MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND

Download Report

Transcript MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG
Nr 2 / april 2012
På Villsaukonferansen vart Anna Fammestad heidra.
Ho mottok ullpris og får her overrekt eit ullbilde av dagleg leiar i Hillesvåg
Ullvarefabrikk Øyvind Myhr. Bildet er laga av Ingvild Skår.
ÅRSMØTET I NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG 13.02.12
Nok eit aktivt husflidsår er over. Ved årsskiftet hadde me 162 medlemmer. Medlemstalet har halde seg stabilt siste året..
Styret har hatt 9 styremøter og handsama 52 saker. Det har vore halde 3 medlemsmøter og 8 handarbeidstreff med
ulike teknikkar som tema. På Husflidsens dag hadde mange medlemmer demonstrasjon og utstilling av ulike teknikkar.
Det vart arrangert Torgdag i Hillesvågen, i samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk, første laurdagen i juni, noko som no
har vorte ein tradisjon. Kulturminnedagen vart markert med tema ”Spor i naturen” – plantefarging. Som del av ”Den
kulturelle skulesekken”i Lindås kommune fekk 180 born vere med på eit vellukka prosjekt med undervisning om ull og
bruk av naturen til bl.a farging av ullgarn. Mange av medlemmane var med og jobba dugnad i dei 6 dagane prosjektet
varte. Husflidsmessa i Knarvik hadde ny rekord med 40 utstillarar. 230 betalande personar var innom. I Husflidens Hus
har det vore stor aktivitet. Vi har hatt besøk av fleire grupper, bl.a 60 amerikanarar som fekk sjå lokalprodusert husflid
og servert kjøtsuppa laga av bunadsnemnda og dei tradisjonelle stompekakene våre. Laget har halde 17 kurs med
117 deltakarar. Laget har vore representert på fylkesårsmøtet, medarbeidarkurs og leiarsamling. Nestleiar
Grethe Spurkeland er styremedlem i fylkeshusflidslaget. Medlemsbladet Primstaven har kome ut 5 gongar.
Lokalavisene har hatt mange reportasjar om laget sine aktivitetar,med flott omtale og bilder. Lokalavisene på begge
sider av brua har vore nytta til å annonsere kursa både vår og haust.
Broderinemnda har gjennom året registrert og arbeidd vidare med å ta vare på mønster og broderi. Dei har starta med å
teikne på mønster og brodere nye modellar av noko av det dei har fått inn. Dei har fått ein skatt av gamle mønster frå ein
nedlagd brodeributikk i Bergen, Von Der Fehr`s Mortensen eftf. Nemnda har vore med på Torgdagen i Hillesvågen med
utstilling av eigne gamle broderi. På Husflidsmessa viste dei bilde i elektronisk bilderamme. På Husflidens dag
demonstrerte to av medlemmene brodering av plattsaum og engelsk broderi.
Dei deltok på informasjonsmøte om kulturdagane i Radøy. Dei har og deltatt på møte om kulturarv og
handverkskunnskap som Museumssenteret i Hordaland har hatt. Dei har hatt utstilling av broderi i monteren til
Sogelaget i Knarvik senter.
Bunadsnemnda har klypt og levert understakkappar til trykking, har ikkje fått alle tilbake enno. Dei har arbeidd med og
teke bilder til nytt bunadshefte. Då det vart problem med fotoutstyret må noko av dette gjerast om att. Dei har sydd
skjorte og trøye, i stor storleik, til brudebunaden. Brudebunaden vart utleigt første gong i januar i år. Dei har deltatt på
kurs i Salhus med tema ”Vask av gamle tekstilar”.
Bunadsnemnda har samarbeidd med broderinemnda og Husflidstova om utstilling av produkt i monteren til Sogelaget i
Knarvik senter. Dei hadde og utstilling på Torgdagen i Hillesvågen. I tillegg har dei laga suppe til arrangement som har
vore i Hillesvågen.
Husflidstova har hatt jamn og god produksjon gjennom året med topp i april/mai og august/
september.Bemanningssituasjonen har vore stabil. Stova har fått nye vedtekter tilpassa samvirkelova. Partseigarane har
fått tilbod om å løyse inn partane. Husflidslaget eig no 396 partar og 50 er eigde av andre. Etter regelendring vart det gitt
høve for små selskap til å ikkje ha ekstern revisjon, noko som ekstraordinært årsmøte gjekk inn for. Frå desember og ut
januar i år deltok Husflidstova på utstillinga i Sogelaget sin monter i Knarvik senter.
Styret for Nordhordland Husflidslag 2012
Leiar:
Nestleiar:
Kasserar:
Skrivar:
Studieleiar:
Varamedlem:
”
Aud Marit Halland
Grethe Spurkeland
Grete Vetås
Ingrid Sødal Eidsnes
Kirsti Abbedissen
Anne Grete Breisnes
Svein Harald Bjørke
Radøy
Lindås
Radøy
Lindås
Lindås
Austrhei
Austrhei
56373278 / 94857312
56351251 / 47415537
56335263 / 97110256
99525289
56350269 / 48135865
56167032/ 97511208
95272861
Revisor:
”
Vara:
Johanna Seim
Marte Hauge
Halvor Rostrup
56353200 2
56353275/ 97111091
47674522
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Messekomite
”
Kjersti Børilden
Svein Harald Bjørke
Arne Nepstad
+ 2 frå styret
Austrheim
Austrheim
Lindås
56169357/ 99361071
95272861
56351198
[email protected]
Primstaven:
”
”
Anne Grete Breisnes
Kjersti Haugland
Aud Marit Halland
Austrheim
Radøy
Radøy
97511208
56370342 / 97761061
[email protected]
[email protected]
Radøy
Lindås
99034535
56360744
[email protected]
[email protected]
Radøy
Radøy
Lindås
Lindås
56335263/ 97110256
56347190
STYRET FOR P/L HUSFLIDSTOVA
Leiar:
Arild Hagenes
Dagleg leiar:
Marit Bastesen
Leiar for laget
Aud Marit Halland
Skrivar:
Sissel Marøy
Styremedlem:
Karin Myking Halland
Varamedlem:
Grethe Spurkeland
”
Berit Dale Øgaard
41126493
STYRET FOR BUNADSNEMNDA
Leiar:
Oddny Røyseth
Meland
Styremedlem:
Rannveig Reigstad
Lindås
”
Torill Vågenes Geelmuyden Lindås
”
Randi Nedreås
Meland
”
Aud Walde
Meland
”
Marit Bastesen frå Husflidstova
Varamedlem:
Ingunn Haug
Radøy
”
Brita Rydland
Lindås
”
Dagmar Lygre
Lindås
STYRET FOR BRODERINEMNDA
Leiar:
Vigdis Olsen
Styremedlem:
Jorun Sætre
Styremedlem:
Annlaug Helland
Styremedlem:
Turid Rikstad Tenden
Styremedlem:
Rita Valdersnes Amundsen
Vara:
Gunn M. Hellesø
Vara:
Britt Lillian Melseter
Valnemnd:
Jarl Hansen
Svanhild Tofting
Marie Rossland
56178446 / 95845897
56355076 / 93499108
56358595 / 92061288
56178324
56350109/ 97081331
56355290/ 90826607
99490187
56370062
98434084
56350895/97033172
Austrheim
Radøy
Radøy
Radøy
Radøy
Lindås
Lindås
97061265
56373376 / 98833861
56373411 / 91577062
93006911
[email protected]
AKTIVITETSPLAN 2012:
7. mai :
2. juni:
24. juni:
3.sept:
Sept:
1.okt:
3. nov:
26.nov:
[email protected]
[email protected]
Vårtur til Fedje , sjå siate side
Torgdag i Hillesvågen, sjå s. 6
Fellestur til husflidsmessa i Jondal ?
Handarbeidstreff
Markering av Husflidens dag
Handarbeidstreff
Husflidsmesse
3
Julemøte
[email protected]
Øyvor Larsen har besøkt bunadsnemnda i Nordhordland Husflidslag og fortel her frå arbeidet
deira:
BUNAD I NORDHORDLAND
frå arbeidsplagg til festdrakt
I 1974 vart det arrangert ei stor
kulturmønstring i Knarvik. Alle
Nordhordlandskommunane stod bak,
Radøy, Austrheim, Masfjorden, Meland,
Fedje, Osterøy og Lindås. Den nye tida,
med storindustriutbygging på Mongstad,
ville føre til endringar på Strilelandet. Det
vart då viktig å synleggjere den kulturen
som alt fanst i Nordhordland. Visa fram at
distriktet nord for Bergen hadde levande
kulturtradisjonar, som var særeigne for
dei. Utstilt var ulike gardbruksgjenstandar
som vogn, kjerre og arbeidsverkty. Frå
Medlemmane i bunadsnemnda:
heimane vart husflid og rosemålte ting
Frå v: Dagmar Lygre, Marit Bastesen, Oddny Røyseth, Ingun Haug,
funne fram, vevde teppe og kjøkkenreiskap Aud Walde, Torill Vågenes Geelmuyden, Brita Rydland
vart utstilt; fiskereiskap, bøker og skriv frå
lokale folk og bunadar. Mykje gamalt dukka fram frå ”gøymene” på loft og i kjellar.
Arbeidet i bunadsnemnda starta 1974. Ingrid Breistein og Sigrid Holmås var sentrale personar i
arbeidet med mønstringa og i alt bunadsarbeid i åra framover. 9.9.1974 sette dei seg saman og
planla vegen vidare. Bunadsnemnda starta arbeidet med å registrera dei gamle tinga som vart
synte fram under mønstringa. Nordhordland husflidslag vart skipa 25.10. same året.
Gjennom desse åra har nemnda fått sett mange plagg, lånt dei, teikna av mønster og
rekonstruert dei. I lokalet sitt i Ikenberget ligg nokre gamle forkle, som er ein del av mange gåver.
Gamal historie gir eit bilete av at det har vore ulike lokale tradisjonar og mønster frå bygd til
bygd. Skilnadane kjem gjerne fram i belte og bringeduk. Sjølvsagt vandra mønster. Det var
giftemål, eller båtfart langs fjorden, eller anna farting. Påverknad utanfrå skjedde då som no,
men i eit langsamare tempo.
Nordhordlandsbunaden skil seg frå andre mellom anna ved at livet er rundt og tett i halsen. Dette
snittet finn ein også i bunadar frå Sotra, Øygarden, Osterøy og Sunnhordland.
Viktig å tenkje på er at bunaden utvikla seg ut frå kvardagsklede, der konene gjekk med stakk og
liv. Kleda var heimeproduserte. Gamle plagg syner kor små endringar det kan vera frå ei bygd til
den neste.
Når nemnda registrerer eit nytt plagg, så finn dei tøy og tråd og syr opp att eit nytt plagg etter
det gamle mønsteret. Det nyoppsydde plagget vert send saman med det gamle til ”Bunads og
folkedraktsrådet” på Fagernes. Her ser dei på plagga, samanliknar og gir si godkjenning eller ikkje.
Då nemnda sende grøntrøyedrakta, måtte dei sende gamal og ny stakk, halsbøling, grøntrøya, liv,
bringeduk, forkle, forkleband. Drakta fekk si godkjenning.
Masfjorddrakta, med raudtrøye i staden for skjorte, vart rekonstruert og send av stad og fekk si
godkjenning.
4
Nordhordlandsbunaden med raudt liv var brukt i bryllaup, med kvitt forkle. Det vert fortalt at i
kyrkja og til bords brukte kvinnene det raude livet, men etter maten, til dans, skifta dei til det
svarte. (Hadde mennene skitne hender…)
Sølv på bunaden var det ikkje mykje av, men det kom meir av det på midten av 1800 talet.
Største økonomiske løftet for bunadsnemnda har vore bruredrakta, som var ferdig i 2009.
Brurekrona, laga på Voss, vart levert i 2007, så no kan folk leige drakt og krune. Då er det berre
om å gjere at brur og drakt passer i hop! Bilete i lokalavisa synte oss i januar 2012 ei brur frå
Radøy som gifta seg, kledd i bruredrakta med staseleg krune. Det var full klaff!
Det dukkar framleis opp gamle plagg som damene i nemnda arbeider med. Men som dei seier, det
er på konfirmasjonssøndagar og på 17.mai at det viser etter kva arv og tradisjon nemnda har teke
vare på, og fått fram i dagen.
Rekonstruert Nordhordlandsdrakt. Skjorte, forkle, stakk,
bringeduk og belte frå 1850 – 1880. Skjorte er frå Sofia
Låstad Lygre; forkle er sydd etter mønster funne på Osterøy
museum og er frå om lag 1860; stakken er handplissert,
mønsteret på beltet er funne på Bergen museum.
Understakken er frå Selvik i Åsane. Det spesielle
her er trykt mønster på kappa.
Lasketrøya, er eit utapåplagg
DUGNAD - ME TRENG HJELP !
Dersom me skal oppretthalde alle aktivitetane, trengs det fleire medlemmar som kan jobba
dugnad og hjelpa til på torgdag, husflidsmesse, laurdagar i Hillesvågen og andre
arrangement. Ta kontakt med nokon i styret dersom DU kan.
5
Nordhordland Husflidslag og Hillesvåg Ullvarefabrikk AS
Inviterer til torgdag i Hillesvågen
Laurdag 2. juni
Demonstrasjon, sal, aktivitetar for born, kafè og meir
Du er med dette invitert til å delta på torgdagen
Påmelding innan 11.mai til:
Kjersti Børilden, Kvalvågen 31, 5943 Austrheim 56169357 / 99361071 [email protected]
Aud Marit Halland, Lervikv. 24, 5936 Manger 56373278 / 94857312 [email protected]
—————————————————————————————————————————-
Påmelding til Torgdagen 2.juni
Standplass: Kryss av for eitt av alternativa:
□ Standplass ca 1,2 m Kr 100
□ Standplass ca 2,4 m Kr 200
□ Standplass 3x3 m
Har med bord : Ja / Nei
Kr 300
Mål:
cm
Bord kan leigast til kr 50 pr stk (ca 120 cm)
Medlem i Nordhordland Husflidslag: Ja / Nei
Namn: ________________________________________
Tlf:____________________Mob:___________________
E-post:________________________________________
Adr:__________________________________________
Produkt:______________________________________
6
North Atlantic Native Sheep and Wool Conference 29.mars – 1. April
Nordhordland Husflidslag var inviterte
til å vere medhjelparar når villsaukonferansen i år vart lagt til Nordhordland.
Karin Flatøy Svarstad, som var norsk
koordinator for konferansen, valde
Nordhordland, med Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret og Nordhordland Husflidslag som aktive støttespelarar.
10 nasjonar var representerte og det
var over 100 påmelde til ulike føredrag
og aktivitetar.
Fredag var deltakarane på tur til hjortefarmen i Alversund, dei køyrde om Sæbø for å sjå
kulturlandskapet og vitje sauebonde Kåre Hole, som blant anna har sauerasane svartfjes
og villsau. Deretter la dei turen til vevstova til Nordhordland Husflidslag. Vevdamene
hadde laga ei imponerande utstilling av elevarbeid, og det vart servert nysteikte stompekaker.
Vidare gjekk turen til Hillesvåg Ullvarefabrikk med omvisning og lunsj i Husflidens Hus.
Der serverte bunadsnemnda god kjøtsuppe. Deretter reiste dei til Strilatun, og konferansen heldt fram med føredrag, marknad og demonstrasjon av ulike handverksteknikkar.
Medlemmer frå husflidslaget demonstrerte spinning på handtein og rokk, strikking og
skinnfellsying. Elles vart det demonstrert nålebinding og lacestrikking frå Shetland.
Marknaden hadde eit stort utval av ulike produkt laga av villsau, så som skinn, bein,
hornknappar, ullgarn og ull.
Anna Fammestad imponerte med mange store smettåkle frå Nordhordland. For dette
arbeidet vart ho heidra med den første ullprisen som er delt ut, eit naturleg val for komiteen som skulle finne ”ei ullen sjel”. Medaljen var laga av Terje Simmenes. Som premie
fekk ho bilde laga i ull av Ingvild Skår.
Konferansen har ei vandreutstilling der Elin Alver har vevd ein veggtekstil i villsaugarn,
Kjersti Børilden har sydd ein livsløpspose, sitjeunderlag og babysko av villsauskinn. Gunn
Husa har hekla pute og strikka babysokkar i villsaugarn. Denne vandreutstillinga skal først
visast ulike stader i Norge, deretter i det neste vertslandet som er Shetland.
Hillesvåg Ullvarefabrikk hadde laga garn av villsau-ull, som vart seld på marknaden, eit
spennande prosjekt som kanskje fører til at det vert muleg å kjøpa villsaugarn i Hillesvågen.
For Nordhorland Husflidslag var dette eit stort og spennande, viktig og banebrytande
prosjekt å få vera med på.
7
VÅRTUR TIL FEDJE 7. mai
Nordhordland Husflidslag er invitert av
båtbyggjar Bjørn Ådne Kvalvik til å vitje
båtverkstaden hans i gamle
hermetikkfabrikken på Fedje.
På verkstaden vil me få omvisning , og Bjørn
Ådne vil fortelje korleis kan arbeider med båtprosjekta.
For tida jobbar han med ein sognebåt. Me håpar at mange finn det interessant
og blir med. Ta med deg båtinteresserte vener og kjende. Menn er spesielt
inviterte, til ein god båtprat. Interesserte kan lese meir på www. faering.nett
For å reise til Fedje møter me opp på ferjekaien på Sævrøy seinast kl 17.30.
Bilane kan stå att på kaien. Dei som kjem frå Knarvik, kan ta kontakt med Ingrid
Eidsnes, tlf. 99525289, for samkøyring.
POST TIL PRIMSTAVEN
Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss:
Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: kjehau1@ hfk.no
Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim. Tlf 56167032 / 97511208, e-post: [email protected]
Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim
8