DU VERT MED DETTE INVITERT TIL BETAKURS

Download Report

Transcript DU VERT MED DETTE INVITERT TIL BETAKURS

DU VERT MED DETTE INVITERT
TIL BETAKURS VINTEREN 2015.
SLIK ER EIN BETA-KVELD:
Kl. 1930 Kveldsmat
Alle kveldane startar med eit måltid. Det er godt
å ete saman og det gjer det lettare å verte kjend
med nye. Og maten smakar godt i godt lag!
Kl. 2000 Humor.
Smilet og latteren er gitt oss av Gud.
Ein god latter forlenger livet…(?)
I alle fall gjer det godt å få le litt!
Kl. 2007 Lovsongsavdeling
På dette kurset har vi eige Lovsongsteam med
profesjonelle musikarar: Asbjørn Eikenæs, Tor
Olav Heldal, Lars Helge Hopland m.fl.
Salmeboka 2013 har mange kjende og ukjende
perler som vi skal bli betre kjende med!.
Kl. 2020 Undervisning og praktisering
Beta-undervisninga gjev kunnskap i aktuelle
bibelske tema i møte med vår tid. I år vil vi ta
for oss deler av Johannesevangeliet: Vi ynskjer
å gje aktuell bibelkunnskap og bli betre kjend
med hovudpersonen i evangelia!
Kl. 2105 Over kaffikoppen rundt borda:
Vi deler tanker om kveldens tema.
Kl. 2140 Avslutning
Sams avslutning med velsigningssong og Fader
Vår.
Torsdag 22. januar :
Johannesevangeliet som vitnemål og
dei første vitna. Joh.kap..1.
v/Rolf Schanke Eikum
Merk:
Kurset vert på Eid kyrkjetun dei
nemnde torsdagane frå kl. 1930 til ca.
21.35. (Ikkje 19.febr,)
Torsdag 29. januar: Kristen trosykdomsfremkallende eller
helsebringende?
v/psykiater og prest Atle Roness.
TA MED BIBEL eller NT.
Ein fin anledning til å kjøpe seg den
nye Bibelen.
Torsdag 5. februar: Å møte Jesus.
Joh. Kap. 3
v/kateket Beate Folkestad Osdal.
Torsdag 12.februar: Teikn til tru.
Teiknforteljingane med fokus på Joh.
2.1-12 og 4.43-54.
v/seniorprest Sigurd Vengen.
Torsdag 26. februar: Jesus og Peter.
Om kall, oppdrag og etterfølging.
Joh. 21.15-19.
v/sokneprest Carsten Mrusek
INVITER MED DEG FLEIRE TIL
EIT SPANANDE BIBEL- OG
BETA-KURS.
REISEBØN:
Gud breie sin fred omkring deg,
Gud vare deg på din veg,
Og fri deg frå det vonde,
og frå alle farar.
Gud sende sin englehær
og omgje deg på alle sider.
Kristus vere med deg der du vandrar.
Kva er eit BETA - kurs?
Beta er bokstaven etter alfa (a) i det greske
alfabetet. Kurset er eit kurs i praktisk kristendom
som legg vinn på både kunnskap om den kristne
trua og hjelp til å praktisere trua. Kurset høver
og godt for dei som ikkje har Alpha- eller Beta kurs frå før, då det er eit nytt sjølvstendig kurs.
KVIFOR BØR DU DELTA?
Vi treng alle å lære meir om vår kristne tru og
få hjelp til å praktisere trua i kvardagen og vere
med i det kristne fellesskapet. Om dei første
kristne står det:
Dei heldt seg trufast til læra åt apostlane, til
fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.(Apgj.
2.42).
Inviter gjerne med deg nokon som du ynskjer
å ha med deg!
TRENG DU SKYSS?
Vi vil prøve å samordne skyss frå dei ulike
bygdelaga slik at ein både sparer miljøet og
skaper eit godt miljø i bilen!
KORLEIS MELDE SEG PÅ?
Ring Eid kyrkjekontor tlf. 57861755 eller
Rolf tlf. 97505015 eller skriv til
Kyrkjekontoret Pb. 5, 6771 Nordfjordeid,
e-post: [email protected]
PÅMELDINGSFRIST:
INNAN Måndag 19. JANUAR
2015.
TIL EIN PRIS DU HAR RÅD TIL:
Kurset kostar kr. 200 som dekker
både mat, kurspengar og husleige!
BETA-kurset vinteren 2015 har ei
leiargruppe med:
Asbjørn Eikenæs (leiar), Carsten
Mrusek,, Tor Olav Heldal, Randi
Heggheim, Reidun Borgestrand,
Aslaug Liabø Balsnes, Lars Helge
Lillebø Hopland, Aud Sissel Berstad
Dolve, Rolf Schanke Eikum (sekr.).
TRENG DU MEIR
INFORMASJON?
Kontakt Rolf på tlf. 57861755 eller
97505015.
Arrangørar:
Sokneråda i Eid, Stårheim og
Kjølsdalen.
Normisjonsforeiningane i Eid, Lote,
Haugen, Stårheim og Kjølsdalen.
Sjå og heimesida til Eid kyrkje:
www.eid.kyrkja.no
BETA-KURS
VINTEREN
2015
HOVUD
TANKAR
I
JOHANNES
EVANGELIET
TORSDAGANE
22. JANUAR –
26.FEBRUAR
2015
KL. 1930
STAD:
EID KYRKJETUN