Firda vidaregåande skule - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Download Report

Transcript Firda vidaregåande skule - Sogn og Fjordane fylkeskommune

1
Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane.
Høyringsfråsegn frå Firda vgs
I høyringsutkastet av 19. februar 2013 er det skissert åtte alternative modellar for framtidig
organisering av vidaregåande opplæring i fylket. I alle åtte modellane har Firda tilbod innan
programområda idrett (ID), medium og kommunikasjon (MK) og musikk, dans, drama
(MDD). Dei tre programområda vil vere fylkes- eller regionsdekkande m.o.t. elevsøknaden.
Firda vgs er altså ein fylkesskule i alle modellane. I fire av modellane har skulen tilbod om
studiespesialiserande (STSP), berre i to modellar er skulen tiltenkt helse- og omsorgsfag
(HO).
Firda har både fagmiljø, nettverk og bygningar som gjer at skulen kan gje fylkesdekkande
tilbod slik det er skissert i modellane. Men for skulen – og dermed også for elevane – vil
tilbodet og kvaliteten på opplæringa verte ringare utan studiespesialiserande. Vårt primære
ønske er at skulen får eit tilbod i samsvar med modell fire – med tillegg av HO.
Argumentasjonen for eit slikt opplæringstilbod på Firda har litt ulikt innhald for dei ulike
programområda.
Rektorane ved dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord er samde om følgjande:
Totalt sett trur vi at ein desentralisert skulestruktur vil gje det beste tilbodet til ungdom
i fylket. Med dette som utgangspunkt meiner vi at det er rom for 4 vidaregåande skular
i Nordfjord. Søkjartala 1.mars viser at skulane i Nordfjord stort sett har god søknad.
Tala viser og at det er god balanse mellom elevtal og elevplassar i Nordfjord.
Det er og avgjerande viktig for framtida til den enkelte av dei 4 skulane at dei alle har
studiespesialiserande utdanningsprogram. Både Norconsult-rapporten og
høyringsutkastet seier klart at dei skulane som ikkje har studiespesialiserande, vil ha
eit svakare grunnlag og dei vil snart kunne bli B-skular. I delrapport 8 s.26 vert det
dessutan konkludert med at ein vil kunne få eit tilstrekkeleg tilbod gjennom ein
desentralisert modell, der fleire skular tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram.
Oppsummering av Firda vgs sitt høyringssvar
Hovudpoenga i denne fråsegna er følgjande:
-
-
-
Firda har godt utbygde rutinar for å ta imot og skape eit godt miljø for hybelbuarar, og
det er ikkje spesielt stort fråfall hos denne gruppa
Firda har gjennom sine elevar gjort mykje for omdømme- og identitetsbygging for
heile Sogn og Fjordane
Firda har tre faglege kompetansesenter som bidreg til kompetanse- og
nettverksbygging i heile fylket
Samarbeidet mellom fylkeskommunen og kommunen gjennom Trivselshagen IKS har
gjeve Firda vgs og Gloppen / Nordfjord det mest komplette idrettsanlegget i Sogn og
Fjordane
Kvalitet: Firda vgs har arbeidt målmedvite med alle dei tre kjenneteikna på kvalitet i
opplæringa – også danning
Søknaden til Firda viser at elevar frå heile fylket vel å ta utdanninga si på denne
skulen. I praksis er skulen ein fylkesskule, med elevar frå alle kommunane i Sogn og
Fjordane
Å behalde studiespesialiserande er ein styrke for alle programområda
2
-
Eit utdanningstilbod innan Helse- og omsorgsfag dekker eit sterkt og aukande behov i
heile fylket
Både ID, MK og MDD gjev studiekompetanse.
Skulen vil vurdere alternative måtar å organisere undervisninga på for å oppnå
økonomisk innsparing
Geografisk er Firda vgs lokalisert svært sentralt i Sogn og Fjordane, og er den største
vgs i Nordfjord, fjerde største i fylket
Næring, kultur og organisasjonsliv: Elevar frå programområda MDD, ID og MK har
fått med seg kunnskap som kjem mange lokalmiljø til gode seinare, td som
instruktørar, musikarar og arrangørar
Balanse mellom elevtal og tal elevplassar i ulike delar av fylket
Geografien gjer at det er krevjande å få til ei lik fordeling av elevplassar i forhold til elevtal i
fylket. Balanse mellom elevtal og elevplassar kan bli eit spørsmål om geografi og
lokalsamfunn opp mot elevane sine ønske. Vi ser t.d. at det er svært mange ungdommar som
etter ei streng regioninndeling høyrer til i Sunnfjord, men som har førsteønske å gå på skule i
Nordfjord. Dette kjem tydeleg fram i primærsøkjartalet for skuleåret 2013-14. I
konsekvensutgreiingsrapporten står det at det er for få elevplassar i Sunnfjord. Etter fyrste
opptaket for komande skuleår er det færrast ledige plassar i Nordfjord. For sterkt fokus på
balanse mellom elevtal og tal elevplassar i ulike delar av fylket vil kunne gå utover elevane
sin valfridom. Vi trur ikkje at ei streng inndeling av fylket i mindre regionar vil tene
skuleslaget og elevane. Vi er opptekne av fylkesperspektivet, og Firda ynskjer å vere ein skule
for ungdom frå heile fylket.
Skuleåret 2012/13 har Firda vgs elevar frå alle kommunane i Sogn og Fjordane. Dette har
sjølvsagt samanheng med det fagtilbodet skulen har (m.a. einaste MDD-tilbod i fylket), men
også med geografi (Firda er sentralt plassert i fylket), tradisjonar og omdømme som god
skulestad.
Det er umogeleg å tilby alle utdanningsprogram i alle regionar (Jf kap. 5 s.60). Det er ikkje
unaturleg at Firda med si sentrale geografiske plassering og sine lange tradisjonar med å ta
vare på hybelbuarar har fylkes- og regiondekkande tilbod.
Anlegg
Eit av måla med skulebruksplanen er å vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune kan
utnytte bygg og eigedommar mest mogeleg kostnadseffektivt (sak 48/12 – Fylkesutvalet
23.05.12). På Sandane har fylket eit fantastisk anlegg, utvikla gjennom samarbeidet med
kommunen om Trivselshagen IKS. Her er det dei siste åra investert for ca 290 millionar
kroner. Anlegget er svært godt tilpassa modellen som vi ynskjer for Firda. I dette anlegget er
det blant anna spesialrom for musikk, dans og drama. Her er 2 dramasalar, kultursal, 2
dansesalar med spesialkonstruert golv og mange særleg tilpassa øvingsrom for musikk.
Medium og kommunikasjon har og si avdeling med spesialtilpassa klasserom og mykje
spesialutstyr.
Idrettsdelen av Trivselshagen er enno ikkje ferdig. Siste byggesteg vert klart til bruk i oktober
2013. Med dette bygget på plass har skulen truleg det mest komplette anlegget for idrett i
fylket. Her er nytt badeanlegg med 25 meters basseng, stupetårn, velvære-basseng og sklie.
Her er fylkets einaste spesiallaga turnhall, eige treningssenter, klatrevegg med 15 meter høgde
og eige buldreavdeling, sprintbane, lengdegrop, kastanlegg. Anlegget får ei stor
aktivitetsflate: 40x60 meter. Ser ein dette arealet i lag med den gamle Firdahallen, får vi ein
3
fantastisk kapasitet til ulike idrettar. Det vert 4 handballbaner + ei konkurransebane, 8
basketballbaner, 12 volleyballbaner, 7 badmintonbaner og 2 tennisbaner. I tillegg har vi
tilgang til Sandane stadion med løpebane og grasmatte, og vi har tilgang til STIL si
kunstgrasbane.
Skulen har kort veg til skisenteret på Kleivane og til Utvikfjellet. I tillegg er skulen plassert i
eit område med svært variert og flott natur. Det er kort veg til bre, hav, fjord, elvar, fjell,
fiskevatn, jaktområde. Fylkets beste treningsfelt for klatring finn vi på Sagefloten. Vi er og i
starten av eit tettare samarbeid med Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen på Vereide.
Dette samarbeidet vil gje ungdom på Firda eit endå breiare tilbod innafor idrettsfag og
friluftsliv. Firda har med andre ord gode føresetnader for å ha to parallellar i idrettsfag, slik
det er skissert i modell 4. Anlegga her har god kapasitet.
Resten av skuleanlegget er godt vedlikehalde gjennom mange år, og det er små investeringar
som skal til for at skulen skal vere rusta til å ta på seg dei føreslegne utdanningsprogramma. Å
satse på Firda i framtida vil vere ei god utnytting av dei eigedommane og anlegga som
fylkeskommunen har på Sandane.
Kvalitet
Ønskt situasjon for den vidaregåande skulen innan 2015 er blant anna å få ei opplæring med
høg kvalitet. (Kap 1.2 s.4.). Kriteria for kvalitet i perioden 2012-15 er definerte i mål- og
strategidokumentet God-betre-best: læringsutbytte, gjennomføring og danning. På Firda har vi
jobba målretta med desse kriteria for å betre kvaliteten på opplæringa. Vi meiner vi langt på
veg når måla. Her er svært gode resultat ved skulen, høg gjennomførings-grad og vi har hatt
eit bevisst arbeid med danning gjennom danningskonferanse, temadagar, allmøte og fokus på
danning i fag og undervisning.
Firda: Meir enn ein skule - Hybelbuarar og miljøtiltak
Firda vgs, Gloppen kommune og lokalsamfunnet elles har 90 års erfaring med å ta i mot,
legge til rette for og ta vare på hybelbuarar.
Skuleåret 2012-13 er 204 av elevane på Firda hybelbuarar. Tilbakemeldingane frå
hybelbuarane er gode. Det viser og tala for fråfall. Skuleåret 2011-12 var fråfallet blant
hybelbuarane på 2,4% og 2,9% blant heimebuarane. Det seier noko om at hybelbuarane på
Firda i hovudsak klarer seg godt. (Vi viser Norconsult sin rapport 3.5.10, s. 41 og til
høyringsdokumentet pkt 5.12 s.55).
Når Elevundersøkinga viser at elevane på Firda trivest svært godt, har det ma samanheng med
Open skule. Sidan 2001 har dette vore ein sosial møteplass og ein utvida læringsarena for
elevane på skulen, særleg med fokus på hybelbuarane (ca. 60% av elevflokken). Konkret
betyr det at heile skulen er open på kveldstid 3 kveldar i veka. Kjernemøteplassen er likevel
Open skule sine lokalitetar - heile kjellaren i skulen sitt eldste bygg, med den gamle kantina
som midtpunkt.
Tilbodet er i hovudsak gratis, det er eit lågterskel-tilbod der elevane kan vere utan å måtte
prestere noko. Ein svært viktig suksessfaktor er mat. Det blir servert heimelaga middag ein
gong pr. veke for ein billeg penge, og det er gratis kveldsmat ein dag i veka. Alle gebursdagar
til elevane på skulen blir markert 1 gong i månaden. I tillegg har elevane tilgang til
vaskemaskin, tørketrommel, symaskin og strykeutstyr. Elles er her eit svært rikt tilbod av
aktivitetar/spel elevane kan delta i. Open skule er også arrangør eller medarrangør av mange
4
tilskipingar i samarbeid med ulike klasser knytta til fag som til dømes Leiing og instruksjon.
Slik sett vert også Open skule ein opplæringsarena. Open skule har tilbod om leksehjelp på
kveldstid.
Det er tilsett miljøkoordinator som arbeider om kveldane, og det at elevane møter ein
vaksenperson på kveldstid meiner vi er tryggleikskapande. Open skule er elevstyrt, i lag med
miljøkoordinator, rådgjevar og utviklingsleiar.
Open skule er det mest omfangsrike enkelttiltaket i forhold til hybelbuarane våre, men vi har
også andre viktig tiltak retta mot denne målgruppa; «Velkommen til Gloppen», hybelkurs og
godt samarbeid med hybelvertane. I tillegg arrangerer vi kvar haust i samarbeid med
helsesøster eit kurs i alle vg1klassene som vi kallar «Ungdom og meistring».
Fylkesperspektivet
Høyringsdokumenta har lite om nedleggingar / strukturendringar sine konsekvensar for kultur
og kulturliv. Heller ikkje rapporten Når ein vidaregåande skule blir borte seier så mykje om
slike perspektiv. Det er lite forsking på dette området, men noko erfaringsbasert kunnskap har
vi, trass alt. I eit fylkesperspektiv har særleg idrett og musikk bidrege til identitets- og
omdømme-bygging for Sogn og Fjordane. Dans, drama og MK er alle yngre liner, men vi kan
sjå det same der.
Musikk, dans og drama (MDD) er den einaste i Sogn og Fjordane i sitt slag. Musikklina
starta opp så tidleg som i 1978, drama kom til i 2001 og dans starta i 2003.
I alle dei føreslegne modellane ligg elevtalet på MDD på 120, medan det i dag er på 144. Vi
ønskjer å halde på 144 elevplassar som i dag. Sett i lys av Stortingsmelding nr. 20, som
uttrykker behov for auka fordjuping i dei utøvande faga, samt fakta frå Kulturdepartementet
om sysselsetting i kulturnæringane, meiner vi det er eit minimum at utdanningsprogrammet
MDD har 3% av elevmassen i fylket. For dans og drama vil reduksjon i elevplasstalet ikkje
bety nokon økonomisk innsparing, sidan her berre er gruppeundervisning.
Den store breidda for elevane på musikk når det gjeld kva dei kan velje som hovudinstrument,
er mykje takka vere at vi har samarbeid med distriktsmusikargruppa/ Gloppen kulturskule,
begge på Sandane, og kan dra vekslar på deira kompetanse.
Frå musikklina har det kome ei rekke utøvarar som har vore gode ambassadørarar for Sogn og
Fjordane, mellom andre Unni Løvlid, Arve Henriksen, Linda Øvrebø, Kjetil Almenning, Ole
Staveteig, Eva Weel Skram, Helge Sunde.
På dans har enkelte av elevane gått vidare med faget, men dei fleste har valt andre vegar i
høgare utdanning. Eit utval av yrke som elevane har valt er: journalist, lærar, økonom, grafisk
designer, psykolog, dataingeniør og ernæringsfysiolog. Av 65 elevar på drama har 30 tatt
utdanning eller arbeider innafor fagområda drama, teater, lærar, førskulelærar og kunstfag. 58
av 65 har gått vidare på høgare utdanning. Yrkesvala er m.a. jus, arkitekt, økonomi,
utviklingsstudium.
Vi ønskjer også å understreke: kvart år har vi elevar som blir uteksaminert frå Firda som seier
at dei ikkje hadde fått generell studiekompetanse utan at dei gjekk MDD. Det er naudsynt å
merke seg at motivasjon er ein viktig faktor for læring. I dei formative åra frå 16-19 er det
kanskje spesielt viktig. Det er godt å kunne glede seg over skulekvardagen, og motivasjon i
5
MDD-faga kan gjere at ein kjem seg gjennom eit vidaregåande løp ein elles ikkje hadde
meistra pga manglande motivasjon.
Erfaringane som alle elevane på MDD får med seg frå kreativt arbeid, samspel og scenisk
formidling vil dei ha med som ein styrke og ressurs for sin eigen del og for bedrifter dei
seinare kan komme til å arbeide i. MDD-elevane får generell studiekompetanse og kan
utdanne seg vidare til dei fleste yrke, også til legar og ingeniørar viss dei bygger på med
realfag. Tilbod innanfor kulturliv har betydning for tilflytting, trivsel og vekst. Dette utløyser
behov for menneske som kan engasjere seg, både som profesjonelle og som medspelarar i
kulturlivet.
Ved å gå MDD får elevane med ein ballast som er unik. Her får dei både breidde og
fordjuping i programfaga innanfor dei tre programområda. Musikk, dans og drama har
fellesprosjekt som gir elevane høve til samarbeid på tvers av programområda. Felles for slike
prosjekt er prosessar fram imot produkt av høg kvalitet. Av slike produksjonar kan nemnast
Cabaret, Lysistrata og Mowgli. I tillegg samarbeider vi med eksterne profesjonelle aktørar
som Sogn og Fjordane Symfoniorkester (Carmina Burana), Opera Nordfjord (Messias og
Verdis Requiem).
Elevane lærer å arbeide tett på kvarandre, utvikle gode samarbeidsevner, og å leie aktivitetar.
Dette er viktig i eit entreprenørskapsperspektiv. Elevane kan på denne måten bli viktige
bidragsytarar til kulturarbeidet i trivselsfylket etter endt utdanning.
Firda vgs har dei siste åra vore ressursskule for Den kulturelle skulesekken i Sogn og
Fjordane. Skulen har vore engasjert i utarbeiding av pedagogiske opplegg for turnear og halde
kurs (som har vore relevante) for lærarar frå heile fylket
Kvifor må musikk, dans og drama være samlokalisert på ein skule? Firda vgs har lærarar med
spisskompetanse på kvart av felta. Vi oppnår nødvendige synergieffektar gjennom denne
samlokaliseringa som er svært viktig for å ha eit robust fagmiljø og for å drive
kunstfagundervisning av høg kvalitet.
Idrettslinja på Firda er den eldste i fylket, med oppstart i 1979, og har våren 2013 størst
søknad av idrettslinjene; 45 søkjarar til 30 plassar. Ei oppteljing viser at elevar frå Firda har
tatt 244 medaljar i internasjonale og nasjonale meisterskap, og rekruttert til mange
toppstillingar og funksjonar innan norsk idrett. Blant dei mange som har gått på Firda og blitt
gode ambassadørar for Sogn og Fjordane nemner vi Odd-Bjørn Hjelmeseth, Morten Aa
Djupvik og Roar Hjelmeseth (landslagstrenarar i langrenn), Kristin Felde (tidlegare
generalsekretær i skiforbundet og dagleg leiar i Olympiatoppen), Trude Raad (2 nominasjonar
til Idrettsgallaen), og June Andenæs (topputøvar handball).
Typisk for idrettstilbodet på Firda er satsinga på både breidde og topp med toppidrettssatsing i
fotball, volleyball, handball, friidrett, turn og vektløfting i tett samarbeid med GHK, GFIL,
STIL, BBIL, Fjellhug/Vereide, Hyen, Brodd, Idrettssenteret i Sogndal og Region Vest
handball. Samtidig har skulen stor breidde i tilbodet til elevane: Fridrett, vektløfting, ski,
klatring, handball, fotball, volleyball, turn, symjing. Det tette og nære samarbeidet med
idrettslaga er forankra i partnarskapsavtalar.
Utanom skuletid har elevane eit breidt og ope treningstilbod, både innan særidrett, men også
innan basistrening. Dette er eit unikt tilbod på tvers av idrettar, alder, kjønn og nivå. To dagar
6
i veka har elevane tilbod om trening før frukost i regi av idrettslaga. Etter trening, før
skuledagen startar vert det servert frukost, organisert av idrettslaga. Vi samarbeider no med
idretten om ei ny satsing der vi skal gje eleven eit tilbod med trening, mat, leksehjelp og
undervisning gjennom ein heil dag. Dette er særleg retta mot hybelbuarar, men heimebuarar
vil og kunne ta del i tilbodet.
Våre elevar står for 1000 instruksjonstimar kvart år ute i idrettslaga og bidreg sterkt til det
mangfaldige idrettstilbodet i kommunen. Spekteret går frå barnehage, idrettslag, aktivitetar for
funksjonshemma til eldretrim. Av tidlegare elevar som har valt trenar/leiar-utdanning er Svein
Erik Midthjell – assistentdommar i Champion League
Sidan 1951 har skulen arrangert Firdastafett, nest eldste arrangement etter Breimstafetten.
Firda vgs har dei 3 siste åra arrangert fylkesturneringar i meisterskap for vidaregåande skular i
handball, og har fått tilbakemeldingar frå Region Vest handball om svært gode arrangement.
Firda idrettsseminar starta opp skuleåret 2012/2013 med 2 arrangement. Dette skal
vidareutviklast til 1-2 arrangement kvart år. Målet er å vere ein regional aktør og vere med å
heve idrettskompetanse generelt og trenarkompetanse spesielt.
Det er ein styrke både for idrettsfag og for studiespesialiserande at elevane kan velje
programfag på tvers av studieretning, skulen får dermed eit breiare fagtilbod.
Medan dei andre idrettstilboda i fylket stort sett rekrutterer frå nærområdet har Firda ca 50%
av elevane frå andre regionar og distrikt (jf delrapport 8 s.21).
Realfaga
Firda vgs har høg kvalitet innan realfag og studiespesialiserande programområde. Dette ser vi
på eksamensresultat og i realfagskonkurransar der Firda vgs er leiande i fylket. Sidan 1994
har Firda vgs hatt 24 finalistar i nasjonale realfagskonkurransar, og elevar frå Firda har vunne
fire. Også i år sender vi ein elev til landsfinalen i fysikk. Dette er den einaste eleven frå Sogn
og Fjordane som er med i landsdekkande finalar i realfag i år.
Forklaringane på dette er fleire: Firda har lange tradisjonar med vekt på realfaga. Skulen har
høg kompetanse på lærarsida, og eit godt og utviklingsorientert fagsamarbeid. I dag har
skulen i tillegg gode lokale og godt utstyr gjennom eit realfagssenter med Newtonrom.
Newton-rommet er det einaste i Sogn og Fjordane. Vi vil beskrive realfagssenteret nærare
seinare i dette dokumentet.
Norskfaget
Firda har ein fagleg sterk norskseksjon, og har i dei siste åra vore med i to større nasjonale
prosjekt: a. med Verdal vgs, finansiert av Skrivesenteret: «Skrive seg vegar inn i tekst»:
http://www.skrivesenteret.no/samarbeidsskoler/skrive-seg-vegar-inn-i-tekst
og b. med Valdres vgs, finansiert av Språkrådet, Nynorsksenteret og Noregs Mållag:
http://valdresfirda.blogspot.no
Firda vgs var initiativtakar til Gloppen litteraturfest, som skulen arrangerer kvart år, i
samarbeid med bl.a. Nordfjord Folkemuseum. Føremålet med arrangementet er å løfte fram
forfattarar frå heile fylket. I 2013 er Gloppen litteraturfest ein av tre litteraturfestar som
7
samarbeider om «Fram i lyset» - skrivekonkurranse for ungdom 16 – 26 år. Konkurransen er
del av 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Medium og kommunikasjon
MK-linja på Firda er den eldste i fylket. Linja vart etablert i 2001 etter eit initiativ frå skulen.
Ho flytta inn i nye og tilpassa lokalar i Trivselshagen i 2008. Linja har frå starten av
samarbeidt tett med organisasjonar og næringsliv for å gje elevane gode og reelle oppdrag, og
for å vere kompetanseressurs for lokalsamfunn og region. Gjennom oppdrag og nettverk er
linja no ein ressurs for heile fylket.
I dag har MK samarbeid med institusjonar som NRK Sogn og Fjordane, Vestnorsk
Filmsenter, Trivselshagen, Gloppen kommune, Eid kommune, Ungt Entreprenørskap og Sogn
og Fjordane fylkeskommune.
MK/Mediesenteret har eit godt samarbeid med Vestnorsk Filmsenter i Bergen, og har
gjennomført fleire filmprosjekt med økonomisk støtte frå filmsenteret og
bransjeorganisasjonen «Film og Kino». Firda vgs er også ressursskule for Den kulturelle
skulesekken, no sist i storsatsinga filmhjelp.no. som er skulesekk-turne i vgs våren 2013 i
Sogn og Fjordane.
Filmfestivalen Q-film er fylkets største og eldste filmfestival, arrangert av og for ungdom.
Festivalen vart etablert i 2003, og i 2005 introduserte festivalen Q-pris som har som mål å
vise fram film skapt av unge filmtalent i fylket. I år har MK på Firda fått ansvaret for
«Dokument 2013» som gjennom ei rekkje korte filmar skal vise ungdom si oppleving av
fylket i jubileumsåret. Filmane skal ha premiere på årets Q-filmfestival, og er lekk i 250årsjubileet for Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Q-film er eit døme på satsinga på entreprenørskap. MK på Firda satsar aktivt på
entreprenørskap, både gjennom ungdomsbedrifter for elevane og gjennom Mediesenteret som
gir tenester tilbake til lokalmiljøet og næringslivet gjennom kursverksemd og produksjon av
medieprodukt (meir om dette under punktet om mediesenteret).
Trass i få læreplassar i faget viser det seg at ein stor del av elevane på MK går vidare i faget.
Av 98 ungdommar som har vore elevar ved MK sidan tilbodet vart etablert i 200, har 39 i dag
arbeid eller er i gang med studiar i mediefag.
Dersom ein vel at MK skal vere eit fylkesdekkande tilbod ser vi det som naturleg at det vert
lagt til Firda. Her er gode lokale, godt fagmiljø og vi har eit stort nettverk gjennom alle
samarbeidspartnarane våre. Det er og naturleg at vg3 MK som er foreslått som eit
fylkesdekkande tilbod vert lagt til Firda slik det er gjort i alle modellane.
Studiespesialiserande som nøkkeltilbod
Studiespesialiserande studieretning er ein sentral inngangsbillett til vidare utdanning. Firda
har eit sterkt fokus på realfag som gjev spesiell studiekompetanse. Dette er ein kompetanse
som høyrer heime ved denne studieretninga, og det uroar oss difor sterkt at
studiespesialiserande studieretning er foreslått tatt ut av opplæringstilbodet til Firda i nokre av
modellane som er ute til høyring.
Det kjem klart fram i Norconsult sin rapport og i høyringsutkastet at dei skulane som ikkje
kan tilby studiespesialiserande vert sårbare og nærmast å rekne for B-skular, særleg dei som
8
ikkje kan tilby dei tunge realfaga (Delrapport 8 s. 23-26). For Firda sin del ser vi at vi kan gje
elevane eit breitt og godt tilbod i programfag sidan vi og har andre studieførebuande fag. Vi
ser og at vi innafor studiespesialisering kan ha ein viss økonomisk gevinst ved å gjennomføre
effektiviseringstiltak. Vi viser elles til s.26 i delrapport 8 der det vert konkludert med at
«elevane vil kunne få eit tilstrekkeleg tilbod gjennom desentralisert modell, der fleire skular
tilbyr studiespesialiserande». Dette er ei stor og viktig sak for Firda
Næringslivet i Gloppen er særs opptatt av å oppretthalde eit studiespesialiserande tilbod ved
skulen. Lokale verksemder er avhengig av å rekruttere framtidig arbeidskraft frå
studiespesialiserande, og legg ned store ressursar både i eit langsiktig rekrutteringsarbeide,
men også i å bidra til at elevane får eit godt studietilbod.
Elles kan nemnast at historie og samfunnsfag har organisert kurs og foredrag mellom anna
med professor Bent Hagtvedt, Universitetet i Oslo, der lærarar frå heile fylket har delteke.
Norsk kan vise til særs gode faglege resultat – mellom anna eit snitt på 3,8 i norsk hovudmål
ved eksamen våren 2012, langt over landsgjennomsnittet. Eit slikt sterkt fagmiljø i
allmennfaga vil styrke dei andre linene.
Programområdet språk, samfunn og økonomi har samarbeid med fleire lokale bedrifter som td
Økonor, SFE og Frydenbø Bilsenter. Det er også ein unik styrke ved skulen at den ligg vegg i
vegg med Nordfjord Folkemuseum, der skulen i fleire studiespesialiserande fag utarbeider
felles undervisningsopplegg saman med ein tung regional institusjon.
Skulen gir gjennom studieretningane musikk, dans, drama og idrett, elevar moglegheit til å
dyrke interessene sine, samstundes som dei får generell studiekompetanse.
Helse- og omsorgsfag
Dette utdanningstilbodet er er inne i berre to av modellane. Dette er eit paradoks, fordi både i
samtida vår og i framtida vil det vere stort behov for arbeidskraft innan dette feltet. Talet på
eldre aukar i samfunnet, og det er mange eldre arbeidstakarar i sektoren: rekrutteringsbehovet
vil bli stort i løpet av nokså få år (jf delrapport 8 s.8).
Lokalt betyr tilbodet om Helse- og omsorgsfag mykje: Firda utdannar helsepersonell som blir
verande i bygda, noko som gjer at Gloppen kommune har mange dyktige fagarbeidarar.
Elevar frå Firda er mykje brukt som vikarar og helgearbeidarar i helsetenestene i kommunen.
Mange av dei som går H-O går vidare i høgskulesystemet og utdannar seg til sjukepleiarar,
som det og er stor etterspørsel etter.
Tre kompetansesenter – med faglege nettverk
I tillegg til tradisjonelt sterke fagseksjonar har Firda vgs etablert tre kompetansesenter.
Sentera er bygde opp mellom anna av regionale utviklingsmidlar frå fylkeskommunen, og har
ei definert rolle som utviklingsaktørar innafor sine fagområde (vi viser til kap 5.7 s. 75).
Realfagssenteret arbeider for å auke rekruttering til realfaga. Senteret har eit tett samarbeid
med lokalt næringsliv og lokal kompetanse for å auke kvaliteten i opplæringa, mellom anna
gjennom Lektor 2-ordninga. Gjennom Newtonrommet tilbyr realfagssenteret kvalitetssikra
undervisningstilbod til grunnskulen innafor fleire emne og til elevar på vgs. Gjennom
Energidagen tilbyr realfagssenteret eit unikt dagsopplegg kring fornybar energi, i samarbeid
med SFE, Vestavind kraft, Brødrene Aa og Nordfjord folkemuseum. I samband med dette
9
undervisningsopplegget har skulen hatt besøk frå ungdomsskuler i Hornindal, Selje og Florø, i
tillegg til alle i Gloppen. Gjennom Realfagsveka har vi ein årleg festival som har fokus på
rekruttering til realfag, også gjennom skulebesøk til barne- og ungdomsskular frå heile
Nordfjordregionen. I samband med Realfagsveka har senteret og tilbydt inspirasjonsseminar
for lærarar i grunnskulen.
Firda vgs ynskjer å kunne tilby fjernundervisning via realfagsenteret, både i sann tid og som
opptak, både for grunnskular og vidaregåande skular.
Firda vgs Mediesenter: Gjennom Mediesenteret ønskjer Firda å vere ein kompetanseressurs
for næringslivet i regionen, slik fylkeskommunen har som mål. Her kan private og offentlege
kjøpe kurs og tenester innafor film, foto og marknadsføring i eit vidt spekter og i ulike
prisklassar. Oppdraga vert utført av ungdomsbedriftene på linja, gjennom oppgåver i
undervisninga, eller dei vert levert ferdiggjort fullt ut av kompetente lærarar knytt til
Mediesenteret. Slik får også elevane nyttige og reelle oppdrag, lærarane får bruke
fagkompetansen sin, og MK får ekstra ressursar som kan styrke opplæringa. Mediesenteret er
og i stor grad nytta til kursverksemd av både private og offentlege verksemder, mellom anna
SFE og kompetansenemnda i Nordfjordsamarbeidet for grunnskulen. Mediesenteret har også
gjort oppdrag for mellom andre Skogstad Sport, Opera Nordfjord, Nordfjordbarnehagane,
Frydenbø, SFE, Brødrene Aa, Norsk Countrytreff og eit nasjonalt pionerprosjekt i film knytt
til Den kulturelle skulesekken.
I tillegg til å gje elevane eit unikt innblikk i ulike yrke og ei kvalitativt god og praktisk retta
undervisning, aukar Mediesenteret også kvaliteten i opplæringa ved at meir og betre utstyr er
tilgjengeleg for elevane, og ein sikrar ressurs til å ha ein breiare fagkompetanse på lærarsida.
Friluftssenteret har fokus på å motivere og legge til rette for bruk av friluftsliv i eit
folkehelseperspektiv, og vere ein pådrivar for arbeidet for ei berekraftig utvikling av naturen.
Senteret er involvert i ulike prosjekt relatert til folkehelse og tilrettelegging av opplevingar i
friluft. Senteret har mellom anna ansvar for ein utstyrssentral, og arrangerer kurs og seminar
innafor aktuelle tema. Som eit ledd i satsinga på friluftssenteret tilbyr skulen også programfag
friluftsliv til alle elevar på studieførebuande utdanningstilbod ved skulen.
Med nye idrettsanlegg i Trivselshagen, nærleiken til naturopplevingar, høg kompetanse
innafor friluftsliv og tilgang til utstyr, har Firda planar om å tilby undervisningsopplegg med
skreddarsydde undervisningspakkar for vidaregåande skular frå heile landet. Det er eit mål at
ein skal samarbeide med den lokale reiselivsnæringa i tillegg til eigen kompetanse, slik at
også lokalsamfunnet kan dra nytte av ein utvida sesong. Dette var og bakgrunnen for at
Friluftssenteret i eit år har hatt prosjektleiinga i eit utviklingsprosjekt rundt det lokale
reiselivet. Vi meiner dette er eit interessant prosjekt som både kan gje skulen god inntening,
og også kan bidra til å utvikle den lokale reiselivsnæringa.
Denne fråsegna har tilslutnad frå
LAMU ved Firda vgs v/Ole Morten Mardal
Utdanningsforbundet Firda vgs v/ Kari Elisabeth Aasebø
NODA v/ Cathrine Smith
MFO v/ Hanne Grete Heen
Norsk lektorlag v/ Agnete Christoffersen
10
Fagforbundet v/ Liv Ingunn Holvik
Elevrådet v/ Ingunn Heggebø
Med helsing Firda vgs
Hallgeir Hansen
rektor