Eid vidaregåande skule - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Download Report

Transcript Eid vidaregåande skule - Sogn og Fjordane fylkeskommune

1
Eid vidaregåande skule
Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013 - 2024
Høyringsfråsegn frå Eid vidaregåande skule.
Dei vidaregåande skulane er i høyringsbrev av 05.03.2013 invitert til å sende ordinær
høyringsfråsegn. Forslag til modellar for organisering og konsekvensutgreiing er orientert om
og diskutert i felles personalmøte, i drøftingsmøte med plasstillitsvalde og i elevrådet ved
skulen.
Innleiing:
Eid vidaregåande skule vil gje høyringsfråsegn ut frå eit skulefagleg perspektiv. Vi legg til
grunn eit fylkesperspektiv med ein desentralisert skulestruktur, som legg vekt på elevane sine
ønske og samhandling med lokalt kulturliv, arbeids- og næringsliv. Skulen synest at det i den
pågåande mediedebatten vert for stort regionfokus og for lite fokus på kvaliteten i opplæringa
og elevfokuset i eit fylkesperspektiv.
Konsekvensutgreiinga er grundig og godt dokumentert så langt det let seg gjere. Den nyleg
framlagde Stortingsmeldinga om Kunnskapsløftet, gjer det litt vanskeleg å sjå alle
konsekvensane, men Eid vgs. vil særskilt kommentere dei ulike utdanningsprogramma skulen
tilbyr og som i dei ulike modellane er føreslegne vidareført. Kommentarane vil basere seg på
konsekvensutgreiinga:
•
Økonomiske konsekvensar
•
Personalmessige konsekvensar
•
Konsekvensar for fagmiljø, læringsmiljø, yrkesretta utdanning og kvaliteten på
opplæringa
•
Konsekvensar for brukarane
Mål og strategidokumentet for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 – 2015, God
– Betre – Best, er eit godt dokument. Eid vidaregåande skule har faktisk over år jobba med
utfordringane i vidaregåande opplæring og mål for opplæringa som er lista opp i
strategidokumentet.
Vi meiner at vi har høg kvalitet på opplæringa, vi kan dokumentere gode faglege resultat, er
mellom skular som har lågast fråfall på landsbasis, har høg trivsel på skulen og god
samhandling med lokalsamfunna og næringslivet rundt oss. Søkinga til skulen er god, vi har
lukkast med satsingane våre og spissinga av utdanningsprogramma. Skulen har
2
utdanningsprogram som utfyller kvarandre på ein god måte, og etter samlokaliseringa i 2009
samhandlar dei ulike utdanningsprogramma om verkstader, labar og undervisningsrom. Vi har
og ei fantastisk samhandling med Operahuset Nordfjord. Gjennom denne samhandlinga har vi
fått «verkelegheita» inn i skulen og har utvikla høg kompetanse på pedagogisk
entreprenørskap, eller entreprenøriell læringsmetode som andre kallar det.
Inger Karin Røe Ødegård ved Høgskulen i Sogn og Fjordane uttaler at « Eid vgs. er blant dei
beste og kanskje den beste vidaregåande skulen i landet på pedagogisk entreprenørskap/
entreprenøriell læring». Eid kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og staten står bak
bygging av Operahuset Nordfjord. Sambruket mellom Operahuset Nordfjord, Eid vgs. og
Gymmen scene og studio er blitt ein nasjonal modell, som er presentert på nasjonale og
regionale konferansar i Trondheim, Sarpsborg og i Stavanger. Fleire kommunar/
fylkeskommunar og fagmiljø har vore på studiebesøk for å setje seg inn i
samhandlingsmodellen. I tillegg til lokalt, regionalt og nasjonalt næringsliv samhandlar
skulen tett med kulturinstitusjonar som Opera Nordfjord og Malakoff rockfestival. Skulen har
dei siste sju åra sett opp ein skulemusikal kvart år, der alle elevane som ønskjer det frå alle
årstrinn og utdanningsprogram har delteke. Dei siste 5 produksjonane har vore i Operahuset,
og gjennom samhandlinga med Opera Nordfjord har det vore særs høg kvalitet.
I lag med lokale idrettslag og klubbar har skulen hatt eit tilsvarande tilbod innan idrett. Eid
Idrettspark – kunstgrasbane med undervarme like ved skulen - gjev høve til utandørs
treningsaktivitet også vinterstid. Det er eit aktivt og kreativt ungdomsmiljø i Eid kommune,
og ifølge lensmannen i Eid er det «flotte ungdomar og nesten ikkje kriminalitet». Skulen
prøver å integrere og legge til rette for at dei ca. 100 hybelbuarane ved skulen skal ha ei god
opplæring og eit godt liv.
Både i Norconsult-rapporten og i dei andre modellane som er konsekvensutgreidd, kjem Eid
vgs. godt ut. Programområda som Eid vgs. historisk har hatt og har, er med eit unntak i mod.1
føreslege ført vidare. Skulen har over år jobba målretta med kvalitetsutvikling av
programområda, både med tanke på kompetanse, ulike opplæringsarenaer i samhandling med
lokalsamfunna, utstyr og bygningsmessige tilpassingar. I høve dei tre naboskulane er Eid vgs.
den einaste skulen med utdanningsprogramma Elektro, Design & handverk og Service &
samferdsle. Utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon har både Måløy vgs.,
Stryn vgs. og Eid vgs. på Vg1 nivå, men Eid vgs. er einaste skulen med Vg2 Industriteknologi
og Vg2 Industriell møbelproduksjon. Studiespesialiserande har alle dei fire vidaregåande
skulane i Nordfjord. Eid vgs. er einaste skulen med to parallellar på alle tre årstrinna. I tillegg
har vi Vg3 Påbygg til generell studiekompetanse ilag med Måløy. Som det går fram i
konsekvensutgreiinga, tek det tid å bygge opp eit robust utdanningsprogram, og ikkje minst
har Eid vgs lukkast med samhandlinga mellom utdanningsprogramma og lokalsamfunna.
Skulen meiner at vi gjennom dei utdanningsprogramma vi har, er ein aktiv regional
utviklingsaktør, som har bidrege til utvikling og har konkrete planar for vidare utvikling, som
vil kome regionen og fylket til gode. Det vil av den grunn sjølvsagt vere synd om eit av
utdanningsprogramma ved skulen vert flytta. Etter opprettinga av Nordfjord Vekst as er
samhandlinga mellom næringslivet i ytre Nordfjord blitt tettare. Dette gjeld og mellom Eid og
Måløy vgs.
3
Om det skulle vere behov for auka areal ved Eid vgs, er det saman med Bygg og
eigedomstenesta konstatert at det er nok utbyggingsareal som enkelt kan knytast saman med
eksisterande bygningsmasse. Dette har sjølvsagt ein investeringskostnad, men kan realiserast i
løpet av to til tre år. I ei evt. byggetid er det ledige midlertidige avlastingsareal i nærområdet.
I siste linja i pkt. 6.1 i konsekvensutgreiinga er det etter vår meining feil årstal.
Dei ulike utdanningsprogramma:
Studiespesialiserande:
Ved studiespesialiserande har EVS to parallellar på alle nivå, og vi har ei klasse påbygg i
tillegg. Skulen har godt kvalifiserte lærarar, og skulen har over mange år hatt gode faglege
resultat, gode resultat i elevundersøkingar, undersøkingar kring arbeidsmiljø og vi har høg
gjennomføringsprosent blant elevane våre. Elevane seier i undersøkingar at dei får
undervisning av høg kvalitet, og lærarane gir uttrykk for høg grad av trivsel på arbeidsplassen.
Lærarane på skulen samarbeider godt. Fellesfaglærarane jobbar med yrkesretting i fellesfaga
på YF, og samarbeidet mellom SS og YF er godt. Skulen ynskjer sjølvsagt å halde fram med
to parallellar på alle nivå, men ser også at tre parallellar ved Eid vgs hadde vore gunstig i høve
breiare programfagtilbod til elevane i Nordfjord og eit enno større fagmiljø blant lærarane.
Gjennom satsinga på Energikompetansesenteret ilag med lokalt næringsliv og NTNU, vil
skulen få inn ein ny moderne og framtidsretta læringsarena, og det vil gje eit nytt løft til dei
tradisjonelle realfaga og bety konkretisering av teori. På studiespesialiserande går flest jenter.
Dei vil profittere på entreprenørskapstenkinga og konkretiseringa som ligg innebygt i EKS. Ei
slik satsing er i tråd med nasjonale føringar, både med omsyn til satsing på realfag generelt og
jenter spesielt. Eid vgs. er ein enøk-modell i seg sjølv, med basis i fjordvarme og har ei særs
rimeleg drift.
Studiespesialiserande med fordjuping i formgjeving er i alle modellane føreslege lagt som
fylkesdekkande tilbod til Eid vgs. I stortingsmelding 20 (2012 – 2013) er det signal om
endringar i dette tilbodet. Uansett resultat av sentrale strukturvedtak, vil det vere ein styrke for
skulen og samhandlinga med Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival å få tilført dette
tilbodet. Tilbodet – elevar og lærarar, vil nyte godt av den høge kompetansen som er ved
skulen på utdanningsprogramma Design og Handverk, Studiespesialiserande og ikkje minst
samhandlinga med dei andre utdanningsprogramma ved skulen. I utgreiingsfasen av
konsekvensutgreiinga sende skulen inn detaljert oversyn over arealbehov og kostnader knytt
til dei ulike modellane. Det trengst lite tilpassing for å ta på seg dette fylkesdekkande tilbodet.
Design og handverk:
Også dette utdanningsprogrammet er omtala i Stortingsmelding 20. Kanskje vert dette eit
studieførebuande utdanningsprogram, men uansett vil vi påverke nasjonalt til at vi får eit
utdanningsprogram som er tilpassa samfunnet og ikkje minst næringslivet sine behov. Det er
mange smale Vg2 og Vg3 tilbod i strukturen til dette utdanningsprogrammet. Næringslivet
etterspør kompetanse og lærefag som i dag ikkje finst. Frode Lindvik i Strukturplast as
4
etterlyser fagarbeidarar i «Industridesignfaget». Design og automatisering er klare
vekstnæringar både lokalt og nasjonalt.
Eid vgs. har etter vår meining tilnærma optimale fasilitetar for denne satsinga. Ved skulen
ligg Elektro, tre- og metall-verkstadene vegg i vegg.Vi har sterk og brei fagkunnskap innanfor
dei ulike utdanningsprogramma. 3D modellering og DAK/ DAP vert viktigare og viktigare i
all design, og utdanningsprogrammet Design og Handverk utgjer eit nyskapande, kreativt
miljø på skulen, som fører til nytenking og samhandling med dei andre
utdanningsprogramma. Elevane lærer å samarbeide og løyse problem. Dette fører til at dei ser
etter løysingar og blir problemløysande. Elevane får utfalde seg og lære å visualisere ideane
sine. Dei får kjennskap og kunnskap til material og teknikkar som gjev dei eit godt
utgangspunkt i fleire yrke. Dette er viktig kunnskap som gjer elevane i stand til å starte opp
nye bedrifter som er med på å halde distrikta våre levande.
Kvar haust startar elevane som går Vg2 Interiør og utstilling og Vg2 Industriell møbel med
rekvisitt og scenearbeid til Opera Nordfjord si haust-oppsetjing. I dette arbeidet får elevane
stort ansvar og løyser oppgåver og utfordringar som gir dei ein smak av yrkeslivet. Her
arbeider dei i «bedrifta» på lik linje med snikkarar, malarar, rekvisittørar, maskørar, og har ei
bratt læringskurve desse første månadene. Kvart år er det nye oppgåver som gjev elevar og
lærarar ny kompetanse. Elevar på Design og handverk blir kursa av fagpersonar i sminking og
handtering av parykkar, og nokre elevar er aktivt med under operaen og jobbar bak scena.
Dette er entreprenøriell læring som er mogleg på grunn av det tette samarbeidet mellom Eid
vgs. og Opera Nordfjord.
I løpet av dei åtte åra vi har hatt nært samarbeid med Opera Nordfjord, har vi sett korleis
dette påverkar elevane. Elevane kjenner ansvaret og veit at dei må få produkta til å fungere.
Dei må samarbeide både med kvarandre, lærarane, scenografar, maskørar og ofte òg med
lokalt næringsliv for å løyse oppgåva. Dette arbeidet er noko elevane drar nytte av gjennom
heile skuleåret. Vi ser og at dette kan utvidast i forhold til arbeid med både kostyme og
kledesign og arbeid innafor hår og sminke.
Dette er ein unik læringsarena fordi elevane er i bedrift og på skule samtidig. Det blir stilt
strenge faglege krav, spissa mot eit yrke og mot dei ulike kompetansemåla i faga.
I samarbeid med Opera Nordfjord får elevane kjennskap til eit vell av yrke. Berre innanfor
faget Design og handverk finn vi meir enn 10 yrke i bedrifta Opera Nordfjord. Her er frisør,
sminkør, stylist, maskør, kostymedesignar, kledesigner, møbeldesignar, skreddar, rekvisitør,
rekvisittmakar, utstillingsdesignar, scenograf og lysdesigner.
Gjennom samarbeidet med Opera Nordfjord blir elevar og lærarar utfordra på ulike material,
teknikkar og arbeidsmåtar kvart einaste år. Dette gjeld både arbeid med operaen og den årlege
skulemusikalen. Samarbeidet gjev oss moglegheit til å låne frå det operaen har av utstyr når
vi skal lage utstillingar, arbeide med sminke, hår og kostyme eller når vi til dømes underviser
om stillære.
5
Eid vgs. er unike i samarbeidet med Opera Nordfjord og hospitering ved Operaen i Bjørvika
og Oslo Nye. Vi har utvikla høg fagleg kompetanse innafor farge, illusjon og rekvisittarbeid,
som vi sjølvsagt vil vidareutvikle gjennom det unike samarbeidet. Skulen kan tenke seg å
utvikle eit sommarakademi ilag med eit høgskulemiljø, som bygger på dette samarbeidet.
I Norconsult sine modellar er dette utdanningsprogrammet og Studiespesialiserande med
formgjeving føreslege fylkesdekkande ved Eid vgs. Dette bygger nok på føresetnadene som
er nemnde ovanfor, og skulen vil ved enkle grep og midlar kunne omorganisere og utvikle
tilbodet frå hausten 2014.
Teknikk og industriell produksjon – TIP
På Vg1 TIP har skulen 2 klasser og på Vg2 ei klasse i Industriteknologi og ei i Industriell
møbelproduksjon (Frå Vg1 Design og handverk er det kryssløp til Vg2 Industriell
møbelproduksjon).
Læreplanane i Teknikk og industriell produksjon fokuserer no på produksjonsprosessane og er
i utgangspunktet materialuavhengige. Plasseringa og organiseringa av verkstadene og labane
ved skulen, der elektro, metall, tre og stoff/hud ligg ved sida av kvarandre, gjer at skulen har
særs gode føresetnader for eit godt fagmiljø, læringsmiljø, yrkesretta utdanning og kvalitet på
opplæringa. Personalet kan nyttast på tvers av utdanningsprogramma til beste for brukarane.
Utstyrsmessig får vi og ei økonomisk drift.
Bedriftene innafor TIP-kjegla blir meir og meir automatiserte. Skal norsk industri greie å
konkurrere med utanlandske bedrifter, er vi nøydd til å effektivisere og på den måten redusere
produksjonskostnadene. Ekornes-konsernet som Eid vgs. samhandlar tett med, er godt
eksempel på dette. Dei tek no produksjon attende frå Austeuropa og Asia pga. automatisering
og kvalitet (insorsing).
Eid vidaregåande skule har lange tradisjonar med å tilføre dei lokale bedriftene ny
arbeidskraft. Det har frå skulen si side vore ei bevisst satsing på Automatiserte
Produksjonsprosessar. Eid vidaregåande skule utvikla saman med departementet læreplanen
«Automatiserte produksjonsprosessar». Skulen underviste etter denne læreplanen som forsøk
på andre året på TIP, før departementet innførte denne læreplanen i Kunnskapsløftet, og som
no vert kalla Vg2 Industriteknologi. I denne perioden kjøpte skulen ein fullskala CNCproduksjonsmaskin for dreiing og fresing. I tillegg har vi CNC – maskiner på Vg2 Industriell
møbelproduksjon. Dette er datastyrte maskiner. Vi bruker same type teikneprogram på pc’ar
for elevane både på Vg2 Industriteknologi og Vg2 Industriell møbelproduksjon. Vi merkar at
det mektige industricluster-miljøet rundt Ulsteinvik ser til oss for å få dyktige lærlingar, og
Statoil har dei siste åra teke fleire lærlingar frå TIP.
Eid vidaregåande skule starta saman med mekaniske- og trearbeidsbedrifter i Nordfjord,
Robotlaben AS. I dag har Eid vidaregåande skule overtatt alt utstyret til Robotlaben AS og
vidarefører forretningsideen gjennom skuledrifta. Både roboten og eit cnc-styrt fresebord
inngår i ein viktig del av undervisninga i Industriteknologi og Industriell møbelproduksjon,
6
men og på elektro og dataelektronikk. Her deler lærarane viktig kunnskap og kompetanse med
kvarandre på tvers av utdanningsprogramma. Lokalt næringsliv har i desse dagar plassert inn
på skulen eit skjerebord og ein sveiserobot, som også kan brukast tverrfagleg. Dette er
kompetanse som næringslivet etterspør i Nordfjord og langt utover fylkesgrensene.
Etter at tilbodet i Industriell møbelproduksjon vart nedlagt ved Borgund vgs. i Møre &
Romsdal i fjor, er tilbodet ved Eid vgs. det einaste i landet og vert landsdekkande frå hausten
2014. Sykkylven vgs.v/ Dagfinn Fredly og Ekorneskonsernet v/ Arve Ekornes ønsker at dette
opplæringstilbodet ved Eid vgs. vert vidareutvikla, slik at konsernet kan rekruttere lokale
lærlingar som har gått Vg1 TIP eller Design & handverk i Sykkylven og Vg2 Industriell
møbelproduksjon på Eid.
Alle elevane som ynskjer lærekontrakt innan fag som industriteknologi og industriell
møbelproduksjon rekrutterer til, har teikna kontrakt.
Fagmiljøet også på TIP har eit nært og godt samarbeid med Opera Nordfjord, Malakoff
Rockfestival og musikalen ved Eid vidaregåande skule. Industriteknologi og Industriell
møbelproduksjon har kvart år ulike arbeidsoppgåver i høve produksjonane. Elevane opplever
dette samarbeidet som svært innovativt og lærerikt. Produkta blir produsert på verkstadene og
deretter montert på scena. Det kan til tider vere fleire klassar i arbeid på scena samtidig,
saman med profesjonelle aktørar. Dette er eit samarbeid som skapar gode tverrfaglege
kunnskapar og miljøskapande aktivitetar, og arbeidsoppgåvene går rett inn i læreplanmåla.
Entreprenøriell læring i så stor skala er både givande og lærerikt for elevane. Samtidig gjer
det noko med miljøet på skulen når fleire elevar frå ulike klasser arbeider saman mot felles
mål.
7
8
Elektro:
Eid vidaregåande skule er, saman med næringa i Nordfjord, i ferd med å etablere eit- Energi
Kompetanse Senter (EKS) med fokus på energi, miljø og bygg. Velferdsteknologi vert eit
viktig satsingsområde i senteret. Her vil lærarar, elevar og næring få ei eineståande
moglegheit til å vidareutvikle ein tverrfagleg kompetanse i nyskapande energiteknologi og
byggteknikk med tanke på miljøvennlege løysingar. Skulen ser dette som eit viktig
fokusområde, og vi tek mål av oss å utdanne framtidas driftspersonell til fornybar energi. Vi
tek også mål av oss til å utvikle eit nytt tverrfagleg programfag for fleire utdanningsprogram.
Skulen kan vise til eit veldig godt samarbeid med næringslivet innanfor elektro/automasjon.
Det gjeld t.d. utplassering ev elevar og utveksling av lærlingplassar. På Nordfjordeid er
elektro/automasjonsmiljøet stort, og aktiviteten dei driv rekk utover både kommune- og
fylkesgrensene.
Elevane på studieretninga for elektro/elektronikk opplever god entreprenøriell læring i
samarbeid med Opera Nordfjord/Operahuset. Dette bør ein vidareføre.
Skulen kan elles vise til veldig gode søkjartal på Vg1 elektro, og det er tilnærma null fråfall.
Fleire av elevane er bevisste på kryssløpet frå elektro til mellom anna maritime fag. Ut frå
mogelege kryssløp burde Vg1 vere overdimensjonert i have Vg2 tilboda. Eid vgs. leiar
fylkesnettverket for elektro ilag med Nelfo.
9
Dagens Dataelektronikk er ei vidareutvikling av tidlegare Radio/TV via kontorteknisk linje til
i dag - Dataelektroniker. Utdanninga har endra seg i høve den rivande utviklinga som vi dei
siste tiåra har hatt innan elektronikk og data. Eid vidaregåande skule har i alle desse år følgt
utviklinga og utdanna dugande fagfolk innan dei felta denne linja rekrutterer til.
I dag gir vi opplæring til elevane innan fylgjande fagfelt i Dataelektronikk som automatiske
alarmsystem, telesystem, kommunikasjonssystem, kablingssystem – data, telekommunikasjon, andre elektroniske system, til dømes mikrokontrollersystem og robotstyring,
datanettverk, installasjon og drifting av datanettverk, programmering.
Med denne breidda i systemopplæring er elevane i stand til å gå ut i lære i mange typar
bedrifter som til dømes tele- og kommunikasjonsbedrifter som Relacom, produksjonsbedrifter
som Strynetrappa, kommunale IT avdelingar, maritime kommunikasjons/elektronikk bedrifter
som Måløy Radio og databedrifter som Local Host.
Igangsetting og satsinga i Lefdal gruver vil føre til eit auka behov for den type fagfolk innan
dataelektronikk og elektro som vi utdannar ved Eid vgs.
Eid vgs har lange tradisjonar med å rekruttere elevar til elektrobedrifter i heile Nordfjord. Alle
elevane som ønsker det, får seg lærekontrakt kvart år. Det at elektro ligg sentralt i Nordfjord,
har gjort det lettare å få til ein god struktur på samarbeidet med bransjen og skulen i forhold
til riktig dimensjonering av tal elevar og elektro- lærlingar i Nordfjord.
Ut frå behova som næringslivet signaliserer framover, og den tverrfaglege automatiserte
satsinga ved skulen vert med på, burde utdanningsprogrammet styrkast med tilbod innan
automasjon.
10
11
Service og samferdsle:
Rolla til Service og samferdsel er sentral i heilskapen på Eid vgs. Dette
utdanningsprogrammet har vore sentralt i utviklinga av entreprenørskapsfokuset til skulen og
samarbeidet mellom skulen og samfunns/ nærings- og kulturliv. I samband med m.a.
musikalen har elevane ved Service og samferdsle roller som vertskap og er aktive innan
marknadsføring og framskaffing av sponsorar. Fylkeskommunen sitt slagord "god-betre- best"
høver godt for SS ved Eid vgs, der ein dei siste åra har utvikla gode system for arbeidet både
på skulen og ute i bedrift. I modellar i skulebruksplanen foreslår ein å flytte dette tilbodet bort
frå EVS. Det er vi sjølvsagt usamde i. Vg2 sal, service og sikkerheit vil etter desse modellane
ikkje kunne tilbydast i Nordfjord. Ut frå det betydelege aukande behovet for arbeidskraft som
dette tilbodet rekrutterer til (konsekvensutgreiinga s. 39), er dette uheldig. Ved oppstart av
datalagring i Lefdal Gruve vil det vere stort behov for rekruttering av vaktmannskap frå dette
utdanningsprogrammet.
Kompetansen og læringsarenaen som bygger på samhandlinga med aktivitetane i Operahuset
Nordfjord og dei andre utdanningsprogramma ved skulen, kan ikkje flyttast.
Service og samferdsle ved Eid vgs. rekrutterer elevar frå heile Nordfjord og har høg kvalitet
på undervisninga, der praktisk opplæring aktivt vert nytta i samhandling med næringslivet i
Nordfjord.
Gjennom prosjekt til fordjuping har skulen opparbeidd eit godt nettverk som har letta arbeidet
med å skaffe læreplassar. Alle som vil har til no fått læreplass lokalt, regionalt eller nasjonalt.
Eid vgs. er ein regional utviklingsaktør, og Service og samferdsle er ein del av ein heilskap
ved skulen som ikkje bør øydeleggast gjennom prosessen med skulebruksplanen.
Operasamarbeidet, musikal og arrangement på Operahuset Nordfjord er ein kjempegod og
viktig læringsarena for dette utdanningsprogrammet.
12
Oppsummering:
Som det går fram av kartskissene samhandlar Eid vgs. tett med næringsliv og lærebedrifter i
eit vidt område. Studiespesialiserande med særleg breidde i realfagtilbodet, har rekruttert godt
høgskule-/universitetsutdanna arbeidskraft attende til fylket.
Det framgår av konsekvensutgreiinga at med si geografiske plassering kan elevar og tilsette
dagpendle til Eid vgs. Nokre av modellane legg opp til fylkesdekkande tilbod ved skulen og
auka tal på hybelbuarar. Det har Eid kommune beredskap til å handtere, og miljøet for
hybelbuarane er etter samarbeidspartane våre sine attendemeldingar svært godt.
Utdanningsprogramma ved skulen samarbeider tett og utfyller kvarandre godt, til beste for
brukarane. Tilsette ved skulen i alle delar av organisasjonen trivst, er godt kvalifiserte og er
stolte av arbeidsplassen sin i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkeskommunen har ein
kvalitetsmessig framtidsretta institusjon i Eid vgs., med sterkt elevfokus og ein regional
utviklingsaktør. Kvalitetane ved skulen og utdanningsprogramma vi tilbyr, er godt tilpassa eit
lokalt, regionalt og ikkje minst eit fylkesperspektiv. Vg2 Industriell møbelproduksjon vert i
tillegg landsdekkande frå hausten 2014.
Skulen har ein god kombinasjon og samhandling mellom yrkesfaglege og studieførebuande
utdanningsprogram. Historisk har vi eit sterkt studiespesialiserande miljø. Vi ser store
13
utviklingsmogelegheiter innan alle utdanningsprogramma ved skulen, gjennom satsinga på
Energikompetansesenteret i lag med næringslivet og utviklinga av velferdsteknologi, som ein
del av «landslaget» som NTNU skal leie.
Samlokaliseringa med Operahuset Nordfjord gjer at vi har utvikla oss til ein nasjonal modell
opp mot entreprenøriell læring og pedagogisk entreprenørskap.
Eid vgs. har eit internasjonalt miljø, 26 ulike nasjonalitetar er representerte på skulen. I tillegg
har vi eit internasjonalt fokus med ulike utvekslingsprosjekt mot skular i Europa og Afrika. Vi
er einaste skulen frå Sogn og Fjordane med FN+ status i FN- sambandet.
Totalt sett trur vi at ein desentralisert skulestruktur vil gje det beste tilbodet til ungdom i
fylket. Med dette som utgangspunkt meiner vi at det er rom for 4 vidaregåande skular i
Nordfjord. Søkjartala 1. mars viser at skulane i Nordfjord stort sett har god søknad. Tala viser
og at det er god balanse mellom elevtal og elevplassar i Nordfjord.
Det er og avgjerande viktig for framtida til den enkelte av dei 4 skulane at dei alle har
studiespesialiserande som utdanningsprogram. Både Norconsult- rapporten og
høyringsutkastet seier klart at dei skulane som ikkje har studiespesialiserande, vil ha eit
svakare grunnlag, og dei vil snart kunne bli B-skular. I delrapport 8 s. 26 vert det dessutan
konkludert med at ein vil kunne få eit tilstrekkeleg tilbod gjennom ein desentralisert modell,
der fleire skular tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram.
I kapittel 5.7 i konsekvensutgreiinga er utdanningssenter og skulane si rolle som regionale
utviklingsaktørar drøfta. Eid vgs. har teke initiativ overfor dei andre skulane i Nordfjord om å
gå saman om «Nordfjord kurs og kompetansesenter» Gjennom bevisst satsing på samarbeid
og kvalitetsmessig etter- og vidareutdanning i regionen, vil dette kunne kompensere for
utfordringane med elevtalsnedgang og kunne legge grunnlag for nye arbeidsplassar og vekst.
Nordfjordeid 25.04.13
Eid vidaregåande skule
Ove Bjørlo
Rektor
-sign.-
Norsk lektorlag
Gislaug Heinum
-sign.-
Skolenes Landsforbund
Magnar Aase
-sign.-
Utdanningsforbundet Fagforbundet
Tone Flem Ulvestad
Anne Karin Rand Torheim
-sign.-sign.-
Elevrådet
Sandra Ervik
-sign.-
Nito
Per Magnus Myklebust
-sign.-