Plan for læringsstrategiar

Download Report

Transcript Plan for læringsstrategiar

Kvam herad
Kvam ungdomsskule
Plan for
læringsstrategiar
Kvam ungdomsskule
Korleis jobba effektivt med læreboka?
Heftet tilhøyrer:_____________________________________
1
Innhald
Hovud-tema
Under-tema
Kva er
læringsstrategiar?
Læringsstrategiar er teknikkar som
3
Læringsstrategiar gjer
3
Læringsstrategiane gjer metakognitive
elevar, det vil seia elevar som
3
Ulike lesemåtar
4
Å lesa ulike typar tekstar
4
Førlesing
BISON-blikket
5
Undervegslesing
Å skriva nøkkelord
5
Å laga spørsmål til teksten
6
Å laga samandrag
6
Tankekart
• Ustrukurert tankekart
• Strukturert tankekart
• Personkart
• Ordkart
6
7
7
8
9
Styrkenotat
10
To-kolonne-notat
11
Fleirkolonne-notat
12
Sekvenskart
13
VØL-skjema
14
VENN-diagram
15
Boksskjema
15
Friform
17
Repetisjon
17
Kva er lesing?
Etterlesing
2
Sidetal
Kva er læringsstrategiar?
Læringsstrategiar er teknikkar som:
• Aktiverer bakgrunnskunnskapen din
• Organiserer kunnskap på ein oversiktleg måte
Læringsstrategiane gjer:
• Effektive lesarar
• Støtte når du skal velja ut informasjon
• Støtte når du skal organisera informasjon
• Hjelp når du skal overføra informasjon til langtidsminnet
• Hjelp når du skal repetera kunnskapen
Læringsstrategiane gjer metakognitive elevar, det vil seia elevar som:
• Veit kva dei skal læra
• Veit kva dei forstår
• Veit kva dei ikkje forstår
• Veit kva dei skal gjera for å forstå
Læringsstrategiar gjer at du vert medviten din eigen
læring. Du lærer deg å uttrykkja kva du kan på mange
ulike måtar.
Kan du ikkje uttrykkja det du har lært, då har du
heller ikkje lært det!
Læringsstrategiar handlar om å læra seg å læra.
Læringsstrategiar er ikkje målet, men eit middel for å
læra
3
Kva er lesing?
Lesing = avkoding + forståing
Ulike lesemåtar:
• Punktlesing
•
Du leitar med blikket for å finna ei bestemt opplysning, til
dømes når du skal slå opp eit ord i ei ordbok, eit utheva ord i
læreboka di eller eit ord du har forklart i eit to-kolonne-notat.
• Skumlesing
•
Ein les raskt gjennom teksten for å få eit overblikk. Detaljar
kan venta.
• Nærlesing/djuplesing
•
Du les nøye og langsamt for å forstå og læra innhaldet.
Å lesa ulike typar tekstar:
Kva type tekst har du framfor deg? Dette er det viktig å tenkja over når du les.
Me les ulikt når me les for å:
Læra
Gjera
Oppleva
4
BISON-blikket
Før du les gjennom eit kapittel, er det viktig at du skaffar
deg ei oversikt over kva kapittelet handlar om. Kva skal
du læra, korleis er kapittelet inndelt, kva kan eg om dette
frå føf? Skumles teksten, og bruk BISON-blikket for å få
oversikt.
Bilete
Innleiing
Samandrag/slutt
Overskrifter
NB-ord (utheva ord, ord i kursiv, ord som er forklarte i
margen)
Å skriva nøkkelord
• Slik skriv du nøkkelord:
◦ Finn dei viktigaste orda i teksten
◦ Ikkje ta med for mange ord
◦ Skriv nøkkelorda under kvarandre
• På kopiar og i eigne arbeidsbøker kan du streka under og skriva i
margen.
• I skulebøker kan du skriva nøkkelorda på sjølvlimande lappar og lima
dei inn i margen.
5
Å laga spørsmål til teksten
• Dette kan vera spørsmål der svaret finst i teksten
• Dette kan vera spørsmål der svaret finst fleire stader i teksten og du må
leita
• Dette kan vera spørsmål der svaret ikkje finst i teksten
Å laga samandrag
Ei oppskrift:
• Ta eit BISON-overblikk over teksten
• Nærles heile teksetn
• Skriv nøkkelord til kvart avsnitt
• Bruk nøkkelorda og skriv ei setning for kvart avsnitt
• Bruk dine eigne ord!
Det er lurt at du har lese teksten så grundig at du kan lukka boka før du skriv
samandraget. Samandraget skal vera kort, og skal ikkje ha med replikkar og
skildringar
Tankekart
Det finst ulike typar tankekart. Eit tankekart er ei samling nøkkelord som er
sette opp på ein bestemt måte. Kartet er bygd opp kring ei «sol», som viser
hovudemnet. Langs «solstrålene» noterer me ord og emne, assosiasjonar,
enkle bilete og symbol.
Eit tankekart ordnar stoffet, og det at tankekartet er ei slags teikning, gjer at
du hugsar stoffet på ein annan måte enn du hugsar rein tekst.
Ulike typar tankekart:
6
Ustrukurert tankekart
Her har du eit emne i «sola», og mange stråler ut. Passar godt til idemyldring.
Strukturert tankekart
Her har du ordna nøkkelorda etter tema. I sola står hovudtemaet. Herifrå går
det ut stråler til undertema. Herifrå kan det igjen gå ut nye stråler.
7
Personkart
Eit personkart er eit ustrukturert tankkart. I personkartet set ein personen i
midten. I strålene skriv ein om dei eigenskapane personen har (indre/ytre),
kanskje kva personen er, gjer eller tenkjer, og kanskje kva forhold denne
personen har til andre personar i forteljinga.
8
Ordkart
I eit ordkart skriv ein ordet i midten. I dei fire solene skriv ein dette:
•
Eigen definisjon
•
Synonym
•
Ei setning der ordet er med
•
Teikning
9
Styrkenotat
•
Emnet/hovudtanken/overskrifta står som 1-ar øvst til venstre
•
Innrykk: 2-ar-orda fortel eller forklarar om 1-ar-ordet.
•
Nytt innrykk: Under 2-aren kan ein ha 3-ar-ord eller
setningar som fortel om 2-aren.
•
Og så vidare
1. Raudreven
2. Kjenneteikn
3. Raudbrun pels
3. Buskete hale
3. Kvit haletipp
2. Mat
3. Mus
3. Smågnagarar
3. Hare
2. Levesett
3. Hi
4. Naudutgangar
3. Skumrings- og nattedyr
10
To-kolonne-notat
I eit to-kolonne-notat deler du arket i to. Dersom ein lagar to-kolonne-notat på
data, lagar du ein tabell med to kolonner, og så mange rader som du treng.
På venstre-sida skriv du opp viktige ord og omgrep. I høgrekolonna skriv du
forklaringar til desse. Skriv så lite at notatet vert oversiktleg. Ha mellomrom
mellom kvar nye forklaring.
Raudreven
Kjennteikn
•
•
•
Raudbrun pels
Buskete hale
Kvit haletipp
Mat
•
•
•
Mus
Smågnagarar
Hare
Levesett
•
Hi
•
11
•
Naudutgangar
Skumrings- og nattedyr
Fleirkolonne-notat
Fleirkolonne-skjema
•
•
•
•
•
•
Stortinget
Kommunestyret
Kven røyster?
• Må vera 18 år
• Alle i heile Noreg
• Mandat fordelte
gjennom fylka
• Høvetalsval
• Må vera 18 år
• Alle som bur i
kommunen
• Mandat fordelte
etter talet røyster i
kommunen
Kor ofte røyster me?
• Kvart fjerde år
• Kvart fjerde år
Kva bestemmer
representantane?
• Prinsipiell saker for
landet
• Statsbudsjettet
• Utanrikspolitikk
• Prinsipielle saker
for kommunen
• Kommunebudsjett
et
12
Sekvenskart (sjå døme lenger bak i boka)
Eit sekvenskart syner rekkjefølgja av dei viktigaste hendingane (sekvensane) i ei
forteljing, teikna eller skrive inn i boksar.
Mikkel Rev
Mikkel Rev skriv på ei
tavle
13
Av ein eller annan grunn På grunn av smellet får
går tavla sund med ein
Mikkel Rev ein fysisk
høg lyd som skrømer reaksjon som gjer at han
Mikkel Rev
skvett opp frå sitjande
posisjon og havnar i ein
flosshatt.
Andre gode skjema for å ordna
fagstoffet:
VØL-skjema
Når du byrjar på eit nytt tema, er det lurt å knyta
forkunnskapen din saman med det nye du skal
læra. I V-kolonna skriv du kva du veit frå før, og i
Ø-kolonna skriv du kva du har lyst å læra om
dette temaet. Etter perioden skriv du i L-kolonna
kva du har lært.
Tema/læringsmål:
___________________________________________________
V
Dette veit eg frå før
14
Ø
Dette ønskjer eg å læra
L
Dette har eg lært
VENN-diagram
Eit godt system for å forstå kva som er likt og ulikt mellom ulike omgrep,
fenomen, tidsperiodar osb.
Fyrst set ein opp kjenneteikn for dei ulike omgrepa kvar for seg, til dømes i eit
fleirkolonne-notat eller tankekart. Her set me inn kjenneteikn for stortingsval
og kommunestyreval, fyrst i eit fleirkolonne-notat, så merkar me oss kva som
er likt mellom dei, og til slutt set me det inn i eit VENN-skjema.
Kommunestyret
Stortinget
Alle i heile Noreg
Mandat fordelte gjennom
fylka
Høvetalsval
Budsjett og prinsipielle
debattar som gjeld heile
landet
Må vera 18 år
Kvart fjerde år
Bestemmer prinsipielle
saker og budsjett
Alle som bur i
kommunen
Mandat fordelte etter
talet røyster
Budsjett og prinsipielle
debattar som gjeld
den einskilde
kommunen
BOKSSKJEMA:
Ein notatteknikk der du sjølv må formulera og skriva ned det du meiner er det
viktigaste for kvart tema.
Gjer slik:
− Del eit A3-ark i fleire boksar/ruter.
− I midten skriv du hovudtemaet.
− I dei andre rutene skriv du undertema
15
− Fyll inn skjemaet med stikkord, forklaringar, teikningar, figurar eller liknande
Dersom du legg ned litt arbeid i skjemaet, er det fint å bruka til repetisjon eller som
utgangspunkt for skriveoppgåver.
Kvar rute i skjemaet kan då bli til eit avsnitt i ein tekst. Då har skjemaet
vore disposisjon for teksten.
Døme på boksskjema
Sola og fusjon
Planetar, stjerner,
satelittar
Galaksar
Fordjupingsoppgåv
a di
Gravitasjon og
ellipsebane
Årstidene
UNIVERSET
Big Bang og mørk
energi
16
Flo og fjære
Måne og
solformørking
Friform
Etter-lesing
Repetisjon er veldig viktig for å læra og hugsa godt! Bruk notata dine når du
skal repetera, i tillegg til læreboka.
Det er veldig lurt å repetera saman med nokon. Då får du sett ord på tankane
dine, og du vert klar over kva du ikkje kan godt nok enno.
Tenk etter kva tankar du hadde før du las teksten, og medan du las. Fekk du
vita det som du i byrjinga ønskte å få vita meir om? Er det noko du ikkje fekk
svar på? Kva kan du gjera med det?
17