Dale vidaregåande skule - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Download Report

Transcript Dale vidaregåande skule - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring: Skulebruksplanen for vgs i SFJ 2013-2024

Innspel frå Dale vidaregåande skule April 2013

I høyringa er fylkeskommunen særleg interessert i å få innspel på fire kulepunkt. Punkt 1-4 refererer til desse.

1)

Eventuelle nye variantar av modellane

Vi har eitt hovudkrav: Dale vgs må bestå i framtida -minimum som i modell 1, men med byggfag i tillegg og fylkesdekkande IB-linje i samarbeid med Røde Kors Nordisk UWC.

Dale vgs er den einaste vidaregåande skulen i HAFS-regionen, og det er eit opplagt krav at ungdommen i vår del av fylket skal ha ein vidaregåande skule. Vi kan ikkje akseptere at folk og næringsliv i ein heil region i den sørvestre delen av Sogn og Fjordane blir salderingspost og ståande heilt utan vidaregåande utdanningstilbod medan andre delar av fylket har fleire skular med kort reisetid mellom. Internt i HAFS er reisetida t.d. lenger enn i Nordfjord. Vi har 1 skule, og dei har 4. Eit fylkesperspektiv i denne samanhengen er difor å satse på den vidaregåande skulen i HAFS-regionen. På Dale vgs har vi alt teke vår del av nedskjeringane, og vi har tilpassa oss dei reduserte elevtala. Dei siste åra har skulen mist heile 6 klassar. Den siste -som det hadde vore grunnlag for å oppretthalde dersom det var vilje til det med 11 elevar på venteliste- seinast no i vår. Derfor har vi på vegner av ungdommen, folket og næringslivet i HAFS klåre ambisjonar om å vidareutvikle skulen vår med nye tilbod.

Dale vgs og regionen - Framtid i HAFS!

Dale og Fjaler har rike skuletradisjonar heilt tilbake til 1869 då Nikka Vonen starta pensjonatskule for jenter. Skulen på Steia i Dale hadde elevar frå store delar av landet og var for dei få og velståande. I vår tid er heldigvis vidaregåande skulegang ein sjølvskriven og lovfesta rett for alle ungdommar. Skal omgrepa «fylkesperspektiv», «elevomsyn» og «regionbygging» ha ei meining i vår del av fylket, må Dale vgs få reell regional status som «skulen for HAFS-regionen». Regionstatus for HAFS er eit prinsipielt spørsmål som politikarane må avklåre. Dernest må Sogn og Fjordane fylkeskommune i praktisk politisk og administrativt arbeid leggje til rette for å utvikle skulen. Dale vgs må ha meir enn eit minimum av studietilbod, slik at fleire HAFS-ungdommar enn i dag kan finne eit studietilbod på nærskulen sin. Historisk sett er det brukt lite pengar både på opplæring, kultur og samferdsle i vår del av fylket, og når Dalsfjordbrua no endeleg kjem og gir betre internsamband vil det få positive konsekvensar for Dale vgs-elevane også. Fylkeskommunen må gjennom Dale vgs spele på lag med HAFS Regionråd, folket og næringslivet i regionen slik at slagordet «Framtid i HAFS» får eit konkret innhald. Det var positivt at fylkesrådmannen kalla inn til eige informasjonsmøte om skulebruksplanen på Dale vgs. 1 av 4 regionale møte vitnar om regionstatus. Men i høyringsdokumentet er omgrepet 1

«Sunnfjord, Ytre Sogn og HAFS» nytta, og HAFS framstår ikkje som eigen region i Norconsult rapporten.

Vi ber om at HAFS får status som eigen region i skulesamanheng slik som på andre samfunnsområde, og at fylkeskommunen tek rolla som regional utviklingsaktør på alvor også i HAFS.

Dale vgs –Dalsfjordbrua –Framtidsfylket

Dale vgs er den einaste fylkeskommunale institusjonen i HAFS-regionen -om ein ser bort frå eit par tannlegar. Det er sjølvmotseiande å byggje ned skulen eit halvt år før Dalsfjordbrua vert opna. Brua knyter regionen saman på ein måte som vil styrke grunnlaget for vekst på ei rekkje område, ikkje minst alt det som har med den vidaregåande skulen å gjere. I planverket for fv (rv) 609 Dalsfjordsambandet, Konsekvensutgreiing og kommunedelplan, står det utheva at ”Overordna mål for Dalsfjordsambandet er å gje betra framkomst for å: *

utvikle regionen til eit samla bu-, arbeids- og skuleområde med betra mogelegheiter for å utvikle sentrumsfunksjonar".

Skule er altså rekna opp som eit av dei viktigaste argumenta for å investere ein milliard kroner i den samferdslerevolusjonen for HAFS-regionen som Dalsfjordsambandet vil innebere. Det vil vere bortimot uforståeleg om fylkeskommunen vel å kaste eit så sterkt argument over bord så kort tid etter at vedtaket om Dalsfjordsambandet vart gjort. Alle kommunane i HAFS står bak kravet om å få behalde og styrkje Dale vidaregåande skule. Dette kravet kjem minst like sterkt frå ungdommen som har hatt Dale som skulestad, og som no er i ferd med å fullføre utdanninga og ser seg om etter ein stad å setje bu. Vi får klare tilbakemeldingar om at eit HAFS utan vidaregåande skule ikkje er noko attraktivt alternativ. Like klare er signala om at det no er aktuelt å flytte heimatt, no når Dalsfjordbrua kjem. Fylkeskommunen sitt arbeid bør ha optimisme som reiskap og mål. Det ligg etter vår meining i slagordet om Sogn og Fjordane som Framtidsfylket. Det vil vere eit fatalt brot med denne visjonen om ein no, samtidig med at ein byggjer ei bru mot framtida, legg ned ein institusjon som så eintydig står for framtid og optimisme som den vidaregåande skulen i Dale gjer.

2) Korleis lokalsamfunn og arbeids- og næringsliv meiner den vidaregåande opplæringa bør vere organisert –gitt elevtalsprognosane og inntektsutsiktene som ligg føre

I skulebruksplanen er Dale vgs utgreidd med eit minimumstilbod (ST, HO og TIP) og utan fylkesdekkande linjer i alle tre modellane der skulen er oppretthalden (1, 4 og 6). Sett frå HAFS er dette skuffande og defensivt på vegner av regionen vår. Det vitnar om at fylkeskommunen har liten vilje til å satse på kystområde som samfunnsøkonomisk har stort utviklingspotensiale. Utviklinga vert sjølvforsterkande. Der fylkeskommunen ikkje vil satse, er det opplagt at folketalet og ungdomskulla kjem til å minke. I 2005 hadde Dale vgs rundt 250 elevar. I høyringsutkastet under vedlegg 9 om dei vidaregåande skulane er elevgrunnlaget for Dale vgs rekna til 215 i 2020, med utgangspunkt i framskrivne ungdomstal for dei tre primærkommunane Hyllestad, Askvoll og Fjaler. I modell 1, 4, og 6, der Dale 2

vgs er oppretthalden, er det samla elevtalet sett til 144, og fylkesrådmannen si vurdering er at dette er for høgt: Det er «behov for om lag 125 elevplassar» ut frå søkjarmønsteret i perioden 2009-2012. I desse åra har Dale vgs mist Vg1 og Vg2 Service og samferdsle, parallellane på Studiespesialisering, Påbygging og Vg2 Byggteknikk. For tida er det nedgang i søkjartala til byggfaga. Fylkestinget i Hordaland har i sin skulebruksplan lagt ned Byggfag på Austrheim vidaregåande skule, og dersom også Dale vgs misser tilbodet, vert heile området mellom Knarvik og Førde utan opplæringstilbod i byggfaga. Næringslivet i HAFS har gjort det klart at dei treng tilgang på tømrarlærlingar og ønskjer at Byggfag vert oppretthalde ved Dale vgs. Vi viser her til eiga fråsegn frå byggenæringa. Talet på klassar i byggfaga bør samordnast med naboskulane, slik at det er best mogeleg samsvar mellom talet på plassar og talet på søkjarar. Dette betyr i praksis at Dale vgs bør få behalde Vg1 Bygg- og anleggsteknikk og Vg2 Byggteknikk, og at klassetalet i Førde kan reduserast tilsvarande. Dale vgs samarbeider tett med Røde Kors Nordisk UWC for å få i stand ei IB-linje og dermed kunne tilby ungdom i Sogn og Fjordane ei internasjonal utdanning. Sjå eiga sak om dette. I samarbeidet om IB har vi sterk støtte frå HAFS Regionråd og frå næringslivet i regionen, som går inn med om lag ein halv million kroner i startkapital for å få tilbodet etablert. Denne internasjonale utdanninga vil tene ungdom frå heile fylket og styrkje HAFS med eit fylkesdekkande opplæringstilbod. I regionen vår har vi sterke og ekspansive bedrifter som Havyard Ship Technology og Maritime Montering. Dei konkurrerer på den internasjonale marknaden og etterspør eit nytt yrkesfagtilbod innanfor maritim produksjonsteknikk og skipsinnreiing.

Bedriftene garanterer 15 læreplassar årleg og vil samarbeide med fylkeskommunen om å få etablert eit nytt tilbod på Dale vidaregåande skule.

Her er det grunnlag for eit nytt fylkesdekkande tilbod på skulen vår, med stabil tilgang på læreplassar for ungdom frå heile fylket, og sikker tilgang på godt betalte jobbar i inn- og utland.

Dette er heilt i tråd med det som er etterspurt i skulebruksplanen under punkt 3.6.4 Arbeidslivet: «Arbeidslivet bør i større grad forplikte seg til å ta inn lærlingar over tid, i tråd med prognosar for eigne område.»

Vi meiner ein desentralisert skulestruktur best fremjar tett og godt samarbeid mellom skule og næringsliv. Dette er viktig både for bedriftene og ungdommane. Dersom fleire unge må flytte på hybel, misser dei tidleg den lokale tilknytinga som seinare kan gje innpass i lokalt næringsliv og organisasjonsliv. Og bedrifter i utkantane misser ein stor ressurs i lokal ungdom som flyttar ut.

3) Kva utdanningsprogram og programområde vil arbeids- og næringslivet særleg etterspørje - i prioritert rekkefølgje?

Prioritering av utdanningsprogram ved Dale vgs:

1) Utdanningsprogram skulen har no: Studiespesialisering Vg1, Vg2, Vg3. YF: TIP Vg1 og Vg2, Helse/oppvekst Vg1 og Helsearbedarfag Vg2, Bygg- og anleggsteknikk Vg1 og Byggteknikk Vg2. 2) Ny fylkesdekkande IB-linje i samarbeid med Røde Kors Nordisk UWC. Næringslivet går inn med 500 000. 3) Ny fylkesdekkande linje (Maritim produksjonsteknikk innanfor skipsinnreiing). Garanterer 12 læreplassar ved Havyard Ship Technology og Maritime Montering kvart år.

3

4) Påbyggingstilbod for yrkesfagelevar som har teke fagbrev. 5) Design og handverk i samarbeid med Transplant, Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen og UWC. 6) Eventuelle andre programområde som næringslivet etterspør.

Kommentarar til prioriteringa: Generelt ser vi at næringslivet i regionen vår i endå sterkare grad enn før etterspør yrkesfagutdanning som er i tilpassa deira behov, og dei jobbutsiktene som finst. Bedriftene vil byggje HAFS som region i samarbeid med fylkeskommunen og Dale vgs. Fylkeskommunen bør gripe sjansen til å vere med på å utvikle HAFS – ein kystregion med stort potensiale. Til prioriteringslista, punkt 4 og 5: Påbygging for yrkesfagelevar som har teke fagbrev kan komme som eit nytt tilbod gjennom nye læreplanar. Yrkesfaglærarane ved Dale vgs er engasjerte i dette utviklingsarbeidet og har dei siste åra ivra for denne løysinga -der elevar kan ta seg tid til å gjennomføre fagbrevet før dei eventuelt vel å ta påbygging og skaffe seg studiekompetanse. På den måten kan elevane får ei avslutta utdanning og kanskje velje å bli verande i yrket, på same tid som dei som er motiverte for meir teori, kan få det òg. Dersom avdelinga i Jølster vert lagt ned og faga der må flyttast, så er det ikkje nok plass på Hafstad eller Øyrane til å ta imot nye grupper. Her bør Sunnfjord tenkje eit samarbeid med HAFS. Til dømes vil Design og handverk høve godt inn i kunst-, design og teatermiljøet som er livskraftig og innovativt i Dale. Side 39 i høyringsskrivet handlar om utviklingstrekk som vil prege framtida. Her meiner vi at skulebruksplanen ikkje har vyer for framtida for alle delar av fylket. Vi saknar generelt ei klårgjering av kva som er meint med «fylkesperspektiv». Betyr det styrt avfolking av delar av fylket? Side 81 om nettbasert undervisning: Dale vgs har inneverande skuleår nettbasert undervisning for vaksne i helsearbeidarfaget. Dette er eit etterspurt tilbod basert på bruk av moderne teknologi. Det svekkjar konsekvensutgreiinga at nettundervisning ikkje er utgreidd som ein del av dei sju modellane. God, fleksibel bruk av moderne teknologi kan i nokon grad kompensere for spreidd busetnad, store avstandar og små fagmiljø.

4) Korleis bør vi oppnå balanse mellom elevtal og tal elevplassar i ulike delar av fylket?

I høyringsutkastet punkt 5.1.4 (side 59) står det: «I området Sunnfjord, ytre Sogn og HAFS er det underdekning på elevplassar i høve elevtalet i alle modellar.»

Vi krev at det vert lagt opp til betre samsvar mellom talet på ungdommar og talet på elevplassar og fylkesdekkande linjer i dei ulike delane av fylket.

Fylkeskommunen bør for det første rydde opp i regionsomgrepa, slik at det er eintydig kva område ein snakkar om. Sunnfjord framstår stadig tydelegare som «indre Sunnfjord», altså Førde og dei 4

næraste nabokommunane. Jamfør her Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS) som ikkje nemner HAFS i det heile. HAFS står for «Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen». Er då «Ytre Sogn» i denne samanhengen det same som «Høyanger», eventuelt «Høyanger + Balestrand»? Sett frå HAFS er det avgjerande at

skuletilbodet også i framtida er desentralisert. Opplæringstilbod som nærskulen manglar, må finnast andre stader i regionen eller fogderiet. Ein må unngå å samle fylkesdekkande tilbod på ein eller nokre få vidaregåande skular i fylket. Det betyr at HAFS og Sunnfjord også må ha fylkesdekkande tilbod. Såleis kan ungdom frå HAFS t.d. sleppe å flytte på hybel i Nordfjord.

Til punkt 2.2. (kvalitet) og 5.1.3 (gjennomføring)

Sett i landsmålestokk er det meste småskala i Sogn og Fjordane. Det har vore ein suksessfaktor og eit særtrekk, og kan framleis vere det om vi har evne og vilje til å satse desentralisert i ei tid med sterkt sentraliseringspress både utanfrå og internt i fylket. Vi er i landstoppen i gjennomføringsgrad og eksamensresultat. Elevane trivst særs godt, og vi har lite mobbing jamført med andre fylke. Vi har ingen skular som er store i landssamanheng, men kvaliteten på dei vidaregåande skulane er godt dokumentert i høyringsutkastet – basert på eit desentralisert tilbod.

Det er påvist fleire gonger at læraren er viktigaste faktor for læring og Dale vgs har til no ikkje hatt rekrutteringsproblem til staben fordi ungdom vil heim att etter fullført utdanning.

Det er i praksis ingen skilnad på små og litt større skular, så argumentet om at store fagmiljø er så viktig, har ingen relevans når det gjeld læringsmiljøet.

Derimot er det eit stort eksperiment å sentralisere vidaregåande opplæring slik at heile ungdomskull vert hybelbuarar.

Mange er raske med å setje likheitsteikn mellom kvalitet og større einingar. Når vart kvantitet ein garanti for kvalitet? Ofte ser ein motsett effekt. Det er vanskeleg å gje ein god definisjon av kvalitet i skulen, men karakterar, eksamensresultat og gjennomføringsgrad er viktig -og nettopp her skårar skulane i SFJ høgt. Den spreidde busetnaden og dei lange avstandane kombinert med dårleg infrastruktur føreset at fylket opprettheld små einingar. At andre og meir tettbygde område vel å satse på større og færre skular kan ikkje vere ein mal for Sogn og Fjordane. Eit bykart passar ikkje til terrenget i eit utkantfylke som vårt.

Generelle merknader til konsekvensutgreiinga

Det vedlagde faktaarket om skulen inneheld feil tal, både feil i tal elevar og tal tilsette i leiinga.

Konsekvensar av hybelbuing (Kap. 5.1.2)

Konsekvensutgreiinga underkommuniserer dei negative verknadene av hybelbuing. Dette gjeld først og fremst risikoen for fråfall. I ei undersøking utført av NIFU, som også er nytta som grunnlag i utgreiinga, står det: «

Vi ser en tydelig sammenheng mellom det å bo på hybel og det å slutte, andelen stayere var lavere blant de som bodde på hybel enn blant de som ikke gjorde det

» 1 . Dette er etter vårt syn ein utvitydig konklusjon på den forskinga som vart gjort i dei sju 1 NIFU STEP Skriftserie 6/2005 s. 100 5

austlandsfylka. Men i samandraget i utgreiinga vert det derimot hevda at «

tilgjengelig forsking ikkje [gir] grunnlag for å seie at hybellivet i seg sjølv fører til at elevar avbryt vidaregåande utdanning

»

(s. 57). Vi meiner at der er ein tydelegare samanheng enn det utgreiinga konkluderer med.

Dei psykososiale verknadene som det vert vist til i utgreiinga, vert oppsummert slik: «Samstundes kan det å bu på hybel vere utfordrande for enkeltelevar. Det er difor vanskeleg å seie noko om konsekvensane av ein auke i tal elevar som bur på hybel som følgje av ny organisering.» I omtalen av forskingsmaterialet som er nemnt s. 55 i utgreiinga 2 står det: «Forsking viser at det å bu på hybel kan føre til auka risiko på nokre område, mellom anna fråvær og auka alkoholbruk. Jenter som bur på hybel har lettare for å utvikle psykiske problem.» Dette viser at det i utgreiinga ikkje er godt nok samsvar mellom oppsummering og det materialet som oppsummeringa byggjer på, og samla sett kjem dei negative verknadene av hybelbuing for dårleg fram. Også dei økonomiske verknadene for hybelelevane og deira føresette er meir negative enn det som kjem fram i rapporten. I konsekvensutgreiinga (s. 57) viser ein til dagens hybelprisar og reknar ut ein snittpris som til dels samsvarar med bortebuarstipendet. Dersom fleire må bu på hybel, t. d. ved at skular på mindre stader vert lagde ned, vil dei lågaste prisane falle bort, press vil føre til at prisane generelt går opp og snittprisen vil auke betydeleg. Negative sider ved ein hybelsituasjon er ikkje teke opp. Fleire hybelbuarar vil gjere situasjonen vanskelegare i eit allereie pressa hybelmiljø. «Dette er ikkje noko problem» melder dei vidaregåande skulane, i følgje konsekvensutgreiinga (s. 56). Kva skular dette er, og på kva grunnlag dei kan føreseie dette, kjem ikkje fram.

Konsekvensar for lokalmiljø (Kap. 5.3)

Om konsekvensar av endra organisering med skulenedlegging står det oppsummert i konsekvensutgreiinga: «Det er vanskeleg å skulle seie noko sikkert om konsekvensar utan å gjere analyser av ei konkret skulenedlegging.» Dette kan vere rett, men det kan også mistydast og tolkast som om det ikkje finst forsking på verknader av skulenedlegging. Utgreiinga viser s. 65 til masteroppgåva til Cecilie Njøs som vert presentert som «Eitt unntak frå den manglande forskinga».

Her er det konkret forska på m. a. Dale og Høyanger, og det kjem tydeleg fram at for desse lokalsamfunna vert det klart negative konsekvensar for elevar, kommune, næringsliv og brukarar av fritidsaktivitetar. Også her kan ein hevde av oppsummeringa er for svak når det gjeld å vise til negative effektar.

Dessutan bør utgreiinga i større grad ha som utgangspunkt at Sogn og Fjordane er eit fylke med generelt spreidd busetjing. Visjonane bør då i større grad peike mot mogelegheitene dei vidaregåande skulane kan ha for å vere aktive regionale utviklingsaktørar, og bidra til å skape levande lokalsamfunn og vekst i fylket.

I staden vert utgreiinga for negativ når det gjeld å ta vare på ein desentralisert skulestruktur, og for optimistisk i forhold til store einingar. Dette er eit kjernepunkt for å oppretthalde HAFS-skulen, Dale vgs.

2 Wannebo, Wenche (2005) 6

Tilpassa opplæring og Oppfølgingstenesta (Kap. 2.4.3)

Konsekvensane av skulenedlegging for elevar med spesielle behov er ikkje tilstrekkeleg vurdert i konsekvensutgreiinga. Dale vgs har fleire elevar som ikkje vil ha eit reelt vidaregåande skuletilbod dersom skulen forsvinn frå lokalområdet. Desse elevane er ikkje i stand til å ta bussen kvar dag, kan ikkje bu på hybel og vil dermed vere avhengig av eit anna opplegg i lokalmiljøet. Det betyr at desse ungdomane ikkje får oppfylt retten til vidaregåande utdanning. Oppfølgingstenesta i fylket er desentralisert og i HAFS når OT fram til all utsett ungdom som treng ekstra hjelp og oppfølging på individnivå gjennom eit utstrekt samarbeid med HAFS barnevern, PPT, NAV-kontora og kommunal psykiatriteneste. Vi viser til fellesfråsegn frå Oppfølgingstenesta i fylket. Dersom ein sentraliserer denne tenesta meir, vert det langt meir utfordrande å nå alle som treng hjelp og oppfølging på individnivå. Tett oppfølging og god kontakt med føresette sikrar auka gjennomføring og sparer storsamfunnet for store utgifter. Dale vgs har eit omfattande samarbeid med grunnskulane i HAFS (10 skular) som byggjer på mange års erfaring. Dette gjeld karrieremesser, hospitering, næringsreiser, omreisande rådgjeving, spesialpedagogiske og faglege samlingar både på lærar- og leiarnivå. Ein vidaregåande skule utanfor HAFS vil ikkje kunne vidareføre dette grundige arbeidet. Også foreldresamarbeidet er utstrekt og viktig for Dale vgs. Vi fryktar fleire avbrot og ser at nokre kan kome i ein situasjon der dei ikkje vil ta vidaregåande opplæring i det heile dersom dei må lenger vekk for å gå på skule. Alle ungdomar har i dag rett til opplæring, dette gjeld og dei ungdomane som treng ekstra støtte og hjelp til å meistre kvardagen. Dale vgs har lange tradisjonar på å gje desse ungdomane ein veg vidare i samarbeid med aktørar i lokalsamfunnet. I dag har fleire av desse ein aktiv kvardag, ei aktiv fritid der dei bidreg med sine ressursar. I konsekvensutgreiinga er desse elevane ikkje tekne med, det er nemnt at for denne gruppe elevar vert det vurdert kjøp av tenester i kommunane. Å flytte på desse elevane, til døgninstitusjonar i ein annan kommune, utan nettverk og familie vil koste storsamfunnet dyrt. Skal dei bu att heime utan ein vidaregåande skule som ser dei og fylgjer dei på vegen vil denne gruppa og vere eit tilbod fattigare.

Skuleskyss og rutetilbod (Kap 3.2)

I andre delar av fylket ser det ut til å vere ei utbreidd oppfatning at ein stor del av elevane ved Dale vgs bur i Dale sentrum og har akseptabel dagpendlaravstand til og frå vidaregåande skule i Førde. Det stemmer ikkje. Inneverande skuleår er det berre 35 av 168 elevar som har postadresse Dale. Nokre av desse bur ikkje i Dale sentrum, men på Strand, i Vassdalen eller i Longehogen og må køyrast til Firda billag for å ta ein eventuell skulebuss til Førde. I dei 35 elevane er også elevar med spesielle behov medrekna. Dette viser at det kjem til å bli langt over 100 nye hybelbuarar i Førde om skulen i Dale vert teken vekk. 7

Det høyrer også med i vurderinga at vegstandarden på fylkesveg 57 er av dei aller dårlegaste i fylket, noko som gjer reisa ubehageleg og unødvendig lang. Så lenge vegstandarden er så elendig, er dagpendling i realiteten uakseptabelt og uaktuelt på strekninga Dale-Førde. Med helsing Dale vidaregåande skule 8

Uttale frå elevrådet ved Dale vgs

Elevane ved Dale vidaregåande skule er svært opptekne av å få behalde skulen for framtida. Vi trivst på skulen og kvaliteten på undervisninga er høg. For å skape blest om skulen arrangerte vi i vinter ein underskriftsaksjon

. På kort tid fekk vi inn nesten 1000 underskrifter som fylkesrådmannen har fått overlevert

. I tillegg fekk vi mange støtteerklæringar på kor viktig det er for HAFS at skulen består også i framtida. Vi håper at fylkesrådmannen tek desse underskriftene til følgje i det vidare arbeidet med skulebruksplanen. Elevrådet vil også poengtere kor viktig det er at ikkje alle ungdommane i HAFS må flytte på hybel som 16-åringar. Det er ikkje ei framtid vi ynskjer for småsøskena våre. Vi sluttar oss elles til den felles høyringsuttalen som kjem frå skulen. For elevrådet ved Dale vidaregåande skule Valgjerd Arstein Elevrådsleiar 9