Elevinformasjon - Voss Folkehøgskule

Download Report

Transcript Elevinformasjon - Voss Folkehøgskule

Elevinformasjon
2013-2014
Innhald
Side
Kart over skulen
2
Kart over Vangen (Voss sentrum)
3
Ved Brann
4
Ordensreglar
5
Fråvær og permisjon - retningslinjer
6
Persmisjonssøknad
7
Ordningar
8
Funksjonar
10
Personalet
11
Klasse og fellesrom
12
Praktiske høve
13
Instruks for elevråd
14
Timeplan
15
Skulerute 2012 - 2013
15
Betaling
16
1
Kart over skulen
2
Kart over Vangen
3
Ved brann

Lat att vindauge og dører, og forlat rommet med ein gong brannklokka ringer.

Ikkje ta deg tid til å få med tinga dine ut av rommet.

Gå med ein gong til statuen av Lars Eskeland. Hald saman i ganggruppa.

Gå ikkje attende til noko hus før det er stadfesta at det ikkje brenn der.

Kvart gangråd vel ein brannansvarleg som til ei kvar tid skal vete kven som bur på gangen.
Ved brann skal den brannansvarlege finne ut om alle på gangen har kome seg ut.

I alle rom er det montert sensitive brannvarslarar. Dei vert aktivert av røyk eller varme.
Desse varslar brannvesenet og tilsynstelefonen.

Handmeldarane som er plassert ved utgangane varslar brannvesenet direkte.
Brannvakt
Tilsynslærar går brannrunde i internata alle dager kl. 23.00,
evt etter avslutta arrangement viss dette slutter seinere.
Samtidig blir det kontroll-, lukke-, låse- og slukke-runde.
4
Ordensreglar
Du skal delta i fellesskapet saman med dine medelevar og tilsette ved Voss Folkehøgskule. Vanleg
folkeskikk og omsorg for kvarandre gjer Voss Folkehøgskule til ein god stad å vera. Skulen sine reglar
er enkle og sikrar eit godt liv for alle:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
vis respekt og omsyn
ver høfleg og snill
møt presis og forberedt
hald orden
overhald ro-tid
ver opplagd og munter
ver totalt rusfri
Oppmøte
Det er frammøteplikt. Fråværet vil stå i vitnemålet. Er fråværet for skuleåret meir enn 10 %, står
skuleplassen i fare. Viss du mister skuleplassen eller avsluttar før skuleslutt kan du miste dei to
konkurransepoenga og låna i Lånekassen vil ikkje bli konvertert til stipend. Rektor kan i spesielle
tilfelle godkjenne permisjon, til f eks eksterne oppdrag, utan at vi fører fråvær.
Permisjon og planlagt fråvær
Alt planlagt fråvær skal avtalast med skulen på førehand. Skjema for søknad om permisjon/ melding
om planlagt fråvær får du på kontoret og leverast lærar. Skal du overnatte utanfor skulen skal du gje
beskjed før kl 2300 den dagen det gjeld. Dersom du er utanfor skuleområdet kan du sende SMS til
916 62 569 (tilsynstelefon) og du skal ha stadfesting på at beskjeden er mottatt.
Orden og ro
Internatrom skal haldast reine og i orden. Det gjeld eige rom, fellesrom/peisestove, internatgangar,
toalett og bad. Du kan berre henge opp plakatar og bilde etc slik at veggar og møblar ikkje vert skada.
Musikkanlegg må brukast utan å forstyrre andre. Det skal være ro på internatet alle dagar frå kl 2300.
Respekter andre sine behov for nattero, og møt utkvilt til morgonsamling og undervisning. Ro og
orden gjeld også på skulen sitt uteområde.
Vi vil ha god orden og ha det reint og hygienisk på undervisningsromma; derfor kan du ikkje eta i
undervisningsrom.
Rusgift og røyk
Ingen rusgifter/dopingmidlar er lov. Skulen er eit aktivt og kreativt kulturmiljø heilt utan rus. Du kan
ikkje bruka/oppbevara/vere berusa av alkohol eller nokon andre rusmidlar. Dette gjeld på skulen og
skulen sitt nærområde, på skulen sine fellesarrangement/besøk/ turar etc.
Reaksjonar
Bryt du ordensreglane/har stort fråvær/ikkje fylgjer opp ansvarsoppgåvene dine blir du kalla inn til
samtale med rektor. Rektor kan utvise deg for kortare eller lengre tid, i verste fall for resten av
skuleåret, eller avgjere andre reaksjonar.
Skulen har eit eige utval for behandling av disiplinærsaker. (jfr Lov om folkehøgskoler §5). Blir du
utvist for resten av skuleåret, eller du sluttar frivillig, må du betale skulepengar i 6 veker frå sluttdato.
En evt anke på vedtak i disiplinærsaker skal sendes styret for skulen.
5
Fråvær og Permisjon – retningslinjer
Frammøte
Det er frammøteplikt til morgonsamling, undervisning, skulearrangement, eksterne
samarbeidsprosjekt, turar etc. Fråværet vil stå i vitnemålet.
Fråvær
1. All undervisning er obligatorisk.
2. Alt fråvær vert ført på vitnemålet. Fråvær vert ført i dagar og timar.
3. Fråvær over 10 % kan føra til tap av skuleplass. Det kan og føra til at eleven mister sine 2
konkurransepoeng ved opptak til høgare utdanning.
4. Kjem du for seint til morgonsamling eller anna undervisning, vert dette registrert som ein
time fråvær.
5. Organisert /sjølvstendig studiearbeid, derunder skuleadministrative gjeremål, som er avtalt
med rektor, inspektør eller internatleiar, reknast ikkje som fråvær.
6. når du har søkt permisjon på førehand vert følgjande ikkje rekna som fråvær: (max 15 dagar)
a) Dokumentert arbeid som tillitsvald i landsdekkjande organisasjonar
b) Dokumentert lovpålagde oppmøte (sesjon o.l.)
c) Dokumentert organisert hjelpearbeid
d) Dokumentert langvarig og kronisk sjukdom
e) Dokumentert utsett eksamen med 2 lesedagar + 1 reisedag (offisielle prøvar slik som
utsett/ny prøve frå eks. VGS).
f) Dokumentert yrkesorientering, opptaksprøve til vidare utdaning eller jobbsøking
godkjennast inntil 1 dag
g) Dokumenterte seminar for elevar som er med i det lokale kulturlivet
h) Velferdspermisjonar i inntil 3 dagar ved alvorleg sjukdom eller dødsfall i næraste familie
eller andre som står eleven nær
i) Anna spesielt fråvær med fagleg/kulturell tilknyting
Permisjon og planlagt fråvær
Du må søkja på førehand for å få godkjent permisjon utan fråvær. Søknaden skal leverast lærar i
god tid, og seinast tysdag kl 0900 veka før. Reglane vert alltid lagt til grunn, men det vert også
utvist eit skjønn i fht til den enkelte permisjonssøknad.
Planlegg du å vera vekke frå undervisninga vil vi at du melder i frå om det på permisjon/fråværskjemaet.
Fag- og linjelærar skal alltid kontaktast; det gjeld den/dei som har ansvar for den undervisninga
du skal vere borte frå. Eit viktig prinsipp er at elevpermisjonar/fråvær ikkje skal gå ut over
fellesarbeidet på linja/valfag.
Bortvising
Når ein elev vert bortvist frå skulen, får han fråvær for perioden.
Du må fylgje opp ditt eige fråvær
For å sikre at registrert fråvær er rett ført, er det eleven sitt ansvar å kontrollere og å få godkjent
fråværet. Dette vert gjort i samarbeid med hovudlærar.
Alle elevane som har fråvær over 5% (10 dagar), vert gjort merksam på alvoret i situasjonen.
6
Søknad om permisjon/
Melding om planlagt fråvær 2013-2014:
skal leverast lærar
_____________________________________
Namn elev
Sjekk info bak på arket for rutinar!
søkjer permisjon frå undervisninga frå og med dato
… og møter til undervisning frå og med
dato
kl
kl
Beskriv kvifor du søkjer om permisjon
Eg melder frå om at eg blir borte frå skulen, og er klar over at fråværet blir
ført med:
dagar,
timar.
_____
Eleven si underskrift
Kommentar frå lærar/ internatleiar/ inspektør/ rektor:
Svar på permisjonssøknad
Permisjon godkjent; det blir ikkje ført fråvær
Avslag / permisjon er ikkje godkjent
Melding om fråvær motteke
Voss Folkehøgskule
_____________________________________
Lærar/ internatleiar/ inspektør/ rektor
7
Ordningar
Opphald utafor skuleområdet etter kl. 23.00
Dersom du ikkje skal overnatte på skulen må du gje beskjed til skulen.
På postrommet/ branntavlerommet er det ein eigen fråværstavle der du har ansvar for å
melde fråvær. Dersom du må melde fråvær når du ikkje er på skulen sitt område må du
sende SMS til tilsynstelefonen og få stadfesting frå tilsynslærar at beskjed er mottatt.
Besøksordning
Om du ynskjer å ha overnattingsgjester, må du gje melding om dette på kontoret
2 dagar på førehand for å sjekke om vi har plass til gjester (skjema på kontoret).
Du skal og gje beskjed til tilsynslærar om at du har besøk.
 Gjesten kan overnatte på eleven sitt rom. Bur du på dobbeltrom, må dette avtalast med
den du bur saman med.
 For overnatting på elevrom betalar gjesten kr 300,- pr. døgn som og inkluderer alle
måltid og sengetøy. Utan sengetøy betalar gjesten kr 200,-.
 Gjester fylgjer skulen sine reglar.
 Du er ansvarleg for at gjesten betalar. Du betalar på kontoret.
 Gjester som ikkje skal overnatte, må dra før kl. 23.
 Pris pr. måltid for gjester som ikkje skal overnatte er:
Frukost kr 30,- / Lunsj kr 50,- / Middag kr 50,- / Kveldsmat kr 30,-
Økonomi
Retningsliner for betaling av skuleopphaldet er gjeve i eit eige skriv som du fekk tilsendt i
sommar. Hugs: ved for sein betaling, vert det rekna rente med 0,8% per månad. Rekningar
som ikkje vert betalt innan fristen vert sende til inkasso. Når det gjeld lån og lånevilkår sjå
www.lanekassen.no.
Forsikring
Du er forsikra mot skader/ulykker som hender i samband med undervisninga så lenge du er
elev ved Voss Folkehøgskule og er her i landet.
Dei private eigedelane dine er ikkje dekka av skulen si forsikring.
Å bu på internat…
er ei forandring for mange – og ei stor utfordring. Internata er ein viktig del av
folkehøgskulen sitt pedagogiske opplegg. Vi sett difor krav til deg når det gjeld reinhald,
orden og omsyn til medelevar og tilsette. Ta omsyn til dei du bur i lag med og til rommet du
bur i. Andre skal ha rommet ditt etter deg. Du vert økonomisk ansvarleg om det er skader på
rommet som ikkje kan reknast som vanleg slitasje.






Fest nylonsnøre/ tråd i dei smale listene oppe på veggen, og heng bilete/ting i desse.
Treng du hjelp til dette kan du snakke med vaktmeister Kjetil.
Bruk klebekitt til lettare ting du ynskjer å hengje opp.
Bruk ikkje tape, teiknestiftar, spikar eller liknande på vegger eller dører.
Flytt ikkje på fast inventar utan avtale med internatleder (seng, skrivebord, skåp)
Nokre rom har sprinklaranlegg. Anlegget har dyser som lett løyser ut ved varme og
berøring. Heng ingenting i sprinklaranlegget!
Byte av rom skjer berre i samråd med internatleiar og rektor.
8
Vask og reinhald
Alle vaskar romma sine sjølve og held dei i orden. Medbuarane på gangen har ansvaret for å
halde korridor, trapper, dusj og toalett reine og ryddige. Den praktiske organiseringa av dette
arbeidet går føre seg på gangråd.
Klesvask og –tørking
Det er vaskeri i 1. etg. Midtgard og kjellar på Jomsborg. Bruk av vaskemaskin er inkludert i
skulepengane.
NB: Les instruksjonane for bruk av vaskemaskin og tørketrommel!
Feil ved maskinene skal meldast til vaktmeisteren umiddelbart.
Arbeidsgrupper/ ”Gul Garde”
Det vert organisert grupper for kjøkkenarbeid og anna reinhald på skulen. Alle elevane er
med i ei slik arbeidsgruppe to til tre veker i løpet av skuleåret. Du vil få instruks for desse
oppgåvene seinare. Osmine (kjøkkenleiar) har ansvar for gruppa.
Avfall
Midtgard tømmer boss og bio-boss bak kjøkkenet.
Jomsborg tømmer boss og bio-boss ved låven.
Papp, papir, glas og metall skal i bossrommet ved sida av kjøkkenet.
Oppbevaring av skiutstyr, syklar, emballasje m.m.
Syklar:
Ski og brett:
oppbevarast i sykkelskur og utafor Jomsborg. Hugs å låsa sykkelen!
dei som bur på Jomsborg, nyttar skistall under Nedigard. Dei andre brukar
skistall bak Midtgard.
Ski og brett skal ikkje vera på rommet eller i gangane!
Preparering av ski og liknande: I skistall under Nedigard.
IFog Frisport har eigne rom i låven).
Emballasje
oppbevarast i Midtgard 3 etg.: i kott på rommet. 1. og 2. etg.: i bur i fyrste
etg. Midtgard, i Jomsborg: rom 216.
Skytevåpen og ammunisjon skal oppbevarast i eige våpenskåp
Røyking
Alle bygningar på Voss Folkehøgskule er røykefrie, både internat og andre bygningar.
All røyking skal vera på fylgjande plassar


Nederste platå på trappehuset Midtgard.
Ved sykkeloppstillinga på Jomsborg.
Det skal haldast orden på røykeplassane
Snus skal berre kastas i bosskasser.
9
Funksjonar
Hovudlærar
Kvar linje har ein hovudlærar. Erlend for Musikk, Amund for Idrett og friluftsliv, Camilla for
Film og video, Kristin for Data, og Torgeir er hovudlærar for Seniorsløyd (dagtidselevane).
Hovudlærar har fylgjande oppgåver:
 koordinering av linjeaktivitetane
 mottakar av permisjonssøknader og meldingar om planlagt fråvær
 ansvar for føring av fråvær
Internatleiar/husmor
Internatleiar Kiss har ansvaret for drifta av internatet.
Internatleiar hjelper til når elevar vert sjuke. Om du vert sjuk, tek du kontakt med Kiss, anten
sjølv eller gjennom ein med-elev. På kvelds- og nattetid og i helgane, tek du kontakt med
tilsynslærar. Vil du ta med mat frå kjøkkenet til den som er sjuk, gjer du det etter middagen.
Tilsynslærar
Tilsynslærarfunksjonen går på omgang mellom lærarane. Det er minst ein tilsynslærar ved
skulen kvar dag. Det er han/ho du skal vende deg til om du har praktiske problem eller
spørsmål på ettermiddagstid og i helgene. Det står namn ved inngangsdøra til kontoret om
kven som er tilsynslærar og kvar han/ho er å finne.
Tilsynslærar har telefon:
916 62 569 etter kl 1600
Skulen sitt nummer er:
Vaktmester/brannvernleder:
Rektor sitt nummer er
5652 9040
905 66 395
950 22 202
Kjetil vaktmeister/driftsleder/brannvernleiar
Vaktmeisteren skal ha melding om alle skadar og feil på skulebygningar og utstyr. Skriv
meldinga på ein lapp og legg han i ”vaktmeisterkassa” i postrommet.
Kontoret
Kontoret er ope for elevane 1200-1230 (ikkje torsdag)og 1400-1600.
Kontorleiar:
 svarer på spørsmål om lån og stipend mm
 leverer ut verdipost
 låser inn verdisaker i safen
 følger opp betaling av skulepengar; vi har betalingsterminal på kontoret
 kontaktar du i samband med økonomi og innbetalingar
10
Personalet
Administrasjon
Rektor:
Inspektør:
Kontorleiar:
Lasse Sandberg
Irene Nesse
Arvid Børve
Internatleiar/husmor
Internatleiar:
Kirsten Gjersvik (Kiss)
Kjøkken
Kjøkkenleiar/kokk:
Kokk:
Kjøkenassistent:
Kjøkenassistent:
Osmine Austbø
Mariann Hegle Almeland
Anne Grete Hellesnes
Irene Veka
Reinhald:
Reinhaldar:
Mo Watsana Norekvål
Vaktmeistar:
Vaktmeistar:
Kjetil Dyrvik
Lærarar
Camilla Haukedal
Amund Sletner
Jon Grendahl
Kristin Opsum
Bjarne Reme
Erlend Furuseth Jenssen
Arild Tvilde
Torgeir Lirhus
Jon Grendahl
lærar Film og video
lærar Idrett og friluftsliv
lærar Idrett og friluftsliv og Seniorsløyd
lærar Data
lærar Data
lærar Musikk
lærar Frisport (valfag 2013-14)
lærar Seniorsløyd
lærar Seniorsløyd
Stipendiat
Odin Nonstad
Data
Ganglærarar
Lærarane har ansvar for kvar sin internatgang.
Gangråd
Kvar gang på internatet har eigen ganglærar og vel ein eigen gangsjef og brannsjef
Gangsjefen leiar gangrådet saman med ganglæraren.
Det skal mellom anna få livet på internata til å gli. Dei vert difor viktige når det gjeld:
 trivselsfremjande tiltak på internatet
 organisering av vask og reinhald av gang og fellesrom
 drøfting av konfliktar i skulemiljøet
I tillegg har gangrådet ansvar for:
 førebuing og gjennomføring av elevkveldar
 førebuing og gjennomføring av morgonsamlingar
11
Klasse- og fellesrom
Peisestova
Peisestova er fellesrommet vårt. Her finn du elevkiosken som vert driven av elevrådet. Her
får du kjøpa vanlege kioskvarer.
Ta omsyn til at det er mange som skal ha det triveleg her – hald orden!
Matsalen
Frukost:
Kvardager
Laurdag
Sundag
0745 - 0815
0745 - 0815
0900 – 1000
Det kan være endra tidspunkt for måltida i fri-helger
Føremiddagsmat:
Kvardager
1130-1230
Middag:
Kvardagar og sundagar
Laurdag
Sundag
1600
1300
1600
Middagen er eit fellesmåltid der me opnar og avsluttar i lag.
Måltidet avsluttast med beskjedar.
Møt presis!
Kveldsmat:
Kvardagar og sundagar
Laurdag
2000 – 2030
1800 – 1900
Bestikk, koppar, tallerkar og dekketøy skal ikkje ut av matsalen!
Undervisningsrom og salar
Undervisningsrom og spesialrom kan du nytte fram til kl. 2300.
Nokre spesialrom er berre for elevar knytt til dei linjene som til vanleg nyttar dei.
Av omsyn til orden og hygiene skal du ikkje eta i undervisningsrom og salar.
12
Praktiske høve
Telefon
Rektor sitt nummer
916 62 569
5652 9040
905 66 395
950 22 202
Legevakt
5651 3000
Voss Taxi
5651 1340
Tilsynstelefon (mobil)
Skulen sitt nummer
Driftsleder/vaktmeister
Lege
Taxi
Apotek
Apotek er opent frå 0900 – 1700
Post
Post vert lagt i hyllene på postrommet og kan vanlegvis hentast etter kl 1230
Voss Postkontor
Kvardagar
Laurdag
0830 – 1700
0830 – 1500
Minibankar og bank
Minibankar finner du mange av på Vangen.
Opningstida bankar på Vangen:
Kvardagar
0830 – 1500
Torsdag
0830 – 1630
Laurdag
stengd
Voss Folkeboksamling
Måndag og fredag
Tysdag, onsdag og torsdag:
Laurdag:
1100 – 1600
1100 – 1900
1100 – 1500
Parkering
Parkeringsplassar for elevane er ved gymnastikksalen. Parkeringsplassane på Låvebrua og
framfor Midtgard er reserverte for dei tilsette ved skulen.
13
Instruks for elevråd
Elevrådet er fellesorgan for alle elevane. Elevrådet er i arbeidet sitt bunde av lov, forskrifter og
målsetjinga til skulen. Det skal saman med andre råd arbeide for å skape trivnad og gode
samarbeidstilhøve på skulen.
Elevrådet skal ta seg av elevane sine interesser, og fremje desse andsynes rektor, personalråd,
lærarråd og styre.
Elevrådet uttaler seg i saker som blir lagt framfor det og i andre saker det ønskjer å ta opp. Det kan
gje råd og kome med framlegg til rektor og dei andre råd på skulen.
Elevrådet peiker ut elevane sin representant og vararepresentant til styret for skulen.
Elevrepresentanten har funksjonstid frå 1. oktober til 31. september.
Elevrådet skal veljast før ein månad av skuleåret er gått. Ved heilårskurs skal det til vanleg haldast
nytt val når halve kurset er over. Valet skal vere skriftleg og kunngjerast minst tre dagar føreåt.
Rektor eller ein annan som han utpeikar, syter for at det blir halde val.
Elevrådet skal ha minst 5 medlemmer med vararepresentantar. Begge kjønn skal vere representerte i
elevrådet, med ei rimeleg fordeling. Alle er pliktige til å ta imot val, men det er høve til å nekte attval.
Leiaren vert vald ved særskilt val. Elevrådet vel sjølv nestleiar, sekretær og kasserar.
Elevrådet kan på eige initiativ sette ned underutval og nemnder.
Elevrådet held til vanleg møte minst to gonger i månaden, og er vedtaksført når minst 2/3 av
medlemmene er til stades. Det skal til vanleg sendast ut saksliste minst to dagar før kvart møte og
førast møtebok etter vanlege reglar.
Elevrådet tek avgjerd i saker i samsvar med eventuelle fullmakter frå styret for skulen. Vedtak kan
ankast inn for styret.
Minst to gonger i skuleåret skal det vere fellesmøte mellom elevråd og lærarråd og mellom elevråd
og kjøkken. Rektor, i samråd med leiaren i lærarrådet/kjøkkenleiar og leiaren i elevrådet, kallar inn til
slike møte.
Elevrådet kan, for å høyre elevane si meining, kalle inn til elevmøte. Det skal vera skriftleg saksliste til
slike møte. Saker som skal fram på elevmøtet må gå gjennom elevrådet.
Når det gjeld kortkurs, må skulane finne fram til høvelege ordningar med tillitsvalde.
14
Timeplan og skulerute
Voss Folkehøgskule skuleåret 2012/2013
Måndag
Tysdag
Onsdag
Torsdag
0745 – 0815
Frukost
0830–0850
Morgonsamling
0900–1035
Linjetid
Linjetid
Linjetid
1045–1130
1130–1230
1230–1415
Fredag
Laurdag
Bevegelse
Gangvask
Lærarråd
Valfag
Laurdagsseminar
Gangmøte
Allmøte /
Hustime /
Rektors time
Kultur &
samfunn
Valfag
Middag 1300
Lunsj
Linjetid
Linjetid
Linjetid
1430–1530
Bevegelse og leik
1600
Middag
1700–2000
Aktivitetar
2000–2030
Kveldsmat
Kveldsmat
1800
Aktivitetar
Ro på internatet kl 2300
Skulerute hausten 2013
(med atterhald om endringar!)
August
September
Oktober
skulestart
fri
for elever og foreldre/familie
haustferie;
skulen stengt
elevstemne
fri
linjeturar
heimreise;
skulen stengjer kl 12
November
Desember
24
14-15
5
6-13
9-10
15-16
17-30
19
laurdag
laurdag & sundag
haustfest
laurdag - sundag
laurdag & sundag
fredag - laurdag
reiseveker
juleavslutning
Skulerute våren 2014
(med atterhald om endringar!)
Januar
Februar
Mars
April
6
15-23
22-23
12-22
mondag
laurdag-sundag
laurdag-sundag
laurdag -sundag
skulestart;
vinterferie;
fri
påskeferie;
Mai
1
10
11
torsdag
laurdag
sundag
fri
open dag & avslutningsfest m foreldre og familie
avreise;
skulen stengjer kl 12
skulen opnar 5 jan kl 17
skulen opnar 23 jan kl 17
skulen stengjer 11 mars kl 12
skulen opnar 22 apr kl 17
NB! Datoane viser fridagar frå og med – til og med. Merk: atterhald om endringar!
15
Betaling
Betaling av skulepengar skjer gjennom 9 innbetalingar gjennom skuleåret i hht betalingsplan under.
Linjekostnader/tilleggskostnader skal betalast i november.
Skulen brukar AvtaleGiro og har svært god erfaring med det. Betalingsforfall er den 15. i kvar
månad og fylger utbetalingane frå Lånekassen den 15. i kvar månad. Beløpsgrense er sett likt for alle
til maks beløpet 25300 for enkeltrom, sjå septembersatser. Men trekket frå din konto er sjølvsagt
kun på det du skal betala.
Send tilbake vedlagt skjema til oss snarast.
Betaling/prisar for kost og losji og felleskostnader:
1. dobbeltrom
2. enkeltrom
inkl. tillegg 4 500
3. dobbeltrom med bad
inkl. tillegg 4 500
4. enkeltrom og bad
inkl. tillegg 9 000
totalt
totalt
totalt
totalt
kr
kr
kr
kr
82500
87000
87000
91500
Betalingsplan med oversikt over Lånekassen sine utbetalingar for maks lån 2013. Gå til nettsida
http://www.lanekassen.no/ for søknad og info. Utbetaling frå lånekassen skjer først etter at skulen
har bekrefta at du har møtt.
1
betaling 15. august
18880
Betaling
dobbeltrom
linjetur
2
betaling 15. september
7 080
17 400
20 800
25 300
3
4
5
6
7
8
9
10
betaling 15. oktober
betaling 15. november
betaling 15. desember
betaling 15. januar
betaling 15. februar
betaling 15. mars
betaling 15. april
betaling 15.mai
7 080
7 080
6 800
6 800
6 800
17 500
6 800
6 800
6 800
6 800
6 800
6 800
6 800
18 600
6 800
6 800
6 800
6 800
6 800
6 800
6 800
18 600
6 800
6 800
6 800
6 800
94 400
82 500
87 500
91 500
Du får frå
Lånekassen
Totalt
7 080
7 080
18880
7 080
7 080
7 080
Betaling enkeltrom &
dobbeltrom, bad
linjetur
Betaling
enkeltrom, bad
linjetur
Ved for sein betaling, vert det rekna rente med 0,8 % pr. mnd. Eleven er sjølv ansvarleg for betaling
til Voss Folkehøgskule om ikkje anna er avtala.
Du betalar til skulens bankkonto: 9581 05 00639, bruk helst AVTALEGIRO
NB!
Dersom du sluttar i skuleåret, uansett årsak, må du betala skulepengar til og med
6 veker etter sluttdato.
16