Reportasje fra Stilen.

Download Report

Transcript Reportasje fra Stilen.

58 |
|
strilen
to r sdag 14. n ov e m b er 2013
FIN FORM: Vilde Tennfjord (nærast) og Marita Eilen Fadnes frå Austrheim svømmeklubb på 50 meter butterfly.
Fossa fram på «Høstskvet
Nær femti born og
unge frå Nordhordland testa formen
i symjestemnet
«Høstskvetten» i
Åstveithallen i helga.
Av Silje Sæterdal Bøyum
[email protected]
Stemnet på Åstveit var uapprobert, altså uformelt og utan
dommarar, slik at også dei yngste symjarane var med.
– For klubben og symjarane
betyr dette stemnet at ein får
prøva seg på konkurranse utan
å verta observert av dommarar
som følgjer med på teknikk og
vendinger. Då får du vekk litt
av nervøsiteten, seier hovudtrenar Aleksander Mogen i Radøy
symjeklubb.
Symjedugleik og konkurransar
– Våre ambisjonar er å gjera
borna symjedyktige og, for dei
som gjer ein ekstra innsats, å
vinna medaljar på stemne, seier
Mogen.
Radøy symjeklubb har 74
medlemmer i årsklassane 2007
til 1994. Som oftast har dei 12-13
symjarar med, men i helga var
dei heile 22 påmeldte frå klubben. Austrheim svømmeklubb
hadde om lag 20 symjarar med
og med fleire lokale som sumde
for Åstveit, var Nordhordland
godt representert.
er frå Alversund, men symjer
begge for Radøy og har vorte
trenarar i klubben.
Gode resultat
Opp av sofaen
Fleire, som Austrheim-symjarane Sofie Lerøy og Vilde Tennfjord, klarte å betra si eiga tid
kraftig i helga. Det vart også
flust med gull-, sølv- og bronseplasseringar for dei eldste symjarane. (Sjå resultata på s. 60).
– Me hadde håpa at Kristoffer
Møvik ville ta bestemannsprisen på 100 meter bryst på laurdag, då han sumde på 1,31,11.
Han vart slått med fire hundredelar, så det viser berre kor små
marginane er i symjing, seier
Radøy-trenar Mogen.
Radøy for alle
Symjeklubber kan vera vanskelege å komma inn i, med faste
krav til kurs i forkant, er Radøy
klubben med rom for dei fleste.
– Me vil at borna skal kunna
symja 25 meter og kunna dukka
under vatn. Me har ikkje kapasitet til å driva symjeopplæring
frå grunnen av, men me har ikkje andre krav enn dette, seier
Mogen.
Radøy trekkjer til seg symjarar frå både Lindås og Austrheim, kanskje nettopp fordi dei
har lågare terskel for nye medlemmar. Mangel på basseng i
Lindås speler også ei rolle. Kristoffer Møvik og Daniel Knarvik
FOSSANDE: Kristoffer Møvik på 50 meter
fri.
Kristoffer begynte i Radøy etter
å ha sett ei annonse i avisa i 5.
klasse. Daniel begynte i fjor.
– Eg innsåg at eg måtte komma meg ut av sofaen. Eg kjente
Kristoffer frå før, det gjorde det
enklare å begynna med symjing,
seier Daniel.
Begge hevdar Radøy er den
kjekkaste klubben å vera med i.
– Austrheim kan dominera
på stemne av og til, men me har
den beste og gøyaste klubben,
seier Kristoffer.
Kan slå dei beste
– Austrheim er gode, men Kristoffer hevdar seg mot dei beste, spesielt på 100 meter bryst.
Han vann bestemannsprisen på
stemne i mars, sjølv om han berre trenar to gongar i veka, seier
Mogen.
– He he, overtrening er ikkje
noko problem for oss, seier Kristoffer.
– Me har rett trening for å få
opp farten. Me har og nokon
som symjer for Radøy til dei
kjem inn i andre klubber, ikkje
sant, Martin? seier hovudtrenaren. Martin Hopland Hansen
glisar tilbake. Søstera sumde
først i Radøy, før ho no symjer i
Åstveit.
HEIA PÅ KVARANDRE: Benedicte T. Fosse sym 100 meter bryst, medan
lagvenninnar frå Radøy symjeklubb heier ho fram i Åstveithallen laurdag.
to r sdag 14. n ov e m b er 2013
|
strilen
|
KONSENTRERT: Malin Bertelsen på 100 meter bryst.
PUSTANDE: Daniel Knarvik pustar inn etter 50 meter fri.
tten»
BLIDE SMIL: Radøy-symjarar på
stemne. Frå venstre: Benedicte
T. Fosse, Julie Ynnesdal, Malin
Gausereide, Karen Margrethe
Franzen.
e
d
g
a
l
d
Hån
r
e
k
k
y
sm
GullsmedmesTer
Hilde RongevæR
FOSSANDE: Kristoffer Møvik på 50 meter fri.
Orrhøyen 1, 5918 Frekhaug • Telefon 907 73 722 • www.hildesmykker.no
59