Her kan du sjå kva Sulaposten skreiv 09. oktober.

Download Report

Transcript Her kan du sjå kva Sulaposten skreiv 09. oktober.

SPRÅKTEIGEN
BAKSIDA
Returadresse: Sulaposten • O. A. Devold-vegen 16 • 6030 Langevåg
ØYSE: Når hesten sparka bakover med bakbeina, sa me at han øyste. Eit slikt spark
er kraftig, så me vart åtvara mot å gå bak
hesten.
Otto Inge Molvær
Torsdag 9. oktober 2014
www.sulaposten.no
Talent på
open scene
DIREKTELINE
70 19 86 50
Kulturkalender
OKTOBER
17. Klassisk og jazzisk
orgelkonsert i
Langevåg kyrkje.
18. Sula-konferansen
på Friheim kulturhus.
18. Barnekor-konsert i
Indre Sula kyrkje
19. Musikalsk messe i
Langevåg kyrkje
25. Hei Filiokus
på Sula bibliotek.
25. Haustmarknad
i Mauseidvåg
bedehus.
26. Sulamessa 2014
i Solevågshallen
NOVEMBER
Johannes Mork på trompet imponerte med stykket ”Autumn Leaves”
1. Barnebokstund på
Sula bibliotek
2. Musikkafe på
Allheim.
9. Basar i
Solevågshallen.
29. Hei filiokus på
Sula bibliotek.
29. Julemarknad i
Solevågshallen.
30. Adventsstund i
Mauseidvåg
bedehus.
K�l���k���n�����
Tord Juul sjarmerte publikum med gitar, munnspel
og song til Bruce Springsteen’s Blowing in the wind.
Oda og Natalie song nydeleg til Talking to the moon.
Sist onsdag arrangerte kulturskulen for fyrste gong
open scene. Både nye og meir erfarne elevar fekk
då sjansen til å vise fram kva dei har øvd på i haust
for eit publikum.
Det var eit rom fylt av spenning og
forventning reportaren sneik seg
inn i akkurat i tide til konsertstart.
Om berre ein smule stressa, gjorde
det knuste kameraet i veska journalisten enda mindre førebudd
til kvelden- den rake motsetnad
åt kulturskuleelevane. For makan
til rolige, forberedte og fantastisk
flinke elevar skal ein leite lenge etter. Den lille timen var spekkful av
talent som viste kor langt på veg
Sulas musikalske framtid allereie
er, og glede seg til det som vil bli
i framtida.
Sjølv om bilda frå kvelden dermed ikkje er av det beste slaget,
fortel desse ingenting om kvaliteten på open scene. Dei nye elevane,
som stod for fleirtalet av kveldens
innslag, imponerte stort dei oppmøtte i salen. Med berre ein drøy
månad i musikkskolen kan ein
ikkje seie anna enn at dei gjorde
ein glimrande jobb! Det vart spelt
stykke på piano, gitar, trompet og
baryton, medan nokre song.
Anja Skodje Skaar var blant dei
nyare elevane som har øvd iherdig
på piano i haust, og som denne
onsdagskvelden fekk vist seg fram.
Då ho vart spurt om ho hadde øvd
mykje på førehand, kom det eit
ganske nervøst nikk til svar. Dette
vart bevist under opptrednen, og
Anja kunne som mange andre forlate scena med eit stort smil om
munnen.
Kulturskulerektor Ingolf Dragset kunne fortelje at dette var eit
initiativ der elevane fekk moglegheita til å framføre materiale og
vise framgang på ein uhøgtideleg
måte. Den mindre scena opna for
ei meir intim konsertoppleving, og
håpet var å minske terskelen for
å være på ei scene og opptre. Det
vart også understreka at elevane
under open scene ikkje berre fekk
sjansen til å vise framgang, men
også få øving i det å være eit publikum for dei andre elevane.
Arrangementet kan ikkje kallast
noko anna enn ein suksess, og skal
etter planen arrangerast månadleg
med neste opne scene den . november.
MAJ-LISA LERVÅG
blir henta frå Sula kommune sine heimesider.
Registreringar/endringar gjer arrangørane
sjølve.