MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND

Download Report

Transcript MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG
Nr 4 / september 2012
Haustaktivitetar i Husflidslaget
Etter ein kort og kjølig sommar er hausten komen. For oss husflidsfolk gjev det seg
utslag i stor skapartrong og mykje aktivitet i laget. Utanom styremøter og oppstart av
haustkurs og handarbeidstreff har me deltatt på kystsogevekene og hatt aktivitetar for
born på Holmeknappen i Meland. Og laurdag 15.september markerte me, saman med
bunads- og broderinemda, Husflidens dag i Hillesvågen.
Vidare utover hausten vert det Handarbeidstreff i Hillesvågen månd.1.okt kl.18.00
Tema vert strukturstrikk og sjal i holmønster med Ingrid Hopland.
Ta med garn og pinnar som høver. Til strukturstrikken må pinnane ha eit nr.tjukkare enn
anbefalt til garnet. Det vert og høve til å kjøpa garn frå fabrikken.
3.november vert det Husflidsmesse på Knarvik vg.skule. Håpar mange av dei flinke
produsentane i laget vil delta der.
26.november held me vårt årlege julemøte i Hillesvågen.
God handarbeidshaust til dykk alle.
Aud Marit Halland
leiar
HANDARBEIDSTREFFET 3. september
På første handarbeidstreffet i år stod flatbrødbaking på programmet. Arild Hagenes var
instruktør. Det var ein hyggjeleg kveld og gode flatbrød vart det. Me brukte to ulike
oppskrifter. Nedanfor er den eine oppskrifta, som er Arild si oppskrift.
300g sammalt grovt mjøl
300g byggmjøl
300g rugmjøl
6-7 dl godt varmt vatn
Deigen skal sleppe bollen - ikkje vere
klissete.
Lag emne på 50 - 60 g
Oppbevar kaldt til dagen etter.
Byggmel + litt kveitemjøl til utkjevling.
Kjevle ut tynne leivar og steik dei på takka.
2
Puteutstilling under Kulturdagane i Radøy
Broderinemnda i husflidslaget hadde
utstilling av puter i Gamle prestegarden
på Manger under kulturdagane i Radøy
i vår.
Me fekk låne mange puter til
utstillinga. Den eldste var over hundre
år gamal. Det var kvite putevar med
engelsk broderi, og nokre av dei
hadde bokstavane til mannen i huset
brodert på. Der var sofaputer i alle
fargar, med mange motiv..
Utstillinga var godt besøkt den helga
me hadde ope. Måndag var tre
skuleklassar på besøk. Då fortalte me
om kvitsaum og om korleis ein teiknar mønster på stoff. Tysdag viste me utstillinga til
dei som var på eldrekafèen. Etter denne stunda med pensjonistane vart utstillinga
pakka ned.
Me har etter avtale med eigaren, kopiert mønsteret på mange av putene me fekk låne.
Vigdis Olsen
Presentasjon av Husflidslaget
Nordhordland Husflidslag vart invitert til å presentera laget vårt under "Det skjer i
Lindås" på biblioteket i Knarvik måndag 17.september.
Leiar i laget Aud Marit Halland,og tidlegare leiar i Bunadsnemda Rannveig Reigstad, tok
den oppgåva.
Alle aktivitetane i laget,kursverksemda,messer og torgdagar vart fortald
om.Husflidslaget sin butikk på Ikenberget P/L Husflidstova reklamerte me for,samt
bunad og broderinemda.
Rannveig fortalde korleis bunadsnemda vart skipa,og at den var forløparen til laget i
1974. Ho fortalde og om bunadane og brudedrakta som dei hadde rekonstruert.
Me hadde med brosjyrar som vart lagt på biblioteket.
Dei andre laga som deltok var Knarvik Gamaldanslag, Alversund mållag, Frivilligsentralen
Lindås, Lindås sogelag, Musikkens venner Nordhordland, Nordhordland fotoklubb,
Songlaget Alvidt/Manger, Nordhordland kunstlag, Nordhordland litterære selskap,
Nordhordland svingklubb, Nordhordland turlag og Senioruniveritetet.
Som de ser var me i godt selskap. Kultursjefen i Lindås Øyvind Stang takka for den
frivillige innsatsen me gjorde i laga våre,og framheva kor viktigt dette var for
lokalamfunnet.
3
Aud Marit og Rannveig
Husflidens dag 15. september 2012
Husflidens dag var i år som tidlegare arrangert av Nordhordland Husflidslag i samarbeid
med Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Husflidslaget hadde mobilisert medlemmer for å vise ulike handarbeidsteknikkar. Leiar i
laget, Aud Marit Halland, var spent på frammøtet og gledeleg overraska når det halv
annan time før opning kl. 12.00 var publikum som ville inn i Husflidenes Hus i Hillesvågen.
Det var stor interesse for både å sjå husflidsteknikkar og ikkje minst slå av ein prat. Sal av
kaffi og stompekake gjekk som vanleg stykande.
Ullvarefabrikken hadde gode tilbod denne dagen, og hadde og svært godt med besøkjande.
Rannveig Registad saman med to medlemmar av Bergen Husflidlag,
Tove Nygård og Brit Skar i ivrig samtale.
Treskjerar Arne Nepstad i arbeid med «øl-kjenge». Gamle
tradisjonar er viktig å halde i hevd.
Karin Larsson Eide demonstrerte rosemaling
4
Ingunn Haug arbeidar med å perle etter mønster frå gamle
beltemønstre frå Nordhordland
.
Vigdis Olsen frå Broderinemda hadde med fleire broderte bilputer, mellom anna
denne. Ho fortel at nemnda har samla fleire tusen mønstre. Det største tilskotet
fekk dei frå ei bergensdama som rydda opp etter nedlegging av ein gamal
broderiforretning i Bergen . Fleire tusen mønstre var samla i plastsekkar og skulle
brennast då Jorunn Sætre fekk nyss om saka og overtok sekkane. Mønster til bil
puta kjem herifrå.
Kirsti Abbedissen i veven
Svanhild Tofting sine produkt
Godt frammøte
Grete Vetås viser veving av bunadsband på grindvev
5
Og god servering
Kystsogevekene: Oppdrag:
Stormønstring av kystkultur
11.august var husflidslaget representert
på opninga av kystsogevekene i Radøy.
Me deltok med demonstrasjon av
handarbeidsteknikkar frå 1800 talet i den
gamle stova i Åsen på Øvre Tveiten. I
tradisjonsrike klede, med duk på bordet,
porselenskoppar og lefser ville me at dei
som traff oss skulle få kjensla av å trå inn i
ei god gamaldags kvinneforeining.
Gjestane reiste med veteranbuss frå Vestnorsk
Utvandringssenter til garden Åsen som er eigd av
familien Sævdal.. Her var det ljåslått og dyreskue.
Både kystlaget og husflidslaget var med. Me
demonstrerte brodering, perlearbeid, spinning,
brikke- og grindvev. Me hadde ei trivelig stund
med godt søg.
Grete Vetås
Ekstraordinært årsmøte for PL Husflidstova
Grunna merknader frå Brønnøysund har styret vedteke å kalla inn til ekstraordinært årsmøte.
Tysdag 30.10.12 kl.18 på Husflidstova, Blombakken 1 , Alvermarka
Sak 1:
Stadfesting av vedtektsendring i samsvar med lov om samvirkeføretak
Sak 2:
Stadfesting av valgt styre gjort på årsmøtet 130212
For styret
Arild Hagenes
styreleiar
6
INVITASJON TIL HUSFLIDSMESSA 2012
På Knarvik Vidaregåande Skule
laurdag 03. november
Du er med dette invitert til å delta på messa.
- Opningstid: 10.00 – 16.00 for sal.
- Bankgiro og fleire opplysningar vert sendt ut etter påmelding.
- Tillaging frå kl. 08.30 på laurdag.
- Det vert kafé.
- Det er ikkje tillate å spikra i veggane(montera på veggen).
- Det er ikkje ribbeveggar i lokala.
- Du kan leiga maksimum 2 bord.
Dersom du har spørsmål vedkomande messa, kan du kontakta: Aud Marit Halland 94857312
Kjersti Børilden 99361071
Påmelding innan 12. oktober 2012
For messekomiteen
Aud Marit Halland
.................................................................................................................................
KUN skriftleg påmelding til husflidsmessa på Knarvik Vidaregåande Skule 03. nov. 2012
Sendast til: Aud Marit Halland, Lervikvn.24, 5936 Manger, evt. e-post: [email protected]
Standplass: Kryss av for eitt alternativ:

1 bord (125 cm) kr.250.
og for medlemmer i Nordhordland Husflidslag kr 200,
2 bord (250 cm) kr.500,
og for medlemmer i Nordhordland Husflidslag kr 400.
Opplys her om golvstørrelse på stativ du skal ha med deg på messa.
 NAMN:.............................................................................................TLF:........................
 E-post…………………………………………………………………………………………..
 ADRESSE:.....................................................................................................................
PRODUKT:.....................................................................................................................
7
REGNDROPAR
Høyr kor det nedetter ruta mi druslar.
Tusen små føter på taket mitt ruslar.
Tusen små klunk og tusen små klukk,
tusen små blunk og tusen små sukk.
Tusen små, øresmå, bittesmå drypp,
tusen små, øresmå, bittesmå hypp.
Tusen små riddarar samla i tropp,
tusen små hestar i tråv og galopp.
Kvar kom dei ifrå medan eg låg og sov
alle dei tusen små hestar i tråv-.
Kvar kom dei ifrå, og kvar skal dei av-.
-Havet dei eingong til himmelen gav.
-Havet dei eingong til himmelen gav.
No er dei på vegen attende til hav-.
Aslaug Låstad Lygre
POST TIL PRIMSTAVEN
Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss:
Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: kjehau1@ hfk.no
Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim. Tlf 56167032 / 97511208, e-post: [email protected]
Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim
8