ART Aggression Replacement Training Ein metode for trening av sosial kompetanse Dagfrid Vestrheim-Sosionom /ART trenar ART er i hovudsak bygd på tre komponentar * trening.
Download ReportTranscript ART Aggression Replacement Training Ein metode for trening av sosial kompetanse Dagfrid Vestrheim-Sosionom /ART trenar ART er i hovudsak bygd på tre komponentar * trening.
ART Aggression Replacement Training Ein metode for trening av sosial kompetanse Dagfrid Vestrheim-Sosionom /ART trenar ART er i hovudsak bygd på tre komponentar * trening i sosiale ferdigheiter * trening av sinnekontroll * trening i moralsk resonnering Sosial ferdigheitstrening Å kunne velje rett atferd i ulike sosiale situasjonar Eksempel: - Å be om unnskyldning Å høyre etter Å starte ei samtale Å føre ei samtale Å be om hjelp Å inkludere andre Å gje eit kompliment Å handtere gruppepress Å ha god sportsånd Å unngå slagsmål osv Det er meir enn 50 ulike sosiale ferdigheiter i ART programmet. Sosial ferdigheitstrening Å be om unnskyldning Avgjer om det vil vere best for deg sjølv å be om unnskyldning for noko du har gjort. Tenk på ulike måtar du kan be om unnskyldning på. Vel rett tid og stad for å be om unnskyldning. Be om unnskyldning. Sosial ferdigheitstrening Å motta ei unnskyldning Høyr etter kva den andre seier. Tenk igjennom kva det betyr for deg det den andre personen seier. Bestem om du kan godta det som ei unnskyldning. Fortel den andre personen korleis du tar imot unnskyldninga. Sosial ferdigheitstrening Å reagere på erting Avgjer om du blir erta. Tenk over korleis du kan takle ertinga. Vel den beste måten, og bruk den. Sinnekontroll Sinnekontroll skal lære elevane å kjenne seg sjølv i høve til dei ulike elementa i sinnesyklusen, og deretter kunne VELJE å bruke alternativ til aggresjon. Timane i sinnekontroll bygger på kvarandre Kva førte til hendinga – kva gjorde eg – kva skjedde seinare (konsekvens) Sinnekontroll trening Sinnekontroll sirkelen – bygd på 10 komponentar Ytre triggarar Sosiale ferdigheiter Indre triggarar Signal Demparar Konsekvensar Påminnarar Pust djupt Tel baklengs Tenk positivt Sinnekontroll trening Brennande sint Eg er rasande i denne situasjonen Kokande sint Eg er provosert i denne situasjonen Varm Eg er ganske irritert Lunken Denne situasjonen irriterer meg Kald Denne situasjonen påverkar ikkje meg Spørsmål som kan stillast kvar einskild elev I kva situasjon er du kor sint ? Er du meir sint når du er brennande enn når du er kald? Har du like mykje sjølvkontroll når du er brennande som når du er kald Sinnekontroll trening Sinne logg Namn:………………………………………………………………… Dato:….. Tid: Morgon:……….. Ettermiddag:………... Kveld:…………. Kvar skjedde det?........................................................................ Kor sint blei du?:…………………………………………………….. Kald:….. Lunken:…. Varm:….. Kokande:…… Brennande:…… Sinnekontroll sirkelen Ytre triggarar:…………………………………………………………. Indre triggarar:………………………………………………………… Signaler:……………………………………………………………….. Demparar:……………………………………………………………… Kortsiktige konsekvensar:……………………………………………. Langsiktige konsekvensar:…………………………………………… Sosial ferdigheit:………………………………………………………. Eigen evaluering: Flott:……… OK:…… Kunne vore betre:…… Kva kan eg seie / Kva sa eg til meg sjølv når eg lukkast:………… Kva kan eg gjere betre neste gong?............................................ Moralsk resonnering Trening i moralsk resonnering utgjer den verdimessige komponenten i ART der hovudhensikta er å trene på å sjå ei sak frå fleire sider. Sjå ei sak frå fleire sider Sjå ei sak frå fleire sider Moralsk resonneringstrening Eksempel på eigenskapar i moralsk resonnering ein kan jobbe med i ART timane: Mot Ta positive og sunne sjansar til det beste for deg sjølv og andre Moralsk resonneringstrening Respekt Vise omsyn til deg sjølv, andre, eigendelar og dei som bestemmer Samarbeid Vere i stand til å arbeide saman med andre for å fullføre ei oppgåve eller spele eit spel Moralsk resonneringstrening I moralsk resonnering presenterar trenaren eit dilemma for elevane. Trenaren byggjer på dei modne svara i gruppa og utfordrar dei umodne haldningane. Ta eit val og stå for det! Moralsk resonnering Eksempel DILEMMA: Anne og Truls er ferdig på skulen for dagen og går ned over vegen mot Coop i Naustdal. Anne finn då ein mobiltelefon på vegen ned dit. Ho har ikkje mobiltelefon sjølv og har yngst seg ein til jul. Men no fant ho ein – akkurat slik ho kunne tenke seg å få! Ho tek opp mob. og seier til Truls at denne vil ho behalde sjølv. Kva skal Truls seie? Trenaren byggjer vidare og forandra historia, ”spissar” problemstillingane, for at elevane skal greie å resonnere seg fram til eit modent val. ART- programmet ART -treningane føregår i gruppe på 4 – 8 deltakarar og to trenarar , – ein hovudtrenar og ein medtrenar. Hovudtrenar leier timane medan medtrenar plasserer seg i gruppa og har ansvar for delar av treninga. Ein ART time vil innehalde samtalar og rollespel der ein legg vekt på attkjenning og fokuserer på det positive. Ha med deltakarar som er gode rollemodellar ART ART programmet har ei fast ramme Timane er delt i ytre og indre struktur Timane startar med Ytre struktur. I indre struktur trenar ein på ”dagens” ferdigheit Timane avsluttast alltid med ytre struktur ART ER SMART! Målet er BEVISTGJERING Erstatte uønska atferd med sosialt aksepterte ferdigheiter Ta elevane på fersken i å gjere noko bra!!!