0914 - Kjolsdalen.no

Download Report

Transcript 0914 - Kjolsdalen.no

TAVLA
Årgang 38
Nummer 9
September 2014
Bygdeavis for Kjølsdalen krins
FRIST NESTE TAVLE:
Utgjevar:
Kjølsdalen
Ungdomslag
«STRIKKE-KAFÉ»
1. OKTOBER
Vi startar opp igjen i Samfunnshuset - Faleidestova –
Stoff kan sendast til
Dianne Eikås,
tlf. 57 86 31 71 / 918 41 657 eller
e-post: [email protected]
ONSDAG 24. SEPTEMBER
klokka 19.30 – 21.30
Ta med strikketøy eller anna handarbeid og møt opp …
Enkel servering med kaffi og te.
^^^
Støtte til drift av TAVLA:
Kontonr 3790 21 11981.
Merk giroen med Tavla.
Bur du utanbygdes og ønskjer å
vere e-post mottakar av TAVLA
Send e-post adressa di til
[email protected]
GUDSTENESTER
KJØLSDALEN KYRKJE
14, september klokka 11.00
Hausttakkefest
28, september klokka 11.00
ALLE ER HJERTELEG VELKOMNE!
Bygdekvinnelaget
VOLLEYBALLTURNERING MED 4H
.
Eid 4H nemnd held sin årlege volleyballturnering på
Stårheim skule – torsdag 11. september - klokka 16.00 og utover …
Trekløveret 4H stiller med eit eller fleire lag,
alt etter kormange som vil spele – dei andre kan vere heiagjeng!
Alle er velkomne til å vere med – (ein ordnar køyring sjølve)!
Der vert kiosk med pølser/brød, snop og brus!
Eid 4H-nemnd / Trekløveret 4H
Soknerådet
YNGRES
.Det er tid for Yngres igjen! Vi startar opp i Kjølsdalen bedehus
KJØLSDALEN
SANITETSFOREINING
Medlemsmøte
på Naustloftet til Margun
tysdag 9.september kl.19.00.
Kaffi og åresalg
Vel møtt
onsdag 10.september kl 1700.
Alle frå 5 år (f.2009) og opp til 7.klasse er hjarteleg velkomne.
Yngres er slutt kl 1830.
Yngres har ein medlemskontingent på kr.50.- pr. skuleår. Denne
kan betalast på eit møte før jul.
Det er Yngres desse onsdagane hausten 2014:
10.september 24.september 22.oktober
5.november 19.november 3.desember
For styret
Oddrun Erviksæter
Kjølsdalen Normisjon og Kjølsdalen Sokneråd
VINDFYLLA SPELEMANNSLAG – 30 ÅR
22. september er det 30 år sidan Vindfylla Spelemannslag vart stifta.
Laget ønskjer å markere dette i lag med noverande og tidlegare medlemmar av laget.
Styret i Vindfylla har sett av
3. juledag (laurdag 27. desember) til jubileumsfest i Grendahuset på Haus.
Det vert sendt ut informasjon om jubileumsfesten i haust, men sett av datoen først som sist!
Styret i Vindfylla Spelemannslag
.
SKULEMSUIKKEN HAR FLASKEINNSAMLING
Vi planlegg flaskeinnsamling
MÅNDAG 13 OKTOBER - frå kl 16.00 og utover.
Er det nokon som vil levere flasker til andre tiderta kontakt med Åse Sundal mob 90199767 :)
På førehand tusen takk!
Helsing Skulemusikken
.
4H-LODDSAL
Komande veke vil 4H-arane selje 4H-skarpelodd i Kjølsdalen.
Som tidlegare år vil dei som kjøper 5 lodd, vil få eit ekstralodd i
Trekløvet 4H sitt kakelotteri!!
TA VEL IMOT LODDSELJARANE VÅRE.
Trekløveret 4H
.
Ut på tur i september …
-vi møtest på Naturmøteplassen!!
FELEUNDERVISNING FOR 1.-3. TRINN
Endeleg har samarbeidet mellom skulen og Vindfylla Spelemannslag komen i gang.
Fredag 29. august sette 18 born i alderen 6-8 år seg ned med kvar sin fele. Den timeslange økta inneheldt klimpring, marsjering og speling. 4 songar vart innøvd med stor
innleving.
Vi ser fram til mykje spennande i framtida.
SKULEKONSERT MED FELESPELAR I VERDSKLASSE
Tysdag 9. september kl. 13.00 vert det konsert i regi av "Den Kulturelle Skulesekken" i gymsalen på skulen.
Det er den kjende fiolinisten Daisy Jopling som kjem på besøk med sin blanding av klassiske feletonar og rocka
uttrykk.
Elevar og tilsette (...) vil vere aktivt med på delar av konserten.
Det er mogleg for interesserte å kome på konserten, og ta del i den stemninga som utviklar seg på slike
arrangement.
TAKK TIL ARBEIDSKRAFT
Ønskjer å takke STORT dei som i sommar og tidleg haust har gitt skulen i form av uvurderlig arbeidskraft.
Synnøve, Lars Frode, Sissel, Bjørn, Ole Reinhardt, Knut og Kirsti som fekk lysna opp inngangen
og den lange gangen inn forbi Vrimlearealet.
Kirsten, Kirsten og Janne for blanke golvflater og god opplæring på Simona.
Grasflekkene rundt skulen har vorte halden kortklipte ved hjelp av Lars Erik.
NY TILSETT VED SFO
Alexander takkar diverre av som ansvarleg for SFO og trygg assistent i skulen. Vi er veldig glade for å ha hatt
Alexander i kollegiet vårt eit drøyt år, og ønskjer han lykke til med framtida si på Austlandet.
Vi er samtidig glade for å ha knytt til oss Monika, som tek over drifta av SFO og som kjem til å vere assistent i
skulen, med mellom anna hovudansvar for skulekjøken framover.
Pr. i dag er vi 10 tilsette ved Kjølsdalen Montessoriskule. Dette kan styret vere stolte av som har fått til.
HENDIG OG VILLIG?
Om du har vore borti verkty ein vinternatt før? Veit du kva stendarar, lekter, himling,
ventilasjon, skrusikring, tåstøyt eller forskjellen på ulike pakningar er for noko? Har du
innimellom tid og lyst slik at den flotte skulen i Kjølsdalen held seg like godt vedlikehalden,
så har du 2 val:
Ta kontakt med rektor. Han har "å gjere"-liste og klør i innkjøpsfingra slik at naudsynt
materiell kjem på plass.
Prat med nokon andre som er i same bås som deg. Kan hende kan de få i gang ein liten gjeng med gode folk
som kan sjå litt på ting i lag. Gjerne med ein kaffikopp "attemed".
Thomas Hals
Bygdekinoen
KJØLSDALEN SAMFUNNSHUS - ONSDAG 4. JUNI
Kl 18:00 KAPTEIN SABELTANN
- OG SKATTEN I LAMA RAMA
Aldersgrense:
"Kaptein Sabeltann og Skatten i Lama Rama" er et storslått
action-eventyr, spekket med humor og spenning.
Vi føljer den foreldrelause Pinky på ei spennande reise frå Abra Havn til det
legendariske kongeriket Lama Rama, der dei møter den lattermilde Kong
Rufus og den skumle broren, Prins Badal. På vegen må Kaptein Sabeltann og
hans menn kjempe mot den pill rotne vikingpiraten Bjørn Barsk og båt-tjuvane.
Med heltemodig innsats frå mannskapet, Pinky og Ravn opplever sjørøverane
eit eventyr dei seint vil gløyme!! Men vil Kaptein Sabeltann finne skatten, og
finn Pinky svaret på kven som er pappaen hans?"
epletrehø
Kl 20:00 JAKTEN PÅ BERLUSCONI
Aldersgrense: 11år.
smålubne travkusk
Bjarte Lem får ikkje lenger dei gode hestane og må i desperasjon ty til
fusk for å betale dene stor gjelda. Eit mislukka dopingforsøk endar med
kidnapping av premiehingsten Berlusconi og jakta er i gang…
Trekløveret 4H
Tid å hausta inn …
Desse milde soldagane i september.
Tid å hausta inn. Enno er det tuvor
med tytebær i skogen, njupone rodnar
langs steingardane, netene losnar,
og svarte klasar av bjønnbær skin i kjerri,
trasti leitar etter dei siste vinbæri,
og kvefsen syg ut dei søte plomone.
I kveldingi set eg stigen burt og hengjer
laupen frå meg i skuret. Skrinne bredar
har alt ei tunn breidsle av nysnø.
Etter eg er lagd, høyrer eg dunk av brislingfiskarane,
dei gjeng ut. All natti veit eg dei glid
med sterke ljoskastarar og leitar yver fjorden.
Olav H. Hauge. - Spør vinden. 1971-
Utgjevar: Kjølsdalen Ungdomslag - 6776 Kjølsdalen