Kr2-13 - Kringkastingsringen

Download Report

Transcript Kr2-13 - Kringkastingsringen

MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN
NR. 2, 2013
Kringkastingsprisen til
Ingunn Solheim
Intervju side 6-7
200-årsjubileum for
Ivar Aasen
Stemningsrapport side 3-5
Ny kringkastingssjef
Intervju side 8-9
Leiar
Journalistutdanningane sitt ansvar
domsskule og vidaregåande, og
mellom vidaregåande og høgare
utdanning. Denne tendensen kan
journalistutdanningane vere med
på å motverke, gjennom å gje
studentar den fordelen det er å ha
gode kunnskapar i nynorsk.
For at nynorsk og dialektane
skal få den plassen dei har krav
på i media, trengst det nynorskskrivande journalistar.
Inger Størseth Haarr
styreleiar i Kringkastingsringen
Ikkje berre må det finnast nynorskjournalistar som kan fylle
stillingane – dei må òg ha den
tryggleiken som trengst for å halde
på språket sitt i ei ofte bokmålsdominert medieverd. Her har journalistutdanningane ei viktig rolle.
Me veit at mange går over til å
skrive bokmål i overgangen
mellom ung-
Kringom nr. 2, 2013
oktober 2013
Kringkastingsringen
Postboks 9161 Grønland
0134 Oslo
Telefon: 23 00 29 50
2 Kringom 2–2013
Nynorsk mediesenter, som er ei
ordning NRK oppretta for å gje
søkjarar praktisk utdanning innan
radio-, tv- og nettjournalistikk,
sendte i vår ut sitt 18. kull med
nynorskpraktikantar. I haust
starta òg dei fire første praktikantane i Nynorsk avissenter,
som er oppretta i samarbeid med
lokalavisa Firda for å rekruttere
skrivande nynorskjournalistar.
Slike ordningar vert oppretta for
å sikre tilgangen på journalistar
som bruker nynorsk, noko både
Firda og NRK er avhengige av. Ein
kan sjå desse ordningane som eit
teikn på at dei ordinære journalistutdanningane ikkje fungerer godt
nok når det kjem til å utdanne
nynorskbrukande journalistar.
Når dei nyutdanna studentane
skal søke jobb, er det ein fordel å
kunne bruke nynorsk. NRK har
krav om 25 prosent nynorsk, og
dei kommersielle radio- og tvkanalane har òg krav til innhald
på nynorsk. I NRK har prosentdelen nynorsk auka dei siste åra, og
me har tru på at kanalen vil halde
fram med å satse på nynorsk og
dialektar.
I tida framover vil Kringkastingsringen rette fokus mot kva journalistutdanningane gjer for å gje
studentane fordelen det er å skrive
nynorsk. Vert studentane oppmoda til å halde ved like nynorsken dei har lært i grunnskulen?
Vert dei som allereie skriv godt
nynorsk, oppmoda til å halde på
språket sitt? Får studentane vite at
dei har ein fordel i konkurransen
med andre om dei skriv nynorsk,
dersom dei til dømes vil jobbe i
NRK? Slike spørsmål håper me å få
svar på i løpet av hausten.
Kringkastingsringen har dei
seinare åra følgt NRK tett, mellom
anna med faste møte med leiinga.
No gler me oss til å innleie eit
liknande samarbeid med journalistutdanningane. I år deler me ut
Kringkastingsprisen til NRK-journalist Ingunn Solheim. Me treng
gode språklege førebilete i media,
og journalistutdanningane har sin
del av ansvaret for å utdanne dei
gode førebileta.
[email protected]
www.kringkastingsringen.no
Formgjeving:
Bror-Magnus Sviland Strand
Marianne Granheim Trøyflat
Redaktør:
Marianne Granheim Trøyflat
Trykkeri:
Grøset Trykk AS
Takk til alle bidragsytarar.
Ivar aasen 200
Ein dag med nynorsk
Bergens tidende hadde ei
komplett utgåve på nynorsk
5.august. Kringom tok ein liten
prat med ansvarleg redaktør,
Gard Steiro, for å høyre kor
nøgd han var.
Marianne Granheim Trøyflat
dagleg leiar i Kringkastingsringen
–Korleis kom de på ideen?
–Vi skulle lage ei større reportasje
om Ivar Aasen. Så kom nokon opp
med denne ideen og eg tente på
han.
–Korleis tok journalistane det?
–Fleire av våre tilsette er opptekne
av å verne om nynorsken, så dei
vart glad. Dei som elles brukar
bokmål, tok det sporty. Dei tok
fram ordlistene og satte igang.
–Kva var største problemet?
–Vi hadde nokre tekniske utfordringar, og det var vanskeleg med
måndag
5. august 2013
NR. 209 uKE 32 - 146. ÅRg.
annonsane. Elles var vi opptekne
av at det ikkje skulle vera skrivefeil. Så vi hyra inn ekstra korrekturhjelp kvelden før.
Men det kjem til å synke over tid.
Færre og færre av dei unge journalistane skriv på nynorsk, vi ser at
dei føretrekkjer bokmål.
–Kva var reaksjonen frå lesarane?
–Eg har klart fått fleire positive
enn negative reaksjonar. Det har
vore mykje skryt, og eg har knapt
fått så mange reaksjonar på noko
Bt har gjort nokon gong. Men vi
veit at ein del ville reagert om dei
hadde fått avisa på nynorsk kvar
dag.
–Kva er det viktigaste Kringkastingsringen kan gjera for å få meir
nynorsk i media?
–Setja meir fokus på dei digitale
media. Om det ikkje blir trykt nynorsk i VG og Dagbladet , er ikkje
det så farleg. Det viktigaste er den
digitale medieframtida.
–Har du tankar om kvifor det ikkje er meir nynorsk i Bt til vanleg?
–Føremålsparagrafen vår seier
at språka skal leva side om side.
Journalistane vel sjølve kva dei
skriv. Vi prøvar å sørgje for at
dersom det er personlege intervju,
skal det vera på eit naturleg språk
for den som blir intervjua. Tidvis
er kvar fjerde eller femte artikkel
på nynorsk, og det synest eg er bra.
16
224.000
dagLege Lesarar
www.bt.no
laUssal kr 25
Tøffe tak i lita jolle
fjorden skremmer ikkje dei
over 80 unge som seglar for
VM­tittel. I ei åtte fot stor jolle.
siDe 7, Del 1
–Men dei som jobbar i Bergens
tidende får altså skrive så mykje
nynorsk dei vil?
–Ja.
| Bergens Tidende mandag 5. augusT 2013
nynorskens far: Det er 200 år siden Ivar
Aasen vart fødd. Det kjem du til å merke.
heile avisa!
kuLIng I kasTa på Hjelte­
–Kvar trur du nynorsken står om
to hundre år?
–Vaskeleg å seia. Eg er uroa.
Nynorsken går tøffare tider i møte.
Når vi også blir såpass påverka
av engelsk, trur eg det blir tøft å
bevara nynorsken.
byen
- Terapi
å vere
på sjøen
19
Kronikk
Spania framom stupet
24
kultur & folk
Siste
leder og kommentar
3
bt.no/meninger: Her finn du leiarartiklar,
kronikkar, kommentarar og leserdebatt.
Serverar
dumskallar
nynorsk
Gratulerer med dagen, Ivar Aasen. Her får du heile avisa vår i gåve.
mÅndag
5. august 2013
BERGENS TIDENDE
Politiet trur at kunsttjuveriet var
planlagd av proffar. ein av dei
tiltalte seier han fekk sjokk då
han høyrde om tjuveriet på radio.
Lenge leve spynorsken
kommentar
[email protected]
Gard Steiro er sjefredaktør i BT
fleire slit med å
betale billånet
aLdrI før har inkasso­
selskapet Lindorff opplevd så
mykje misleghald av billån
som no.
siDe 10–11, Del 1
– Ja Ja, då er det berre å sette av heile føremiddagen til å svare på sinte telefonar!
Nyhenderedaktøren var entusiastisk, men også noko uroleg. Klart Bergens Tidende skal markere jubileet. Men heile avisa på nynorsk? Eit slikt stunt blir det mest bråk av. Bokmålselskarar frå Fana til Flaktveit vil setje morgonkaffien i vrangstrupen. Så snart dei får rista av seg det første sjokket, vil dei kaste seg på tråden til redaksjonen. Har de mista siste rest av forstanden der inne i Krinkelkroken no? Og nyhenderedaktøren har sjølvsagt rett. Særleg tre emne kan skape såkalla lesarstorm her i avisa. Det fyrste er bompengar. Det andre er innvandring. Og det tredje er nynorsk. Skriv ein journalist Nygårdshøgda på bysidene, kan ho vere sikker på å få AASEN LEVER: – Vi bør ikkje sjå på ei ekstra målform som ei bør, men glede oss over å kunne bruke det store registeret i norsk språk, skriv sjefredaktør Gard Steiro i BT. På
ein harmdirrande e-post eller to. dagen 200 år etter at Ivar Aasen, nynorskens far, vart fødd, kjem BT ut som nynorskavis.
FOTO: marie Havnen
A-endingar skapar sterke kjensler i Bergen. Høgre vil no fjerne både kert vere eit slit for skuletrøytte frå Fortiden, som vore Forfædre gjennem alle sine Trængsler have karakter og eksamen i sidemål sekstenåringar, men vi veit at språket i Bt
I dag feIrer heile Noreg (i alle troligen bevaret og overladt til på ungdomsskulen og vidaregå- bokmålsbrukarar som meistrar fall nokre av oss) at det er 200 oss om en hellig Arv?»
ande. Og dei moglege regjerings- nynorsk får eit betre bokmål. n Bokmål er hovudmålet i BT. det
år sidan Ivar Aasen blei fødd. partnarane i Framstegspartiet vil Nynorsken er vårt bolverk mot står i føremålsparagrafen, som
Vi skuldar han stor takk. Utan Om den gOdaste Aasen hadde stått ikkje løfte ein finger for språkleg engelsk invasjon, mot einsretting også slår fast at nynorsk skal
leve i avisa.
Aasen ville vi ha skrive halvdansk opp frå grava i dag, ville han nep- mangfald her i landet. Då det i av tanken og tunga. heile gjengen. Vi ville ikkje fått pe vore særleg nøgd. Nynorsken vår blei snakk om å døype Flesn det skal vere stor språkleg liberalitet i spaltene. målformene
gleda av litterære godsaker som har, som Ivar Aasen, sett betre land om til Bergen lufthamn, Bergens tIdende er sjølve vestskal leve side om side.
Frode Gryttens «Bikubesong» dagar. kalla stortingsrepresentant landsavisa. Ein kvart million bern Journalistane skal styre unna
eller «Sveve over vatna» av RagEi undersøking frå fjoråret Gjermund Hagesæter – sjølv gensarar, strilar, hardingar og situasjonar der den valde målnar Hovland. Sjå for deg Jon Fosse tyder på at målforma er på full nynorskbrukar – planane for tos- sogningar les oss kvar einaste forma kolliderer med innhaldet
på sobert riksmål. Det går ikkje.
fart ut av skulen. Berre 13 pro- keskap. Om nynorsken ikkje kan dag. Til skilnad frå osloavisene, i teksten.
Og viktigare, Aasen gjorde det sent av elevane i grunnskulen overleve på eiga hand, vil Frp la som språkleg sett er like gørrkjen Hovudregelen er at artiklar om
mogleg for mange å uttrykkje seg har nynorsk som hovudmål. Om han døy i fred.
delege som ein Ikea-katalog, er byens tradisjonar og historie
skriftleg på sitt eige mål. Nynorein ser bort frå dei fire vestlandsBT open for nynorskbrukarar. Vi står på bokmål, medan saker
sken har gitt folk ein språkleg fylka, er talet skremmande nær er det så nøye, då? Klarar vi oss er språkliberale. Journalistane vel frå distriktet blir skrivne på
fridom dei ikkje ville hatt berre null. Og, berre for å gni det inn ikkje godt utan nynorsken? Blir sjølv målform. I BT finn du både nynorsk.
med bokmål. «Det går mangt eit for målfolket, når nynorskeleva- ikkje skulegongen enklare om referat frå bystyret på klingande n Personar som blir portretterte
menneske og ser seg fritt ikring ne går ut av grunnskulen, vender borna slepp å pugge kløyvd infi- nynorsk og bygdereportasjar på i Bergens Tidende, skal ikkje
for Ivar Aasens skuld», skreiv dei prompte Ivar Aasen ryggen. nitiv i tillegg til fysiske formlar?
bokmål. Slik har det vore, og slik få ei anna språkdrakt enn den
intervjuobjektet brukar.
Tarjei Vesaas.
Heile 94 prosent av elevane i den Ja, det er nøye. Nei, vi greier oss blir det også i framtida.
KJeLde:
BT
sine
inTerne
sPråKregLar
Det er først og fremst vi på Dei siste åra har det også i vidaregåande skulen vel bokmål. ikkje med eitt skriftspråk. StyresVestlandet som skal vere takkHer i Hordaland byter halvparten maktene har eit klart ansvar for å BT blitt mindre nynorsk. Det er same. Aasen samla inn døme av nynorskelevane hovudmål når ta vare på nynorsken og språkar- ikkje ei planlagt utvikling, men frå heile landet, men det var her dei går vidare i utdanningsløpet. ven. Det gjer dei best ved å sørgje eit resultat av at journalistar som han verkeleg tok for seg. Her Lite tyder på at nynorsken vil for at han blir brukt i kvardagen, alle andre er i ferd med å konverfann han dei beste dialektane. I styrkje seg dei neste åra. Han til dømes i skulen, på luftham- tere til bokmål.
Hardanger, Sogn og på Voss var Dagens utgåve er ikkje eit sigkan i alle fall ikkje vente seg ei ner, sjukehus og i kringkastinga.
språket minst påverka av dansk.
Vi bør ikkje sjå på ei ekstra nal om at lesarane vil finne meir handsrekking frå politikarane. Ivar Aasen jakta på det ekte Her i byen har vi ein skulebyråd målform som ei bør, men glede nynorsk i spaltene framover, og ubesudla. Riksmålet var etter som brende ordboka i eit forsøk oss over å kunne bruke det store men ei påminning om at Bergens hans meining ikkje vårt eige, på å kapre unge veljarar. «Spy- registeret i norsk språk. Vi bør Tidende og andre institusjonar men importvare, berre fjernt i norsk ordliste», kalla han ordlista vere stolte og takksame for den har eit ansvar for å ta vare på det slekt med det norske. I «Om vårt og tende fyr. Nynorsken var iføl- uvanleg store, språklege rikdo- språklege mangfaldet i åra som Skriftsprog» skreiv Aasen:
gje politikaren eit problem for men som er samla her til lands, kjem. «Skal vi da, tænkte jeg, give Slikt kjem ikkje gratis. Berre mange som ville lære seg godt klar til bruk for alle som ønskjer Slip paa denne kostelige Skat norsk. Ja ja.
å bruke han. Nynorsk kan sik- spør Ivar Aasen.
zfakta
røff tur mot new
york marathon
– for meg er det naturstridig
å springa, seier Christian
Lawley. No ventar New York
Marathon på den lungesjuke
bergensaren. siDe 16–17, Del 1
Gratulerer,
Ivar Aasen!
kommentar
Om Ivar Aasen
hadde stått opp
frå grava i dag,
ville han neppe
vore særleg nøgd
siDe 3, Del 1
foto: hÅvaRd bjEllaNd
gard steiro
Han ofra kjærleiken for språket og kava seg veg gjennom Noreg
for å finne nynorsken. Han var arbeidsnarkoman og nerd, og
berre 162 centimeter høg. Ivar Aasen var den vesle mannen med
den store oppgåva. I dag er det 200 år sidan han vart fødd. »»»
DUMsNill: – Eg lét meg overtale. Det handla om lojalitet til kompisane, seier ein av dei tiltalte i Permanenten-tjuveriet. Ei lang rekke tabbar tyder på at det ikkje var ein
organisert, kriminell bande som står bak, meiner 30-åringens forsvarar, Bjarte Aarlie.
siDe 4–5, Del 1
Bergens TIdende, KRINKELKROKEN 1, BERGEN.
SENTRAL/IKKJE FÅTT AVISA: 05500 før kl. 10.00
deL 1: LEIAR 2-3 | NYHENDE 4-13 | UTLAND 14-15 SPORT 16-23 | VÊRET 24
deL 2: KULTUR 1-4 | MØTE/UNDERHALD 6 | RUBRIKKMARKNADEN 6-12 | DØDSFALL 13 | FOLK 14-15 | BYEN 16-17 | DEBATT 18 | RADIO/TV 22-24
Meny - din ferskvarespesialist!
Tilbud
Tilbud
Hansa brus
Fiskesuppe
1,5 l, lysekloster, sitron og
champion (4,60/l)
500 g, Madam Bergen
(49,80/kg)
Hjertefiskekaker
6
90
ord.pris
24,90-25,90/fl
+pant
72% rabatt
24
90
ord.pris
49,90/pk
50% rabatt
Det lønner seg å bestille på nett eller mobil:
20 butikker med gode
tilbud i Hordaland!
Tilbud
løsvekt
2
50
SPAR PENGER - REIS SAMMEN I SOMMER!
La deg friste av
våre supermarked
med stort utvalg
og betjente
ferskvaredisker!
I perioden 22. juni - 11. august betaler du kun 20 % av fullpris voksenbillett for barnet når en voksen og ett barn
mellom 4 og 15 år reiser sammen. Husk å bestille mer enn 6 timer før avreise.
Noen priseksempler (voksen + ett barn som reiser sammen):
En vei:
Haugesund–Stavanger kr 252 / Haugesund–Bergen kr 324 / Stavanger – Bergen kr. 504
Tur-/retur: Haugesund–Stavanger kr 456 / Haugesund–Bergen kr 600 / Stavanger – Bergen kr. 936
Avgangstider og informasjon finner du på kystbussen.no!
50% rabatt
Foto: Line Møllerhaug
Vi tar forbehold om eventuelle trykkfeil og prisjusteringer. Tilbudene gjelder mandag 5.8 tom. onsdag 10.8.
dagens avis
Han er ingen
Knausgård, som
diktar om det
sørgjelege livet sitt
Reis enkelt og trygt med oss - nyt friheten og la tankene fly.
ord.pris
5,00/stk
Oppretter du profil på kystbussen.no er det også svært enkelt å kjøpe billett med mobilen.
Kystbussen
JOUrnaLIst JOn Inge sØrBØ,
dag Og tId
Som dei fleste sunnmøringar var han gründer,
og bestemte seg i mangel av noko betre for å
grunnleggje eit språk
kOmIkar are kaLvØ,
På eIgen BLOgg
Ivar Aasen var ein
av våre nasjonale
strategar
OLJe- Og energImInIster OLa BOrten mOe,
nrk
fOr meg verkar det meiningslaust, slik enkelte driv på når dei fiskar. Når dei først har fått
fisken på kroken, og kava med å få han i båten,
slepp dei han ut igjen i sjøen. Kva er vitsen med
det? Vel, no har forskarar funne opp ein ny
fiskekrok som gjer det lettare å halde på på
denne måten. Les meir på side 11 i del 1.
åsmUnd egeLand, UtgåvesJef
Kringom 2–2013 3
Kringkastingsprisen 2012
Frå Twitter 5. august 2013
Jens Kihl @jenskihl
Ivar Aasen - 200 år. Til lukke. For ein mann! For
ein helt! For ein nerd! #takkIvarAasen
Runar B. Mæland @runarbm
Nett i dag var det ekstra kult å oppdaga at
dei bruker #nynorsk inne på garasjen til Bislet
bilutleie. #takkivaraasen
Ingunn Solheim @ingunnsolheim
- Eg kjem nærare puppane til mor mi, seier Jon
Eikemo om kva nynorsken har hatt å seie for
han. #takkIvarAasen #dax18
NRKYtring @NRKYtring
«Så lenge nynorsken fyrer opp kvilepulsen vår,
er den sterk», skriv @Astgrd frå @Samlaget.
Han vil takke #IvarAasen: http://bit.ly/13zH8Ln
Norsk Målungdom @Malungdommen
same kva klubb du held med: takk til @
LFCSCSB som har markert dagen med å bruka
#nynorsk på ein arena han er lite brukt frå før!
#ivaraasen
Svein Olav Langåker @sveio
I nynorskmetropolen Stord er alle dei nynorske eksemplara av @btno rivne vekk frå
Narvesen #ivaraasen
John Olav Egeland @JohnOEgeland
Jeg skriver om jubileet: Ivar Aasen sett fra
Bærum http://www.dagbladet.no/2013/08/05/
kultur/meninger/kommentar/nynorsk/ivar_
aasen/28539231/ …
Odin Omdal Hørthe @Velmont
@JohnOEgeland Men framleis redaksjonelt
nynorskforbod i Dagbladet... Upassande for ei
riksavis. Litt utdatert, men: http://nynorskdb.
no/
4 Kringom 2–2013
Ivar aasen 200
Klipp frå blogg-verda 5. august 2013
Ivar Aasen er ein av landets mest
kjende menn. Ei undersøking frå
januar syner at 98 % av alle nordmenn veit kven Ivar Aasen er – det
er langt fleire enn talet på kven
som veit namnet på statsministeren
i Noreg. Det er ikkje utan grunn.
Aasen skapte ein språkleg heim der
hundretusenvis av nordmenn flytta
inn. I dag kan vi seie: Takk, Ivar
Aasen!
I kamptalen «Om Vort Skriftsprog»
skreiv 23 år gamle Ivar Aasen at
Noreg trengte eit norsk språk til
erstatning for dansken unionstida
hadde ført med seg. At eit fritt folk
skulle kunne uttrykkje seg på eit
fritt språk, var ein rådande idé
for både Aasen og andre ideologar
på 1800-talet. Då ingen andre
tok på seg oppgåva, gjorde Aasen
som mange andre sunnmøringar:
Han blei gründer og gjorde jobben
sjølv. Resultatet – landsmålet og
seinare nynorsken – har forandra
landet vårt for alltid. Elska og hata
har den språklege arven etter Ivar
Aasen gjeve nordmenn eit heilt nytt
register å uttrykkje seg på
SV-leiar, Audun Lysbakken
www.audunlysbakken.no
Ikkje minst må me hugsa på at
utan nynorsk, hadde det mest truleg ikkje vore noko bokmål. I så fall
hadde dansk vore det einaste skriftspråket vårt. Ikkje berre er bokmål
ein motreaksjon mot nynorsk, men
bokmålet har også teke opp i seg
mange nynorskord, som søknad,
løyve, kostnad, trygd og dugnad.
Det er berre ein ting å seia på dagen
i dag: Takk, Ivar Aasen!
Assisterande fylkesmann i Sogn og
Fjordane, Gunnar O. Hæreid
blogg.fylkesmannen.no/fmsf/
Heim frå Sicilia hadde vi direktefly
med Norwegian. Vel om bord i
flyet sette sonen min på 11 seg ned
og byrja å bla i ombord-blekka
til Norwegian. Mot slutten av
magasinet har dei eit oversyn over
«haleheltane» sine, og etter ein
liten augneblink bryt poden ut på
tromsødialekt: «Hæ?! Kor e Ivar
Aasen?!»
[...]
Smått ironisk i situasjonen ombord
i flyet hadde Det norske oljeselskap ein annonse på baksida av
Norwegian-blekka. Der stod det:
«The nation builder Ivar Aasen
crisscrossed Norway in his search
for words and phrases, developing a
language based on rural Norwegian
native speech, nynorsk.» Nasjonsbyggjar. Høyrer de, Norwegian?
Det står i dykkar eigen publikasjon!
Øystein Vangsnes
Forskar ved Universitetet i Tromsø
www.forskning.no/blog/vangsnes
Kringom 2–2013 5
Foto: Olga Hario
kringkastingsprisen
Ei sann glede
- Det er stor stas å bli satt pris
på for språket sitt, seier ei audmjuk Ingunn Solheim, vinnaren
av Kringkastingsprisen 2013.
Marianne Granheim Trøyflat
dagleg leiar i Kringkastingsringen
Sjølv om ho vedgår at det eigentleg
aldri har vore noko alternativ.
- Det er det språket eg kan, som
eg er trygg på, og som ligg meg
nærast. Det er gjennom nynorsken eg får sagt det eg vil seia, slår
Solheim fast.
Heilt naturleg
Nynorsk var opplæringsmålet i
heimkommunen Førde, og etter
fullført vidaregåande fekk Ingunn
Solheim jobb som nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane.
Etter dette har ho vore trufast både
mot journalistyrket og språket
sitt. Men nokon målaktivist har ho
aldri vore.
–Mange gjer nynorsken til noko
dei tenkjer så mykje på at dei
blir forvirra, i staden for å berre
bruke det som eit naturleg språk.
Nynorsk er ei sann glede, ingen må
tru at dette språket døyr. Om ein
gjer det til ein hard kamp om overleving, er det ein sjølvoppfyllande
profeti, åtvarar vestlendingen.
Klarspråk i virvelvind
Solheim har dei siste vekene vore
svært profilert i samband med
valsendingane til NRK. Ho har
utelukkande fått positive tilbakemeldingar på språket sitt.
–Folk meiner språket er klart,
6 Kringom 2–2013
Nøgd prisvinnar. Prisen vart delt ut på Det norske teatret 24. september.
Fakta om Ingunn Solheim
Fødd: 1980
Kjem frå: Førde i Sogn og Fjordane
Stilling: Politisk journalist i NRK
Anna arbeidserfaring: Nynorskpraktikant /journalist i NRK Sogn
og Fjordane, journalist i Tv2 Nyhetskanalen, Kanal 24 og Dagens
Næringsliv (sommarvikar)
Utdanning: Bachelor i statsvitskap, NTNU i Trondheim. Master i
rettsvitskap, Universitetet i Oslo.
kringkastingsprisen
tydeleg og poengtert. Og det er
viktigare for meg enn at det er
hundre prosent konsekvent, rett
nynorsk, vedgår den allereie garva
journalisten.
–Har du kjent på nokon ulemper
med å vera nynorsk-brukar?
–Nei. Av og til må eg bruke krefter
på å omsetja ord frå bokmål, men
det er jo berre gøy.
Solheim understrekar at ho trivst
svært godt i NRK. Ho skildrar
valkampen som «ei fire veker lang
sentrifuge av ein virvelvind.» Og
kvalitetane ved journalistyrket er
openberre.
–Eg synes det er utruleg kjekt å
få formidle, spørja ut, vera med å
få bestemme kva folk skal bry seg
om, konstaterer ho.
–Bidra til utvikling!
Solheim meiner det er mange
tiltak som kan gjerast for å auke
rekrutteringa av nynorsk-journalistar. Ho peikar på suksessen til
Nynorsk mediesenter og Nynorsk
avissenter, og understrekar at
språket ikkje må marknadsførast
i den vidaregåande skulen som
noko vrient og vanskeleg. I tillegg
trur ho røynde medarbeidarar i
redaksjonane kan spela ei rolle.
–Det er viktig at eldre kollegaer er
medvitne om å motivere og ikkje
arrestere, når yngre kjem inn.
Mange språkmedvitne menneske
har ein tendens til å snakke om
kva som var feil, i staden for å
bidra til vidareutvikling av ei ung
journalistspire sitt gryande språk,
meiner Solheim.
Dei rette orda
Ho set også stor pris på at det er
tilsett ny språksjef i NRK, og trur
det kan bli ei god hjelp i mange
samanhengar.
- Språket blir påverka av støykjelder. Berre det å bu i Oslo kan vera
ei ulempe. I Dagsrevyen jobbar
vi med få ord, og da må dei orda
vera gode. I ein slik situasjon er
det absolutt ei føremon med ekstra
kompetanse på språk, understrekar nyhendejournalisten.
–Trur du at du hadde du vore der
du er i dag utan nynorsken?
–Nei. Vi nynorskjournalistar skal
vera glad for at kvotane eksisterer.
Men først og fremst trur eg at eg
er der eg er i dag fordi eg er ein
samfunnsengasjert person, og så er
språket ein ekstra bonus.
Leiar i Kringkastingsringen, Inger Haarr, les opp grunngjevinga frå juryen.
Fakta om Kringkastingsprisen
Føremål: Prisen skal gå til ei røyst i eteren som utmerkar seg
med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte
bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet
Jury: Styret i Kringkastingsringen
Pris: Grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva
Prisen har blitt delt ut kvart år sidan 1978.
Utdrag frå juryen si grunngjeving:
«Ingunn Solheim er ein god representant for nynorsk i fjernsynet. Ho
brukar ein normalisert nynorsk og har ein klår uttrykksmåte som
gjer henne lett å forstå for alle. I haust har ho særleg utmerka seg
i NRK 1 sine valsendingar. Solheim er alltid vel førebudd. Ho stiller
klåre spørsmål og er ikkje redd for å gå tett på dei ho intervjuer. Ho
tar også med seg nynorsken på Twitter, der følgjarane får jamlege
oppdateringar frå arbeidet med valdekkinga i NRK.»
Kringom 2–2013 7
intervju
Takkar Framstegspartiet for å skapa lisensdebatt
–Nesten 70 prosent av lisensbetalarane synest dei får svært mykje
igjen for pengane. Eg tvilar på at
dei som betalar vegavgift, er like
nøgde, humrar kringkastingssjef
Thor Gjermund Eriksen (47) i
NRK.
Martin Toft
[email protected]
På mahognybordet på det staselege
kontoret til kringkastingssjef Thor
Gjermund Eriksen ligg den siste
omdømeundersøkinga frå analyseselskapet Ipsos MMI. Den syner
at NRK for aller første gong er det
best likte selskapet i landet.
–Eg har berre vore kringkastingssjef sidan april så denne undersøkinga kan eg skryta uhemma av.
Det er likevel ikkje eg som har æra
for det, men min forgjengar og
alle dei flotte og dyktige menneska
som arbeider her, seier han og slår
ut med hendene.
– Og dette skjer trass i at NRK har
vore ille ute å kjøra i romkvinnesaka og i ein del andre saker. Me
skal gjera det me kan for å hindra
at slike saker skal skje igjen, samtidig som me skal forsvara førsteplassen på omdømestatistikken,
lovar Eriksen.
Grorud-dialekt blei AKP-dialekt
Som ektefødd barn av Groruddalen vaks han opp med å høyra ein
annan dialekt enn klassisk riksmål
med Oslo-tone.
– Det som irriterte meg grenselaust var at dei som var aktive i
AKP M/L adopterte Grorud-målet
og gjorde det til ein proletar- eller
8 Kringom 2–2013
arbeidardialekt. Det verste var at
dei ikkje ein gong klarte å snakka
det korrekt, seier den tidlegare
SV-politikaren som melde seg ut
av Arbeidarpartiet då han slutta
som direktør i Amedia for å bli
kringkastingssjef. Eriksen er ein
ivrig forsvarar av dialektbruk i
NRK sine sendingar.
– For meg er det aller viktigaste
at det som blir sagt er klart og forståeleg, uavhengig av om det er på
dialekt eller på standard nynorsk
eller bokmål. Eg vil difor ikkje
stramma inn reglane for bruk av
dialekt verken i nyhendesendingar
eller i andre programpostar i NRK.
Noreg har ein finansminister som
les opp finanstalen på sin eigen
hedmarksdialekt i Stortinget. Det
er ingen grunn til at ikkje toleransen for dialektbruk skal vera like
romsleg i NRK som i Stortinget.
– God og klar språkbruk er ei oppgåve som den nytilsette språksjefen
Ragnhild Bjørge skal jobba med og
eg kjem til til å støtta
meg på faglege råd fra henne og
andre, fortel han.
–Viktig å gjera NRK 1 til hovudkanal
Thor Gjermund Eriksen har tidlegare både vore ansvarleg redaktør
for Dagbladet og administrerande
direktør i Amedia, den tidlegare
A-pressa.
– Eg har aldri opplevd maken til i
nteresse for min person og det eg
gjer til ei kvar tid som etter at eg
blei kringkastingssjef. Alle har ei
meining om NRK og kringkastingssjefen. Eg ser det som eit stor
privilegium å ha fått denne stil-
linga, seier han. NRK står for han
som ein bauta mellom dei statsdrivne allmennkringkastarane i
Europa. Det gir han gjerne sine
forgjengarar ein stor del av æra for.
– Då Einar Førde som kringkastingssjef tidleg bestemte at NRK 1
skulle bli den største og viktigaste
kanalen, medan NRK 2 og seinare
NRK3 skulle vera nisjekanalar,
tok han ei rett avgjerd, som etterfylgjarane hans har fylgd opp. I
NRK 1 kan du som sjåar no få både
nyhende, sport, underhaldning og
store norske og utanlandske dramaseriar. Det vil seia at den kanalen alltid har noko for nokon. Det
var også heilt rett å ta ut Barne-TV
og starta NRK-Super på NRK 3. På
den måten kunne Barne-TV bruka
ei nesten like lang sendeflate som
konkurrentane Disney Channel
og Cartoon Network. I dag ser
norske barn i langt større grad på
NRK Super sine sendingar enn på
sendingane til dei kommersielle
barnekanalane. Det var svært få
som hadde trudd at me ville klara
å demma opp for den konkurransen, men også det har NRK klart,
seier han svært stolt.
– Imponerande
– NRK Super har også klart å gå frå
å vera versting til å bli den beste i
NRK-klassen når det gjeld bruk av
nynorsk og dialektar i sendingane
sine. Kan det vera eit døme på at
det er mogleg for andre avdelingar
i NRK?
–Ja, absolutt. Er ikkje NRK Super
oppe i om lag 25 prosent nynorsk?
Javisst, og det er eit resultat av ein
medviten strategi for å nå dette
intervju
Foto: Ole Kaland/NRK
Etter hans meining er NRK den
største og viktigaste av dei statlege
allmennkringkastingane i Europa.
– NRK 1 er ein av dei mest sette
kanalane i Europa sett i samanheng med folketalet i Noreg. Over
88 prosent av innbyggjarane i
Noreg er innom kanalen i løpet
av ein dag. Ikkje mange andre
statlege allmennkringkastarar kan
presentera liknande tal. Eg trur
at ein av grunnane til at NRK har
ein slik posisjon, er at me er opne
for idear frå andre fjernsynsprodusentar utanfor våre fire veggar.
Likevel skal me halda fram meg å
laga eigne seriar som Halvbroren
som var oppe i sjåartal på over 1
million på dei
mest sette episodane. Det er nok
eit prov på at NRK er Noregs
viktigaste kultur- og medieinstitusjon.
målet. Redaksjonen bestemte seg
også tidleg for å spela inn serien
”Vaffelhjarte” på Sunnmøre på ein
dialektnær nynorsk. Det var både
viktig og rett, tykkjer han.
– Og tenk på at barneprogrammet
”Julekongen” hadde 700 000 sjåarar kvar av dei 24 dagane det gjekk
i adventstida i fjor. Det er ikkje
noko anna enn imponerande.
For kringkastingssjefen er NRKs
framtid avhengig av dei aller
yngste.
– Å klara å halda på barna som
brukarar av NRK, er eit av dei
viktigaste måla me har. Difor har
me også barneprogram tilgjengelege på nett, slik at dei kan sjå
dei når dei vil med det dei vil. Dei
barna som veks opp i dag er heilt
saumlause, dei ser barneprogramma både på Ipad, mobiltelefon, PC
eller på fjernsyn, heilt uavhengig
av klokkeslettet. Me laga i vår eit
nettbasert spel, og etter eit par
veker hadde over 180 000 barn
vore innom. Det er me svært krye
av, forsikrar han.
88 prosent ser på NRK dagleg
–Lisens er vanleg i Europa
– Korleis ser du på framtida til
NRK-lisensen?
– Eg takkar Framstegspartiet for
at det heile tida kjem med forslag
om å fjerna NRK-lisensen. Det får
alle dei andre partia frå Høgre til
SV til heile tida å presentera nye,
gode argument for kvifor det er
viktig å halda fast på lisensen. Det
er faktisk ein heilt vanleg måte å
finansiera statleg allmennkringkasting på. Dei gjer det både i
Sveits, Tyskland, Sverige, Danmark
og i Storbritannia. Ja, til og med
i det Berlusconiprega Italia blir
den statlege fjernsynskanalen RAI
finansiert av ein eigen TV-lisens. I
Noreg er det også undersøkingar
som viser at 69 prosent av lisensbetalarane er svært godt nøgde
Kringom 2–2013 9
Medlemssider
med det får igjen av programtilbod
i NRK. I Sverige er det rundt 55
prosent som seier det same. Eg
tvilar på at Statens vegvesen får
den same tilbakemeldinga frå dei
som betalar vegavgifta, som er den
einaste andre statlege avgifta som
folk må betala fordi dei har kjøpt
noko som automatisk fører til ei
eiga avgift. Så langt er eg takksam
for at det politiske fleirtalet alltid
har gitt NRK gode rammevilkår.
Også for Noregs største nasjonale
minoritetsspråk har NRK spelt ei
viktig rolle.
– For samisk språk har NRK
Sapmi vore redninga. Det har eg
samepolitikar Steinar Pedersens
ord på, seier Eriksen.
– Kva blir den største utfordringa i
åra framover?
– Digitaliseringa av radiokanalane.
For kort tid sidan var eg i Møre og
Romsdal og opna den siste senda-
ren der. Det gjer fylket til det første
digitaliserte fylket i Noreg utanom
Oslo. I andre land ville dei truleg
ha vore tilfredse om 80 prosent av
landet hadde blitt digitialisert. I
Noreg skal det vera 100 prosent.
Det vil seia at Noreg må ha 750
sendarar medan Danmark berre
treng mellom 40 og 50. Dette er
ein jobb som me skal klara, lovar
kringkastingssjef Thor Gjermund
Eriksen.
Medlemmen: Einar A. Økland (forfattar)
Vi som er krulla i ulla
sjølvreklame: Legg merke til dette!
Høyr! Høyr! Og vi høyrer, frå vi er
småbarn som ennå ikkje kan lese,
til vi er utlevde vaksne som ikkje
lenger maktar strekke ut handa og
slå snakkelyden av.
Foto: Tove K. Breistein
Enorme syntetiske mengder
munnleg språk - teknisk formidla
til oss frå fjerne avsendarar og lokalitetar vi ikkje har gjesta - kjem
året rundt inn i våre personlege
10 Kringom 2–2013
nærmiljø, anten vi er åleine der eller saman med andre. Røystene er
målretta, pågåande, innsmigrande,
lokkande, lovande, snurrige,
fortrulege. Alle er eitt med sin
I motsetnad til nært, munnleg
språk som kjem til oss frå familie,
venner, naboar, medelevar, lærarar,
folk på arbeidsplassen - personar
vi er fysisk saman med - kjem
fjernsnakket frå nokon langt unna,
ofte usynlege, stundom synlege
berre som bilde på ein skjerm.
Kven det er som snakkar kan vi
gjere oss våre meiningar om, men
vi kan ikkje prøve dei ut. Vi kan
ikkje snakke personleg med desse
som snakkar til oss på skjermen.
Dei fjerne snakkarane høyrer ikkje
på oss. Jamført med snakket og
samtalane mellom personar som
er fysisk til stades i same rom, er
det ein mangel på symmetri eller
jamvekt mellom den som snakkar
munnleg fjernspråk og den som
høyrer etter ein stad langt unna.
Det var rart om alt dette tilsnakket
Medlemssider
til alle og ein kvar, som vi mottar
frå fjerne snakkarar i høgtalarar
eller headset, ikkje rett ofte skulle
bli lagra av den einskilde lyttaren
som døme eller føredøme på korleis ein ordlegg seg: Slik snakkar
ein! Slik snakkar ein om dette
emnet! Slik bør eg snakke når eg
vil seie seie noko og få nokon til å
høyre på meg!
Kringkastingsringen er eit verneverdig språkvaktar frå ei tid då ein
trudde at snakk var noko individa
lærte tidleg av si eiga lokale mor,
på sin eigen lokale heimstad og i
sitt eige sosiale miljø. Ringen blei
til i ei tid då ein også trudde at personar som snakka frå ein opphøgd
eller fjern offentleg posisjon innan
utdanningsinstitusjonar, kyrkje og
kringkasting hadde eit offentleg
klima-ansvar ikkje berre for innhaldet i snakket sitt, men også for
den munnlege presentasjonsforma.
Snakket skulle difor vere klart
og ordlisterett. Dei som snakka
munnleg slik som ein skreiv - altså
normalisert (dialektfritt og utan
innslag frå andre målformer)- var
gode føredøme for lyttarane og
gode representantar for institusjonane. At desse normberarane samstundes snakka ein eigen sosiolekt
var tydeleg nok, men det var det
ingen som lasta dei for.
Denne klimaepoken er slutt. I dei
livsområda der munnleg norsk
held til, har det skjedd ei drastisk
klimaendring. I dag er alle dei
mange og nye typane fjernsnakk
like offentlege, medan strev etter normalisering av munnleg
språk er nesten borte. Ei liberal,
individuell blanding av dialekt,
bokmål, riksmål, nynorsk, engelsk
og flyktig slang er blitt langt meir
vanleg i lydberande media som
formidlar munnleg språk. Slik er
også tilstanden i heimar, barnehagar, skular, fritids- og jobbsamanhengar - på tvers av klasse- og
dialektgrenser.
Frå bokhylla
Olaf Almenningen
og Oddrun Grønvik
(red.)
Ord og Mål.
Festskrift til Magne
Rommetveit
kr. 80
Kan Kringkastingsringen som
språkpolitisk gjætar overvake og
påverke alt dette? Neppe meir enn
dei kan stoppe gjengroinga. Opphavleg ønskte Kringkastingsringen
å føre tilsyn med at nynorsken var
representert på ein stor nok og god
nok måte i det offenlege radiosnakket frå NRK. Dansk-norsken
var ulven. I dag er NRK-radioen
ein antikvitet som veteranbåten.
Der kan ein nok framleis høyre
nokon snakke «Oxford-nynorsk»,
men der, tilliks med dei fleste
andre offentlege snakkestader, er
målblanding det mest vanlege. Når
det gjeld språkføring, uttale, bøyingsformer og ordval, er bokmål
og nynorsk blitt like ureine. Den
gamle riksmålsulven er nærast ei
lausbikkje. Likevel beitar vi nynorske spelsauer like krulla i ulla som
før i våre idylliske reservat, og sjølv
om det hender vi spring for livet som om vi såg ulv - når vi møter
ei lausbikkje, fryktar vi ikkje
slakteriet.
Tormod Strømme og
Marit Aakre Tennø
(red.)
Med hjartet på rette
staden.
Kringkastingsringen
50 år
kr. 45
Send e-post med tinging til
[email protected]
Me dekker porto. Me er opne for å forhandla om kvantumsrabattar.
Kringom 2–2013 11
Sendar/retur:
KRINGKASTINGSRINGEN
Postboks 9161 Grønland
0134 OSLO