Program inspirasjonskonferansen

Download Report

Transcript Program inspirasjonskonferansen

PÅ
SKATTEJAKT
I NORDHORDLAND
med opera, champagne
og spenstig arkitektur
08:30 – 09:00 Registrering, kaffi og noko å bite i
09:00 – 09:20 Velkommen. Kva vil vi i Nordhordland?
Elin Folgerø Styve, Regionrådet i NH
09:20 – 10:10 Korleis få inntekt for to vaksne på ein
gard med 35 vinterfora sauer?
Elin Ulveseth Minde, Ulveseth Tunet
Aktivitetsgard
10:10 – 11:00 Med opera, høge hælar og champagne i
grisefjøset
Steinar Sørli, Åmot operagard
11:00 – 11:15 Beinstrekk
11:15 – 12:00 Korleis gjere ein campingplass til eit
attraktivt reisemål gjennom bruk av
spenstig arkitektur?
Torild Langklopp, Stokkøya Sjøsenter
12:00 – 13:00 Matøkt – smak av Nordhordland
13:00 – 13:30 Kan vi ivareta gamle kystbygningar
gjennom ny næring? Korleis går vi fram?
Svein Kornerud, Fylkesmannen i Hordaland
13:30 – 14:15 Mjølkebonde – og stolt av det!
Frøydis Haugen, mjølkebonde og
kvalitetskalvprodusent
14:15 – 15:00 Unge og landbruket eller unge og bygda?
Eli J Fosso, Fylkesmannen i Hordaland
15:00 – 15:15 Takk for i dag og vel heim!
Team Nordhordland i samarbeid med
Felles landbrukskontor for Austrheim,
Fedje og Radøy og Regionrådet Nordhordland inviterar til inspirasjonskonferanse.
Vi vil bu og skape grobotn for nærings­
utvikling i Nordhordland. Korleis får vi
det til? Kva har andre gjort? Kan vi få
inspirasjon til å utvikle våre eigne idear?
Korleis bruke ressursane i bygdene og
på gardsbruka våre til trivsel, nærings­
utvikling og skapelyst?
Målgruppa for konferansen er nyskaparar, bønder, unge som vil inn i landbruket, næringsutviklarar, politikarar,
administrativt tilsette i kommunane
og reisemålsutviklarar i Nordhordland.
Pris: 300 kroner
Påmelding til: [email protected]
Frist for påmelding: 5. januar
Sjå elles meir info på facebook eller
www.nordhordland.net
VELKOMMEN TIL
INSPIRASJONSKONFERANSE
TORSDAG 12. JANUAR 2012
i Strilatun på Seim i Lindås kommune
Elin J. Ulveseth Minde
Eig og driv Ulveseth-tunet Aktivitetsgard saman med mannen, Sturle
Minde. Driv med sau og IPT-tilbod innan skule, arbeidstrening og fritid.
Er og med i Strilalam BA, der dei driv med foredling og direktesal av
kjøtet frå garden. Er utdanna agroteknikar og spesialpedagog. Har
drive med IPT sidan 2003.
STEINAR SØRLI
Operabonde og gründer. Driv Åmot Operagard i Sogn og Fjordane saman
med partnaren sin Yngve Brakstad. I 2011 vann dei den nasjonale Kulturog næringsprisen. Dei er og kandidat til Årets bygdeprofil i 2011. Garden
har vore i familien si eige sidan 1850. Dei to har realisert draumane om
å skape eit operahus i ein låve – i ei bygd kor dei fleste av innbyggarane
ikkje lyttar til opera. Dei har tatt både ein nasjonal og internasjonal
posisjon ved å tørre å satse på det unike. Dette er gjort med kreativitet, kjærleik og
hardt arbeid, noko som har gjeve suksess uavhengig av lokalisering.
Torild Langklopp
Inspirerar gjennom formidling av historikk og visjon for Stokkøya Sjø­
senter. Ho fortel om dei fire søylene dei har fokus på: Natur, Arkitektur, Mat
og Oppleving. Langklopp meiner at det handler om å tørre å spisse
produktet for å bli tydeleg i marknaden, og fortel kva dettte har generert
for dei.
SVEIN KORNERUD
Jurist og fagdirektør hos Fylkesmannen i Hordaland. Stiller spørsmåla:
Kva skal til for å få samtykke til ny næring i gamle kystbygningar? Korleis få det inn i kommunale planar? Kornerud vil óg snakke om samarbeid mellom tiltakshavar, kommunale sakshandsamarar og politikarar.
Frøydis Haugen
Haugen er oppvaksen i Loddefjord og har inga landbrukstilhøyrsle.
Hesteinteresse brakte ho til jordbruksskulen der ho traff han som no
er mannen hennar. For 5 år siden flytta dei frå nybygd tomannsbolig i
byggefelt på Osterøy til garden på Lindås som dei kjøpte på den opne
marknaden. Foruten mjølkeproduksjon, leverer dei også Kvalitetskalv.
Motivasjon til inspirasjon.
Eli Janette Fosso
Seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland. Ho arbeider med lokal­
samfunns- og bygdeutvikling. Hennar spesialfelt er lokal- og regionalgeografi. Innan forsking har ho vore oppteken av unge sitt flyttemønster
og unge si tilknyting til oppvekststaden og bygda. Ho skreiv bl.a. doktor­
grad om unge sitt forhold til utdanning, arbeid og stad og korleis unge
sine val påverka det norske flytte- og bustadsmønsteret.