Les meir i artikkel her…

Download Report

Transcript Les meir i artikkel her…

16
STRILEN
L AU R DAG 10. DESEM B ER 2011
Varetektsfengsla
i åtte veker
Skiklubben vert team
UKM på Sæbø
RADØY: Også i 2012 skal den
lokale finalen i Ungdommens
kulturmønstring (UKM) arrangerast på Sæbø skule på
Radøy. Den lokale mønstringa
er 4. februar, og der kan ungdommar frå Lindås, Radøy,
Austrheim, Fedje, Meland og
Masfjorden visa kva dei kan.
Mønstringa er open for alle
mellom ti og 20 år. Eit utval
får vera med i fylkesmønstringa i Grieghallen i april.
NY LEIAR: Claus
Sellevoll er valt til ny
leiar i Nordhordland
skiklubb.
Skiklubben vil selja
lysløypa på Gamlesætra til Eikanger IL
for ei krone.
HANDBALL
Av Ketil Tjore
[email protected]
KNARVIK:
Formann Steinar Mørch
og resten av styret i Nordhordland Skiklubb fekk full støtte på
årsmøtet for at ein ny Teammodell skal erstatta dagens organisering av klubben. Dermed
vedtok årsmøtet førre tysdag
samrøystes å gå for den nye
modellen, som gjer Nordhordland Skiklubb til ein rein representasjonsklubb, heiter det i
ei melding til avisene.
Dei ni frammøtte frå idrettslaga Alvidra, Seim, Eikanger og
Knarvik var alle for å vera med
vidare, men gjerne utvida samarbeidet mellom fleire idrettslag i regionen. No skal forslaget
vidare til årsmøta i dei respektive idrettslaga. Etableringa
av ein Team-modell inneber
mellom anna at utgifts- og inntektsposter blir administrert ut
av Nordhordland Skiklubb.
HEIMEKAMPAR I HELGA
OG KOMANDE VEKE.
Laurdag 10. desember i Mongstad
Idrettshall
1200 Jenter 12 B1 Lindås - Nordre Fjell
1255 Jenter 10 B2 Lindås 2 - Lysekloster
1335 Jenter 11 A3 Lindås - Bjarg
1430 Jenter 14 B2 Lindås - Bønes
1525 Jenter 15 B1 Lindås - Nordre Fjell
Søndag 11. desember i Meland Aktiv
1350 Jenter 10 B1 NHIL - Fyllingen 2
1435 Jenter 12 B1 NHIL - Nordre Fjell
1545 6. divisjon kvinner A1
Nordre Holsnøy/Knarvik - Kringlebotn
Det blei også lagt fram forslag om at Eikanger IL tek over
lysløypa og løypeutstyret på
Gamlesætra, for ei krone.
Vedtaket er oversendt Eikanger
IL for vidare behandling.
Steinar Mørch gjekk av som
styreleiar og blei takka for stor
innsats gjennom mange år.
Claus Sellevoll er ny leiar, og
med seg i styret fekk han
Kenneth Alvær (Alvidra), Ottar
Skår (Seim), Vigleik Stusdal
(Eikanger) og Oddvar Sellevoll
(Knarvik), heiter det i meldinga
frå Nordhordland Skiklubb.
Søndag 11. desember
i Nordhordlandshallen
1200 Jenter 10 B2 Knarvik - Os 2
1240 Jenter 11 A3 Knarvik - Kringlebotn 2
1335 Jenter 11 B2 Knarvik 2 - NHIL
1430 Jenter 11 B2
Modalen Idrettslag - Kjøkkelvik 4
Tysdag 13. desember
i Mongstad Idrettshall
1930 6. divisjon kvinner A1Lindås - Os 3
Onsdag 14. desember
i Nordhordlandshallen
1800 Jenter 11 A3 Knarvik - Lindås
» Ferdig installert
fra kr. 14.990,-
KJØP VARMEPUMPE FRA BKK
Over 300 000 varmepumper er allerede installert i norske hjem. Gjør noe med strømregningen din du og,
invester i en varmepumpe i dag! Vi tilbyr Toshiba varmepumper og har ekspertisen til å kunne veilede deg
til et riktig valg. Vi utfører gratis befaring av din bolig.
For mer informasjon og bestilling ring vårt kundesenter på 05 123 eller se bkk.no/varmepumpe
NEOLAB FOTO: RUNE BERENTSEN/BERGENS TIDENDE
Den estlandske mannen som
vart pågripen i ein væpna aksjon på Fedje tidlegare denne
veka, er varetektsfengsla for
åtte veker. I følgje bt.no skal
mannen ha erkjent i avhør at
han prøvde å drepa arbeidskollegaen sin. Dei to jobba i
same bedrift på Fedje, og skal
også ha budd saman. Avisa
skriv at mannen har forklart
at kollegaen prøvde å forgifta
han, og han hevdar også at
han faktisk vart forgifta. Det
siste skal ikkje politiet festa lit
til. Politiet fekk melding om
hendinga i 20.30-tida tysdag
og rykka ut med væpna
mannskap. Mannen som no
sit i varetekt vart pågripen i
23-tida om kvelden. Mannen
som vart stukken med kniv
fekk skadar i nakke-og
hovudregionen.