S fint - Hardanger og Voss Museum

Download Report

Transcript S fint - Hardanger og Voss Museum

PEDAGOGISK UNDERVISNINGSOPPLEGG FRÅ
HARDANGER FOLKEMUSEUM /AGATUNET FOR
UNGDOMSTRINNET:
Gamle hus
-arkitektur og byggeskikk i Hardanger fram til
ca 1900.
Bakgrunn
Både Hardanger folkemuseum og Agatunet har ei stor samling med bygningar frå Hardanger
frå perioden ca. 1250-1900 samla i typiske tun. Tunet på Hardanger folkemuseum på Utne er
eit rekonstruert klyngetun med hus samla frå ulike stader i regionen. Agatunet er eit heilt
unikt autentisk tun frå før utskiftinga kring 1900. Begge stadene er ypparlege rammer for å
lære noko om korleis arkitektur og byggeskikk har vore i Hardanger heilt frå mellomalderen
og fram til ca. 1900. På ein praktisk og engasjerande måte ynskjer vi å formidle noko av all
den kunnskapen vi har om dette temaet vidare til elevane. Både handverkarar, arkitekt og
museumspedagog vil ta del i undervisninga.
Mål
Elevane skal besøke Hardanger folkemuseum og få ei innføring i arkitektur og byggeskikk i
Hardanger fram til ca 1900. Dei skal lære noko om busetjingsmønster (klyngetun/utskifting),
materialbruk (typar bord/måling etc.) og handverk knytt til husbygging (metodar/reiskap). Det
vil bli lagt vekt på kva byggjemåten har hatt å seie for korleis det var for folk å bu i husa.
Sentrale tema er eldstad, ljoskjelder og romdeling/funksjonar.
Mål i læreplanen
L-97 s. 201, Kunst og handverk, hovudmoment for 8. klasse:
I opplæringen skal elevene
- øve seg i å se forskjeller mellom lokal og najsonal byggeskikk og andre kulturers boformer
gjennom å møte eksempler fra arkitektur og interiør, kjenne til restaurering og utbedring av
hus og se dette i en økologisk sammenheng.
s.191, Kunst og handverk, arbeidsmåtar i faget:
Møte med lokale handverkstradisjoner og utøvere er også viktig i den lokale forankringen av
faget.
Mål i Kunnskapsløftet
S. 112 Læreplan i kunst og handverk, hovudområde i faget
Arkitektur
I arkitektur står kunnskap om det fysiske nærmiljøet sentralt. Dette innebærer kunnskap om
hvordan bygningskulturen, inne- og uterom kan påvirke vår hverdag.
S. 117 Kompetansemål etter 10. årstrinn
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
y tegne hus og rom ved hjelp av topunktsperspektiv
y forklare hvordan klima, kultur og samfunnsforhold påvirker bygningers konstruksjon, valg
av materialer, form, uttrykk og symbolfunksjon
S. 108 Læreplan i samfunnsfag, kompetansemål etter 10. årssteget
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
y presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdel av 1900talet, og forklare korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
Rammevilkår
Undervisningsstad:
Tid:
Elevgruppe:
Hardanger folkemuseum, Utne/ Agatunet
Ein skuledag – heile året.
8. klassetrinn. Maks 30 elevar.
Side 2
Førebuing
Det er ikkje naudsynt med noko særskilt fagleg førebuing før museumsbesøket. Det er likevel
ei stor føremon om besøket vert lagt til ei tid då elevane jobbar med tilsvarande tema på
skulen. Sjølv om opplegget er lagt opp etter momenta i kunst- og handverksfaget i læreplanen,
kan det også vere fruktbart i samband med historieundervisninga.
Det er viktig at lærarane set seg godt inn i emnet før museumsbesøket slik at dei aktivt kan ta
del i opplegget. Dei er viktige døropnarar for elevane dersom noko av formidlinga synest
utilgjengeleg. Lærarane har også ei viktig rolle som bindeledd både fagleg og sosialt mellom
elevar og museumstilsette. Vi gjer for ordens skuld merksam på at det er skulens tilsette som
har ansvaret for at elevane tek del i undervisninga på ein høveleg måte.
Innhald/gjennomføring
Undervisningsopplegget vil verta noko ulikt lagt opp alt ettersom klassane ynskjer å vitje
både Hardanger folkemuseum på Utne (HFU) og Agatunet, eller berre ein av stadane. Uansett
vil den aktivitetsbaserte undervisninga vere viktig. Under følgjer ei liste over aktuelle
sekvensar, kor dei kan gjennomførast og om lag kor lang tid dei tek. Vi skreddarsyr så eit
opplegg for kvar enkelt klasse alt etter kva ynskjer dei har.
Teoretisk innleiing, HFU: Ca. 30 min. Arkitekt gjer ei innføring i busetjings-mønsteret i
Hardanger og den bygningshistoriske utviklinga. Rikt illustrert med bilete og teikningar.
Eldstader, HFU: Ca 45 min. Elevane vert delt inn i tre grupper, og besøker tre av husa i
museumstunet med ulike eldstader.
Tveismestova. Ei årestove frå mellomalderen. Det eldste huset på museet er eit døme på stove
med berre eit rom. Det vert demonstrasjon av korleis åren fungerar, og kva det hadde å seie
for butilhøva i desse stovene.
Tronesstova. Ei røykomnstove frå mellomalderen, truleg kring 1500. Hadde opphaveleg
kjellar. Døme på stove med eitt rom og røykomn i hjørnet ved døra. Det vert demonstrert
korleis røykomnen fungerer, og kva det hadde å seie for miljø og butilhøve i stova.
Årekolstova. Ei husmannsstove bygd kring 1820. Stova er eit døme på stovehus med
grue/pipelaup og lem ovanpå. Det vert demonstrert korleis ei grue fungerar, og kva det har å
seie for bruken og konstruksjonen av stova.
Materialar og reiskapar, HFU/Agatunet: Ca. 45 min. Elevane vert delt inn i grupper og får
demonstrert/prøvd reiskapar og materialar som vart nytta på eldre trehus.
Lafting. Handverkar demonstrerer med gamle øksar korleis ein stokk til ei lafta stove vart
hogd. Høve for elevane å prøve sjølve.
Måling og dekor. Arkitekt viser døme på eldre målingsteknikkar. Korleis laga dei måling for
200 år sidan? Kva var fargepigment og bindemiddel i målinga? Korleis kan vi i dag finne ut
kva for fargar dei brukte før? Dekorering inne i husa frå kroting til tapet. Demonstrasjon og
praktisk øving.
Bordkledning. Med ulike reiskapar og materialar får ein synt korleis utviklinga av
bordkledning har vore. Elevane skal trene på å tidfeste dei ulike kledningstypane dei finn. På
HFU kan ein med ein modell demonstrere korleis ei oppgangssag fungerer.
Side 3
Tundanning og jordskifte, Agatunet: ca 30 min. Elevane får forklart og visualisert korleis
tundanninga skjedde frå mellomalderen og frametter, og kva dette hadde å seie for busetjinga
i regionen. Agatunet er eit av svært få slike tun som framleis eksisterer. Kva skjedde med
gardane ved jordskifte? Kvifor vart dette gjennomført, og kva fekk det å seie for korleis
busetjinga i regionen er i dag?
Oppgåveløysing, HFU/Agatunet: Ca 30 min. Elevane får utdelt oppgåver som dei skal løyse
ved hjelp av det dei har lært tidlegare på dagen, og det dei kan finne ut i museumstunet.
Hovudtema for oppgåvene vert utviklinga av stovene etter røykomnen. Det er eit mål at
elevane sjølve skal forske seg fram til dette, men fleire frå museet vil vere tilgjengelege som
rettleiarar.
Vi tek pausar og lunsj når det passar undervegs.
Påmelding
Påmelding til undervisningsopplegget skjer direkte til Hardanger folkemuseum.
Telefon: 53 67 00 40
Epost: [email protected]
Eller: [email protected]
Side 4