Transcript Strilen
24 S T R I L Epå N Nesten BAKSIO SOLA TO R S DA G 8 . J A N U A R 2 0 0 9 FLO FJÆRE TORSDAG 3. JANUAR 09.43/15.43 02.32/14.43 08.08/20.48 FREDAG 4. JANUAR 09.42/15.45 03.18/15.30 08.53/21.39 T i p s o s s p å t l f . 5 6 3 4 3 0 3 0 e l l e r v a k t t e l e f o n 9 7 1 5 1 0 2 0 . E - p o s t : re d a k s j o n e n @ s t r i l e n . n o • w w w. s t r i l e n . n o GODT SAGT: NAMNEDAG VÊR OG VIND STINA I STØÆ: Dårlege unnskyldningar er betre enn inga unnskyldning. Torsdag 3. januar: Alfred, Alf Fredag 4. januar: Roar, Roger Torsdag: Regnbyer, snø i fjellet. Om kvelden nordvest frisk bris og lettare ver. Fredag: Nordvest opptil liten kuling på kysten. Utpå dagen regn, snø i fjellet. Mildt. Fedje seier nei til å ta imot flyktningar, les eg. – Treng dei ikkje noko nytt blod på øya? UKJENT Tritulen på nyttårsturné NOROM BRUNÆ – Kva var nyttårsforsettet ditt i fjor? Øyvind Wisnes med Lucas – Eg hadde ingen, og det hadde eg ikkje tenkt i år heller, men så slutta eg å røykja nyleg så då får det vera årets forsett. Victor Børilden – Eg skulle trena meir. Det gjekk bra eit par veker, så dabba det av. KONSERT: Folkemusikkgruppa Tritulen har konsert i Emigrantkyrkja på Sletta søndag 6. januar. Frå venstre Jonas Åkerlund, Ebba Jacobsson og Anette Thorsheim. RADØY: Folkemusikkgruppa Tritulen startar nyttårsturneen sin i Emigrantkyrkja på Sletta søndag 6. januar. Av Livar Aksnes [email protected] Folkemusikkgruppa Tritulen, der toraderspelar Anette Thorsheim frå Radøy, men no busett i Masfjorden, er med, skal ut på ein nyttårsturné. Dei skal framføra melodiar frå plata som kom i fjor, og som delvis byggjer på folkemusikk frå Nordhordland. Det er særleg songar og melodiar innsamla av Ola R. Midtbø (1877 – 1950) frå Masfjorden, men der er òg danseslåttar av andre, som Karl Øvretveit frå Lindås, Henrik Mjåtveit frå Meland og Andreas Villanger frå Radøy. Mange sjangrar «Tritulen» har tre medlemer. I tillegg til Thorsheim er det Ebba Jacobsson, som syng, og Jonas Åkerlund, som spelar fele, gitar og cister. Dei framfører folkemusikk i mange sjangrar, både religiøse folketonar, salmar, tradisjonelle folkeviser og dansemelodiar. I tillegg til folkemusikk frå Nordhordland har dei òg svensk folkemusikk på repertoaret. Dei to andre i gruppa utanom Thorsheim er svenske. Opnar på Radøy Første konsert i nyttårsturneen er på Radøy. Dei skal deretter vidare til Bergen, Voss, Lærdal og Hovden/Haukelifjell. Turneen sluttar i Fredrikstad neste søndag. Samlararbeidet som Ola R. Midtbø utførte, vert no òg presentert i ei eiga bok, utgjeven av Masfjorden sogelag. Denne boka kom ut like før jul og har vore omtalt i Strilen tidlegare. Medlemene i «Tritulen» er alle profesjonelle musikarar og framfører musikk av høg kvalitet, noko også plata deira viser. Nina Elisabeth Hansen – Å slutta å røykja. Men det gjekk ikkje særleg bra, uheldigvis. Ben Børilden – I fjor hadde eg ingen, men i år skulle eg halda meg vaken til klokka sju nyårsdag, og det klarte eg. Vakttelefon 97 15 10 20