Dei nære ting - PraesidioTotalis

Download Report

Transcript Dei nære ting - PraesidioTotalis

2
Nyheiter
Lørdag 21. september 2013
Go’ morgon,
RANDI BJØRLO
[email protected]
Tlf. 56 35 55 70
YNGVE GAREN SVARDAL
[email protected]
Tlf. 56 35 55 74
ENDRE HOPLAND
[email protected]
Tlf. 56 35 55 77
Kvernhusmyrane 29, Knarvik senter - 5914 ISDALSTØ - TLF: 56 35 55 55 - FAX: 56 35 55 56 - [email protected]
Dei nære
ting
Vi trur ikkje vi er åleine om å kjenna på at
kvardagen vert stadig meir hektisk. Det er
ikkje noko som berre vedkjem småbarnsforeldre, slik vi ofte hørte tidlegare. Dei har
det sjølvsagt uhyre travelt med å få logistikken til å gå i hop. Barn skal hentast og
leverast, ein sjølv skal yta maks på jobben
og om ettermiddagen ventar fritidsaktivitetar og tid til eigentrening.
Tidlegare kunne travle foreldre støtta seg
på besteforeldre som ofte var pensjonistar
med god tid. Slik er det ikkje lenger. Vi som
tilhøyrer denne generasjonen har det
minst like travelt som ungdomen.
Når vi av og til stansar opp og kjenner etter,
er det påfallande å reflektera over korleis vi
disponerer tida vår, og kva vi får igjen for
ein så hektisk kvardag.
Er gevinsten større enn det det kostar? Er
det andre enn oss sjølve som driv oss? Og
ikkje minst; er det sånn vi vil ha det? Vi trur
det er mange som vil svara eit samstemt
nei på desse tre spørsmåla.
For stadig fleire vert kvardagen så fylt av
ting og tang som ein berre MÅ, at det går
på helsa laus. Det kan difor vera all grunn til
å ha fokus på kva det er som gir oss påfyll i
kvardagen. Kor tid kjenner vi verkeleg at vi
lever, og at kroppen er i likevekt? Det er
definitivt ikkje når vi hastar avgarde frå det
eine gjeremålet til det neste.
Vi trur at små pusterom i lag med menneske ein bryr seg om, er det beste påfyllet
ein kan få. Aktiv leik med poden eller barnebarnet. Eit kafebesøk med ein venn eller
ei vennine. Eit overraskande dropp innom
med eit nybakt brød. Ein tur i skogen med
soppkorga i handa - eller i god prat med
ein nabo. Å gje seg tid til å slå av ein prat
med ein narkoman som prøver å få seld
Megafon. Eit varmt smil til ein som passerer
deg på din veg.
Når vi kjenner etter er det desse små
gyldne stundene som gjer oss godt. Det er i
sånne situasjonar vi kjenner oss rike. Prøv å
finna rom for eit par slike augneblink i helga som no ligg framfor oss. Kjenn etter kor
godt det gjer. God helg!
Nyheiter
Lørdag 21. september 2013
GRO ANETTE
FANEBUST
[email protected]
Tlf. 56 35 55 73
3
Fylkesutvalet til
Nordhordland
MORTEN SÆLE
IRENE B. JENSSEN
[email protected]
Tlf. 56 35 55 73
[email protected]
Tlf. 56 35 55 71
Kjem ut onsdag og lørdag • Sjå www.nordhordland.no for prisar og info. Redaktør Randi Bjørlo: 56 35 55 70 - Marknadssjef Roger Myhr: 56 35 55 60
Engasjert gründer med unike løysingar
Onsdag kjem fylkesutvalet i
Hordaland på besøk. Undervegs vert dei informert frå Statens Vegvesen om m.a. Nordhordlandspakken. Dei skal besøka
Knarvik vidaregåande skule og
Mongstad base , og vil og få
ei orientering frå regionrådsleiaren om
stoda.
Nh ønskjer å retta seg etter reglar for god presseskikk slik desse er nedfelt i Vær Varsom-plakaten. Om
nokon meiner seg ramma av urettmessig omtale,
oppmodar vi dei om å ta kontakt med redaksjonen.
Det er også høve til å reisa klage for Pressens Faglige
Utvalg, Rådhusgt. 17. pb. 46 Sentrum, 0101Oslo,
tlf: 22 40 50 40. E-postadresse: [email protected]
Arkivering og avfotografering Nh tar unna rett til å arkivera og distribuera
stoff som blir kjøpt eller utgitt av Nh, i elektronisk eller annan form - anten
gjennom eigen database-eller gjennom samarbeidspartnarar som avisa
har avtale med. Avfotografering av stoff og annonsar for vidare produksjon er ikkje tillate utan etter avtale med Nh.
TIPS OSS!
Gav opp
pensjonisttilværet
916 20 916
Vil ikkje bidra til nytt
musikkhus på Manger
RADØY: Fylkesrådmannen ser
ikkje at fylkeskommunen kan vera
med på eit spleiselag for å få
finansiert eit nytt undervisningsbygg/musikkhus ved Manger folkehøgskule. Bygget har ein kalkulert prislapp på 25 millionar, og
styret ved skuen har bedt om at
fylkeskommunen er med på eit
spleiselag i lag med kommunen
og lokale lag og sponsorar. Det er
ønskeleg at fylkeskommunen
bidrar med 75%. Fylkesmannen
finn to grunnar for å avslå ei slik
delfinansiering.
LINDÅS: – Å få eit problem på
bordet og deretter finna ei
løysing har eg alltid likt, seier
gründer Reidar Iversen, som
har utvikla sin heilt unike
komfyrvakt.
MORTEN SÆLE
[email protected]
Gründeren har spesielt retta merksemda
si mot brannførebygging og ENØK-tiltak. Komfyrvakten som Iversen har
utvikla har vore utprøvd mellom anna i
asylmottak med stor suksess.
– I asylmottaka har eg registrert eit
betydeleg behov for brannførebyggjande
tiltak. Statistikken viser at dei har dobbelt så mange brannar som ellers i Norge,
og den klart største årsaka er komfyrbrannar, fortel Iversen.
– Komfyrvakten eg har utvikla krev at
det er nokon til stades på kjøkkenet. Er
det ingen der slår komfyren seg av etter
fem minutt. Det same gjeld om vedkommande somnar eller ramlar på golvet,
fortel han. Iversen meiner det er eit stort
brannførebyggjande potensiale i å ta i
bruk denne typen teknologi.
BERGENHELG
I produksjon
– Eg trur Skuteviken hadde stått i dag om
min komfyrvakt hadde vore installert,
seier han. Til no har han hatt 15 einingar
i drift på eit asylmottak på Voss med gode
erfaringar. Dei er no sett i produksjon, og
over 200 einingar er selde hittil.
I tillegg til komfyrvakta har han utvikla intelligente brannvarslarar som kan
koplast til det same systemet.
– Brannvarslarar slår ofte ut på sigarettrøyk, og på mottaka har ein vore plaga med at folk tar ut batteri eller fjernar
røykvarslarane for å unngå dette, og dei
har brukt betydelege ressursar på å
erstatta og halda ved like brannvarslarar.
Dette var bakgrunnen for at han har
utvikla det han kallar sabotasjesikre
røykvarslarar. Dette er eit overvaka system med ei baseeining i bygget som er
kopla til internett.
– Desse varslarane sender ut eit trådlaust signal om dei vert tatt ned frå taket
eller om det er lite batteri att. Dermed går
det melding til vaktmeister anten via epost eller sms, fortel Iversen.
Store innsparingar
– Dette kan spare store firma for årsverk
i tilsyn og vedlikehald, meiner han.
Iversen har også utvikla produkt innan
ENØK som kan knytast til dei same systema. Eit asylmottak har gjerne dobbelt
straumforbruk samanlikna med andre
””På John Cleese nivå!”
BT
””Energibombe”
BA
””Hope i høy hastighet”
CHRISTINE HOPE
Dagbladet
OLE BULL SCENE 5. SEPT. - 26. OKT.
Dagbladet
Dagblad
det
Nettavisen
ogalands A
vis
Rogalands
Avis
Fædreland
dsFædrelandsvennen
Stavange
er
Stavanger
Aftenblad
Dramm
mens
Drammens
Tidende
ANNE KAT HÆRLAND
OLE BULL SCENE FRA 1. NOV.
MÅ VERA TIL STADES: – Komfyrvakten eg har utvikla krev at det er nokon til stades på kjøkkenet. Er det ingen der slår komfyren seg av etter fem minutt. Det same gjeld om vedkommande sovnar eller ramlar på golvet, fortel gründer Reidar Iversen. (Foto: Morten Sæle)
Uriks.no
U
rikks.n
no
BT
BT
bustader. Mykje av grunnen til dette er at
mange av dei som bur der er vande til å ha
det godt og varmt, og har gjerne 27 grader på rommet sitt. I tillegg står gjerne
vindauget på vidt gap samtidig som
ovnen står på fullt, fortel han. Han utvikla dermed eit system med varmedetektorar og detektor på vindauget.
– Systemet er sett opp slik at for at
ovnen skal vera på må vindauget vera
lukka, og temperaturen under 22 grader.
I tillegg til ENØK-effekten har dette ein
læringseffekt for dei som vil bli i Norge og
må venda seg til lågare temperaturar, seier han.
Systemet er installert i eit bygg i Sogndal, der han har fått anledning til å
demonstrera det for UDI.
– Dei var imponerte over systemet, og dei
seier no at alle nye mottak skal ha ein
type komfyrvakt installert før dei vert tatt
i bruk, seier Iversen.
For ung til å slutta å jobba
Han har eit langt yrkesaktivt liv bak seg i
Telenor, og sjølv om gründeren er vaksen
nok til å gå av med pensjon har han ingen
planar om å legga inn årene med det første.
– Eg vart pensjonist når eg var 62 år,
men eg treivst ikkje med å berre gå heime
og støvsuge og lage middag. Eg er for ung
til å slutte å jobbe, eg vil halda fram med
å finna opp nyttige ting så lenge eg kan,
seier Iversen. Og nettopp nytteverdien i
det han finn opp er eit viktig prinsipp.
– Eg vil ikkje finna opp morosame
duppedittar, det må vera ting som har
reell nytte, det er då det er gøy, seier han.
Reidar Iversen har fått god hjelp i
startfasen frå Industriutvikling Vest, og
vil halda fram med å dra vekslar på dei i
det vidare arbeidet.
– Eg har ingen erfaring frå forretningslivet sjølv, fortel han.
– Det er kjekt at ein som har eit langt
liv bak seg som arbeidstakar no blir gründer i eigen regi, seier Børge Brundtland i
Industriutvikling Vest.
BA
VINSKVETTEN
FRA 20. SEPT.
Bestilling: 09901
Bergenhelg.no
Aftenposten
Aft
f enpostten
Dagbladet
TERJE SPORSEM
FRA 7. NOV.