Innlegg på historieseminaret under Nynorske litteraturdagar, Flåm

Download Report

Transcript Innlegg på historieseminaret under Nynorske litteraturdagar, Flåm

Innlegg på historieseminaret under Nynorske litteraturdagar, Flåm 30. oktober 2010
KVA SKIL , OG KVA SAMLAR?
Av Johs. B. Thue
No tenkjer vi fylkeshistorie, ei stor og samlande historie om Sogn og Fjordane, frå dei eldste
tider og fram til i dag. Ståplass er alltid viktig når du skriv, anten skjønnlitteratur eller historie.
Derfor var det ei særs viktig påminning til oss alle det momentet som professor Kåre Lunden
drog fram i jubileumsfesten for han i Naustdal den 9.oktober i år: ” Dersom vi har hundre
historieverk som er skrivne frå borgar- og embetsmannssynspunkt, vert den totale balansen
kanskje ikkje så altfor stor om det også kjem eitt frå synsstaden til bonde med fire kyr og ein
hest”.
Ei fylkeshistorie for vårt fylke, bygde-, landbruks- og fiskerifylket i landet, er viktig fordi vi
då kan sjå på fortida med våre auge. Vi veit at det fylkeskommunale forvaltningsnivået er
under politisk press. Slik kan sjølve eksistensen til dette forvaltningsnivået stå som døme på
ein aktuell europeisk debatt, som krinsar kring demokrati, fridom og politiske mål. Dessutan
har alltid kampen om forståinga av fortida ein tendens til å bli særleg aktuell då mykje står på
spel for framtida. Vi talar om ein kamp.
”Limer alt og loddar kaldt”
Framtida til fylkeskommunen som forvaltningsnivå står på spel og er nemleg ikkje berre eit
spørsmål om økonomisk innsparing, ein kamp mot veksande byråkrati. Det er også ein kamp
om politisk nærleik, ein kamp for lokaldemokratiet sin eigenverdi. Ein kommune, ein
fylkeskommune, kan også karakteriserast som eit ideologisk prosjekt. I dette prosjektet inngår
felles møtestader, felles språk, felles kulturytringar, felles mytar, felles skule, og langt på veg
felles religion. Felles historie kan best samanliknast med Karlssons lim, som ”som limer alt
og loddar kaldt”.
Vi ser i dag at mange spørsmål blir stilte på ny. Gjenopning er eit mykje nytta omgrep både
for filosofar, politikarar og historikarar. Ideologiar og ideologiske debattar har fått ei ny
oppstode. Slik blir drivkrefter bak politiske handlingar avkledde og gjort synlege på ein ny
måte, kanskje også ut frå synsstaden til ein bonde med fire kyr og ein hest. I ei tid då
ideologiske frontar igjen bryner seg mot kvarandre kan, som alltid, historiefaget brukast til å
skapa identitet, kjærleik til bygder, hjelpa til slik at folk kan plassera seg sjølv som gruppe og
som einskildindivid i ein større samanheng. Mykje av det vi ser i vårt fylke i dag, er nemleg
eit ålment og globalt fenomen. Folk drar frå utkantar inn til byar og tettstader. Folket i
europeiske utkantar er våre søstrer og brør, og sit ved det same matbordet som vi gjer.
Historiske særdrag
Sogn og Fjordane fylke har det særdraget at til lenger vi går attover i tid til viktigare blir
fylket sin funksjon og rolle i det nasjonale, historiske hendingsløpet. Det er nok å minna om
rikssamling, Gulatinget, landnåmet på Island, vikingrika rundt Nordsjøen, innføringa av
kristendommen, slaget på Fimreite, Stårheimætta, Audun Hugleiksson med sjølve
Landsloven, og ætta frå Losna, som er den grøna øya som flyt laust mellom Krakhellesundet
og Tollesundet. Like innafor, under skuggane av Lihesten, og med Gygrekjeften glefsande
etter seg, eksporterte dei tilhogne kvernsteinar til ein stor europeisk marknad alt på 900-talet.
Dessutan er vi jo krossfylket i landet. Om ikkje lenge vil Irene Baug publisera
doktoravhandlinga si som også handlar om krossfunn i Hyllestad, funn frå verkstader til eit
eineståande handverk. Truleg vil då både kristenfolket, krossfolket, og det etablerte nasjonale
historikarmiljøet få seg eit sjokk. Slaget på Stiklestad kan bli redusert til ei sekundærhending
med omsyn til kristendommens gjennomslag i Norge. Sjokk for historikarar er forresten ein
uhyre langsam prosess. Det tok mest førti lange år frå Olafia Einarsdottirs klare påvising at
Harald Hårfagre var sogning til dette faktum nedfelte seg i eit historieverk. Korleis skal vi
møta den utfordringa som nye funn og nylesing/nytolking av kjelder gjev oss ? Korleis kan
dette inkorporerast i vår ålmenne bygging av omdøme? Utan særlege atterhald kan vi nemleg
seia trygt: Nasjonen si historie, Nordsjøområdet si soge, Baltikum si historie er også vår
historie, Sogn og Fjordane si historie. Langtoga våre rekk langt. ”Far du sør til Dublin. Det er
fregast ferd”, sa den høgætta aurlendingen til son sin, som hadde forsett seg på og røva ei
hersedotter frå Fjordane. Han bad om krigsskip frå far sin før han rømde landet, men fekk eit
handelsskip.
Dei tre fylka
Arkeologiske funn syner oss også at det finst ikkje noko område i landet som må ha hatt større
kontakt ut over landets grenser enn vårt fylke, som er summen av det gamle Sygnafylket,
Fjalirfylket og Firdafylket. Fylkesamnet blei seinare avløyst av omgrepet fogderi. Namnet
vårt: Sogn og Fjordane fylke har ein interessant bakgrunn. Spørsmålet om amtet, Nordre
Bergenhus amt, kom opp i 1907. Ei fagnemnd under Kyrkjedepartementet rådde til at namnet
skulle vera Sogn og Fjordane syssel. Amtstinget si fleirtalstilråding blei til slutt, etter mange
avrøystingar: Sygna og Firda syssel. Ved ei eiga lov av 14.august 1918 blei namnet fastsett til
Sogn og Fjordane fylke. Sentralt avgjort, altså. Fylkestingspolitikarane i Sogn og Fjordane
visste nemleg kva eit mellomalderfylke var.
Spennet i tid frå 800-talet og fram til i dag er langt. Langt attanfor dette att skin
steinalderfunna under Grønehelleren, ytst i Solund, der havet leikar med tungene sine langs
reinskura sva og berg. Steinalderfunna frå fjella her i Aurland er kanskje bleikna av tidas tann,
men dei er til stades som vår soge. Det er også dei kunstnarane som skapte helleristingane
våre i Vingen og i Ausevikja.
Historiske fenomen
Likevel kan vi festa oss litt med dette: Røyndomsspennet frå stordom på 800-talet til avmakt
i dag er meir dramatisk enn nokon historisk roman eller nokon konstruert fiksjon kan gje oss.
Kompliserte og samansette storleikar, kompliserte hendingsløp, krev som regel alltid enkle
spørsmål. Ja, korleis kunne dette gå til? Når stod avfolking og avmakt som ein orkan inn over
fylket vårt? Over heile fylke, til og med. Mi oppgåve i dag er å peika på historiske fenomen,
røra litt på overflata, og knapt nok det. Svara kan vi først gje etter å ha sett på fylkessoga på
ny, med nye periodiseringar, nye tilnærmingsmåtar slik som til dømes å nytta ideane frå
fransk mentalitetshistorie. Då kan vi setja det skiljande og samlande i ny og fruktbar relieff.
No får vi nøya oss med å erkjenna at historia vår er fylkets felleseige, med gullaldrar,
svartedaude, pest og fattiggjering, nyskaping, folkevekst, demografiske kriseår,
industrireising, kvitmåla hotell, tjørebrædde stavkyrkjer. Vår historie er vårt røynlege
omdøme. For min eigen del vil eg seia; Eg misunner den nye generasjonen av historikarar
som har så mange nye kjelder å ausa av, så mange nye solrenningstindar å bestiga. Svaret på
spørsmålet mitt om vår dramatiske historie, vekst og fall, for å bruka eit forslite uttrykk, har
eg klåre tankar om. Som alt sagt: Dette er ikkje rommet for å presentera dette svaret. Men
noko dramatisk skjedde med oss dette fylket mellom 1850 og 1900. Så mykje er sikkert.
Fotballreiser som fylkeslim
Kva samlar, ved sida av vår felles fortid? Ofte brukar eg personleg nærleik som eksempel for
å få fram meiningane mine. Eitt av barnebarna mine heiter Ole Johannes. Han er vel 17 år
gamal, frå Lærdal, bur no på hybel i Sogndal, der han er elev på den vidaregåande skulen.
Han spelar fotball for 4. divisjonslaget til Lærdal il. I 2010 har han vore i Selje, i
Skavøypollen, i Askvoll, i Eikefjorden ,i Førde, i Gaular pluss spela kampar mot nærlag som:
Veitastrondi, Kaupanger, Årdal og Syril på Leikanger. Gjennom organisert idrett har han
altså fått ny kunnskap om fylket vårt, og han kjenner truleg landskapet og lendet. Han har fått
prøvd sportslege krefter med jamaldringar og unge menn i storparten av Sogn og Fjordane. Til
og med Gaularfjellet har han køyrd.
Slik blir altså dei frivillige organisasjonane våre, over heile feltet, noko som festar oss saman.
Eg har også merka meg at idrettslaga våre, til dømes, har framifrå heimesider, der du kan
finna fotballreferat, som er skrivne med glød og entusiasme. Alltid på godt og flytande
nynorsk. Gløden og skrivegleda er kan henda størst på Veitstrondi sine heimesider. Under
kampane på Leikvoll blir det forresten servert får-i-kål. Potetstappa til pausepølsene tilverkar
veitastrendingane med sementblandar. Eg skriv dette som eit lite døme på kor samlande og
mangfaldige vi kan vera, her i utkantane av Norges rike. Dei unge les fotballreferat frå heile
fylket, og dei går jo til sengs med PC-en sin. Snart er desse, den nye generasjonen, omflødde
med sosiale medier, klare til å overta politiske posisjonar. Eg reiser eit nytt spørsmål: Vil
desse sjå på grenser, kommunegrenser og fylkesgrenser, på same måten som besteforeldra
deira. Det tvilar eg sterkt på. Dei har levd eit kvardagsliv i eit informasjonssamfunn mest utan
grenser. Korleis skal vi møta ei slik utfordring?
Vatn som omveg
For å svara på dette spørsmålet kan vi først byrja slik: Vatn er sunt. Steinalderfolket vårt
drakk vatn og åt stort sett berre protein: fisk, fuglar, egg, skjel, rein og villsvin.
Steinaldermenyen er i dag dagleg diskusjonsemne. Blå vassdunkar med vatn er derfor
plasserte på dei fleste stadene der helsepasientar ventar på tur og behandling. Helse Førde
held oss med gratis vatn. Sogn og Fjordane er eit vassfylke. Vi regnar bort i periodar.
Flaumen går. Grunnvatnet står høgt. Derfor er det eit paradoks at det vatnet vi drikk frå dei
blåe dunkane i rom som Helse Førde disponerer, ja, det vatnet er importert frå Sverige. Godt
vatn finst over alt her i fylket. Årdal kommune har til og med vunne prisar for det gode vatnet
i årdalsspringane.
Eg nyttar dette vassdømet for å syna kva delar av den nye og kløyvande helsepolitikken står
for, som partipolitisk retning, som teknokratisk trolldomstru. Oppsummert kan truleg
innhaldet i denne retninga skildrast slik: Det som er nær oss, held ikkje helsepolitiske mål. Ein
må disponera annleis, søkja etter omvegar, leggja jostedalskvinner inn i Lærdal, køyra dei til
Førde for å fø, køyra dei så attende til Lærdal for å få kvild etter fødsel og transport, forklarer
ein direktør oss, tidlegare tilsett i A-pressen.
Vatn frå springane er heller ikkje omveg stor nok. Løysinga ligg i Sverige. Direktørane i
Helse Førde, som langt på veg definerer innhaldet i det politiske rommet, likar ikkje reint vatn
frå spring. Det blir for enkelt. Vatn må bli gjenstand for tilbod, transport, møte, tingingar,
ferjerabattar, kvalitetssikring, HMS-drøftingar og vinlotteri om fredagen for dei som skal
administrera dette svenske vatnet. Byråkratiseringa i helsesektoren etter at føretaksmodellen
blei innførd, har fått eit omfang så stort og vitlaust at folk flest ville få sjokk dersom
forholdstalet mellom direkte helsepersonell og merkantilt tilsette kom på bordet. Der spring
pengane. Å få fram forholdstal, og å drøfta desse, er ein gamal og velkjend historisk metode.
Modellenes tyranni
Eit anna kjenneteikn ved denne politikken, som no i støynivå overdøyver det meste vi har sett
i fylket, knyter seg til bruken av modellar som politisk reiskap. Her nemner eg debatten
mellom Stein Rokkan og Jens Arup Seip om bruk av modellar som analyseverktøy i
samfunnsfaga og historiefaget. Spissformuleringa ”modellenes tyranni” som Jens Arup Seip
lanserte, er eit omgrep som er blitt ståande i all ettertid, men som framleis eksisterer som
planverktøy, merkeleg nok. All endring i helsepolitikken i vårt fylket skal nemleg basera seg
på modellbruk. Desse skal vera heilt firkanta, enkle, utan nyansar og skiljast frå kvarandre
med tal: Modell 1, modell 2. Å kopla fornuftige element frå modell 2 til modell 1 er strengt
forbode.
For å få desse modellane så enkle som råd er, må ein ha direktørar som forstår seg på det
enkle eller som kan gjera det enkle, slik som vatn, til noko komplisert. Eg trur at ein kan
bruka modellar for å planlegga fellesfjøs. Men reiskapen er ubrukelege der det handlande og
tenkande mennesket er aktør og objekt. Dette gjorde filosofen Hans Skjervheim oss merksame
for over førti år sidan. Planar med modellbruk som basisteori høyrer gamletida til. Moderne
menneske les og tenker og handlar sjeldan som robotar, innafor ein firkanta modell, knytt til
sentraliseringsstrevet frå 1960-åra, med Vestlandskomiteen sitt idegrunnlag i botn. Altså; kva
vil denne støyen ha å seia for fylket framover? Er nådetida over? Nådegåva, no som før, heiter
dialog og handlar om å sjå løysingar som alle kan kjenna seg att i og eiga. Det er til og med
historisk empiri for å kunna hevda at dialogen si fane, som kunst og løysingsreiskap, kan
løftast høgt.
Regionale karakterskilnader
Når vi først talar om skilnader i fylket, ser eg meg nøydd til å marsjera opp ein tysk filosof,
kritikar og teolog med namn Johann Gottfried von Herder(1744-1803). Hovudtanken hans var
at naturen rundt menneska skapte folkekarakteren. Natur og menneskesinn flaut saman.
Herders tankeverd fekk mykje å seia for romantikken i all kunst, for nasjonsbygginga på
1800-talet, for historieskriving. Herders tankar slo også inn hos forfattarar som skreiv om
sogningen og sunnfjordingen. Jens Brekke har no sett dette emnet på dagsorden att.
Sogningen framstår i litteraturen som rask i alle rørsler, handels- og prateglad., omringa av
solrenningstindar. Moralske normer var så å seia ukjent. I tillegg hadde han ein naturleg
aversjon mot alle næringsaktivitet, skriv Einar Førde. Sunnfjordingen derimot var den rake
motsetningen, sein og treg i alle rørsler, subbande i myrvæte med surklande ull-labbar, lytefri
moralsk. Han pusta i usunn havskodde, året rundt . Om hus brann, og om grannar heldt på å
drukna i fjøra hans, var alltid omkvedet: ”Ja, eg skal komme, men eg lyte ete fyrst”.
Å vera rask, og ikkje sein og treg, er i hovudsak genetisk, arveleg, betinga. Om
litteraturbiletet av sunnfjordingen var rett, skulle vi tru at han alltid kom sist i mål på 100meteren. Her har eg gjort meg så mykje føre at eg har studert krinsrekordane på denne
distansen frå 1922 og frametter mot vår tid. Og konklusjonen er eintyding: 100-meteren har
vore sunnfjordingen sitt suverne domene, med hurtigtog som Alf Apneset, Arne Erdal, Idar
Mo og Atle Strandos i spissen. Berre Ola Lillesvangtu frå Sogn braut denne lynrekkja.
Førestellinga om den seine sunnfjordingen lever i beste velgåande og er framifrå kåseristoff,
men høyrer ikkje heime i ein historisk analyse. Førestellinga har lite med røyndom å gjera,
men kan sjølvsagt innpassast i eit historiografisk oversyn, der tankesettet i ulike tidsbolkar
blir drøfta.
For få konfliktar i fylket
På den andre sida att kan vi hevda at det er for få politiske konfliktar i Sogn og Fjordane.
Politikkens inste vesen er å fordela fellesressursar. Der ligg alltid konfliktane. – Utan konflikt
– ingen politikk, kan vi seia. Dette fråværet av konfliktar har ført til at vi delvis kan
karakterisera fylkespolitikken som politisk apatisk, for å nytta eit omgrep frå Svein
Lundevalls bok ”Framover, men..” frå 1999. Oppslutnaden ved fylkestingval er no så låg at
forvaltningsnivået held på å ta sitt eige liv på grunn av interessemangel blant veljarane. Sjølve
den politiske arbeidsmåten i fylkestinget må såleis setjast på dagsorden. Kvar blei det av
fylkesparlamentarismen som føreset klåre partipolitiske grenser, i sak etter sak?
Konfliktfråværet har vidare ført til at når det først dukkar opp eit brennheit sak, som til dømes
helsepolitikken no, står fylkespolitikarane heilt hjelpelause for å løysa ho. Dei byrjar dessutan
å bli uklare fordi dei vil dela ei sak i to: overordna synspunkt og underordna synspunkt. Dette
er politisk hjelpeløyse på eit raffinert plan. Evna til dialog eksisterer ikkje fordi
konsensuspolitikken har fått rådd altfor lenge.
Nyorientering i fylkespolitikken
Det er dessutan på høg tid å evaluera fylkespolitikken frå 1970-åra og fram til i dag. Då var
mottoet at fylket skulle stå på eigne bein. Brotet med dei store folkekonsentrasjonane nord og
sør for oss skulle vera absolutt. Ei evalueringa vil truleg syna Sogn og Fjordane ikkje har nått
målet med å vera sjølvhjelpen. I dag står såleis Bergen like sterkt i folks medvit, i
handlemønsteret og i ålment tenestekjøp som byen gjorde i 1970-åra då fylkespolitikken også
blei partipolitisert, mot Sogn og Fjordane fylkesting, som det einaste i landet, sitt fleirtalssyn.
Vi gjekk med bukkebein inn i den regionale framtida. Vi går med bukkebein enno for ikkje
noko parti ser ut til å ha utvikla ein strategi i forhold til det faktum at Bergen eksisterer
framleis. Vi har heller ingen strategi med omsyn til at fylket altså ligg innekila mellom relativt
store folkekonstrasjonar i nord og sør.
I tillegg verkar den såkalla ”akse-tenkinga” tilslørande. Aksen nokre talar om, går frå Sogndal
til Førde og vidare til Flora. Ein slik strategi fører til at sentrumsstadene våre isolerer seg i
forholdet til omlandet sitt. Ikkje noko sentrum kan leva utan eit levande omland, har Eli
Bjørhusdal peikt på. Det er sjølvsagt ein korrekt observasjon, og kven ville finna på å tala om
aksen Arna- Åsane- Knarvik i Bergensområdet, som har meir enn eit femdobbelt folketal i
forhold til ”vår akse”?
Historikarane kjem alltid etter, med sine spørsmål og sine analysar. Deira oppgåve er alltid å
kle av, ikkje å kle på, lærde Jens Arup Seip oss, også. No er det faktisk ei viktig oppgåve å kle
av nokre gamalmodige førestillingar. Erfaringssynspunktet vårt kan gjerne vera eit småbruk
med fire kyr og ein hest.