VOSS HUSFLIDSKULE - Garnes vidaregåande skule

Download Report

Transcript VOSS HUSFLIDSKULE - Garnes vidaregåande skule

REGLEMENT OG INFORMASJON
VOSS HUSFLIDSKULE
Mønsteroppgåve 2FO 2009_2010
2010 -2011
VELKOMEN TIL VOSS HUSFLIDSKULE
VELKOMEN TIL VOSS HUSFLIDSKULE
Velkomen som elev ved skulen, anten du skal gå på Studiespesialisering med formgjevingsfag eller på Medier og
kommunikasjon. Vi ønskjer deg eit godt og lærerikt utdanningsår.
Voss Husflidskule er ein liten skule med to klassar Studiespesialisering med formgjevingsfag og seks klassar
Medier og kommunikasjon skuleåret 2010-2011.
Ein liten skule gir deg rask oversikt og gode sjansar for å bli kjend, både med medelevar, lærarar og andre
tilsette.
Voss Husflidskule skal vera ein skule for framtida og har som mål å vera ein skule der elevane trivst og har eit
godt læringsmiljø. Skulen sitt virke byggjer på fleire verdifulle prinsipp:
•
Ein høg fagleg standard på undervisningstilbodet
•
Vektlegging av kunst og kultur som viktig i samfunnet og utviklande for den einskilde
•
Førebu elevane på møtet med det digitale samfunnet
•
Krav til eelvane som å visa ansvar for seg sjølv og andre
•
Omtanke for den einskilde
•
Omtanke for og medansvar for kvarandre som medarbeidarer
Dette er skulen sin visjon:
Voss Husflidskule skal fremje kunnskap, vekst og rekfleksjon
I skuleregelmentet finn du mykje informasjon som gjeld skulekvardagen din. Du må gjere deg kjend med
innhaldet. Elles finn du meir informasjon på skulen sitt område på It’s Learning, i eige ”fag” med informasjon
til elevane.
Vel møtt – og godt skuleår!
Venke Barrikmo
Rektor
2
2 LITT SKULEHISTORIE
Ei rad kvinnelege husflidsskular starta opp undervisning etter nye planar i 1947. Voss Husflidsskule var ein av
dei.
Ei brakke frå krigsåra i Prestegardsmoen var det første skulelokale. Her var plass til 2 klassar - ein saum og ein
vev.
I 1949 fekk skulen leiga lokale i eit nytt forretningsbygg på Vangen.
I 1960 overtok fylket ansvaret for skulen, og frå då av byrja ein tenkja på å få eigen skulebygning. Bygget me
no har stod ferdig i 1971. Den siste vidaregåande klassen vart delt slik at me fekk ein årsklasse i vidaregåande
kjolesaum og ein klasse i vidaregåande tekstilforming. I 1974 vart den vidaregåande kjolesaumklassen nedlagd,
og me fekk istaden årskurs for aktivitørutdanning. I 1977 starta 1/2- årskurset i tre- og metallforming. Dette
kurset var særleg tenkt som tilbod for dei som skulle inn i aktivitørarbeid. Dei kunne då få kjennskap til hardare
materialar, - ikkje berre tekstil. 1/2- årskurset vart lagd ned hausten 1984. Aktivitørlina vart lagd ned våren 2005.
Med Lov om vidaregåande opplæring av 14. mai 1975 kom Voss Husflidsskulen inn under studieretninga
Husflid- og estetiske fag.
Frå hausten 1994 vart REFORM-94 sett i verk. Elevane fekk no generell studiekompetanse i tillegg til estetisk
utdanning. Skuletilbodet vart utvida hausten 2001 då ei ny studieretning Medium og kommunikasjon starta opp.
Med Kunnskapsløftet 2006 førde skulen inn i ny reform med nye læreplanar og nytt reglement.
Voss Husflidskule kan i dag tilby to studieførebuande utdanningsprogram:
Utdanningsprogram for studiespesialisering: Programområde formgjeving, og utdanningsprogram for
studieførebuing: Medium og kommunikasjon, som ligg innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogram.
Skuleåret har 2010/11 :
3 klassarVG1 Medium og kommunikasjon
2 klassar VG2 Medium og kommunikasjon
1 klasse VG3 medium og kommunikasjon
1 klasse VG2 studiespesialiserande med formgjeving
1 klasse VG3 studiespesialiserande med formgjeving
3
3 RÅD OG UTVAL
Elevrådet: Fellesorganet for alle elevane ved skulen. Det er rådgjevande organ for skuleutval og rektor.
Elevrådet skal velje to representantar til skuleutvalet og to representantar til AMU for eitt år om gongen.
Arbeidsmiljøutval (AMU):
AMU skal virke for gjennomføring av eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø gjennom IK-systemet.
AMU skal ha lik representasjon frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida. Ved dei vidaregåande
skulane kan elevane møte med inntil to skulemiljørepresentantar. Representantane har talerett og
rett til å få meininga si protokollert.
Verneombodet skal møte fast i utvalet.
Skuleutval: Skuleutvalet er eit rådgjevande organ og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Skuleutvalet er samansett av: rektor, ass. rektor, representant for lærarane, representant for andre
tilsette og to elevrepresentantar.
Skulemiljøutval:
Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit skulemiljøutval (Opplæringslova §11-5).
Fylkesmannen har vedtatt at skuleutvalet ved dei vgs skal vere skulemiljøutval. Når skuleutvalet
er skulemiljøutval, skal rektor vere fylkeskommunen sin representant i skulemiljøutvalet. I
skulemiljøutvalet skal elevane vere i fleirtal, dvs auke med tre representantar.
Dersom ein vil fremja saker for AMU, fylket eller Utdanningsdirektoratet, må ein bruke tenesteveg. Ein annan
veg å gå er gjennom ein elevorganisasjon dersom ein er tilslutta nokon.
I tråd med § 13 i forvaltingslova skal elevar som sit i skulen sine utval/råd,
Sosial matlaging, 2.kvar onsdag
4
4 ORDENSREGLEMENT
−
FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI
VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE
Heimel
LOV 1998-07-17 nr 61: Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
(opplæringslova) = (Oppl.lova)
Forskrift til Opplæringslova av 23.06.2006 nr 724 = (f.)
Ot.prp. nr. 46 (1997-98) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
(opplæringslova)
Udir-07-2005 Om ordensreglement i grunnskoler og videregående skoler = (Udir-72005)
LOV-1967-02-10 nr 00: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
(forvaltningslova) = (Fvl.)
Formål
§1 Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold
til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane, lærlingane og lærekandidatane i deira
personlege utvikling. Opplæringa skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling,
åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar. Det skal leggjast
vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom skole og elevar, mellom skole og heim, og
mellom skole og arbeidsliv.
Skolen skal arbeide for å hindre at elevar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord
eller handlingar.
Formålet med ordensreglementet er å skape eit godt klima for samarbeid, trivsel, respekt og
medansvar for alle elevar og tilsette i skolesamfunnet og danne grunnlaget for vurdering i
orden og åtferd. (Jf. Oppl.lova §§ 1-1, 3-7, f.§12-1 )
Virkeområde
§2 Reglementet gjeld for alle heiltids, deltids- og utvekslingselevar og lærlingar/lærekandidatar
under opplæring ved skolen og, så langt det høver, også for vaksenopplæringa sine elevar,
hospitantar og andre når opplæringa er i skolen sin regi.
Reglementet gjeld i timane, friminutta, på veg til og frå skolen og ved opplæringsformer og
aktivitetar i skolen sin regi utanfor skolen sitt område (til dømes ekskursjonar og elevreiser).
Plikter og ansvar
§3 Elevane har plikt til å rette seg etter lover, reglement og instruksar som gjeld.
Elevane skal møte skolen sine tilsette og medelevar med tillit og respekt.
1. Elevane er pliktig til å møte presis til opplæringa og delta i all opplæring
Eleven skal snarast mogeleg ta kontakt med faglærar for å avtale korleis
læringsarbeidet kan følgjast opp dersom han/ho ikkje kan følgje opp arbeid til avtalt
tid.
2. Elevane skal vere aktivt med i opplæringa i den form lærarane tilrettelegg og
gjennomfører opplæringa i samsvar med læreplanane. (Oppl.l.§3-4,2.ledd)
Elevane pliktar å delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere
eleven sin kompetanse i faget. (f. 3-3, 3. ledd)
Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for
halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar. (f. §3-3, 3.ledd)
3. Alt utstyr som nyttast i læringsarbeidet må brukast på ein slik måte at undervisninga
5
eller læringsarbeidet ikkje blir forstyrra, eller at elevar, lærarar og andre blir utsett
for mobbing og sjikane.
3
Elevane har sjølve ansvar for sine personlege eigedelar. Syner elles til ”Vilkår for
bruk av berbar elev-PC”
4. Elevane skal følgje verne- og tryggleiksreglar og bruke dei arbeidsklede og
verneutstyr som det vert sett krav til og/ eller som er påbode av Arbeidstilsynet.
5. Teieplikt
Elevar som gjennom sitt arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande
opplæring blir kjend med spesielle opplysningar, har teieplikt. Dette må ikkje være
til hinder for å varsle om ulovlege tilhøve.
Teieplikta gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring. (Forvaltn.lova
§ 13-c)
6. Ekskursjonar/reiser i regi av skolen
Alle som deltek på ekskursjonar og reiser i skolens regi, skal vise omsorg og respekt
for dei andre deltakarane. Tidsrommet mellom avreise og heimkomsten er å sjå på
som skoletid, og ordensreglementet gjeld.
Eleven skal følgje instruksar frå reiseleiarar og skal ta del i det oppsette programmet
for turen.
Brot på ordensreglane ved ekskursjonar /reiser i regi av skolen kan føre til
heimsending for eigen kostnad.
Forbod
§4
1. Vald, tjuveri, mobbing, rasistiske utsegn og handlingar, seksuell trakassering, sjikane
pga seksuell legning, religion eller livssyn og anna krenkjande åtferd er ikkje tillate
2. Elevane skal ikkje laste ned, lagre eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna
materiale som kan verke krenkande og/eller er i strid med norsk lov .
3. Det er forbode å ha farlege gjenstandar og våpen på skolen sitt område og ved all
aktivitet i skolen sin regi.
4. Å vere påverka av, bruke eller oppbevare ulovleg rusmiddel er forbode på skolen sitt
område og ved all aktivitet i skolen sin regi.
5. Det er ikkje tillate å vere påverka av alkohol eller bruke alkohol, tobakk/snus på
skolen sitt område og ved all aktivitet i skolen sin regi.
Brot på desse reglane vert handsama etter reglane i §12, 13 og 14 i ordensreglementet.
§5 Hærverk
Skolen sin eigedom, læremiddel og utstyr skal brukast med omtanke. Hærverk og skade
fører til erstatningsansvar (jf Skadeserstatningslova).
Døme på refsingstiltak:
Elevar kan gis høve til å utbetre skadane sjølv dersom dette er føremålstenleg.
4
Elevar som har gjort hærverk, kan påleggast å rydde opp etter seg/utbetre skadar som er
gjort når oppryddinga er arbeid eleven har føresetnad for å klare, og arbeidet står i
rimelig forhold til brotet på regelverket (rydde søppel, vaske golv, fjerne tagging o.l.)
Eleven kan også bli erstatningsansvarleg etter erstatningsrettslege reglar. (Udir-07-2005)
6
Frammøte og fråvær
§6 Rutinar
1. Alt fråvær skal registrerast i Skolearena
2. Eleven må melde frå til faglærar eller kontaktlærar dersom han/ho må forlate
opplæringa i løpet av skoledagen.
3. Skolen skal ha beskjed om fråvær allereie frå første dag.
4. Ved gjentatt fråvær og/eller forseintkomingar skal skolen sikre tett oppfølging av
eleven det gjeld og eventuelt ta kontakt med heimen for å få eleven til å møte slik
han/ho skal.
§7 Føring av fråvær på dokumentasjonen
Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset (Jf unnataka i § 8)
Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar.
Rektor kan avgjere om fråvær for den eleven som ikkje er elev i alle fag, skal førast i dagar
og timar eller berre i timar.
Eleven kan krevje at årsaka til fråværet vert ført på eit vedlegg til vitnemålet eller
kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
(f. §3-47, 1. - 3. ledd)
§ 8 Fråvær som ikkje skal førast på dokumentasjonen
Ved planlagt fråvær skal det søkjast til rektor. Søknaden skal vere skriftleg og grunngjeven
og skal leverast i god tid. (f. §3-47, 4.ledd) Fråvær frå opplæringa vert ikkje tillate dersom det
kan føre til manglande vurderingsgrunnlag, eller dersom eit fråvær gjer det vanskeleg å
gjennomføre samarbeidsprosjekt.
1. Permisjon inntil 10 dagar
Rektor kan gje elevar permisjon inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår utan at
desse dagane skal førast som fråvær på dokumentasjonen dersom eleven kan dokumentera at
fråværet skyldast: Helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvald, politisk arbeid,
hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte eller representasjon i arrangement på nasjonalt og
internasjonalt nivå. Jf. f. §3-47, 6.ledd m.o.t. reglar for helsefråvær.
Opptak til høgare utdanning der det vert kravd fritak frå skolen for å delta i obligatoriske
opptaksprøvar, skal ikkje førast som fråvær.
Elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, har innanfor
ramma på 10 skoledagar rett til inntil to dagar fri ved religiøse høgtider som ikkje blir ført på
vitnemålet eller kompetansebeviset. (f. 3-47, 8. ledd)
2. Velferdspermisjon innanfor ramma på 10 skoledager
Dokumentert tid til tannlege, lege, psykolog, fysikalsk behandling, OT/PPT, gravferd,
lovpålagt oppmøte i rettssak og liknande skal ikkje førast som fråvær på dokumentasjon.
Dette gjeld og dokumentert fråvær på grunn av avsluttande køyretest for sertifikat til køyring
av personbil/motorsykkel. Køyretimar kjem ikkje inn under denne fråværsordninga.
7
3. Studiepermisjon
Eleven kan etter tilråding frå faglærar søkje rektor om å få utføre organisert eller
sjølvstendig studiearbeid, for eitt eller fleire avgrensa tidsrom.
Skolen må følgje opp arbeidet til eleven slik at det vert grunnlag for vurdering av det
sjølvstendige skolearbeidet, og at det vert grunnlag for karakter i faga.
Tida som vert nytta til sjølvstendig studiearbeid, skal ikkje førast som fråvær. (f. § 3-47, 7.
ledd)
Feriereiser kjem ikkje inn under omgrepet sjølvstendig studiearbeid.
Varsling
§ 9 Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få
halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag fordi det ikkje er
grunnlag for fastsetjing av karakter. (f. §3-7, 1.ledd)
Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i
halvårsvurdering med karakter eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså god (Ng)
eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd. (f. §3-7, 2.ledd)
Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å sikre at det finst
grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter, eller gi eleven høve til å
forbetre karakteren i orden eller åtferd. (f. §3-7, 3.ledd)
Etter at eleven har fylt 18 år, skal foreldra ikkje varslast. (f. §3-7, 4.ledd)
Elevar over 18 år kan gi samtykke til at føresette varslast.
Reaksjonsmåtar ved fusk ved eksamen
§10 Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har fuska eller forsøkt å fuske ved
eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk.
Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv. Eleven skal ha
høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen.
Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. (f.§3-37,4.ledd)
Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Fylkesmannen.
6
For elevar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell
standpunktkarakteren bort. (f.§3-37,5.ledd)
Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp
til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamen. (f. §3-37, 4.ledd)
Skolen skal informere eleven, og dei føresette til elevar under 18 år, om klageretten.
Fusk eller forsøk på fusk på eksamen vil få konsekvensar for karakteren i åtferd.
Bortvising frå eksamen
§11 Elevar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamen. Dersom åtferda til ein
elev er i strid med dei retningslinene som Utdanningsdirektoratet / Fylkeskommunen har for
eksamen, kan eleven, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av rektor
sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til Fylkesmannen. Eleven skal ha høve til å
uttale seg munnleg for rektor før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising. (f. §336, 1. ledd)
8
Reaksjonar ved brot på orden- og åtferdsreglementet
§12 Alle refsingstiltak skal registrerast i Skolearena
Andre tiltak enn dei typiske refsingstiltaka kan vere meir formålstenlege ved brot på
ordensreglement eller andre normer for elevåtferd. Skolen skal i slike situasjonar freiste å
finne årsaka til problema, om nødvendig i samarbeid med OT/PP-tenesta. Dessutan skal
skolen vurdere om ein kan endre forhold som er årsak til problema. Skolen må freiste å
bruke dei ressursane og hjelpemidla skolen rår over, tiltak som til dømes rådgiving,
spesialpedagogiske tiltak, skolemekling og tilbod om overflytting til ein annan klasse.
Berre refsingstiltak som går fram av ordensreglementet kan brukast for elevar som handlar i
strid med reglementet.
Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast. (Oppl.l.§3-7, 3.ledd)
Nødrett og nødverje gir ein viss rett for personalet på skolen til å stoppe basketak og slåsting
mellom elevar med fysisk makt og til å verje seg sjølv mot elevar som er trugande eller
valdelege, jf. §§ 47 og 48 i straffelova. Det kan ut frå forholda vere lovleg å bruke fysisk
makt for å hindre at elevane skader seg sjølv eller andre, eller skader eigedommen til skolen
eller eigedommen til andre.
Skolepersonalet har dessutan ei særleg plikt til å ha omsorg for elevane på skolen.
Personalet har såleis ikkje berre rett, men også plikt til å gripe inn for å hindre at elevar
skader eller plagar andre eller skader seg sjølv eller skoleeigedommen.
I tillegg til refsingstiltaka.
1. Avgrensa og mellombels avstenging av tilgang til spesielle aktivitetar.
2. Brot på ordensreglane ved ekskursjonar/reiser (Jf §9) kan føre til heimsending for
eigen kostnad.
3. Ved skade eller tilgrising på skolen sin eigedom kan fylkeskommunen krevje
istandsetjing – jf. §5, eller erstatning etter reglane i Skadeserstatningslova.
4. Lovbrot vil resultere i varsling og melding til Politiet. Alle typar straffbare forhold
som skjer på skolens område bør meldast til politiet ved skolens rektor. Politiet må
deretter på sjølvstendig grunnlag finne ut om vilkåra for strafferettslig forfølging,
eventuelt ransaking og beslag er tilstede. (Udir-07-2005 )
Vurdering i orden- og åtferd
Brot på ordensreglementet kan føre til nedsett halvårsvurdering og/eller standpunktkarakter i
både orden og i åtferd.
Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven,
skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.
(f.§3-2, 4.ledd)
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med
orden- og åtferdsreglementet ved skolen. (f. §3-5, 1.ledd)
Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og
korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna at
eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig
læremiddel og utstyr. (f. §3-5, 2. ledd)
Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg på
skoleområdet overfor medelevar, lærarar og andre tilsette og korleis elevane ter seg
mot kvarandre på skolevegen. Det inneber mellom annan om eleven viser omsyn og
respekt for andre. (f. 3-5, 3. ledd)
I fastsetjinga av karakterane i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene
eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar;
9
unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. (f. §3-5, 5.ledd)
Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller åtferd. (f. §3-5, 5.ledd)
Hovudgrunnlaget for fastsetjing av standpunktkarakterar i orden og i åtferd skal vere
orden og åtferd hos eleven det siste halve skoleåret.
Det er berre standpunktkarakteren i orden og i åtferd (som førast på dokumentasjonen)
som reknast som enkeltvedtak og løyser ut klagerett.
§ 13 Refsingstiltak utan klagerett
1. Munnleg eller skriftleg påtale frå ein av dei tilsette ved skolen
2. Merknader
8
3. Gjenstandar som blir brukt til å forstyrre undervisninga kan beslagleggjast.
Beslaglagde gjenstandar kan leverast attende til eleven etter skoletid
4. Ulovlege og/eller farlege gjenstandar skal beslagleggjast, og kan overleverast til
politiet.
5. Ulovleg rusmiddel vert beslaglagt og om naudsynt overlevert politiet
6. Bortvising frå den aktuelle timen/aktiviteten for resten av arbeidsøkta etter vedtak
fatta av faglærar. NB! Skolen har framleis tilsynsansvar for eleven.
7. Bortvising frå resten av skoledagen etter vedtak fatta av rektor.
§ 14 Refsingstiltak med klagerett
Følgjande er enkeltvedtak og skal handsamast etter Forvaltningslova:
1. Annullering av eksamen – etter vedtak fatta av rektor sjølv
2. Bortvising frå eksamen – etter vedtak fatta av rektor sjølv
3. Bortvising for ein heil skoledag - og inntil fem skoledagar etter vedtak fatta av rektor
sjølv
4. Vedtak fatta av fylkeskommunen v/opplæringsdirektøren om pålagt skifte av skole
etter sak om vald eller mobbing
5. Vedtak fatta av fylkeskommunen v/opplæringsdirektøren om bortvising for resten av
skoleåret
6. Vedtak fatta av fylkeskommunen v/opplæringsdirektøren om bortvising for resten av
skoleåret med tap av rett til vidaregåande opplæring
7. Når ein elev vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og
arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven
visast bort for resten av skoleåret. I samband med eit vedtak om bortvising for resten
av skoleåret kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til
vidaregåande opplæring etter § 3-1. (Oppl.l.§3-8)
Sakshandsaming ved reaksjonar på brot på orden- og
åtferdsreglementet der eleven har klagerett
§15 Før det vert sett i verk tiltak mot elevar som bryt ordensreglementet skal eleven få høve til å
forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda. I grunngjevinga frå rektor skal det visast
til dei faktiske forholda vedtaket byggjer på og kva for reglar som vert nytta.
Ved brot på ordensreglementet som kan føre til bortvising for meir enn resten av
skoledagen, skal vedtaket grunngjevast i eige brev til eleven. Eleven og dei føresette har rett
til opplysningar om klagerett, klagefrist og rett til å sjå eventuelle dokument i saka.
(Fvl.§27,3 ledd)
Vedtaket kan setjast i verk umiddelbart og har ingen betydning for klageretten.
Eleven skal også få orientering om at det i spesielle høve kan søkast om utsetting av sjølve
bortvisinga til handsaminga av ein eventuell klage er sluttført. (Fvl §27, 3.ledd)
10
9
Klagehandsaming
§16 Ein klage skal vera skriftleg og grunngjeven. I klagen må det gjerast greie for dei tilhøva det
vert klaga over, og klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket innan
klagefristen – til vanleg 3 veker etter mottak.
§17 Klagen skal sendast til den som har gjort vedtaket
Klage over bortvising inntil 5 dagar skal sendast til rektor
Klage over annullering og bortvising frå eksamen skal sendast rektor
Klage over bortvising for resten av skoleåret, eventuelt tap av opplæringsretten, skal
sendast direkte til opplæringsdirektøren
Dersom rektor opprettheld bortvisingsvedtaket og ikkje tek klaga til følgje, skal rektor sende
klagen med si utgreiing og grunngjeving for dette vedtaket til opplæringsdirektøren som
klageinstans.
Dersom rektor opprettheld vedtaket om annullering av eksamen eller bortvising frå
eksamen, skal rektor sende klagen vidare til Fylkesmannen
Eleven som har klaga på enkeltvedtaket, skal få kopiar av oversendingsbrevet og rektor
eventuelt opplæringsdirektøren si utgreiing og grunngjeving når klagesaka vert sendt vidare
til klageinstansen.
Klageinstansar
Ved vedtak om annullering av eksamen ved fusk eller forsøk på fusk som er fatta av
rektor sjølv, er klageinstans Fylkesmannen
Ved vedtak om bortvising av eksamen som er fatta av rektor sjølv, er klageinstans
Fylkesmannen
Ved vedtak om bortvising for inntil 5 dagar som er fatta av rektor, er
opplæringsdirektøren klageinstans
Ved vedtak om bortvising for resten av skoleåret som er fatta av opplæringsdirektøren i
medhald av delegasjonsfullmakt, er klageinstansen den fylkeskommunale klagenemnda.
Ved vedtak om tap av opplæringsrett som opplæringsdirektøren har fullmakt til å fatte,
er klageinstansen Fylkesmannen.
Tillegg til orden- og åtferdsreglementet
For spesielle forhold som ikkje er dekte av orden- og åtferdsreglementet eller andre felles
reglar som alt er gjevne av departementet eller fylkeskommunen, kan rektor fastsette
tilleggsreglar. Desse kan ikkje vere i staden for, eller i strid med reglementet.
Dette kan gjelde:
* Reglar for kantina * Internatreglement
* Reglar for skolekjøkken og verkstader * Ordensteneste
* Reglar for skoleavisa * Eventuelle andre spesielle tilhøve
For spesielle forhold som ikkje er dekte av skolereglementet eller andre felles reglar som alt er gjevne av
departementet eller fylkeskommunen, har Voss Husflidskule ved rektor fastsett tilleggsreglar. Sjå neste side.
11
5 Tillegg til hfk-reglement FOR voSS hUSFLIDSKULE
5.1 Meldeplikt
Elevane har plikt til å melde frå til kontaktlærar dersom det går føre seg ting mellom elevane som kan
skade miljø eller vere trugande for elevflokken.
Tilløp til mobbing må meldast til kontaktlærar snarast. Melding kan også leggjast i eige hylle på kontoret.
Tillitsvalde/vara skal melda frå til kontoret etter 10 minutt dersom lærar ikkje møter til undervisninga.
5.2 Merknad
- Merknad ved forseintkomming inntil 10 min. Eleven pliktar å møta presis til undervisningstimane.
Etter 10 minutt vert det ført timefråvær.
- Merknad vert gitt om eleven har gløymt eller ikkje skaffa seg bøker/ utstyr.
- Merknad vert gitt ved uønska bruk av PC i timane
- Det vert gitt merknad ved ikkje innlevert oppgåve
Innlevering av arbeidsoppgåver skal skje til fastsett tid dersom eleven ikkje har søkt og fått utsett frist.
Om eleven ikkje har ferdig heile oppgåva, skal eleven levera det han/ho har gjort.
5.3 Ordensreglar
Målet er god orden i fellesromma og klasseromma. Alle må hugse på at klasserommet er arbeidsplassen
vår, unngå difor ” privatisering” av klasserommet.
Elevane har ryddeplikt etter seg sjølve. Alle bøker og anna utstyr som ikkje er i bruk, skal ryddast inn i
hyller og låsbare bokskap på slutten av kvar arbeidsøkt.
Emballasje frå kantinemat, flasker, matpapir og liknande må ryddast etter kvart. Hugs kjeldesortering.
Sjå og oppslag i klasseromma.
Det er særs viktig at bosset vert tømt kvar dag.
Kontaklærar har ansvar for ordensliste for klassen.Ordenseleven har hovudansvar for at ordensreglane i
klasserommet vert følgt.
Uteområdet ved skulen skal ryddast kvar fredag. Dette går på omgang mellom klassane, elevrådet har
ansvar for ryddelister.
5.4 Fråvær
Kontaktlærar må få melding om kroniske lidingar eller vanskelege sosiale forhold så tidleg som mogeleg i
skuleåret.
Fråvær vert ført i Skoleportalen/SkoleArena. Fråvær under ekskursjonar vert rekna som anna
skulefråvær.
KANTINE 2010 - 2011
Namn :
VOH
5,-
5,-
10,- 10,- 15,- 15,- 15,12
15,- 20,- 20,-
Rutinar ved elevfråver:
Det vert førd merknad for ikkje meld fråvær til kontoret om morgonen og om du forlet skulen i løpet av
skuletida; (§15 HFK). Eleven må sjølv melde fråværet til kontoret.
•
Ved fråver/sjukdom skal eleven melde frå til kontoret om morgonen ved fyrste dags fråver.
•
Etter 3 dagars umeldt fråvere, tek kontaktlærar kontakt med elev, deretter føresette dersom det
ikkje vert oppnådd kontakt med elev. Dette blir gjort sjølv om eleven er over 18 år.
•
Ved 5 dagar fråver vert eleven innkalla til samtale med kontaktlærar om årsaka til fråveret.
•
Etter 10 dagar fråver, vert eleven kalla inn til samtale med elevinspektør, rektor eller helsesøster
om årsaka til fråveret.
•
Ved 20 dagars udokumentert fråver, vert det gjeve melding til lånekassa. (Dette kan medføre at
stipendet blir omgjort til lån)
NB! Eleven er sjølv ansvarleg for å halda oversikt over fråværet sitt og halda seg orientert om korleis ein
ligg an i høve til vurdering i faget. Eleven finn dette ved innlogging på Skoleportalen.
Ekskursjonar
Det er opp til klasselærarrådet i samarbeid med rektor å vurdera omfanget av fellesekskursjonar og fellesarrangement. Dei einskilde klassane kan ha sine eigne opplegg som då må godkjennast av rektor. Elevar
som av ein rimeleg grunn ikkje kan ta del, har rett på tilrettelagd opplegg.
5.5 Bruk av bibliotek
Biblioteket er eit ”stilleområde”.
Bøkene er til bruk for elevar og lærarpersonalet ved skulen. Ein skriv seg inn i ein eigen protokoll ved lån
av bøker. Etter bruk har låntakaren plikt til å setje bøkene på rett plass i hyllene, og føre innleveringsdato i
protokollen. Låntakarar som ikkje leverer boka/bøkene tilbake, vert fakturert for boka/bøkene sin verdi.
Utlån av lærebøker
Hovedmoment i regelment frå Fylkesbiblioteket
1. Eleven får lånekort på skulebiblioteket
Signatur på lånekort gjeld som godkjenning av lånereglane.
3.
Eleven har ansvar for å levere bøkene tilbake i god stand
4.
Eleven har erstatningsansvar dersom bøker kjem bort eller blir øydelagde
5.6 Bruk av spesialrom, verkstader og studio
Det er berre høve til å bruke maskin/sløydrom under tilsyn av lærar og studio etter avtale med faglærar.
Eleven har plikt til å følgje vernereglar og bruke verneutstyr der det er naudsynt, jmf. instruksane for
spesialromma.
Eleven har plikt å følge instruks for kvart enkelt spesialrom/verkstad.
5.7 Oppslagstavler
Plakatar skal presenterast på kontoret før opphenging. Elevrådet har høve til å nytta oppslagstavla utan
godkjenning. Plakatar utanfrå vert hengde opp på tavla i yttergangen etter at dei er stempla på kontoret.
5.8 Materiallager
Alt skulemateriell (forbruk) skal betalast av eleven/føresette, og er såleis eleven sin eigedom. Elevane får
stipend for å dekke skulemateriel. Du må sjølv søke for å få stipendet, www.lanekassen.no (Min ID for å
13
logge inn).
Arbeidsmaterialar kan kjøpast frå lager på skulen. Elevane får kjøpe frå lageret når læraren er til stades. Det
materialet elevane kjøper på skulen, skal føras av lærar på elevkort.
Elevkort vert kontrollerte og oppsummert kvart halvår og rekning sendt til elevane/føresette. Dersom
rekningane ikkje vert betalte i rett tid, får eleven kjøpestopp.
Det er høve til å bruke skrivarar til utskrift og kopi mot bruk av kort/passord.
5.9 Utlån av medieutstyr og formgjevingsutstyr
Elev/føresatt skriv ved skulestart under kontrakt for reglar ved utlån av medieutstyr, og eleven skal ved kvart
enkelt lån kvittere for det utstyr han/ho tek ut frå lager og tidsrom låneperioden gjeld for.
Eleven er erstatningsansvarleg for skade på skulen sine bygningar, utstyr og inventar når skaden kjem av
aktløyse eller er tilsikta. Føresette er erstatningsansvarleg etter skadeerstatningslovens § 1-2 for inntil kr 5000,-.
VURDERING
6.1 Kva skal vurderast?
Det er elevane sin kompetanse i fag og i orden og åtferd som skal vurderast. Kompetansemåla slik dei er
formulerte i læreplanen, danner grunnlaget for vurdering i fag. Grunnleggjande ferdigheiter er integrert i
kompetansemåla. Orden og åtferd skal vurderast kvar for seg, og skild frå kompetanse elevar og lærlingar har
oppnådd i fag.
6.2 Undervegsvurdering
Undervegsvurdering har som mål å gi lærarar og instruktørar informasjon om kompetanse til elevar og
lærlingar slik at dei kan tilpasse og forbetre opplæringa i høve til deira trong. Slik vurdering skal motivere til
vidare innsats, gi elevar og lærlingar høve til å forstå eigen læringsutvikling og vere ein hjelp til å korrigere
kursen i eige læringsarbeid om naudsynt.
6.3 Sluttvurdering
Sluttvurdering har som mål å dokumentere kompetanse til elevar og lærlingar etter endt opplæring på gitte
trinn som grunnlag for sortering og sertifisering. Vurderinga kjem til uttrykk i standpunktkarakterar og
eksamenskarakterar.
Vitnemål får du etter 3-årig bestått utdanning. Fråvær frå alle år er påført.
Tur til Flyane/Øyane august 2010
14
TILSETTE VED SKULEN 2009/2010
Leiinga
Barrikmo, Venke
Skage Line
Raknes Randi
Lydvo, Terje
Lærarar
Fadnes, Wigdis
Gjessing, Elizabeth
Gjukastein Klaus
Gjøstein, Inger
Haugum Arnstein
Holm Morten Brede
Kleppe, Live Arnesen
Lillethun Kristin
Marøy Rakel
Narozanski Andrew
Naustdal, Øyvind
Neergaard Marit
Ohnstad Torstein
Prestegard, Gro Gjeraker
Skeie Borgny
Systad Tone S
Sørensen Kjetil
Tolo, Annbjørg
Rektor
Ass. rektor
Fagleiar, formgjevingsfag
Elevinspektør, mediefag
Spansk
Norsk
Tysk, religion
Mattematikk, naturfag
Mediefag
Mediefag
Mediefag.
Formgjevingsfag
Formgjevingsfag
Mediefag
Mediefag
Rådgjevar, norsk
Mediefag
Mediefag, samfunsfag
Kroppsøving
Norsk, historie
Naturfag, matematikk
Geografi
Vikarar
Garatun, Kristin Kvåle
Formgjevingsfag
Hein, Silke Tysk
Holtekjølen, Knut Larsen Mediefag
Øvrebotten, Eileen
Formgjevingsfag
IKT-konsulent
Hans Jørgen Boge
Andre tilsette
Kristiansen Bjarne
Moseid, Ingunn
Gilbakken, Sigrid Skjerven
Høyland Gunn
Kvåle Marit Bidne
Vivås Irene
Vaktmeister
1.Konsulent, kontoret
2.Konsulent, kontoret Arbeidsleiar, reinhald
Reinhaldar
Kantine
Miljøfagarbeidarar
Fjose, Eli Østevold
Helle, Gro Mæland
Skoleassistent, fast tilsetting
Skoleassistent, vikar
Ver ikkje redd for å ta kontakt med faglærar, kontaktlærer eller leiinga dersom du lurer på noko. Ver også
15
VISS DU TRENG HJELP
merksam på vidare tilbod; sjå neste side.
Rådgjevar og elevinspektør:
Rådgjevar Marit Neergaard har kontor i sokkelhøgd ved personalrommet.
Terje Lydvo er elevinspektør med kontor ved sida av rådgjevar.
Hjå desse kan du få hjelp med spørsmål som har med skulen å gjere, yrkesrettleiing, søknader til skular og
arbeidsliv m.m.
Du kan også kontakte dei med omsyn til personlege spørsmål/problem.
Rådgjevar og elevinspektør har god kontakt med hjelpeinstansar utanfor skulen, som:
Oppfølgingstenesta/Pedagogisk-psykologisk teneste (OT/PPT):
OT/PPT har m.a. som oppgåve å syta for at all ungdom får eit skikkeleg tilbod om vidaregåande utdanning.
Dersom ein elev sluttar i løpet av skuleåret, vil eleven bli kalla inn til samtale med OT/PPT
Ver merksam på at skifte av skule/opplæringsveg må ordnast innan 1. november dersom ein ikkje skal miste eitt
år av opplæringsretten
Helsesøster:
Helsesøster Sigrun Rekve er til stades på skulen ein gong i veka, tysdag kl. 12:00-15:00.
Ting time på kontoret på førehand.
Helsesøster held til på grupperom ved rom 17.
Skulefysioterapeut:
Viss du treng råd/veiledning frå fysioterapeut, tek du først kontakt med
helsesøster, rådgjevar eller elevinspektør.
Helsestasjon for ungdom:
Helsestasjonen held til i underetasjen v/kommunelegane i Uttrågata og er open kvar måndag frå
kl 15.00-17.00 (stengt i juli). Her treff du helsesøster og turnuslege.
Gratis tilbod. Teieplikt. Ingen timebestilling.
www.voss.kommune.no (Søk på lenke Helse)
Tlf. 56533040
Hybelkoordinator
Stein Tore Klovning er hybelkoordinator for elevar ved dei vidaregåande skulane på Voss.
Oppfølging av elevar som bur på hybel/internat.
- praktisk hjelp, råd og rettleiing ved hybeltilværet.
- formidle hyblar
- samarbeid skule, helseteneste og OT/PPT
Kontor: Voss Vidaregåande skule , avd. Vatle (man.-fre. 08:00-15:30)
Tlf.: 56 51 02 69
[email protected]
Mobil: 90 29 99 15
16
Nyttige adresser:
www. voss-husflidskule.no/
www. skolenettet.no
www. skoleportalen.no
www.vilbli.no
LÆRINGSPLAKATEN
17.12.2004 
Skolen og lærebedriften skal:
 
• gi alle elever og lærlinger/lærekandidater like muligheter til å utvikle sine evner og
talenter individuelt og i samarbeid med andre
• stimulere elevenes og lærlingenes/lærekandidatenes lærelyst, utholdenhet og
nysgjerrighet
• stimulere elevenes og lærlingenes/lærekandidatene til å utvikle egne læringsstrategier og
evne til kritisk tenkning
• stimulere elevene og lærlingene/lærekandidatene i deres personlige utvikling og identitet,
i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståelse og
demokratisk deltakelse
• legge til rette for elevmedvirkning og for at elevene og lærlingene/lærekandidatene kan
foreta bevisste verdivalg og valg av utdanning og fremtidig arbeid
• fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter
• stimulere, bruke og videreutvikle den enkelte lærers kompetanse
• bidra til at lærere og instruktører fremstår som tydelige ledere og som forbilder for barn
og unge
• sikre at det fysiske og psyko-sosiale arbeids- og læringsmiljøet fremmer helse, trivsel og
læring
• legge til rette for samarbeid med hjemmet og sikre foreldres/foresattes medansvar i
skolen
•
 
legge til rette for at lokalsamfunnet blir involvert i opplæringen på en meningsfylt
måte
17
Til deg som
skal søkje om:
Skoleplass
Lærlingplass
No må du bruke
for å søkje om plass i
vidaregåande
MinID er din personlege ID. Du loggar på med MinID
når du skal søkje om skole- eller lærlingplass på vigo.no.
'%&%
Du får PIN-kodar til MinID i god tid før søknadsfristen.
Ta vare på PIN-kodane!
Har du brukt MinID før, treng du ikkje
nye kodar.
Du får meir informasjon på vilbli.no.
PC-ordning for elevane
IKT-konsulent Hans Jørgen Boge, Voss Husflidskule
Kontortid
Tysdag og torsdag i oddetalsveker
Mandag, onsdag og fredag i partallsveker
Send ein melding til IKT-konsulenten på It`s Learning der du forklarer kva du treng hjelp til.
Innlevering av bærbar PC frå kl. 08:00 og du får maskinen raskt tilbake.
Ver oppdatert i fag ved å logge inn på It`s Learning. Ta overblikk på oppslag, oppgåver etc.
19
VOSS HUSFLIDSKULE
www.voss-husflidskule.no
Tlf. 56532480