nynorsk»? - Noregs Mållag

Download Report

Transcript nynorsk»? - Noregs Mållag

Medlemsblad for Noregs Mållag • Nr. 2 –mars 2010
«Klypa»
– Det er ein slags rus,
og eg får ikkje nok. Eg
vert aldri lei av det,
seier Thomas Ryste.
SJÅ 14–15
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Foto: Ryste Entertainment
Språkleik
i lavvoen
SAMISK BARNEHAGE: I 24 år har den
samiske barnehagen i Oslo arbeidd for å
halde det samiske språket levande.
– Me legg stor vekt på å vere gode språklege modellar ved å seie om att omgrep,
setje ord på ting i kvardagen og leike
med språket, seier dagleg leiar Máre
Helander.
PÅ NYNORSK – Vi vil at born i nynorskområde skal bli trygge i nynorsken så tidleg
som mogleg, og at også born som veks
opp i tradisjonelle bokmålsområde, møter
nynorsken tidleg i bøker, seier Håvard
B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
BOKGÅVER: Strand Mållag har gitt
ny-norske bøker til alle barnehagane
i kommunen.
– Ein jublande respons, både fordi me gir
bøker og for at dei er på nynorsk, seier
leiar Knut Strand.
Side 6–7
ISLAND
VALDRES
STIKLESTAD
Hjetland til styret
Island vart kjemperikt, og
bankane store og private.
Vinninga blei privatisert.
Tapet blei nasjonalisert.
Mette Karlsvik har vitja
øya i vest.
– Dette er den ideen som
har vore lettast å realisere
for å hindre at elevar går
over til bokmål. Om det er
rett medisin, veit vi ikkje
enno, seier prosjektleiar
Karen Marie Kvåle Garthus.
Side 12–13
Tidlegare leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, har sagt
ja til å vere styremedlem i Noregs
Mållag.
– Eg har vore medlem i Mållaget
heile livet, men det er fyrst no eg
endeleg har tid til å engasjere meg.
Side 5
Side 16–17
Foto: Bjørn Karsrud
Målstrek for nynorsk
Foto: Ólafur Kr. Ólafsson
Samling i botn
Foto: Utdanningsforbundet
Foto: Kjartan Helleve
PROFILERER SAMISK KULTUR: Den samiske barnehagen i Oslo er
eit levande døme på korleis ein kan arbeide for språkleg mangfald,
og har som mål å profilere samisk språk og kultur. Her deler dagleg
leiar Máre Helander ut bollar og saft under den internasjonale morsFoto: Kjartan Helleve
målsdagen.
Tidsnok vil du forstå:
mor di har ikkje hjarte til svare
ffør dagen kjem då ho må.
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Utgjeven av Noregs Mållag
Tilskrift:
Postboks 474 Sentrum
0105 OSLO
Redaktør: Kjartan Helleve
[email protected], 23 00 29 32,
faks 23 00 29 31
I redaksjonen:
Magnus Bernhardsen,
Hege Lothe
Marie Takvam
leiarteigen
Heimeside: www.nm.no
PRENEZ GARDE!!!
Abonnement: 250 kroner per år
Utforming: Språksmia AS
[email protected]
What? Prene kvafornoko?
Språkrådet
rører på seg
Årsmeldinga til Noregs Mållag
har ikkje mange konkurrentar, men har no fått ein ny.
«Språkstatus 2010» heiter eit
hefte som kom frå Språkrådet
no i vinter. Det er det fyrste
av det som skal bli ei årleg
oppsummering av korleis det
står til med språket her til
lands. Som på mange måtar
er det same som kapittelet
«Målpolitiske arbeidsfelt» i
årsmeldinga vår prøver å seie
noko om.
I Mållaget har Språkrådet vore
mest kjent for meir eller
mindre vellukka forsøk på
å normere nynorsk. No er
dei i gang igjen, men denne
gongen har dei tenkt nytt,
ved å setje saman ei nemnd
som ikkje utelukkande består
av professorar og reine lingvistar.
I tillegg har Språkrådet vore til
hjelp i konkrete saker, der
deira ord har vore ekstra ammunisjon til skytset vårt. Ressursane deira har likevel vore
få, og det har vore ein akutt
fare for at klagene frå oss har
hamna bak i ein lang kø. I vinter har det nesten vore tvert
om, og Språkrådet har vore
flink til både å etterlyse fleire
klagar, og å fylgje opp dei som
har kome inn.
No vil ikkje «Språkstatus 2010»
få nokon pris korkje for form
eller for tittel. Men publikasjonen er eit av dei mest
konkrete resultata av Språkmeldinga. Der vart det understreka at Språkrådet skulle
styrkjast og at det skulle få ei
større og meir aktiv rolle.
Eit meir aktivt Språkråd er hjarteleg velkome. Det kan gjere at
me t.d. ikkje treng å ta kampane om brot på mållova om
att og om att, men heller setje
fleire krefter inn på andre
område. Det er nok å ta av.
Kjartan Helleve, redaktør
2
Teikning: Kjartan Helleve
Einfald eller fleirspråk
VERT FLEIRSPRÅKSKUNNSKAP verdsett i Noreg? – Eg er i tvil. Debatten om obligatorisk 2. framandspråk i grunnskulen er eit
døme. Konklusjonen vart at redsel – for
press på teorisvake elevar – vann over
fleirspråkskunnskap. Der andre europeiske land sidan 2002 har hatt opplæring
i to eller fleire framandspråk frå tidleg
alder som eit klårt mål, og dei fleste har
innført det, kan ein i Noreg framleis velje
bort det andre framandspråket i skulen.
På statistikk over kor mange framandspråk kvar elev i gjennomsnitt lærer i dei
ulike EU/EØS-landa, er Noreg midt på
treet for ungdomsskulen, og i dårlegaste
halvdel for vidaregåande skule. Både for
ungdomsskule og vidaregåande skule er
Noreg dårlegast i Norden, med god margin.
Det manglar verdsetjing av fleirspråkskunnskap i Noreg. Språklæring vert oftare
sedd på som ei byrde enn ein verdi. Tysk
i skulen vert til dømes assosiert einsidig
med pugg og grammatiske vanskar, og lite
eller inkje med gleda ved å kunne kommunisere med nokon av dei 185 millionane som snakkar tysk.
VERDSET VI INNVANDRARAR sin fleirspråkskunnskap? I offentlege ordskifte om
morsmåls- og norskopplæring høyrer
ein oftast argument baserte på «ballongteorien». Denne tilnærminga, der ein trur
at kunnskap i ulike språk «kjempar om
plassen» i hovudet, ligg til grunn når ein
er redd for at kunnskap i morsmål skal
redusere språklæring i norsk. Røynda er at
auka kunnskap i eit språk gjer det lettare
å lære andre språk. Og skriftleg kunnskap
i morsmålet, det språket ein tenkjer på,
gjer det mykje lettare å tileigne seg andre
skriftspråk. Når politikarar vil kutte mors-
Håvard B. Øvregård, leiar
målsopplæring for at elevane skal lære
betre norsk, tenkjer eg på småguten som
pissa i buksa for å verte varm.
Eigenverdien av dei såkalla «innvandrarspråka» vert også undergraven når få
eller ingen set fokus på den store styrken
det er at ein aukande del av folket i Noreg
kan fleire språk. For kvart språk har ein
eigenverdi. Språk er ikkje berre eit kommunikasjonsmiddel, kvart språk er eit
kulturuttrykk, ein del av verdsarven, eit
grunnlag for tenking, utvikling og «sjølve
livet». Kvart språk du kan, gjev deg innsikt
i ei heil verd av tankar, idear, historie og
kunnskap. Men kvart språk du kan, gjev
deg òg meir innsikt i deg sjølv. Kunnskap i
eit nytt språk kan lett gjere deg til eit betre
menneske.
MEIR HANDFAST, SÅ GJER KUNNSKAP i eit anna
språk deg i stand til å kommunisere med
mange fleire. Det er ikkje for inkje at
krigstrøytte intellektuelle på slutten av
1800-talet ville «redde verda» gjennom å
lage nye språk som skulle vere lette å lære
for menneske i alle kulturar. Volapük og
esperanto var slike verdsfredsprosjekt. No
er draumen om det eine store verdsspråket bytt ut med verdsetjing av fleirspråkskunnskap. Språklæringsfokuset i EU er
mellom anna basert på dette. Gjennom
kunnskap med læring og bruk av fleire
framandspråk, vert du også betre i stand
til å møte og forstå dei du ikkje har felles
språk med. Du betrar evna til å setje deg
inn i andre sin situasjon, evna til ikkje alltid å vere deg sjølv god nok.
Og i desse «Hjernevask»-tider er det
verdt å merke seg kor viktig språklæring
er for kognitiv utvikling, for best mogeleg
bruk og utvikling av hjernen. Forenkla kan
ein seie at læring av fleire språk gjev fleire
«kontaktar» i hjernen, og betre utvikla
hjernekapasitet.
FLEIRSPRÅKSKUNNSKAP PÅVERKAR handelsbalanse og nasjonalprodukt. For språk er
også marknadsmakt og marknadsevner.
Di større fleirspråkskunnskap i Noreg, di
større potensiale har norsk næringsliv.
På område etter område er det altså klart
at fleirspråkkunnskap har ein eigenverdi
ein ikkje kan nå på annan måte. Likevel
vert møtet med eit nytt språk heller sett på
som ei byrde enn eit høve. Dette kjenner
vi att i sidemålssynet mange i Noreg har.
Hadde verdsetjing av fleirspråkskunnskap
vore utbreidd i Noreg, så hadde ein òg hatt
ei meir positiv haldning til å lære både
nynorsk og bokmål. Dagens sidemålsnegativisme er grunna i språkleg trongsyn.
I NOREG ER VI HELDIGE, som kan lære to
skriftspråk i tidleg alder. Den spesielle
språksituasjonen i landet er ein styrke.
Om vi berre klarar å sjå forbi sneversynet
slik at vi fattar verdien. Europarådet sin
rapport om språklæring i Noreg oppsummerer det slik:
«there exists in Norway a rich potential
for the development of policies which promote plurilingualism in individuals because, although they are largely not aware
of it and value it little, Norwegians are
plurilingual already.»
Valet mellom einfald og fleirspråk bør
vere enkelt.
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
Heidrar hardingfela med festival
Felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa og far hans, Lars Osa, måtte kjempa for å
få respekt for hardingfela og folkemusikken. No får hardingfela sin eigen
festival i Ulvik. 1.– 3. mai går festivalen «Harding Folk» av stabelen for
første gong. Tidspunktet er ikkje tilfeldig. 3. mai er det 100 år sidan
Sigbjørn Bernhoft Osa blei fødd på Hakestad i Ulvik, og 13. august er det
150 år sidan far hans, kunstmålaren og spelemannen Lars Osa blei fødd i same
bygda. (NPK)
folk
– Nettavisa blir ein møtestad
Med prosjektleiar på
plass er den nynorske
nettavisa Ung til sinns –
på nett komen eit steg
vidare.
ein særskild måte av di unge er
målgruppa. Det handlar meir om
tema, og særleg det som handlar om framtida for dei unge, t.d.
innan skule, næringsliv, teknologi
og kultur. Utviklinga i samfunnet
gjer at generasjon blir ei viktigare
skiljelinje. Anten det er snakk om
klima, velferdsstaten eller kva ein
skal leve av i framtida, er det forskjellar på interessene til generasjonane. Då er det òg viktig å ha
ein arena som tek perspektivet
til dei unge og lèt dei bidra sjølve
med meiningane sine.
– Men kvifor ikkje berre lese
om desse sakene på sidene som alt
finst?
Den planlagde nettavisa skal sikre
at nynorskbrukarar får eit betre
tilbod på Internett, og ho vil ha
hovudvekt på regionale nyhendesaker og kulturstoff for og av
ungdom. Nettavisa er eit samarbeid mellom LNK, Nasjonalt
Garborgsenter (Jærmuseet), Magasinett, Pirion, ABC Startsida og
Kulturdepartementet. I tillegg er
Landslaget for lokalaviser (LLA)
med på laget, og ti av medlemsavisene skal levere stoff til nettsida.
1. mars byrja Svein Olav Langåker i stillinga som prosjektleiar.
Etter seks år i avisa Sunnhordland, tek han med seg familien og
flyttar til Oslo. Dei tre siste åra har
han bygd opp nettsidene til avisa
til å bli mellom dei mest lesne nynorske nettavisene.
– Sunnhordland kom seint i
gang med satsing på nett, men
når me fyrst kom i gang, så gjorde
me det skikkeleg og bygde opp alt
frå grunnen av.
– Det høyrest ut som arbeidet
du skal i gang med no?
– Skilnaden er målgruppa.
Sunnhordland er jo ei allmenn
avis som har alle i dekningsområdet sitt som målgruppe, frå dei
som nett har lært seg å lese, til dei
som nett har slutta. Ung til sinns
skal ha eit nasjonalt nedslagsfelt
og ha ei meir definert målgruppe.
– Som er?
Må gjere seg attraktive
– Utgangspunktet for prosjektet
er jo definert til at ungdom skal
finne aktuelt nynorsk nyhendestoff på nettet. Det er likevel berre
eit utgangspunkt. No har me fått
økonomisk stønad frå Kulturdepartementet, og håpar å få det i to
år til. Etter det skal nettsida skal
gå rundt av seg sjølv og få inntekter frå annonsørar. For å vere attraktiv må me ha ein stor del av ei
relevant målgruppe. Så no i byrjinga arbeider me med å finne ut
korleis me skal leggje opp løpet.
– Ungdom blir det i alle fall.
– Det blir det.
– Det har vore fleire forsøk på
å lage ei slik nettavis før, utan å få
auge på nokon openberr suksess.
Det blir vel ikkje så enkelt å lukkast?
– Det er vel ingen som trur
det kjem til å bli enkelt, men det
er fleire grunnar til at eg har stor
tru på dette prosjektet. For det
fyrste er det ei samansett gruppe
som står bak, og ikkje ein enkelt
aktør. I botnen ligg eit mål om at
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
Foto: Jørgen Lyngvær
intervjuet
Pris til Maria Parr
Maria Parr fekk Kritikarprisen
for Tonje Glimmerdal i kategorien
beste barne- og ungdomsbok.
«Parr framstår som en moden og
kompetent forfatter. Både språk
og illustrasjoner sprudler av oppfinnsomhet,» seier juryen. Parr har
tidlegare vunne Brageprisen og
Teskjekjerringprisen, i tillegg til å
bli nominert til Bokhandlarprisen.
SAMARBEID: – Samarbeidet med lokalavisene vil gje oss fleire treff enn om
me hadde vore ei sjølvstendig nettside, seier Svein Olav Langåker, som skal
leie Ung til sinns, ei nynorsk nettsatsing for ungdom.
Foto:Kjartan Helleve
ungdom skal engasjere seg meir.
Garborgsenteret har sitt Mot til
å meina, og LLA har sitt Ung og
engasjert, som er støtta av Kommunaldepartementet. Samarbeidet med lokalavisene vil gje oss
fleire treff enn om me hadde vore
ei sjølvstendig nettside.
For det andre er Startsida mellom dei mest populære nettsidene i landet, og dei sit med gode
erfaringar både redaksjonelt og
teknisk. Difor har eg stor tru på at
me skal kunne lukkast.
Artiklar frå lokalaviser
– Vil du få ein eigen redaksjon?
– Eg kjem nok til å skrive litt
sjølv, men for det meste vil det
vere stoff frå både Dag og Tid og
fleire lokalaviser. LLA spurde dei
største medlemsavisene sine om
dei ville vere med, så no skal me
få stoff frå m.a. Sunnhordland,
SVEIN OLAV LANGÅKER
◆ Nytilsett prosjektleiar for Ung til
sinns – på nett, ei nynorsk nettavis for ungdom
◆ Kjem frå stillinga som nettansvarleg i avisa Sunnhordland
Hordaland, Dalane Tidende og
Hallingdølen.
– Skal du tinge stoff av desse
avisene?
– Nei, det er dei sjølve som avgjer kva stoff som skal vere med.
Eg vil jo sjølvsagt kome med ynske, til dømes at sakene skal vere
gode grunnlag for debatt.
– Kva er ei typisk ungdomssak?
– Eg trur at ungdom ikkje har
lyst til å bli definert som ungdom.
Eg trur det er dumt å skrive på
– Det er då eg meiner engasjement er viktig, og at nettavisa blir
ein møtestad. Ein skal kunne bli
engasjert og få høve til å dele det
med andre. Anten som kommentarar til artiklar eller i eigne forum
for ordskifte.
– Om eg ikkje tek heilt feil, så
finst det vel nokre slike sider på
nettet frå før?
– Ikkje med ei slik blanding
av nyhende og brukarinvolvering
som me ser for oss. Det blir ikkje
nyhende om Britney Spears på
nynorsk. Det skal vere skikkelege
nyhendesaker. Det er ein profil
ABC Nyheter har lagt seg på, og
det er nok meir i den retninga me
kjem til å gå.
– Kvifor skal lokalstoff vere interessant for eit nasjonalt publikum?
– Det finst saker som er relevante. Hallingdølen hadde seinast
i dag ei sak om talet på skadar i dei
fem største alpinanlegga i Noreg.
Det er eit døme på ei sak som me
kunne hatt. Når lokalavisene no
er komne på nett, så gjev det eit
høve til å tenkje nasjonalt når dei
skriv visse saker. Ei lokalavis kan
no tenkje at i kvart nummer, eller éin gong i veka skal det vere
ei sak som kan slå gjennom i det
nasjonale mediebiletet. Dei er jo
òg interesserte i trafikk på nettsidene sine, og om ein greier å lage
ei sak som det blir lenkja til frå andre større nettaviser, så får ein ein
markant auke i tal på treff.
– Når er sidene klare for publisering?
– Så fort som råd er. Det er mykje som skal på plass, ikkje minst
teknisk.
– Er Ung til sinns – på nett eit
namn de vil halde på?
– Tja, nei, det tviler eg vel litt
på.
Foto: Aasne Haugeplass
Skal engasjere
Målpris til
Bergljot K. Nordal
Bergljot Kaslegard Nordal frå Ål
har fått målpris frå Buskerud Mållag for romandebuten Magda.
– Eg vart veldig overraska og
lo godt og lenge. Det har vore
vanskeleg å finne målet mitt. Eg
er framleis på leit etter meg sjølv
i nynorsken, seier Bergljot Kaslegard Nordal.
Målpris til
Øyvind H. Solheim
Odda Mållag har gitt Målprisen
2009 til Øyvind H. Solheim.
Han har skrive romanar, noveller,
dikt, lærebøker og ei rad artiklar
og kronikkar. Årsmøtet meinte
at Øyvind H. Solheim er ein god
representant for utflytte oddingar
som held på nynorsken. Prisen er
eit trykk av biletkunstnar Solfrid
Aksnes, «Bokstavflygarar».
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
3
Koordinerer språket
Gabriel Fliflet og Valkyrien Allstars til Festspela
Norden har fått sin aller fyrste språkkoordinator. Ho er norsk og heiter Bodil
Aurstad, og har så vidt fått varma stolen
på sitt nye kontor i København.
Stillinga er oppretta av Nordisk
ministerråd, og omfattar Noreg, Sverige,
Danmark, Finland, Island, Grønland og
Færøyane. (NRK)
Programmet for Dei nynorske festspela 2010 er i ferd med å falle på
plass. Det blir fire dagar tettpakka
med kultur, frå torsdag 24. juni til
søndag 27. juni.
Det blir høve til å oppleve verket
«Åresong», som er Gabriel Fliflet
sin musikk til songtekstar av Jon
Fosse frå boka Songar. Trekkspelaren Fliflet er kjend for si smittande
speleglede og stemningsfulle
konsertar, og han har med seg eit
topplag av norske musikarar; Per
Jørgensen (song og trompet),
Benedicte Maurseth (song og hardingfele), Kristoffer Vogt (song og
kontrabass) og Stein Urheim (song
og strengeinstrument).
Sjelfull og sterk vokal akkompagnert av feleriff og kollektiv
improvisasjon ventar når Valkyrien
Allstars entrar utescena i Ivar
Aasen-tunet. Musikken deira har
rot i det norske tradisjonsmiljøet,
målnytt
Endeleg får
legane prate
nynorsk
Nasjonal IKT har no sett i gang
arbeidet med å utvikle programvare som skjønar nynorsk.
Helseføretaka har innført digital taleattkjenning for legane
på sjukehusa. Det vil seie at datamaskina kan skrive ned det som
legane dikterer. Til no har denne
taleattkjenninga berre «forstått»
bokmål, og teksten har også blitt
skriven ut på bokmål. Dette har
skapt mykje frustrasjon, og mellom andre Medisinsk Mållag har
påpeika at programmet må kome
på nynorsk.
Nasjonal IKT, som er det sentrale organet for helseføretaka,
starta i fjor eit forprosjekt for å
sjå på ulike sider ved denne problemstillinga. Konklusjonen er
at «sykehusene plikter å tilby nynorsk talegjenkjenning til ansatte
med nynorsk som hovedmål».
– Dette er ei teknologisk utvikling som det er viktig at nynorsken er ein del av. Og for oss
er det ein siger at det vert gjort så
klårt at sjukehusa har ei plikt på
seg til å tilby taleattkjenning på
nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
– Eg vil likevel gjere det klart
at helseføretaka burde sett i gang
utviklinga av nynorskprogrammet samtidig med bokmålsversjonen. Eg vil tru det hadde blitt
mykje rimelegare og raskare for
helseføretaka, seier Øvregård.
HEGE LOTHE
[email protected]
Må etablera seg
på bokmål
Skal ein ta etablerarprøve som styrar
eller dagleg leiar av ei verksemd med
serveringsløyve, må ein gjera det
på bokmål. Næringsdepartementet
«arbeider med saka».
Alle som skal etablera seg med
handels- og tenesteverksemd, må
gjennom ei etableringsprøve, utarbeidd av Nærings- og handelsdepartementet. Denne prøva har no kome
i ny utgåve, men ingen tenkte på at
det hadde vore naturleg å ha henne i
ein nynorsk versjon.
Helse- og sosialleiar Harald G.
Johnsen i Ulvik kommune stilte difor
to enkle spørsmål til departementet.
Det eine var om det fanst konkrete
planar for ei nynorsk prøve, og om
det var høve til å nytta den gamle
prøva om nokon kravde å ta ho på
nynorsk.
Svaret var negativt. Avdelingsdirektør Tom Hugo-Sørensen kunne
«stadfesta at departementet arbeider med saka, men at ei nynorsk
prøve førebels ikkje er på plass.» Det
var heller ikkje aktuelt å bruka den
gamle prøva. Til det var forbetringane i den nye såpass bra, at det var
uaktuelt å gjera unntak.
Kjartan Helleve
4
Arbeider for ein
livskraftig fjordveg
dersom me ikkje hadde hatt eit
samarbeid, slår han fast til LNK
Nytt.
Samarbeidskonferansen Vegen vidare i Balestrand 8. og 9. april
skal leggja føringane
for det vidare arbeidet
med å utvikla Rv 13
som livsnerve på Vestlandet.
Fjordvegen
I/S Fjordvegen Rv 13 er eit interesseselskap for den viktige
indre samferdselsåra på Vestlandet som går gjennom dei 3 fylka
Rogaland, Hordaland og Sogn og
Fjordane, og er innom 16 kommunar. Strekninga er på om lag
540 km. I/S Fjordvegen har som
føremål å styrkja den viktige indre samferdsleåra på Vestlandet,
og arbeider for at heile strekninga skal rustast opp til å bli ein
god og sikker livsnerve for kommunane, næringslivet, og den
enkelte innbyggjar i regionen
vegen passerer. Kommunane,
fylkeskommunane og representantar for organisasjons- og næringslivet står bak.
– Det er slik at kommunane
langs kysten har vekst, medan
dei langs den indre vegen slit.
Me må lyfta kvarandre fram og
hjelpa kvarandre. Me er gode
saman, seier prosjektleiar i Diktarvegen, Marny Skeie Henkel til
LNK Nytt.
Fjordvegen er samferdsleåra
som går frå Jæren gjennom Ryfylke, Hardanger, Sogn og Fjordane og til Sunnfjord. I/S Fjordvegen og prosjektet Diktarvegen
ynskjer å etablera Fjordvegen
som ein spennande møteplass
der ulike grupper kan møtast
«på tvers» for å setja fokus på
utvikling av kommunikasjonar,
kultur, nærings- og reiseliv.
Diktarvegen
Konferanse
8. og 9. april blir det skipa til ein
konferanse der ein skal sjå på
korleis ein kan styrkja og utvikla
dette arbeidet. Dit kjem mellom andre samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa
(Sp), forfattarane Frode Grytten
og Olaug Nilssen, vegsjef Olav
Ellevset i Region Vest, Marit
Eikemo frå litteratursymposiet
i Odda og professor Frank H.
Aarebrot.
– Målet med konferansen
me no skal ha, må vera å få ei
betre samhandling mellom regionane. Me må få opp den velkjende entusiasmen langs heile
strekninga, meiner prosjektleiar
i Fjordvegen, Harald H. Løland,
og viser til at Nasjonal transportplan som vart lagd fram sommaren 2009, var eit lyspunkt for
vegstrekninga.
– Rv. 13 fekk behalda riksvegstatusen på stort sett heile strekninga. Det hadde me ikkje klart
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Nasjonalt Garborgsenter, Rasmus
Løland-markeringa 2007-2011,
Olav H. Hauge-stiftinga, Sivlelaget og Jakob Sande-stiftinga
står bak styringsgruppa til Diktarvegen. Ryggrada i Diktarvegprosjektet er forfattarane som
vart fødde og/eller budde nær
der vegen går i dag. Målet er å
bruka denne grunnmuren til å
samla det breie kulturutrykket
regionane har utvikla gjennom
generasjonar. Det er også meininga at litteraturprosjektet skal
spela ei viktig rolle i kommunane
sine strategiar for omdømmebygging og næringsutvikling,
samt at ein håpar å skaffa fleire
reisande langs Nasjonale Turistvegar.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
Språkrådet dokumenterer språktilstanden
Språkrådet skal frå no av lage ein
årleg rapport for Kulturdepartementet med dokumentasjon frå
ulike språkpolitiske område.
Tre av fire statsorgan bryt
mållova. Dette kjem fram i
rapporten «Språkstatus 2010.
Kunnskap frå elleve språkpolitiske område», som Språkrådet
legg fram på oppdrag frå Kulturdepartementet.
– Auka kunnskap om språkbruk og språkhaldningar gjev eit
betre grunnlag for å setje i verk
tiltak for å styrkje statusen til
norsk språk, seier Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet.
Spørjeundersøkingar
Samstundes som eit stort fleirtal
meiner at det er viktig å ta vare
på det norske språket, meiner éin
av to at det ofte er mykje enklare
å nytte engelske ord og uttrykk.
Seks av ti bedriftsleiarar meiner
at berre norsk bør nyttast i reklame og marknadsføring i Noreg, viser undersøkingar som blir
omtalte i «Språkstatus 2010».
I rapporten går det fram at
talet på nynorskelevar i skulen
er temmeleg stabilt i somme delar av landet, men har gått ned
i andre område. Talet har gått
litt opp i Sogn og Fjordane, litt
ned i Oppland og markert ned
i Buskerud og Telemark sidan
2005. Det blir påpeika at det er
forska lite på årsakene til at ein
del elevar byter frå nynorsk til
bokmål.
Årleg rapport
Språkrådet skal frå no av lage ein
årleg rapport for Kulturdepartementet med dokumentasjon
frå ulike språkpolitiske område.
«Språkstatus 2010» er den første
rapporten.
Dei årlege rapportane frå
Språkrådet skal danne grunnlaget for ei stortingsmelding om
språktilstanden i Noreg frå Kulturdepartementet kvart fjerde år.
(Pressemelding)
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
OTTAR GREPSTAD er direktør for Nynorsk kultursentrum
men dei eksperimenterer og
blandar stilar og sjangrar, og
har på den måten utvikla sitt
eige lydbilete. Tekstane er til
dels henta frå kjende forfattarar, som Olav H. Hauge,
Arne Garborg og Halldis Moren Vesaas.
Forfattaren Rønnaug
Kleiva er festspeldiktar.
Steinar Albrigtsen opnar
Festspela med konserten
«Dobbelt norsk» i lag med
vokalist og gitarist Monika
Nordli.
(Pressemelding)
kommentar
Salet av læremiddel frå profesjonelle forlag stuper.
Fylkeskommunane lagar sine eigne læremiddel, men
anar ikkje kva dei held på med.
LÆREMIDDELSKANDALEN
SEIER JA: Helga Hjetland har vore medlem av Noregs Mållag heile livet, og har no endeleg tid
til å engasjere seg.
Foto: Utdanningsforbundet
Hjetland seier ja
Øvregård tek attval, og Helga
Hjetland går inn i styret i
Noregs Mållag
Håvard B. Øvregård har sagt ja til attval
som leiar i Noregs Mållag. Han er 34 år,
bur i Oslo, og kjem frå Bjørkedal i Volda.
– Eg vil prioritere å få fram forsking på
målbyte frå nynorsk til bokmål i skulen,
seier Håvard B. Øvregård.
Engasjert
Framlegget til nytt styre er spennande.
Det er mellom anna klart at tidlegare
leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, har sagt ja til å vere styrekandidat.
– Eg har vore medlem i Mållaget heile
livet, men det er fyrst no eg endeleg har
tid til å engasjere meg. Eg har arbeidd
mykje med barn og unge i skulen, og ser
kor viktig det er å gjere både dei unge og
dei vaksne i skulen medvitne og stolte av
språket sitt, seier Helga Hjetland.
– I Utdanningsforbundet har eg arbeidd mykje med retten til morsmålsundervisning, for meg handlar målsak også
om dette, seier Helga Hjetland.
Yngst
Jens Kihl stiller til nestleiarvervet. Med
sine 24 år er han ein av dei yngste nest-
SEIER JA: Håvard B. Øvregård (t.v) tek attval,
medan Jens Kihl stiller til nestleiarvervet.
leiarane i Mållaget nokon gong. Jens Kihl
er tidlegare leiar i Norsk Målungdom og
kjem frå Oslo.
Det nye styret vert valt på landsmøtet i Noregs Mållag på Stiklestad helga
16.–18. april 2010. Dette er innstillinga til
nytt styre:
Håvard B. Øvregård, leiar (Oslo), Jens
Kihl, nestleiar (Oslo), Helga Hjetland
(Høyanger), Bente Riise (Oslo), Aud Søyland (Valdres) og Jon Todal (Kautokeino/
Guovdageainnu). Fast møtande 1. vara:
Terje Kjøde (Ørsta), 2. vara: Olav Kuvås (Skaun), 3. vara: Marit Aakre Tennø
(Luster) og 4. vara: Reza Rezaee (Oslo).
Norsk Målungdom vel sin representant
til styret på deira landsmøte i Ørsta 19.21. mars 2010.
NOKRE AV KONKLUSJONANE I «SPRÅKSTATUS 2010»
◆ Noreg manglar gjennomarbeidde definisjonsordbøker til skulebruk.
◆ Nordmenn er positive til normering av
skriftspråket.
◆ Ordlister og skulebøker har varierande
språkleg kvalitet.
◆ Nye lesebøker gjev elevar i ungdomsskulen mindre høve til å lese nynorsk.
◆ Vidaregåande skule gjev minimalt med
undervising i nordiske nabospråk.
◆ Det er ikkje mogleg å ta mastergrad i
fagomsetjing i Noreg.
◆ Færre standardar er omsette til norsk.
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
◆ Populærmusikk med norsk tekst har fått
høgare status.
◆ I næringslivet blir engelsk særleg brukt i
formelle samanhengar og i ekstern kommunikasjon.
◆ Norsk er brukt i éin av ti doktorgradsavhandlingar og i tre fjerdedelar av mastergradsundervisinga.
◆ Norsk er det faget der elevar på alle trinn i
skulen bruker datamaskin mest.
◆ Det finst ikkje god statistikk over kor
mange som har eit innvandrarspråk som
morsmål.
Den tok til i optimistiske former 23. juni
2006. Nokon hadde fått ein lys idé. Fylkeskommunane eig dei offentlege vidaregåande skulane og tilset lærarane som underviser der. Kva om skuleeigarane utvida
verksemda si og laga sine eigne læremiddel også? Då ville ringen vere slutta: Ein og
same offentlege instans eig og styrer alt,
frå læremiddel til murpuss. Ideen som tok
fyr den jonsokaftan, fekk namnet Nasjonal
digital læringsarena (NDLA). Eit gråare
og meir uskuldig namn kunne eit felles
fylkeskommunalt forlag for digitale læremiddel knapt få. I august 2008 publiserte
NDLA dei første læremidla sine.
I den norske bokbransjen har konkurranse mellom profesjonelle lærebokprodusentar vore den økonomiske
sentralnerven. Fortenesta på læremiddel
har gjort det mogleg for forlaga å satse
breitt på utgivingar i mange sjangrar for
allmennmarknaden. I 2005 endra regjeringa Bondevik konkurransevilkåra for
den norske bokbransjen. Den avtalen er
framleis utstyrt med nokså klare og overordna kulturpolitiske mål. Konkurransen
er hardare enn nokon gong. Marginane er
under sterkt press.
Frå og med hausten 2009 kjøper det
offentlege inn læremiddel til elevane like
frå 1. klasse i grunnskulen til avgangsklassen i vidaregåande skule. Læremidla
blir no lånte ut til elevane, som går ut av
skulen utan så mykje som ei eiga lærebok
til minne. Det inneber at læremidla blir
brukte i fleire år av jamt nye elevkull. Salet
av læremiddel og ordbøker stuper.
Det får meir å seie for bokutvalet på allmennmarknaden enn endringane i 2005.
Forlaga må ut på jakt etter nye inntektskjelder. Ingen treng ha illusjonar om at det
betyr fleire resonnerande og argumenterande skrifter. I staden risikerer vi fleire
bøker om det vi trudde var så uviktig at
det ikkje kunne halde til ei heil bok. Publikum får jamt færre grunnar til å oppsøkje
ein bokhandel. Offentlege læremiddelinnkjøp har sentralisert læremiddelomsetninga slik at nokre få bokhandlar sel det
meste. Då blir det endå vanskelegare for
forlaga å finne bokhandlar som har råd til
å satse på anna enn det sikre og dermed
likegyldige.
Er det verkeleg så ille? Nei, det er verre.
Medan forlagsbransjen kivar om ein
lønsam standard for e-bøker i Noreg, har
alle fylkeskommunane utanom Oslo gjort
kort prosess og innført gratis læremiddel
på Internett. Det er fylkeskommunane
som eig dei offentlege vidaregåande skulane. Kvart år betaler staten fleire hundre
millionar kr til fylkeskommunane for
at elevane ved desse skulane skal få dei
læremidla som trengst. Nokre av desse
millionane bruker fylkeskommunane i sta-
den til sitt eige fellesforlag. Prinsipplause
politikarar i minst eitt fylke har jamvel
vedteke at skulane pliktar å bruke nokre av
desse digitale læremidla. Viss skulane let
vere, får dei ikkje pengar til å kjøpe andre
læremiddel. Lærarane misser det pedagogiske sjølvstendet og marknaden for profesjonell læremiddelproduksjon skrumpar
endå meir.
Fylkespolitikarar frå SV til Høgre
har vore med og etablert eit offentleg
læremiddelforlag. Landet rundt sit utdanningsdirektørane og sender kvart
eit komma av ansvar over til deira eige
føretak NDLA. Der er om lag 50 redaksjonelle medarbeidarar i sving – lærarar og
fylkesbyråkratar, og nokre omsetjarar som
ikkje kan norsk. Leiinga i NDLA vil ikkje
vere med på at det er eit forlag dei driv.
NDLA er då berre eit interkommunalt
føretak, seier dei. Den sjølvforståinga seier
alt om kor lite dette skulemiljøet veit om
publisistikk.
Det skal då heller ikkje desse vite så
mykje om. Fylkeskommunane skal tvert
imot stille krav til at profesjonelle forlag
utviklar så gode læremiddel at lærarane
får det vanskeleg når dei skal velje det dei
meiner er best. I staden stiller no fylkeskommunane krav som dei sjølve både skal
oppfylle, betale og kontrollere.
Fylkeskommunane veit lite, trur mykje
og håpar det beste. Så ivrige er dei etter å
spare nokre kroner at dei med opne auga
jamvel ser bort frå elementære kvalitetskrav. NDLA publiserer heilt sikkert mykje
fagstoff som er bra. Problemet er at dei
leikar forlag. Først publiserer dei fagstoff
som er uferdig. Så publiserer dei det same
fagstoffet i ny og redaksjonelt godkjend
versjon. Etterpå oppdagar ikkje dei, men
publikum, at somt av dette er språkleg
hjelpelaust. Onsdag fjerna NDLA difor det
digitale læremidlet i kroppsøving som dei
hadde rekna seg ferdig med 1. august i fjor.
Også profesjonelle forlag kan gjere
dårleg arbeid. Skilnaden er at NDLA har
brukt offentlege midlar til å lage fleire
læremiddel som ikkje kan brukast. NDLA
har kome ut av kontroll. Før dette året er
omme, har NDLA brukt meir enn 100
millionar statskroner. Dei pengane har i
røynda kome frå kunnskapsministeren.
Midlane har gått til eit tiltak som kan redusere den breidda av bøker kulturministeren helst vil utvide. No må nokon snakke
saman før dei seier meir om kvaliteten i
skulen og mangfaldet i litteraturen.
OTTAR GREPSTAD
Dagens Næringsliv 5.2.2010. Prenta med
løyve frå Dagens Næringsliv og forfattaren,
som er fast kulturkommentator i avisa.
5
kleiva
Anna Kleiva
Då eg møtte
Anne
(nakken din er mjuk
som eit hardkokt egg)
Klokka ni for nokre veker sidan gjekk eg mine
vanlege 250 meter frå heimen1 til heimen2. Heimen2 er eit varmt, summande
bibliotek, dit eg går kvar vekedag for å lese
pensum. Heimen2 står spesielt høgt i kurs
fordi alle bøker pensumtekstene mine
refererer til, eller andre bøker eg no måtte
begynne å tenkje på, fins tilgjengeleg der.
Eg let meg distrahere av dette, eg tek gåturar inn i dei heilt stille delane av biblioteket
kanskje annankvar dag; men det er ein fin
type distraksjon, ein opplysande.
Denne dagen for nokre veker sidan i
heimen2, det var sikkert snø ute. Eg hadde
nokre pocketbøker og kompendium i
ryggsekken. Den eine pocketboka heitte
Transformations, og eg skulle lese henne
fordi forfattaren skriv om Lille Rødhette i
denne boka. Vi las om Lille Rødhette heile
den månaden.
Transformations møtte meg slik: forfattaren,
Anne Sexton, sitt blikk rett på meg frå bokomslaget. Inni boka 17 dikt, med tilhøyrande illustrasjonar, om kjende eventyrfigurar. Illustrasjonane gjorde meg svært,
svært skeptisk. Men Anne Sexton sitt blikk
låg der og stirte på meg. Og uansett var
boka på pensum, eg måtte lese.
Eg las og gjekk ingen turar til dei stille
delane av biblioteket. Eg las og streka under med blyant. «Spikeren på hovudet!»
ville eg rope (men heldt fram med å streke
under i staden). Anne Sexton var fantastisk! Og ho var det i kraft av metaforane og
similene sine. Dei slo mot meg frå boksida,
trefte meg i hovudet som kullsyre (eller
kanskje som alkohol). Eg har aldri lese så
sære samanlikningar før. Og likevel var dei
heilt presise, fekk meg til å tenkje «ja Anne,
akkurat slik er det». I tillegg var dei frekke;
morosame og forferdelege på same tid, litt
slik Sylvia Plath kunne vere (og jada, dei
tok begge livet av seg).
Anne Sexton skreiv at Snøkvit hadde «cheeks
as fragile as cigarette paper», og då ho fann
huset til dvergane, «those little hot-dogs»,
var det «droll as a honeymoon cottage».
Ho samanlikna ei veksande plante med
rørslene til dansaren Isadora Duncan.
Trollmannen si attrå etter Piken uten
hender: «He wanted to lap/her up like
strawberry preserve». Eventyra var ikkje
lenger idylliske. Anne Sexton stakk i dei,
men stakk ikkje hol på dei. Då turen kom
til Tornerose, var stikkinga gått over i skjering; handlinga spann vidare til ein langt
dystrare slutt – både på eventyret og boka
Transformations. Tornerose «eats betrayal
like a slice of meat».
Framandgjering, skreiv Sjklovskij. Det kjende
blir skildra gjennom noko framandt, og slik
kan vi igjen sjå det kjende med nytt blikk.
Då eg las Anne Sexton sine framande
samanstillingar av ord, den snødagen i
heimen2, sat eg heile tida med kjensla av
gjenkjenning. Som om eg ein gong hadde
visst kva ein nakke skulle samanliknast
med, men sidan gløymt det. I så fall er eg
glad Anne minte meg på det.
«Your neck as smooth/as a hard-boiled egg».
6
Der språkoppl
Det er råd å arbeide med
ulike språk i barnehagen
utan å bli stressa. Den
samiske barnehagen i Oslo
er eit godt døme på det.
Det er pynta til fest i den samiske barnehagen i Oslo. Det er Samefolkets dag
og samlingsrommet er fylt opp av ungar,
foreldre, tilsette, slekt, venner og andre
gjester. Samefolkets dag har blitt feira
sidan 1993, og i dag er heidersgjestene
fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud og politisk rådgjevar Torbjørn Blattman.
– Velkomen!
– Bures boahtin!
På ein stol står dagleg leiar Máre
Helander og ynskjer alle hjarteleg velkomne, medan pedagogisk leiar Ida
Varsi omset det ho seier til samisk. Det
er velvalde ord med ynske om at barnehagen skal vere ein oase i byen, og at
stadig fleire skal kjenne til den samiske
kulturen i året som kjem.
Dei tek berre fyrste verset av «Samefolkets song». Han er noko tung å syngje, særleg for ungane. Ein barneversjon
er visst under utarbeiding.
Samisk versjon av «Let it be»
Så er det tid for kulturelle innslag. Elin
Kåven gjev oss ei oppvising i samisk magedans. Ann Mari Andersen kjem inn og
set seg ned på golvet mellom ungane og
speler nokre eigne songar og nokre som
ungane kan. Det blir allsong av samiske
versjonar av både «Let it be», «Kven har
skapt alle fuglane?» og «Sjå min kjole».
På spørsmål om ho skal syngje den samiske nasjonalsongen, svarar Helander
at me alt vore gjennom.
– Å, det var bra, seier Ann Mari. –
Den er jo litt seig.
Konserten hennar blir avbroten av
ministeren. Ho takkar for at ho fekk
kome, men no må ho snart gå. Ho tykkjer det har vore eit fint avbrot frå å sitje
på kontoret. Eller konn-toret, som ho
seier. Som gåve frå regjeringa har ho
med seg ei stor pakke, som av alle ting er
ein Duplo-gard.
Etter avbrotet fell stemninga nokre
hakk, og fleire av ungane slit med å
halde konsentrasjonen oppe. Difor blir
matpausen ynskt velkomen av mange.
Eiga Ahkku
Samisk barnehage, eller Cizáš sámi
mánáidgárdi/Samiske barnehagen Cižáš,
som han strengt teke heiter, ligg i Tøyenparken i Oslo. Han er eit tilbod til ungar
med samisk bakgrunn, og målet er at dei
skal møte samisk kultur og språk, og bli
trygge på ein samisk identitet.
Han har rom for tretti ungar, har
ti tilsette og starta opp for 23 år
sidan.
– Det er ikkje berre lett å
leggje til rette for arbeidet vårt
når me ligg midt i Oslo, seier
Máre når eg vitjar barnehagen
nokre dagar seinare.
– Me får ingenting gratis.
Det er me tilsette som må gjere
ein innsats, i tillegg til ressurspersonar
som me hentar inn. Ester Grosman er ein
pensjonert sjukepleiar i frå Tana og ho er
vår fantastiske Ahkku (bestemor). Me
er den einaste barnehagen på landsbasis
som har eiga Ahkku, og det er me stolte
av. Ho er saman med oss éin dag kvar
veke, og er ein viktig kulturformidlar og
eit sterkt språkleg førebilete. Barnehagen
har òg samisk språkkurs til dei av foreldra
1
KVARDAG OG FEST: 1. Dagleg leiar Máre Helander deler ut bollar og saft til gjester under
markeringa av den internasjonale morsmålsdagen.
som ikkje kan samisk, der Frode Tveterås
er kurshaldar. Det er eit tilbod foreldra set
pris på.
Samiske snakkepakker
Máre fortel om korleis dei arbeider med
språk i barnehagen, om snakkepakka,
der dei har laga eigne samiske versjonar.
Dei har laga språkposar som inneheld
konkretar frå ulike samiske aktivitetar
Me prøver å gje rom for dei ulike samiske
dialektane, slik at borna blir kjende med
nyansane i språket. Me bruker mykje
song og musikk, noko som gjev glede og
motivasjon. Det er ein veldig god metode å lære språk gjennom song. Borna
lærer orda nesten utan å oppdage det
sjølv! Me konkretiserer òg omgrep ved
å hengje opp bilete med stor tekst under.
Me bruker rim og reglar aktivt. Me les
ofte samiske bøker og lyttar til høyrespel. Å lese og
dramatisere eventyr er ein
ypparleg måte å arbeide
med språkutvikling på,
seier Máre.
Når måndag kjem, er
me berre ein barnehage som alle andre.
Per Ivar Oskal
som t.d. røykekjøtpose, sanke sennagraspose, skinnhandsamingspose, eventyr- og segnpose, duotjiiposar. I tillegg
har dei laga eit leikefjernsyn der ungane
blir oppmuntra til å snakke samisk eller
å syngje, joike.
– For å utvikle språket legg me stor
vekt på å vere gode språklege modellar
ved å seie om att omgrep, setje ord på
ting i kvardagen og leike med språket.
Kvardag
Eigentleg er eg komen for
å vere med på ei slik forteljarstund i lavvoen, men
Máre dreg litt på det. Per Ivar Oskal ,
som er assistent i barnehagen, meiner at
dei må spare på veden til dagen etter. Då
er det markering av den internasjonale
morsmålsdagen, og barnehagen skal
setje opp lavvoen utanfor biblioteket på
Grünerløkka og dele ut saft og bollar.
I staden blir eg med Per Ivar Oskal
inn i den nye gammen som vart sett opp
i haust. Han er originalteikna og prakNORSK TIDEND NR. 2 – 2010
læring er kvardagen
3
2
4
2: Elin Kåven dansa for eit meir eller mindre fokusert publikum på Samefolkets Dag. 3: Máre Helander held festtalen, og pedagogisk leiar Ida Varsi omset det ho seier til samisk.
Alle bileta: Kjartan Helleve
4: Barnehageassistent Per Ivar Oskal deler ut matboksar i den nybygde gammen.
tisk, sjølv om arkitektane ikkje var heilt på
høgd med korleis røyken oppfører seg innandørs. Ein liten, men mykje meir praktisk
omn har erstatta den opne gruva. Ei gryte
med reinsdyrklauver står på kok. Knokane skal bli til smykke, etter eit lite bad i
Plumbo.
Det er tid for mat, og ungane kjem inn
i gammen og set seg ned langs benkene.
Sjølv om omnen er varm, så er det kaldt i
gammen, utan at det ser ut til å plage nokon. Praten går som vanleg, men på to
språk. Det går heilt parallelt, den eine setninga kjem på samisk, den andre på norsk.
Per Ivar snakkar konsekvent samisk til
ungane, før han slår over til norsk når han
snakkar med meg.
– Håpar det var greitt at me ikkje slo opp
lavvoen. Det har gått mykje ved i vinter sidan det har vore så kaldt. Me er jo ute sjølv
om det er minus tjue, og då er det godt å
fyre opp litt, seier Per Ivar.
– Heilt i orden, seier eg. – Blir du lei alle
desse besøka? Eg forstod det slik at Dagbladet hadde vore her nyleg?
– Ja, men dei skulle vel skrive mest om
den nye gammen. Eg har ikkje noko problem med å setje opp lavvoen, det tek meg
berre ti minutt, men litt mas er det jo. Er
det derimot ein annan barnehage som er
på vitjing, så set eg han sjølvsagt opp.
NORSK TIDEND NR. 2– 2010
Snakkar ikkje samisk
Rundt oss sit ungane og gomlar i seg brødskiver, nokre heldige har yoghurt til dessert.
– Eg heiter Nikolai, er det ein som stolt
skrik ut.
– Ja, du Nikolai, du er god til å snakke
samisk, seier Per Ivar.
– Er ikkje alle det, undrar eg.
– Nei, det varierer, svarar Per Ivar. –
Somme har foreldre som snakkar mykje samisk heime. Andre har foreldre som ikkje
snakkar samisk i det heile. Så det varierer.
– Er det eit problem at dei ikkje kan samisk?
– Eg vil ikkje seie at det er noko problem,
men det gjer jo at dei ungane det gjeld, ikkje får med seg alt. Om me ser at ikkje ungane får med seg alt, så nyttar me norsk som
hjelpespråk. Det er viktig å ta vare på alle
ungane, også språkleg. Det går uansett om
kvarandre, og alle ungane lærer jo seg meir
samisk her i barnehagen.
– Ferdig, seier den fyrste ungen, og set
i gang eit ras av ungar som brått er mette.
Dei pitlar på seg vottane att, og spring ut i
vinteren.
Uteplassen er nesten eit samisk tun med
gamme, lavvo og pensjonert elvebåt i frå
Tana. Gardshunden Bittos svinsar rundt på
plassen, og ungane elskar han og omvendt.
Per Ivar tek seg tid til å syne meg rundt inne.
Det ser akkurat ut som ein vanleg kommunal barnehage, men skilnaden er at han har
ein tydeleg kulturell identitet. Rundt forbi
heng det samiske gjenstandar, og i eit skåp
er det ei utstilling med små dokker. Overalt
er det ting merkte med norske og samiske
namn.
– Me har tenkt å gjere litt om her, gjere
romma litt meir praktiske, seier han.
– Planen er å fornye avdelinga for dei
største ungane. Ho har vore uendra sidan
barnehagen starta opp. Mykje kan gjerast
med dugnadsmidlar, og i tillegg har me fått
litt pengar frå Sametinget til det som blir
kalla Samisk romprosjekt. Det er forresten
tilskot frå Sametinget som har gjort det råd
å kjøpe mange av dei tinga som heng rundt
her, seier han.
Rolegare tempo
Dagen etter er Máre og Per Ivar på plass
utanfor Deichmanske bibliotek på Grünerløkka. Lavvoen er oppe, og inne er Máre i
full gang med å dele ut saft og bollar til ungar frå andre barnehagar. Dei står stive rett
opp og ned, og dei vaksne som er med, passar strengt på at dei ikkje svir parkdressane
sine på den varme omnen. Máre fortel meg
at dei har fått kommentarar om at vaksne
og barn i den samiske barnehagen ikkje
er så stressa, at dei har eit rolegare tempo.
SAMISKE BARNEHAGAR
◆
◆
◆
◆
Samiske barnehagen Cižáš/
Cizáš sámi mánáidgárdi/
Ligg i Tøyen kulturpark i Oslo
Tretti ungar og ti tilsette
Starta opp for 23 år sidan
Knivar kan liggje framme, og omnar kan
vere varme. Det er tydelegvis ikkje alle dei
andre ungane her så vande med.
Ei dame frå biblioteket stikk hovudet
inn, og smiler begeistra.
– Å, jeg elsker friluftsliv i hagen!
Lavvoen frå Samisk Barnehage er det
einaste synlege teiknet på at det faktisk er
den internasjonale morsmålsdagen. Ute
står Per Ivar og Isak Nils Triumf klar med
lassotaua om det er nokon som har lyst til å
prøve seg. Ungane riv og slit litt i taua, men
får ikkje heilt dreisen på det. Noko ingen
tek altfor tungt.
– Då må ikkje skrive at me held på slik
kvar dag, seier Per Ivar til slutt.
– Ja, me er opptekne av det samiske,
men når måndag kjem, så er me berre ein
barnehage som alle andre.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
7
Fyrste offisielle
på kvensk
Utlysing av kull 13
15. april er søknadsfristen til kull
13 ved NRK Nynorsk Mediesenter.
– Vi reknar med at det kan
bli auka pågang av folk som har
oppdaga at NRK Nynorsk mediesenter kan vere ein «snarveg» inn
i NRK, særleg etter at nynorskpraktikantane fekk status som
Vêrvarslingstenesta yr.no vart
tilgjengeleg på kvensk frå 9.
mars. Frå før av finst sida på
bokmål, nynorsk og engelsk.
Frametter ynskjer yr.no å omsetja sida til samisk.
interne søkjarar til stillingar i NRK
når dei er ferdige, seier Magni
Øvrebotten.
Slik har det vore sidan tilsettingsstoppen vart innført i 2008,
og sjølv om han er oppheva, er
det vanskeleg å kome inn i NRK,
særleg for nyutdanna.
barn
rapport
Inger Johanne Sæterbakk
Det er krise i det norske språket.
Krisa består av kolon bindestrek parentes semikolon,
tidvis også ein o, eit kryss,
ei klamme og eit tretal. Det
seier tydelegvis meir enn
ein to, tre ord av typen: Eg
er glad, eg er trist, eg liker
deg, eg synst du er skikkeleg
søt og no prøver eg faktisk å
flørte meg deg. Osv.
Eg hatar smilefjes. Eg hatar det
såpass mykje at kjensla godt
kunne blitt oppsummert i
ein kolon, ein bindestrek og
ein parentes med opninga
mot høgre. Den negative
parentesen. Det finst så
mange ord for smil i det
norske språket. Andre optimistiske ord er det også
mange av. Men venstreparentesen har tatt fullstendig
over. Den positive parentesen.
Dessverre er det ikkje alltid like
lett å vere prinsippfast. Som
når ein sender ein sms til
ein nesten ukjend med ønske om å oppnå kontakt. Av
den positive sorten. Type
venstreparentes. Og får ein
sms tilbake, som blir gjennomanalysert, men funnen
positiv. På grunn av ein
kolon, ein bindestrek og
ein venstreparentes. I frykt
for at orda mine og smilet
mitt ikkje skal komme ut
gjennom telefonen min,
via mobilnettet og inn i
telefonen til den relativt
ukjende mottakaren, men
heller bli oppfatta som meir
høgreparentesorienterte
beskjedar, gjer eg det. Eg
avsluttar med ein kolon,
ein bindestrek og ein venstreparentes, held meg for
auga, raudnar i skam, prøver å grave meg ned i tide.
Tre minutt seinare tikkar
ein kolon, ein bindestrek og
ein venstreparentes inn i retur. Lovande. Positivt. Til å
bli i venstreparenteshumør
av. På grensa til venstreparentes med semikolon og
bindestrek.
Gjennom ord blir
Barnehagekampanje for det nye tiåret
– Vi vil at born i nynorskområde skal bli
trygge i nynorsken så
tidleg som mogleg, og
at born som veks opp i
tradisjonelle bokmålsområde, også møter
nynorsken tidleg i
bøker, seier Håvard B.
Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
Det er viktig at alle born vert
vande med at nynorsken er ein
del av språkmangfaldet i Noreg.
– I dag er det ikkje sjølvsagt
at ungane møter nynorsk i barnehagen. Det bør det bli, smiler
Håvard B. Øvregård.
Landsomfattande
Saman med styret og heile organisasjonen til Noregs Mållag, i
tillegg til mange gode medhjelparar, vil han nå dette målet.
– Dei tilsette i barnehagen
kan leggje til rette for språkstimulering ved å bruke bøker,
språkleikar og songar aktivt.
Dette treng slett ikkje å vere
berre på bokmål. Barn utviklar
kulturell toleranse når dei vaksne
KAMPANJEN
◆ «Gjennom ord blir verda stor»
– landsomfattande kampanje
for nynorsk i barnehagen
◆ Det er laga ei aksjonskokebok
som blir send ut til alle lokallag
◆ Det vert laga eige hefte med
tips om barnebøker
◆ Det vert laga materiell retta
mot foreldre og tilsette
◆ Det vert laga materiell retta mot
ungane
◆ Sjekk kampanjesidene hjå
www.nm.no
Håvard B. Øvregård Foto: Kjartan Hellevě
er modellar for toleranse, peikar
han på.
– Det er viktig for oss at dette
vert ein landsomfattande kampanje. Vår erfaring er at det er
like viktig å framheve nynorsk i
barnehagane i bokmålsområde,
som i nynorskområde, seier Håvard B. Øvregård.
Eit viktig poeng er at born vil
møte nynorsk i skulen. Når dei
då allereie kjenner nynorsk frå
barnehagen, vil overgangen til
å lære nynorsk på skulen verte
mykje lettare. Han legg vekt på at
lokale mållag i randsonene opp-
lever at når elevane skal byrje på
nynorskskulane, så har dei bak
seg fleire år i barnehagen der
bokmålet dominerer. Dette er
sjølvsagt med på å undergrave
nynorsk som skulemål.
– Borna treng å bli trygge i
møtet med nynorsken. I dette
perspektivet er barnehagane
svært viktige både for nynorsken
og for det språklege mangfaldet,
seier Håvard B. Øvregård.
Godt motteke
I organisasjonen er det mange
som gler seg til å jobbe med barnehagekampanjen.
– Det har vore ei vinnarsak å
8
Målbruksplan
Språkstimulering er ei av dei viktigaste oppgåvene for barnehagen. Stortingsmelding 41, Kvalitet i barnehagen (2008-2009)
framhevar at dette er ei grunnleggjande oppgåve for barnehagane. For Mållaget vert det viktig
å sikre at nynorsken vert ein del
av språkmiljøet og språkstimuleringa i barnehagen.
– I tillegg til at det vert viktig
å ta direkte kontakt med barnehagane. Men for å sikre ein
langsiktig effekt er det viktig å
sikre at kommunane og dei private barnehagane er opptekne
av språkpolitikk i barnehagane,
seier Håvard B. Øvregård.
Fleire kommunar kan vedta
gode målbruksplanar, som også
handlar om barnehagane. Det
er viktig å styrkje medvitet om
språk hjå dei folkevalde og i administrasjonen.
Inspirert av samisk
Tidleg på 2000-talet starta No-
Mållause av
Strand Mållag gjorde
styrar i Jørpeland barnehage mållaus då ho
fekk e-post om ei bokgåve på ti barnebøker
til barnehagen.
Så langt har det altså gått.
Vi byggjer relasjonar på
grunnlag av ein kolon, ein
strek og ein parentes. Kva
eg synst om det? Det er kolon, bindestrek og parentes
mot høgre. Eg vil ha orda
tilbake og flytte teikna dit
dei hører heime. Til mellomromma mellom meiningane. Og eg vil ha smila
tilbake dit dei hører heime.
Til ansiktet ditt og mitt.
Så veit du det. Stort smil til deg
frå meg. Punktum.
arbeide med språket i barnehagen. Vi har laga fleire kurs retta
mot barnehagetilsette på Nordmøre og tykkjer at dette er veldig
meiningsfylt arbeid, seier Nils
Ulvund, som siste åra har vore
prosjektleiar på Nordmøre.
BARNEHAGEARBEID: Alle barnehagane i Strand fekk ti barnebøker på nynorsk av Strand Mållag. Her deler leiar
Knut Falk leseglede med Adam, Marie, Vilja og Linnea i Jørpeland Barnehage. Bak står pedagogisk leiar Siw Oaland.
Foto: Borghild Gudmestad/Strandbuen
(STRANDBUEN)– Det er ikkje kvar dag folk ringjer og seier
at du skal få bøker, seier ei strålande fornøgd Siv Sørbø i Jørpeland barnehage. Alle dei elleve
barnehagane i Strand har fått ei
bokpakke på ti kvalitetsbøker på
nynorsk. I tillegg har barnehagen
også fått tre eksemplar av den
lokale boka «Eg rodde på sprengifrå Hidle til Heng». Saman med
Samlaget har Strand Mållag
funne bøkene som har ein verdi
på 25 000 kroner.
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
Rockar på dialekt
– Dialekt er eit sterkt språk med
sterke uttrykk, seier arrangøren av
den fyrste festivalen for dialektartistar.
Initiativtakar til Dialektrock
2010 Bjørn Saksgård seier til NRK
at festivalen jobbar for at artistar
som brukar dialekt, skal nå ut til eit
Transistor – trønderrock på dialekt
større publikum. Fleire av dei store
artistane i Noreg dei siste 20 åra
uttrykkjer seg på dialekt, til dømes
Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Jan Eggum, Odd Nordstoga, Halvdan
Sivertsen, og Åge Aleksandersen.
No vil Dialektrock-arrangørane synleggjere dialektartistane som ikkje
er like store. Banda som spelte på
Dialektrock 2010 var Bergstaden old
stars, Betty unplugged, Transistor
og Bjørn Saksgård & DNB. Festivalen vart arrangert på utestaden Blæst
i Trondheim. (NPK)
verda stor
regs Mållag eit flygeblad som hadde
overskrifta Den fyrste song eg høyra
fekk var «Hit me baby one more
time». På same tid starta Noregs
Mållag kulturavisa Pirion, eit blad
som retta seg mot tilsette i barnehagen og i småskulen. Dette fekk god
oppslutnad i lokallaga og vart godt
motteke i barnehagane.
På landsmøtet i fjor var det mange
som vart inspirerte av føredraget til
Máre Helander, leiar i Samisk barnehage i Oslo. Då fekk landsmøtedeltakarane høyre om ein barnehage som
legg til rette for språkleg mangfald.
Dermed var ideen klar. Styret sette i
gang planlegginga av ein barnehagekampanje for heile organisasjonen.
Høge mål
– Dette er ein større og langvarig
kampanje. Vi skal ikkje oppsummere
denne kampanjen før på landsmøtet
i 2012. Vi meiner at heile 150 lokallag og alle fylkeslaga skal bli aktive i
denne kampanjen og då treng vi tid
til å setje i gang arbeidet, smiler Håvard B. Øvregård.
Han legg vekt på at det er viktig
å få til godt samarbeid lokalt. Både
kommunane, Utdanningsforbundet,
foreldre og andre organisasjonar kan
verte gode samarbeidspartnarar.
HEGE LOTHE
[email protected]
Foto: istockphoto.com
Strand mållag
Barnehagane er eit satsingsområde for Noregs Mållag.
– Barnehagen har fått ei viktig
rolle som opplæringsstad, ikkje
minst med språkstimulering og
systematisk språkopplæring, seier
Knut Falk i det lokale mållaget.
Fantastisk
Han håper at bokgåva kan styrkja
boksamlingane, og då særleg den
nynorske delen av bokutvalet. Ved
sida av dette synest han språket er
viktig uavhengig av kva målform
det er på, det handlar ikkje om målrøystingar i barnehagen.
– I barnehagen handlar det om
korleis me kan føra barna inn den
norske tospråklege skriftkulturen,
seier mållagsleiaren.
– Språket heng saman med korleis ein klarer seg vidare på skulen,
seier Siv Sørbø, styrar i barnehagen.
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
– Kva synest de om at de har fått
bøker på nynorsk?
– Det er heilt fantastisk. Bøker
er bøker. Nynorsk er gjerne meir
forteljande. Uavhengig av målform,
er bøker veldig viktig, seier Sørbø.
Jørpeland Barnehage har eit
stort fokus på språk, som ein sentral del av rammeplanen til barnehagane.
– Når de les for ungane, les de
dialekt eller på målforma?
– Det blir mykje dialekt, ei blanding, seier Sørbø.
– Kva respons har de fått av dei
andre barnehagane på bokgåva?
– Ein jublande respons, både
fordi me gir bøker og for at dei er på
nynorsk, seier mållagsleiaren.
BORGHILD GUDMESTAD
[email protected]
Heidra for barnebøker
Kulturminister Anniken
Huitfeldt har delt ut
barnebokprisar for 290
000 kroner. Forfattaren
Lars Mæhle fekk prisen
for beste barne- og
ungdomsroman. I
sterk konkurranse
med Maria Parr, som
var nominert for boka
Tonje Glimmerdal, gjekk Mæhle
til topps med boka Landet under
isen. Prisen er på 50 000 kroner.
Boka er skriven på nynorsk og
blir karakterisert som ei blanding
mellom fantasy og krim. Juryen
meiner Mæhle har skrive «ein
ambisiøs roman med god driv
og mange plan.» Det blir
peika på at boka tek opp
både filosofiske, religiøse,
og politiske tema og set
dagsaktuelle spørsmål inn
i ein større samanheng.
I den årlege prisutdelinga til Kulturdepartementet vart det i år delt
ut prisar til ni forfattarar,
omsetjarar, illustratørar og teikneserieskaparar.
Biletbokprisen
på 60 000 kroner blir
delt mellom forfattaren Bjørn F. Rørvik
og illustratøren Gry
Moursund for boka Bukken Bruse
på badeland.
Øyvind Holen og Mikael Noguchi fekk fagbokprisen for boka
Hiphop, Graffiti, rap, breaking, djing. Debutantprisen gjekk i år til
Baroch Tendler (pseudonym) for
boka Jakten.
Marvin Halleraker fekk illustrasjonsprisen for illustrasjonane
til boka Halleluja av Bjørn
Sortland, medan Øystein
Vidnes vart heidra med
omsetjarprisen for boka
Veslebror ser deg. Teikneserieprisen gjekk i år til Bendik Kaltenborn for Seier
som vil deg vel. (NPK)
9
Elevar skal fornye ungdomsskulen
media
Eirik Wixøe Svela
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen ber
ungdom frå heile landet om hjelp til å fornye
ungdomsskulen. Neste år legg ho fram ei eiga
stortingsmelding om ungdomstrinnet.
Meldinga er ein del av dugnaden for å få
fleire til å gjennomføre yrkes- og vidaregåande opplæring. Mangelfulle kunnskapar frå
ungdomsskulen er den enkeltfaktoren som
speler størst rolle for at elevar ikkje fullfører.
– Ungdomsskulen har vore litt «gløymt»
dei siste åra. No vil eg invitere ungdom frå
heile landet til direkte møte med meg for å gi
innspel til kva tiltak dei har mest tru på, seier
Halvorsen.
Møta med ungdommar skal gå føre seg
utover våren. Til kvart arrangement vil det
bli plukka ut 10–12 elevar frå ulike regionar.
Dei skal mellom anna diskutere fordelinga av
fag og timar og korleis ein skal få til ei meir
praktisk og verkelegheitsnær opplæring.
Opplæring av elevar med særskilde behov
og minoritetsspråklege kjem også til å stå på
timeplanen. (NPK)
Kommersiell
dialekt
I dei første åra etter at Kringkastingsringen blei skipa, var ein sentral del
av verksemda vår å syte for at NRK
ikkje skulle ha noka orsaking for ikkje å tilsetje journalistar som nytta
nynorsk. I ettertid kan det kanskje
verke både komisk og urimeleg at
vi sjølve måtte sørgje for å skaffe
nynorskbrukarar til kringkastinga,
men vi må ikkje gløyme at dette
var eit viktig bidrag til den norske
mediehistoria.
Stoda i dag er annleis. Det finst mange
og gode journalistutdanningar
over heile Noreg, og NRK Nynorsk
mediesenter tilbyr ei praktisk og
yrkesretta utdanning som førebur
journaliststudentar på arbeid i media – med nynorsk som det fremste
språklege verktøyet. Med denne
infrastrukturen på plass, finst det
ingen orsakingar å gøyme seg bak
for dei som rekrutterer nye medarbeidarar til medieselskapa og til
NRK.
Mangfaldet som oppstod etter at NRKmonopolet fall, har i tillegg opna eit
høve for målrørsla til å gjere røysta
vår høyrd andre stader enn i statskanalane. Likevel er det vanskeleg
å ta feil av mønsteret som avteiknar
seg dersom vi samanliknar NRK og
kommersielle kanalar som P4, TV
2 og TV Norge: Medan tala eller
skriven nynorsk tykkjest vere eit
framandord her, er rekrutteringa av
journalistar frå heile landet tilsvarande dårleg i dei fleste kanalane.
Det finst eit potensial til å få fram nynorsken og dialektane i dei kommersielle kanalane som vi ikkje har
makta utnytte godt nok. Kva botnar dette i? Ein tanke er at vi kan
ha fokusert for mykje på NRK: I
overgangen frå NRK-monopolet til
den nye mediekvardagen kan vi ha
vore treige med å gå til åtak på den
nye røyndommen. Men dersom
nynorsk og dialekt i media skal bli
ein sjølvsagd del av kvardagen, òg
for kommersielle kringkastarar, må
vi få aksept òg der for at kravet vårt
dreier seg om meir enn reglar og
konsesjonsvilkår.
Men det er ikkje berre vi som må omstille oss. Dei kommersielle aktørane må få auga opp for at det ikkje
berre er rett og rimeleg å sleppe til
nynorsk og dialekt i produkta dei
tilbyr, men at det òg kan vere ein
konkurransefordel for dei. Dialekt
og nynorsk er ein sjølvsagd del av
kvardagen for svært mange nordmenn, og det ligg ingen annan logikk bak at desse er så å seie fråverande i dei kommersielle kanalane,
enn at dei held til på det sentrale
Austlandet. Det vil vere til bate
både for oss og dei å samarbeide
betre på dette området.
10
IVRIG ORDSKIFTE på årsmøte i Sogn og Fjordane Mållag. Frå venstre: Hilde Yndestad Halland, Njål Ølmheim, Magne Aardal og Berit Ekerbakke.
Medan Arne Kleiva frå Naustdal Mållag sikrar seg ein ny kopp fersk kaffi.
Foto: Hege Lothe
Sol frå Eli Kari
Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal
kvitterte for målprisen med
ei eiga vêrmelding for Sogn
og Fjordane – heilt frå Kuala
Lumpur.
– Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal i TV2 har
utmerka seg spesielt ved å bruke nynorsk
eller dialekt, sa Hilde Yndestad Halland då
ho delte ut Målprisen.
Prisvinnaren sjølv var i Kuala Lumpur
då Sogn og Fjordane Mållag heldt årsmøte og delte ut målprisen. Difor hadde
ho like gjerne spelt inn ei eiga vêrmelding.
Der lova ho målfolket i Sogn og Fjordane
mykje sol i tida framover, og ho nytta også
høve til å takke hjarteleg for prisen og å
sende helsingar heim til Trivselsfylket.
– Eli Kari Gjengedal er ein god ambassadør og representerer fylket og kulturen
vår på ein framifrå måte. Vi er stolte av
henne, sa Hilde Yndestad Halland.
Prisen er ein signert reproduksjon av
«Susanna frå Sunnfjord» av Oddvar Torsheim.
Medlemsvekst
I byrjinga av mars samla Sogn og Fjordane
Mållag seg til årsmøte. Fylkesmållaget har
ikkje hatt mykje aktivitet siste åra, gjekk
det fram av årsmeldinga. Det har likevel
blitt nokre presseutspel i løpet av året.
2008 var det 723 betalande medlemer, og
det var då ein framgang på 34 medlemer.
Om ein samanliknar med tal ti år tilbake
i tid, har fylkesmållaget om lag 100 fleire
medlemer i dag.
Satsing på barnehagar
SOL TIL FOLKET: Eli Kari Gjengedal lova sol
til trivselsfylket sitt som takk for Målprisen.
Foto: NMU
– Heldigvis registrerer vi at det også er
andre enn mållaga som tek opp spørsmål
kring nynorsken i fylket – og det er bra,
seier avtroppande leiar Hilde Yndestad
Halland.
Eit anna positivt trekk er at det er medlemsoppgang i Sogn og Fjordane. I 2009
var det 763 betalande medlemer, og det er
ein framgang på 40 betalande medlemer. I
Det var kome utsendingar frå lokallag
i Lærdal, Sogndal, Florø, Førde, Jølster,
Naustdal og Gloppen. I fylket er det om
lag ni–ti aktive lokallag, så slik sett var det
eit greitt frammøte.
Hovudsaka i året som kjem, både for
lokallaga og fylkeslaget, er barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor –
kampanje for meir nynorsk i barnehagen.
– Styret har teke ulike kontaktar kring
nynorsk i barnehagane, og det er med
glede vi registrerer at det i 2010 skal vere
ei samla målrørsle som satsar på språket i
barnehagane, slo Hilde Yndestad Halland
fast.
– Styret vil ha barnehagekampanjen
som satsingsfelt i 2010, i tillegg til at vi
vil følgje med på læremiddelsituasjonen
for elevane i vidaregåande skule, sa Berit
Ekerbakke då ho la fram framlegget til
handlingsplan for dei tre neste åra. Det
vart ei god drøfting om barnehagekampanjen, og denne saka vekte engasjement.
HEGE LOTHE
[email protected]
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
Målarbeid i Nord-Noreg
Det vanka både novelleopplesing og
historiequiz på dei frammøtte på Tromsø
mållag sitt årsmøte 9. februar.
Kvart år samarbeider Tromsø mållag
med avisa Nordlys om ei novelletevling
for elevar i den vidaregåande skulen. To
av dei tre vinnarane av tevlinga for 2009
var på årsmøtet, og fekk diplom og blomar frå påtroppande leiar Inger Johanne
Sæterbakk. Ho las opp både grunngjevingane frå juryen og vinnarnovella, skriven av Charlotte H. Jenssen. Vinnaren av
andrepremien, Sara Mathiesen, var også
der, medan tredjepremievinnar Karoline
S. Bjørklund ikkje var til stades.
Årsmeldinga til Tromsø mållag fortel
om mykje godt målarbeid i 2009. Det har
vore avvikla møte om teaterspråk, me
har hatt forfattarbesøk av Olaug Nilssen,
og det har blitt arbeidd på ymse vis mot
Universitetet i Tromsø for å få dei til å
utvikla ein språkstrategi, noko det ser ut
som om dei tar tak i no.
Avtroppande leiar Sigrun Høgetveit
Berg fekk gåve og godord, og Tromsø
mållag tar laus på eit nytt arbeidsår med
ny leiar og litt utskifting i styret: Inger
Johanne Sæterbakk (leiar), Guri Skeie
(kasserar), Borghild Gramstad (skrivar),
Øystein A. Vangsnes og Bjarne Isaksen. I
2010 blir det mellom anna debattmøte
mellom Kjartan Fløgstad og historikarar
ved UiT, barnehagesatsing, stadnamnsvandring og vidare utvikling av nynorsk i
nord-nettsatsinga vår. Og novelletevling,
sjølvsagt!
Til slutt på årsmøtet fekk me ein
førpremiere på boka Historiequiz. 1001
spørsmål og svar om historie som Sigrun
Høgetveit Berg og Harald Dag Jølle snart
kjem ut med. Spennande og krevjande
spørsmål, men målfolk kan mykje, viste
det seg!
Borghild Gramstad, skrivar
NOVELLISTAR: To av dei tre vinnarane
av novelletevlinga: Sara Mathiesen (til
venstre), Charlotte H. Jenssen (i midten).
Nyvalt leiar i TM, Inger Johanne Sæterbakk til høgre.
Baltisk kulturkveld
På sjølve Estlands nasjonaldag baud Fylkesmållaget Vikværingen i samarbeid med Oslo
Mållag inn til kulturkveld. Det var 24. februar
1918 at Estland fyrste gongen vart sjølvstendig, og sidan hev dagen vore nasjonaldag. I
1991 vart Estland sjølvstendig att.
Tidleg på hausten 2009 kom Gjennom
eld og vatn, ei samling novellor av Aino Kallas. Norsk umsetjar er Liv Hatle, og forlaget
er Bokvennen. Hatle opna programmet med
å føra fram Barbara von Tisenhusen, ei dramatisk soga frå Estland på 1500-talet. Soga,
som krinsar både um ung kjærleik og øgjeleg
daude, vart synt fram med stor innliving og
glød. Publikum var djupt gripne av livssoga til
Barbara.
Ymse koplingar
DET NYE STYRET: Frå venstre: Øystein
A. Vangsnes, Bjarne Isaksen, Inger Johanne Sæterbakk, Guri Skeie og Borghild Gramstad.
Dinæst stod Arne Horge for tur. Horge er
hovslagar og skribent frå Nes i Hallingdal og
kjennar av estisk kunst og soga. Han viste fram
målarstykke og fortalde sogor som knytte seg
til deim. Estland hev vore møtestad for mange
kulturar. Tartu som ligg i innlandet, var i si tid
hansaby. Landhevjing hev ført til at elvi Emajõgi hev snutt frå vest til aust, so no gjeng det
ikkje lenger havbåtar inn dit. Innvandring hev
det vore mykje av til Estland: Tyske godseigarar, svenske småkårsfolk, russiske industriarbeidarar. Estisk kultur hev likevel ein tydeleg
serhått. Tartu hev m.a. eit museum der folk
kann sjå gilde bunader. Kunstnaren Konrad
Mägi var i Noreg i millomkrigsåri. Han måla
eit bilæte som syner eit litt surt norskt landskap med myrar og furor. Det er ymse koplingar millom Noreg og Estland gjenom soga.
M.a. vart Hannibal Sehested fødd på Øsel, no
Saarema, seinare i livet vart han norsk statthaldar.
Til slutt gav redaktør Sturla Berg-Olsen
frå Norsk Ordbok 2014 ei innføring i mål i
Baltikum. Namnet Baltikum kjem frå Mare
Balticum på latin. Umkvervet er skilt i målvegen, millom estisk og det litle målet livisk på
ein eine sida, som er austersjøfinske mål, og
latvisk, litauisk og det utdøydde målet prøyssisk, som er baltiske mål. Lånord syna at baltiske folki hev havt samkvæme i lange tider.
Baltarane vart rekna for dei siste heidningane
i Europa. Krossferder og kolonisering førde
tyske ord inn i måli i Baltikum. Bukser, som
er lånord frå lågtysk, finn me att i bikses i latvisk og püksid i estisk. Det eldste skriftdømet
på baltisk er Basel-epigrammet frå 1360-åri.
I Aust-Latvia finst det eit eige mål som den
katolske kyrkja hev halde uppe der, latgalisk.
Endå det var langrennsstafett i OL-løypone
i Vancouver denne kvelden, var det tolleg godt
frammøte på Litteraturhuset i Oslo. Astrid
Sverresdotter Dypvik frå Dag og Tid styrde
møtet på ein blid og stød måte. Med i tilskipingsnemndi var Unn C. Fyllingsnes, Jon Låte
og Håvard Tangen.
HÅVARD TANGEN
TIL Å MEINA
Stavanger 6.-7. mai, 2010
Vinnarloddet
saman vinstlista, men me meiner at dette
er ei liste som inneheld litt av kvart, og
som vinnarane godt kan ha heime eller
lett gje vidare til slektningar og kjende,
seier Krogh.
Medlemene vil få tilbod om å kjøpa
lodd saman med denne utgåva av Norsk
Tidend.
Kjartan Helleve
Demokratiet:
Blåmåndag eller
grøn framtid?
Osterøy Mållag sin målblom 2010 vart
delt ut til Osterøy Museum på museet
sin 90-årsdag 19. februar. Saman med
målblomen vart det gjeve eit innramma
dokument utforma av lagsleiar Svein
Hatløy, påskrive mottakarnamn og
grunngjeving. Vara til styret Astrid Tveiten overleverte målblomen og heldt tale
for Museet og målet vårt.
Frode Flesland
Tek me demokratiet for gitt?
Hadia Tajik:
Kvifor blei eg engasjert?
Nye formidlingsmåtar i media.
Liv Signe Navarsete:
Demokratiet treng unge røyster
– men får dei lov?
Frank H. Aarebrot:
Kvifor vel dei unge bort
folkevald arbeid?
Påmelding:
Konferanseavgift (utan overnatting),
lunsj begge dagar kr 2.500,Overnatting (6. – 7 mai) med festmiddag
torsdag 6. mai kr 1300,Treng du overnatting frå onsdag til torsdag,
gje melding om dette.
Desse medverkar også:
Putte Svensson, Jostein Fretland, Terje
Breivik, Geir Almåsvold Mo, Rune Øygard,
Olaug Vervik Bollestad, Tale Hungnes,
Olaug Nilssen, Rune Hetland, Øyvind
Solstad, Geir Pollestad, Iselin Nybø, Vibeke
Mohn Herberg, Espen Thompson, Gunhild
Berge Stang
Påmelding innan 26. mars 2010
til e-post [email protected]
eller telefaks 52 79 04 81.
Fullstendig program på garborg.no
Ved avmelding mindre enn ei veke før konferansen blir det fakturert full pris.
Bok til barnehagane
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
Aslak Sira Myhre:
Kjetil Dahle:
Målblome til museet
Osterøy Mållag har ved hjelp av tilskot frå
Sparebanken Vest årvisst gjeve alle barnehagane i kommunen ei fin barnebok.
I samband med dette les medlemer i
[email protected]
PÅ- OG AVTROPPANDE LEIAR: Til venstre Inger Johanne Sæterbakk, til høgre
Sigrun Høgetveit Berg.
Kulturlotteriet 2010
Kvart år har Noregs Mållag eit Kulturlotteri der inntekta går til å driva målarbeid.
– Lotteriet er ei viktig inntektskjelde
for Noregs Mållag, seier Berit Krogh,
som er ansvarleg for lotteriet.
– For å koma i mål er me avhengige
av at mange lokallag og fylkeslag tingar
lodd for vidaresal. Alle lag som sel lodd,
får ni kroner for kvart lodd som er selt. I
tillegg til ei ekstra inntektskjelde, så vil eit
loddsal truleg sprita opp kva lagsmøte
som helst.
Lotteriet er tufta på friviljug sal ute i
laga og direktesal frå skrivarstova. I 2009
vart det selt 14 751 lodd. Av det selde
laga 3246 lodd og medlemene kjøpte 11
505 lodd direkte frå skrivarstova. I år er
toppvinsten ein reisesjekk på 5000 kroner, i tillegg grafikk og bokpremiar.
– Det er alltid ei lita utfordring å setja
PÅ BALTISK KULTURKVELD: Arne Horge (t.v.)
Foto: Åsmund Ormset
og Liv Hatle.
mållaget frå boka ved utdeling rundt om
i alle dei åtte barnehagane i kommunen.
Utdelinga vart gjord i februar og mars.
Frode Flesland
SAUDA KOMMUNE
Hjelmeland
kommune
11
Talet på innvandrar som står på
skriftlege norskprøver, aukar. Samtidig tek stadig fleire prøvene.
I 2009 stod 62 prosent av kandidatane på skriftleg Norskprøve
2. Til samanlikning stod 49 prosent
av dei som tok prøva i 2007. Det
JØRN HOEL er med på å spreie
nordnorsk dialektglede. Foto: Wikipedia
I Valdres har ein sett i
gang eit treårig prosjekt,
Målstreken, for å motvirke at elevar med nynorsk
i grunnskulen skiftar
målform.
? Du har nynorsk som hovudmål.
?
?
Vil du halde fram med å bruke
nynorsk som hovudmål?
Nemn ein nynorsk forfattar.
Kva assosierer du med «nynorsk»?
Prosjektet tok til i 2009, mellom
anna med ei undersøking om målval blant elevane på Valdres vidaregåande skule. Undersøkinga syner
at heile 75 prosent av nynorskbrukarane skiftar målform løpet av
skuletida. Prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus er bekymra for
det store fråfallet.
– Det er eit dårleg teikn at så
mange kvittar seg med nynorsken
i løpet av det 13-årige skuleløpet.
Det finst ein kjerne med nynorskskrivarar som vil halde på nynorsken, men det krev stort medvit.
Bokmålsstraumen er sterk.
Mari Gjevre
(15), Ulnes
!
!
!
Eg er usikker, fordi dei fleste
vel bokmål.
Odd Nordstoga.
Eg assosierer nynorsk med
dialekt.
Inga moralisering
– De har nett starta prosjektet,
korleis er responsen frå elevar og
lærarar?
– Tilbakemeldingane frå lærarane er positive, ingen har ytra
seg negativt om prosjektet, men
haldningane kan sjølvsagt finnast likevel. Utfordringar knytte til
målbyte er noko lærarane ynskjer
hjelp til utanfrå, fortel dei. Fleire
av lærarane er dessutan opptekne
av å vera nøytrale til målformene i
skulekvardagen, og ikkje tematisere
målbyte i undervisinga. Nettopp
difor er dei sæle for at vi kjem inn
med haldningsskapande arbeid.
Nynorsk er òg eit politisk spørsmål,
og som lærarar vil dei ikkje moralisere. Moralisere ynskjer heller ikkje
eg som prosjektleiar å gjera, men eg
kjem i ein annan posisjon enn lærarane på skulen.
– Kva seier elevane?
– Dei verkar positive til at eg kjem
på besøk, men det er vanskeleg å vite
kva slags inntrykk dei sit att med.
Elevane er stort sett blide og høflege,
men det betyr ikkje at dei har fått
med seg noko. Men eg vel å tru at
(14), Ulnes
!
Statsorgan kan også i år søkje
prosjektmidlar og rådgiving frå
prosjektet ?Klart språk i staten?.
Nytt av året er at ein i tillegg
kan søkje om eigne kurs i klart
språk som blir haldne internt i
verksemda. Det kan søkjast om
fagleg rådgiving, kurs i klart språk
på arbeidsplassen og/eller økonomisk støtte til språkarbeid. Støtta
skal brukast til å forbetre språket
i den skriftlege informasjonen, til
dømes i brev, skjema, nettekstar
og rettleiingar.
Målet med ordninga er å oppmuntre statlege organ til å starte
eigne språkforbetringsprosjekt
eller styrkje prosjekt som alt er
sette i gang, skriv Direktoratet for
forvaltning og IKT.
I fjor blei det delt ut til saman
to millionar kroner til ulike språkprosjekt i staten. (NPK)
det er viktig for mange av nynorskbrukarane å få høyre at det språkvalet dei så langt har teke, er bra.
Motivere
– Skal de følgje opp elevane i etterkant?
– Vi vil gjera eit måling i slutten
av prosjektet. Korleis denne blir,
veit vi førebels ikkje.
– Tala frå undersøkinga i den
vidaregåande skulen er kanskje ikkje særleg oppløftande for dei som
arbeider for og med nynorsk. Når alt
kjem til alt – har det nokon hensikt
å setje i verk tiltak som Målstreken?
Hjelper det?
– At elevar skiftar hovudmål i
skulen er ikkje eit nytt fenomen,
men er ein tendens som har gått
føre seg i mange år. Difor er det også
eit politisk mål å gjera noko med
situasjonen. Det er mellom anna
nedfelt i stortingsmeldingane, Mål
og meining og Språk bygger broer. Vi
kjem nok ikkje dit at alle held på nynorsken gjennom heile skuleløpet,
men målet er at fråfallet ikkje skal
vera så stort som i dag, at færre skiftar. Det viktigaste er å appellere til
dei som ikkje har gjort seg så mange
tankar omkring språkskifte, motivere desse til å halde på nynorsken.
Ei sterkare tematisering av språkskiftet trur eg i seg sjølv er viktig.
– Når så mange av elevane skiftar målform frå nynorsk til bokmål
– seier det også noko om feilslåtte
og mislykka strategiar frå til dømes
Noregs Mållag?
POLITISK MÅL: – At elevar skiftar hovud
prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus i
– Eg kan ikkje seia så mykje om
strategiane til Noregs Mållag. Det
er heller ikkje riktig å seia at det er
Noregs Mållag sitt ansvar at nynorsken har levelege kår. Vi skal ikkje
privatisere eit offentleg ansvar.
– Kva seier undersøkinga de
Undersøkinga er eit varsku
Lubna Jaffery Fjell trur
målbyteproblematikken
i Valdres ikkje er representativ for resten av
landet.
Andris Hemsing
(14), Aurdal
!
!
!
Ja, eg har jo gått frå bokmål
til nynorsk på ungdomskulen. Det er artig å halde på
nynorsk og dialekt.
Hm ..., Ivar Aasen.
Eg tenkjer på dialekt og eit
språk som er ordentleg norsk.
Fjell er statssekretær i Kulturdepartementet med ansvar for språkområdet.
– Inntil det motsette er prova,
både håpar og trur eg at dette ikkje
er representativt for den språklege
Foto: Magnus Ridola
Styrkjer
språket
Ja, fordi eg har hatt nynorsk
heile tida. Bokmål blir litt feil
for meg.
Eg
! kjem ikkje på nokon, eg les
ikkje så mykje.
Når
! eg tenkjer på nynorsk, så
tenkjer eg på noko som er
gammalt.
Elevar byter
bort nynorsk
Foto: Steve Woods/Stock.Xchng/AS
3
Kjempar mo
unge om
nynorsk
Andrea Haugene
TÅKEPRAT: Klart språk-prosjektet ønskjer betre sikt i statsspråket.
Ill: Klartspråk
og bruke vanlege ord og uttrykk i
tilknyting til dagleglivet.
Dei beste resultata på prøva var
i Region Øst, som omfattar Oslo,
Akershus, Vestfold og Østfold, der
stod 65 prosent av dei som tok
norskprøva. (NPK)
Målbyte
Tiltrekkjande
nordnorsk
Semja er stor om at det er nordlendingane som har dei mest attraktive dialektane i Noreg.
Det viser ei landsomfattande
undersøking analysebyrået InFact
har utført på vegner av dialekttenesteleverandøren PurDialekt.
Over éin av ti har svart at dei
synest nordlendingar har dei mest
attraktive dialektane. Ingen andre
dialektar fekk større eller like stor
oppslutning. Sunnmøringane
skåra derimot dårlegast med under sju prosent stemmer.
– Identiteten i Nord-Noreg er
kanskje tydelegare enn nokon annan stad i Noreg. Det er ikkje lenger Oluf og Rorbua folk tenkjer
på når dei høyrer «nordlending».
Heldigvis er høglydt banning,
vulgære historier og vitsar om fut
og fogd av mange gløymt. Det er
viktig å hugse at Nord-Noreg for
eksempel har artistane Jørn Hoel
og Steinar Albrigtsen, den populære komikaren Truls Svendsen,
og det unge rockebandet BlackSheeps frå Aust-Finnmark, seier
konseptansvarleg i PurDialekt,
Tore Jahren, til NRK Nordland.
På ein solid andreplass i
undersøkinga kjem sørlandsk
med dryge ti prosent, medan
trøndersk og bærumsdialekten
følgjer etter med eit par prosentpoeng færre.
PurDialekt har som formål å
fremje dialektmangfaldet i Noreg,
og ønskjer å ta vare på alle dialektar frå Lindesnes til Nordkapp.
– Folk elskar dialektar, enten
det er gloser frå Martin Schanche,
parodiar på Tore Strømøy eller
Tande-P eller NRK-program med
karakterar busette i bortgøymde
lier og fjell, seier Jahren. (NPK)
viser tal frå Vox, nasjonalt fagorgan
for kompetansepolitikk. Frå 2007
til 2009 har det vore ein auke på 86
prosent i talet på innvandrarar som
har teke skriftleg Norskprøve 2.
Norskprøve 2 er ei elementær
prøve som måler evna til å forstå
Foto: Bernadsky/Stock.Xchng
Fleire klarer norskprøva
Statssekretær Lubna Jafferty Fjell
lekkasjen frå nynorsk til bokmål på
landsbasis. Likevel er det klart at
undersøkinga frå Valdres er eit varsku som vi må ta alvorleg, skriv Fjell
i ein e-post.
– Kva kan de i Kulturdepartementet gjera for å stimulere til
sterkare synleggjering av nynorsk
barne- og ungdomskultur?
Profilere nynorsk
– Vi gjer ein god del alt i dag, men i
språkmeldinga (Språk bygger broer
Språket utfordrar sjøfolk
Sjøfolk synest språkdugleik er den
største utfordringa i kommunikasjon
mellom skip, og mellom skip og land.
I ei nasjonal brukarundersøking om
maritim verksemd meiner 81 prosent
at språket er ei stor eller moderat utfordring i kommunikasjonen mellom
skip. Målet med brukarundersøkinga
er å kartleggje bruken av kommunikasjonsutstyr og andre tekniske hjelpemiddel på sjø og land.
Heile 575 navigatørar og personell
frå landbasert maritim verksemd deltok i undersøkinga. 44 prosent meinte
språkdugleik var ei stor eller moderat
utfordring i kommunikasjonen mellom personell på sjø og land, ifølgje
Kystverket.
Resultata frå brukarundersøkinga
er ein viktig del av det norske bidraget
til det omfattande e-navigasjonsar-
beidet som no går føre seg i sjøfartsorganisasjonen til FN. E-navigasjon
er eit verdsomspennande konsept
for å forenkle og standardisere internasjonalt regelverk og elektroniske
hjelpemiddel om bord i skip og på
land. (NPK)
ot straumen i Valdres
DETTE ER MÅLSTREKEN
◆ Målstreken er eit haldningsskapande
prosjekt som skal stimulere nynorskelevar i skulen til å halde på hovudmålet sitt gjennom 13 år på skulen
◆ Tok til i 2009
◆ Er eit pilotprosjekt i regi av Valdres
Mållag i samarbeid med Noregs Mållag
◆ Ei undersøking på Valdres vidaregåande skule viser at 75 prosent av
nynorskelevane skiftar til bokmål i
skuleperioden.
◆ Karen Marie Kvåle Garthus er tilsett
som prosjektleiar i 30 prosent for Målstreken
dmål i skulen er ikkje eit nytt fenomen, men er ein tendens som har gått føre seg i mange år. Difor er det også eit politisk mål å gjera noko med situasjonen, seier
i Valdresprosjektet.
Foto: Bjørn Karsrud
gjorde på den vidaregåande skulen?
Kva er forklaringane på språkskiftet?
– Dei fleste seier at det er lettare
å bruke bokmål, enkelt og greitt.
Bokmål er overalt, fortel elevane.
Dette ser elevane både i media
og i samfunnet elles. Det betyr at
dei unge oftare tek til seg bokmål,
passivt og aktivt. Då blir det også
lettare å gjera bokmålet til sitt. Negative haldningar går også att, og
desse heng nok også saman med
følelsen av ikkje å meistre nynorsk.
Ein gjer heller ikkje så mykje for å
meistre det ein er negativ til.
– Målarbeid gjer seg ikkje sjølv –
korleis finansierer de prosjektet?
– Noregs Mållag sentralt har
garantert for prosjektet gjennom
tre år. Vi har også søkt fleire instansar, og held sjølvsagt fram med det.
Busk-Mål har mellom anna gjeve
50 000 kroner. Sørli-legatet har
gjeve oss 10 000 kroner.
– Er Målstreken rett oppskrift for
å motvirke at fleire skiftar frå nynorsk til bokmål?
– Det er det vi vil finne ut av.
og Mål og meining. red anm.) har
vi mellom anna varsla at vi skal gå
systematisk igjennom heile kulturog mediesektoren for å vurdera kva
som kan gjerast for å stimulera til at
nynorsk målbruk blir meir synleg i
det samla norskspråklege kultur- og
medietilbodet i landet. Her skal vi
spesielt sjå på korleis vi betre kan
profilera nynorsk språk og kultur
blant barn og unge.
– Eit meir konkret eksempel:
I fjor ga vi 300 000 kroner i støtte
til oppstart av ei nynorsk nettavis
som særleg skal formidla regionalt
kultur- og nyheitsstoff for og av
ungdom.
– Er Målstreken rett oppskrift for
å motvirke at fleire skiftar frå nynorsk til bokmål?
– Det kan vera fleire oppskrifter
å ta i bruk. Men den typen haldningsskapande og bevisstgjerande
tiltak som Målstreken er eit døme
på, er truleg ein viktig føresetnad
for å stansa ei uheldig utvikling. Å
motivera nynorskelevar til å halda
fast ved språket kan nok best skje
gjennom tiltak som er utvikla lokalt, og som legg vekt på verdien
av lokal identitet både språkleg og
kulturelt. Det er nemleg ikkje slik
at dette eine og aleine kan vera eit
sentralt statleg ansvar. Vi er heilt
avhengig av at dei som kjenner problemet nært på kroppen, tek ansvar
og initiativ. Verdien av det arbeidet
Noregs Mållag gjer både sentralt og
lokalt, og det påtrykk dei øver på
oss politikarar, kan ikkje overvurderast.
Må skjerpa oss
– Kva skal til, trur du, for at for
at nynorskelevar skal halde på
nynorsken gjennom det 13-årige
skuleløpet? Kva kan ein gjera?
– Det er også nødvendig at vi
heile tida ser over om ulike statlege
tilretteleggingstiltak verkar slik dei
skal. Det er viktig at ikkje nynorskelevar møter for mange praktiske
Dette er den ideen som har vore
lettast å realisere. Om det er rett
medisin, veit vi ikkje enno. Det er
ganske arbeidskrevjande om vi må
løne prosjektleiarar i arbeidet for
å oppretthalde nynorsken blant
nynorskbrukarane. Men det er
opplagt at ein må gjera noko, og
tiltaka må nok koma frå utsida av
skulesystemet. Få skular vil sjølve ta
tak i problemet på grunn av svært
mange andre satsingsområde. Difor
er det eit viktig mål for oss å forankre prosjektet både politisk og i administrativt i kommunane. Eit prosjekt varer ikkje evig, men vi håpar
å få skuleeigarane noko meir aktive
i forhold til problemstillinga.
– Kva anna gjer de for å motivere
elevar til å halde på nynorsken gjennom det 13-årige skuleløpet?
– Førebels skal vi peike på dei
positive sidene ved å bruke nynorsk. Vi snakkar også ein del om
nynorsk som ein viktig identitetsmarkør, som ein del av «merkevarebygginga» av dei sjølve. Dette er
kanskje det viktigaste. Skuleelevane
treng rollemodellar som dei kan
identifisere seg med. Difor har vi
nokre gonger med ungdom ut på
skulebesøk, og no lagar vi også ein
film der ulike rollemodellar fortel
kvifor dei brukar nynorsk.
KNUT AASTAD BRÅTEN
[email protected]
barrierar slik at dei blir freista til
å gå over til bokmål som ein slags
minste motstands veg. For eksempel må vi skjerpa oss når det gjeld
å følgja opp den lovfesta retten til
lærebøker på nynorsk. Det kan
også vera behov for å innhenta meir
systematisk kunnskap om dei mekanismane som fører til målbyte.
Valdres-prosjektet kan her vera eit
grunnlag å byggja vidare på.
KNUT AASTAD BRÅTEN
[email protected]
Ein ny generasjon lærarstudentar er på veg
nmu
Maria Svendsen
Dei viktige
lærarane
Me har alle opplevd mange typar lærarar. Gode lærarar, dårlege lærarar,
haldningsskapande lærarar, og
lærarar som har spelt ei viktig rolle
i liva våre. Undersøkingar på Lektorprogrammet ved Universitetet i
Oslo (UiO), syner at det er éin ting
mest alle lærarstudentane har til
felles, og det er opplevinga av ein
spesielt flink lærar. Det er den læraren dei vil verta.
Læraren har ei spesiell og fleirfaldig rolle. Det er ein person som
skal læra oss grunnleggjande evner
i skulefaga, men han er òg ein vaksen rollemodell. For mange er læraren den einaste vaksne personen
utanom foreldra som dei føler tillit
til. Det seier seg sjølv at her ligg det
eit stort ansvar i læraren. Han påverkar kva val elevane tek, og kva
val dei vil ta seinare i livet. Han kan
skapa og øydeleggja haldningar, og
han kan vera med å forma meiningar.
Eg er glad eg hadde ein norsklærar som
var positiv til nynorsk, og som
klarte å læra vekk faget på ein god
måte, før eg møtte på lærarar med
«dette må me berre gjennom»innstillinga, som diverre er altfor
vanleg i norsk skule. Hadde det
vore motsett, ville eg truleg ikkje
engasjert meg for nynorsken.
Eg lurer på kva som skjedde
med lærarane. Dei er ikkje slik dei
ein gong var. No vert dei masseproduserte ved universitet og høgskular, utan særleg fagleg tyngd,
og i alle fall utan god språkkompetanse. Lærestadene seier at dei som
ikkje skal undervisa i norsk, heller
ikkje treng kunnskapar i norsk.
Dei skal læra vekk faga sine, ikkje
norsk.
På lektorstudia ved universiteta har
mange av førelesarane store problem med å finna norske ord for
det dei vil formidla. Dei nyttar
peiking, gestikulering og engelske
faguttrykk i staden. Men i fylgje
lærestadene treng vel ikkje dei heller norskkunnskapar, for dei skal
berre undervisa faga sine, ikkje i
norsk. Slik genererer me lærarar
med lågare og lågare kompetanse i
norsk fagspråk.
Mållaget har alltid vore dominert av dyktige, språkinteresserte
lærarar. Det var lærarstudentar
som starta dei fyrste målungdomslaga, og me har mange lærarar å
takka for at skulekrins etter skulekrins valde nynorsk fram til krigen
sette ein stoppar for framgangen.
Eg lurer på korleis den gode læraren
vert skapt i 2010. Læraren er mykje
av lykelen til framtida for nynorsk,
og for norsk språk generelt. Slik
lærarutdaningane er no, får me ikkje lærarar med tilstrekkeleg kompetanse i norsk, og mange lærarar
slit med enkle omgrep innanfor
fagkretsen deira. Utdaningsinstitusjonane må forstå at alle lærarar
underviser på norsk, jamvel om
ikkje dei er norsklærarar.
14
Noko viktig manglar i den nye
forskrifta om rammeplan for
grunnskulelærarutdanningane
som vart vedteken 1. mars: Ei
grunnleggjande språkopplæring
for alle.
Hausten 2010 må den gamle
allmennlærarutdanninga vike
plass for ei ny grunnskulelærarutdanning. Hovudskilnaden er
ei todeling av utdanninga, slik
at lærarstudentane kan velje å
spesialisere seg på dei trinna dei
skal undervise på, anten 1.–7.
trinn eller 5.–10. Etter Kunnskapsdepartementet skal dette gje stu-
dentane eit styrkt pedagogisk og
fagleg grunnlag. Vel studentane
å spesialisere seg på 5.–10. trinn,
er ikkje norsk eit obligatorisk fag
om ikkje ein skal verte norsklærar. Ein student kan altså verte
ferdig uteksaminert lærar utan
å få noka som helst opplæring
eller få kunnskapane sine prøvde
i norsk. Einaste kravet er ein 3-ar i
norsk frå vidaregåande.
– Lærarar må ha ein viss
språkleg kompetanse, ikkje berre
til å undervise i norsk, men òg
på norsk, seier Synnøve Skjong,
fyrsteamanuensis på Høgskulen i
»
HOVDEBYGDA
slår til igjen
«Klypa» er mellom dei aller
største norske humorsuksessane på YouTube. Opphavet
til alle rollene i dette originale universet heiter Thomas
Nedrelid Ryste, og kjem frå
Hovdebygda i Ørsta. Sambygdingen Runar Gudnason
har ringt til han.
– Ka du sæi, farr?
– Jaudå, nædå ...
– Korleis kom Klypa ut av Ørsta?
– Det var no YouTube, det. For tre år
sidan begynte me å leggje ut videoane
der, og no er det samla visningstalet på
over 2,5 millionar.
– Oj!
– Ja ... Det e nå ganske møkje.
Persongalleriet i Klypa er ikkje som
alle andre persongalleri: Palle, ein rånete
ungkar som sel heimebrent og tobakk frå
bagasjeromet, Strila-Petter, ein eksentrisk
friluftsmann med tourettes syndrom,
og Kjell «Kjellen» Bigseth, ein svele-glad
bussjåfør med eit voldsomt temperament
og tilsvarande låg sjølvinnsikt.
Debut i Ungdomshuset
33-åringen frå Hovdebygda debuterte i
ung alder på scena på «Ervingen», som
ungdomshuset i heimbygda heiter. Her
har far hans vore ei av hovuddrivkreftene for Hovderevyen i omtrent hundre
år. Seinare har Thomas butt nokre år i
Trondheim, der han både gjennomførte
sivilteneste som rekvisitør på Trøndelag
Teater, og studerte. Soleis fekk han bygda
på avstand lenge nok til å kunne ta ho på
kornet, men ikkje så lenge at han mista
språket. Det er min eigen teori. Han
snakkar mykje breiare enn det eg gjer,
som ikkje har butt heime på 19 år. Han
uttalar til dømes talet sju med stum t. Det
høyres ut som ei sjølvmotseiing, men det
er det langt i frå.
– Det begynte for ei s(t)ju år sidan,
då eg var heime på ein ferietur. På festar
dreiv eg ofte å herma etter lokale heltar,
og så var me nokre som fann ut at det
kunne vere løye å lage video av det. Me
lånte nøklane til den nedlagde kleklypefabrikken i Hovdebygda, og begynte å filme
der. Me hadde ikkje manuskript, men
hadde no tenkt litt på ein raud tråd, seier
Nedrelid Ryste.
premiere i februar, men på grunn av høg
etterspurnad, spelar me 5-års jubileumsshowet frå i fjor enno.
Nytt show i september
KLYPA FRÅ ØRSTA
◆ Karakterunivers skapt av Thomas
Nedrelid Ryste. Dei mest kjende
er Palle, Kjell «Kjellen» Bigset og
Strila-Petter.
◆ Har blitt sett meir enn 2,5 millionar
gonger på YouTube.
◆ Eigen DVD og show over heile landet,
inkludert i Oslo, Bergen og Trondheim.
Det sjette Klypashowet får premiere i
september. No har dei fjerna nokre av
videoane frå nettstaden, og i november
kom ein dvd med fire timar med materiale. Dvd-en har selt 9000 eksemplar, så
langt. Og Klypashowet turnerer heftig,
mest på Sunnmøre, men òg med hyppige
avstikkarar både nord- og sørover.
– Er det so at du har slutta i banken?
– Ja. Fyrst hadde eg eit års permisjon,
og så berre gav eg opp ... eg lever ut draumen!
Livet som profesjonell komikar har
Thomas drøymt om sidan han var ti år.
No er han i Bergen for å spele ein ny
runde med 2009-showet, og brakkene er
stinne igjen, kvar kveld. Eg lurer på om
det kun er strilar som kjem, eller om byfolket òg forstår humoren – og om det er
mange som kjem fleire gonger?
– Det er ut som ei god blanding. Og
nokre kjem kanskje meir enn éin gong. I
går kveld sat der ein sjåfør, som eg kallar
det, på fremste rad. Han sa det eg skulle
seie, før eg sa det sjølv. Det var skrekkeleg
travelt, men heldigvis somna han etter
kvart.
Figurane finst i alle miljø
Sveleoppskrifta
Allereie i denne fyrste videoen er det
Thomas som spelar alle rollene, men her
er alle med på éin gong, og snakkar med
kvarandre – eller forbi kvarandre – i ein
absurd samtale på ein ikkje frykteleg produktiv fabrikk. YouTube fanst ikkje enno,
men videoen gjekk frå hand til hand, og
vart ein kultsuksess i det rurale undergrunnsmiljøet i Ørsta og Volda. I 2005
ringde Thomas sin gamle ven Tor-Erik,
og ville ha han til å lage eit show på Rust
Club og Scene – heilt inne i Ørsta sentrum. Thomas visste ikkje heilt kva han
sa ja til, men han sa no dét. Han tok figurane opp på scena, sette i hop eit band
som spelte mellom dei mange monologane, og krydra med videosnuttar på lerret. Dermed var Klypa fødd, ein moderne
form for revy – og forma har ikkje endra
seg sidan.
– Den oppskrifta må vere der. Elles
vert ikkje svela etandes. Men me lagar
nytt show kvart år. Me har brukt å ha
Ej vika'kje en millimeter, og folk sle
sej nå på knena.
Thomas Nedrelid Ryste
– Eit spørsmål eg har fått før: Klypa,
Vassendgutane og Side Brok er tre fenomen som har slått an nasjonalt, og alle
tre handlar – på forskjellige måtar – om
å skildre bygdekulturen på ein humoristisk måte. Kvifor slår det an? Og kvifor
kjem alle frå Ørsta?
– Eg trur det er fordi det er folkelege
ting me held på med, og i Noreg bur om
lag 1 million i byane, resten bur på bygda.
Og figurane frå Klypa finst i alle miljø i
heile landet. Så folk kjenner seg igjen, eg
trur det er så enkelt.
– Men kvifor Ørsta? Er det her me finn
essensen av bygdekulturen? Er me ekstra
bygdete i Ørsta?
– Hehe ... Eg veit ikkje. Det er sikkert
mykje tilfeldig òg.
– De har til og med spelt i Oslo. Forstår
dei kva du seier der?
– Ja! Mange heime spør om eg ikkje
gjer om på dialekten litt når eg spelar i
Bergen og Oslo – om eg språkar slik at
folk skal forstå. Men ej vika’kje en millimeiter, og folk sle sej nå på knena. Så dei
forstår tydelegvis kva eg snakkar om.
– Kva er det som er så svært med å stå
på scena og få folk til å le?
– Det er ein slags rus, og eg får ikkje
nok. Eg vert aldri lei av det. Og når det
sit over fire hundre menneske i salen og
ler seg i hel av det eg seier heilt aleine på
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
»
Synnøve Skjong
Oslo. Ho meiner at god språkopplæring
er grunnlaget for god fagformidling.
– Språket er grunnleggjande i alle
fag. Som lærar skal du nytte fagomgrep,
uttrykkje deg godt skriftleg, og ta omsyn til hovudmålet til elevane.
Universitetet i Stavanger har nettopp
innført den nye grunnskulelærarutdan-
ninga for 5.–10. trinn utan obligatorisk
opplæring i norsk. Ein telefon til UiS
syner kor lite utdanningsinstitusjonane
er klar over ansvaret sitt: På spørsmål
om kva ein lærarstudent skal gjere om
han eller ho ikkje meistrar nynorsk godt
nok til å undervise, svarar universitetet
at dei ikkje skjønar problemstillinga av
di studenten skal undervise i faget sitt,
og ikkje i norsk. Alle elevar står fritt til å
kunne velje hovudmål i alle fag. Det vil
seie at alle lærarar må kunne nytte både
nynorsk og bokmål som undervisningsspråk. I forskrifta står det at læringsutbytet til den nye lærarutdanninga skal vere
at «Kandidaten mestrer norsk muntlig,
norsk skriftlig både bokmål og nynorsk,
og kan bruke språket på en kvalifisert
måte i profesjonssammenheng». Korleis ein naturfagslærar på skal kunne
tileigne seg denne språklege kompetansen utan å få noka form for opplæring i
det, vert det snakka lite om.
Janne Nygård
Integrering
på nynorsk
Nynorskkommunane slit med
målbyte frå nynorsk til bokmål.
Talet på nynorskbrukarar går
ned. Kvifor lærer ikkje innvandrarar som flytter til nynorskkommunar nynorsk?
I dag får dei aller fleste innvandrarar opplæring på bokmål,
sjølv om dei flytter til ein av dei
114 nynorskkommunane. Der
nynorsk er bruksspråket, burde
det vera sjølvsagt at opplæringa
var på nynorsk. So lenge opplæringa er på bokmål, skaper me
nye integreringsproblem når dei
same foreldra skal hjelpa ungane
sine som går i nynorskklasse. På
sikt er dette svært uheldig, og det
hindrar god integrering om innvandrarane vert utestengde frå
nynorsken.
Lite framsynt integrering
Å skapa nye språklege skiljeliner
skader integreringa. So lenge
opplæringa er på bokmål, vert ei
gruppe menneske utestengde frå
språkfellesskapet i kommunen,
samstundes som dei mister høvet
til å ta seg ei rekkje jobbar. Det er
lite framsynt for kommunar som
treng arbeidskraft. Me viser lite
respekt for sambygdingane våre
når me gjev dei opplæring på eit
anna språk enn det som er i dagleg bruk i kommunen. Det signaliserer at det ikkje er so viktig å
læra nynorsk, for innvandrarane
skal jo flytta til Oslo likevel.
Fokus på integrering
Kommunal- og regionaldepartementet har varsla at dei ynskjer å setja fokus på integrering
i distrikta. Norsk Målungdom
har svart ved å be Liv Signe Navarsete hugsa på nynorsken i integreringsarbeidet. God integrering i distrikta er ein føresetnad
for at det fleirkulturelle Noreg
skal inkludera meir enn berre dei
store byane. Samstundes er det
viktig at nynorsk vert ein del av
integreringsarbeidet.
Vilje til betre integrering
EIN I KVAR BYGD: – I Noreg bur om lag 1 million i byane, resten bur på bygda. Og figurane frå Klypa finst i alle miljø i heile landet. Folk kjenner seg igjen,
seier Thomas Nedrelid Ryste, her som Palle.
Foto: Ryste Entertainment
scena, då ... det må prøvast for å forstå det.
For meg er det det største ein kan oppleve.
At folk kjenner igjen Thomas sine karakterar, er mildt sagt; mange er overtydde om
at Kjell «Kjellen» Bigseth er ein ekte person.
– Der er ein stakkar i Volda som heiter
Bigseth, og han får ikkje fred, verken natt eller dag! Han har ringt meg og spurt om eg
ikkje kan gå ut i avisa og fortelje at Kjell «Kjellen» Bigseth ikkje eksisterer, for han held på
å verte galen.
Karakterane skal ha liv
Kanskje ikkje så kjekt for stakkaren frå Volda,
men eit stort kompliment til kunstnaren frå
Hovdebygda. Thomas legg vekt på at figurane framstår som ekte levande folk. Derfor
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
har han laga eit liv til alle figurane, frå fødsel
og fram til der dei er i dag. Han tenkjer på dei
dagleg, han kjenner dei ut og inn, og ser dei
som sine nære vener. Thomas meiner dette
er resepten på å få dei så levande som folk
opplever dei.
– Hender det at du har problem med å
skilje karakterane frå Thomas Ryste i dagleglivet? At du reagerer som Kjellen i staden for
deg sjølv?
– I begynnelsen hadde eg faktisk tendensar til å hoppe over i Kjellen litt for ofte, men
no har eg vorte flinkare til å skilje. Eg får av
og til lyst til å reagere som Kjellen enno, men
eg må berre bite det i meg, og vere meg sjølv.
For han kan reagere på alt!
Etter vidaregåande studerte Thomas
kommunal planlegging i Volda. Det var fryk-
teleg kjedeleg. I Trondheim tok han eitt år
pyskologi grunnfag.
– Det er kanskje eit studium du har hatt
nytte av i arbeidet ditt i dag?
– Hehe, jau ... Det kan hende eg får bruk
for det i framtida i allefall.
– Ja, framtida, Thomas? Har du planar
om å lage noko nytt? Eller endre litt på oppskrifta?
– Ja nei, ej vekkje ... Eg ser eigentleg ikkje nokon grunn til å gjere noko annleis. Så
lenge det fungerer så bra som det gjer, så vil
me halde på med Klypa. Me har jo berre tatt
ein liten bit av Noreg så langt, me skal ta resten med.
RUNAR GUDNASON
[email protected]
Heldigvis finst det ljospunkt og
grunn til optimisme. I Vinje har
dei vist at integrering i distrikta
kan fungera minst like bra som
i byane. I Førde har lærarane arbeidd knallhardt for å gje elevane
eit fullverdig opplæringstilbod på
nynorsk, og arbeidet gav frukter
då dei hadde resultat langt over
gjennomsnittet i norsk. I fjor
gjekk Anne-Ma Eidhammer i
spissen for eit ordføraropprop
for å få læremiddel på nynorsk,
som 50 ordførarar skreiv under
på. Desse viser at det finst vilje
til å gjera integreringa betre. No
er det på tide at kommunane og
departementet går saman for å ta
i eit tak.
EVA HOLTHE ENOKSEN
[email protected]
15
Førre veka sa islendingane nei til Icesave-avtala. Dei intellektuelle på øya visste dét for lenge sidan. Dei visste at eit islandsk «nei»
er til det beste for heile verda.
– Nei, ingen tener på at vi
ISLAND
– Einar?
– Einar.
– Den Einar?
– Sikkert ikkje. Eg trur kanskje at du har
valt feil kar. Det var fleire Einar som spelte
med Björk.
– Eg leiter etter surrealisten, han som
var i Medusa, med Sjón?
– Det var eg, seier Einar Melax, som eg
møter på kafé i Laugargata. Vi skal komme
til å snakke om Björk, Sjón, og om banda
dei spelte i saman på åttitalet. Vi skal
snakke om å vere uavhengige musikarar,
og eit uavhengig land. Men vi går ikkje
redde dit.
Vi varmar opp med prat om vêret, som
er uvanleg lummert, og om Icesave-avtala.
For Melax får ikkje avtala noen vidare følgjer. Han lever av eit måltid mat som han
får av staten, via ein institusjon. Han jobbar frivillig og gratis for institusjonen. Han
og pasientane der lagar eit teater.
Om pasientane der hadde fått hjelp tidlegare, kunne innlegginga vore førebygd.
Det er dyrare for staten å reparere, enn å
førebyggje. På liknande vis kan det bli dyrt
for verdssamfunnet å krevje av islendingane å betale Icesave-avtala. Det skjøna
dei intellektuelle på øya for lenge sidan.
Einar Melax er ein av dei. Han veit at det
er til det beste for heile verda at dei seier
nei. Men for han personleg, er eit ja like
greit. Han har ikkje noe å miste, og har ikkje barn, som kjem etter han.
Ja til Icesave?
Icesave-avtala er ei avtale mellom Island,
Storbritannia og Nederland. Ho går ut på
at Island skal betale 30 milliardar kroner
til Storbritannia og Nederland. Pengane
skal dekke tapet som britar og hollendarar
16
fekk då dei islandske bankane kollapsa. Då
gjekk også nettbanken «Icesave» konkurs.
Innskota, som tilhøyrde britar og hollendarar, gjekk tapt. Juridisk sett er ikkje
islendingane forplikta til å betale pengane.
Det er eit spørsmål om ære og sjølvbilete:
Sidan Snorre har islendingane vore «dei
som tenker, som skriv, og som er opptekne
av viktige ting, og gode verdiar». Men dei
har kanskje vore uheldige med statsleiarane sine. I 1995 inviterte regjeringa David
Oddsson USA, Kina, Russland, eller alle
i hop om dei ville, til å investere i tungindustri på øya. Amerikanske selskap kom.
Island blei relativt kjemperikt, og bankane
for store. Bankane blei private. Vinninga
blei privatisert, mens tapet blei nasjonalisert.
Tivoli
Eg møter Melax på Kafé Tivoli laurdag
23. januar. I går fekk han og dei andre
vite datoen for røystinga. Icesave er igjen
blitt eit samtaleemne. Men Melax Einar
Arnaldur Melax levde i ei boble av dikt
og avantgarde før, under og etter boomen
og krakket. Medusa var surrealistar. Dei
hengde ut kollektivet til Sjón. Der budde
også Thor Eldon. Dei gjekk til Mensa om
kveldane, Thor sjekka opp Björk, og tok ho
med heim til kollektivet. Sjón trudde han
hadde sjekka opp «ein baby», som han sa
til Einar, som kjende Björk frå før.
Melax og Björk spelte i diverse band,
men fekk ikkje platekontrakt før KUKL.
KUKL spelte på dårleg smak. Det gjorde
også Sugarcubes, som er bandet dei laga
etter KUKL. Sidan har dei andre musikarane blitt meir kommersielle: Björk
er blitt Björk, Einar Örn Benediktsson
er blitt popmusikaren Ghostigital. Men
Einar Melax putlar med ein smal libretto
som han har jobba med i tolv år. Han lagar
også musikken for eit teater som set opp
«Svartfugl». Han speler på vulkanske stei-
nar. Det er vakkert, men ikkje pop. Melax
tener ikkje ei krone.
–Ville du «selt ut» og blitt kommersiell,
om du fekk tilbod om det?
– Eg ville ikkje det, seier Melax, svartfuglen, ein fri fugl, som er interessert i menn,
kvinner, kjærleik, vennskap, forhold, kva
som helst, seier facebook, der han heiter
«Arnaldur Bragisdottir, a mongolian
transvestitte».
Smal kunst – tronge kår
Einar Melax snakkar lågt men klårt, og
seier alle dei rette tinga; snakkar ned om
militæret, opp om avantgarden. Han
er den siste ekte avantgardist, og den
opphavlege indierockaren. Island er ein
nasjon av ekte indierock. Dei islandske
musikarane hadde råd til å vere «indie», og
spele på dårleg smak. Dei britiske og amerikanske kollegaene måtte vere «pop». Dei
trong å selje plater for å overleve. Er det
dette dei hemnar no, mon tru?
Melax blir stille. Islandsk «kommers»
og handel ligg nede. Verken folk, næringsliv eller stat er kjøpesterke. Det blir
sagt om multimillionæren Björk, at ho er
indie, som framleis gir ut platene sine på
det vesle selskapet One Little Indian. Men
den siste, verkeleg uavhengige kunstnaren
frå Island er Einar Melax. Den islandske
staten gir han ikkje ei krone som takk. No
har dei ikkje ei krone. Men dei gjorde det
ikkje då dei hadde det heller. Skulle Melax
ha «gått kommers» mens det enno var eit
næringsliv å bli sponsa av?
– Nei til Icesave!
Måndagen etter møter eg ein representant
for den andre sida av islandsk kulturliv.
Knut Ødegård har statsstipend frå Noreg,
kjenner presidenten og gamle statsministrar, og eig og driv sitt eige forlag. Han gir
òg ut bøker, jamt og trutt, hos Aschehoug
i Noreg.
Knut Ødegård fiksar einvegskjøringa på
Laugarnes med same lette som slekta hans
i heimbyen kjører landevegane mot Aukra.
Han var fotograf for Romsdals Budstikke.
Forfattarskapen hans er som fotografi.
Når dei er på idéstadiet, er dei ein filmrull
i kamerahuset. Ein må ikkje sleppe lyset
inn. Må ikkje snakke om dei. Må halde det
løynd. Heilt til ein går inn på mørkerommet og begynner framkallingsprosessen.
Dette seier han, mens han kjører, og kjører
feil. Vi kjem ut på riksvegen nordaust for
byen, der det nesten berre er hav, hamn og
industri. Men berre sekund seinare kjem
vi rundt neset, og får Reykjavik Downtown
og indre hamn framfor oss. Spekulantane
sine glasdekte høgblokker står som ei rad
dominobrikker framfor oss. Annakvart
bygg er mørklagt, med selskap som er
konkurs. Annakvart bygg har lys. Det har
vore 1000 konkursar på eit år i dette landet
med 300 000 innbyggarar. Denne rekka av
nybygg er eit talande bilete. Dei er blanke
og fine på utsida. Men dei lyser ikkje innanfrå.
Humanisme, kapitalisme
– Kva kjenner du for Reykjavik eigentleg?
– Reykjavik har endra seg sidan eg
flytta hit. Eg er som ein del av byen,
seier han, tar av til venstre, og opp til villastrøket 105 Reykjavik, og kjører i tretti
gjennom gatene, der det ligg ein ball, ein
plastbil.
– Men eg er sint på dei av dei nyrike,
neokapitalistane, som øydela for dei opphavlege verdiane, som fred, vennlegheit og
menneskelegheit, seier han, parkerer, og
fiskar ein pose kaker frå baksetet.
– Eg visste ikkje kva du liker, så eg
kjøpte litt av kvart. Wienerbrød liker du
vel, he? seier han, opnar dørene, tar jakkene, kallar min for Peysa, seier han.
Peis, noe varmt. Ødegård byter til tøflar, men beheld dressjakka.
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
FRUSTRASJON: Islendingar markerer misnøye over den økonomiske situasjonen landet har hamna i. Ved Icesave-røystinga stemde 93,2 prosent nei.
Foto: Ólafur Kr. Ólafsson, www.flickr.com/olafur
– Noreg har berre hatt noen få folkeavstemmingar. 1905,
t.d. Avstemminga om Icesave-avtala er den første på Island.
Det er Islands 1905.
Knut Ødegård
blir avhengige av dykk
– Kaffi? Te? seier han, og forsvinn inn
på kjøkkenet. Omkring: ein luftig hall
med trapp til øvre etasjar, og stor takhøgd.
Til høgre er eit lågt bord med eit par
diktbøker på utstilling. Til venstre; stova,
karnappvindauget, mye dagslys. Ingen
kunstige lys. Ei stor lysekrone ligg i sofaen.
Grøn plysj. Eit flygel. Eit piano. Fleire
helgenstatuar. Mange bøker. Skinnryggar.
Ødegård kjem inn med eit fat kaker.
– Er kakene ok? seier han.
Kakene er strålande, Knut, strålande.
– Orsak lysekrona, seier Knut, og
spør om eg får plass her i huset. Eg får
plass, herregud, gode Knut, eg blir henta,
varta opp, underhalden og informert, eg
har det as good as can be, Knut, klarer å
svare med eit smil, ikkje like varmt som
hans, det går ikkje an. Knut Ødegård
smiler med heile seg, med auga, håret, og
tversover-sløyfa. Skotskrutete, strålande,
eg er trygg, glad. Det er Laugardalslaugar
og varmt mineralvatn, avslappande, det er
20. januar, og har vore lummert som ein
sommardag. Varmt i lufta, varmt i bassenget. Varme folk. Kroppen min glømmer
liksom å lage sin eigen varme. «Nordmenn
som drar til Island, kjem aldri tilbake,» har
eg høyrt. Eg begynner å skjønne kvifor.
Det blir ei omstilling å komme tilbake til
Oslo og minusgrader all over. Ødegård
kom til Reykjavik første gongen i 1971.
Han forelska seg i ei dame, og flytta hit. No
får han løn frå Noreg, som statsstipendiat,
men har registrert adresse her. Han er
medlem i forfattarforeiningane både her
og der, og driv eit forlag på Island. Men
han pendlar att og fram mellom landa.
Ødegård ropar frå kjøkkenet: – Klarer
du earl grey? seier han, og fyller snart
stova med lukta av bergamottolje. Han set
kanna på det låge, asiatiske bordet. Lakkert, mørkt trevirke. Ut att i kjøkkenet.
Inn att. – Har vi teskeier? Det har vi. Fine,
i sølv, med initialar inngraverte. – Men vi
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
I draumeland
SINT: – Eg er sint på dei av dei nyrike, neokapitalistane, som øydela for dei opphavlege verdiane, som fred, vennlegheit og menneskelegheit, seier Knut Ødegård, her i stova si på Island.
Foto: Mette Karlsvik
har ikkje kakespade, seier Ødegård, går,
kjem tilbake med ein kakespade.
Intervjuet
Ødegård fekk spørsmåla mine på e-post:
Bør Island akseptere icesaveavtala, eller
ikkje?
Kva tenkjer du elles om den økonomiske
og politiske situasjonen på Island?
Korleis har situasjonen virka inn på den
kunstnariske produksjonen din?
Og no får eg svara frå han; i fanget, i
form av eit fem A4-siders langt dokument
som han har skrive ut, sett binders på,
og lagt i ei plastlomme i lag med åtte–ti
avisutklipp og relevante artiklar. Arka er
framleis varme. Linjeavstand 1,0. Tett.
Det er lummert. Eg legg kaka tilbake på
tallerkenen. Ikkje eingong Synste Møre,
den siste storformatsavisa i Noreg, kan gi
plass nok til denne saka, til det stoffet som
eg har i fanget. Dette treng ei bok, ein
Singel, minst, tenkjer eg, mens Ødegård
spør, om det er spørsmål, om det er noe eg
vil vite, noe meir? spør Ødegård, frivillig,
uløna Bjørnsonfest-sjef, som får meg til
å kjenne meg som sjef, æresgjest, Du må
ete kake, seier Ødegård, blir sjef. Ok. Vi
et kake, og drikk te og kaffi. Blodsukkeret
stig, og vi snakkar igjen, ler på fritt grunnlag. Snakkar om den vanskelege, islandske
politikken.
Er Ólafur Ragnar Grímsson til høgre,
eller venstre? Han er sonen av ein frisør.
Men er han konservativ, eller radikal? Han
er gift med ei jødisk diamanthandlarske.
Er sjølvstendepartiet til høgre, eller til venstre? Dei er til høgre. Men dei er eit folkeparti. Dei var som Island sitt AP.
Ødegård kjører austover, og snakkar: Det
er fint å gå turar her. Å gå turar er bra for
diktinga, seier Ødegård, og seier at han har
med seg penn og papir, og ein dings, seier
han, og kniser løyndomsfullt.
Ein opptakar, som eg pratar til når eg
får ein idé. Eg kallar han draumefangaren,
fordi eg har han ved sida av senga mi. Eg
snakkar inn draumane mine til han når
eg vaknar om natta. Det er betre enn å
ligge og gruble, seier Ødegård, som er diktekunstens Special Agent Cooper. Heile
tida på hogget. Vi ler litt av det, og så spør
han kva eg meiner om Jens Stoltenberg,
om han er på hogget, som Ødegård kallar
dei vakne, engasjerte politikarane som vil
noe, som har brodd, og som handlar. Det
er berre dagar sidan utanriksministaren
hadde ein heil time i prateprogrammet
Skavlan på NRK1. Utan å nemne Island
med eit ord, men snakkande om frostbitt,
skihytter, og private nakenbilde som blei
offentlege.
Har Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg blitt dei norske «snorksovande Geir
Haarde», som Einar Már Gudmundsson
skildrar i Den Hvite Boken?
Gi dei ein diktafon, og la dei mumle
sine søvndrukne sløvheiter inn på teip.
Så får dei sove. Den som søv, vaknar. Den
som vaknar, er vaken.
Verda treng vakne statsleiarar.
Knut Ødegård kjører ikkje feil på turen
heim. Og rett før eg skal gå ut, og han skal
kjøre vidare, seier han:
– Noreg har berre hatt noen få folkeavstemmingar. 1905, t.d. Avstemminga om
Icesave-avtala er den første på Island. Det
er Islands 1905.
Og kva kjem dei til å røyste?
– Dei røyster nei. Det er til det beste for
heile verda.
METTE KARLSVIK
[email protected]
17
i bokevja
ved Hilde Myklebust,
skrivande småbrukar
Det greip meg
så sinnsjukt
«Det som er så fint med diktsamlingar», seier folk,
«det er at ein ikkje treng lese alt i eitt. Ein kan lese
eitt dikt, legge frå seg boka, plukke ho opp på eit
seinare tidspunkt og lese eitt dikt til.» Har eg høyrt
folk seie. Det har sikkert hendt at eg har sagt det
sjølv også. Men kva i alle dagar skal det tyde? Tyder
det at ein ikkje kan verte hekta på ei diktsamling?
At ein ikkje kan få eit slikt kriblande renn av lyst og
nyfikne, at ein berre må lese meir? At ingen diktsamlingar er «pageturners»? For det er jo berre tull!
Den siste diktsamlinga til Knut Ødegård, Det blomstra så sinnsjukt, gjorde meg fullstendig hekta. Eg
kunne ikkje vorte meir hekta om eg las ein engelsk
krim i påskefjellet (truleg mindre)! Med sine nærare hundre sider og tidvis kompakte tekstblokkar, er dette ei diktsamling det tek ei stund å lese,
men frå perm til perm gjekk det. Denne sugande,
lokkande kjensla ho gav, var ikkje til å ta feil av:
eg kunne ikkje legge ho frå meg. Eg måtte vidare.
Meir. Meir. Kva no? Kva kjem etterpå? Desse linjene, kvar ber dei hen? Kvar skal vi, Knut, kvar tek
du meg med?
For denne samlinga er så interessant. Så frykteleg
interessant og så gripande på same tid. Denne diktsamlinga er ein flaum av ord, ei elv av inntrykk, ho
brusar av ei overflod av episk poesi som dreg meg
som lesar med, heile vegen fram: Eg kom til å tenkje på då eg var i Laos. Vi tok bussen langt oppover
i dalen, sette oss på elva i store dekkslangar og
flaut i timevis nedover mot Vang Vieng. Ein jamn
straum, over alt langs breidda stod bambus, han
såg så mjuk ut, til å søkke inn i. Og små hus på pålar, brått ein liten serveringsstad oppe i skråninga,
menneske som strekte bambustroder ut mot oss,
så vi kunne gripe fatt, gå i land, ta ei øl, flyte vidare.
Og vere heilt tilstades. Heilt open, vaken, påverkeleg for alt. Alt!
Så tek han også attende ordet sinnsjukt. Eit ord som det
har gått betydeleg inflasjon i siste åra, brukt i hytt
og pine. Men her, i denne samlinga, vert ordet ein
tilstand. Ei sanning. Eit ord med tyngd og kraft. Det
blomstra så sinnsjukt. Ja. Det er ein tilstand, det.
Når siste dikt ebbar ut, tenkjer eg at eg har vore med på
ein slags eksplosjon. Av fargar og blomar og menneskesinnstilstandar. I dei forskjellige delane av
boka blomstrar det frå så ulike stader i livet, i verda.
Det er noko plastisk med denne samlinga, Ødegård
rører seg så lett i tid og rom, og det kjennest så lett
å henge med på reisa. Frå det biografiske, til det
som gjer at ein diktar vert kalla nettopp diktar: det
oppdikta. Frå ein moped i Romsdalen, til Karasjok,
til ein tidleg morgon i Oslo i 1942, til ei psykiatrisk
avdeling ein eller annan stad i landet. Og det siste
er så framifrå godt skildra: Eit unikt innblikk i
korleis det er å vere psykotisk, vere fylt av angst,
schizofreni og psykisk sjukdom kan ein lese mykje
om i lærebøker, men tru meg: det er poesien som er
tilstades, og ingen annan stad kan ein kome nærare:
– Pappa, kviskrar ho i tlf. i dag, – eg høyrer
Alle stemmene i verda, oppfattar all lyd.
Det er nokon som høyrer i meg,
pappa, det er ein pust
Ein vind i meg som vil at eg skal fly.
20
TRE KVINNER: Aslaug Vaa, Aslaug Låstad Lygre og Halldis Moren Vesaas er dei tre kvinnelege lyrikarane
som har fått plass i boka Nynorsk lyrikk, 25 diktarar – 220 dikt.
Solid antologi over nynorsk lyrikk
Ivar Aasen (1813–1896) verkeleggjorde ein draum han bar på: å
skape eit norsk skriftspråk. Og utan
hans epokegjerande innsats er det
lite truleg at me i dag hadde hatt
vår rike nynorske lyrikkskatt. Så
me har mykje å takke Aasen for, og
i ein ny antologi dreg Henrik Skorven dei lyriske arvtakarane hans
fram i ljoset, i eit utval som strekkjer seg nettopp frå Ivar Aasen til
Halvor J. Sandsdalen – berre for å
ta det kronologisk. I mangt og mykje skriv boka seg inn i tradisjonen
etter klassikaren «Nynorsk lyrikk –
frå Ivar Aasen til Tor Jonsson, som
fyrst kom ut i 1962, redigert av Johs.
A. Dale, Bjarte Birkeland, Erling Nielsen og Halldis Moren Vesaas.
Skorven held seg til den fastlagde
kanon, og det er ikkje teke med lyrikarar som debuterte etter 1950.
Med ei slik avgrensing vert då også
den lyriske modernismen stemoderleg handsama, sjølv om diktarar
som Kristofer Uppdal, Tarjej Vesaas
og Olav H. Hauge naturleg nok er
komne med. Så ein bør nok leite andre stader om ein ønskjer seg meir
oppdaterte utsyn over den seinaste
nynorske lyrikken.
Utgangspunktet til Skorven har
derimot vore eit ønske om «å få
oversyn over utviklinga av landsmål/nynorsk frå Aasen si tid og
fram til seinare diktarar», som
det heiter i føreordet. Og eit slikt
Henrik Skorven (red.)
Nynorsk Lyrikk,
25 diktarar – 220 dikt
Selja Forlag, 2009
lyrikk
«oversyn» sit lesaren verkeleg att
med etter å ha lese seg gjennom dei
poetiske landskapa til kvar av lyrikarane i denne boka. Forvitneleg er
òg valet som er gjort med å prente
dikta i deira opphavlege skriftform.
Difor er det òg eit lerret med norsk
språksoge som her vert rulla ut.
Det er ei vidfemnande bok, på
340 sider og med rom for 25 diktarar og 220 dikt. Skorven har gått
grundig til verks; kvar diktar har fått
følgje av ein biografisk introduksjon,
noko som er til stor nytte for tileigninga av deira respektive diktarverd.
Ein særs fin bokbunad har det òg
vorte, og skrifttypane er prenta med
grøn farge, noko som verkar som
eit originalt påfunn. Elles er utvalet
tradisjonelt nok. Dei kjende og kjære
dikta kjem på rad og rekkje, mellom
anna sjølvsagt klassikarane «Gamle
Grendi», «Ved Rundarne», «Mot soleglad», «No reiser kvelden seg» og
«Til eit Astrup-bilete». Noko meir
overraskande er det at eit kjend og
kanonisert dikt som Kristofer Uppdals «Isberget» ikkje er kome med.
Men elles verkar utvalet solid,
og vekkjer trongen til å leite fram
originalsamlingane, og freiste å
lese forfattarskapane i full breidd.
Denne meldaren vart særleg nyfiken på Henrik Rytter (1877-1950);
han er ein lyrikar som eg har lyst
til å studere nærare. Berre lytt til
desse vedunderlege versa frå diktet
«Skoggang»:
Eg vima kring i store stille skogar,
og anda kvåegjem og briskedåm;
ein solvarm vind i bar og bladheng
sjoga,
og myrsig mulla, late åer svåm;
det flimra kingelvev mot kinn og
hender,
og sola vov i skuggen gylte render.
Lyrikkantologiens styrke er mellom anna at han held tradisjonen i
age, samstundes som han òg ideelt sett skal gje rom for dei mindre
kjende lyriske perlene. Ein kan ikkje
seie anna enn at «Nynorsk lyrikk»
oppfyller desse krava i høg grad.
Det er ei vakker bok, som ein kan
leve i lag med, og verte glad i.
Kjetil Berthelsen
Målsak under brei samfunnshorisont
Samfunnshorisont, kva er det? Vidsyn på samfunnet? Eit samfunn på
denne sida av horisonten? Eller eitt
på den andre sida? Vi kan visseleg
sjå eitt samfunn på denne sida og
eitt på den andre. Samfunnet på
denne sida av horisonten kjenner
vi, der lever vi i dag, det på den andre sida kjenner vi ikkje, men der
må våre etterkomarar leva anten
dei vil eller ei! I målsak som i andre
viktige kultursaker lyt vi rekna med
to samfunn, eitt på kvar side av horisonten, det eine kan vi måla med
vår farge, det andre rår vi ikkje med.
Korleis bør vi måla? Vakkert sjølvsagt! Vakkert for kven? For oss! Vår
farge jamt utover heile samfunnet? Eller flekking der fargen fester seg best?
Fargen må vera ekte og slitesterk, må
ikkje tvettast av ved neste regnskur.
Ein slik farge har vi, men kven likar
denne fargen? Dei som kjenner han!
Med andre ord, vår føreloge er å gjera
fargen ålkjend! Korleis? Halda fram
eitt og eitt ord, det kan folk svelgja!
innlegg
Held vi fram heile morsmålet dånar
dei, masar vi om den eine eller andre
rettskriving freser dei, men om dei
berre møter eitt ukjent ord skjemmest dei litt av si eiga fåkunne og tek
i mot, rett nok løyner dei skamma
godt. Denne skamkjensle, som få
har lagt merke til, er ein god lærar,
ingen vil vera fåkunnig, dei lærer seg
motvillig det nye ordet og diltar stilt
og skamfullt av stad med rova mellom bakbeina. Slik er vi! «Går til sin
gjerning de norske menn, viljeløst vaklende, vet ei hvorhen.»
Som einsleg liten målmann kjenner ein seg stundom opprådd andsynes storsamfunnet, men vi har eit
våpen som dei fleste andre vantar,
eller for å seia det meir fredeleg,
vi har ei gogn som dei fleste andre
vantar, og denne gogn er kunnskap.
Svært få av vår åndselite kjenner or-
det gogn, for dei mest vakne kan eg
vitra at ein kan gjera både gagn og
ugagn med ei gogn.
Våre domstolar «gjør vitterlig».
Dei vitrar at nå skal du til pers anten
du vil eller ei! Eg vonar at du, kjære
lesar, aldri får ei slik vitring, men ordet kan du godt læra deg! Det kjem
ei og anna vitring frå Brussel og dei
må vi akta på anten vi vil eller ei! Det
kan vera litt ukringt med alle desse
ukjende ord, men vi får det heller ikkje kringt den dagen vi berre
kjenner dei mest vanlege ord! Skal
vi overleva som kulturnasjon må vi
læra ord, først og fremst våre eigne!
Det er for lite med engelsk!
Som sagt, andsynes storsamfunnet er vi små, ein gong var vi så
små og arme at vi måtte liggja andføttes, for sengene var også små. Nå
har vi brent sengehalmen og lagt
oss i eit mjukare bol, så mjukt at vi
forsøv oss! Vonom vaknar vi tidsnok til å berga våre beste ord.
Torgils Vågslid
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
Dei andre målgåvene
til å servere
—
—
—
stk. kaffikrus (2008) kr 100
Svart dekor og gulltekst.
Kruset er nytrykk av jubileumsserviset.
Det går mangt eit menneske og ser
seg fritt i kring for Ivar Aasens skuld
Tarjei Vesaas 1950
stk. kaffikrus (2008) kr 100
Svart dekor og brun tekst
Skogen stend, men han skifter sine tre
Olav H. Hauge, 1965
—
—
stk. tekrus med skål (2008) kr 150
Svart dekor og brun tekst.
Nynorsken kviskrar: Dette går ikkje an.
Kristin Auestad Danielsen,2007
stk. frukostasjett (2008) kr 100
Svart dekor og brun tekst.
Nokon må elske ordet og reinske bort
ugras der det gror. Nokon må bruke ordet. Berre ved bruk blir det vakkert.
Marie Takvam, 1987
stk. tekrus med skål (2007) kr 120
Oransje dekor og svart tekst.
OSS, RETNING Eg veit ikkje kvar vi skal.
Men eg gler meg medan vi kjem dit.
Ann Kavli, 1996
NEDSETT PRIS! Serviset frå 2007 er snart selt ut. Du
har enno høve til å sikre deg asjett og tekrus med
skål. Serviset er produsert av Porsgrund Porselen.
—
—
stk. frukostasjett (2007) kr 80
Den som finn ei plomme
kan svelgje ho rett ned.
Men den som finn ein gullklump
kan aldri meir få fred.
Rasmus Lie, 1972
stk. frukostsett (2007) asjett, tekrus og
skål. Kr 175 per sett
til å markere
Medlemskap i gåve: Kjenner du nokon
som burde ha vore med i Mållaget?
Gje dei medlemskap i gåve! Dette
kostar 200 kroner.
— stk.
NØKKELRING, kvar av ringane
kan takast av. Fin om du treng å
dele nøkkelknippet. Kr 75
JA TAKK,
eg tingar:
— stk.
MEDLEMSBEVIS som eg kan gje
vekk i gåve. Kr 200
— stk. PC-HYLSTER med slagordet
Mange røyster – felles mål. Storleik:
15". Kr 150
— stk. Ivar Aasen-almanakk-OMSLAG
— stk. Takk, Ivar Aasen-JAKKEMERKE.
Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
— stk. Slepp nynorsken til-JAKKE-
MERKE. Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
— stk.
REFLEKSBAND til å slå rundt
armen eller foten for å vere tryggare i trafikken. Med logo og slagord:
Mange røyster – felles mål. Kr 20
Kryss av, klipp ut eller kopier
og send tinginga til:
Noregs Mållag,
Postboks 474 Sentrum,
0150 Oslo
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
— stk.
FRIMERKEMAPPER frå Posten
med førstedagsbrev med frimerket
som Posten laga i høve hundreårsjubileet. 50
i skinn som varer i mange år. Aplan-/Filofax-system. Burgunder
farge. Passar for innmat storleik 96
x 167 mm. Du byter ut innmaten for
kvart år. I dette lausbladsystemet er
det også mykje anna tilleggsutstyr
å få kjøpt, m.a. lausark for eigne
notat. Kr 300
— stk.
PARAPLY med trehandtak. Svart
med kvit logo og slagord: Mange
røyster – felles mål. Diameter om
lag 1 meter. Kr 100
— stk.
PARAPLY (kan slåast saman).
Kr 100
— stk.
KRUS I BØRSTA STÅL, med skrulokk, 0,4 liter. Svart logo. Kr 84
— stk.
VILJEN TIL SPRÅK av Ottar
Grepstad. Kr 200
— stk. MATBOKS i plast. 16x11 cm.
Kr 50
Du kan også tinge ved å sende e-post
til [email protected], ringje 23 00 29 30,
fakse til 23 00 29 31 eller ved å gå inn
på www.nm.no
Porto kjem i tillegg.
Hugs at vi går fort tom
for somme artiklar! Det er
såleis ikkje sikkert at du
får alt du tingar.
Namn:
Adresse:
Postnr.
Poststad:
21
i bokevja
ved Hilde Myklebust,
skrivande småbrukar
Det greip meg
så sinnsjukt
«Det som er så fint med diktsamlingar», seier folk,
«det er at ein ikkje treng lese alt i eitt. Ein kan lese
eitt dikt, legge frå seg boka, plukke ho opp på eit
seinare tidspunkt og lese eitt dikt til.» Har eg høyrt
folk seie. Det har sikkert hendt at eg har sagt det
sjølv også. Men kva i alle dagar skal det tyde? Tyder
det at ein ikkje kan verte hekta på ei diktsamling?
At ein ikkje kan få eit slikt kriblande renn av lyst og
nyfikne, at ein berre må lese meir? At ingen diktsamlingar er «pageturners»? For det er jo berre tull!
Den siste diktsamlinga til Knut Ødegård, Det blomstra så sinnsjukt, gjorde meg fullstendig hekta. Eg
kunne ikkje vorte meir hekta om eg las ein engelsk
krim i påskefjellet (truleg mindre)! Med sine nærare hundre sider og tidvis kompakte tekstblokkar, er dette ei diktsamling det tek ei stund å lese,
men frå perm til perm gjekk det. Denne sugande,
lokkande kjensla ho gav, var ikkje til å ta feil av:
eg kunne ikkje legge ho frå meg. Eg måtte vidare.
Meir. Meir. Kva no? Kva kjem etterpå? Desse linjene, kvar ber dei hen? Kvar skal vi, Knut, kvar tek
du meg med?
For denne samlinga er så interessant. Så frykteleg
interessant og så gripande på same tid. Denne diktsamlinga er ein flaum av ord, ei elv av inntrykk, ho
brusar av ei overflod av episk poesi som dreg meg
som lesar med, heile vegen fram: Eg kom til å tenkje på då eg var i Laos. Vi tok bussen langt oppover
i dalen, sette oss på elva i store dekkslangar og
flaut i timevis nedover mot Vang Vieng. Ein jamn
straum, over alt langs breidda stod bambus, han
såg så mjuk ut, til å søkke inn i. Og små hus på pålar, brått ein liten serveringsstad oppe i skråninga,
menneske som strekte bambustroder ut mot oss,
så vi kunne gripe fatt, gå i land, ta ei øl, flyte vidare.
Og vere heilt tilstades. Heilt open, vaken, påverkeleg for alt. Alt!
Så tek han også attende ordet sinnsjukt. Eit ord som det
har gått betydeleg inflasjon i siste åra, brukt i hytt
og pine. Men her, i denne samlinga, vert ordet ein
tilstand. Ei sanning. Eit ord med tyngd og kraft. Det
blomstra så sinnsjukt. Ja. Det er ein tilstand, det.
Når siste dikt ebbar ut, tenkjer eg at eg har vore med på
ein slags eksplosjon. Av fargar og blomar og menneskesinnstilstandar. I dei forskjellige delane av
boka blomstrar det frå så ulike stader i livet, i verda.
Det er noko plastisk med denne samlinga, Ødegård
rører seg så lett i tid og rom, og det kjennest så lett
å henge med på reisa. Frå det biografiske, til det
som gjer at ein diktar vert kalla nettopp diktar: det
oppdikta. Frå ein moped i Romsdalen, til Karasjok,
til ein tidleg morgon i Oslo i 1942, til ei psykiatrisk
avdeling ein eller annan stad i landet. Og det siste
er så framifrå godt skildra: Eit unikt innblikk i
korleis det er å vere psykotisk, vere fylt av angst,
schizofreni og psykisk sjukdom kan ein lese mykje
om i lærebøker, men tru meg: det er poesien som er
tilstades, og ingen annan stad kan ein kome nærare:
– Pappa, kviskrar ho i tlf. i dag, – eg høyrer
Alle stemmene i verda, oppfattar all lyd.
Det er nokon som høyrer i meg,
pappa, det er ein pust
Ein vind i meg som vil at eg skal fly.
20
TRE KVINNER: Aslaug Vaa, Aslaug Låstad Lygre og Halldis Moren Vesaas er dei tre kvinnelege lyrikarane
som har fått plass i boka Nynorsk lyrikk, 25 diktarar – 220 dikt.
Solid antologi over nynorsk lyrikk
Ivar Aasen (1813–1896) verkeleggjorde ein draum han bar på: å
skape eit norsk skriftspråk. Og utan
hans epokegjerande innsats er det
lite truleg at me i dag hadde hatt
vår rike nynorske lyrikkskatt. Så
me har mykje å takke Aasen for, og
i ein ny antologi dreg Henrik Skorven dei lyriske arvtakarane hans
fram i ljoset, i eit utval som strekkjer seg nettopp frå Ivar Aasen til
Halvor J. Sandsdalen – berre for å
ta det kronologisk. I mangt og mykje skriv boka seg inn i tradisjonen
etter klassikaren «Nynorsk lyrikk –
frå Ivar Aasen til Tor Jonsson, som
fyrst kom ut i 1962, redigert av Johs.
A. Dale, Bjarte Birkeland, Erling Nielsen og Halldis Moren Vesaas.
Skorven held seg til den fastlagde
kanon, og det er ikkje teke med lyrikarar som debuterte etter 1950.
Med ei slik avgrensing vert då også
den lyriske modernismen stemoderleg handsama, sjølv om diktarar
som Kristofer Uppdal, Tarjej Vesaas
og Olav H. Hauge naturleg nok er
komne med. Så ein bør nok leite andre stader om ein ønskjer seg meir
oppdaterte utsyn over den seinaste
nynorske lyrikken.
Utgangspunktet til Skorven har
derimot vore eit ønske om «å få
oversyn over utviklinga av landsmål/nynorsk frå Aasen si tid og
fram til seinare diktarar», som
det heiter i føreordet. Og eit slikt
Henrik Skorven (red.)
Nynorsk Lyrikk,
25 diktarar – 220 dikt
Selja Forlag, 2009
lyrikk
«oversyn» sit lesaren verkeleg att
med etter å ha lese seg gjennom dei
poetiske landskapa til kvar av lyrikarane i denne boka. Forvitneleg er
òg valet som er gjort med å prente
dikta i deira opphavlege skriftform.
Difor er det òg eit lerret med norsk
språksoge som her vert rulla ut.
Det er ei vidfemnande bok, på
340 sider og med rom for 25 diktarar og 220 dikt. Skorven har gått
grundig til verks; kvar diktar har fått
følgje av ein biografisk introduksjon,
noko som er til stor nytte for tileigninga av deira respektive diktarverd.
Ein særs fin bokbunad har det òg
vorte, og skrifttypane er prenta med
grøn farge, noko som verkar som
eit originalt påfunn. Elles er utvalet
tradisjonelt nok. Dei kjende og kjære
dikta kjem på rad og rekkje, mellom
anna sjølvsagt klassikarane «Gamle
Grendi», «Ved Rundarne», «Mot soleglad», «No reiser kvelden seg» og
«Til eit Astrup-bilete». Noko meir
overraskande er det at eit kjend og
kanonisert dikt som Kristofer Uppdals «Isberget» ikkje er kome med.
Men elles verkar utvalet solid,
og vekkjer trongen til å leite fram
originalsamlingane, og freiste å
lese forfattarskapane i full breidd.
Denne meldaren vart særleg nyfiken på Henrik Rytter (1877-1950);
han er ein lyrikar som eg har lyst
til å studere nærare. Berre lytt til
desse vedunderlege versa frå diktet
«Skoggang»:
Eg vima kring i store stille skogar,
og anda kvåegjem og briskedåm;
ein solvarm vind i bar og bladheng
sjoga,
og myrsig mulla, late åer svåm;
det flimra kingelvev mot kinn og
hender,
og sola vov i skuggen gylte render.
Lyrikkantologiens styrke er mellom anna at han held tradisjonen i
age, samstundes som han òg ideelt sett skal gje rom for dei mindre
kjende lyriske perlene. Ein kan ikkje
seie anna enn at «Nynorsk lyrikk»
oppfyller desse krava i høg grad.
Det er ei vakker bok, som ein kan
leve i lag med, og verte glad i.
Kjetil Berthelsen
Målsak under brei samfunnshorisont
Samfunnshorisont, kva er det? Vidsyn på samfunnet? Eit samfunn på
denne sida av horisonten? Eller eitt
på den andre sida? Vi kan visseleg
sjå eitt samfunn på denne sida og
eitt på den andre. Samfunnet på
denne sida av horisonten kjenner
vi, der lever vi i dag, det på den andre sida kjenner vi ikkje, men der
må våre etterkomarar leva anten
dei vil eller ei! I målsak som i andre
viktige kultursaker lyt vi rekna med
to samfunn, eitt på kvar side av horisonten, det eine kan vi måla med
vår farge, det andre rår vi ikkje med.
Korleis bør vi måla? Vakkert sjølvsagt! Vakkert for kven? For oss! Vår
farge jamt utover heile samfunnet? Eller flekking der fargen fester seg best?
Fargen må vera ekte og slitesterk, må
ikkje tvettast av ved neste regnskur.
Ein slik farge har vi, men kven likar
denne fargen? Dei som kjenner han!
Med andre ord, vår føreloge er å gjera
fargen ålkjend! Korleis? Halda fram
eitt og eitt ord, det kan folk svelgja!
innlegg
Held vi fram heile morsmålet dånar
dei, masar vi om den eine eller andre
rettskriving freser dei, men om dei
berre møter eitt ukjent ord skjemmest dei litt av si eiga fåkunne og tek
i mot, rett nok løyner dei skamma
godt. Denne skamkjensle, som få
har lagt merke til, er ein god lærar,
ingen vil vera fåkunnig, dei lærer seg
motvillig det nye ordet og diltar stilt
og skamfullt av stad med rova mellom bakbeina. Slik er vi! «Går til sin
gjerning de norske menn, viljeløst vaklende, vet ei hvorhen.»
Som einsleg liten målmann kjenner ein seg stundom opprådd andsynes storsamfunnet, men vi har eit
våpen som dei fleste andre vantar,
eller for å seia det meir fredeleg,
vi har ei gogn som dei fleste andre
vantar, og denne gogn er kunnskap.
Svært få av vår åndselite kjenner or-
det gogn, for dei mest vakne kan eg
vitra at ein kan gjera både gagn og
ugagn med ei gogn.
Våre domstolar «gjør vitterlig».
Dei vitrar at nå skal du til pers anten
du vil eller ei! Eg vonar at du, kjære
lesar, aldri får ei slik vitring, men ordet kan du godt læra deg! Det kjem
ei og anna vitring frå Brussel og dei
må vi akta på anten vi vil eller ei! Det
kan vera litt ukringt med alle desse
ukjende ord, men vi får det heller ikkje kringt den dagen vi berre
kjenner dei mest vanlege ord! Skal
vi overleva som kulturnasjon må vi
læra ord, først og fremst våre eigne!
Det er for lite med engelsk!
Som sagt, andsynes storsamfunnet er vi små, ein gong var vi så
små og arme at vi måtte liggja andføttes, for sengene var også små. Nå
har vi brent sengehalmen og lagt
oss i eit mjukare bol, så mjukt at vi
forsøv oss! Vonom vaknar vi tidsnok til å berga våre beste ord.
Torgils Vågslid
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
Dei andre målgåvene
til å servere
—
—
—
stk. kaffikrus (2008) kr 100
Svart dekor og gulltekst.
Kruset er nytrykk av jubileumsserviset.
Det går mangt eit menneske og ser
seg fritt i kring for Ivar Aasens skuld
Tarjei Vesaas 1950
stk. kaffikrus (2008) kr 100
Svart dekor og brun tekst
Skogen stend, men han skifter sine tre
Olav H. Hauge, 1965
—
—
stk. tekrus med skål (2008) kr 150
Svart dekor og brun tekst.
Nynorsken kviskrar: Dette går ikkje an.
Kristin Auestad Danielsen,2007
stk. frukostasjett (2008) kr 100
Svart dekor og brun tekst.
Nokon må elske ordet og reinske bort
ugras der det gror. Nokon må bruke ordet. Berre ved bruk blir det vakkert.
Marie Takvam, 1987
stk. tekrus med skål (2007) kr 120
Oransje dekor og svart tekst.
OSS, RETNING Eg veit ikkje kvar vi skal.
Men eg gler meg medan vi kjem dit.
Ann Kavli, 1996
NEDSETT PRIS! Serviset frå 2007 er snart selt ut. Du
har enno høve til å sikre deg asjett og tekrus med
skål. Serviset er produsert av Porsgrund Porselen.
—
—
stk. frukostasjett (2007) kr 80
Den som finn ei plomme
kan svelgje ho rett ned.
Men den som finn ein gullklump
kan aldri meir få fred.
Rasmus Lie, 1972
stk. frukostsett (2007) asjett, tekrus og
skål. Kr 175 per sett
til å markere
Medlemskap i gåve: Kjenner du nokon
som burde ha vore med i Mållaget?
Gje dei medlemskap i gåve! Dette
kostar 200 kroner.
— stk.
NØKKELRING, kvar av ringane
kan takast av. Fin om du treng å
dele nøkkelknippet. Kr 75
JA TAKK,
eg tingar:
— stk.
MEDLEMSBEVIS som eg kan gje
vekk i gåve. Kr 200
— stk. PC-HYLSTER med slagordet
Mange røyster – felles mål. Storleik:
15". Kr 150
— stk. Ivar Aasen-almanakk-OMSLAG
— stk. Takk, Ivar Aasen-JAKKEMERKE.
Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
— stk. Slepp nynorsken til-JAKKE-
MERKE. Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
— stk.
REFLEKSBAND til å slå rundt
armen eller foten for å vere tryggare i trafikken. Med logo og slagord:
Mange røyster – felles mål. Kr 20
Kryss av, klipp ut eller kopier
og send tinginga til:
Noregs Mållag,
Postboks 474 Sentrum,
0150 Oslo
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
— stk.
FRIMERKEMAPPER frå Posten
med førstedagsbrev med frimerket
som Posten laga i høve hundreårsjubileet. 50
i skinn som varer i mange år. Aplan-/Filofax-system. Burgunder
farge. Passar for innmat storleik 96
x 167 mm. Du byter ut innmaten for
kvart år. I dette lausbladsystemet er
det også mykje anna tilleggsutstyr
å få kjøpt, m.a. lausark for eigne
notat. Kr 300
— stk.
PARAPLY med trehandtak. Svart
med kvit logo og slagord: Mange
røyster – felles mål. Diameter om
lag 1 meter. Kr 100
— stk.
PARAPLY (kan slåast saman).
Kr 100
— stk.
KRUS I BØRSTA STÅL, med skrulokk, 0,4 liter. Svart logo. Kr 84
— stk.
VILJEN TIL SPRÅK av Ottar
Grepstad. Kr 200
— stk. MATBOKS i plast. 16x11 cm.
Kr 50
Du kan også tinge ved å sende e-post
til [email protected], ringje 23 00 29 30,
fakse til 23 00 29 31 eller ved å gå inn
på www.nm.no
Porto kjem i tillegg.
Hugs at vi går fort tom
for somme artiklar! Det er
såleis ikkje sikkert at du
får alt du tingar.
Namn:
Adresse:
Postnr.
Poststad:
21
F
7 performances skreiv Kurt Johannessen: «I løpet av den tida du er her i dag, vil du minst ein gong lura på om det er noko du kan
tre på gata: Igjera
i morgon, som du vil hugsa resten av livet ditt.» Kva kan det vere?
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
kr 1,00 pr. stk.
Erle Stokke,
bokklubbsjef:
Mari Slaattelid,
biletkunstnar:
– Ja, då kan eg for eksempel gjere noko
veldig fint for første gong. Eller siste.
– Eg har ikkje herredøme over kva eg hugsar resten av livet, det kan vere dei syrgjelegaste ting.
Glitrande hendingar må kome uventa,
som takras.
Alle prisar er eks. mva. Ved lysing
i fleire nummer kan vi diskutere
særskilde avtalar.
Stoffrist nr. 3 – 2010:
19. mai 2010
NOREGS MÅLLAG
Tilskrift: Boks 474 Sentrum,
0105 OSLO
Telefon: 23 00 29 30
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Kontoradresse:
Schweigaardsgt. 16
Bankgiro: 3450.19.80058
Leiar: Håvard B. Øvregård
mobil: 917 73 157
[email protected]
Tilsette:
Gro Morken Endresen, dagleg leiar,
tlf. 23 00 29 37, 957 85 560
[email protected]
Magnus Bernhardsen,
organisasjonskonsulent,
tlf. 23 00 29 34,
[email protected]
Berit Krogh, økonomikonsulent,
tlf. 23 00 29 35,
[email protected]
Ingar Arnøy, skulemålsskrivar,
tlf. 23 00 29 36, 975 29 700
[email protected]
Hege Lothe, informasjonskonsulent,
tlf. 57 86 53 60, 926 48 348
[email protected]
Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend,
tlf. 23 00 29 32, 943 97 998
[email protected]
Else Elise Sætre Bullus,
kontormedarbeidar,
tlf. 23 00 29 30,
[email protected]
Tarjei Vågstøl, IT-medarbeidar,
tlf. 23 00 29 50, 452 31 489
[email protected]
(permisjon)
www.nynorsk.no/nmu
Tilskrift: Postboks 285 Sentrum,
0103 Oslo
Telefon: 23 00 29 40
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Bankgiro: 3450 65 48707
Leiar: Maria Svendsen,
tlf.: 984 49 606, 23 00 29 40
[email protected]
Skrivar: Eva Holthe Enoksen,
tlf.: 23 00 29 40
[email protected]
www.nm.no
22
Maria Tryti Vennerød,
dramatikar:
– Eg kan brenna kåken, knusa macen, kutta
alle band. Men vil eg? Eg har meir lyst på ein
kopp te og kanskje tilmed ein klem - helst frå
ein spesiell. Heldigvis er dette ikkje så sjeldan
vare at det som einskildhending vil prega livet
mitt. Men kanskje vil eg hugsa det som ein
del av ei rekkje hendingar ein mild vår. Ja, eg
sa mild!
Det som kan sansast
Kurt Johannessen har
i snart tre tiår møtt
publikum med minimalistiske performance-verk og bøker
med berre nokre få
ord. Dei siste åra har
derimot kaoset fått ei
større rolle.
Då Dramatikkens Hus opna i
Oslo, hadde dei invitert ei rekkje dramatikarar og forfattarar
innanfor ulike sjangrar til å lage
ein tekst til ei soloframsyning
på om lag sju minutt. Dei vart
samla under tittelen «Henvendelser».
Ein av desse var skriven av
forfattar og biletkunstnar Kurt
Johannessen som stilte opp
med «7 performances».
I den fyrste kom Johannessen ut på scena med ein liten
tråd ut av munnen, som han
sakte trekte ut. Tråden vart lengre, og han gav enden til ein på
fyrste rad. Så gjekk han roleg
bakover, tråden vart endå lengre, og lengre, heilt det var om
lag fem meter mellom han og
publikum. Då fall den andre enden ut av munnen til Johannessen og han snudde seg og gjekk
roleg ut.
60 bøker
NORSK MÅLUNGDOM
Foto: Samlaget/Studio Fazett
kr 9,00,–/mm
kr 0,50,–/mm
45 mm
kr 4 000,–
kr 7 000,–
kr 12 000,–
Foto: RCCL
Annonsar:
Annonseprisar:
Tillegg for tekstside:
Spaltebreidd:
Kvartside:
Halvside:
Heilside:
Tillegg for fargar
Ilegg til avisa:
Foto: Norsk Tidend
Prent: Nr1Trykk as
Opplag: 12 000
Abonnement: Kr. 250,– per år
Var det dramatikk? Var det scenekunst? Var det kunst? Ikkje
godt å seie, og ikkje er det viktig
heller. Gjennom ei lang rekkje
slike framsyningar har Johannessen utfordra publikum med
sine rolege og enkle framsyningar, både i og utanfor kunstgalleriet.
I tillegg har han i løpet av 25
år gitt ut om lag 60 bøker. I år
er det alt kome ei ny Utvalde,
som er ei samling med tekstar
frå tidlegare bøker. To andre er
på trappene; barneboka Eg er
ein frosk som Øyvind Torseter
skal illustrere, og Den andre
hendinga. Fleire av bøkene er
omsette til engelsk, og han har
KURT JOHANNESSEN
◆ Aktuell: Var med på opninga
av Dramatikkens Hus i Oslo
med framsyninga «7 performances»
◆ Kjem med tre nye bøker i vår:
samlinga Utvalde som alt er i
sal, barneboka Eg er ein frosk
illustrert av Øyvind Torseter,
og Den andre hendinga
◆ Heimeside (med bokhandel):
www.zeth.no
framleis, har eg nytta det enkle
uttrykket og late det komplekse
liggje under. Fotball med meir
er ei slags dokumentarbok om
Skansemyren Ballklubb som eg
speler for, og fekk eit heilt anna
uttrykk, med utskrifter av telefonsamtalar, skisser, fotografi og
321 fotnotar om kvarandre til eit
surrealistisk kaos. Sidan har eg
skjøna at det går an å syne fram
det komplekset direkte, syne kaoset i seg sjølv. Difor har eg vore
oppteken av kaosteoriar i naturvitskapen. Det er spennande, og
eg finn mykje inspirasjon der.
Ingenting er sikkert
UTAN ORD: Frå performancen «Det å halda ei død floge i handa like
framføre ein isbre», ved Nigardsbreen 5. september 2009. Foto: Torill Nøst
faste bokhandlarar i London,
New York og Amsterdam.
Det ein kan sanse
Det sentrale i arbeida hans
er det som hender her og no.
Det som kan sansast når ein
stoppar opp og konsentrerer
seg. Når han opptrer, er det eit
viktig poeng at det er han sjølv
som gjer noko i same rommet
som publikum, at han ikkje er
ein skodespelar. Difor vart det
ei utfordring å bruke ei teaterscene som han gjorde på Dramatikkens Hus.
– Ein dramatikar konstruerer karakterar og scener som
ein skodespelar går inn i på teaterscena. Publikum er skild frå
scena. Når eg vanlegvis utfører
performance, er publikum og
eg på same golvet, og med det
i same rommet og i same tida.
Teaterrommet blir for meg mellom anna ei utfordring i å rive
ned det skiljet mellom scene og
amfi, seier Johannessen.
– Det kan vere grunnen til at
folk byrja å le nervøst?
– Eller av di dei tykte det var
morosamt. Eg hadde ikkje tenkt
at akkurat den framsyinga var
så humoristisk, men eg er ikkje
framand for det komiske.
Kaos
Etter å ha halde på i tjue år med
det stille og essensielle, byrja
Johannessen å arbeide i ei anna
retning. Heilt motsett, faktisk.
– Boka Fotball med meir
(2005) opna opp eit rom som
var nytt for meg. Tidlegare, og
– Det er vanskeleg ikkje å lese
inn ein kritikk av stress-samfunnet i arbeida dine? Om at
alle må stoppe litt.
– Det er mogleg, men slik
tenkjer ikkje eg. Det er ikkje så
mykje ein kan seie sikkert. Eg er
meir oppteken av å finne gode
spørsmål, enn å kome med så
mange svar. Eg laga veldig brått
ei bok som heitte Eg er ein frosk.
Eg skreiv ho på under ein time.
Etterpå lurte eg på kvifor eg
skreiv at eg var ein frosk. Kunne
det vere sant? Så eg prøvde å
nullstille meg og sjå på om eg
kunne vere ein frosk, sjølv om
eg tilsynelatande ikkje såg slik
ut. Så eg laga føredraget og
boka Er eg ein frosk?.
– Er du ein frosk?
– Nja, eg fann mellom anna
ut at eg er meir frosk enn ikkjefrosk.
KJARTAN
HELLEVE
[email protected]
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
sagt sidan sist
puslekryssord for barna
Nedanfor finn du alle orda som skal vere
med i kryssordet til venstre:
Kva skjer? 26 personar møter opp!
Berre det at stykket denne gongen
er ein nynorsk versjon ved teatersjef
Terje Lyngstad, burde fått sogndølene til å møte mannjamt fram. Bokstaveleg talt! Eller er ikkje nynorsk så
viktig lenger!
Bjørg Rimeslaatten
med eit alvorsord i Sogn Avis
Kastar målbombe
Overskrift i Agderposten
Jeg må ærlig tilstå at jeg ble både
«skuffa og vonbroten» da jeg leste
dette innlegget. At Øvregård her
ønsker å belaste barn helt ned i barnehagestadiet med at det norske
språket skrives på flere forskjellige
måter, er uomtvistelig en tvilsom
sak.
John Lyngstad let ikkje tvilen
kome nynorsken til gode
i Trønder-Avisa.
– Informasjonsavdelingen her er
spent på hvor mye nynorsk jeg krever, sier han og flirer godt.
I fylgje Bergens Tidende
skal Yngve Hallén riste litt
i Norges Fotballforbund
De to dansegruppene «Shake It» og
«Nynorsk» som danser henholdsvis
magedans og hip-hop har vi sett på
flere mønstringer, og de blir bare bedre og bedre.
Harstad Tidende har vore på Ungdommens Kultrumønstring i Evenes
Å holde liv i særnorske verdier, som
språket vårt, inkludert nynorsk og
dialektene. Alle gode grunner. Men
å slippe reklame i pausen på fotballkamper eller å lage reality-programmer med desperate C-kjendiser er
definitivt ikke verdt hundrevis av
offentlige millioner.
Kasper Synnevåg skriv
til Bergensavisen om NRK
Belgieren har satset på fire norske
koreografer i «NyNorsk», som har
lite med sidemål å gjøre.– Tittelen
«NyNorsk» er basert på en misforståelse. Fordi jeg ikke er norsk,
trodde jeg nynorsk betydde ny nordmann. Jeg hadde aldri hørt om bokmål og nynorsk.
Carte Blanche-sjef
Bruno Heynderickx til BA.
– Jeg er egentlig fra Skeidsdalen, så
jeg har hatt nynorsk som opplæringsmål selv, innrømmer Glomstad. Mer vil hun ikke si om målsaken til Tidens Krav.
Elin Glomstad speler
med korta tett inntil brystet
2 bokstavar:
OM
3 bokstavar:
LEI, NEA, TEK, UTE
4 bokstavar:
LIKT, LOEN, PAVE,
SLEP, VARE
6 bokstavar:
AVTALE, RUTINE, SENTRE,
SPANSK, SVALER
8 bokstavar:
ARTISTEN, KJEMPENE
(Løysing finn du nedst på sida)
kryssord
KLUTAR
RENNE MINNER
OM
RUSS
KOST
LIKE
SV. BY
FISK
SER I FESTAR
BOKA FISK
NOKO
ATTÅT
UTAN
IS
ADVERB
BYA
OPNING
GÅR
SØKKE
TERGE
ENERGI
PURKE
FISK
AKE
SA BOMBASTISK
BY MED
KJENT
KRUKKE
LENGD
MED
MYKJE
GRYN
SKAL
JORDE
FUKTIG
FUKTIG
MØBEL
GRUNN
FLATEMÅL
HØGREDAME
GRANNAR
DROPAR
LYSE
FOLK I
SØRAFRIKA
PAR
HAUGEN
VILTER
OLDER
DRIKK
KLAR TIL
REISA
ROVDYR
MØTE
REST
FORVRENGDE
HYLLER
STUTTE
KLE
FRANSK
FILOSOF
DYREHALD
KONJ.
BYGD I
FINNM.
OPPFØRE
BLAUTLENDE
VARMEKJELDE
TIL
EINEBUAREN
UTKOK
SETJE
AV
SKRINT
ELV
NYTIDA
KLØNET
TYPE
MERKE
RESPEKT
FØRE
I SEG
MJUK
TILHØYRANDE
TING
TUTE
ELDEN
YTE
HEIT
I LEVANGER
BRA
PUGGE
NYTTE MANNSNAMN
KUNSTFORM
ALDRI
AGN
KONJ.
FUGLEN
SNUTE
VENDE
LURING
DIKT
SJUKDOM
HARKELYDEN
KLYPE
UT AV
TELE
= MI
PRAM
UNGDYR
= LA
SMERTE
HØGSLETTA
løysing
ELV
S
F J
O
L A
NEDBØRSBYE
DRAG- TONE
NAD PREP.
SLÅ
LEIR
SENIOR
TV
PLUSS
SEIG
TYPE
T
SIGRAR
G
STUTT
FRÅ
ELDRE TIL
YNGRE
G
ER FN
F
MOGLEG
MAKE
E
GJØN
RIKSSTYRE
T
GJETORD
TOPP
VØRDE
TUTE
IKKJE
MOGLEG
SET
I SEG
LEITING
RAUT
HALVSØV
GLAS
HISSE
OPNING
VRI
VINDLYD
= MI
SKJEMTSAM
SLIT
SÅRSKORPE
BOKSAR
TØMME
UTHUSET
TØRT
LAND
PROFET
E
G
S M O T
R Å D
A N S E
E
S
I N G S
L
L J E V
E
I
O N S S
O K
A N I S
P
S K A N
L
Æ
M A R M
Å S
R E G J
STILL
SIDE
LAGAR
STING
VEKT
NORRØN
GUD
VARER
LUNA
TOPPKORT
= MI
KOLLISJON INNANFOR
PASSAR
GRØNT
DEKKE
PÅ- UTROP
LEGG MAKAR
A
BUR
ADVERB
R
E R
E R N S Y N
G
E T
U
N G D I S T
E
M Ø
I L T R E K K
E I R
R
U L L M E D A
L I T A
Ø S
E N E R A S J
S
E
R E D S O R G
Å
R U R
A
K T E S K A P
A I
L E
P P E L S I N
A P
Ø Y
R E P A R T I
PAVE
GJERE
GLAD
LITER
GJE
LOV
JOULE
MÅTE
MÅL- GRUNNTID
LA
50
I
ORDEN
RETNING
STUTTFØTT
ROVDYR
KARAKTER
VEKEAVIS
KLYNGJE
HENDT
S
R
T A K A
Å
A V
L Ø P A
P
K R A F
L A
L
I N N A
D A T
K I F T
L
A S J O
D T
D I D A
L U N
E L A D
L E
E
E R I N
METALL
R
UTKOPLA
SKAL
PÅ
KORN
GJEKK
RUNDT
R
O
T
E
R
T
E
HORISONTALT
KVINNENAMN
FLIRE
BILORG.
RAMLA
UTKAST
Kryssordvinnarar i nr. 1 – 2010
1. Torleiv Øygard,
Sandane
2. Reidun Formo,
Sel
3. Gerd Fosse Hovden,
Hovden i Setesdal
TILJUST- HENG- OKSY- GARN
GEN
ERER
JAR
FUG- PUSTEN
LEN
"EG"
NORDPÅ
KOSELEG
REX
KOMME
BYER
VEKT FORSTÅ
VITSEN
GJEKK
USTØTT
DELTE
BYE
N
O
T
Send løysinga til:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo
Frist: 19. mai
Merk konvolutten «Kryssord».
Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte
ut og får fin premie.
JORTAR
E
L
G
Namn:
Adresse:
S P
V A
A V
L E
E
R U
T
S E
A
R
T
I
S
T
E
N
N S K
E
J
A L E
O M
L E P
I N E
K
N
T R E
Postnummer/-stad:
Løysing på puslekryssord
NORSK TIDEND NR. 2 – 2010
Løysing på kryssord 1 – 2010
23
i nynorskens skog
Ein nynorsk
klassikar
Strøymer til
samtidskunsten
I 2010 er det 40 år sidan læreboka
Filosofihistorie kom ut for første gong.
Gunnar Skirbekk si bok ligg no føre
på 14 språk, frå kinesisk og usbekisk
til islandsk og fransk.
Rundt rekna er boka seld i vel
150 000 eksemplar, om lag halvparten
i utlandet og den andre halvparten
her heime, om lag tre firedelar på nynorsk og ein firedel på bokmål. Opphavleg var boka skriven for studentar
ved universitetet i Bergen. Etter kvart
vart ho teken i bruk av andre ved andre lærestader her i landet. Men boka
vart også teken i bruk ved danske
universitet. Den nynorske versjonen
av boka figurerte ikkje berre på danske lesesalar, men også i utstillingsvindauget for Paludan boghandel i
Fiolstrædet – det vil seie, inntil dansk
Gyldendal fann ut at det var pengar å
tene og fekk boka omsett: I 1995 kom
boka på dansk på Gyldendal dansk
forlag. I forordet skriv den danske
omsetjaren at han har «bestræbt» seg
«på at bevare originalens ligefremme
og letlæste sproglige form».
I 1996 vart boka omsett til bokmål.
Knut Lie ved Bergenskontoret for
Universitetsforlaget var redd for
at ei omsetjing til
dansk ville føre til
at norske studentar (særleg i Oslo)
ville kjøpe boka
på dansk og ikkje
på nynorsk. Så når boka låg føre på
dansk, var det ingen veg tilbake. Etter
26 år kom boka også på bokmål.
I dag ligg boka føre på 14 språk,
t.d. kinesisk, russisk, usbekisk, tadsjikisk, persisk og tyrkisk – såleis følgjer
ho silkevegen frå Xian over Samarkand til Bosporos.
Nils Gilje møtte læreboka som
student, men frå 1987 har han vori
medforfattar. Den siste norske utgåva,
frå 2007, har utvida medarbeidargruppa med Anne Granberg, Cathrine Holst og Rasmus Slaattelid.
Dette er ei filosofibok som har
overlevd i 40 år, frå 1970 til 2010, skriven på eit språk som den kompakte
elite i si tid – frå Johan Storm og
Sofus Bugge til Bjørnson og Ibsen –
såg på som ubrukeleg til nyansert og
abstrakt tenking. Og boka er omsett
og utgitt i mange land i konkurranse
med andre bøker av same slag, slik
som Tyskland og Frankrike, som sjølve
er storprodusentar av filosofihistorier.
Dette er, samla sett, ei gladmelding
for nynorsk som bruksspråk.
I fjor vart det på ny sett publikumsrekord i Bergen Kunsthalls ærverdige
lokaler ved Lille Lungegårdsvann, og
direktør Solveig Øvstebø kan konstatere at publikum strøymer til samtidskunsten som aldri før.
Frå 25 000 besøkande i 2003 til 66
805 i 2009 innom dørene i Rasmus
Meyers allé 5. Dette er det største besøkstallet notert for Bergen Kunsthall i
nyare tid. Blant utstillingane som trekte
eit stort publikum, er Leonard Rickhards kritikarroste Festspillutstilling
Fornærmar kundane
Norske føretak taper millionar på dårlege språkkunnskapar. I 2007 undersøkte Glenn Ole Hellekjær ved Universitetet i Oslo språkkunnskapane
i 664 føretak. På grunn av sviktande
engelskkunnskapar hadde
● nesten 30 prosent vegra seg for å
oppsøkja marknader
● 40 prosent ikkje klart å konversera i
sosiale samanhengar
● 55 prosent fornærma kundane.
● 45 prosent fått feilleveransar
● nesten 40 prosent tapt kontraktar.
(Fedrelandsvennen)
DET STØRSTE GLEDA EIN KAN HA: Prosjektleiar Einar
Schibevaag (t.v.), Sissel Karlsen frå Sparebankstiftelsen DnB
NOR og Roald Bergsaker, leiar for rådet ved Nasjonalt Garborgsenter.
Foto: Judith S Litlehamar / Nasjonalt Garborgsenter
Tre nye millionar
til Garborgsenteret
I mars fekk Garborgsenteret 1,5 millionar både frå Stiftelsen Fritt Ord og
Sparebankstiftelsen.
Før jol vart det kjent at Staten gjekk inn med sju millionar kroner, og tidlegare har Time Sparebank løyvd
to millionar kroner. Det betyr at senteret er tett på å
finansiera utstillinga som skal kosta om lag femten
millionar kroner.
– Me må tilpassa utstillinga dei inntektene me har,
seier styreleiar Arne Norheim i Jærmuseet til Jærbladet.
– Me har dialog med mellom anna SR Bank og
fleire andre sponsorar, men dette er ikkje avklara.
Sparebankstiftelsen DnB NOR gjev sjeldan gåver
til kommunale og statlege bygg, men avdelingssjef
Sissel Karlsen seier dei har gjort eit unnatak.
– At Garborgsenteret legg opp til å engasjera ungdom, vart utslagsgjevande for oss. Pengane skal gå til
det interaktive medierommet som kan brukast av folk
som er i senteret, men også av folk som ikkje er fysisk
til stades. Målet er å skapa samfunnsengasjement for
ungdom, det er eit godt formål å støtta, sa Karlsen på
pressekonferansen i fylgje avisa.
Fritt Ord har også tidlegare løyvd 200 000 til forprosjektfasen til Garborgsenteret.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
Sitata for Garborgsenteret klare
Jærbladet har hatt ei røysting over kva Garborgsitat som
skal pryde fasaden på det nye senteret. Resultatlista vart
som fylgjer:
◆ 1. Ein kan kjøpa seg lærdom, men ikkje vit.
(540 røyster) Frå stykket «Um pengar», som stod i Lesebok
for folkeskulen i 1915
◆ 2. Sanningi er sterk, og ho vil vinna.
(536 røyster) Frå Fedraheimen 29. mai 1880
◆ 3. Former let seg herma, men ikkje ånd.
(449 røyster) Sitatet er henta frå
«Dikting og politik» i tekstsamlinga
Politik : bladinnlegg fraa 1870-aari til Riksretten
◆ 4. Alt menneskeverk rotnar. Eller rustar.
Eller ramlar.
(422 røyster) Frå dagbøkene til Arne Garborg
◆ 5. Me byggjer det gode i oss når me gjer det
gode ikring oss.
(378 røyster) Frå Den burtkomne
faderen i 1899-utgåva.
◆ 6. Kanskje er ungdoms galskap til slutt
den største visdom.
(268 røyster) Frå Bondestudentar
Leonard Rickhard
i mai og utstillinga med den skotske
kunstnaren David Shrigley i februar.
(Pressemelding. På nynorsk!)
Stort lyft for norsk terminologi
Standard Noreg har fått 1,9 millionar
kroner frå Kulturdepartementet til eit
prosjekt som m.a. skal utvikle nynorsk
terminologi på ei rekkje fagområde.
Terminologien skal kome frå nasjonalt standardiseringsarbeid, og skal finnast både på bokmål og nynorsk i ein
termbase som skal vere tilgjengeleg
på Internett. Prosjektet vart sett i gang
siste kvartal 2009 og skal etter planen
MÅLPRIS: Rita Eriksen
avsluttast innan utgangen av 2010.
Prosjektet representerer eit stort lyft for
norsk terminologi. For nynorsk inneber
det òg ei språkleg domeneerobring
fordi det no vil bli gjeve ut fleire norske
standardar i den målforma, og fordi
termane òg vil kunne søkjast etter på
nynorsk i den nye termbasen.
(Språkrådet)
Foto: Mona Nordøy
Målpris til Eriksen og Smith
Rogaland Mållag har gjeve
målprisar til songaren
Rita Eriksen frå Sola og
forfattaren Nils Henrik
Smith frå Bryne.
Rita Eriksen er fødd og oppvaksen
på Tjora i Sola. Hausten 2008 feira
ho 20-årsjubileum som artist og
gav ut soloalbumet Hjerteslag,
som selde til gull på kort tid. I hennar fyrste artistkarriere gjekk det
mykje på engelsk. Ho hadde også
eit nært samarbeid med bror sin
Frank Eriksen i desse åra.
– Rogaland Mållag vil med
denne prisen framheve det som er
viktig for oss, nemleg at Eriksen
forlét engelsk til fordel for norsk
språk og nynorsk. Det er heilt fantastisk. Som oftast går det i motsett retning, jamfør drøftingane
som går om målbyte og tapande
front for nynorsk språk i Rogaland.
Soladialekten og rogalandsmålet
vart for deg ein framifrå måte å
formidle bodskap på, sa Kirsten
Tegle Bryne, leiar i Rogaland Mållag under utdelinga.
Den andre prisvinnaren er forfattaren Nils Henrik Smith, som
kjem frå Bryne og er busett i Bergen. Han har tidlegare mellom anna
gått på Skrivekunstakademiet i
Hordaland, og har gjeve ut to romanar. For Manhattan skyline fekk han
Tarjei Vesaas debutantpris 2007.
– For nynorsken som skjønnlitterært språk er det viktig å finnast
i ulike stilar og i ulike sjangrar. Nynorsk er vakkert i poesi. Nynorsk
er funksjonelt til kvardags. Nynorsk er tøft i Manhattan Skyline
og Austerrike. Nils Henrik Smith
får Målprisen 2009 for sin tøffe og
moderne nynorsk, sa Tegle Bryne.
(Pressemelding)
MÅLPRIS: Nils Henrik Smith
Foto: Ingeborg Skrudland
Dobbelt? Får du dobbelt opp av Norsk Tidend, kan det kome av at du er medlem av både Mållaget og NMU. Send e-post til [email protected] om du meiner det greier seg med eitt eksemplar.