Primstaven nr 2 2011

Download Report

Transcript Primstaven nr 2 2011

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG
Nr 2 / mars-april 2011
Flotte krympeboksar laga på siste handarbeidstreffet, på løeloftet hjå Mathias Sætre i Austrheim
ÅRSMØTE I NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG 14.02.11
Årsmeldinga frå laget syner stor aktivitet. Ved årsskiftet hadde me 162 medlemmer. Medlemstalet aukar.
Styret har hatt 10 styremøter og handsama 54 saker. Det har vore halde 2 medlemsmøter og 7 handarbeidstreff. Me
har hatt 4 utstillingar, bl.a krunebrurutstilling i Bergen og ”Sløyd og handarbeid i 100 år”. Elles har me hatt torgdag i
Hillesvågen, vore med på landbruksdagen i Austrheim og hatt husflidsmesse i Knarvik. Me har også dette året vore
framme i lokalavisene mange gongar. 9 vårkurs og 12 haustkurs vart avvikla med tilsaman 184 deltakarar. Primstaven
har kome ut med 5 nummer.
Broderinemnda har kome godt i gang med registreringsarbeidet sitt. Dei kopierer eller teiknar mønster og tek bilde av
dei. Dei har kjøpt inn kopimaskin med skanner. Medlemmer i nemnda har vore på kurs om reingjering av gamle
tekstilar. Dei var og med på utstillingane som har vore. Nemnda har dette året fått arbeidsplass på loftet i Gamle
Prestegarden på Manger.
Bunadsnemnda har samarbeidd med hovudlaget og broderinemnda om utstillingane som har vore. Det vart stor
merksemd rundt krunebrura på paraden i Bergen i mai månad, i samband med 100års jubileet til Norges husflidslag.
Nemnda har fått tak i ein brudgomsvest som var brukt på Seim i 1867. Elles syr dei no opp nytt liv til festdrakta. Det
gamle livet er falma pga sterkt lys i monteren. Det vert og sydd opp ei litt større brudetrøye. Kappar til understakkar er
klipte og klar til trykking.
Husflidstova er no godt innarbeidde i lokala på Alverflaten. Ordretilgangen er god, både på dame- og herrebunader.
Dagleg leiar Marit Bastesen og Jorunn Sætre har vore på Voss hjå Kristbjørg Aldal på kurs i tilskjering og måltaking
av herrebunad. I tillegg til Marit Bastesen jobbar Jorunn Sætre, Oddny Røyset og Irene Monstad no ved stova. I
tillegg er Annlaug Bøe inne ca 1 dag i veka, - tilsaman 2,5 årsverk. Oddny Røyset har halde kurs i sying av
damebunad og Airin Espelid har hatt herrebunadskurs.
Styret for Nordhordland Husflidslag 2011
Leiar:
Nestleiar:
Kasserar:
Skrivar:
Studieleiar:
Varamedlem:
”
Aud Marit Halland
Grethe Spurkeland
Kjersti Haugland
Ingrid Sødal Eidsnes
Kirsti Abbedissen
Anne Grete Breisnes
Svein Harald Bjørke
Radøy
Lindås
Radøy
Lindås
Lindås
Austrheim
Austrheim
56373278 / 94857312
56351251 / 47415537
56370342 / 97761061
99525289
56350269 / 48135865
56167032/ 97511208
95272861
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Revisor:
”
Vara:
Johanna Seim
Marte Hauge
Halvor Rostrup
Lindås
Lindås
Lindås
56353200
56353275/ 97111091
[email protected]
Messekomite
”
Kjersti Børilden
Svein Harald Bjørke
Arne Nepstad
+ 2 frå styret
Austrheim
Austrheim
Lindås
56169357/ 99361071
95272861
56351198
[email protected]
[email protected]
Primstaven:
”
”
Anne Grete Breisnes
Øyvor H.Larsen
Aud Marit Halland
Austrheim
Lindås
Radøy
97511208
56351551/ 99532442
[email protected]
[email protected]
2
STYRET FOR P/L HUSFLIDSTOVA
Leiar:
Arild Hagenes
Dagleg leiar:
Marit Bastesen
Leiar for laget
Aud Marit Halland
Skrivar:
Sissel Marøy
Styremedlem:
Karin Myking Halland
Varamedlem:
Grethe Vetås
”
Grethe Spurkeland
Radøy
Lindås
99034535
56360744
[email protected]
[email protected]
Radøy
Radøy
Radøy
Lindås
56335263/ 97110256
56347190
56335263 / 90672804
56351251 / 47415537
[email protected]
[email protected]
STYRET FOR BUNADSNEMNDA
Leiar:
Oddny Røyseth
Meland
Styremedlem:
Rannveig Reigstad
Lindås
”
Torill Vågenes Geelmuyden Lindås
”
Randi Nedreås
Meland
”
Aud Walde
Meland
”
Marit Bastesen frå Husflidstova
Varamedlem:
Ingunn Haug
Radøy
”
Brita Rydland
Lindås
”
Dagmar Lygre
Lindås
56178324
56350109 / 97081331
56355290 / 90826607
99490187
46454910
56360744
56370062
56350841
56350895 / 97033172
[email protected]
[email protected]
[email protected]
STYRET FOR BRODERINEMNDA
Leiar:
Vigdis Olsen
Styremedlem:
Jorun Sætre
Styremedlem:
Annlaug Helland
Styremedlem:
Karin Larson Eide
Styremedlem:
May Haugland
Vara:
Rita Valdersnes Amundsen
Vara:
Britt Lillian Melseter
97061265
56373376 / 98833861
56373411 / 91577062
56350446 / 90083098
93858225
93006911
97620009
[email protected]
Valnemnd:
Jorun Eikevik
Jarl Hansen
Svanhild Tofting
Vara:Grethe Hansen
Austrh
Radøy
Radøy
Lindås
Lindås
Radøy
Lindås
97094594
56178446 / 95845897
56355076 / 93499108
56372282
[email protected]
[email protected]
[email protected]
På årsmøtet i sak 6 var det framlegg om å endre vedtektene for broderinemda i §2 slik:
"Nemnda har 5 medlemmer og dei vert valde på årsmøtet for 4 år. (2 skifter kvart andre
år). Leiar vert vald av årsmøtet for to år om gongen. Det vert vald to varamedlem for to
år. Eit varamedlem er på val kvart år. Nemnda konstituerer seg sjølv."
Dette framlegget fekk simpelt fleirtal.(19 av 32 stemte for). I ettertid har leiar av
broderinemnda Vigdis Olsen tatt opp med styret at vedtaksendringar krev 2/3 fleirtal.
Styret handsama saka 2.3.11 og styret viser til laget sine vedtekter § 13.2 der krav som
2/3 fleirtal ved vedtaksendringer er heimla. Vedtektene for broderinemnda er soleis ikkje
endra.
Aud Marit Halland
Leiar Nordhordland husflidslag
3
Handarbeidstreff 7.mars
Mathias Sætre hadde lagt godt til rette for oss som møtte til treff på løeloftet hans.
Me kunne få prøve oss på ulike trearbeidstekknikkar, frå dreiing til smiing, spikking og
skjæring. Og resultata vart noko av det me kan sjå på bilda her og på framsida av
bladet, hjerter, knaggar og krympeboksar. Ei inspirerande og kjekk kveldsstund.
Dette ønskjer me meir av.
4
Aktivitetsplan 2011
Månd. 4. april kl 18. samlast me i Husflidens Hus til handarbeidstreff med tauverk
og strikk
Månd. 2. mai vert det medlemsmøte der alle som kan, møtast på Slippen i
Sæbøvågen hjå Keipane Båtlag, kl.18.00. Der vert
omvisning,historieformidling,gamal robot til dei som vil ut og ro seg ein tur.Kanskje
får me prøvesmaka nubbesild m.m. Langbord vert dekka der heimelaga fiskesuppe
står på menyen . Alt for ein pris av kr.100.Laurdag 4.juni vert det Torgdag i Hillesvågen att. Har du produkt/teknikkar du vil
selja/demostrera denne laurdagen må du ta kontakt med Kjersti Børilden
telf.56169357-mob.99361071 eller Aud Marit Halland telf.56373278-mob.94857312
Vil du vera med som dugnadsgjeng er du hjarteleg velkomen. Dess fleire hender dess
lettare blir det.
Månd. 29.aug medlemsmøte Hillesvågen, samvirkereforma, pl Husflidstova
Månd.5.sep er me i gang att med handarbeidstreffa der me har brikkevev som
tema.
Husflidsdagen vert markert 10.september og kulturminnedagen 11.
september.
Den kulturelle skulesekken med tema: Spor i naturen
Månd.3. okt satsar me på besøk av husflidsekretær Torild F Velure
som syner sjølvkomponerte hattar,og fortel litt frå organisasjonen
Månd. 7. nov handarbeidstreff – julehjarte
Laurdag 19.nov – husflidsmesse i Knarvik
Månd. 5.des. julemøte
TORGDAG I BERGEN 18.juni
Nordhordland Husflidslag er blitt invitert til å vere med på Torgdagen i Bergen i år. Her kan
du få vise fram og selja produkta dine, evt demonstrere teknikkane. Laget vårt vil stå under
eiga fane. Då kan me og få markere laget med å dele ut brosjyrer og drive informasjon.
Dersom du er interessert, ta kontakt med Jarl Hansen tlf 56178446 / 95845897. Evt kan du
melde deg på direkte til arrangøren ved: Mona Vindenes tlf 47984100 /
41634723 www.vindenes.no
5
Årsmøte i Hordaland husflidslag
Årmøtet i Hordaland husflidslag 2011 vart arrangert av Bergen Husflidslag 25-26 mars.
Årsmøtesakene vart gjennomgått og vedteke med mindre merknader. Det var spesielt
gledeleg å sjå at fylkestilskotet til drift er auka slik at drifta er robust til neste år. Det
var vedteke å gje eit mindre styrehonorar for kvart styremøte (200 kroner).
Hordaland husflidslag er opptatt av ung husflid og å formidle kulturarven til nye
generasjonar.
Vårt medlem Grethe Spurkeland vart attvald som styremedlem i Hordaland husflidslag.
Hege Terese Nilsen ved Husfliden i Bergen tek over som husflidskonsulent i eit års
vikariat for Jannicke Ryssdalsnes som skal i svangerskapspermisjon.
Kari Dyrdal, proffesor ved kunsthøgskulen i Bergen heldt eit føredrag om arbeidet sitt
med utsmykkingstekstilar.
Marit Jakobsen, direktør i Norges Husflidslag heldt eit engasjert innlegg om kor viktig
det frivillige arbeidet er og kor viktig dialog med lokallaga er. Ho fekk tilbakemeldingar
på bladet Husflid og orienterte om heimesidene til Husflidslaget (www.husflid.no) og
samarbeidet med Folkekulturforbundet (www.folk.no).
Leiar i Husfliden i Bergen Irene Tørhaug orienterte om drifta av Husfliden.
Eit årsmøte der det har vore utført mykje: strikking, hekling, vedtak og diskusjonar.
Deltakarane frå lokallaget Aud Marit, Grete og Grethe
Tilpassing til ny lov om samvirkeføretak for P/L Husflidstova
Styret til PL Husflidstova arbeider med å tilpassa vedtektene til krava til vedtekter som
er i lov om samvirkeføretak.Me har tatt utgangspunkt i standard vedtekter frå handbok
for samvirkeføretak frå www.bedin.no
På medlemsmøtet etter sommaren vil me ha ei høyring og diskusjon rundt utkastet til
nye vedtekter. Det er planen å godkjenne dei nye vedtektene på årsmøtet 2012.
Her er eit utdrag frå arbeidet vedrørande føretak:
Selskapet skal drive :
* Arbeide for å fremja dei lokale bunadstradisjonane, organisera produksjon og fremja
omsetnad av bunader.
* Arbeide for å ivareta kvaliteten på bunadene etter tilråding frå bunad og
folkedraktrådet og lokal bunadsnemnd.
Føretaket har til formål å fremje medlemmane sine økonomiske interesser gjennom
deira deltaking i verksemda som kjøparar av varer og tenester frå føretaket, samt som
leverandørar av varer eller tenester til føretaket. Verksemda si avkastning, bortsett frå
ein normal forrentning av innskoten kapital, blir anten ståande i verksemda eller delt
blant medlemmane på grunnlag av deira del i omsetningen med føretaket.
6
Slik lagar du seljefløyte :
1: Først skjer du av ein glatt og fin kvist, litt tjukkare enn langfingeren din, og gjerne 20 cm lang. Det må skjerast mellom
skota på kvisten, emnet skal vere så glatt som muleg. Kutt kvisten rett i den eine enden.
2: I den andre enden lagar du eit munnstykkje omtrent som på ein blokkfløyte. Du skjer altså på skrå
3: Kutt tuppen heilt ytst rett av
4: Lag eit lydhol på oversida av fløyta, nær munnstykkjet. Du må skjere gjennom barken litt ned i veden. Lag også eit spor i
barken med kniven rundt fløyta, ovanfor der du skal ha lydholet.
5: No kan du trekkje av barken. For å få han til å løysne, legg du fløyta på låret og bankar varsamt med knivskaftet rundt
heile. Det er då, ifølje erfarne, eldre fløytespikkarar, viktig å seie – om og om att – medan du bankar: "Sva, sva fløyte. I
morgon skal du få kjøt og kål – i kongens gård. Sva, sva fløyte". (Sva er frå norrønt svad, som tyder glatt stad, som i
svaberg). Eller: ”Tvitt, tvitt, vil du gå for meg i år! Og vil du ikkje gå for meg i år – så vil du eit anna år. Eller neste år." (Tvitt
er nynorsk ord for enkel fløyte).
6: Trekk av barken. Gå varsamt fram, slik at du får barken av heil.
7: No har du ei fløyte, der halvparten er utan bark. Lag klangrom. Der du laga lydholet i barken og litt ned i veden, skjer du
no eit litt djupt rom.
8: Frå klangrommet og til spissen av munnstykket skjer du no av en tynn flis. Gjennom den skal lufta pressast når du bles.
Sett på barken igjen.
9: No har du ei lang og flott fløyte, med ein halvpart som er utan bark. Blir det ikkje god nok lyd, kan du spikke litt meir av
klangrommet eller skjere endå ei tynn flis fram mot spissen av fløyta. (www.klikk.no/foreldre)
7
Vinnarar i broderinemnda sitt lotteri
1. Strikka dåpskjole
Jorun Sætre
2. Rosemalt bomme
Vigdis Olsen
3. Brodert linduk
Reidun B. Skauge
4. Rund brodert serviett
Laila Ånensen
5. 2 broderte kuvertbrikker mm
Mona Øvrebø Pedersen
6. Gåvekort kr 300
Vigdis Molvik
7. Gåvepose strikka kj.handkle
Marit Mathisen
8. Broderte gryteklutar
Liv Hodneland
POST TIL PRIMSTAVEN
Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver gild å ta kontakt med oss:
Øyvor H. Larsen,
Bruvegen 44, 5914 Isdalstø
Tlf. 56 35 15 51 /99 53 24 42; e-post: [email protected]
Anne Grete Breisnes, Kvalvågen, 5943 Austrheim
Tlf. 56167032 / 97511208, e-post: [email protected]
8