Kringom 2007, nr. 2 [PDF]

Download Report

Transcript Kringom 2007, nr. 2 [PDF]

MELDINGSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN nr. 2/2007
Digitalt bakkenett
Minneord
Ingolf Håkon Teigene
Nordnorsk
nynorskjournalist
Leiar
Ein spanande haust for nynorsk og
dialekt i NRK
Denne hausten er ei spanande
tid for nynorsk og dialekt i
NRK.
• Ny barnekanal, NRK Super, startar i desember
• Ny allmennkringkastingsplakat for NRK, med minimumsfastsetjing av nynorskdel,
er til handsaming.
• Nye språkreglar i NRK,
inkludert retningsliner for
dialektbruk, vart vedtekne i
sommar.
• … dessutan ny kringkastingssjef av året.
For Kringkastingsringen og
mediemålsaka vert difor arbeidet framover særs viktig og avgjerande. Vi har difor teke opp
fleire av sakene i andre artiklar
i dette nummeret av Kringom,
og vi vonar dette gjev lesarane
ei god oppdatering om denne
spanande hausten.
På årsmøtet i år vedtok vi
å halde fram arbeidet med
barne- og ungdomstilbodet som
hovudsak, og vi ventar difor
i ekstra spaning på den nye
kanalen – NRK Super.
2
Kringom 2–2007
NRK Super er på lufta frå
1. desember, og vert sendt på
NRK3 før klokka 19. Etter det
tek NRK3 over, og sender program der målgruppa er ”unge
vaksne”. NRK Super er ei samling av radiokanalen DAB Barn
som allereie er i drift, NRK3
Barn på TV og Barneportalen
på nett som har starta – sjå
www.nrksuper.no. Til saman
vert dette NRK Super.
I dag sender NRK 750 timar
med barneprogram i året.
Lanseringa av NRK3/NRK
Super skal auke talet på timar
til 4 350 timar, noko som er ein
auke på 3 600 timer i året! Her
er det god plass for barneprogram som er produserte andre
stader enn i Oslo, og som
speglar dei ulike dialektane
våre. Men kanskje like viktig
som å spegle dialekt, er at den
formidlinga av barnekultur
som skjer, tek opp hendingar og opplevingar frå andre
stader enn dei største byane, og
formidlar dette på ein kvalitetsmessig god måte.
Erfaringa vår er at dialekt-,
språk- og kulturmangfald i
barneprogram i NRK ikkje er noko som kjem av seg
sjølv. Difor er arbeid andsynes NRK på dette området
ein hovudprioritet for oss i
Kringkastingsringen framover.
Vi planlegg mellom anna møte
med kringkastingssjefen og
barne- og ungdomsavdelinga
før lanseringa av den nye barnekanalen. Eg har allereie teke
opp barneprogram med kringkastingssjefen, under Nynorske
Festspela i juni, og opplevde at
han tok innspela våre på alvor.
Den nye kringkastingssjefen
er oppteken av at NRK skal ha
folkeleg forankring og oppslutnad, og han fekk klar melding
om at brei folkeleg forankring
og oppslutnad krev at barneprogramma speglar språk-,
dialekt- og kulturmangfaldet i
heile Noreg – ikkje berre område rundt Marienlyst på Oslo
vest.
Vi ventar i spaning på NRK
Super, og vonar kanalen vil by
på mykje god nynorsk, dialekt
og kultur frå heile landet!
Håvard B. Øvregård
Leiar
Har du tilbakemelding på noko
av det vi tek opp? Noko du vil
vi skal seie til kringkastingssjefen, eller til barne- og ungdomsavdelinga i NRK? Send
meg ein e-post:
[email protected]
Eg mottok fleire innspel frå
medlemmar i vår, og desse var
veldig gode å bruke i møte
med kringkastingssjefen i
juni. No treng vi fleire til neste
møte.
Mediemållaget
Nyhendespråk og gamalt nytt om
språk…
Her ein dag kom eg over ein
artikkel på nynorsk på
næringslivsnettstaden
NA24.no. Førebels er det ikkje
mykje næringslivsjournalistikk
på nynorsk, men forklaringa på
dét er ikkje å finna i språkvitskapen. Eg gjer vidare ein sveip
over nokre andre nettaviser,
finn kjekt sportsstoff i Hallingdølen, og praktfulle arkitekturreportasjar i Bergens Tidendes
magasin Hus og Hjem. I Dags
avisen les eg skarpe kommentarartiklar på nynorsk. Slik
Kringom nr. 2/2007
September 2007
Kringkastingsringen
Postboks 9161 Grønland
0134 Oslo
Telefon: 23 00 29 50
[email protected]
Nettstad:
www.kringkastingsringen.no
Redaktør:
Eva Marie Mathisen
Form:
Eva Marie Mathisen
Repro og trykk:
Oslo Aksidens Trykkeri
Takk til alle bidragsytarar.
Framsidebilete:
Gaustadsendaren
(Foto: Noregs Televisjon)
kunne eg halda fram.
I Bergens Tidende (BT) 1.
juni hevdar politisk redaktør
Olav Versto i VG at nynorsk
ikkje er utvikla som nyhendespråk. Og på spørsmålet “Men
den nynorske pressa har lange
tradisjonar” svarar han; - Ja,
nynorsken i BT står til dømes
bra, men i riksmedia er han lite
utvikla”. Kva skal ein seia til
dette, då? Vel, han kan umogleg
visa til etermedia, men om han
meiner hovudstadspressa, ligg
det faretrugande nær å svara
“Takka f... for det!”. Det ville
jo truleg ikkje ha vore eit tema
om nynorskingane i Dagbadet
og VG til dømes fekk skriva
nynorsk når det passa dei.
Opphavet til ordskiftet i
denne omgangen er journalist
Anne Viken, som har skrive ein
artikkel i Syn og Segn om
kvifor ho har skifta til bokmål,
og at ho kjenner nynorsken som
unaturleg og arkaisk. At Viken
ikkje finn det naturleg for henne
å skriva nynorsk, må vi respektera. Ho har sjølvsagt rett til å
definera kva for språkleg form
og uttrykk ho finn det best å
uttrykkja seg med. Men vi kan
likevel ikkje la hennar personlege val og oppfatningar setja
premissane for korleis mediesamfunnet nyttar og utviklar
nynorsken som nyhendespråk.
Språk i bruk om alle slags emne
og sjangrar dreiar seg mest om
vilje til å arbeida med språket
som verkty. Har ein ikkje det
mangfaldet av omgrep og uttrykksmåtar ein treng, er det
utviklingsarbeid som må til. Det
gjeld alle språk.
Dette handlar mest om kva ein
er van med. Eg har møtt fagfolk
som meiner det ikkje vert presist
nok når ein skal skriva om
medisinske eller juridiske tema
på nynorsk. Det veit eg kollegaene mine i Medisinsk Mållag og
Juristmållaget vil stilla seg undrande til. Dei driv òg eit jamt og
godt arbeid for bruk og utvikling
av fagspråk og uttrykksform på
områda sine, noko eg trur òg er
til stor glede for bokmålsbrukarar med interesse for utvikling av
språket.
Det dreiar seg om i kva
grad ordet er fritt – òg for dei
journalistane som vil skriva
nynorsk. Dei avisene som tillèt
nynorsk, får det jo til. Så gode
”riks”-redaktørar, slepp dei
laus, så skal vi nok få sjå eit
nyhendespråk som duger til
politikk, ulykker, kriminalitet,
finans og sport!
Berit Rekve
Leiar i Mediamållaget
2–2007 Kringom
3
Masterstipend frå Kringkastingsringen
Kven styrer avisspråket?
Ingunn Ims har fått eit
stipend frå Ringen for å
undersøkja kven som styrer avisspråket.
I juni valde styret i Kringkastingsringen å gje eit masterstipend på 25 000 kr til Ingunn
Ims for arbeidet med oppgåva
Det er vi som bestemmer åssen
folk snakker og skriver (Nordisk institutt, Universitetet i
Oslo). Stipendet vart lyst ut til
studentar som ville skriva om
emne knytte til nynorsk og media, og Ingunn Ims har forska
på korleis avisene bestemmer
seg for kva språknormal dei
skal nytta. Ho kjem til å presentera funna sine i ein eigen
artikkel i Kringom, men me tok
oss likevel tid til ein kjapp prat
i sumarvarmen.
Analyse av avisene
Kva er det eigentleg du har
gjort i oppgåva di?
− Eg har gjort ein analyse av
korleis normeringsprosessen som går føre seg i norske
aviser. Oppgåva mi skildrar
ikkje det praktiserte språket i
avisene, men fokuserer på korleis normeringa i ein redaksjon
skjer og kva for prinsipp som
ligg til grunn for denne normeringa. Kven er det eigentleg
som styrar korleis avisspråket
er?
Kvifor ville du finna ut det?
− Avisene er det viktigaste
skriftspråklege mediet. Språket
i avisene pregar altså heile den
4
Kringom 2–2007
språklege kvardagen vår. Difor
er det er viktig spørsmål kven
som avgjer korleis dette språket
skal vera. Eg har både sett på
nynorsk og bokmål, og på normering innanfor kvart av desse
skriftspråka.
Og kva fann du ut?
− Det viktigaste faktoren, nøkkelen så og seia, er redaktøren.
Det er redaktøren til sjuande
og sist styrer språket i avisa.
Det er sjølvsagt andre faktorar
– mange aviser har tradisjon for
å skriva på ein bestemt måte,
ein rotfest haldningstradisjon.
Stundom vel dei å vedtektsfesta denne tradisjonen, slik
lokalavisa Valdres har ein
paragraf som seier at dei skal
ha minst førti prosent nynorsk.
Slike veldefinerte paragrafar er
likevel unnataket. Innanfor dei
rammene som tradisjonen set,
har redaktøren ganske frie rammer. Eit døme er Nationen, der
redaktøren Tove Lie har gått
offensivt til verks for å få meir
nynorsk på trykk i avisa.
Og kva styrer redaktørane?
− Fyrst og fremst ei slags
oppfatning av kva lesarane vil
ha, og kva tradisjon avisa står
i. Dei største avisene gjennomfører marknadsgranskingar,
men der er kanskje vanlegare
at redaktøren har ein idé om
kva som er ”naturleg” der avisa
kjem ut – både når det gjeld
nynorsk og bokmål, og variasjonar innanfor kvart språk.
Så lenge dei ikkje får negative
tilbakemeldingar, kjenner dei
seg trygge.
Speler det noka rolle kva som
er hovudmålet til journalistane
sjølve?
− Nei, det ser ut til å vera
irrelevant. Det ser ut som om
journalistane har godteke at dei
skal skriva slik avisa gjer, og
det var heller ingen redaktørar
som omtala dette som noko
Masterstipend frå Kringkastingsringen
Feil ved medlemsregisteringa
problem. Det er sjølvsagt slik
at det er flest journalistar som
”går over” til bokmål, men eg
har òg funne døme på bokmålsbrukande journalistar som har
måtte skriva nynorsk.
Det ser kanskje litt mørkt ut for
nynorsken?
− Tja, det ser jo ikkje ut som
om kampanjen ”Slepp nynorsken til” hadde særleg stor
effekt, til trass for at han hadde
ganske god oppslutning. Då
eg tok opp nynorski intervjuet
med Aftenposten, svara dei
at dei aldri hadde oppfatta
nynorsk som eit spørsmål ein
gong.
Biletet er likevel ikkje
heilsvart. Då eg samanstelte
svara frå spørjegranskinga mi,
fann eg ut at det var om lag ti
bokmålsaviser som svara at
dei gjerne skulle hatt stoff på
nynorsk dersom dei hadde hatt
journalistar til det. Dessutan
er det tydeleg at tilnærming
til dialektane står sterkt som
normgrunnlag i Noreg, òg blant
avisene. Ein kan kanskje diskutera om dialektnært skriftspråk
er ein realitet når ein ser på det
praktiserte skriftspråket, men
det er eit poeng at over seksti
prosent av regionavisene som
skriv bokmål seier at dei legg
stor vekt på at språket i avisa
skal likna talemålet der avisa
kjem ut.
Dessutan var eg jo på seminaret til Kringkastingsringen
i januar, der Signy Fardal på
sparket tok på seg å prøva med
nokre artiklar på nynorsk i Elle.
Redaktørane har denne fridomen, så det må jo vera mogleg å utfordra fleire redaktørar
til å prøva. Ein allianse av
lesarar og viljuge journalistar
kan kanskje vinna fram.
Tarjei Vågstøl
Fekk du i august purring for
medlemspengar for 2007 som
du har betalt, kan du berre
kasta denne purringa. Vi gjorde
ein feil ved innlesinga av filene
frå banken i månadene marsmai, slik at ein del av dykk som
allereie hadde betalt, diverre
fekk purring.
Denne feilen er no retta opp i,
men vil du likevel sjekka om vi
har registert betalinga di, er det
berre å ta kontakt med oss!
Kringkastingsringen har no
998 medlemmer som har betalt
i 2007. I 2006 hadde vi 1114
medlemer, og dette talet skal
vi slå i år! Ta kontakt viss du
ynskjer verveflygeblad! Kringkastingsringen treng fleire
medlemmer!
Kva med å gje medlemskap
i Kringkastingsringen som
haust- eller julegåve?
Neste nummer
av Kringom kjem
ut i slutten av
november.
Send gjerne inn stoff!
Frist: 22. oktober.
2–2007 Kringom
5
Alf Helleviks mediemålpris
Nordnorsk nynorskjournalist
I april fekk journalist Inger Johanne
Sæterbakk Alf Helleviks mediemålpris
av Samlaget. I 1998 vart det oppretta eit
fond der ein del av inntektene frå salet av
Alf Helleviks nynorskordliste skulle gå til
ein pris for unge journalistar som brukar
nynorsk.
Kringom tok ein telefon til NRK Troms og
Finnmark.
Til lukke med prisen! Korleis var det å få slik
merksemd?
– Det var sjølvsagt kjempekult! Samlaget sende ut mange pressemeldingar så det mangla ikkje
på merksemd og gratulasjonar ifrå målrørsla og
frå kollegaer. Ikkje minst er det artig å få ein slik
pris når det er så mange flinke nynorskjournalistar som har fått prisen før.
Kvifor ikkje nynorsk?
I grunngjevinga frå juryen står det at ”Sæterbakk brukar ein ledig, men normfast nynorsk,
og har ei fin munnleg framføring, bygt på eit
gjenkjenneleg nordnorsk dialektgrunnlag.”
Kvifor brukar du nynorsk? Du kunne jo ha
snakka dialekt eller normert opp til bokmål?
– Nei, normert opp mot bokmål kunne eg aldri
ha gjort – og det kjem eg aldri til å gjera!
– Eg er vaksen opp med bokmål, men eg valde
nynorsk som hovudmål då eg gjekk på vidaregåande. Eg var aktiv i målungdomslaget på
skulen min, og då eg flytta til Oslo vart eg aktiv
i Studentmållaget. Då Nynorsk Mediesenter
vart oppretta i 2004 søkte eg. Eg hadde ikkje så
mykje journalistisk bakgrunn frå før, det einaste
erfaringa eg hadde var at eg hadde vore redaktør
for Motmæle, medlemsavisa til Norsk Målungdom. Så eg var svært spent på om det var ”nok”
for å verta teken opp som praktikant på mediesenteret.
Og det var det. At Inger Johanne snakka ein
nordnorsk dialekt og gjennom heile oppveksten
hadde vore medviten på dialektbruk, hjelpte nok
6
Kringom 2–2007
også på, for ho kom inn. Inger Johanne er fødd i
Bodø, men er oppvaksen på Orkanger i SørTrøndelag.
Du snakkar ikkje trønder heller?
– Nei, det vart ikkje slik då eg voks opp. Eg
gjorde det vel litt for å skilja meg ut, men eg
hadde jo allereie lært Bodø-dialekt då eg flytte
til Orkanger.
Nynorsk i Nord-Noreg
I grunngjevinga frå prisnemnda vart det understreka at dei denne gongen hadde lagt vekt på
å løfta fram ein nynorskbrukar frå eit område
der nynorsk språk er lite utbreidd. Prisnemnda
skreiv vidare: ”Å skifte hovudmål når ein kjem
frå bokmålsland, krev ekstra mot og dugleik
– også fordi det kan føre til kritikk og motgang.”
Korleis er det å bruka nynorsk i Nord-Noreg?
– Vel, det er litt ulik respons. Då eg jobba i
Finnmark, var det mykje meir negativ tilbakemelding. Eg fekk til og med ein e-post frå ein
lyttar meinte at eg burde slutta med den knotinga
på nynorsk – det høyrtest jo heilt forferdeleg ut,
meinte han. Det var ein del lyttarar som meinte
at det var unaturleg at ein journalist i Finnmark
skulle bruka nynorsk. Her i Tromsø har det ikkje
vore så mykje negativ tilbakemelding. Dessutan trur eg at lyttarane til P2 generelt er meir
venlege innstilte til bruk av nynorsk enn dei som
høyrer på distriktsendingane i eit typisk bokmålsdistrikt som Finnmark.
Nynorsk som varemerke
Inger Johanne Sæterbakk har opparbeidd seg eit
rykte som ein stødig nynorskbrukar. Ho arbeider
som kulturjournalist i NRK Troms og Finnmark, og bur for tida i Tromsø. Sæterbakk lagar
sendingar du kan høyra på Kulturnytt på P2 om
morgonen, og på distriktssendingane til NRK
Troms og Finnmark.
– Nynorsk har på sett og vis vorte varemerket
mitt, så det kjem eg ikkje til å byta vekk, seier
Alf Helleviks mediemålpris
Fakta om Alf Helleviks
mediemålpris
– Alf Helleviks mediemålpris vart
oppretta i 1998. Bakgrunnen for prisen
var at Samlaget vedtok å skipa eit fond
for å stø arbeidet til yngre nynorskbrukarar. Grunnlaget for fondet er at ein
del av royaltyen for Helleviks Nynorsk
ordliste vert sett av til fondet.
– Prisen skal gå til ein yngre nynorskbrukar i radio og fjernsyn som legg
vekt på å dyrka eit normalisert nynorsk
talemål.
ho.
– Det er ei viktig kampsak for meg å bruka
nynorsk.
Kva tyder det for deg som journalist å få ein slik
pris? Har den hjelpt deg noko i jobben?
– Det vart jo lagt merke til då eg fekk prisen,
men eg er den einaste som brukar nynorsk, så
sånn sett vert eg jo lagt merke til uansett.
– Det var nok heller ikkje mange på jobben min
som hadde høyrd om prisen. Men eg trur nok
prisen gjev meir status innetter i journalistmiljø
med fleire nynorskbrukarar, slik som på
Marienlyst.
Meir bruk av dialekt
I sommar vart det vedteke nye reglar for språkbruken i NRK. Desse opna opp for meir bruk
av dialekt. Ei grunngjeving for reglane er at i
område der nynorsken står svakt frå før, kan ein
no bruka dialekt i staden for å normera opp mot
nynorsk eller bokmål.
Korleis er dei nye språkreglane mottekne i NRK
Troms og Finnmark?
– Det er litt tidleg å seia, men eg har inntrykk
– Kvar pris er på kr 10 000, og det kan
årleg delast ut ein eller to prisar.
– Desse har fått prisen før dei siste åra:
Siri Lill Mannes (2006), Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (2005), Ingvild
Bryn (2004), Oddgeir Bruaset (2003)
og Kari Sørbø (2002)
– I prisnemnda i 2007 sat dåverande NRKjournalist Ingolf Håkon Teigene, professor ved Universitetet i Tromsø, Tove Bull,
og nyheitsredaktør i Kanal 24, Audhild
Gregoriusdotter Rotevatn, alle oppnemnde av Det Norske Samlaget.
av at det er fleire som nyttar meir dialekt no
enn tidlegare. Alternativet var jo å normera opp
mot bokmål, og det høyrest veldig ”stivt” ut i
Nord-Noreg. Eg merkar i grunnen sjølv at eg
brukar meir dialekt no enn tidlegare, seier Inger
Johanne Sæterbakk medan ho understrekar ein
gong til at ho aldri kjem til å bytta til bokmål.
Eva Marie Mathisen
2–2007 Kringom
7
Ingolf Håkon Teigene
Minneord om Ingolf Håkon Teigene
Journalist Ingolf Håkon
Teigene døydde brått tysdag 12. juni i år. Han var 57
år gammal.
Det er tomt etter han i
NRK.
Ingolf Håkon var fødd og vaks
opp i Hareid, ei bygd med
sterke kulturtradisjonar, ikkje
minst eit rikt song- og musikkliv. Det prega han alltid. Ingolf
Håkon var svært glad i korsong
og klassisk musikk. I heimbygda var kora nærast tallause, og
sjølv dyrka han talentet sitt så
godt at han i mange år var medlem av Det Norske Solistkor.
Journalistikken gjekk han til så
å seie før han gjekk til skulen.
Den første journalistjobben
hadde han i MøreNytt i Ørsta
- innan han gav seg i kast
med gymnaset. Han var også
i Sunnmørsposten og i NRK
radio, før han fór til Hallingdal
og skreiv boka ”Eit skuleopprør i Bygde-Norge”. Det var eit
engasjert og målretta stykke
journalistikk for å redde ein
grendeskule, og boka er nærast
blitt ein klassikar innan
sjangeren.
Å vere journalist var for Ingolf
Håkon både å drive folkeopplysning og vere samfunnsengasjert. Når han skreiv og
rapporterte, ville han at det
skulle føre til noko. Han ynskte
å spreie kunnskap, og han ville
sjå resultat av det.
8
Kringom 2–2007
Derfor var det ikkje underhaldningsjournalistikken som
tiltrekte han. Han fekk jobb
i SF-organet Orientering, og
heldt fram i etterfølgjaren Ny
Tid. Der var han også redaktør
i fleire år på 80-talet.
I Ny Tid var han sommaren
1977 blant reporterane som
påviste at Norge hadde spionert
på sovjetiske mål i mange år
etter verdskrigen.
Artiklane i SV-avisa førte til
kraftig politisk røre og politigransking – ikkje mot styremaktene, men mot journalistane som stod bak artiklane.
Ingolf Håkon var mellom dei
Ingolf Håkon Teigene
som vart tiltalte og dømde etter gane. Sterke bilder frå sosialden såkalla spionparagrafen.
Norge så vel som reportasjar
Det fekk konsekvensar for
frå krig, naud og katastrofar,
han, både på
gjorde alltid
arbeidsmarkminst like stort
Ӂ vere journalist var
naden der han
for Ingolf Håkon både inntrykk på prom.a. i mange år
gramleiar Ingolf
å drive folkeopplysvar nekta jobb i
Håkon som på
ning og vere samNRK, og privat
alle sjåarane
funnsengasjert.”
ved at han blei
hans. Tåra i auga
nekta innreise
og klumpen i
i USA.
halsen kunne han ikkje skjule.
Medkjensla hans var ekte. Og
I staden vart han ein framifrå
den kom frå eit hjarte som var
politisk reporter og portrettlike varmt når han ikkje var på
journalist i Dagbladet. Dei to
skjermen.
journalistiske sjangrane kombi- Han var eit medmenneske, for
nerte han i fleire bøker frå ven- å halde oss til favorittdiktaren
stresida i det politiske Norge.
hans i norsk litteratur, Olav
Han skreiv bok om Werna
Duun.
Gerhardsen, om (og med) Kristin Halvorsen, og saman med
Ingolf Håkon hadde stor kunnkollegaen og vennen Steinar
Hansson skreiv han bok om
”Men Ingolf Håkon var
Gro Harlem Brundtland. Han
dessutan eineståande på
skreiv også bøker med Hanna
eit felt: språket.
Kvanmo og Berge Furre.
I ei tid der nyheiter er
blitt konkurranse og dei
Han kom endeleg til NRK i
færraste har tid til å file
1992, og markerte seg som ein
på formuleringane, gjekk
dyktig politisk journalist og
Ingolf Håkon aldri på akganske snart populær programkord. ”
leiar for Dagsrevyen. Dei siste
åra var han ein høgt skatta
medarbeidar i utanriksredakskap. Han hadde lese mye
sjonen.
og var ein lærd mann. Det
viste han både som journalist i
Ingolf Håkon hadde eit grensenorsk politikk og som utanlaust sosialt engasjement, i den
riksjournalist. Da han kom til
forstand at han brydde seg så
oss i utanriks, var han ingen
sterkt. Han brydde seg med ve- nybegynnar. Han hadde skrive
ner, og han brydde seg med dei
lange og djupt pløygde artiklar
han ikkje kjente. Dette kunne
om utanrikspolitiske emne alt
einkvar sjå i dagsrevysendini Ny Tid, og vi gledde oss når
han på sitt litt sjenerte vis delte
kunnskapen med oss.
Men Ingolf Håkon var dessutan
eineståande på eit felt: Språket.
I ei tid der nyheiter er blitt
konkurranse og dei færraste
har tid til å file på formuleringane, gjekk Ingolf Håkon
aldri på akkord. Vi gjekk til
han når det var noe som kravde
meir enn det raske og kvikke,
der faren for flosklane var nær,
når det var livets yttergrenser
som skulle skildrast. Svada
låg ikkje for han. Der vi andre
gjekk tom for orda, fann Ingolf
Håkon dei fram igjen, pussa på
dei og skrella bort, og sette dei
i hop i korte og presist tilhogde
setningar. Og så gav han dei
ny meining og tyngde med
den karakteristisk djupa røysta
si. Odla gjennom korsongen,
nærast til kunst.
Han blei forbildet vårt.
Fullt fortent fekk han Kringkastingsringens språkpris og
kløyvde stein i 1999 og i fjor
NRKs språkpris.
Ingolf Håkon døydde på
arbeidsplassen sin. Det varme
hjartet stansa medan han var
blant kolleger og venner.
Vi saknar han.
Gunnar Myklebust, leiar utanriksredaksjonen NRK
2–2007 Kringom
9
Meir dialekt i NRK
Nye reglar for dialektbruk i NRK
19. juni vedtok redaktørmøtet i NRK nye språkreglar. No slepp NRK dialektane til i større grad enn
dei normerte skriftspråka.
– Kringkastingsringen ser
positivt på denne utviklinga,
seier styreleiar Håvard Øvregård.
– Men vi er opptekne av at
dialektbruken ikkje skal gå ut
over bruken av nynorsk. Difor
er vi også glade for at nyhendeopplesinga skal skje på normert
mål. Regelen seier at «I
nyheitsendingar og programinformasjon skal programleiarar
og annonsørar bruke offisielt
bokmål eller nynorsk.»
Må ikkje gå ut over normert nynorsk
Direktør i Språkrådet, Sylfest
Lomheim, uttalte seg i sommar til Dag og Tid om dei nye
reglane. Her understreka Lomheim kor viktig det var at det
fanst nokre stader, slik som i
nyhendesendingane, der det var
obligatorisk bruk av nynorsk
eller bokmål.
– Hadde ikkje NRK hatt
denne passusen, ville me ikkje
hatt nokon instans i det norske
språksamfunnet der folk kunne
høyra standard, korrekt uttale
på nynorsk og bokmål. Det
hadde vore dramatisk om det
no berre var fritt fram for ikkje-normert tale i nyhendesendingane. Det hadde Språkrådet
gått kraftig imot, sa Lomheim
til Dag og Tid.
10
Kringom 2–2007
Brynjulf Handegaard i
språkutvalet i NRK trur ikkje
meir dialektbruk vil føra til
mindre nynorsk.
– Eg trur ikkje at dette i
praksis vil gå ut over nynorsken. Tidlegare har ein del
redaktørar hatt dispensasjon
frå språkreglane i NRK, for å
kunne nytte meir dialekt. I stor
grad var det bokmål og ikkje
nynorsk som var alternativet til
dialektbruk. Dette er til dømes
tilfelle i MidtNytt, Nordnytt og
for områda på indre Austlandet. Med andre ord i område
der nynorsken står svakt, seier
Handegaard i ei pressemelding
frå NRK.
Set krav til dialektbruken
Dei nye reglane gjev redaktørane meir ansvar. Vurderinga om
bruk eller ikkje bruk av dialekt
er det kvar enkelt redaktør som
må gjera. Brynjulf Handgaard
understrekar at dette ikkje at
det vert fritt fram for alle å
nytta dialekten sin. Dialektbruken må vera god og funksjonell, seier Handgaard.
– Det er framleis viktig at
språkbruken skal vera korrekt,
men til dømes i underhaldingsprogram som Reiseradioen er
det andre ting enn det å vera
korrekt som er viktig. Språket
kan også vera overraskande.
Meir dialekt i distriktssendingar
I språkreglane står det også
at ”I distriktssendingane bør
lokale talemål få godt rom.”
– Dette er positivt, seier
Håvard Øvregård, og understrekar at det å fremja dialekt i
kringkastinga er ein av grunnsteinane i historia til Kringkastingsringen.
– Ser vi på det arbeidet som
Kringkastingsringen har gjort
gjennom over femti år, så er
det klart vi har vore ein av dei
fremste organisasjonane for å
sikra at folk rundt i kringom i
landet skal få høve til å høyra
sin eigen dialekt i radio og på
fjernsyn.
– Men det vert spanande å
sjå framover – vonleg vert det
både meir nynorsk og dialekt
av dette, avsluttar han.
Sjå også Dag og Tid, 13. juli
2007 og pressemelding frå
NRK, 20. juni 2007.
Eva Marie Mathisen
Kortnytt
Kortnytt
Nynorskpris
Kulturdepartementets
nynorskpris for journalistar gjekk i 2007 til leiar for
politisk avdeling i Dagsavisen, Kjell-Erik Kallset.
– Han får prisen for å ha
kjempa seg til å skrive nynorsk
i avisa og for kommentarar
med ein stilsikker og fargerik
nynorsk, uttalte leiaren for juryen, Gry Molvær. Prisen er på
50 000 kroner og eit kunstverk,
og vart delt ut på Dei Nynorske
Festspela i Ørsta 28. juni.
− Då eg begynte i avisa for
ti år sidan, fekk eg beskjed om
at eg aldri kom til å få skrive
nynorsk der. Men da Hilde
Haugsgjerd vart redaktør nokre
år seinare, ba eg om å få lov
til å skrive kommentarar på
nynorsk. Det var kontroversielt,
men redaktøren gav meg lov,
og seinare har fleire journalistar i Dagsavisen nytta nynorsk,
seier Kallset i ei pressemelding
frå Dei Nynorske Festspela.
NRK3 sendast analogt
Medietilsynet har bestemt at
kabel-TV-verksemdene Canal
Digital og Get har plikt til å
formidla sendingar frå NRK og
TV2. Sidan lanseringa
3. september har berre dei med
digitalt kabel-TV hatt tilgang til
den nye NRK-kanalen NRK3.
No får òg dei med analogt
kabel-TV kanalen.
Han
har fått
mange
reaksjonar
på språket
sitt,
men dei
negative
reaksjonane kjem
når han skriv bokmål.
Ny dagleg leiar
Eva Marie Mathisen (bilete)
er tilsett som vikar for Tarjei
Vågstøl som dagleg leiar i
Kringkastingsringen ut 2007.
Eva Marie kjem frå Sortland
i Vesterålen, studerer historie og mange års fartstid frå
målrørsla, mellom anna som
nestleiar og dagleg leiar i Norsk
Målungdom.
− Etter det eg veit har Dagsavisen ikkje fått negative reaksjonar på at spaltene er opna for
nynorsk, seier Kallset.
Kjell-Erik Kallset er frå Tingvoll på Nordmøre. Han byrja i
Arbeiderbladet (no Dagsavisen)
1997 og var den fyrste tilsette som fekk skriva nynorsk
i avisa.
Kringkastingsringen
gratulerer!
“Vendepunkt i nynorsk presse”
Nynorsk Kultursentrum på Ivar
Aasen-tunet i Ørsta inviterer i
samarbeid med Norsk Pressehistorisk Forening, og med
støtte frå Fritt Ord, til ein stor
konferanse med tema
”Vendepunkt i nynorsk presse”,
onsdag 7. og torsdag 8.
november 2007.
I invitasjonen heiter det at
det blir to dagar til nytte og
glede for alle som arbeidar i
nynorske massemedia eller med
norsk medie- og kulturhistorie
Konferansen er retta inn mot
redaktørar og journalistar i
pressa, studentar og forskarar
ved høgskular og universitet,
sentrale miljø i målrørsla og
interesserte avislesarar.
2–2007 Kringom
11
Digitalt bakkenett
Digitalt bakkenett: Utfordring for allmennkr
Denne hausten byrjar
fjernsynssendingane i det
såkalla ”digitale bakkenettet” nokre stader i landet,
og om to år vert det gamle,
analoge nettet skrudd av.
Frå ein synsvinkel er det nye
nettet ei rein teknisk ordning
– ein ny måte å senda signal ut
til sjåarane på. På hi sida er reiser bakkenettet viktige mediepolitiske spørsmål: Det opnar
for mange fleire fjernsynskanalar, kanskje så mange som
25. Slik får sjåarar med vanleg
TV-antenne same kanaltilbodet
som lenge har vore tilgjengeleg
for dei med parabolantenne og
kabel. På sikt er det interessant
kva følgjer dette får for allmennkringkastinga og posisjonen til NRK.
Det tekniske
I staden for å senda fjernsynssignal som i dag, kjem det
kringkasta signalet til å ”bera”
ein straum av digital informasjon. For å få inn TV-kanalane,
må signalet omformast av ein
boks (såkalla dekoder) etter at du har motteke det med
tak- eller bordantenna. Den nye
ordninga kjem altså ikkje til å
ha noko å seia for dei som har
parabol eller kabel-TV.
For dei fleste vil det digitale
bakkenettet seia betre TV-signal; grovt sett vil det vera slik
at anten får ein inn signalet,
eller så gjer ein det ikkje.
12
Kringom 2–2007
Bakgrunn
Det er over ti år sidan ordskiftet om eit digitalt nett byrja
i Noreg. Då kanalen NRK2
vart opna, vart det openbert at
det analoge nettet hadde klare
grensar for kor mange kanalar
som kunne senda samtidig.
Det ville òg kosta like mykje
å vedlikehalda det gamle,
analoge nettet som å byggja ut
eit nytt digitalt. I 1999 vedtok
difor Stortinget å setja i gang
prosessen med å etablera eit
digitalt fjernsynsnett i Noreg.
Det viktigaste argumentet var
omsynet til allmenn-kringkastinga. Medan mange kan ta inn
signal frå satellittar og kabel,
kunne bakkenettet lett byggjast
ut slik at det fekk like stor dekning som det gamle, analoge
nettet. Det var samtidig ein klar
føresetnad frå Stortinget at dei
skulle gje konsesjon, medan
private aktørar skulle stå for
drift og utbygging. Når det har
vore ein del strid om bakkenettet dei siste åra, har den
viktigaste konflikten vore kommersielle interesser og omsynet
til allmennkringkasting.
I 2002 vart det lyst ut ein
søknadsrunde for konsesjon for
drift av eit digitalt bakkenett.
Berre ein søkjar meldte seg,
Noregs Televisjon (NTV) – ei
verksemd eigd av NRK og TV2
(seinare òg Telenor). Saka var
oppe til nytt ordskifte i Stortinget i 2003, og forhandlingane
gjekk fram til NTV vart løyvd
konsesjon i 2006.
Tena pengar
Eit stridstema har vore kva
sjåarane skal betala for. Ein av
føresetnadene frå Stortinget
vart det slått eintydig fast at
NRK-kanalane skal formidlast
gratis. Men kva med TV2, som
har konsesjon for å driva allmennkringkasting? I utgangspunktet ønskte TV2 å ta seg
betalt for tilgang til hovudkanalen sin, men dette vart endra
slik at TV2 skal vera gratis i
bakkenettet fram til konsesjonen går ut i 2009 – same år som
det gamle, analoge nettet vert
”skrudd av”.
Inntektene frå det digitale bakkenettet kjem til å koma frå alle
dei andre kanalane det er plass
til. Dersom ein ønskjer eg noko
meir enn NRK, TV2 (fram til
2009), lokal-TV og kanalen
”Open kanal” må ein teikna
abonnement hjå RiksTV (ei
systerverksemd til NTV). Her
tevlar altså det digitale bakkenettet med kabel og satellitt.
Når det gjeld desse kanalane, er
RiksTV ein rein, kommersiell
aktør. Sumaren 2007 presenterte dei kanalpakka si, og uttalte
at ӌ vurdere hva som er godt
tv ligger utenfor vårt mandat.
Vi er satt til å vurdere hva vi
tror folk ønsker seg, vårt mål
er at publikum skal bli fornøyd
med det produktet vi tilbyr.”
(Journalisten, 20.06.2007).
RiksTV fekk hard kritikk for
at det ikkje var internasjonale
Digitalt bakkenett
ringkastinga?
nyhendekanalar eller andre
skandinaviske allmenkringkastarar i utvalet. Kulturminister
Trond Giske raste over at dei
ikkje viste samfunnsansvar,
men vedgjekk samstundes at
dei berre var bundne av konsesjonen. Som ein slags kompromiss tok RiksTV til slutt inn
nyhendekanalen BBC World.
Fleire kanalar
Den største endringa, og det
som er hovudårsaka til å gå
over til digitale sendingar, er at
det vert plass til mange fleire
kanalar på lufta samstundes.
Fyrst og fremst har dette gjeve
NRK høve til å tilby fleire kanalar. Underhaldningskanalen
NRK3 kom på lufta samtidig
som det digitale bakkenettet
opna i Rogaland, og barnekanalen NRK Super opnar dørene
1. desember.
Kva får dette å seia for NRK
som allmennkringkastar? Vil
det gå slik Jostein Gripsrud,
professor i mediavitskap ved
Universitetet i Bergen, uroar
seg for: at kvar NRK-kanal vert
retta mot eit særeige sosialt
og kulturelt felt og at den
allmenne rolla til NRK såleis
vert svekt? (Klassekampen,
04.09.2007) Eller er det slik at
NRK må tilby fleire spesialiserte kanalar for å ikkje tapa i
tevlinga med dei som rettar seg
mot snevrare sjåargrupper?
Les meir
Dersom du vil vita meir om
det digitale bakkenettet, kan
du sjå Medietilsynet si informasjonsside på Internet: http:
//www.digitaltvinorge.no/
Tarjei Vågstøl
2–2007 Kringom
13
Allmennkringkastingsplakat
Allmennkringkastingsplakat for NRK
Høyringsfråsegn frå Kringkastingsringen, vedteke
på styremøte 21. august.
Kringkastingsringen er ein
politisk ubunden organisasjon
som arbeider for interessene
til nynorskbrukarane andsynes
allmennkringkastarane. Organisasjonen vart skipa i 1955, og
har i dag om lag tusen medlemer. Vi samarbeider tett med
dei andre nynorskorganisasjonane, og saman med Noregs
Mållag og Mediemållaget har
vi årlege møte med leiingane
i NRK og TV 2 der vi tek opp
språkpolitikken deira.
Føremålet vårt er å arbeida
for at nynorsk, dialektar og
samisk skal få eit rettkome
rom i allmennkringkastinga.
Kringkastingsringen er glad for
at NRK slår fast i framlegget
til allmennkringkastingsplakat at NRK skal arbeida for
styrking av norsk og samisk
språk, identitet og kultur. Vi er
også nøgde med at framlegget
slår klart og tydleg fast at NRK
pliktar senda program som er
produserte i distrikta.
Bokmål er det dominerande
skriftspråket i Noreg, og det vil
i mange tilfelle kjennest som
det «naturlege» og ukontroversielle valet mellom dei to målformene våre. For at nynorsk i
det heile skal eksistera som eit
mediespråk, er det heilt naudsynt at allmennkringkastarane
er pålagde å bruka ein viss del
14
Kringom 2–2007
nynorsk. Dette kravet har vore
formulert noko ulikt for NRK
og TV 2: NRK har gjennom
vedtektene vore pålagt å nytta
minst 25 prosent nynorsk i verbalinnslaga «kjerneverksemda»
(jf. paragraf 3-4 i gjeldande
vedteker). I konsesjonen for TV
2, derimot, er det berre slått
fast at dei skal nytta nynorsk
og bokmål. Sidan NRK er
ein statseigd, lisensfinansiert
kringkastar, meiner Kringkastingsringen at det er naturleg
at dei har eit meir konkret krav
om nynorsk.
Den nye mediekvardagen, der
nettet er ein stadig viktigare
formidlingskanal, gjer at det
er naudsynt å endra vedtektene
til NRK for å syta for nynorsk
òg får ein rimeleg plass innan
«nye medium». I dag har NRK
rekna det som ei friviljug sak
å følgja kravet om 25 prosent
nynorsk utanfor dei tre radiokanalane og to fjernsynskanalane.
Difor er Kringkastingsringen glad for at framlegget til
allmennkringkastingsplakat
opphever skiljet mellom kjerneverksemd og annan redaksjonell verksemd, og set fram eit
krav om 25 prosent nynorsk i
alt NRK kringkastar.
Like viktig som at NRK har
føresegner som krev ein viss
nynorskdel, er det diverre at
desse føresegnene vert følgde,
og at nynorskprosenten vert
oppfølgd i alle kanalar og inn-
anfor alle programsegment.
I Allmennkringkastingsrapporten 2006 får NRK kritikk for at
dei ligg langt unna å oppfylla
kravet om 25 prosent nynorsk,
særleg i NRK2. Faktisk gjekk
nynorskbruken i kanalen ned
frå 2005 til 2006, trass i at
NRK hadde forklart det låge
talet i 2005 som eit resultat
av spesielle omstende. I fleire
møte med NRK har Kringkastingskringen dessutan teke opp
problemet med at barneprogramma til NRK er nærast totalt dominerte av bokmålstale,
særleg bokmål med standardisert austlandsuttale.
I framlegget vi har fått til
høyring, er ikkje nynorskkravet spesifisert nærare.
Kringkastingskringen meiner
at dette kravet må gjelda slik at
kvar kanal (og Internett) i NRK
har eit krav om nytta minst 25
prosent nynorsk.
Det er òg eit problem at NRK
ikkje møter reaksjonar når
dei år etter år ikkje greier å
oppfylla den nynorskprosenten
vedtektene krev. Kringkastingskringen innser at allmennkringkastingsplakaten neppe er
staden å spesifisera sanksjonar,
men vil likevel oppmoda Kulturdepartementet om å slå fast
andsynes NRK at kravet om 25
prosent nynorsk er eit minstekrav, og krevja tiltak for å nå
dette målet innan rimeleg tid.
Nye nynorskpraktikantar
Nye praktikantar i Førde
I haust starta det opp nok
eit kull med praktikantar
på Nynorsk Mediesenter.
Leiar for senteret, Magni Øvrebotten, er stolt over å kunna
presentera det sjuande kullet
med nynorske journalist-spirer.
Korleis har dei nye praktikantane komen i gong?
− Dei er godt i gjenge no,
seier ei nøgd Magni Øvrebotten
på telefon frå Førde.
− Dei starta 3. september,
og har lært mykje på den korte
tida dei har vore her. I dag har
dei til dømes hatt innføring i
stemmebruk med ein logoped.
Dei har også fått innføring i
språkreglane i NRK og lært
korleis senteret fungerer. To av
praktikantane har allereie hatt
sendingar på lufta!
Her vert ein kasta rett ut i
elden, skjønar eg.
− Ja, målsetnaden vår er jo at
alt vi lagar skal kunna sendast.
Å vera nynorskpraktikant er
intensivt, og det er mykje jobb!
Fortel litt om dette kullet.
− Vel, dei kjem frå ulike
stader, det er to gutar og tre
jenter. Førre kullet var eit reint
jentekull, så eg er betre nøgd
med kjønnssamansetjinga på
dette kullet. Vi har ei jente frå
Nord-Trøndelag og ein gut frå
Hallingdal. Dette er jo område
der nynorsken ikkje står så
sterkt som i kjerneområda på
Vestlandet, så det er bra.
Du har etterlyst søkjarar frå
ikkje-typiske nynorsk-område?
Menn og folk med innvandrarbakgrunn?
− Ja, eg vil gjerne ha fleire
menn, nordlendingar, trønderar, og folk med innvandrararbakgrunn. Haldninga er jo at
nynorsk er heilt umogleg for
innvandrarar, men det stemmer
ikkje. Men eg vil også ha fleire
søkjarar frå dei store dalane på
Austlandet. Til no er det ingen
frå Setesdal som har søkt, og
vi har berre hatt ein søkjar frå
Gudbrandsdalen!
Det er jo ganske overraskande.
Har du nokre teoriar om kvifor
det er slik?
− Nei, det har eg ikkje.
Men nynorsken står jo relativt
sterkt i desse områda, i alle
fall i den nordlegaste delen av
Gudbrandsdalen. Så om det
er at folk vel bort nynorsken
eller at ingen har lyst til å verta
journalistar, det veit eg ikkje.
Vi har gjort ein del for å reklamera for senteret, lyst ut kurset
i lokalavisene og snakka med
lokalmedia. Så oppmodinga er
klar til folk frå dalane: Neste
søknadsfrist er 1. oktober!
nokre få har funne ut at journalistikken ikkje var noko for dei
− Noko som kanskje er interessant for Kringom sine lesarar
er at Austlandssendinga no skal
starta opp eit opplæringssenter
for journalistpraktikantar med
minoritetsbakgrunn. Etter planen skal senteret opprettast til
nyåret. Senteret skal opprettast
etter modell av nynorsksenteret, fortel Øvrebotten.
− Minoritetar, anten det er
nynorskspråkelege og journalistar med fleirkulturelt
bakgrunn, trengst i NRK!
avsluttar Magni Øvrebotten.
.
Eva Marie Mathisen
Korleis er karrieremoglegheitene for praktikantane etter
kurset og tenestetida? Får dei
arbeid i NRK?
− Ja, dei aller fleste arbeider
i dag i media. Dei fleste er i
NRK, men det er også nokre
i andre mediebedrifter, aviser
og som nettjournalistar. Berre
2–2007 Kringom
15
B-PostAbonnement
Sendar/retur:
KRINGKASTINGSRINGEN
Postboks 9161 Grønland
0134 OSLO
Nynorsk redaktørpris 2007
Mediemållaget vil også dette året dele ut Nynorsk redaktørpris til ein
redaktør som har vist positiv innstilling til nynorsk og kjempa for
nynorsken sin posisjon i media, seier juryleiar Judith Sørhus Litlehamar i ei
pressemelding frå Mediemållaget.
Frå før har tidlegare sjefredaktør Hilde Haugsgjerd og kulturredaktør
Catrine Sandnes i Dagsavisen, sjefredaktør Tove Lie i Nationen og
distriktsredaktør Per Arne Kalbakk i Østlandssendingen fått Nynorsk
redaktørpris frå Mediemållaget.
Mediemållaget ynskjer med denne prisen og setje søkjelyset på nynorsken
sin kvardag i medielandskapet, i tillegg ynskjer ein å stimulere til debatt
rundt nynorsk i media.
Har du framlegg til kandidatar?
Tips oss gjerne på [email protected], eller ta kontakt med juryleiar for Nynorsk redaktørpris 2007, Judith Sørhus
Litlehamar, på 97 67 44 59.
Fristen er 10. oktober