Vil du vere med til Uganda?

Download Report

Transcript Vil du vere med til Uganda?

Vil du vere med til Uganda?
Strand vgs. sin visjon er at «me får fram det beste i den enkelte». Det handlar om å
utvikle seg fagleg, men også som menneske og medmenneske. Difor ønsker me å
fremje elevanes internasjonale engasjement: Å sjå at verda strekker seg litt lenger
enn me kanskje tenkjer i kvardagen. Å sjå verda som ho faktisk er.
Som ein del av dette har me kvart år ein innsamlingsaksjon til organisasjonen Child
Africa, og våre pengar går til å bygge ein skule for fattige ungar i Kabale i Uganda,
slik at også dei kan få høve til noko me ser på som sjølvsagt: Å gå på skule og
skaffe seg ei framtid. Denne aksjonen kallar me AgendaUganda (sjå
www.strand.vgs.no for meir informasjon om Child Africa og AgendaUganda).
Med jamne mellomrom reiser ein liten delegasjon frå skulen vår ned til Uganda, for
å sjå korleis pengane me har samla inn har blitt brukt, og for å samle inntrykk av
korleis det er å leve som barn og ungdom i Uganda. Desse erfaringane blir deretter
delt med resten av skulen på ein informasjonsdag i forkant av innsamlingsaksjonen,
for å inspirere til innsats og engasjement.
Neste tur skal gjennomførast i dette skuleåret, i veke 9/10 i 2015 (28.02-08.03), og
DU er herved invitert til å skrive ein søknad om å få bli med.
I denne søknaden bør du presentere deg sjølve, fortelje litt om kvifor du ønsker å
delta på turen, kvifor du trur at du kan vere ein god representant for skulen vår og
korleis du trur du vil fikse å inspirere og tenne andre for prosjektet.
Ti av søkarane blir deretter plukka ut til intervjurunde, og av desse blir to stykk valt
ut til å vere med på turen. Skulen dekkar alle utgifter ved turen; de betaler berre
vaksiner sjølv (ca. 1000,-). Lærarane som blir med er Hans Marius Våga og Maritha
B. Vollan.
Søknadsfrist: fredag 12. september. Send søknaden på it’s learning til Hans Marius
eller Maritha.
Beste helsing AgendaUganda-komitèen