Last ned pdf-fil av avisartikkelen her

Download Report

Transcript Last ned pdf-fil av avisartikkelen her

16
Marsteinen torsdag 9. september 2010
Ei engasjert Rigmor Nygaard fortel om bileta sine.
Kunstnarar med Austevoll i sjela
Fredag opna årets
haustutstilling i Galleri
Bekkjarvik. Alle dei tre
kunstnarane har noko
av Austevoll i seg eller
bileta sine.
Rigmor Nygaard brukar mange ulike teknikkar i bileta sine,
og seier sjølv at ho ikkje har ein
strek med på bileta sine utan at
det betyr noko.
– Eg veit kva eg driv med, seier Nygaard med eit lurt smil.
se bileta, og eg blir glad av å sjå
på dei, seier Wenche Strandå
Storebø som allereie har eit Berit Stein-måleri i heimen. Kiropraktor-klinikken på Storebø
har også pryda veggane sine
med kunstverk frå Stein.
– Eg er fødd her i Bekkjarvik,
og har vore mange feriar og
høgtider her, fortel biletkunstnaren Rigmor Nygaard. Mormora hennar, Martha Haldorsen, budde like ovanfor vikje.
Den høgt utdanna kunstnaren
med studie frå Noreg og USA
har stilt ut fleire trykk, måleri
og collagar i Bekkjarvik på
haustutstillinga.
– Desse bileta er Vestlandet
for meg, seier Rigmor og peiker på fleire collagetrykk som
heng på veggen mot båthamna.
Nygaard er oppvaksen på Stord,
men bur no i Oslo.
Då ho studerte i San Fransisco fekk ho i oppgåve å laga
eit sjølvportrett, med bakgrunn
mellom anna i spørsmålet kor
er du frå? Rigmor reiste heim
til Noreg, leita seg bakover i
historia og fann fram til ein
runekam med inskripsjon frå
Bømlo.
– Denne kammen er truleg
frå 5-600-talet og inskripsjonane er truleg det eldste nedskrivne kjærleiksdiktet, smiler
Rigmor som likte historia rundt
det arkeologiske funnet. Både
kammen, kjærleikserklæringa
og andre vestlandsmotiv som
måke og fyrtårn er å finna i bileta hennar.
Birkeland
Musikk
Johanna Birkeland var ikkje
sjølv til stades på opninga, men
har åtte måleri og tre akvarellar
med på haustutstillinga. To av
måleria ber namn frå Austevoll,
Horgo, vägen til havet og Stenar ved Hufthamar. Den svenske kunstnaren var tidlegare
gift med kunstnaren Dag Alfred
Birkeland frå Austevoll. Han
har mellom anna laga skulpturen av ei hand som står utanfor
Storebø pleie og omsorgsenter.
Gode år i Austevoll
Berit Stein står for utstillinga
sine mest fargerike bilete. Ho
er utdanna lærar og har tidlegare jobba i åtte år ved Storebø
skule.
– Åra som lærar i Austevoll
var nok mine mest kreative
som lærar, her fekk eg utfolda
meg, fortel Berit. For fire år sidan forlot ho læraryrket, tok eit
års maleutdanning og jobbar no
som kunstnar på heiltid.
– Eg brukar mykje farge og
energi når eg malar, og har stor
glede av dette. Eg håper at nokon kan oppleva gyldne augneblink av å sjå på bileta mine,
smiler kunstnaren som er busett
på Krokeide.
– Det er mykje av Berit i des-
– Me har fire utstillingar i året,
og så langt har det vore sal av
alle kunstnarane som har stilt ut
bilete, fortel Asta Johannessen
ved Bekkjarvik gjestgiveri.
Rundt 20 personar deltok
på opninga av kunstutstillinga
fredag. I tillegg til å sjå vakre
bilete og høyra kunstnarane
sjølve fortelja interessante historier bak kunstverka, kunne
dei frammøtte nyta flotte musikkinnslag. Bandet Etter middag, med Sigve Solbakken på
gitar, Sissel Fagerbakke på vokal og Nils Ove Sørvik på vokal
og gitar framførte fire musikalske innslag. Saltvannsfolket,
Wicked Game, Songbird og
Pink Floyds Is There Anybody
Out There.
Allereie på opningskvelden
vart det seld fire kunstverk, alle
av Berit Stein. Og utstillinga
skal henga til slutten av november, så det er gode høve for å få
med seg solenergi, runekammar
og eldgamle kjærleiksdikt som
alle ligg gøymde i kunstverka.
Dorthea M. Møgster
[email protected]
Stenar ved Hufthamar av
Johanna Birkeland.
Johanna Birkeland sitt måleri
frå Horgo.
Berit Stein med måleriet Mitt Austevoll.
Publikum fekk omvisning av kunstnarane.