Mer informasjon om Hallvard T. Bjørgum og hans rike virke og store

Download Report

Transcript Mer informasjon om Hallvard T. Bjørgum og hans rike virke og store

Bjørgum, Hallvard T.
Folkemusikar og sylvsmed, f. 1956, Rysstad, Valle i Setesdal.
Hallvard T. Bjørgum er ein av landets fremste tradisjonsberarar innanfor hardingfelemusikken.
Setesdalsspelet hans er karakterisert som rytmisk drivande og både mjukt og vilt. Han fører vidare arven
etter faren, Torleiv H. Bjørgum (1921-1990), som lærde mange slåttar etter den legendariske
spelemannen Knut Jonsson Heddi gjennon Andres K. Rysstad. Han har og tileigna seg slåtter frå andre
område enn Setesdal, til dømes etter Bjarne Herrefoss, Kjetil Løndal og Jørgen Tjønnstaul frå Telemark.
Han er ein omtykt forteljar med eit stort repertoar av anekdotar og stoff rundt musikken han framfører.
Sidan han første gongen var med på kappleik i 1969, har han fått ei mengd førstepremiar frå lokale,
regionale og landsdekkande kappleikar. Første radioprogram han deltok i var i 1970, dengong
Folkemusikkhalvtimen med den markante programsekretæren Rolf Myklebust. Bjørgum har vunne
Landskappleiken fleire gonger. I 1988 vann han også Kongepokal. Han er statsstipendiat frå 1991.
Hallvard T. Bjørgum har utgjeve og medverka på eit tjuetalls plater, og fleire av desse har fått
Spellemannprisen. Den første var Slinkombas frå 1979 med gruppa Slinkombas (1976-82) der Bjørgum
spelar saman med Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid og Tellef Kvifte, seinare Hildur Øygarden. Kirsten
Bråten Berg har vore ein viktig samarbeidspartnar gjennom mange år. Samarbeidet har resultert i mange
innspelingar, og 25-årsjubileum vart feira i 1999 med CD-en Runarstreng. Opp igjennom åra har Bjørgum
samarbeidd med musikarar frå ei rekkje sjangrar - og frå fleire land. Eit døme er den amerikanske
“sing-and-song-writer” Eric Andersen, som Bjørgum har samarbeidd med sidan 1991. CD-ane Free field
og Peace Will Come frå 2003 og 2008, kan sjåast som ei førebels oppsummering av denne verksemda.
Her spelar Bjørgum saman med til dømes Garth Hudson, Rick Danko og Blondie Chaplin frå The Band,
sistnemnde som også har vore med i backinggruppene til The Beach Boys og The Rolling Stones. Denne
sistnemnde nokså "progressive" utgjevinga har også element frå roots/country, og fekk berre firerar og
femarar på terningkast i pressa, samt ein seksar!
Bjørgum har konsertert med hardingfelene sine i over 20 land, dei siste førti åra.
I 1990, då faren brått døydde, tok han over drifta av kultursenteret Sylvartun, som foreldra grunnla i
1961. Herifrå driv han plateselskapet Sylvartun Folkemusikk med innspelingslokale/konsertsal, og er
engasjert i konsertseriar og ulike arrangement som presenterer folkekulturen i Setesdal og Telemark.
Han har Noregs største samling av hardingfeler etter legendariske spelemenn, som også er blandt
landets største hardingfelesamlingar i det heile.
Bjørgum har interessert seg for likskapen mellom den eldste slåttemusikken i Setesdal, dei såkalla
gorrlause rammeslåttane, og folkemusikken i Kaukasus. Utifrå dette har han framsett ein teori, som han
lanserte i NRK P2 (Folkemusikktimen) i 2001 og supplerande program i 2010. Bjørgum vart også invitert
til den vitskaplege konferansen i regi av UiO og University of Foreign Languages i Baku, oktober 2011, for
å legge fram teorien sin der som bygger på konkrete musikkfunn av det han meiner har signifikante
likskapar med setesdalsmusikken, rammeslåtten Nordafjells og folkemelodien Tello. Han har ved fleire
høve, både i Aserbadsjan og i Noreg, spelt saman med Elshan Mansurov, ein av Aserbajdsjans fremste
kamanche-spelarar.
Hausten 2007 tok han opp att samarbeidet med den gamle kollegaen frå "Slinkombas tida", tidlegare
rektor for Ole Bull Akademiet, magister og hardingfelespelemann Gunnar Stubseid. Dei har hatt eit
knippe solokonsertar ilag i seinar tid.
I juli 2012 leidde Bjørgum seminaret "På ramme alvor" på Sylvatun, der professor i historie ved
Universitetet i Stavanger, Torgrim Titlestad, og den danske musikkforskaren Morten Levy, samt magister
Gunnar Stubseid deltok, med tema tradering og rammeslåttar i Setesdal, som også er utgangspunkt for
teorien til Bjørgum.
I november 2012 kom dokumentarfilmen på NRK2 av Ulf Myrvold, "Rammeslåtten, udøyeleg ekstase",
bygt ikring Bjørgums musikkteori og praksis, også i forhold til utøvarar i andre musikk sjangrar. I 2010
skreiv Ingunn Sørli Øksnes masteroppgåve i musikkvitskap ved Universitetet i Trondheim med tittelen:
"Tradisjon og Transe, i lys av folkemusikeren Hallvard Torleivson Bjørgums filosofi og praksis".
Hausten 2010 vart produksjonen Skjoldmøyslaget (saman med faren Torliev H. Bjørgum, hardingfele,
vanleg fele og munnharpe, 1990) som Hallvard var produsent og utgjevar for, rangert som den 14. beste
plateutgjevinga nokon sinne i Noreg, utansett sjanger. Det resulterte i fleire radioprogram, samt ei
bokutgjeving ført i pennen av musikkarkeolog Gjermund Koltveit (Falck Forlag). Boka vart lensert med
konsert og filmpremiere (Rammeslåtten, udøyeleg ekstase) saman med nevøen Sigurd Brokke
(landskappleikvinnar to gonger) på munnharpe, både på Setesdalsmuseet og Litteraturhuset i Oslo på
haustparten i 2012. Morgenbladet var tilskipar av nemnde rangering, kalla "Topp 100", der altså
Skjoldmøyslaget oppnådde høgste plassering av folkemusikkplater. Slinkombas kom inn på 84. plass og
Meisterspel med Hauk Buen, også produsert og utgjeve av Bjørgum, kom på 74. plass. Dei einaste
folkemusikkproduksjonene på denne lista, som var bygt på hundre musikarar sine innstendte stemmer.
Bjørgum har vore produsent på alle sine utgjevingar på Sylvartun Folkemusikk, som forlaget hans heiter.
Sommaren 2012 deltok Bjørgum for første gong som kvedar på Telemark Internasjonale
Folkemusikkfestival i Bø, der han også framførte vise- og salmesong til sitt eige
hardingfeleakkompangement. Denne tradisjonen som i mange år har lege brakk i Setesdal, men som har
hatt eit titals eksekutørar bakover i tidene, har Bjørgum gjenopptatt, også i høve framføringar i
kyrkjesamanheng (Valle kyrkje, hausttakkefest, oktober 2012). Som kvedar av setesdalsstev, har han
meir unntaksvis opptredd sidan slutten på nittitalet, også i samarbeid med Kirsten Bråten Berg
(CD-utgjevinga Runarstreng, 1999), og instruert private elevar i munnharpespel. Han har saman med
kvedaren Kirsten Bråten Berg jamvel utgitt ein slått i samspel på munnharpe.
Som diktar av nystev, har han også vore framme, særleg i høve minnestev o.l. i presse og tidsskrifter.
Også som kronikkforfattar i Aftenposten har han synt seg, såvel som i bidrag i jubileumssbøker,
fagtidsskrifter o.l. Nekrologar og minneprogram har han også produsert, samt delteke og laga nokså
mange radioprogram i folkemusikksamanheng, også med og om andre utøvarar. Han har også vorte
mykje nytta til spelemann i gravferder, både i heimbygda så vel som andre plassar dei ville ha hardingfele
til sørgjehøgtida. Det har vorte mange store heltar å fylgje til grava etterkvar, då den gamle garde no
stort sett har lagt bogen ned. Generasjonen fødd kring 1930 tok gjerne det den gong så populære
instrumentet trekkspelet framfor hardingfela, og fleire gjekk også over frå hardingfele til trekkspel i
denne årsklassen. Difor er denne årsklassen heller tynn i høve representantar på hardingfele, noko som
gjer at ein del plassar er dei som er fødde på førti- og femtitalet, nestorar å rekne. Ein
spelemannsgenerasjon er mange gonger ikkje meir enn omlag ti år, når ein reknar slik at dei ti år eldre
kan lære opp dei tilsvarande yngre. Så raskt kan traderinga føregå.
Bjørgum har lært Setesdalsgangar av Aslak Austad og Torbjørg Åmli Paus på kurs og i dansesamvær slik
at han kan delta i gangar ringdans, noko som ein kan sjå på dokumentarfilmen om faren Torleiv H.
Bjørgum (Tidi renne og aldri snåvar, 1989). Mangeårig styremedlem og leiar i Setesdal Spelemannslag i
jubileumsåret 1980.
Bjørgum har ikkje delteke på kappleikar eller andre musikk konkuransar sidan 1988. Einskilde
innspelingar med Bjørgum er pensum på læreinstitusjonar for musikk i Noreg idag. Og som kjelde eller
inspirasjon for folkemusikk og historie knytta dertil, er han også nytta av fleire, både til oppgåveskriving
og i høve utgjevingar av folkemusikk av unge idag.
Bjørgum har halde spelekurs for Setesdal Spelemannslag i ein 10 års periode og ein bolk for
kulturskulen i Bykle og Valle også. "Master kalsse" på arrangement samt ved nokre einskild høve har han
også undervist ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. I prosessen med skipinga av Riksscenen var han
medverkande, og sat i det kunstnarlege rådet her. I Arbeidarpartiet sitt utval for den sentrale
musikkpolitikken var han også medlem, ein gong mot slutten av 1980-talet. Kommunestyrerepresentant
for Arbeidarpartiet i to samanhengande periodar mest fram mot tusenårsskiftet, og andre kommunale
verv. Hallvard Torleivson Bjørgum (som døypenamnet hans er) er av den "gamle spelemannsskulen" som
ikkje har lært seg noter, men gått til dei gamle meistarane, som mest alle med unntak av far hans var
fødde mot slutten av 1800-talet og omkring det første tiår av 1900-talet. Han er såleis av mange, ikkje
minst i pressa, vorte rekna som purist, trass i at han ved fleire høve har vore ute av båsen sin på
"fellesbeite", som han uttrykkjer det. Han var sentral premissleverandør og saman med bl.a. Kjetil
Løndal, Bernt Balcken og Kjell Midttun i førebueinga og skipinga av Norsk Folkemusikk og -Danselag på
midten av 1980- talet, som særleg ville fremje "dei eldste formene" for folkemusikk, og har sete i
fagnemda for instrumentalmusikk der. Laget vart fusjonert med Landslaget for Spelemenn i 2008,
(Folk.Org.) noko Bjørgum støtta i si tale til årsmøtet, og i seinare apell i Spelemannsbladet etterpå. Han
peika der på at me må fremje folkemusikken og -dansen som ein del av verdsarven. Og nettopp det er
det som er eit av hans arbeidsfelt å realisere idag, gjennom Unesco si liste over immatriell kulturarv.
Hallvard T. Bjørgum har konsertert/opptredd med hardingfele i eit tjuetals land, i flerie verdsdelar.
Saman med kolegaer er han nominert åtte gonger til Spellemannprisen, og av desse vore med å vunne
fire gonger. Han oppnådde åtte klassesigrar på Landskappleiken i løpet av dei sytten åra han deltok, frå
1972 til 1988 og vann fleire vandretrofè som t.d. Kongepokalen, Faremopokalen, Tarkjel Aslaksson
Austads Minnepokal, Knut Jonsson Heddis Minnekrus, Myllargutpokalen, Nere Neset Minnepokal,
Storefjellkruset, o.a. Også vinnar av Kubbestolprisen på Jubileumskappleiken i Setesdal, 1980 og seinare
vinnar i 1989 saman med faren Torleiv H. Bjørgum, året før han døydde.
Diskografi:
2014
Førnesbrunen Vol. 2 CD med Hauk Buen, DVD med Jørgen Tjønnstaul (120 årsminne) m.fl.
(Sylvartun Folkemusikk)
2013
Sterke Slag, trippel CD, Meistersp.m. Olav Hegland 125 år (dokum.) med Gunnar Stubseid
(Sylvartun Folkemusikk)
2011
Førnesbrunen, CD/ med Hauk Buen, DVD med Knut Buen, Alf Tveit, Jørgen Tjønnstaul
o.fl.(Sylvartun Folkemusikk)
2008
Peace Will Come, med musikkvener frå fleire verdsdelar (Blue Note, Grappa Musikkforlag)
2003
Free Field, med musikkvener frå fleire verdsdelar (Sylvartun Folkemusikk)
1999
Runarstreng, med Kirsten Bråten Berg (Heilo, Grappa Musikkforlag)
1998
Toneflaum, med Bjarne Herefoss og Knut Hamre (Sylvartun Folkemusikk)
1991
Juletid, med Kirsten Bråten Berg og Eilert Hægeland (Norsk Plateproduksjon)
1990
Skjoldmøyslaget, med Torleiv H. Bjørgum (Sylvartun Folkemusikk)
1986
Dolkaren, med Torleiv H. Bjørgum (Sylvartun Folkemusikk)
1985
Klunkaren, med Torleiv H. Bjørgum (Sylvartun Folkemusikk)
1982
Slinkombas og bas igjen, med med gruppa Slinkombas (Heilo)
1979
Slinkombas, med gruppa Slinkombas (Heilo)
Medverkande på andre plater:
2012
Fallen Angel, med Inge Bakke Nes og Eric Andersen
2006
Between Us, med Blondie Chaplin (Big Karma Records)
2001
One More Shot, med Danko, Fjeld, Andersen,
Jazz, 1991 ( BMG/RCA)
reutgjeving og bonus CD, liveopptak frå Molde
2001
Norsk Folkemusikk, saman med Kirsten Bråten Berg, stevjing,
lærarar i folkemusikk (Heilo, Grappa Musikkforlag)
knytt til vegleiingsboka for
1998
Music from Norway, med Kirsten Bråten Berg (Grappa)
1997
Masterpieces, med fleire folkemusikkutøvarar (Heilo, Grappa Musikkforlag)
1997
Meistrspel, med fleire hardingfeleutøvarar (Norsk Folkemusikk og -danselag)
1996
The Sweet Sunny North, vol. 2 , med David Lindley o.fl. (Shanachie,USA)
1995
Norsk Folkemusikk, 10 CD serie, Vol. 2, Agder (Heilo/NRK)
1994
The Sweet Sunny North, Vol. 1, med David Lindley o.fl. (Shanachie)
1992
Sylvdropan, med Anne Karin Kåsa (Olav Mosdøl)
1992
Ridin' on the Blinds, med Danko, Fjeld, Andersen (Grappa/Rycodisc, USA)
1991
One More Shot, med Danko, Fjeld, Andersen (Stageway/Mercury, USA)
1991
Kvitebjørn Kong Valemon (Continetal Records A/S)
1988
Min Kvedarlund, med Kirsten Bråten Berg (Heilo)
Andre utgjevingar/bøker/aktivitetar:
Kvitebjørn Kong Valemon, film musikk i samarbeid med Børen/Åserud, 1991
Tidi renne å alli snåvar, tilretteleggar saman med Marianne Berg, dokumentarfilm om Torleiv H. Bjørgum,
produsent Jostein Eilertsen (TVP Film og Video), 1989
Setesdal Spelemannslag 50-års jubileums soge, saman med tidl. høgskulerektor Gunnar Lade (Setesdal
Spelemannslag), 1981
Produksjonar/produsent:
Tjugedalaren, Hauk Buen (Sylvartun Folkemusikk, 2013)
Meisterspel, Hauk Buen (Sylvartun Folkemusikk), 2010
Bjørgumspel, Vol. 1, Torleiv H. Bjørgum (Sylvartun Folkemusikk), 2002)
Barn av den bortglemte rase, Elias Akselsen og Hulda Johansen (Sylvartun Folkemusikk), 1999
Professor Olav Bø i Setesdals forteljetradisjon, foredrag (Sylvartun Folkemusikk), 1997
Prisar/utmerkingar:
Heidersmedlem Setesdal Spelemannslag, 2011
Valle kommunes kulturpris, 2010
Rolf Gammleng prisen, 2002
Spellemannprisen, Toneflaum (saman med Bjarne Herrefoss og Knut Hamre), 1998
Heidersmedlem i Norsk Folkemusikk- og Danselag, (1998), seinare fusjonert til Folk.Org.
Ivar Aasen-prisen (Noregs Mållag), 1997
Aust-Agder fylkes kulturpris, 1997
Spellemannprisen, One More Shot (saman med Danko, Fjeld, Andersen), 1991
Spelemannprisen, Skjoldmøyslaget (saman med Torleiv H. Bjørgum), 1990
Vinnar av Landskappleiken, hardingfele kl A, 1988 (med Kongepokalen)
Vinnar av landskappleiken, hardingfele kl B vanleg fele, 1986
Spelemannslaget Vårlengt sin "Spelemannspris", 1985
Sagatrollet, Arendal, 1982
Vinnar av Landskappleiken, hardingfele kl A, 1982 (med napp i Myllargutstatuetten)
Spellemannprisen, Slinkombas (saman mde Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid og Tellef Kvifte), 1980
Vinnar av Landskappleiken, hardingfele kl B, 1976 (gullklokke)
Vinnar (eller delt førsteplass) av Landskappleiken, hardingfele kl C (yngste klase),1975, 1974, 1973
(vinnar av NRK sin heiders- krystallvase) og 1972
Stipend:
Statsstipendiat under Kulturdepartementet, utnemnd 1991
Statens 3- årige arbeidsstipend, 1985-1988
Fond for utøvende kunstnere, 1982
Eks. på andre presentasjonar i NRK radio og TV.
"Rammeslåtten, udøyeleg ekstase", NRK2, 2012
"Dolkaren", portrettprogram om Pål Helge Haugen, ynskjeslått, Terje Dragseth, 2009
"Folkemusikktimen, Skjoldmøyane og amasonene", NRK P2, 2010NRK 2, 2004
"Hardingfela", dokumentarprogram med mange aktørar, NRK Fjernsyn, 2004
"På rammeslåtten i Aserbadsjan", NRK P2, 2001"
"Reportasje", med Knut Heddis minne, NRK Fjernsyn, 2000
"Halvbror til reven", saman med Kirsten Bråten Berg, programserie, NRK Fjernsyn, 1998
"Norge Rundt", frå Sylvartun, NRK Fjernsyn, 1997
"Europa rundt", reportasje, Nord Deutche Rundfunk, 1994
"Kongebesøk i Setesdal", repeortasje, NRK, 1993
"Roots 92", med Eric Andersen, Rick Danko og Jonas Fjeld, NRK Fjernsyn, 1992
"Festspillene i Bergen", med Kirsten Bråten Berg, NRK Fjernsyn, 1992
Med Danko, Fjeld,
Andersen på Vossa Jazz, NRK Fjernsyn, 1992
Med Danko, Fjeld, Andersen på Cruse Cafe, NRK Fjernsyn, 1992
"Amerikabrevet", dokumentar/reportasje NRK Fjernsyn, 1989
"Landskappleiken 100 år, Bø i Telemark",
med Torleiv H. Bjørgum, NRK Fjernsyn, 1988
"Skjoldmøyslaget", dokumentarprogram saman med Torleiv H. Bjørgum, 1988
"Ukens artist”,
NRK P1, 1988
"Frå Landskappleiken 1988", saman med Torleiv H. Bjørgum,
NRK Fjernsyn 1988
"Ettermiddags TV", NRK Fjernsyn, 1987
"Sylvdogg", med Kirsten Bråten Berg, NRK Sørlandet, 1985
"Frå Landskappleiken i Kongsberg" saman med Slinkombas, NRK Fjernsyn 1983
"Tora Lille, ei vise i endring", saman med Slinkombas, NRK Fjernsynet, 1982
"Fire unge spelemenn", saman med Knut Hamre, Johannes Sundssvalen og Jan Arne
Sæbuødegård, NRK Fjernsynet, 1976"
"Langs Landevegen" reportasjeprogram v/Stein Ønrhøy, 1975
"Frå Landskappleiken 1974", saman med bl.a. Torleiv Bolstad, NRK Fjernsyn