Evaluering Forskningfiske Bolstadelva 2013

Download Report

Transcript Evaluering Forskningfiske Bolstadelva 2013

 Evaluering Forskningfiske Bolstadelva 2013 Bakgrunn I tidsrommet 15. juli – 31. august 2013 vart det opna for forskningfiske etter snutemerka laks i Bolstadelva. Snutemerka laks og oppdrettslaks vart avliva, mens all anna laks og sjøaure vart satt ut igjen. Fisketid Det vart søkt om og me fekk godkjent fisketid på 2x5 timar inndelt i økter frå kl.09:00 – 14:00 og kl.17:00. – 22:00. Kortsal I sommar har det vore tilrettelagt for sal av døgnkort via nettportalen scanatura.no og eit meir tilrettelagt fiske for tilreisande grupper med overnatting og guiding. Økonomisk kostar det mykje for BG å starta opp eit fiske, spesielt å sete i stand og drifte Oddsbu som ein samlingsplass og overnattingsplass for fiskarane. Den daglege drifta med personar som skal registrerer og skanne laks er og utgifter som BG har betalt. Det vart seld 20 døgn til grupper med 7 stenger = 140 døgnkort i forbindelse med det tilrettelagte fisket., og 23 døgn med totalt 14 stenger pr. dag = 322 døgnkort tilgjengelig for opent sal. I tillegg er 3 døgn gitt til Villaksauksjonen (kor salsinntektene går til stiftelsen Nordatlantisk villaksfond Norge (reddvillaksen.no), som jobbar for bevaring av villaksen) og 2 døgn til Vossolauget og Villaksens dag. Samla sett har det i 2013 vore selt 462 fiskedøgn, derav 70 % av korta har vore tilgjengeleg for sal på nettstaden scanatura.no. Det har komme fiskarar frå heile Noreg, men og frå England, Skottland, Østerrike, Sverige og Tyskland. Fleirtalet av fiskarar har likevel vore frå Vestlandet. Praktisk gjennomføring Det har vore krav om at det minimum skal vere 2 personar pr. høl for å kunne gjennomføre eit godt og skånsamt fiske. Kunn snutemerka laks og oppdrettslaks har vorte avliva. Ved fiske har det vore nytta knutelausehåvar, dette har me lånt ut til dei som ikkje har hatt med seg. Mothaker på alle krokar skal ha vore knept inn, og det har vore tillat med maksimum ein treble krok pr. reiskap. Det har vore lov å fiska med floge, sluk/spinnar og ulike dorgereiskaper. Omtrent alle som har fiska i sommar har fiska med floge. All fisk som har vore feittfinneklypt er kultivert, så den har me sjekka for snutemerka med to metallskannarar som grunneigarlaget har kjøpt og betalt. All fisk som ikkje har vore snutemerka, både feittfinneklypt og villfisk har vorte FLOY-­‐merka av BG, med lilla merke på høgre side med nr frå 2001-­‐3000. Det har vore oppmøte kvar dag hjå fiskarhytta Oddsbu ca. klokka 08:30 for å informera om reglar ved fisket. Her har fiskarane fått udelt registreringsskjema med tlf nr til BG som dei må ringe for å få skanna eventuelle fiskar med snutemerke. Det har og vore mogleg å desinfisera vadarar og utstyr samt låne håvar for dei som ikkje har hatt dette sjølv. Det har vore 1 person kvar dag heile sommaren som har registret og skanna fisk, samt 3 til 4 rorar i 3 av dei 4 vekene som det har vore eit tilrettelagt fiske. Oppsyn Bolstadelva Grunneigarlag har hatt eit avgrensa oppsyn og det har vore personar som har blitt bortvist frå elva etter å ha fiska ulovleg. BG (Bolstadelva grunneigarlag) har vore i kontakt med SNO for å få til eit betre oppsyn i framtida. Spesielt med tanke på oppsyn i elva på nattetid og båtar i Evangervatnet. Fangstrapportering Kvar dag har all laks som har vore på land blitt registret av BG på skjema som har vore utarbeida i samarbeid med Bjørn Barlaup på Uni Miljø i Bergen. Fangst Det har blitt fiska 308 laks. Opningsdagen 15. juli var den beste med 26 laks. Me hadde kunn 1 dag utan laks, det var den 17. august. 21 laks blei avliva eller døde pga. av skader dei pådrog seg under fiske. Her må ein sjå på moglegheiter for å få redusert dette. Ein ting som kan hjelpe er å køyre fisken hardt og raskt inn til land, noko som er betre for fisken om den skal bli gjennutsatt, men det er noko uvanleg for mange sportsfiskarar å fiske sånn. Handtering av fisken er og eit viktig punkt med tanke på at fisken skal ut i elva igjen og ikkje opp på land. Dette er ting som me i BG opplyser fiskarane om før fiskestart. 48 laks har vore snutemerka, det er 15,6 % av totalen. 229 laks (73%) har vore feittfinneklypt Noko sjøaure har det og blitt fiska, det har ikkje vore mange, men dei har vore fine (fleire på rundt 3 kg) og i god kondisjon. Sjøauren har blitt satt ut igjen. Den største laksen me har fått har vore 18,3 kg. Tatt i Keilo. 350 300 250 200 150 100 50 0 Laks totalt Feittcinneklypt Snutemerka Døde Fangst oversikt. 308 laks totalt, 229 feittfinneklypt, 48 snutemerka, 21 døde. Oddsbu BG har leigd fiskarhytta Oddsbu av Torill Haraldsen i perioden juni -­‐ september. Me har brukt den som samlingspunkt og overnattingsplass for fiskarane. Dette har fungert veldig bra. Oddsbu vart bygd i 1966, og etter at Odd Haraldsen (som bygde og eigde hytta) mista fiske på 80-­‐tallet i Bolstadelva har ikkje hytta vert haldt vedlike BG hadde derfor hundrevis av dugnadstimar før fiskestart for å kunne bruke Oddsbu på ein tilfredsstillande måte som base for forskningsfiske i sommar. Bolstadelva.com På heimesida vår har det vore innom 3823 unike besøkande frå 1.januar 2012 til 27.oktober 2013. Totalt har det vore 14 869 besøk på sida. Her har me oppdatert kvar dag med fangstar og diverse info, samt litt bilde. Det har og vore link til Scanatura.no som har seld fiskekort og overnatting i Oddsbu. Dette har fungerte veldig bra.