Kongen av Stoltzen blei ny Xtrem- konge

Download Report

Transcript Kongen av Stoltzen blei ny Xtrem- konge

26
Sport
Lørdag 24. august 2013
XTREMT: Blautt, bratt og beinhardt. Skal det vera så skal det vera.
Kongen av
Stoltzen blei
ny Xtremkonge
Stolzekongen Thorbjørn
T. Ludvigsen smadra
løyperekorden med
nesten fem minutt, og
kom i mål som klar vinnar av Knarvik Xtrem.
Med 135 deltakarar på
startstreken, blei det og
rekorddeltaking i årets
Xtrem-løp.
GRO ANETTE FANEBUST
[email protected]
– Løypa var gjørmete, sleip,
kronglete og deilig, akkurat som
ei xtrem-løype skal vera, skryt
Ludvigsen berre sekund etter at
han har kryssa mållinja etter 10,7
kilometer i den nye xtrem-løypa i
Knarvik.
Sist helg kom Ludvigsen på
tredjeplass i “Skåla Opp”, og han
fortel at kroppen er på topp denne sesongen.
– Eg har trena mykje intervall
denne sesongen, så denne løypa
passa meg sånn sett heilt perfekt,
seier han.
Løyperekorden i den nesten 11
kilometer lange løypa er på 48
minutt og 29 sekund. Halvanna
minutt etter Ludvigsen kom
KNARVIK XTREM:
■ Knarvik Xtrem er eit røft terrengløp
som går gjennom lyngheier, myr,
bekkar, skogar, og over fjell.
■ Dei marknadsfører seg som eit løp for
dei som ynskjer å pusha grensene
sine.
Sverre Slethaug i mål til ein like
klar andreplass, medan triatleten, 17 år gamle Gustav Iden, sikra seg tredjeplassen på sterke 51
minutt og 39 sekund.
Færø raskast av damene
I kvinneklassen vann SaraRebekka Færø på 1.07.36 framføre Anita Lilleskare og BertineHelene Færø. Også her vart det
løyperekord, då alle dei tre
sprang raskare enn damerekorden frå 2012.
Bedriftskonkurransen
blei
vunne av BKK.
Farga løypa raud
Ein gjeng på 36 personar frå
Hordvik hadde fått laga raude tskjorter og dominerte i løypene
onsdag. Det starta med ei lokal
Facebook-gruppe med namn
Grinde-Veten, og her inviterte
primus motor, Vidar Sagstad,
Hordvik-folket til å utfordra
Nordhordlendingane.
Are
Andalsvik (44) hadde aldri vore
med på eit løp i sitt liv, men heiv
seg med Hordvik-gjengen.
– Eg er eigentleg gamal fotballspelar, men må seia at det var
utruleg kjekt å springa xtremen,
og det har faktisk gitt meirsmak.
Heile opplegget har vore veldig
proft, sjølv for oss som ikkje har
vore her før var det lett å finna
fram, med mange vaktar i godt
oppmerkte løyper, skryt Andalsvik.
Slått på målstreken
Han legg til at han garantert
kjem til å legga treningsøktene til
xtrem-løypa i Knarvik framover.
Erlend Kvamme Kalnes (11) og
bror hans Martin (14) er aktive
medlemmer i Nordhordland Skiklubb, og vande med å knivast i
skisporet.
Onsdag sprang dei “xtremen”
saman, og lenge var det veslebror
Erlend som låg i tet. Det ville
ikkje storebror finna seg i, så
nokre meter før målstreken måtte Erlend sjå seg slått.
Glade arrangørar
– Det var litt surt må eg innrømma, men eg er godt fornøgd med
løpet uansett. Eg blei nummer tre
totalt, og det må eg vera nøgd
med seier Erlend.
I alt 235 stilte til start i årets
Knarvik Xtrem. Arrangørane frå
Nordhordland Skiklubb gliste frå
øyra til øyra onsdag, og arrangementssjef Atle Austrheim fortel
at oppslutninga er over all forventning.
– I fjor hadde vi rundt 100 deltakarar, og då sa eg at vi måtte
dobla til neste års arrangement.
Det har vi klart med god margin,
seier Austrheim.
Han håpar skiklubben klarar å
dra minst 300 deltakarar neste
år, og lovar å jobba for å nå målet.
Resultat Knarvik Xtrem 2013
Dei tre beste i kvar klasse vert
presenterte her:
10,7 km. Kvinner:
Sara Rebekka Færø (1,07,36)
Anita
Iversen
Lilleskare
(1,08,31)
Bertine-Helene
Færø
(01,09,07)
10,7 km. Menn:
Thorbjørn Ludvigsen (48,29)
Sverre Slethaug (49,59)
Gustav Iden (51,39)
4,8 km. Kvinner:
Marianne Berg (31,16)
Cecilie Rygh (36,28)
Lene Sjøbakk (36,36)
4,8 km. Menn:
Simen Torslett (26,12)
Jarle Torkildsen (26,20)
Martin K. Kvamme(29.01)
10,7 km. Mosjon:
Stian Gjermundsen
Fredrik Fossdal
Dave Hine
4,8 km. Mosjon:
Edith Stusdal
Turid Soma Tysnes
Eddie Ebbesvik
10,7 km. Bedrift:
Anders Eidsnes (KLP)
Børge Folkestad (KLP)
Tore Eidsheim (Mjøsdalen IL)
4,8 km. Bedrift:
Karen Aasmyr (Portarthur)
Cecilie Mosland (Porthartur)
Kim Skorpen (MAN Truck &
Bus)
Lørdag 24. august 2013
Sport
27
HORDVIKGJENGEN: Are Andalsvik, Keimi Riffo og Leif Gripsgård var
med på å farga løypene raude.
BEST: Sara-Rebekka Færø fekk beste tid i kvinneklassen, og slo den
gamle løyperekorden.
KNIVA: Alt i første kleiva kniva dei tre medaljevinnarane om tittelen xtrem-konge 2013. Først i løypa ser vi Thorbjørn Ludvigsen med Sverre Slethaug og Gustav Iden hakk i hæl.
TO GODE VENER: Erlend Kalnes Kvamme og Tarjei Jordal var godt fornøgd med eigen innsats i xtremløpet.
HEIAGJENG: Hordvik-gjengen hadde den desidert ivrigaste heiagjengen på sidelinja, og alle dei raude blei høglydt heia
inn til mål.
I GANG: Løpet er i gang og ein kan skimta dei første deltakarane.