Utviding av jaktperioden i 2013

Download Report

Transcript Utviding av jaktperioden i 2013

SØKNAD OM UTVIDING AV JAKTPERIODEN 2013, SETESDAL
AUSTHEI VILLREINLAG
ARKIVKODE:
SAKSNR.:
SAKSHANDSAMAR:
K00
2013/195
Jørn Trygve Haug
SIGN.:
UTV.SAKSNR.:
UTVAL:
MØTEDATO:
13/18
13/4
Arbeidsutvalet i villreinnemnda
Villreinnemnda for Setesdalsområdet
03.04.2013
04.04.2013
Vedlegg:
1 Søknad om utviding av jakttida
Bakgrunn:
Setesdal Austhei villreinlag (SAVL) vedtok på årsmøtet å søke om utviding av jaktperioden for
villrein med 7 dagar, dvs fram til og med 7.1.2013. Sjå søknad vedlegg 1.
Bakgrunnen for søknaden er målsettinga om at stammen bør reduserast og at ein i 2012 ikkje nådde
fellingsresulatet som ønskjeleg ut frå avskytningsplanen. Ved å forlenge jaktperioden vil ein betre
fellingsresultatet. Vidare peiker SAVL på erfaringa med at dyr som trekk nordover om hausten ikkje
kjem fram til områda nord i Bykle og Vinje før etter at jakta er over.
Vurdering:
Heimelsgrunnlaget for utvidinga av jakttida er §3 pkt. 4 i Forskrift om jakt- og fangsttider (FOR
2012-03-01 nr. 190). I tråd med denne kan villreinnemnda utvide jakttida for villrein med inntil 14
dagar i løpet av oktober månad når særlege bestandsmessige behov ligg føre.
Direktoratet for Naturforvaltning har tidlegare lagt til grunn er streng fortolking av omgrepet
bestandsmessige behov. Det er tvilsamt om det famnar situasjonen på i Setesdal Austhei sist haust der
mange dyr vart ståande langt sør under jakta. Truleg vil auka bruk av samjaktavtalar vere eit vel så
godt verkemiddel for å auka avskytinga. Jakt ut i oktober kan og vera uheldig med omsyn til dyra sin
førebuing til vinteren. I tillegg er brunsten i full gang og mange av bukkane vil ikkje vera egna til
menneskjeføde.
Framlegg til vedtak/tilråding/uttale:
Villreinnemnda syner til grunngjevinga i saka og avslår søknaden om utvida jakttid for
Setesdal Austhei. Villreinnemnda gir råd om at utvida bruk av samjaktavtalar vert nytta før
andre verkemiddel vert prøva ut.
Saksprotokoll i Arbeidsutvalet i villreinnemnda - 03.04.2013
Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.
Vedtak:
Villreinnemnda syner til grunngjevinga i saka og avslår søknaden om utvida jakttid for
Setesdal Austhei. Villreinnemnda gir råd om at utvida bruk av samjaktavtalar vert nytta før
andre verkemiddel vert prøva ut.
Saksprotokoll i Villreinnemnda for Setesdalsområdet - 04.04.2013
Handsaming:
Saka vart handsama etter fellesmøtet med villreinlaga.
Framlegg:
Helge Tonstad, Sirdal og Audun Rossevatn, Hægebostad:
Villreinnemnda syner til grunngjevinga i søknaden og gir løyve til utvida jakttid for Setesdal
Austhei fram til og med 7.10.2013. Dette som ei prøveordning for eitt år. Villreinnemnda gir
råd om å få til auka bruk av samjaktavtalar.
Votering:
Framlegg frå Helge Tonstad og Audun Rossevatn vart vedteken med 11 røyster.
Vedtak:
Villreinnemnda syner til grunngjevinga i søknaden og gir løyve til utvida jakttid for Setesdal
Austhei fram til og med 7.10.2013. Dette som ei prøveordning for eitt år. Villreinnemnda gir
råd om å få til auka bruk av samjaktavtalar.
Parter i saka:
Setesdal Austhei villreinlag v/Torleif Homme