi dei er knytt opp mot Dale vgs.
Fråfall: I den vidaregåande skulen er fråfall av elevar dessverre ei stadig aukande utfordring.
Sogn og Fjordane fylke kan her vise til betre og lægre tal enn mange andre fylker, der noko av
grunnen mest truleg er knytt opp mot ein desentral skulestruktur. Dale vgs har dei siste åra
hatt fråfall som ligg under snittet, fylket sett under eitt.
”Utarming” av distriktskommunar: Ei nedlegging av Dale vgs/Hordalandsavtalen vil føre
til at dei fleste av ungdommane i regionen lyt flytte på hybel, og mange bygder og tettstader
vil med dette verte tilnærma tomme for ungdom i alderen 15–18 år. Dette fordi det er for
lange avstandar til at elevane kan dagpendle. Dette får store konsekvensar for ein heil del
arbeidsplassar i heile regionen innan m.a. pleie- og omsorgstenester og i butikkar, der desse
ungdommane utgjer ein svært viktig ressurs sett i høve til kvelds-, helge- og deltidsarbeid.
Det vil elles kunne føre til at svært godt fungerande ideelle lag og organisasjonar innan t.d.
fotball, handball og musikk i verste fall vil verte lagt ned.
Flytting attende til heimlege trakter: Den aukande sentraliseringa er ei stor utfordring for
mange kommunar i fylket vårt, og mange av ungdommane våre reiser til dei større
utdanningssentra når dei er ferdig med den vidaregåande skulen. Dette er naturleg og viktig,
men vi har trong for at så mange som råd er av desse vender heim att når dei er ferdig med
høgare utdanning, og gjerne saman med ein sambuar/ektefelle og barn. Lesarinnlegg av, og
reportasjar om desse ungdommane i ulike aviser den seinare tida viser at m.a. tilgang til ein
vidaregåande skule er ein av føresetnadane for at dei skal flytte attende til heimlege trakter.
Attraktive kompetansearbeidsplassar er ein annan, og i vår region har vi eit vesentleg tal slike
arbeidsplassar m.a. ved Dale vgs. Vert desse borte, vil dette gjere det enno litt vanskelegare å
få ungdommane våre til å flytte heim att, eine og åleine fordi ein fjernar ein potensiell og
framtidig arbeidsplass for ungdom med høgare utdanning.
Det er elles påvist ein samanheng mellom tidspunktet ungdommane reiser frå heimstaden sin
t.d. i høve utdanning, og til kor mange av desse som flyttar heim att etter avslutta utdanning.
Desto tidlegare ein reiser ut, desto mindre truleg er det at ein flyttar attende.
Dalsfjordsambandet: Dette sambandet skal stå ferdig i desember månad 2013, og vil
naturleg nok få store fylgjer for samhandlinga mellom kommunane i regionen. Det vil vere
naturleg at betra kommunikasjon i regionen vil kunne auke tilfanget av søkjarar til Dale vgs.
Hovudmålsetjinga med sambandet er elles å skape og styrke eit felles bu- og arbeidsområde,
og tanken om å legge ned Dale vgs bryt med fylkeskommunen si eiga målsetjing for regionen.
Askvoll og Hyllestad er omstillingskommunar og vert tildelt midlar frå fylkeskommunen som
skal stimulere til vekst. Det vil vere eit paradoks at fylkeskommunen samstundes vurderer å
legge ned den einaste vidaregåande skulen i regionen.
Elevgrunnlag: Vi har i vår region vore gjennom ein periode der elevgrunnlaget er redusert,
men grunnlagstala viser at perioden er avgrensa i tid, og at denne vert etterfylgd av ein
oppgang att. Det er i dag dessutan ei underdekning av elevplassar i Sunnfjord, HAFS og ytre
Sogn, ei underdekning som vert enno større dersom ein legg ned Dale vgs/Hordalandsavtalen.
Det er svært lite framtidsretta og synest urimeleg at eit redusert elevgrunnlag og overdekning
av elevplassar i andre regionar/deler av fylket skal føre til at ein legg ned det einaste
vidaregåande skuletilbodet i ein region der vi finn vesentleg optimisme og framtidstru, og der
elevtalet på sikt vil auke.
«Rokkering» i, og mellom regionar: Dersom ein legg ned Dale vgs er det naturleg at dei
fleste av elevane frå HAFS-regionen vil søke seg til dei næraste skulane som ligg i Førde.
Fleire av desse elevane vil kunne «fortrenge» elevar som naturleg høyrer inn under desse
skulane, og vi kan såleis få ein dominoeffekt som inneber at langt fleire elevar lyt starte eit
ufrivillig hybelopphald enn det som er tilfellet i dag. Dette m.a. fordi svært mange av elevane
frå HAFS får for lang avstand for dagleg pendling, men òg fordi samtlege modellar som ligg
føre i skulebruksplanen vil føre til ein enno større underdekning av elevplassar i Sunnfjord.
Her kan dei svakaste elevane verte dei største taparane. Vi vil difor sterkt oppmode om at ein
aukar elevplassane i Sunnfjord, HAFS og ytre Sogn framfor å redusere desse.
«Hordalandsavtalen»: Det har vore stilt spørsmål om kost/nytte i høve denne avtalen, ein
avtale som er ein føresetnad for at ungdom i Gulen og Solund skal kunne skaffe seg
vidaregåande utdanning, og likevel kunne bu heime. Det at dei fleste elevar skal kunne bu
heime medan dei tek vidaregåande opplæring er nedfelt som ein eigen føresetnad i høve den
framtidige skulestrukturen. For elevar i Solund og Gulen er dette det einaste alternativet dei
har. Det er stor satsing og vekst i næringslivet i desse to kommunane. Gulen har den største
utviklinga av arbeidsplassar i privat sektor dei siste 10 åra, og Solund har høg utteljing når det
gjeld nyetablerte selskap. Vi forventar at Sogn og Fjordane fylke går inn for ei langsiktig
vidareføring av Hordalandsavtalen mot Austrheim vidaregåande skule.
Økonomisk vinst mot samfunnsmessige kostnadar: Kysten vår og Vestlandet står for ein
stor del av verdiskapinga her i landet. Dersom vi skal oppretthalde vel fungerande lokalsamfunn ute ved kysten og i distrikta, må vi investere og bygge opp under desse samfunna, og
ikkje aktivt bygge dei ned. Vi har i dei førenemnde punkta prøvd å vise at ei nedlegging av
Dale vgs/Hordalandsavtalen vil kunne føre til svært høge samfunnsmessige kostnadar for vår
region, og dette til ein heller avgrensa økonomisk vinst.
HAFS-regionen, men òg fylket sett under eitt, står føre store utfordringar med omsyn til
ei aukande sentralisering, og ei nedlegging av det vidaregåande skuletilbodet i vår
region vil berre forsterke denne utviklinga. Vi føreset at fylkespolitikarane våre ynskjer
å arbeide mot denne utviklinga, og at det får fylgjer for dei val de står over for i høve
den føreståande skulebruksplanen.
Sogn og Fjordane har ei svært god vidaregåande utdanning, noko vi mellom anna ser att
i gode resultat og lågt fråfall. Det viser klårt at det løner seg å investere i framtida og
ungdommane våre.
Lukke til med det vidare arbeidet!
Med beste helsing FAU ved samtlege grunnskular i HAFS:
Byrknes skule og barnehage, Eivindvik barne- og ungdomsskule, Dalsøyra skule, Brekke skule
og barnehage, Hardbakke skule/Solund ungdomsskule, Hyllestad skule, Askvoll skule,
Gjelsvik skule, Bulandet skule, Atløy skule, Stongfjorden skule, Holmedal Montessoriskule,
Våge skule, Flekke skule og barnehage, Guddal skule og barnehage, Dingemoen skule og
Fjaler ungdomsskule.