Nordhordland Digitalt - Vegen vidare, sluttdokument

Download Report

Transcript Nordhordland Digitalt - Vegen vidare, sluttdokument

NORDHORDLAND DIGITALT, VEGEN VIDARE.
INTERKOMMUNALT SAMARBEID INNAN PLAN,
BYGGESAK, GEODATA.
Samandrag
Nordhordland Digitalt (ND) er eit organ der kommunane i regionen samarbeider om felles
geografiske informasjonssystem (GIS), felles prosedyrar for handtering av plan- og
byggjesaker og felles prosedyrar for handtering av oppmålingssaker/matrikkelen og
adressering.
Styret i ND har vore sett saman av ein representant frå kvar kommune (Lindås har to). I
tillegg har styret hatt tilgang til sekretær-ressurs, med base i administrasjonen i Regionrådet
Nordhordland. Denne ressursen er dels finansiert av ulike tilskotsmidlar, dels av kommunale
midlar etter ein fordelingsnøkkel. Særs mykje av arbeidet vert utført på dugnad, der nokre
kommunar er meir involvert enn andre.
Nordhordland og Gulen Interkommunale byggetilsyn (NGIT ) er eit interkommunalt
samarbeid om tilsynsfunksjonen som kommunen er pliktig å ha etter plan- og bygningslova.
Samarbeidet er organisert etter vertskommunemodellen, der Lindås er vertskommune for ein
stilling. Styret for NGIT er sett saman av ein representant frå kvar kommune. Aktiviteten vert
styrt av ein eigen avtale, vedteken av kvar kommune, og av årlege budsjett som vert integrert i
kommunane sine ordinære budsjettprosessar.
Nettverksgrupper innan plan-, byggesak-, kart og oppmåling har sporadiske samlingar der
ulike tema og problemstillingar vert drøfta. Fagtilsette innafor fagområda møtes når det er
trong for det; aktiviteten er særleg stor når endringar i lover og forskrifter skal implementerast
i administrasjonane.
Koordinering
Nordhordland Digitalt ønskjer å halde fram med samarbeidet i regionen, og forankre det i
Regionrådet Nordhordland IKS. For å få til dette, er det nødvendig å justere organisasjonen
ND med ein fastare struktur, med enklare og sterkare styring, med tilstrekkelege ressursar og
med tydelege budsjett, prioriteringar og arbeidsdeling. Ei arbeidsgruppe i ND har arbeidd med
denne saka ei tid.
Undervegs i arbeidet er det utkrystallisert seg eit ønskje om å koordinere det interkommunale
samarbeidet utover mandatet til Nordhordland Digitalt. Innan fagområdet plan-, byggjesak,
geodata er det mykje dei same ressursane / same fagavdelingane som er involvert i det
interkommunale samarbeidet, særleg i dei minste kommunane. For å få ei effektiv styring og
koordinering av aktiviteten, ser partane at saksfeltet med fordel kan styrast og koordinerast
meir effektivt enn i dag, og knytast sterkare opp mot regionrådet - som eit felles, samlande
fagorgan for rådmennene.
Dette notatet drøfter derfor bakgrunnen for Nordhordland Digitalt særskilt, og kjem så med
framlegg til ny styringsstruktur der også NGIT og nettverksarbeidet generelt er kopla inn.
s. 1 av 11
Felles visjon, framlegg
Kart- og geodatatenestene i Nordhordlandsregionen skal vere framtidsretta og gje grunnlag
for utvikling av ein dynamisk vekstregion og effektiv offentleg sektor. Plan- og
byggjesaksbehandlinga skal ha høg fagleg kvalitet og vere profesjonell i høve til nærings- og
bustadutbygging.
SÆRSKILT OM NORDHORDLAND DIGITALT
Innleiing
I møte 25.02.2009 sette styret i Nordhordland Digitalt ned ei arbeidsgruppe på tre medlemer
for å førebu sak om vidare regionalt samarbeid i Nordhordland Digitalt. Meland, Lindås og
Radøy har vor representert i gruppa. Arbeidsgruppa har hatt møte tysdag 31. mars og tysdag
1. september. Saka har vore drøfta i styret i Nordhordland Digitalt 18. mai og 1. desember
2009, og 23. mars og 22. juni 2010.
Nordhordlandskartet er for folk flest det mest synlege som er sprunge ut av dette samarbeidet.
Innbyggjarane nyt likevel godt av samarbeidet på mange andre område som ikkje er like
synlege, men som administrasjonane i den enkelte kommune er avhengig av for å utføre dei
tenestene og yte den servicen innbyggjarane har krav på. Kart- og geodata inngår i 70 % av
all offentleg saksbehandling. Velfungerande kart- og geodatatenester er viktig for å
kunne forvalte samfunnsressursane på ein best mogeleg måte.
Den største drivkrafta er eit stort fagleg engasjement. Gjennom Nordhordland Digitalt er det
oppnådd resultat som den enkelte kommune ikkje hadde vore i nærleiken av på eiga hand.
Grunnlag for drøftingane
Kommunedelplanen, ”Geodataplanen for Nordhordland og Gulen 2006 – 2009”, og den felles
verksemdplan for plan- og byggjesakshandsaminga i regionen, er begge modne for rullering.
Styret har drøfta:
 Kva oppgåver vi skal konsentrere oss om
 Korleis vi skal organisere oss vidare
 Styring, forankring i kommunane, forholdet til regionrådet
 Samarbeidsløysing og behov for fagkompetanse
 Styringsdokument
 Budsjett og rekneskap
 Faglege nettverksgrupper
Målsetting
Nordhordland Digitalt (ND) ønskjer å halde fram med samarbeidet i regionen, og forankre
samarbeidet i Regionrådet Nordhordland IKS, også tilpassa regionrådssamarbeidet etter
01.januar 2012.
Nordhordland Digitalt ønskjer å justere organisasjonen med ein fastare struktur, med enklare
og sterkare styring, med tilstrekkelege ressursar og med tydelege budsjett, prioriteringar og
arbeidsdeling.
s. 2 av 11
ND ønskjer i framtida å
 Arbeide etter ein overordna strategi som er godkjent av Regionrådet Nordhordland.
 Utvikle og drifte ND i samråd med regionrådet.
 Etablere eit mindre styre for ND, valt av medlemskommunane og sett saman av
etatsleiarar.
 Etablere styringsdokument i form av årlege handlingsplanar, budsjett og årsmeldingar.
Bakgrunn
Opphavet til Nordhordland Digitalt
Samarbeidet starta i 1998 med felles gebyrmal, med bakgrunn i strategisk næringsplan for
regionen. Aktørane i byggebransjen skulle oppleve å bli møtt likt i kommunane. Deretter
starta samarbeidet om felles geodataplan. Det første utkastet til geodataplan for regionen vart
godkjent av kommunane i 2000, som ein plan for perioden 2000 – 2003. Planen er deretter
revidert, seinast for perioden 2006 – 2009.
Prosjekt ”Felles tenesteyting etter plan- og bygningslova” starta med forprosjekt i 2001.
Prosjektet gjekk over to år, og konkluderte med at ein skulle halda fram med samarbeidet
innan plan- og byggesak og geodata. Felles verksemdplan for plan- og
byggjesakshandsaminga vart første gong utarbeidd for perioden 2005 – 2008, og revidert for
perioden 2006 – 2009. Planen vart godkjent av kommunane i 2006.
Frå 2005 har prosjekt ”Felles tenesteyting….” vore følgt opp av ND.
Noverande visjon
REGIONEN I ROM OG TID
Det overordna målet til ND har vore å vera eit tenleg handlingsorgan for realisering av
vedtekne program i geodataplanen og verksemdplanen for plan- og byggesak: ”Regionen skal
ha ei effektiv dekking av samfunnet sine behov for stadfest informasjon”.
Oversyn over oppgåver og partar i tråd med overordna styringsdokument i dag
UTVIKLINGSOPPGÅVER
Gje høyringsuttaler til lover og forskrifter
Arrangere kurs ved regelendringar
Utvikle felles gebyrmal
Adresseprosjekt
Sikre god informasjon til publikum
Sikre god informasjon til næringsdrivande
Skape god nettinformasjon til byggebransjen
Ta i bruk ByggSøk
Opprette tenesteerklæringar
Sikre sams praksis og forståing ved
forvaltning av lover og reglar
Utvikle startpakke for privat
reguleringsplanarbeid
Ta del i regionale og nasjonale fora / lag
Gje innspel til regionale utval og Statens
DRIFTSOPPGÅVER
Felles QMS-servar. I dag er det to
superbrukarar (i Meland og Masfjorden) som
driv første linje support til alle brukarane i
samarbeidet.
Felles matrikkel-servar. Meland drifter og
oppdaterer /lastar ned nye versjonar, på vegne
av alle brukarane.
GPS-samarbeidet. Lindås og Meland drifter
samarbeidet.
Nordhordlandskartet. Fylkeskommunen
drifter og oppdaterer /lastar ned nye versjonar,
på vegne av alle brukarane.
Felles drifts- og innkjøpsavtaler; planarkiv,
skilt, infoland. Sekretæren held oversikt.
Adresseparsellar, namnsetting
s. 3 av 11
kartverk
Kartlegge kompetansen i kommunane, med
sikte på ressursdeling
Drive lokale fagnetteverk
Ferske geodata til frukost, utvikling av
metode
Geovekst, samkjøring av prosjekt
Stadnamnkart, felles rutiner
SING-nettet
NGIT
GRUPPER I ARBEID
NGIT-styret
ND-styret
Nordhordlandskartgruppa
Fylkesgeodatautvalet
Årsmøte for GPS-samarbeidet
Adhoc-grupper
PARTAR
Norge Digitalt
Statens kartverk
Leverandørar av programvare / system
Geoforum
Fylkeskommunane
Skog og Landskap (gardskart)
Norsk Kommunalteknisk Forening
Fylkesmennene
Status
Status på fagområdet














Nordhordlandskart er utvikla, til stor glede og nytte for regionen og som førebilete for
andre regionar
Digitalt planarkiv er teke i bruk hjå fleire
Adresseprosjektet er snart i hamn
Regionen samarbeider om GPS
Felles servarar er tekne i bruk: Matrikkel servar, KomTek servar, QMS servar m.fl.
Web-innsyn er teke i bruk i tre kommunar (som intern løysing)
Startpakke for private planer er utvikla
NGIT er oppretta (NGIT står på eigne bein, er ikkje knytt til ND eller regionrådet)
Prosjektet ”Ferske geodata til frukost” er under utvikling
Prosjekt ”Digitalt planregister” er i gang
Innføring av ny matrikkel og ny planlov er førebudd i fellesskap
Regionen samarbeider om å få gode avtalar med programleverandørar
Regionen samarbeider med statens vegvesen om forvaltning av matrikkellova
Regionen samarbeider med interkommunale og regionale partar / selskap om bruk av
geodata generelt
I tillegg har det vore arbeidd ein del med nettverk innan plan- og byggesak, felles uttale til
ulike lov- og forskriftsendringar, felles innspel til fylkesgeodataplanen, felles rutinar og felles
gebyrmalar for plan- og byggesakshandsaminga. Det vert også arrangert felles kurs ved
regelendringar, m.a. ut frå ønskje om å sikre sams praksis og forståing ved forvaltning av
lover og reglar.
s. 4 av 11
Status organisasjon






Styret er sett saman av folk frå ulike nivå; etatsleiarar, fagleiarar, sakshandsamarar. Dette
skapar ulikt fokus i høve til detaljar og overordna strukturar.
ND har ikkje budsjett eller formelt regnskap.
ND har ikkje konkrete handlingsplanar eller årsplanar. Dette gjer det vanskeleg å
prioritera innsatsen den enkelte kommunen, i høve til ND, og vanskar med å ha oversikt
over kva ND skal bruke ressursar på gjennom året.
Drift av ulike løysingar er mykje basert på dugnad, engasjement og ekstraarbeid. Dette
skapar slitasje hjå dei som tek på seg ekstraarbeidet.
Arbeidsgruppene manglar mandat. Dette skapar uklare styringsliner.
I regionråd-systemet er ND definert som eit fagorgan for rådmennene i regionen. Kven
som har vedtaksmynde i saker som gjeld ND er noko uklart.
Status dugnadsinnsats
Samla dugnadsinnsats er på om lag 2/3 årsverk. Ressursbruk på vegne av fellesskapet fordeler
seg slik:
 Drift av kartserver / QMS:
Meland
 Support QMS (superbrukarar):
Meland og Masfjorden
 Drift av lokal matrikkelservar:
Meland
 Drift og noko support terminalservar:
Meland
 Drift av Komtek:
Meland
 Arbeidsgruppe Nordhordlandskartet:
Meland, Lindås, Radøy og Osterøy
 Prosjektgruppe ny matrikkel:
Meland, Lindås, Osterøy, Gulen og Fedje
 Prosjektgruppe planregister:
Meland, Lindås, Radøy og Masfjorden
 Prosjektgruppe Ferske geodata til frukost:
Meland, Lindås, Radøy og Osterøy
 Ad-hoc gruppe gebyrregulativ:
Masfjorden, Osterøy og Gulen
 Ad-hoc gruppe revidert startpakke, planar:
Lindås, Austrheim og Osterøy
 Kvalitetssystem stadnamnlova:
Lindås og Radøy
 Tenesteerklæringar geodata:
Masfjorden og Gulen
Status økonomi
Nordhordland Digitalt søkjer om og får ein del tilskotsmidlar til utviklingsprosjekt.
I 2009 fekk Nordhordland Digitalt kr. 900 000,- i tilskot frå statleg hald:
 Kr. 350 000,- frå Difi, til prosjekt ”Ferske geodata til frukost” (metode for ajourhald av
kartverket)
 Kr. 250 000,- i skjønsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland, til prosjekt ”God
landmålarskikk” (oppfølging av ny matrikkellov)
 Kr. 300 000,- frå Statens kartverk, til prosjekt ”Digitalt planregister” (oppfølging av ny
planlov)
Sekretariatskostnader (driftskostnader til fagsekretær, regionrådskostnader, møtekostnader,
husleige) varierer frå år til år.
 For 2009 vart kr. 183 201,- fordelt på kommunane etter rekning.
 For 2008 vart kr. 176 017,- fordelt på kommunane.
s. 5 av 11
Dugnadsinnsatsen omtrent den same frå år til år, nokre år har den likevel vore høgare.
 For 2009 er verdien rekna om til kr. 350 000,- (2/3 årsverk)
Samla kostnader for arbeidet i regi av Nordhordland Digitalt var på kr. 1 433 201,- i 2009,
av dette finansierte medlemskommunane kr. 183 000,- over eigne budsjett:
Finansiert av tilskotsmidlar
Finansiert av medlemskommunane
Verdien av dugnadsinnsats
SUM
900 000,183 201,350 000,1 433 201,-
Økonomiske fordelar av regionalt samarbeid ved innkjøp av programvare / vedlikehald
Regionen oppnår store rabattar frå program- og systemleverandørar, både på investeringar og
driftsavtaler. Det interkommunale samarbeidet om planregister-systemet, innkjøpt i 2004,
sparte åleine regionen for over kr. 335 000,-. Felles geodataserver har regionen fått til 2/3 av
”listepris”. Det same gjeld for felles lokal matrikkel.
Frå 2009 er det forhandla fram ein vedlikehaldsavtale for kartprodukt som sparer regionen for
ca kr. 90 000,- årleg.
s. 6 av 11
FELLES UTFORDRINGAR OG OPPGÅVER
FRAMOVER
Kommunane har stramme budsjett og få ressursar. Samstundes er det ei rivande utvikling
innan krav til digitalt tilgjengeleg, oppdatert informasjon, og stadig større krav til kommunal
planlegging og styring / kontroll med enkeltsakshandsaminga. Aktiviteten på området kan
ikkje lenger drivast ved dugnadsinnsats.
Vi har felles servarar og dataløysingar som tener alle deltakarkommunane; dersom kvar
kommune skulle hatt sine eigne løysingar ville dei samla kostnadene for regionen vore svært
mykje høgare. Regionen samarbeider også om å få gode innkjøpsavtaler med leverandørar på
lisensar og utstyr som kvar kommune kjøper for seg, dette er også kostnadsdempande. For
2010 er samarbeidet om avtaler med leverandørar utvida til også å omfatta Bergens-regionen.
Fagsekretæren i Nordhordland Digitalt (konsulenten) har lagt ned ein formidabel innsats, med
stort engasjement. Saman med enkeltpersonar i kommunane er det laga uttaler, saksframlegg,
reglement, retningsliner og rettleiingar som alle nyt godt av, og som kommunane er pålagt å
ha. Dersom kvar kommune skulle utarbeidd dette sjølv, ville ressursbruken måtta
mangedoblast. Det regionale samarbeidet er i så måte særs effektivt og kostnadsdempande.
Samarbeidet om byggetilsyn er inne i ei endringsfase som følgje av ny plan- og bygningslov.
Det må drøftast kva form og rolle det interkommunale tilsynet skal ha, som følgje av auka
fokus på tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak.
Vidare utvikling og fagleg samarbeid







Fange opp nye lover og forskrifter, påpeike konsekvensar, førebu integrering
Sikre god informasjon og gode tenester til innbyggjarane
Sikre god informasjon og gode tenester til næringsdrivande
Skape god nettinformasjon til byggebransjen
Sikre sams praksis og forståing ved forvaltning av lover og reglar i deltakarkommunane
Innføre og ta i bruk ByggSøk – elektronisk byggesakshandsaming og
plansakshandsaming
Vere med på å leggje til rette for utvikling av e-kommune generelt
Felles driftsoppgåver









Utnytte SING-samarbeidet
Drifte felles QMS-servar. I dag er det to superbrukarar (i Meland og Masfjorden) som
driv første linje support til alle brukarane i samarbeidet.
Drifte felles matrikkel-servar. Meland drifter og oppdaterer /lastar ned nye versjonar, på
vegne av alle brukarane.
Vurdere og drifte GPS-samarbeidet.
Drifte Nordhordlandskartet. Fylkeskommunen drifter og oppdaterer /lastar ned nye
versjonar, på vegne av alle brukarane.
Sikre felles drifts- og innkjøpsavtaler; planarkiv, skilt, infoland, programvare generelt
Vidareføre felles reglar for namnsetting, adresseparsellar
Vidareføre felles rutinar for stadnamnkart
Samkjøre Geovekst-prosjekta
s. 7 av 11
OPPSUMMERING
Arbeidet i Nordhordland Digitalt har fått stor merksemd i resten av landet. Det kjem
delegasjonar frå andre kommunar for å sjå kva vi har fått til, m.a. frå kemnaren i Oslo.
Utviklingsarbeidet i regionen var eige tema på Geoforum sin landskonferanse 2010. Business
Region Bergen er ein av aktørane som har påpeikt kva arbeidet har å seie som grunnlag for
næringsutvikling i regionen.
Innbyggjarane, regionale aktørar og næringslivet får døgnfersk informasjon om arealbruk og
eigedom, med høve til å planlegge nye framstøt på oppdatert faktagrunnlag. Arbeidet som er
lagt ned i felles utvikling og drift gjer fagmiljøa i regionen trygge og har positive
ringverknader. Det er med på å bygge opp omdømmet og å gjere det attraktivt å jobbe i
kommunen.
Tiltak og finansiering, ND
Styret i Nordhordland Digitalt gjer framlegg om følgjande tiltak:
 Det vert tilsett ein person innan GIS/Geodata-feltet, som erstatter dagens fagsekretær og
ein del av dugnadsinnsatsen (drift, support), i vertskommune.
 Kostnadene til ein tilsettressurs vert fordelt på medlemskommunane, finansiert av gebyr
for oppmåling / matrikkeltenester, plansakshandsaming og byggjesakshandsaming, og
betaling frå instansar som nyttar dataene.
 Nye utviklingsoppgåver vert framleis søkt løyst ved tilskotsmidlar.
 Det vert etablert eit nytt styringssystem med nye styringsdokument.
Framlegg til framtidig organisering
Styret i Nordhordland Digitalt har følgjande framlegg til vidare samarbeid:
 Regionrådet er paraplyen for det interkommunale samarbeidet innan plan, byggjesak, kart
og oppmåling, via rådmennene.
 Eit eige fagstyre er overordna styringsgruppe for alt samarbeid innan plan, byggesak, kart
/ GIS / geodata og oppmåling i regionen, og fungerer som fagråd for rådmennene
 Samarbeidet vert forankra i eit overordna, styrande dokument som kvar kommune gjer
vedtak om, og som inngår i den enkelte kommune sitt styringssystem
 Det vert utarbeidd nøkterne årsmeldingar, årlege handlingsplanar og budsjett, som styrer
aktiviteten i samarbeidet
 Nordhordland Digitalt held fram som eit felles fagorgan innan kart og geodata, men med
tilsett i vertskommune
 NGIT held fram som eit felles fagorgan innan tilsyn og kontroll på byggjesaksfeltet, med
tilsett(e) i vertskommune
 Nettverksgrupper vert formalisert
Styret i ND legg med dette fram ei organisering som er meint å vera best tilpassa dagens
struktur på det faglege samarbeidet, samstundes som den nye oppbygginga av regionrådet er
lagt til grunn.
Styret meiner også at det bør vere mogeleg å kople SING-samarbeidet og samarbeidet om
felles IT-drift i regionen inn i drøftingane om samarbeidet innan plan, byggesak og geodata.
Andre fagområde innan arealbruk og tekniske tenester generelt kan det også vere interessant å
samarbeide om i denne modellen.
s. 8 av 11
Korleis skal felles fagstyre (nytt) vera knytt opp mot Regionrådet i framtida
Styret i ND meiner at eit felles, overordna fagstyre bør vera fagorgan for rådmennene. NUI
v/rådmennene bør vurdere kva for spørsmål som skal handsamast politisk av Regionrådet
Nordhordland, og kva for spørsmål som skal handsamast lokalt i kommunane, administrativt
eller politisk. Fagstyret bør ha tilgang til sekretærressurs frå administrasjonen i NUI.
Kven skal delta i fagstyret
Ein representant frå kvar kommune bør sitte i dette styret. Det bør vere etatsleiarar som er
representert i styret.
Korleis skal ND sjå ut i framtida
Styret for ND har i dag 10 medlemer (11 med Vaksdal) (Lindås har to, dei andre kommunane
har ein). Dette bør vidareførast, men som ei styringsgruppe. Det bør vera dei fagansvarlege
for kart og geodata som er representert i styringsgruppa.
GIS / GEODATA har i dag ingen tilsett-ressurs. Styret i ND meiner at vi treng ein tilsett i ein
vertskommune, likt med NGIT. Vedkomande må ha høg kompetanse innan GIS /
Geodatafeltet, og noko kompetanse innan plan- og byggesaksfeltet. Vedkomande har ansvaret
for å sikre drift av felles geodata-løysingar, drive fram oppdateringar og initiere vidare
utvikling i tråd med satsinga innan det digitale Norge. ND må sende sak om budsjett,
handlingsplanar, årsmelding osv til det felles fagstyret for endeleg vedtak. Evt.
strukturendringar, kapasitetsendringar, oppgåveendringar og andre saker av strategisk
karakter vert sendt vidare til rådmennene, for vidare avgjerd politisk / administrativt. Det kan
setjast ned arbeidsgrupper, som styret får melding om. Dersom ein kommune drifter eit
system for fleire kommunar, må kostnadene fakturerast ut på deltakarane.
Korleis skal NGIT sjå ut i framtida
Styret for NGIT har i dag 11 medlemer. Dette bør vidareførast, men som ei styringsgruppe.
Det bør vere dei fagansvarlege for byggesak som er representert i styringsgruppa. NGIT har i
dag ein tilsett-ressurs i vertskommune (Lindås). NGIT må sende sak om budsjett,
handlingsplanar, årsmelding osv til det felles fagstyret for endeleg vedtak. Evt.
strukturendringar, kapasitetsendringar, oppgåveendringar og andre saker av strategisk
karakter vert sendt vidare til rådmennene, for vidare avgjerd politisk / administrativt. Det kan
setjast ned arbeidsgrupper, som styret får melding om.
Kva treng vi av faggrupper
Nettverksgrupper for plan, byggesak og geodata bør ha frivillig og open deltaking frå
sakshandsamarar og fagansvarlege. Ansvar for innkalling til møte bør gå på omgang. Fokus
bør vera på fagleg oppdatering og kursing / utvikling innan fagområda, medrekna tilpassing til
lov- og regelendringar. Gruppene sender årsrapport til det felles fagstyret.
Kva treng vi av styringsdokument
 Strategidokument, vedteke av regionrådet. Omhandlar kva for oppgåver
Nordhordlandsregionen vil at det felles fagstyret skal løyse, overordna målsettingar i høve
til kommunane, innbyggjarane og næringslivet, plassering av mynde, prinsipp for
finansiering og prinsipp for organisering.
 Årlege handlingsplanar og budsjett (forankra i strategidokumentet), godkjent av fagstyret
og sendt vidare til NUI v/rådmennene for vidare handsaming i regionrådet / kommunane.
s. 9 av 11

Endeleg avgjerd må følgje budsjettprosessen i den einskilde kommune. Handlingsplanane
må innehalde ein enkel ”langtidsdel” som vert oppdatert kvart år.
Årsmelding og rekneskap, godkjent av fagstyret og sendt vidare til NUI v/rådmennene for
vidare handsaming i regionrådet / kommunane.
Sakshandsaminga må elles følgje reglane i kommunelova, og tidsskjema for budsjett og
årsmelding kommunane.
Framlegg til organisasjonskart
Rådmennene,
Nordhordland
Utviklingsselskap
IKS
Felles fagstyre for
plan, bygggesak og
geodata,
etatsleiarar
Nettverk plan,
byggesak, geodata,
open deltaking
NGIT,
Fagansvarlege
møtes fast
ND,
Fagansvarlege
møtes fast
Tilsettressurs i
vertskommune
Arbeidsgrupper
Tilsettressurs i
vertskommune
Frekhaug, 10. mars 2010
sist revidert 22. august 2010
Anny Bastesen
for arbeidsgruppa
NH – digitalt slutthandsama saka på møte 24.08.2010 og slutta seg til tilrådinga.
Saka gjekk så til rådmannsutvalet som på sitt møte den 20.10.2010 gjorde slikt vedtak:
1) Rådmannsgruppa er positive til innhaldet i saksutgreiinga Nordhordland digitalt – vegen
vidare. Rådmannsgruppa vert styringsgruppe for felles fagstyre for plan, byggjesak, geodata.
2) Det vert sett av ein 40% stillingsressurs til Nordhordland digitalt innanfor kommunane i
Nordhordland.
3) Organisasjonsform vert kjøp av tenester mellom kommunane der ein brukar eksiterande
personalressursar i kommunane. Stillinga må rekrutterast innanfor det fagpersonalet me har i
kommunane.
4) Rådmennene ber om at ein person som i dag arbeidar med fagfeltet vert frikjøpt av dei andre
kommunane i 40% stilling for å vidareutvikle Nordhordland digitalt.
5) Finansiering av stillinga vert som kjøp av tenester etter vedlagte prosentsatser
s. 10 av 11
Organisering
s. 11 av 11