PRESSEMELDING frå Flora Kunstlag

Download Report

Transcript PRESSEMELDING frå Flora Kunstlag

PRESSEMELDING frå Flora Kunstlag
Eit stjernelag av kunstnarar, med solide posisjonar innan kvar si
grein, samlast no til utstilling på Kystmuseet. Flora Kunstlag er
arrangør og vil presentere kunsthandverk i årets siste utstilling
som opnar på Kystmuseet fredag den 8. November.
Glaskunst: ”Klart glass” – Kari Håkonsen og Vidar Koksvik frå Naustdal, driv
eige galleri og glashytte i Kirkenær. Dei er blant Noregs fremste glaskunstnarar,
og mykje etterspurde, så vi er veldig glade for at dei har funne høve til å kome
til Florø. Dei arbeider med glas i eit vidt spekter av teknikkar og uttrykk, m.a.
store lysekroner og andre vakre bruksgjenstandar, som vi trur vil ta pusten frå
folk. Dei har brei internasjonal erfaring, med utdanning frå Glasskolan Orrefors i
Sverige, og treårig utdanning i Art and Design i Surrey. Lista over utsmykkingsoppdrag og utstillingar er lang, både i inn og utland. Dei er innkjøpt mellom anna
av Kunstindustrimusea sine samlingar, og har motteke mange prisar og stipend.
Sjå www.klartglass.no
Keramikk: Aase Skrivervik er ein mykje omtykt keramiker. Ho er frå Sandane
der ho har eigen verkstad, og der ho også er lærar ved Kulturskulen. Utdanninga
tok ho i England, og ho har lang erfaring i faget, heile 38 år. Ho har delteke på ei
rekke kollektivutstillingar, og hatt separatutstillingar, mellom anna på
Kunstnarsenteret i Førde og ved Bærums Verk. Til utstillinga i Florø har ho med
seg større ting, i tillegg til eit godt utval av brukskeramikk.
Tekstil og bilde: Audgunn Naustdal Holsen og Merethe Hol Tefre, er
kjende navn frå ei rekke kunstsamanhengar, som Vevring-utstillinga og mange
markante prosjekt i kunstgruppa ”Kunst utan rom” (KUR). Dei er begge kjøpt inn
og har smykka, ut i ei rekke institusjonar og bedrifter.
Audgunn er ein anerkjend tekstilkunstnar gjennom mange år med verkstad i
Førde og lærarstilling på Jølster. Arbeida ho vil vise her spenner over ulike
uttrykk frå raffinert design av bruksformer i ull, til to- og tre-dimensjonale
bildearbeid med tråd. Sjå www.audgunn.no
Merethe arbeider med bilde og installasjonar som i format og teknikk har stor
variasjon, og oftast relaterer til naturen som tema. Til utstillinga får vi grafiske
trykk på kartong, (kollografi), og montasjar i tre og stål. Det utsøkt presise i
utføringa, og kontrasten i materialbruk, dannar fascinerande uttrykk. Sjå
www.tefre.com
Salsutstillinga opnar fredag den 8. november kl 19.00, med musikk og
servering, og kunstnarane vil vere tilstades på opninga.
Utstillinga er open som Kystmuseet:
måndag til fredag 10.00 – 15.00, og søndag 12.00 til 15.00, fram til 1. des.
Sjå http://kyst.museum.no/ og www.florakunstlag.no
Med venleg helsing
for styret i Flora Kunstlag
Jorunn Bjerk
Vedl. Bilder frå kunstnarane