mekanikar/reparatør lette kjøretøy

Download Report

Transcript mekanikar/reparatør lette kjøretøy

Frå Møgedalsmarknaden
2012
Møgedal Mek. Verkstad AS vart etablert i 1973 av brødrene Asbjørn og Knut Møgedal. I 2004 blei firmaet seld til
Geir Bakka. Frå 1/1-2010 er firmaet eigd av brødrene Geir, Werner og Leif Bakka. Me held til i moderne lokale
på Sand i Ryfylke, og er 10 tilsette som driv med sal og service mot landbruk, industri, fritid og private. Bedrifta
er forhandlar for A-K Maskiner AS som er den størte privateigde kjeden i Norge. Våre største produkt er New
Holland traktor- og haustemaskiner, Case IH traktor, Reime Agri og TKS Agri landbruksutstyr, Can-am ATV, Lynx
snøscooter og Husqvarna produkt. Ved fleire høve er Møgedal Mek. Verkstad AS kåra til Norges beste forhandlar.
DÅ EIN AV VÅRE MEKANIKARAR SKAL FLYTTA
SØKJER ME ETTER
mekanikar/reparatør lette kjøretøy
Me søkjer etter ein person som skal ha ansvar for service, reparasjon og montering av
ATV, snøscooter og hageutstyr. Andre med annan relevant bakgrunn kan óg søkja.
ME TILBYR:
• Variert arbeid i eit humørfylt og godt arbeidsmiljø
• Løn etter avtale
• God forsikrings-/pensjonsordning
• God opplæring/kursing
For meir informasjon ta kontakt med verkstadleiar
Trond Bog, tlf. 405 51 545 eller dagleg leiar
Leif Bakka, tlf. 982 85 534.
Send søknad til: Møgedal Mek. Verkstad AS, v/Leif Bakka, 4230 Sand
eller på e-post: [email protected]
Søknadsfrist: 20.06.2013