Vekas tur - Helsingvatnet rundt, Hemsedal

Download Report

Transcript Vekas tur - Helsingvatnet rundt, Hemsedal

Det er Friluftslivets År i 2015 (FÅ15). Kvar oddetals-torsdag vil ein av kommunane i Hallingdal
eller Nore og Uvdal presentere vekas tur. Målet er å få fleire ut på tur og gjerne i nytt, ukjent
terreng.
Vekas tur - Helsingvatnet rundt, Hemsedal
Lengde: Om lag 12 km, rundtur
Vanskegrad: Middels
Tilkomst: Køyr frå Ulsåk i retning Lykkja
Parkering: P-plassen ved Hestanåne, evt.
Gravset (SMS betaling på tlf.)
Sjå også turskildring på www.ut.no
Foto: Unni Bratland Mythe
Turen passar for alle aldersgrupper og byr på fantastisk utsikt mot Skogshødn. Den 1728 meter høge
fjelltoppen avgrensar Hemsedalsfjella mot sør, og er lett synlig ved fint vær (frå stor avstand) med sin
frittliggjande og majestetiske fjellkontur.
Eit naturleg utgangspunkt for turen er p-plassen ved Hestanåne, som ligg 3 km frå Gravset lenger inn
mot Lykkja. Inn til rasteplassen nedanfor Fekjastølane går løypa forbi Ulsåkstølen Fjellstugu i
forholdsvis lett og solrikt turterreng i om lag 5,5 km. Her finn ein bålpanne, 2 store bord, ved, øks,
spade og ein liten skibakke kor det er fint å byggje eit lite hopp og å leike seg på ski. Frå rasteplassen
går løypa vidare gjennom litt meir krevjande skogsterreng i om lag 6,5 km attende til Hestanåne.
Dei som ynskjer ein lengre tur kan starte på Gravset, ved Gravsetstugu. Derifrå går løypa gjennom
skogsterreng i om lag 2 km, til ein kjem inn på løypa Helsingvatnet rundt.
God skitur!
Sjekk løypestatus i Hemsedal på: http://skisporet.no/buskerud/hemsedal