MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND

Download Report

Transcript MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG
Nr 3 / juni 2012
Torgdag i Hillesvågen 2. juni
Torgdag i Hillesvågen
Laurdag 2. juni skipa Nordhordland Husflidslag
og Hillesvåg Ullvarefabrikk den tradisjonelle
torgdagen i Hillesvåg. Det var rekordstor på
melding med 35 utstillarar og særs godt besøk
både hjå utstillarar og i kafeen. Aktivitetar
som tvinning av hoppetau og brikkeveving var
populære. I tillegg var det demonstrasjon av
ulike handarbeidsteknikkar. Det var både
gamle og nye utstillarar. Ein av dei nye var
Elisabeth Tonheim som er busett på Lindås.
Motto for hennar produksjon er β€Å blåse nytt
liv i det gamle» og produkta hennar lever opp
til firma namnet «Heilt originalt». Ho nyttar
gamle materiale og reiskaper og gir dei nytt liv.
Produkta er nye og det er førebels lite sal. Men heimelaga plukkfisk sel godt! Fryseboksen
hennar var godt besøkt, gode kaker laga av torsk og sei vert og sendt på bestilling til faste
kundar rundt i landet.
To blide damer frå Os, Gunvor Valland Moberg og Bjørg Øvstedal kosa
seg med betasuppe som smakte kjempegodt!. Det var første gongen
dei besøkte Torgdagen og dei var imponert over arrangementet. ”Me
har alt for lite pengar med os, me trudde det berre var sal av garn, så
me lyt koma attende neste år.”
Gabriella Diaz Landro, Bergen og Mia
Valle Kristiansen, Leknes, laga
hoppetau under kyndig rettleiing av
Reidun Kvamme.
Bunadsnemnda og broderinemnda hadde også i år utstilling
og gav rettleiing til interesserte.
2
Siste kursdag i vår på Vevstova på Dale
Kursdeltarane var særs nøgde då veven med «Jensine åkle» i halvdreiel vart klypt ned. Dei fleste har
vevd løparar med innslag i lin eller bomull. Mønsteret vart teikna ned etter produkt laga på eit
vevkurs i Mo i Rana 1909. Nordhordland Husflidslag har i over 15 år leigd lokale til vevstova i
grendehuset på Dale hjå Radøy kommune. Etter at det vart kjent at Radøy kommune hadde trong for
lokala til barnehagedrift
frå hausten 2012 har
kursleiar kvar torsdag
vorte møtt med
spørsmålet: «ER det
noko nytt?» Siste
kurskvelden var det
heller ikkje noko nytt å
melde så husflidslaget
planlegg start av nytt
vevkurs på Dale torsdag
30. august.
Årsmøte i Hordaland Husflidslag
Årsmøte vart halde på Voss 23. til 25. mars. Nordhordland Husflidslag var godt
representert ved Kirsti Abbedissen, Rannveig Reigstad og Vigdis Olsen.
Årsmøtedeltakarane var samla i det nye Kulturhuset på Voss og ynskt velkomen av leiar
Karoline Blix . Ho gav ordet vidare til ordførar i Voss kommune, Hans Erik Ringkjøb som
viste film frå Voss.
Det var stor diskusjon under handsaming av årsmøtesakene og referat er å finne på
www.husflid.no/hordaland. Grethe Spurkeland frå lokallaget vårt held fram i styret.
I tillegg til årsmøtesaker var det fleire sosiale aktivitetar. Mellom anna kan nemnast
orientering om «3xF» form, farge og funksjon. Hege-Therese Nilsen orienterte om
planlagt kurs i fargar som vert sett opp til hausten.
Laurdag føremiddag var det tur til Kulturakademiet og Voss husflid. Der var vist
kunstutstilling, dreiing og ein keramikar var i
arbeid. Deltakane vår var mest interessert i det
som gjekk føre seg i vev stova.
Søndag var det medarbeidarar kurs der alle hadde
med heklenål og tråd. Deltakarane fekk mellom
anna i oppdrag å lage frakk til appelsin og
resultata var upåklageleg, sjå bilde.
3
Vårtur til Fedje
Måndag 7.mai arrangerte Nordhordland Husflidslag vårtur til Fedje for å besøkje båtbyggjar
Bjørn Ådne Kvalvik. Vel 20 deltakarar fekk sjå korleis han arbeider. Bjørn Ådne har utdanning frå
England og praksis frå Hardangar Fartøyvernsenter . No
har han etablert seg i gamle hermetikkfabrikken på Fedje
der interessa var stor då han viste fram ferdige
«Nordfjordbåtar» samt ein « Sognebåt» som var under
arbeid. På denne turen var om lag halvparten av
deltakarane menn og dei deltok engasjert i diskusjon om
verktybruk og
materiale.
Treffet vart
avslutta med
servering av ei
framifrå god
gulasjsuppe
med rømme og
flatbrød.
TAKK
Nordhordland Husflidslag takkar Lindås Kommune for kr 15000 i kulturmidlar til drift av laget.
INVITASJON
Nordhordland Husflidslag er invitert til å ha utstillingsstand /marknad laurdag 18.aug kl 13 til 17,
under Kraftspela på Matre. Påmelding til Arthur Reidar Sjursen mob.97080865,
[email protected]
4
Me er og inviterte til fiskefestivalen på Fedje 7. juli. Ta kontakt med Stian Herøy 99431520 eller
Kristine Rossnes 91638467
TORGDAG I BERGEN 9. juni
Medlemmer i Nordhordland Husflidslag deltok også i år med utstilling og sal på Torgdagen i
Bergen. I år var arrangementet, som var eit samarbeid mellom Torgdagen og Kystens Dag, lagt
til Fisketorget /Zachariassbryggen. Veret var flott og det var mykje folk og stor stemning på
torget. Det vart vist stor interesse for handverksprodukta våre og dei fleste av dei 7 utstillarane
var godt nøgde med salet. Husflidslaget vart marknadsført med utdeling av brosjyre og
kursoversikt for hausten og me vart omtala både i BA og BT.
Ve: Anne Grete Breisnes med
stort utval av vevde produkt
Hø: Svanhild Tofting og Halvor
Rostrup med skinnarbeid
Under ve:
Kjersti Børilden i samtale med
interessert kunde
Under hø:
Karin Larsson Eide med sine
rosemåla produkt
Midten:
Beate Kolstad med glassmykkee
Nede ve:
Jarl Hansen med trearbeid
Nede hø:
Gunn Grethe Husa med
strikkeprodukt
5
Sommarhelsing
Kjære alle husflidsmedlemar
No kan me sjå attende på ein særdeles aktiv vår i laget vårt. Utanom dei faste handarbeidstreffa
har me vore samarbeidspartar og støttespelarar ved ull og villsaukonferansen som vart halde i
Nordhordland i månadskiftet mars/april. Der stilte medlemar ut produkta sine. Kjersti Børilden og
Gunn Husa fekk produkt med på vandreutstillinga som skal besøkja landa rundt Nordatlanteren dei
neste to åra. Delegatane som deltok på konferansen vitja vevstova vår på Dale. Dei fekk servert dei
tradisjonelle stompekakene våre. Anna Fammestad stilte ut fantastisk flotte åkle i Strilatun,og ho
vart og tildelt den første ullprisen. Ho fekk eit bilde laga av Ingvild Skår i gåve.
I mai gjekk vårturen til Fedje,der me besøkte båtbyggjar Bjørn Ådne Kvalvik.
2.juni var det torgdag i Hillesvågen for fjerde gong. Ein flott dag med mykje folk og mange
utstillarar.
Så er det tid for litt ferie, men Husflidslaget vil prøva halda laurdagope i Husflidens Hus i sommar
og. Då ber underteikna om at dei som er heime om laurdagane framover tar kontakt og stiller ein
laurdag i løpet av sommaren.
3.september tar me til att med handarbeidstreff.Tema då vert flatbrødbaking. Arild Hagenes
demonstrerer korleis me lagar gode flatbrød. Dei som vil kan få både baka og smaka.
1.okt.vert det treff med tema UFO. Då tar me med uferdige objekt som me gjer ferdige.
3.nov vert det husflidsmesse i Knarvik.
26.nov vert det julemøte i Husflidens Hus.
Ynskjer dykk alle ein varm og god sommar.
Helsing Aud Marit Halland
leiar
Anna Dalland med hjarta for husflid
Anna Dalland fylte 90 år 16.mai og feira dagen med familien.
Anna har deltatt på julemessa frå andre året det vart arrangert
til ho gav seg godt over 80 år.
Kreativiteten og skapargleda har gitt seg utslag i flotte heimelaga
dokkekle, gensarar og bunader til familien.
På messene har ho stilt med hekla og strikka dukar, strikka
sokkar og fantasifulle heklakoppar, blomster og svaner.
Ho har vore god å be når ein trengte å få bringedukar og belter
til bunad montert fint og nøyaktig.
Opp gjennom åra har Anna utstyrt alle kvinnene i familien med
bunad og passa på at den vert brukt ordentleg.
Anna er god å be om råd når me støter på problem med
strikketøyet og ho finn alltid ei løysing, for som ho seier "Du kan
ikkje strikka før du kan fuska!"
Husflidslaget gratulerer.
6
KURS HAUSTEN 2012
Kurs
Kursleiar
Timar
Start
Plantefarging for
viderekomne
Kurs i tægerbinding
Magnhild Rønhovd
56367001 / 94780147
Ingeborg Fiskeseth
56350747 / 97778037
Aud Marit Halland
56373278
21
Helg
48
08 og 09 juni
31aug og 01sep
sankedag 09 juni
29.aug
30
aug
Ingvild Skår
95296782
10
helg
sept/okt
Vevkurs/Flatvev
Kurs i ull
16
Brodering av kvitsaum Astrid Rydland
til skjortekantar
55180960 / 98033383
Kurs i skinnfell
Kjersti Børilden 99361071
Merknadar nederst
Grønnlandsperle
jul
Lefse/Flatbrød
12
34
10
okt
2013
jan/feb
31
nov
10 og11
nov
21 og22
sept
3
sept
3
okt
5
sep
6 og 13
okt
22 og 23
sept
Dagmar Lygre
97033172
16
Arild Hagenes
12
99034535
Helg
Pilfletting
Lise Dyrhovden
14
56367257
Helg
Herrebunad
Airin Espelid
Nordhordlandsbunad 55240860
48
Strikkekurs
Ingrid Hopland
Heklekurs
95887296
16
Broderi kurs
Annlaug Helland
plattsaum
91577062
15
Dreiekurs
Mathias Sæthre
12
56169298
Helg
Brigding av
Aud Marit Halland
sokkeband
56373278
10
Kurs i spesiell
Gunn Husa
5
hekleteknikk
56358776 /95148385
Helg
sept/okt
Spinning med
Vigdis Valde
10
14 og 15
håndtein/ rokk
97740380
Helg
sept
Tauverk
Kaspar Hansen
56178108
15
sept/okt
Merknader: Påmelding til skinnfellkurset må vi ha så tidlig som
p.g.a. lang leveringstid på skinna.
7
Medlemmer i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta.
Påmelding til kursleiar. Bindande påmelding seinast 10 dagar før kursstart.
Stad
Pris
Hillesvåg
kr 1 365
Hillesvåg
Dale
Grendahus
kr
920
Hillesvåg
kr
650
Hillesvåg
kr
740
Austrheim
kr 1 730
Hillesvåg
Austrheim
vid skule
kr
920
kr
740
Hillesvåg
kr
830
Hillesvåg
Dale
Grendahus
kr 2 360
kr
920
Hillesvåg
kr
875
Austrheim
Dale
Grendahus
kr 740
kr 2 360
kr 650
Hillesvåg
Hillesvåg
kr 650
Flatøy
muleg
kr 875
VI SKAL IKKJE SOVA
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
Ho er for ljos til detDå skal vi vandra isaman ute
under dei lauvtunge tre.
Då skal vi vandra isaman ute
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
som krusar med dogg vårt hår.
Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng
men vandra ilag under bleikblåe himlen
til fuglane lyfter veng.
-Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
like til morgongry.
Aslaug Låstad Lygre
POST TIL PRIMSTAVEN
Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss:
Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: kjehau1@ hfk.no
Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim. Tlf 56167032 / 97511208, e-post: [email protected]
Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim
8