Beredskapsplan VA frå Lindås kommune v Arne Helgesen

Download Report

Transcript Beredskapsplan VA frå Lindås kommune v Arne Helgesen

Beredskapsplan VA
Erfaringar frå Lindås kommune.
12.03-2013 Arne Helgesen
Lindås er den største kommunen i folketal i Nordhordland. den
dekkjer eit areal på 474 kvm2, og har om lag 14 800 innbyggjarar
Terrenget varierer frå skjergard til høgfjellsområdet med
Sørdalsnuten som høgste punkt 957. m.o.h.
Kommunen er rik på kulturminne og historiske minne med m.a.
kongshaugen på Seim, lyngheiene på Lygra, gamle torvhus og
kvernhus, vegkjyrkja på Vikanes og ein del museer og samlingar
Næringslivet er variert med omfattande industri og service .
Oljerafineriet på Mongstad og Mongstadbase /industriområdet
som største industriarbeidsplassar.
Helit sør i Lindås ligg Knarvik som er kommune og regionsenter,
herfrå er de 30 km. Til Bergen sentrum. I 1994 fekk distriktet
brusamband til Bergen over Nordhordlansbrua
Kva var motivasjonen bak igangsetjing
av arbeidet?
Motivasjonen var i hovudsak utleda av to årsaker :
- krav frå tilsynsmyndighet, Mattilsynet
- og eige ønske om ny gjennomgang
og analyse av situasjonen for
vassverka i Lindås.
Kva la vi til grunn for beredskapsplanen
Mattilsynet sin veileder :
Økt sikkerhet og beredskap i vannforsyningen – 2006
Driftsdata, Internkontroll, hovedplan,
eksisterande beredskapsplan,
Plan for KKL og andre fagplanar (helsetenesta, smittevern).
Erfaring og faglig skjønn.
Tips :
Det er mange råd og veiledningar i
Vannforsyningens ABC kap F (frå Folkehelsa)
- Men først og fremst ein fersk ROS analyse
for alle vassverka i Lindås kommune
Grundig og systematisk gjennomgang av alle
vannforsyningssystema – frå kjelde til spring.
Analyse av alle dei ulike delane av systemet;
- Nedbørsfelt og kjelde
- Vanninntak og behandlingsanlegg
- Distribusjonsnett : leidningar,høgdebasseng, pumpestasjonar
- Avdekka gradert risiko, altså vurdere sannsynlighet for
at uønska ting kan henda og konsekvensane dersom
dei skjer.
- Kriteria er gitt på forhånd, slik at vi hadde same
forståing av kva som var liten og stor sannsynlighet og
konsekvens.
- Vi skaffa oss oversikt over alle førebyggande og
skadebegrensande tiltak vi faktisk allerede hadde, heilt
frå klausulering av nedbørsfelt til levering skjer hos
abonnent.
Gjennomgang av alle typar abonnentar, og vi sette opp
prioritert liste over dei sårbare abonnentane
på dei ulike vassverka – sjuke/pleieheimar,
barnehagar og skular, overnattingsstader/servering
og industri.
Vi fekk litt å tenkje på då vi skulle kartlegge
risikoabonnentane våreC..ingen oversikt over kva risiko
den enkelte bedrift kunne medføre for kvaliteten på drikkevatnet
Dette er eksempel på Rød sone – tas videre til handlingsplan
Frå ROS til Beredskapsplan
Utgåva frå 1995
Kva skal vi med ein beredskapsplan
- Vere et verktøy for handtering av større uønska
hendingar
- Begrense skader som kan oppstå ved større uønska
hendingar
- Auke tryggleiken til den som er på vakt når uønska
hendingar større enn normale ”driftsavvik” skjer, særleg
utanom normal arbeidstid
Beredskapsplan er delt inn i 2 delar
1. Operativ del – gir informasjon ein har bruk for i ein
akuttsituasjon
- operative mål
- varslingsrutinar frå VA-vakt oppover i systemet
- aksjonsplaner
- kontaktlister – lommeformat på viktige kontaktar
- avtalar
- sårbare abonnentar, telefonliste med kontakperson
- tilgjengelig beredskapsmateriell ++ også andre avd.
AKSJONSPLANAR :
Vi utarbeida aksjonsplanar for 7 ulike hendingar.
Aksjonsplanen er meint å brukast som ei huskeliste, og sikrar dokumentasjon av
hendingsforløp.
Aksjonsplanar er et hjelpemiddel !
*Akutt forurensning av vannkilde
*Mistanke om forurenset drikkevatn
*Brudd på hovedledning i sjø
*Brudd på hovedledning på land
*Langvarig strømbrudd
*Krisevannforsyning, nødvann
*Trussel eller mistanke om sabotasje
- Vi kan aldri fange opp alle ting som kan gå galt i VA-verda
- Men dersom vi har tenkt gjennom problemstillinger, så har vi et system å jobbe
ut fra dersom liknande kriser oppstår.
-Det er viktig å ha klare ansvarsområder, og VA-vakten har ei god støtte i
beredskapsplanen for kortid uønska hendingar skal varslast til einingsleiar.
-Einingsleiar er ansvarleg for å vurdera situasjonen i forhold til varsling av KKL,
Mattilsyn og kommunelege.
- Øving gjer meister – ei beredskapsøving aukar innsikt og trygghet på korleis ein
skal opptre, og kva kvar enkelt skal gjera når det er unntakstilstand.
Er det førebyggande tiltaket godt nok
gjennomtenkt ????
Det er viktig å tilpassa tiltaka slik at ein oppnår ønska effekt.
Papirøving med innlagte praktiske øvingar - beredskapsøving
Krisevassforsyning Knarvik 15.03.2012
Omfang : Gjennomgår prosedyrer som skildra i VA sin
beredskapsplan. Aksjonsplan nr 6. krisevassforsyning, nødvatn.
Sårbare ab. ringt og varsla om øvinga, slik at dei kan gå gjennom sine
interne rutiner dersom hendinga var reell. Sjukeheimar, Helsehuset,
Skular, Barnehagar og Knarvik Senterforening.
Gemini Varsling vert ikkje aktivert i øvinga, slik ein ville gjort i ein reell
situasjon. Kun testmeldingar til nokre mobilnummer.
Praktisk gjennomføring :
Bruddsøking – klargjering, utkjøring og frostfri plassering av
krisevannstankar, fylling av tankane, klargjering av tankbil etter
prosedyre i Beredskapsplan
(tømme gammalt vatn – klorere og fylle tankbil –tømme – fylle på nytt
og kjøre ut), sjekke deleleverandør
Scenario:
Vinterdag i januar, snø og – 10 °C.
Hovudfokus er oppretting av krisevassforsyning
- Melding til VA vakten kl. 08.18 om manglande vatn i Knarvik.
Heile Knarvik utan vatn
Ingen forutgåande hending (beredskapsorganisasjon er ikkje etablert)
Alarm til VA-vakten 08.15 høg vassføring Knarvik HB
Har ikkje fått alarm om høg vassføring på andre elektroniske målarar
etter Knarvik HB
På grunn av anleggsarbeide i Isdal er reservehovudvassledning via
Juvikstølen ute av drift.
Tankbil/vasstankar kan ikkje fyllast i Knarvik (er ikkje vatn!)
Tal abonnentar berørt : ?
Ved reell situasjon : Sende SMS Gemini varsling om kvar ein kan
hente drikkevatn, og at ny informasjon vert sendt ut seinare og
oppdatert på Lindås kommune sine heimesider.
Vi bør prøve ut kor lang tid vi brukar på å klargjere/plassere og fylle
opp tankane våre.
Vi bør desinfisere og fylle tankbilen (sjekke
tidsforbruk)
Det er glatt-vanskelig å komme fram med tilhenger (er
det relevant ?)
Plassering? Frostfritt?
Sjukeheimar? Skular/barnehagar? Må varslast – er
ikkje vatn verken til drikke eller sanitærbruk.
Store bedrifter – etter liste.
Sentralbord for info til publikum
Følg aksjonsplan nr 6
Føre logg nøye.
Aksjonsplan 6 - Krisevassforsyning, nødvatn
Aksjonsplanen viser oppgåver, aktuelle tiltak og
rekkefølgja av desse.
Aktivitet merka med * skal gjentakast regelmessig så
lenge aksjonen varer.
Telefonnummer, tilgjengelig utstyr, mannskap og
kompetanse er vist i beredskapsplanen sine vedlegg.
Beredskapsleiar kan nytte aksjonsplanen som enkel
logg og sjekke ut oppgåvene i statusfeltet:
U= utført, IR= ikkje relevant, IM= ikkje mogeleg
Fase
Pkt Oppgåve
Kriseforsyning, i form av rasjonering og utkøyring av nødvatn, vil ofte vere ei
følgje av ei anna hending der beredskapsorganisasjonen allereie er etablert og
aksjon sett i gang. Sjå då bort frå pkt1-3.
Drift/vakt 1 Oversikt. Noter fakta om situasjonen.
- Når, kvar og korleis kom meldinga
- Årsak til at kriseforsyning bør setjast i verk
- Område som er i råka
- Kor mange abonnenter det gjeld
- Sårbare abonnentar
Varsle og 2
mobiliser
e
Drift/vakt varslar einingsleiar. Orienter om situasjonen.
Dersom driften/vakta ikkje oppnår kontakt med einingsleiar eller
assisterande einingsleiar skal KKL varslast direkte via brannvakt.
3
4
5
6
7
Einingsleiar vurdere og varslar
kommunelege og Mattilsyn. Ved behov
varslast KKL og evt andre avhengig av
omfang og type hending.
Kall inn ekstra mannskap til utkøyring
av vatn og informasjon til publikum,
inkludert tilgjengelege frå brannvesenet.
Gje felles orientering om situasjonen.
Rekvirer tankbil frå brannvesenet. Gjer
klar for levering av hygienisk
tilfredsstillande vasskvalitet. Sjå eigne
retningsliner.
Gjer klar eigne vasstankar og bilar til
utkøyring. Retningsliner skal følgjast
Kontakt sivilforsvaret. Avtal assistanse
av mannskap og utstyr.
Tilta 8 Kva er tilgjengelig volum i høydebasseng? Strategi for
k
rasjonering.
Prøv å hald oppe trykk i nettet. Aktuelle tiltak kan vere følgjande:
- Strupe forsyninga til einskilde område (t.d. kaier Mongstad)
- Be Austrheim starte eiga reserveforsyning
- Forbod mot stort vassuttak for næringsversemder
- Restriksjonar på vassforbruk til hushald.
- Redusere trykket i nettet
Tabell for nivå/volum i basseng går fram av beredskapsplan kap. 2.4.2.
Tapp ikkje bassenga så lågt at luft blir sugd inn i nettet.
Dersom det kan bli aktuelt å levgere vatn med redusert kvalitet (råvatn)
skal kommunelegen og Mattilsynet kontaktast (Drv.f. §18).
9 Lag plan og set i gang utkøyring av drikkevatn. Avklar lokalisering
av vasspostar, rekkefølgje for utplassering, fyllingspunkt, ansvarleg for
utkøyring og refylling, bemanning/vakt ved vasspostane, innhald i
informasjon til publikum (tid, stad, mengde, kvalitet).
Prioriter sårbare abonnentar. Sikre hygienisk emballering. Vurder behov
for frostsikring. Bruk av vasstankar etter eigne retningsliner.
10* Informer abonnentar. Utarbeid informasjon i samarbeid med
kommunelege/Mattilsyn. Informer LK sentralbord. Informer om
restriksjonar på kranvatn (mengde og kvalitet), tilgang til utkøyrt
vatn, årsak og sannsynleg tidsperiode.
Etabler informasjonstjeneste for å svare på spørsmål. Gjer avtale
om kven som skal ha vidare kontakt med media. Sjå til at operativt
personell får arbeidsro. Set i verk varsling, send ut pressemelding.
Legg ut info på kommunen si nettside. Ta opp igjen og oppdater
informasjonen. Vurder behovet for fleirspråkleg info.
Prioriter sårbare abonnentar ved direktevarsling pr telefon.
11* Logg. Før logg og hald involverte partar orientert om utviklinga.
Ved stor/langvarig hending skal det opprettast eiga mappe og
gruppe i Outlook.
11*
Logg. Før logg og hald involverte partar orientert om utviklinga.
Ved stor/langvarig hending skal det opprettast eiga mappe og
gruppe i Outlook.
12
Mat og klede. Syt for tørre klesplagg, mat/drikke og nødvendig
kvile for mannskapet. Planlegg rullering.
13
Dersom nettet har ført urensa vatn må det reingjerast.
Desinfeksjon skal utførast som vist i VA-miljøblad 39 og 40.
14
Oppretthald anna drift. Oppretthald nok ressursar til anna drift.
Normalisere 15
Verifiser og dokumenter at vassforsyninga er trygg. God
vasskvalitet skal vere stadfesta med godkjende vassprøver
(normalt minimum 2 prøver) frå eit representativt område.
16 Vedta normalisering. Vedtak i samråd med
kommunelege/ Mattilsyn.
17 Gjenopprett normal drift
18 Informer abonnentar og media om at vassforsyninga er
kontrollert og trygg
19 Evaluer og rapporter hendinga og aksjonen
20 Oppdater om nødvendig planverk og beredskapsmateriell
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Logg beredskapsøving 15.03.12
Øving starta 09.00
Scenario som oppsett, hovedfokus oppretting av krisevassforsyning.
Melding VA vakt om høg vassføring Knarvik HB
Helgesen går raskt gjennom tenkt hending, og oppgåver vert fordelte.
Helgesen leiar øvinga og Linda S fører logg.
Vurdere om vi skal ordne opp sjølv eller bruke ekstern hjelp.
Kalle inn mannskap frå brannvesen?
Beredskapsvakt brann varsla kl 09.00 og det vert sett i gang reingjering
av tankbil etter retningslinjer i B-plan. Tømmer gamalt vatn på tank på
kaien på Seim og fyller klor og reint vatn på tappepunkt ved Seim meieri.
Kontakttid 1 time og deretter tømming og ny fylling.
Diskusjon vedrørande klordose på tank og korvidt tankbil skal tømmast
ein gong etter klorering før ein kan bruka vatnet på tanken. Det er
sterkklorering som er beskrive i retningslinjene våre. Bestemmer å følgja
retningsliner som er oppsett i B-plan.
-VA vakt John Sulebakk ringer einingsleiar Arne Eikefet. Får ikkje svar og
ringer ass.einingsleiar Atle Dingen. Dingen er ute i område med dårlig
mobildekning og ber Arne Helgesen ringe/varsle vidare etter plan.
• Fordeling av mannskap:
• - 1 person til Storavatn for å hente klor til brannbilen (Rune Seim).
Returnerer med ca ½ liter klor. Dette viser deg å vere alt for lite
etter det som er skildra i B-plan.
• Sulebakk kjører ut henter klor (3,5 l)og møter tankbilen på Seim.
Hentar også klorrestmåler.
• - 2 mann for å lokalisere bruddstad– husk å kle seg godt. Rune
Seim og Thomas Sandvik. Ringer Haugland VVS – dei kan stille
med 2 mann raskt.
• Ringer Alversund maskinstasjon – dei kan stille med gravemaskin
og lastebil på kort varsel.
• - 2 mann til Sjauset for å klargjere/hente 1000 l tankar for
plassering på Knarvik sjukeheim, Såtabu og Helsetunet. Desse
stadane vert prioriterte. Stein Veland og Arild Kvamme.
• - Vurderer kvar tappepostar skal etablerast . Frostfri plassering.
Nordhordlandshallen, Isdal ventilhus, Brannstasjonen. Vurdere
trafikksituasjon( glatt, brøyting, snumuligheter)
• - Kari Io kalla inn til å bistå med å ringe sårbare abonnentar kl
09.35. Kom til Ikenberget ca
• 10.00. Ringer skular og barnehagar og Knarvik Senter med
beskjed om at det er L.K har ei beredskapsøving som går ut på at
vassforsyninga til Knarvik er broten, og ein trur det vil ta heile
dagen før normal vassforsyning er tilbake. Presiserer at det er ei
øving, og at skulen/barnehagen/Knarvik Senter bør tenkje
gjennom sine tiltak dersom situasjonen var reell.
• - Helgesen telefon til sentralbord L.K og informasjonssjef Ole J
Aarland 09.45. Informasjon om øvinga lagt ut på heimesida til L.K
ca 10.15?
• - Helgesen kontaktar Eigedomsavdelinga vedr. tilkjøring av
krisevatn til sjukeheimane og Helsehuset.
• - Brannbefal kontaktar Sivilforsvaret – får melding 09.45 at
Sivilforsvaret ikkje har utstyr til krisevatn. Dei har kun slangar.
• 10.15 – Området der bruddet er blir lokalisert av Rune Seim og
T.Sandvik, men dei finn ikkje kummene. Er nedsnødde.
Kummene er flytta i forhold til innteikna kummer på ledningskart.
Hentar kumsøker på Ikenberget. Stenger nedenfor brudd når
lokalisert. Etter lokalisering kjører dei til Storavatn for å sjekke
delelager.
• 10.29 – Linda S ringer Mattilsynet og snakker med Odd Tøsdal
vedr. øvinga. Skal egentlig klareres med Einingsleiar,
avdelingsleiar.
• 10.40 – Tomme krisevasstankar er på plass ved Knarvik
sjukeheim 2 stk, Såtabu 2 stk og Helsehuset 1 stk. Frostfritt
plasserte klare til fylling?
• 10.50 Brudd lokalisert på hovedledning mellom Knarvik
høgdebasseng og Nh-hallen. 250 mm. støpejernsledning. Vi har
rør, må sjekke deler.
• 11.00 Arild Kvamme telefon til Brødrene Dahl – har alle
nødvendige delar på lager. Delane kan vera på plass innan 1
time.
• 11.11 Sendt ut testvarsling Gemini varsling til enkelte
mobilnummer. Kun for demo/test.
• 12.45 Tankbil klar til å fylle krisevannstanker.
• Øvinga blir avslutta her – kl 13.00.
NB :
- Start loggføring før du veit om det er ein
krisesituasjon du har med å gjera.
- Rekonstruksjon av hendingsforløp er ein
avansert øvelse med mange fallgruber og uventa
C-moment
Neste steg for Lindås kommune :
Få på plass alle rutiner som er skildra i planen
Planlegging av aktivitetar i samsvar med ”årshjulet” vårt
Januar-april:
Årleg planleggingsmøte
•Kurs
•Øving
•Samordningsmøte med anna
beredskap
September-desember:
Gjennomgang materiell
Oppdatere lister/oversikter
Oppdatere planverk
Mai-august:
Ingen planlagde aktivitetar
To eksempler på aktuelle uønska hendingar som det bør øvast på!
Mann opp fra kum og oversvømmelse fra overvann eller kloakk.
Takk for meg !