Primstaven nr 3 2013

Download Report

Transcript Primstaven nr 3 2013

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG
Nr 3 / juni 2013
Frå torgdagen i Hillesvågen. I år kunne ein og få kjøpe blomar og staudar
Torgdag i Hillesvågen –laurdag 1. juni 2013
Tradisjonen tru skipa Nordhordland
Husflidslag til den tradisjonelle torgdagen
fyste laurdag i juni i Hillesvågen. Dette er
ein møteplass for produsentar av
husflidsprodukt , demonstrasjonar av
handarbeidsteknikkar, sal av mat og ymse
aktivitetar for borna.
Grete Vetås i husflidslaget stod for
opninga og ut over dagen vart boder og
kafe godt besøkt. Sjølv om veret ikkje var
det aller beste var det god stemning og
som vanleg varma kjøttsuppa som
Husflidstova stod for godt.
Over:
Grete Vetås ynskte
velkomen
Høgre: Jorun Sætre frå
broderinemnda
demonstrerte gamle
teknikkar.
Venstre:
Bunadsnemnda , her ved
Rannveig Reigstad, viste
døme på bunadsutstyr og
informerte om mønster og
arbeidsprosessar
Ein populær aktivitet for borna var å lage
hoppetau på ”gamlemåten” av oppklypte
laken og dynetrekk
2
Kjære alle husflidsmedlemar
Nok ein aktiv sesong i laget vårt er slutt. Med ny leiar denne våren. Eg er litt opptatt av at me
driv eit lag - i lag. Det er masse god dugnadsånd i Nordhordland Husflidslag. Det såg me på
Torgdagen no nyleg. Mange av oss som plar stille opp hadde andre ting fore den dagen, men
nye kom til og kunne stille når dei berre fekk spørsmål om å gjere ein jobb. Det er ikkje farleg
å vere leiar i eit slikt lag. Men eg har ei lita bøn til alle: Når me har handarbeidstreff og
liknande er det kan hende styret som må ta ansvar, men dersom alle tar eit lite tak og gjer
ein jobb, kanskje ikkje kvar gong men av og til, så går oppryddinga og ting mykje snauare for
alle.
Det er tid for litt ferie, men også i år vil me prøva halda laurdagope i Husflidens Hus heile
sommaren. Om du er heime framover og vil og kan stille opp ein laurdag så ta kontakt med
meg (99525289) eller Johanna (952 56 249). Vi har kanskje den laurdagen ledig til deg.
2.september tar me til att med handarbeidstreff.
Det som ellers skal skje utover høsten er: 7.sep (Husflidsdagen) 7. okt (Handarbeidstreff),
2. nov (husflidsmessa), 11. Nov (julemøte)
Ynskjer dykk alle ein varm og god sommar.
Sommarhelsing frå leiaren
Ingrid Sødal Eidsnes
”STREIF” I SÆBØVÅGEN
I eit forrykande uver, med storm frå sør, vart det 1.mai arrangert
”streif” i Sæbøvågen.
Evy Dame og Kystlaget hadde laga istand langbord med varm mat og
drikke til alle turgåarane. Mange kom frå Kvalvik, om lag ein times
tur gjennom utmarka. Inne på slippen var det varmt og godt, og folk
gav seg tid til å høyre på Berit Kvalvik som fortalde soga til Kvalvika.
Berit er ein god kulturformidlar, ho kan gjere soga levande.
Elles var det sal av mat og handverksprodukt med tilknyting til
kysten og til fiskarbonden sitt liv.
Det var mykje folk som trassa veret, så slippen var godt besøkt.
Husflidlaget var inviterte og Svanhild Tofting og Halvor Rostrup
deltok med sine flotte produkt.
Torgdag i Bergen 8.juni
Også i år var Nordhordland Husflidslag representert på
Torgdagen i Bergen. 5 medlemmer viste fram og selde
produkta sine. På bildet har vi rigga oss opp og er klare
til å ta imot folket som kjem. Det var litt surt og vått til
morgonen, men kom seg utover dagen. Vi delte ut
brosjyrer for laget og oversikt over haustkursa, og
møtte stor interesse.
3
Årsmøte i Hordaland Husflidslag
Me fire utsendingane til fylkesårsmøtet,
Johanna Seim, Ingunn Haug, Grethe
Spurkeland og underteikna, hadde ein fin tur
innover til Ulvik, ein fredag ettermiddag i
mars.
Me visste at me ville møta mange med same
interesse som oss, og det vart livlege
diskusjonar og deling av idear og anna i
pausane.
Frå det faglege ønskjer eg å trekkja fram arbeidet med ”Raudlista”: Det er her snakk om å
arbeida med handarbeidsteknikkar som er i ferd med å verta gløymde. Dette er eit arbeid
som skal tilpassast lokale forhold, der også eigarskapet til dette arbeidet skal liggja. Dette
bør vera tema på eit av våre medlemsmøte også. Det er skreve om dette på sidene til Norsk
Husflid.
Arbeidsplanen som var lagt fram og vart vedteken på møtet, bør også innarbeidast i vår
lokale arbeidsplan. Årsmøtet gjekk utan dei store diskusjonane. Ved valet fekk Grethe
Spurkeland, frå Nordhordland husflidslag, tillit i ein ny periode som styremedlem.
Kvart lokallag hadde 5 minutt til å fortelja om sine aktivitetar. Her var stor aktivitet i nokre
lag, og andre med lite aktivitet. Ei gladmelding til Bunadsnemnda frå Husfliden i Bergen:
mønstra som nemnda sel er kjempeflotte, det er ingen som har laga slike gode mønster som
de.
Me hadde ei fin oppleving denne helga med ulike aktivitetar. Referat frå dette møtet finn du
på Hordaland husflidslag si side under årsmelding.
Sekretær Torill Velure har no slutta i si stilling. Ny sekretær
er Gunn Hauge frå Askøy. Ho gler seg til å besøkja oss når
vi har behov for det.
Siste dagen var det medarbeiderkurs med tema som
kontstikk, hoseband og laging av draumefangar.
Helsing Vigdis Olsen
Dei to nedste bilda er frå
siderproduksjon der me
hadde omvising og
sidersmaking
4
VÅRTUR TIL YPSØY
Den årlege vårturen vår gjekk i år til Ypsøy,
”Herdlefjordens perle”. Sjølv om veret kunne vore
betre, hadde me ein flott dag der ute. 20-25
medlemmer med følje deltok. Me køyrde til Io og
møtte Monika og Vigleik Ypsøy med kvar sin skyssbåt
ved kaien. Turen til Ypso tok berre minuttar. Som
velkomstdrikk fekk me geiteramssaft før dei fortalde
om garden og historia til garden og Øya. Dei driv
berekraftig gardsdrift med villsauer, dyrking av
økologiske grønsaker og urtar. Dei driv ”Inn på
tunet”-prosjekt, der dei tek imot ungdomar som
treng tilrettelagde tiltak. Dei tek og imot grupper og
formidlar kulturhistorie, viser rundt og serverer god og
sunn mat. Etter at Vigleik hadde vist oss rundt på øya,
fekk me servert nydeleg villsaukjøt av eigne sauer i løa
som er oppattbygd som kopi av den gamle løa. Løa var
godt isolert og med peisvarme og langbord. Me hadde
ei skikkeleg triveleg stund der.
Monika og Vigleik er gjestfrie og tek vel imot besøkande
Vigleik er ein flink
forteljar. Her står han
ved den gamle
”kjedlo”, som forsynte
alle innbyggjarane på
Ypso med vatn
tidlegare.
Til venstre ved
langbordet i løa.
INVITASJON
Nordhordland Husflidslag er også i år invitert til å delta med utstilling og sal under
Kraftspela på Matre 17. aug. Dei som er interesserte kan ta kontakt med Arthur Reidar
Sjursen mob. 97080865, [email protected]
Me er og inviterte til fiskefestivalen på Fedje 6.juli. Ta kontakt med
Stian Herøy tlf. 41604939 eller Kristine Rossnes
tlf 91638467
5
Nordisk Vevsymposium i Trondheim
I dagane 31. mai til 2. juni møttest 165 vevglade damer, nokre menn og gjester frå Sverige og
Danmark på Britannia Hotel. Frå Oslo og Mo i Rana kom mange med tog. "Vevtog" kalla dei
det, fordi det vart arrangert diverse kortkurs i ulike teknikkar som brikkevev, perlevev, runevev,
flamming osv. ombord på toga. Frå Nordhordland husflidslag var vi 3 deltakarar.
Det var tett program med foredrag og utstillingar, god mat, prat og endå fleire kortkurs mellom
anna i sprang, firfletting, dataveving, brikkeveving, spinning av ull og av lin.
Nytt oppskriftshefte med skjerfvev vart presentert: Kjærtegn til halsen, og ferdige skjerf kunne
sjåast på utstilling.
Gamle meistrar som Sigrun Berg og Hanna Ryggen vart presenterte innimellom magiske
tekstilar, og vi fekk høyra fantasifull forteljing om kva bolster som inspirasjon kan føra til på
motefronten både i Frankrike og i Sverige. Glimt frå norsk vevtradisjon høyrde sjølvsagt med.
Film såg vi også: Elisabeth fra Vengøy - veversken, ho var 92 år, men karda, spann, strikka
labbar, klipte mattefiller, sette opp vev og vov vakre ryer. Nokre var med på utstillinga. Ho vart
klappa fram av ei ståande forsamling og mang ei tåre vart tørka.
Elles hadde vevarar frå Trøndelag arbeid på utstillinga på hotellet saman med Arakne, Inger
Anne Utvåg og Savalla.
Vi som kom frå Nordhordland tykte vi hadde tre kjekke og
inspirerande dagar i strålande sol på vevsymposium i Trondheim.
Nytt symposium vert planlagt 5 år fram i tid.
Magnhild Rønhovd, Anne Grete Breisnes og Kirsti Abbedissen
Over ser vi korleis sprang var brukt i
eine enden av dreielsduken. Det var i
enden som hang mot husbonden.
Jon Fredrik Skauge frå Orkdal var
kursleiar på linkurset. Han laga sin første
linåker som 14-åring. Han spann linen og
vov sine eigne dreielsdukar.
Til høgre oppe:
Kursleiar Margit Flakne ,
opprinneleg frå Voss, no Melhus,
rettleier Kirsti Abbedissen.
Rammene hadde ho fått laga av
medlemmer i Melhus husflidslag, og
desse fekk vi med heim.
Under ser vi noko av aktivitetane
som gjekk føre seg på torget i
Trondheim
6
KURS HAUSTEN 2013
Kurs
Kursleiar
Grønnlandsperling
Dagmar Lygre
jul
97033172
Vevkurs/Flatvev
Aud Marit Halland
Timar
Skinnfell
Prestegarden
okt
Manger
29.
Dale
48
aug
Grendahus
Lise Dyrhovden
14
20. og 21.
56367257
Helg
sept
Kjersti Børilden 99361071
34
2014
merknad nederst på arket
Lefse/Flatbrød
Stad
29.
16
56373278
Pilfletting
Start
Hillesvåg
feb
Arild Hagenes
12
99034535
Helg
Pris
kr
920
kr
2 360
kr
kr
830
1 730
19. og 20. Austrheim
okt
Herrebunad
Airin Espelid
Nordhordlandsbunad
55240860
44
kveld
Kvinnebunad
Linda Rongved 97754543
32
30.
Nordhordlandsbunad
Aud Marit Halland 94857312
Herrebunad
Airin Espelid
Nordhordlandsbunad
55240860
Strikkekurs
Ingrid Hopland
Heklekurs
95887296
Tauverk
Kaspar Hansen
vid skule
kr
740
4.sept
Dag/Fred
aug
Hillesvåg
kr 2 180
Hillesvåg
kr
1 640
Hillesvåg
kr
2 180
kr
920
4.sept
44
dag
2.
Dale
16
okt
Grendahus
1.
56178108
16
okt
Flatøy
Merk: Påmelding til skinnfellkurset må inn tidleg på grunn av lang leveringstid på skinna
Materialutgifter kjem i tillegg til kursavgifta.
Medlemmer i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt
på kursavgifta.
Påmelding til kursleier. Bindande påmelding.
7
kr 740
SOMMAR
Væv mig en kåbe, som rødmer,
spind den av tåge, knyt den av stråler,
dyp den i nellikblod!
Væv mig en kjole, som skjælver aspebladvævet, dugperleknappet,
heftet med spindelvævtåd.
Sigbjørn Obstfelder
POST TIL PRIMSTAVEN
Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss:
Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: kjehau1@ hfk.no
Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim. Tlf 56167032 / 97511208, e-post: [email protected]
Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim
8