informasjon om skulen i mathare slummen i nairobi

Download Report

Transcript informasjon om skulen i mathare slummen i nairobi

INFORMASJON OM SKULEN I MATHARE SLUMMEN I NAIROBI
•
Mathare slummen er ein av dei verste og største slummane i verden. Her renner kloakken
mellom jordhyttene, og mange utmagra born dominerar gatebilde. Kvar dag handlar om å
finne mat for å overleve!
•
No er det 12 år sidan Britt kom heim fra Afrika fyrste gong. Her hadde ho 3 månaders praksis
på eit psykiatrisenter under utdanning som vernepleier. Under opphaldet blei ho kjent med
presten Luke, som driv ei kyrkje å skule for born og vaksne i slummen. Her fekk borna
opplæring, mat og leksehjelp, mens dei vaksne fekk opplæring tilpassa sin situasjon.
•
Ved starten i 1997 hadde skulen 5 elever. Etterkvart blei det fleire elevar og Pastor Luke såg
behovet for læring og utvikling for borna i slummen. Pastor Luke leigde eit bygg slik at fleire
elevar kunne få undervisning. Når ein møter slum, slumborn og fattigdom så klarar ein ikkje
å snu ryggen til. Sidan 2000 har Britt Lødøen hjelpt Pastor Luke og alle barna.
I 2011 så baud sjansen seg til å kjøpe eit bygg for så og renovere dette til ein fin skule.
Og få EID Vidaregåande med på laget er heilt fantastisk! Det betyr at 300 born har ei framtid
og ein sjanse her i livet. For disse borna betyr det så uendelig mykje at nokon er villig til å
satse på dei, forteller Britt Lødøen. Med støtte frå dokke så er borna sikra eit varmt måltid
kvar dag og at ein kan renovere og byggje skulen ferdig!
Britt forteller at foreldra i dette området ikkje sende borna på skulen for å lære – men fordi
det er muligheiter for at dei får mat der. Dersom borna er skrubbsultne, klarar dei heller ikkje
å tilegne seg kunnskap.
Så gjennom å bidra til ernæring og skulegang, har Eid Vidaregåande no lagt eit fantastisk
grunnlag for å bedre livskvaliteten til disse borna.
Britt, Pastor Luke og 1.klassingar
•
Skulen er eigd av stiftelsen «Loving Concern Education Centre». Stiftelsen har eit styre med 8
medlemmar.
•
Økonomien til skulen er basert på pengestøtte frå privat personar og bedrifter. Dette svingar
veldig og påverkar utviklinga av skulen og renoveringa av det nykjøpte bygget. Det kjem inn
litt på offer gåve i kyrkja i Mathare slummen. Ved meir renovering og bygging av skulebygget
vil det og la seg gjere og leige ut nokre av romma til internet cafar osv. Dette vil kunne gje
skulen litt leigeinntekter. Pastor Luke har ansvaret for drifta av skulen.
•
For elevane startar dagen 0800. Det er skule-slutt klokka 17:00. Dei har 4 friminutt. Stor
friminuttet er frå 13:00 til 14:00. Då får alle servert varm lunch.
Det beste virkemiddelet for at barna kjem kvar dag på skulen og forblir der heile dagen er:
MAT! Dette er også med på å få foreldrene/familien til å sende barnet på skulen. EIN
MINDRE OG METTE!
Skulen har 2 kokker. Det er ofte bønner med ugali (ein graut som blir laga av maismjøl og
vatn). Men ein eller to gonger i veka så er det ris med litt kjøtt attåt.
Skulemateriell har dei lite av. Det er ofte berre eit viskelær på deling i ein klasse på 25.
Blyantane blir brukt til dei er så små og korte at det er berre er så vidt dei klarar og halde dei.
Så dette er det stor mangel på!!
Faga dei har er: Matematikk, Engelsk, Geografi, Historie, Kiswahili, samfunnsfag, religion og
gym. Rektor er hovud ansvarleg for fagplanen. Alle lærarane er pålagde å følgje fagplanen.
Dei lagar dagsplanar og vekeplanar. Utdannings forbundet kjem uannonsert til skulen kvar 34 månad for å kontrollere. Dette blir gjort ved alle skular i Kenya. Trusretning er protestant.
All undervisning foregår på engelsk.
•
Skulen har i dag over 300 elevar. Men antallet elevar aukar. Dei er mellom 4 og 14 år.
Systemet i Kenya for skulegong er 8-4-4. Ein begynneri 1.klasse det året du fyller 5. Skulen
vår har og baby-class for 4-åringane. Der er 13 lærarar på skulen og ein «vaktmester» Han er
på skulen på natta også for å passe på bygget.
I Kenya er det uniform plikt på skulen. Du må møte opp kvar dag med rein og fin uniform.
Der er liten toleranse for elevar som ser skitne ut, har mangelfull uniform eller som ikkje
møter opp kvar dag. Du blir då utvist. Det er mange foreldre som ikkje har penger til å kjøpe
uniform. Dette medfører at mange av barna i slummen «dett i mylja 2 stolar». Disse barna
havnar ofte på gata. Narkotika, alkohol, kriminialitet og vold blir ofte deira kvardag. Sniffing
av lim er vanleg hjå mange barn som ikkje har eit skuletilbud, og det er eit sørgjeleg syn.
Men, skulen VÅR tek imot disse barna!! Har du noko som liknar ei uniform så er det heilt
greit
•
Der er totalt 8 klasserom. Ein del av klassromma eignar seg ikkje som klasserom. Dårleg
ventilasjon. Men når bygget får fleire etasjar så blir der fleire klasserom. Vi har iløpet av sist
vinter bygt ein etasje til, men det er berre ramma. No står inndelinga av romma for tur. På
skulen er der 4 toalett. Der er innlagt vatn til ein stor tank i kjellaren. Ved hjep av ei pumpe
får ein vatnet opp i tankar på toppen av bygget. Straum er der. Klasseromma har lys rør i
taket. I slummen er straumen ofte borte, så skulen har investert i eit diesel aggregat.
PLAN FRAMOVER:
Mål vidare er å få dette bygget til å bli eit fint, trygt og flott skulebygg for 500 elevar. Forsetje med
matprogrammet då vi ser at det er ein suksess. Få til eit «stor kjøkken» inne i bygget. Vi treng fleire
tavler, fleire lærebøker, skrivebøker, pultar, skrivesaker, osv. Dei treng det meste av utstyr. Vi held
fortsatt på med bygging av 3 etasje men det går seint. Pga regntid har det vore veldig vanskelege
arbeidsforhold i slummen. Men for kvar etasje som blir bygt så skal alle romma målast. Elektriker må
på plass. Kateter, pultar, tavle etc må då på plass. Andre og vidare mål vil bli diskutert fortløpande
mens vi byggjer og renoverar. Hyller og skap treng dei fleire av. Til dei aller minste som søv midt på
dagen manglar vi ca 10 madrasser. Det er utruleg mykje som skal ordnast. Dette er eit stort arbeid
og ting tek tid. Effektivitet er skrudd av, for her må ein operere i Afrikansk tempo. Men barna er
glade og det gjev engasjement og pågangsmot.
I kjellaren er der komt på plass ein helseklinikk. Det er ein barneklinikk som har tilbydt seg og kome
ein dag for veka og sjekke alle barna. Dei får alle vaksiner og får ta orme-kur med jamne mellom rom.
I eit av romma blir der bibliotek. Mange hyller er komne på plass,og der er litt bøker, men ein del
gjenstår. Her skal det bli fullt av bøker og spel.
Det er midt i blinken og få
Eid vidaregåande med på
laget. Ein sjanse til å få
vere med og fortsette å
spre glede og håp til barna
i slummen om at dei har ei
framtid! 
Med 2-3 etasjar til så kan
vi kome opp i 500 elevar.
Det hadde vore fantastisk
å kunne hjelpe så mange
slum barn med ei
grunnskule utdanning.
Alle monnar dreg
Mvh,
Britt Lødøen