Primstaven nr 4 2010

Download Report

Transcript Primstaven nr 4 2010

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG
Nr 4 / sept. 2010
Eitt av produkta laga på brikkevevkurset til Sonja Berlin i sommar.
Kirsti Abbedissen har laga bandet.Bandet heiter lingon og er i maskeeffekt
Borgny Askeland 90 år
Den 14. juni d.å fylte Borgny Askeland 90 år. Då me vitja henne på den store
dagen, var det ei strålande og svært sprek dame som tok i mot oss. Dagen
før hadde ho raka rundt heimehuset, for å gjera det fint til dagen sin.
Borgny har vore med i husflidslaget frå oppstarten i 1974. I 23 år hadde ho
jobben som kasserar for laget. Rekneskapet til laget var like nøyaktig og rett
gjort som alt anna handverk som ho arbeidde med.
Då laget var 20 år vart ho utnemnd som æresmedlem. Noko som ho med
rette fortente.
Borgny både har vore og er ein stor ressurs for laget, og me takkar henne for
alt ho har bidrege med.
For husflidslaget
Aud Marit Halland og Oddny Røyseth
Anna Fammestad 90år
Anna vart 90år 20.juli 2010. Dagen vart høgtida i
undomshuset på Fammestad med stort frammøte av
slekt og vener.
Ein tradisjonsberar av den handborne kunnskapen må
me seie at Anna er. Ho har gjennom heile livet teke
vare på kulturarven, og på sin lune måte delt med
andre kunnskapen om korleis dei laga dei ulike
produkta, kva dei skulle brukast til, og kvifor det måtte
gjerast på denne måten.
Anna har fått Lindås Kommune sin kulturpris for
arbeidet med åklevevnad. Takka vera dette arbeidet er
mange gamle åkle vorte kopiert med mønster og
opphaveleg farge.
Ho Anna har og fått Noregs Husflidslag sin ærespris og
ikkje minst var ho representert på OL i Lillehammer
med vevnaden sin. Framleis er Anna aktiv i vevstolen.
For husflidslaget Svanhild Tofting
2
Osebergdronninga sin vev
For tredje gong kom folk frå aust og vest til Masfjorden
for å gå på brikkevevkurs. Denne gongen var det 12
friske, sprudlande og lærevillige damer som kom.
Nokre nye og nokre gjengangarar.
Det inkluderande og kreative miljøet som vår inspirator
og læremeister Sonja Berlin skapar, dreg oss til
Masfjorden gong på gong.
Nokre av deltakarane var proffar og fekk inspirasjon til
eige arbeid, medan andre gjorde alle feil som gjerast
kan. Og dette kvalifiserer til å få delta på eit nytt kurs.
Endå andre gjennomførte nybegynnar-kurset for andre
gong.
Her er det plass til alle i eit fantastisk fellesskap. Me
håpar på repitisjon med Sonja i august 2011.
For oss damene er dette eit vedlikehaldskurs for
kunnskap og venskap.
Sonja Berlin underviser dobbeltvev til Turid Berger,
Greta Husebø og Inga Conijn.
Helsing brikkevevdamene
Inga Conijn lagar renning.
3
Synnøve Lysebraate knekker koden på islandsk dobbeltvev og
lager bokstavband
Aktivitetar i laget
No er sommaren på hell, og me har alt starta opp med haustaktivitetane i laget vårt.
Som de ser ein annan stad i bladet har me hatt det første handarbeidstreffet i haust.
Neste handarbeidstreff vert 4. okt. med tauverk som tema.
Og 1. nov skal me pjona nissar.
Laurdag 11. sept. opnar me utstillinga av sløyd og handarbeidsprodukt frå 1900- talet.
Den utstillinga vert ståande til laurdag 18. sept.
Søndag 12. sept. held me fokus på kulturminnedagen. Utstillinga er eit samarbeid med
kulturdagane i Lindås, og ei markering av 100 års jubileet til Noregs Husflidslag.
Husflidsmessa vert 13. nov. på Knarvik .vg. skule. Sjå eige påmeldingsskjema i bladet.
Julemøtet vert i Husflidens hus i Hillesvågen den 29. nov. Program for kvelden kjem i
neste nr. av primstaven.
Landbruksdagen på Austrheim 2. okt. er no like om hjørnet. Enno har ikkje så mange
medlemar meldt si interesse. Svanhild Neteland ber om antal utstillarar. Standen kostar
kr. 200.- pr. stk.
Meld dykk på snarast til leiar Aud Marit Halland tlf 94857312 / 56373278.
Vonar mange kan vera med denne laurdagen og syna fram mangfaldet i laget vårt.
I tillegg minner me om at det enno er ledige plassar på desse kursa:












Lammerull
Salting/krydring av sild
Bilde i ull
Kvinnebunad
Plantefarging
Grønlandsperler
Knipling
Dreiing
Pilfletting
Kipelaging
Tauverksarbeid
Spinning
Er noko av interesse, ver snar og meld deg på. Ta gjerne med ein ven eller nabo.
4
INVITASJON TIL HUSFLIDSMESSA 2010
På ”Nye Knarvik vidaregåande skule”
laurdag 13. november









Du er med dette invitert til å delta på messa.
Opningstid: 10.00 – 16.00 for sal.
Bankgiro og fleire opplysningar vert sendt ut etter påmelding.
Kvittering for betalt standplass skal visast fram ved frammøte.
Tillaging frå kl. 08.30 på laurdag.
Det vert kafé.
Det er ikkje tillate å spikra i veggane(montera på veggen).
Det er ikkje ribbeveggar i lokala.
Duk til borda må du ta med sjølv, om du treng det.
Du kan leiga maksimum 2 bord.
Dersom du har spørsmål vedkomande messa, kan du kontakta: Aud Marit Halland 94857312
Kjersti Børilden 99361071
Påmelding innan 18. oktober 2010
For messekomiteen
Aud Marit Halland
.................................................................................................................................
KUN skriftleg påmelding til husflidsmessa på ”Nye Knarvik vidareg.skule” 13. nov. 2010
Sendast til: Aud Marit Halland, Lervikvn.24, 5936 Manger, evt e-post: [email protected]
Standplass: Kryss av for eitt alternativ:

1 bord (125 cm) inkl. kaffi med rundstykke/stompekake kr.250.
og for medlemmer i Nordhordland Husflidslag kr 200,
2 bord (250 cm) inkl. kaffi med rundstykke/stompekake kr.500,
og for medlemmer i Nordhordland Husflidslag kr 400.
Opplys her om golvstørrelse på stativ du skal ha med deg på messa.
NAMN:.............................................................................................TLF:........................
E-post………………………………………………………………………………………………………………………..
ADRESSE:........................................................................................................................
PRODUKT:.......................................................................................................................
5
NYTT FRÅ HUSFLIDSTOVA
Etter ein lang sommaferie, er me i full gang att på Stova. Alle bunader til
haustkonfirmantane er levert og no er det vårkonfirmantane sine bunader som er i
produksjon.
To av medarbeidarane på Stova slutta før sommarferien; Reidunn Dragøy Sundsøy og
Anlaug Bø. Dei har gjort eit flott arbeid den tida dei har vore tilsette hjå oss.
Jorunn Sætre er tilsett i ei deltids-stilling, det same er Oddny Røyset. Me er glade for å ha
to så dyktige og driftige damer på Stova.
Arbeidet med å tilsetja ny medarbeidar på stova er i full gang. Om det går som me
ynskjer, vil ny medarbeidar vera tilsett i løpet av september.
Arild Hagenes
styreleiar
MINNEORD
Vår kjære husflids- og bunadsven Ingrid Breistein døydde
19.juli 2010, 96 år gamal.
Med henne har husflidslaget og bunadsnemnda mista ei
eldsjel innan all husflid.
Ho var med og starta desse laga i 1974, og var leiar i begge
laga frå starten.
Ingrid stod i bresjen for innsamling av gamle bunadsdelar,
som etter 10 års arbeid vart rekonstruksjonen av
grøntrøyebunaden og deretter festbunaden. Eit stort og
møysommeleg arbeid.
Mange er dei som går i bunad som Ingrid har sydd. Og mange
er me som har mykje å takka Ingrid for. Med sin kompetanse
og gode erfaring gav ho oss som mindre visste, gode råd og
rettleiing. Me gjekk aldri frå henne utan meir kunnskap, også
dei som gjekk på bunadskurs hos henne.
Til laget sitt 30-års jubileum gav ho ut eit hefte om kvithuva,
korleis ho vert laga og om skikk og bruk. For alt arbeid ho la
ned innan husflid fekk ho vel fortent Norges Husflidslag sitt
heidersmerke i gull.
Det er ikkje lite arbeid ho la ned i laga våre.
Ingrid var vårt førebilde og vår store støtte.
For alt dette takkar me deg Ingrid, og lyser fred over ditt minne.
For husflidslaget og bunadsnemnda
Ingebjørg M.Kolstad
6
Handarbeidstreff 6. sep. 2010
Eit sikkert teikn på at hausten står for døra er
at me er i gang med handarbeidstreff i
Husflidens hus. På dette første treffet lærte
me tvebandstrikk. Hege på Husfliden i
Bergen hadde tatt turen utover til oss, og var
ein dyktig og inspirerande kursleiar. 20
damer streva med fleire trådar til opplegg i
tvebandstrikk, og det gav diverse snurrar
både på tråd og pinnar. Men når
strikkeutfordringane vart store delte ein på Hege sine Sjonaleistar i tvebandstrikk
kunnskap og erfaring etter beste evne.
Det vart lagt ned ein stor arbeidsinnsats
denne kvelden, men den var ikkje målbar i så mange cm. Trøysta var at det vart veldig
vakkert det me laga sjølv om framdrifta var liten.
Så takk til Hege som kom og lærte oss litt om korleis Sjonaleista skulle spøtast.
Johanna Seim har fått lagt opp i tvebandstrikk
Hege frå Husfliden lærar Reidun opplegg til tvebandstrikk
7
Produksjon av Sjonaleista i tvebandstrikk
LIVET VÅRT
Livet vårt er som ein underleg vev
Ingen veit kor lang renning han hev
Kvar ein time, kvar ein minutt som går,
vert til innslag i veven vår.
Det er som ein skyttel som sviv og renn
og vev inn eit mønster ein dag i senn.
Frå første dagen me låg i vogga
og til den siste når skyttelen stogga.
I den første tida med me er barn
slær me i veven så lyst eit garn.
Sidan vert det så ofte ein knute
som me ynskte helst var or veven ute;
men me kan ikkje skyttelen tilbake slå
og ikkje knuten or veven få.
For tida ho går og skyttelen sviv
og livssoga vår i veven han skriv.
I ungdomen vert ofte tida for kort,
og garnet det renn gjennom fingrane fort.
Skyttelen sviv, han renn og han dansar,
og tida fer frå oss før me rett sansar;
men i veven vår vev me kvar einaste dag
mønster av mange ulike slag.
Stundom me sulkar det garnet me spinn,
som skyttelen slær i veven vår inn,
så stygge merke i veven seg lagar
og dei lyt stå der alle våre dagar.
Det hender stundom me kvir oss då
til å rulla opp veven og på mønsteret sjå.
Ja, kunne me hugsa at kvar dag me spinn
det innslag som me i veven slår inn
og at livet me lever frå dag til dag
vert mønster i veven av ymse slag.
Me kan ikkje på feiler i veven klaga
for hugs det er me sjølve som mønsteret laga.
Ingen kan vaska veven vår rein
utan ein einaste, einaste ein.
Ja, legg me vårt liv og vår vev fram for han
han rullar og rensar, han vil og han kan!
Gerda Hartveit
Dette diktet framførte Anna Fammestad
på 90-års dagen sin
POST TIL PRIMSTAVEN
Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver gild å ta kontakt med oss:
Øyvor H. Larsen,
Bruvegen 44, 5914 Isdalstø
Tlf. 56 35 15 51 /99 53 24 42; e-post: [email protected]
Anne Grete Breisnes, Kvalvågen, 5943 Austrheim
Tlf. 56167032 / 97511208, e-post: [email protected]
Utgjevar: Nordhordland Husflidslag, Returadr.: Anne Grete Breisnes, 5943 Austrheim
8