Med hjartet på rette staden

Download Report

Transcript Med hjartet på rette staden

 
M E D HJ A RT E T PÅ R E TTE STA D E N • KRI NGKAS TI NGS R ING EN 50 ÅR
• 3/2005
Kringkastingsringen © 2005
Boka er trykt med tilskot frå Norsk kulturfond, Sandefjord og Sandar Mållags legat,
Anne Røflo og Alf Andre Longvas Fond og Oslo Nye Sparebanks Fond.
Trykk: GAN Grafisk
Omslag: Øystein Vidnes
Typografi og ombrekking: Tormod Strømme
ISBN 82-90645-08-2
Med hjartet på rette staden
Kringkastingsringen 50 år
1955-2005
Redigert av
Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø
Særnummer av Kringom 3/2005
Kringkastingsringen
2005
Føreord
Med hjartet på rette staden
«Med hjartet på rette staden» heiter ein
serie som går på NRK 1 på laurdagskvelden. I beste sendetid sender den største
fjernsynskanalen i Noreg ein serie teksta på
nynorsk. Det får ikkje mykje merksemd,
verken positiv eller negativ. Og kvifor
skulle det få det? Er det ikkje like naturleg
at NRK skal teksta programma på nynorsk
som på bokmål? I dag kanskje, men det har
ikkje kome av seg sjølv. Om ikkje Kringkastingsringen hadde teke til orde mot riksmålspropagandaen på femtitalet og kravd
at NRK skulle spegla det språklege mangfaldet i Noreg, kunne situasjonen for det
nynorske språket vore ein heilt annan.
For halvanna år sidan sette Kringkastingsringen ned ei jubileumsnemnd med
ansvar for å laga eit festskrift. Me ville minnast dei som med hjartet på rette staden,
har stått på for at nynorsk, samisk og norske dialektar skal få eit rettkome rom i allmennkringkastinga og i media elles.
Festskriftet er delt i to. Fyrste delen tek
for seg soga til Kringkastingsringen. Ei soge
som i liten grad er vorte handsama utfyllande tidlegare. Me meinte det var viktig og
4
riktig å nytta jubileumsåret til å samla trådane i arbeidet til Kringkastingsringen dei
siste 50 åra.
Men festskriftet er ikkje berre eit historisk skrift. Like viktig som å sjå bakover er
det å peika framover og gje kunnskap og
kveik til vidare arbeid. I festskriftet har fagfolk skrive om språk i media. Korleis stoda
er for nynorsk, samisk og dialektar i pressa
og kringkastinga. Og fleire av dei kjende
nynorskstemmene frå radio og fjernsyn
fortel om sine erfaringar.
Me håpar at tekstane i festskriftet Med
hjartet på rette staden, kan gje eit innblikk i
dei ulike sidene ved arbeidet til Kringkastingsringen og vera med å setja det inn i ein
større samanheng. Ei stor takk går til alle
bidragsytarar og til dei som har vore med i
arbeidet med boka. Dei som har sete i jubileumsnemnda er Kjell Arve Straumsvåg,
Alv Reidar Dale, Randi Alsnes, Jon Låte og
Eli Ulvestad.
Oslo, september 2005
Marit Aakre Tennø og Tormod Strømme
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Innhald
Føreord:
Med hjartet på rette staden
4
Unn Aarrestad:
Derfor trengst Kringkastingsringen 6
I. Om Kringkastingsringen
Kjell Arve Straumsvåg:
«Kringkastingsringen personleg»
– ein samtale med
Magne Rommetveit
8
Erling Lægreid:
Kristian Augusts gate 14
16
Astrid Dypvik:
Kringkastingsringen 1955–1970 20
Eva Marie Mathisen:
Kringkastingsringen 1970–2005 40
Astrid Dypvik og Eva Marie Mathisen:
Ein framtidsretta organisasjon
66
Kringkastingsprisen
68
Leiarar og skrivarar
68
Sigrun Høgetveit Berg:
Eit godt og fruktbart samarbeid
70
II. Om media
Jon Peder Vestad:
Nynorsk i media
Arne Hjeltnes:
Anonym nynorsk lyrikar
søkjer publikum
74
86
Ola Jonsmoen:
Ein retrospektiv morgonkåsør
Terje S. Skjerdal:
Meir nynorsk i avisene
Egil Johan Ree:
Nynorskbrukar i NRK
Lars Nyre:
Prinsipp for massedialog i media
Linda Eide:
Mottro om nynorsk
og dialektar i radio
Nils Johan Heatta:
Framveksten av Sámi Radio
Inger Johanne Sæterbakk:
Ei framtid med nynorsk? Ja takk!
Ragnhild Sælthun Fjørtoft:
«Grautmålet»
Olga Meyer:
Torolf Elster – ein sjeldan plante
Magni Øvrebotten:
Nynorsk mediesenter
– frå idé til røyndom
Ingvild Bryn:
Noreg eller Norge?
88
90
98
100
108
110
116
120
122
124
128
Tabellar:
Nynorsk og dialekt i NRK
130
Helsingsliste
132
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
5
Derfor trengst Kringkastingsringen
Unn Aarrestad
Styreleiar i Kringkastingsringen
Kringkastingsringen er 50 år. I den samanhengen er det naturleg å sjå tilbake, men
like viktig er det å tenkja framover. Det er
tid for å minnast dei som gjekk føre. Dei
som såg at her måtte motkrefter til for å
stansa propagandaen frå Riksmålsforbundet. Det trongst ei brei mobilisering for å
styrkja nynorsken i NRK. Og i løpet av
kort tid hadde Kringkastingsringen fått 10
000 medlemer. Heilt utruleg sett frå vår
tid.
I 50 år har Kringkastingsringen vore
pådrivar for at medieverksemdene skal føra
ein politikk som speglar språkmangfaldet i
Noreg. Mange av utfordringane har vore
dei same gjennom alle desse 50 åra. Særleg
gjeld det rekrutteringspolitikken til dei
ulike medieverksemdene, der dei i alt for
liten grad tek språklege omsyn. Det gjeld
ikkje minst i barne- og ungdomsprogram
som er så viktige for å skapa språkleg tryggleik og positive haldningar til nynorsk- og
dialektbruk.
Nynorsk som mediespråk må tryggjast
for framtida. Store deler av teksten og talen
me møter kvar dag kjem gjennom media.
Det nynorske skriftspråket byggjer på det
som er felles for alle oss som nyttar dialektar. Derfor må det vera ein demokratisk
rett å bruka det i alle former i media.
Opp gjennom tida har det ofte vorte
harselert over alle oss som brukar dialektar.
Då er det godt å ha målrørsla og kunna
6
sitera tidlegare statsminister Per Borten:
«Vi kainn takk målrørsla førr at folk slepp
å stå med dialekthua i hainda».
Ja, det er derfor me er til. Derfor trengst
Kringkastingsringen for å fremja og styrkja
nynorsk og dialektar i media. Det har med
vår identitet, sjølvkjensle og kultur å gjera.
Ikkje minst i desse tider med sterk engelsk
påverknad, er det viktig å styrkja nynorsken og dialektane – det norske språket.
Språk-Noreg må få fram større sjølvtillit
når engelsken pressar seg fram. Kvifor skal
me i Noreg vera meir smålåtne enn folket i
Frankrike og på Island!
Ved 50-årsjubileet til Kringkastingsringen vil eg takka dei som starta det heile,
dei som trudde på oppgåva og dei som
ikkje gav opp. Eg vil takka for pågangsmotet, innsatsen og dugnadsarbeidet. Det er
alle desse – dei som gjekk føre og dei som
står i striden i dag – me kan takka for at
Kringkastingsringen kan gå inn i dei neste
50 leveåra med tru på framtida og saka me
arbeider for. Det var så viktig at dei som
starta det heile hadde motet som trongst og
ikkje gav opp.
Nå trengst det at vaktbikkja Kringkastingsringen får driva på i mange år framover. Me har store oppgåver i åra som kjem
– me skal vinna folket for nynorsken i
media. Me har ennå ein lang veg å gå før
me kjem dit, men målet skal me ikkje tapa
av syne.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Del 1
Om Kringkastingsringen
«Kringkastingsringen personleg»
– ein samtale med Magne Rommetveit
Kjell Arve Straumsvåg
På 50-talet var åtaka mot nynorsken i
kringkastinga aukande, og Noregs Mållag
var prega av indre strid. Nokre framsynte
målfolk var leie av å krangla om normering
og ville heller demma opp for åtaka frå
riksmålsrørsla. Kringkastingsringen vart
skipa og Magne Rommetveit tok til som
skrivar for laget. Dette vervet hadde han
fram til 1970, og i 15 år var det på mange
vis han som var Kringkastingsringen.
Våren 1955 vart Magne Rommetveit
redaktør for Norsk landbruksordbok. Han
fekk snart kontorplass på forkontoret til
Det Norske Samlaget i andre etasje i Kr.
Augusts gate 14. I dette bygget låg ei av
kaffistovene, Parkstova, og Noregs Boklag i
første høgda. I etasjane over hadde mellom
anna Norsk Tidend, som då var ei sjølvstendig avis, og Det Norske Samlaget kontor.
Det var før den store veksten i Samlaget
kom. Då Rommetveit kom til huset, var
Olav Langeland skrivar, og einaste tilsette
i forlaget. Studentmållaget i Oslo hadde òg
lagsrom her. Det sikra kontakt med framtidas aktive målfolk i ei brytingstid mellom
mellomkrigstida og framtida.
– Etter at Kringkastingsringen var skipa
flytta vi ned i første etasjen, til Noregs Boklag, fortel Rommetveit. Forlagssjef Øyvind
Dybvad leigde ut eit større kontorrom til
Kringkastingsringen og Studentmållaget i
8
Oslo. I eit anna rom ved sida av fekk Landbruksordboka plass. Huseigar var Bondeungdomslaget i Oslo. Dette huset vart etter
kvart eit «målreir», ein stikkinnom-plass
for målfolk i Oslo eller på tur til Oslo.
Skipinga
På denne tida dreiv riksmålsrørsla gjennom
Foreldreaksjonen mot samnorsk, ein hard
kampanje mot bokmålsrettskrivinga, læreboknormalen og den statlege samnorskpolitikken.
– Men i bladet Frisprog og tidsskriftet
Ordet hadde det meir og meir kome fram
at Foreldreaksjonen i røynda var ein aksjon
mot nynorsken, fortel Rommetveit. Alt i
nummer 2 av tidsskriftet Ordet (1952) slo
forfattaren Carl Keilhau fast at «Samnorsk
er bare et annet navn på nynorsk.»
Riksmålsforbundet arbeidde òg aktivt
mot nynorsk som hovudmål i skulen. Formann i Riksmålsforbundet var den tidlegare radikale forfattaren Arnulf Øverland.
Samstundes vart dei ganske få nynorskmedarbeidarane i NRK utsette for mykje
sjikane.
– Føremålet var å få bort dei som brukte
nynorsk og skremma nynorskbrukarar frå
å søkja stillingar i NRK. Arthur Klæbo og
Hartvig Kiran tok kontakt med Noregs
Mållag for å få hjelp. Nokon laut ta att i
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
media, og Mållaget hadde tidlegare gjort
eit vedtak om å starta Norsk lydarlag. Men
det drog ut før Mållaget kom i gang med
arbeidet.
Rommetveit fortel at Hartvig Kiran og
dei andre kringkastingsfolka vart utolmodige og at dei tok kontakt med fleire einskildpersonar i miljøet i Kr. Augusts gate
14 for å finna andre måtar å gjera arbeidet
på. Den store aktiviteten til riksmålsrørsla
saman med eit handlingslamma Noregs
Mållag var bakgrunnen for at arbeidet med
å starta ein ny organisasjon kom i gang.
Skrivaren i Samlaget, Olav Langeland
fortalde Rommetveit at han uformelt
hadde teke opp på eit styremøte i Samlaget
kva som kunne gjerast med hetsen som
Foreldreaksjonen mot samnorsk og bladet
Frisprog hadde sett i gang. Norsk Lytterforening var skipa og det vart varsla at kampanjen skulle skjerpast.
– Ein dag vart eg spurt om eg kunne ta
på meg arbeidet med å førebu ein kringkastingsring, seier Magne Rommetveit smålåtent. Vi lodda stemninga litt mellom folk
som var innom Samlaget. Eg vart rådd til å
setja i gang i samarbeid med Arthur Klæbo,
Hartvig Kiran og andre nynorskfolk i
NRK. Etter nokre møte med Arthur
Klæbo på restaurant «Håndverkeren» og
heime hjå Klæbo, gjorde eg det meste
arbeidet på fritida mi, fortel han. Det vart
skrive framlegg til vedtekter og førebudd
skipingsmøte. Programsekretær Eilif Heiberg Hanssen i NRK vart brukt som bod
mellom Klæbo og meg.
Ei skipingsnemnd vart sett ned i samråd med sentrale personar i målmiljøet i og
utanfor Kr. Augusts gate 14. I skipingsnemnda sat dr. philos. Olav Bø, lærarinne
Åsa Færavåg, stud. pilol. Olav N. Klonteig,
sekretær Olav Langeland, landbruksdirektør Aslak Lidtveit, lektor Jørund Mannsåker, sekretær Rolf Nesje, cand. philol.
Magne Rommetveit, professor Magne
Skodvin og avdelingssjef Daniel Varen.
– Vi gjekk inn for at den nye organisasjonen skulle arbeida for nynorsken generelt og vera varsam med å ta stilling i rettskrivingsspørsmål. Dette for å unngå indre
strid og splitting. Innbydingsfaldaren vart
skriven av Arthur Klæbo. Han var den
eigentlege opphavsmannen til Kringkastingsringen, hevdar Magne Rommetveit.
Sidan han var sendeleiar i NRK kunne han
ikkje stå fram med namn. Namnet Kringkastingsringen var det seinare sjef for Skulekringkastinga, Trygve Fosstveit, som fann
på.
Ikkje alle var like optimistiske når det
galdt den nye organisasjonen.
– Sigmund Skard var redd prosjektet
ikkje kunne tevla med Noregs Mållag, fortel Rommetveit. Men etter kort tid melde
dei fleste av dei få «Ring»-motstandarane i
Noregs Mållag seg inn i den nye organisasjonen, og Norsk lydarlag kom aldri i gang.
Stor medlemspågang
Det vart lagt vekt på å ikkje gå i vegen for
Noregs Mållag, og det er hovudgrunnen til
at det ikkje vart skipa lokallag i Kringkastingsringen.
– Det vart satsa på å få beinveges innmelde einskildpersonar. Danning av lokallag var aldri tema. Men eg verva medlemmer under landsmøtet i Noregs Mållag.
Viktigast for medlemssankinga vart det
tette samarbeidet med Noregs Ungdomslag, ved at mykje materiell vart spreidd
gjennom deira lokallag.
– Det var lett å få medlemmer. Mange
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
9
var irriterte over at Noregs Mållag ikkje
makta møta riksmålspropagandaen.
Også mange bokmålsbrukarar som
hadde sett seg leie på desse aksjonane, vart
medlemmer. Trygve Bratteli vart medlem,
og var det til han døydde. Til oppropet før
skipingsmøtet vart det samla mange underskrifter på Stortinget, mellom profilerte
bokmålsbrukarar og aktive nynorskfolk.
Mellom desse var Bratteli, Helge Seip, Reidar Carlsen, Trond Hegna og Magne
Schjødt. I alt 93 namn stod på lista.
– De fekk òg mange medlemmer?
– Ja, frå skipingsmøtet 1. desember
1955 til 27. juli året etter hadde vi fått om
lag 7000 medlemmer. I 1957 hadde talet
passert 10 000. I 1970, då eg gjekk frå
borde, viste medlemsbøkene at det samla
talet på innmelde hadde auka til 15 000.
Før skipingsmøtet 1. desember 1955 var
det verva fleire tusen medlemmer. Vi hadde
vervetevlingar mellom medlemmene med
premiar. Mange var svært dyktige og ivrige.
Slik rekrutterte Ringen i miljø Noregs Mållag ikkje nådde. Tonen var tøffare og stilen
aktivistisk.
Magne Rommetveit redigerte ein skriftserie som vart sendt til medlemmene og
brukt som motinformasjon og vervefaldarar. I alt 13 småskrifter vart utgjevne frå
1955 til 1966. Den første brosjyren vart
trykt i 50 000 eksemplar.
– Medlemsavis hadde vi ikkje dei første
åra. Det kom først med særnummer av
Norsk Tidend frå og med 1962, fortel Rommetveit.
Professor Magne Oftedal skreiv i ein av
brosjyrane ein artig parodi på propagandaen frå Foreldreaksjonen mot samnorsk.
Teiknaren Bjarne Kristoffersen laga slåande
karikaturteikningar til. Saman med Rom10
metveit plukka Kristoffersen ut setningar
frå sjikanebrev Hartvig Kiran hadde fått,
som skulle siterast i brosjyrane.
– Dette virka godt, fortel Rommetveit.
Folk utover bygdene likte ikkje at målet
deira vart karakterisert så nedsetjande.
I brosjyre nummer 3 frå november
1956 ser vi at Johs. Kyvik i Haugesund har
vunne 1. premien, etter hard kamp med
lærar Per Engene i Valdres og lærarskuleelev Jakob Thingnes på Hamar. Kjell
Snerte verva seg til ein bandspelar tidleg på
60-talet.
– Vart det verva på andre måtar?
– Ja, vi brukte telefonen. Eit par kveldar i veka kom Arthur Klæbo ned frå NRK
og brukte Samlaget sin telefon til å sanka
medlemmer. Han fekk ja frå mellom anna
Edvard Drabløs, Jon Leirfall, Klaus Sunnanå og Lars Tvinde. Alfred Maurstad bad
seg friteken sidan han arbeidde på Nationaltheatret. «Du er ei knehøne», svarte
Klæbo.
Kontakten med NRK
– Korleis arbeidde Kringkastingsringen den
første tida?
– Vi skreiv brev til NRK om spørsmål
vi ville ta opp, og vi hadde møte med
NRK. Ofte hadde vi møte med avdelingssjefar og programredaktørar. Det var ofte
fleire med frå Kringkastingsringen, alt etter
kva avdeling ein skulle møta og kva saker
som skulle drøftast.
– Både Dagfinn Mannsåker, Kåre
Grytli og Einfrid Perstølen representerte
Kringkastingsringen under møte med
NRK, minnest Magne Rommetveit.
– Vi arbeidde òg for å skaffa dyktige
nynorskbrukarar stillingar i NRK. Det gav
resultat. Hartvig Kiran fekk Olga Meyer
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
inn i NRK. Andreas Skartveit var den første sportsreporteren som brukte nynorsk,
etter påtrykk frå Kringkastingsringen.
Kringkastingsringen tipsa òg NRK om
Ragnhild Sælthun Fjørtoft, Ingebrigt
Davik og Arne Grimstad, Ottar Odland,
Egil Johan Ree, Sigvart Østrem og Per
Øyvind Heradstveit, for å nemna nokre. Vi
laga til og med ei plate med nynorske
songar av Matias Orheim, som vi rådde
NRK til å bruka i religiøse program. Vi
arbeidde òg for å auka produksjonen av
grammofonplater med tekster på nynorsk
og dialekt.
– Fekk de gjennomslag for meir nynorsk i
barneprogramma?
– Ingebrigt Davik, Arne Grimstad og
Marie Takvam fekk sleppa til. Programma
til Davik vart kjøpte av islandsk og svensk
fjernsyn. Det er eit prov på at kvaliteten var
god.
– Kva med dagsnytt og utanriksstoff?
– Vi skaffa i alt 20 studentar til mikrofonprøve. To av dei var dugnadsmedhjelparar på kontoret til Kringkastingsringen, og
begge vart tilsette på lokalkontoret i Stavanger: Egil Johan Ree og Sigvart Østrem.
Når det galdt utanriksstoff tilsette Toralv
Øksnevad Per Riste som fast kronikør.
– Kringkastingsringen tok òg opp diskriminering av samisk?
– Ja, i 1961 vart det sendt eit ordskifteprogram der vi fekk høyra om mindretalsspråk i Norden. Svensk i Finland og finsk i
Sverige vart drøfta. At vi her i landet hadde
to målformer som kvar hadde offisiell status, vart ikkje nemnt. Vi påtala òg at diskrimineringa av samisk i alle dei tre landa
var forbigått. Vi var den første store norske
organisasjonen som påtala dette.
Rommetveit fortel at kringkastingssje-
fen to gonger tok kontakt med han for
underhandsmøte.
– Den eine gongen ringde Kaare Fostervoll til meg i romjula i 1961 og undrast på
om vi kunne møtast. Fostervoll sa seg glad
for arbeidet vi gjorde. Men han bad oss òg
vera meir varsame. Bakgrunnen var nokre
brev vi hadde sendt. Dei var noko kvasse i
kantane. Neste gong var då første prøvenummeret av Dag og Tid hadde kome. Det
hadde seg slik at NRK på den tida hadde
ein programpost med det namnet. Då eg
arbeidde ut eit utkast til det første nummeret av Dag og Tid sette eg berre det namnet
på utteikningskladden. Og så vart avisa
heitande det. Kringkastingssjefen var ikkje
berre glad for det, men han likte avistiltaket.
– Viste nynorskmedarbeidarane i NRK
like stor entusiasme for målarbeidet seinare
som dei gjorde i starten?
– Ja, eg vil særleg nemna Olga Meyer og
Erling Lægreid. Dei har gjort mykje godt
arbeid for å fremja nynorsken i NRK. Olga
Meyer høyrde til i Opplysningsavdelinga.
Ho var ein uredd pådrivar for å få fleire
nynorskmedarbeidarar, og kom med stadige påminningar om at jamstellingsomsyn
måtte telja med i programsaker og tilsetjingar av nye folk. Elles hadde eg god kontakt med dei fleste nynorsktalande NRKfolka. Eg nemner her Trygve Fosstveit i
Skulekringkastinga, sjefen for landbruksprogramma Steinar Brautaset og Ottar
Odland, som seinare vart utanrikskorrespondent og distriktssjef i Stavanger.
– Kva med Olav Rytter?
– Eg hadde brevskifte med han i åra
1961 til 1963 medan han var direktør for
FNs informasjonsteneste i Kairo. Eg
prøvde å få han til å søkja stillinga som
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
11
utanriksredaktør etter Toralv Øksnevad.
Men han måtte stå ut den kontraktsbundne tenestetida si i FN. Han kjende til
at Fostervoll skulle gå av som kringkastingssjef i 1962 og søkte i staden på denne
stillinga, men fekk ho ikkje.
– I brevskifte med Rytter kom eg etter
kvart inn på planane for Dag og Tid og
nemnde at mange ønskte han som redaktør. Bladstyrar Per Håland i Gula Tidend
hadde høyrt rykte om dette og rådde ifrå.
Dette av di Rytter hadde vore redaktør for
dagsavisa Norsk Tidend halvtanna år før
krigen. Avisa måtte då leggjast ned på
grunn av økonomiske vanskar. Rytter vart
vonbroten for dette, men han sa seg viljug
til å vera utanriksredaktør og redaksjonell
konsulent i Dag og Tid.
Dag og Tid
– Kva rolle spela Kringkastingsringen og du i
arbeidet med å dra i gang og halda liv i Dag
og Tid dei første åra?
– Det var fleire som arbeidde for å få i
gang ei ny avis tidleg på 1960-talet. Ivar
Eskeland sytte for at Noregs Mållag stilte
seg attom planane om å skipa eit nytt
nynorsk blad i 1962. Det var stormøte i
Teatersalen til BUL med dei røynde pressefolka Vegard Sletten og Anton Beinset.
Skrivaren i Noregs Mållag, Olav Engan
vart første disponenten i avisa. Kringkastingsringen var òg med og drog lasset. Eg
var med i førebuingsnemnda, der Arne
Haukvik var formann. Dei andre medlemmene var Olav Engan, Njål Kolbeinstvedt
og Trygve Nørve. Olav Engan var det sjølvsagde midtpunktet i det førebuande arbeidet.
– Eg var den i nemnda som fekk i særoppgåve å førebu det redaksjonelle oppleg12
get. Eg arbeidde då ut eit allsidig utkast,
der baktanken var at avisa i ein viss mon
skulle likna på seriøse publikasjonar av
typen Times, Observer, Le Monde, men då
sjølvsagt med sikte på at stoffet skulle vera
interessevekkjande for norske lesarar.
Arthur Klæbo vart også ein pådrivar for dei
nye avisplanane, og baud seg til å redigera
det første prøvenummeret i 1962. Utgjevaradressa ved dei to første prøvenummera
var «Mellombels kontor for redaksjonen:
Noregs Boklag, Kr. Augustsgt. 14, Oslo.»
For å tryggja økonomien til Dag og Tid
vart Riksfondet for nynorsk presse oppretta, etter tiltak frå Kringkastingsringen.
– Eg tok først kontakt med landbruksminister Lyngstad, som då var styreleiar i
Dag og Tid. Han hadde ikkje noko imot
tiltaket. Så utarbeidde eg i samarbeid med
Erling Lægreid utkast til vedtekter for Riksfondet. Før dette hadde Kringkastingsringen sett i gang eit stort presselotteri med
bilar som førstepremiar. Det var Arne
Haukvik som skaffa bilane. Egil Ytre-Arne
reiste land og strand rundt med ein av lotteribilane og selde lodd. Tidlegare kontorsjef i Bondeungdomslaget i Oslo, Njål Kolbeinstvedt førde rekneskapen til lotteriet.
Overskotet gjekk til Dag og Tid via Riksfondet. Ein gong Dag og Tid var i stor beit
for pengar lånte styreleiar Lyngstad 25 000
kroner til avisa. Med pengar frå lotterioverskotet betalte Kringkastingsringen også tilbake lånet Lyngstad hadde gjeve.
– Miljøet i Kr. Augusts gate var spennande og fornyande. Er det spesielle personar
du vil trekkja fram?
– Ja, tre av dei faste støttespelarane i
boklagskontora til Ringen fortener særskilt
omtale. Fyrst sjølve sjefen: Øyvind Dybvad. (Dybvad var forlagssjef i Noregs Bok-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
lag i fleire tiår. Før det var han i Norsk Barneblad. Han var òg forfattar og teikneserieskribent. Han starta Tuss og Troll og skreiv
Smørbukk-tekster, før han gjekk over til
Noregs Boklag då Johannes Farestveit vart
redaktør i Norsk Barneblad. Red. merknad). Han hadde eit arsenal av idéar og
personalkunnskapar og fann på gode løysingar i vanskelege situasjonar. Adjunkt og
lektor Jon Ous var den som førde dagbok
til minste detalj og heldt orden på sakene.
Han arbeidde i Norsk Tidend. Og så var
det Erling Lægreid.
– Erling Lægreid var ein førande person
mellom målstudentane, fortel Magne. Han
starta studentbladet Apropos, og fekk i sin
unge alder fleire viktige tillitsverv i målrørsla. Han var den fremste rådgjevaren
min. Han var tidleg med i styret i Dag og
Tid, etter kvart som formann, og i Riksfondet for nynorsk presse.
Hestemøkk og godt lag
Rykte om at riksmålspøbel tømde hestemøkk framfor inngangsdøra i bakgarden i
Kr. Augusts gate 14, vil korkje Vida eller
Magne Rommetveit kommentera. Andre
som arbeidde i huset stadfestar soga om
hestemøkka. Mistanken gjekk til damene i
«Frisprog-miljøet». Den eine av damene
hadde hest. Men det vart aldri stadfesta.
– Derimot så vart det ofte nytta nemningar på slikt som luktar vondt når
nynorsk, arbeidarmål og bygdemål vart
karakteriserte, seier Magne. Radiojournalistar som brukte noko anna enn konservativt bokmål, fekk ofte ufyselege brev i posten.
Rommetveit fortel at det hende det vart
praktiske forviklingar mellom riksmålsfolk
og nynorskmiljøet i Kr. Augusts gate. Riks-
målsrørsla heldt til rett rundt hjørnet, i
Universitetsgata.
– Ein gong kom det ein riksmålsmann,
lektor Arne Roll frå Narvik inn på kontoret
til Magne Rommetveit. Han hadde gått seg
vill. Vi fekk sendt han vidare til Riksmålsforbundet, dit han hadde ærend. Rommetveit humrar godt.
Miljøet i Kr. Augusts gate 14 var både
dynamisk og sosialt. I tillegg til at Kringkastingsringen, målungdommen, Dag og
Tid, Noregs Boklag og Det Norske Samlaget utvikla seg der, og ein hadde ein målpolitisk opposisjon i Opplysningsnemnda
for norsk mål, vart det 8. februar 1965
skipa eit nytt sosialt lag, Punsjarlaget.
– Laget vart starta av Øyvind Dybvad,
Jon Ous, Erling Lægreid og meg, seier
Rommetveit. På programmet stod fluidum
(eldvatn) og klassisk musikk. Samtaleemna
skifta, men var ofte bøker (ordbøker),
aktuell litteratur og kringkastingsprogram.
Rykta om dette laget har gått i alle år.
Ein av dei sentrale medlemmene der var
adjunkt Jon Ous, som arbeidde mykje i
Norsk Tidend. Han samla i ettertid notatane frå dagboka si i eit referat frå aktivitetane i Punsjarlaget frå starten og til 1971.
Her finn vi datoar, kven som var til stades
og kva som var aktiviteten og kor lenge
samkoma varde. Såleis står det for «22.
november 1969 (laurdag): kl. 20 (19.30)-:
Møte i Punsjarlaget, på NT-kontoret. Til
stades: Øyvind Dybvad, Reidar Djupedal,
Jon Ous, Magne Rommetveit, Bjarni
Einarsson, Erling Lægreid, Anders Fjøsne
(ny) og Jan-Magnus Bruheim (gjest). –
Fludium, spekekjøt, poteter (innkjøpt ved
Rommetveit, Dybvad og Ous); musikk.
Den fyrste (Rommetveit) måtte gå ca. kl.
01.30, dei siste Fjøsne kl. 05 og Lægreid kl.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
13
07! Så hadde eg 1 1/2 time opprydding og
la meg kl. 08.30.» Jon Ous fortalde ein
gong intervjuaren at han hadde ein sofa på
bakrommet til Norsk Tidend. Der overnatta
han rett som det var etter ein lang arbeidskveld eller sosialt lag.
Arbeidet tek slutt
– Men Magne var ikkje åleine i familien
som arbeidde med Kringkastingsringen.
Kona Vida var òg med. Ho hadde ansvar
for rekneskapen og heldt styr på dei andre
som hjelpte til. Dei 15 000 medlemmene i
1970 var det ho som fyrst hadde ført inn i
medlemsregisteret for hand, sidan på etikettar.
I 1970 slutta Magne Rommetveit i
Kringkastingsringen.
– Eg måtte slutta då Norsk landbruksordbok flytta til Leksikografisk institutt i
Chateau Neuf. Då tok eg òg over ei stilling
som hjelpelærar i praktisk nynorsk på Det
historisk-filosofiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Det vart då for mykje å halda
fram med tilsynsarbeidet med Kringkastingsringen. Eg bad difor styret spørja
cand. jur. Audun Heskestad om å ta over.
– Fekk de nokon gong betalt for arbeidet i
Kringkastingsringen?
– Vida fekk litt løn for arbeidet. Men eg
tok ikkje ut ei krone i løn den tida eg var
skrivar i Kringkastingsringen.
– Du fekk arbeid i NRK òg?
– Ja, først var eg programkonsulent
medan Torolf Elster var kringkastingssjef.
Eg skulle få tak i fleire nynorskbrukarar til
NRK. Det var interessant. Eg var med på
møte heilt på topplanet i NRK. Seinare
vart eg språkkonsulent frå 1973 til 1977.
Først var eg underordna Finn-Erik Vinje.
Seinare vart bokmåls- og nynorskkonsulen14
tane jamstelte. Medan eg dreiv med dette
arbeidet hadde eg permisjon i 1 1/2 år frå
Norsk landbruksordbok.
– Kva utfordring vil du oppmoda Kringkastingsringen til å arbeida med no framover?
– Eg meiner Kringkastingsringen har ei
stor oppgåve i å få kulturministeren til å
krevja at alle riksdekkjande norske radioog fjernsynsstasjonar må bruka minst 25 %
nynorsk i tekst og tale.
Magne Rommetveit:
 Fødd på Stord 4.10.1918.
 Filologisk embetseksamen i 1950.
 Medarbeidar i Gyldendals Ibsen-ordbok 1950-1955.
 Redaktør i Norsk landbruksordbok
(1955-78)
 Hjelpelærar i praktisk nynorsk på Universitetet i Oslo i 1969.
 Fyrsteamanuensis i 1975.
 Dosent i nordisk målvitskap og leiar for
arbeidet med dei nynorske ordboksverka
på Leksikografisk institutt frå 1978.
 Professor i nordisk målvitskap frå 1985
til 1989.
 Medlem i Norsk språkråd med sete i
fagnemnda frå 1972 til 1980.
 I NRK: konsulent for nynorske programspørsmål (1972-73), for nynorske
språkspørsmål (1973-77).
 Har mellom anna gjeve ut ei rekkje
nynorske ordbøker. For den største av dei,
synonymordboka Med andre ord (820
sider) fekk han ordboksprisen frå Norsk
faglitterær forfatter- og oversetterforening
i året 2000.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
15
Foto: Lars Aarønes, Dag og Tid
Kristian Augusts gate 14
Erling Lægreid
Eg kom til Oslo hausten 1958 frå norrønlinja på Voss Landsgymnas. I utgangspunktet var eg målmann av arv. Tida på Voss
forsterka mi eiga sjølvtillit til kultur og arv.
Det var ingen undertrykt bondestudent
som kom til tigerstaden, tvert imot. Folk
som ikkje visste jentenamnet til mor si,
måtte ikkje prøva å læra meg noko. Den
berømte professor Selmer i fonetikk, som
alle frykta, sa dessutan til meg i alles påhøyr
at sognamaolet var det finaste i landet fordi
vi sa r og a på same måten som folk i Toscana, og dei snakka finast av alle i Europa.
A-en er nemleg språkets fersken og r-en
språkets ryggrad, sa han.
Eg vart medlem i Studentmållaget, og
alt i september dette året kom eg til Målreiret i Kristian Augusts gate. Der hadde
Studentmållaget kontor, Det Norske Samlaget, Bondeungdomslaget og Noregs Boklag like eins. Og ikkje minst Landbruksordboka og Kringkastingsringen. Magne
Rommetveit styrte begge delar. Seinare
fekk også Dag og Tid og Norsk Tidend plass.
På kafeen Parkstova fekk vi nynorske fiskebollar i kvit saus til kr 1,80, og så mange
poteter vi berre ville ha. Alt då var eg
bestemt på at målarbeid skulle vera morosamt, utfordrande og spennande, det var
noko eg ville driva med fordi eg hadde lyst.
Magne Rommetveit var den heilt sentrale personen i dette miljøet, han var ein
16
smålåten og sterkt sjølvbevisst mann, som
til og med hadde humor når det vart for
gale. Han var ikkje berre sentral i Kristian
Augusts gate. Han var den sentrale personen i målarbeidet på denne tida. Han
moderniserte tankegangen og skapte mot
og aggressivitet i ei målrørsle som var
splitta og gammaldags, knekt av indre
strid. Han var inderleg lei av krangelen om
ordformer, og eg hugsar han var godt nøgd
då eg fekk gjennom ølsal på møta i Studentmållaget.
Han oppmoda oss til å skaffa oss makt i
studentpolitikken. Derfor prøvde vi å gjenskapa alliansen frå mellomkrigstida
mellom sosialistane og målstudentane, og
vi fekk alltid med ein av våre i styret i Samfundet. Og Rommetveit fekk Trygve Bratteli som medlem i Kringkastingsringen, og
han var alltid ein god målpolitisk støttespelar. Ja, Rommetveit fekk også sine fingrar
inn i LO. Og sjølvsagt dyrka han kontakten med folk på Stortinget og i partia. Han
var ein stor sjakkspelar. Han var mannen
bakom Dag og Tid, også namnet, og fekk
det banka fast at Dag og Tid skulle skriva på
målet og ikkje om målet. Eg skjønte aldri
at han hadde tid til å skriva den svære
Landbruksordboka si, for han hadde alltid
tid til oss.
Då eg same første hausten ymta frampå
om å starta ei studentmållagsavis, var det
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
full støtte frå Rommetveit, gud veit om det
ikkje var han som sådde ideen også, så utpå
vinteren kom første nummeret av Apropos,
som voks til å bli den største studentavisa i
landet. Eg insisterte på å bruka glansa
papir, for då ville ikkje studentane kasta ho
i søpla, men ta vare på ho. Det var mangel
på luksus den gongen. Sjølve namnet Apropos var ein provokasjon mot heile den tradisjonelle målrørsla, som helst ville ha
namnet Fram då frendar eller noko liknande. Men Rommetveit og eg var samde
om strategien, det viktigaste var at vi aldri
skulle syta og klaga på målmanns vis, men
vera frekke og moderne og friske. Eg for
min del la vekt på «Snob Value» og la aldri
skjul på at vi også fekk dei beste eksamenane.
Mykje av det som skjedde i målstriden
utover på sekstitalet hadde sitt utspring i
Kristian Augusts gate. NRK var lagt under
press, NRKs distriktskontor vart utbygde,
og NRK bygde ut rekrutterings- og undervisningsavdelinga si. Ein må hugsa på at
Journalistutdanninga var svært mangelfull
på denne tida. Derfor la Kringkastingsringen opp ein langsiktig strategi for at
målungdom skulle få trening og utdanning
i journalistikk. Studentavisa Apropos var eit
godt eksempel i denne strategien. Vi fekk
prøva oss, og det var dei som hadde jobba i
Apropos som seinare vart sentrale journalistar i Dag og Tid, fleire enda også i NRK
eller hamna i andre journalistmiljø som t.d.
i Bergens Tidende og Sunnmørsposten.
Og vi og Kringkastingsringen nøydde
oss ikkje med det, vi deltok aktivt i prosessen med å få lagt distriktshøgskular til bygdemiljø, og vi hadde nok mykje av æra for
skulane i Bø og Volda. Vi dreiv hektisk og
vellykka lobbyverksemd på Stortinget. Og
som kjent har medielinja i Volda betydd
mykje for nynorsk journalistikk. Vi var
også med på å skipa nye nynorske lokalaviser fleire stader gjennom Riksfondet for
nynorsk presse, som vi også starta.
Og vi var aktive for å få statsstøtte til
avisene. Det var så absolutt eit kreativt
miljø i Kristian Augusts gate i desse åra,
med Kringkastingsringen og Magne Rommetveit som eit naturleg midtpunkt. Det
var eit slit, særleg å skaffa pengar, men det
var moro også, for vi lukkast ofte på mirakuløst vis. Studentmållaget fekk mellom
anna i stand ein stor internasjonal konferanse om minoritetsspråk. Det var utruleg
spennande.
Dette miljøet med aviser, forlag og
organisasjonar, trekte også til seg mange
spennande kunstnarar og personlegdommar. Rommetveit fekk tak i den store
språkmannen og FN-direktøren Olav Rytter som redaktør i Dag og Tid. Vi greidde
nesten gjera Olav Rytter til kringkastingssjef! Dit kom det unge og gamle, og særleg
var det moro for oss at slike folk som Olav
Dalgard, Ola Raknes og Arne Falk likte å
vera i lag med oss. Det var altså eit spennande miljø, og ein gjeng slo seg saman til
Pønskarlaget, vi samlast ved vekeslutt,
drakk whisky og spela klassisk musikk. Det
var folk som Magne Rommetveit, forlagssjef Øyvind Dybvad, diktaren Jan Magnus
Bruheim, språkprofessoren Reidar Djupedal, adjunkt Jon Ous og fleire andre, og
altså eg. Og eg sytte for at alle fekk kamferdrops å suga på før dei fór heim til kjerringane sine. Eg prøvde også å få med Olav H.
Hauge, men han var for smålåten på den
tida.
Det er ingen tvil om at det var trivselen
som var byggjesteinen i dette kreative mil-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
17
jøet, og det var synd at det gjekk i oppløysing, hovudsakleg fordi BUL fekk økonomiske problem og flytta, og til slutt vart
garden seld. Vi tenkte mykje på å få kjøpt
eit Ivar Aasen-hus i Oslo for å gjenskapa
miljøet, men det lukkast ikkje.
Den moderniseringsprosessen Kringkastingsringen og Magne Rommetveit fekk
gjennomført i målrørsla, var heilt nødvendig. Og det var ikkje tilfeldig at kampen
måtte stå om media og sjølvsagt om NRK.
Eg minner om at på denne tid fekk Hartvig
Kiran utskjellingsbrev på brukte dopapir,
og mange andre som arbeidde i NRK vart
utsette for grov hets, både privat og offentleg. Så mange meinte at kampen om
nynorskens framtid stod i NRK. Men i
same strategi låg også kampen om norsk
presse, og då vart rekruttering og opptrening avgjerande. Og derfor vart Apropos og
Dag og Tid stifta. Enkelte var usamde i den
strategien, dei meinte vi skulle ha satsa på
Gula Tidend og/eller Norsk Tidend i staden.
Men begge hadde framtida bak seg. Målpolitisk var Gula Tidend reaksjonær, heile
målrørsla tok skade av den såkalla høgnorsken i Gula Tidend (og Bergens Tidende).
Politisk var begge organa også langt ute på
høgresida. I eit gryande ungdomsopprør
levde dei i steinalderen. Då eg overtok som
styreformann i Dag og Tid, skreiv Gula
Tidend at ungkommunistane hadde overteke makta i avisa! Komponisten Sæverud
var medlem av Vestmannalaget, og ein av
sønene hans fortalde meg at då dei sat og
trøkte på potta, så fekk dei ikkje lov å seia a!
18
a!, dei måtte seia i! i! Kampen om makta i
målrørsla hadde også sine komiske sider.
Då alle dei unge og spennande diktarane dukka opp i sekstiåra, oversåg dei heile
filologkrangelen og gjorde som Bjørnson
som ung; dei skreiv brystnorsk! I Øverlands blå ordliste, som var gammaltestamentet for dei foreldrereaksjonære, betydde svart skitten, og sort betydde svart
farge, medan musen betydde husmus og
tilsvarande dyr, medan musa betydde fitte.
Slik språkleg fascisme ville vi ikkje ha noko
av, heller ikkje av våre eigne. Men vi kunne
ikkje anna enn å le heller, slik vi har ledd av
Flettfrid Andresen frå Singsaker. I Kringkastingsringens mange gode brosjyrar likte
Magne Rommetveit å finna fram slåande
sitat frå riksmålskoryfear, som til dømes
dette av lyrikaren og åndshovdingen Alf
Larsen: «Folket? Folket er til for å bære min
koffert!»
Men no har folket og folkemålet sigra
på (nesten) alle frontar, dialektane blomstrar i alle samanhengar, slik at brystnorsk
får riksmålsprisar. Eg trur Ivar Aasen hadde
fryda seg. Som kjent nekta han å ta imot
professorat og medaljar med ekeløv, sverd
og majones, fordi han ikkje ville fjerna seg
frå sin bondestand. I dag må til og med
reklamen bruka folkemål, og 75 prosent av
dei unge skriv dialekt på tekstmeldingane
sine.
Kringkastingsringen, med Magne
Rommetveit som skipper, møtte mang ein
brottsjø, men stod han av!
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Foto: Norsk Tidend
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
19
Kringkastingsringen 1955–1970
Astrid Sverresdotter Dypvik
Kringkastingsringen vert til
Fyrste desember 1955 klokka 19.00, møttest ei gruppe målfolk i Teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo. Ein kampanje mot
nynorsk i eteren var sparka i gang på våren
same året. No skulle målfolket gå til motaksjon.
«Eg kjenner til at somme folk arbeider
med å få skipa eit lydarlag som skal ta seg
av nynorske interesser og vera som ei motvekt mot det riksmålslydarlaget som vi fekk
for nokre dagar sidan. Som kringkastingsmann er eg ikkje berre glad i slike lydarlag
– eg får seie som sant er – men er det no
slik at riksmålsfolket skal bli likså aktive på
denne fronten som dei lenge har vore det
på skulefronten, då er det på tide at dei
som vil nynorsken vel, slår seg ihop og vernar om interessene sine.»1 Det skreiv NRK
mannen Hartvig Kiran i eit brev til Hans
Sørbø, 20. mai 1955.
Ein månad seinare, kunne Norsk
Tidend, målrørslas eiga avis, melde at noko
var i ferd med å hende. «Etter det Norsk
Tidend høyrer, har ein flokk av kjende og
unge målfolk dei siste dagane arbeidt med
å skipa ein ring til vern om norsk mål og
kultur i kringkastinga», skreiv bladet laurdag 11. juni.
I løpet av dei neste månadene skreiv 93
kjende menn og kvinner under på eit opprop der dei oppmoda folk om å vera med.
20
Mellom underskrivarane var politikarane
Trygve Bratteli frå Arbeidarpartiet, Kjell
Bondevik frå Kristeleg Folkeparti og senterpartisten Jon Leirfall, kunstnarar som
Magnhild Haalke, Tarjei Vesaas, Ragnvald
Skrede, Tore Ørjasæter, Inge Krokann og
Dyre Vaa, universitetsfolk som Halvdan
Koht, Åse Gruda Skard og Sigmund Skard,
ordboksredaktør Alf Hellevik og pressemannen Per Haaland.
Kampanjen mot nynorsk i radioen var
sett i gang av riksmålsorganisasjonen
«Norsk Lytterforening». Organisasjonen
sprang ut av riksmålsmiljøet i hovudstaden, og frå miljøet knytt til Foreldreaksjonen mot samnorsk. Etter at Lytterforeningen var grunnlagt, sette dei i gang ei
bylgje av hets og regelrett mobbing av
NRK-medarbeidarar som brukte nynorsk.
Medarbeidarane fekk anonyme brev, og
lesarbrevspaltene i hovudstadens konservative aviser var breiddfulle av nynorskhat.
Kringkastingsringen skulle syta for svar på
tiltale.
Ballen byrjar rulla
Initiativtakarane var unge, ambisiøse målfolk. Dei var alle knytte til krinsen som
heldt til i Kristian Augusts gate 14. I denne
bygarden hadde Det Norske Samlaget,
Bondeungdomslaget, Noregs Boklag, Studentmållaget i Oslo og Landbruksordboka
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Magne Skodvin sat i skipingsnemnda til
Kringkastingsringen. (Foto: Norsk Tidend)
kontor. Magne Rommetveit, som då var
forskingsstipendiat og redaktør for Landbruksordboka, historikaren Magne Skodvin og Olav Langeland, som var kontorsjef
i Det Norske Samlaget, var sentrale personar i dette miljøet.
Det var Arthur Klæbo som tok det fyrste skrittet på vegen til ein nynorsk lyttarorganisasjon. Klæbo var kjend radiokåsør
og sendeleiar i NRK. Han tok kontakt med
Magne Rommetveit for å gjera det klårt at
etter at nynorskhatarane i Lytterforeningen
var komne på banen, kunne ikkje målfolket bli sitjande «med hendene i fanget.»2 Ei
skipingsnemnd vart sett ned med dei før
nemnde Rommetveit, Skodvin og Olav
Bøe, som seinare vart professor i folkeminnevitskap. I tillegg var Åsa Færevåg, Olav
Langeland, Jørund Mannsåker, Sigmund
Dale, Olav N. Klonteig, Aslak Lidtveit og
Rolf Nesje med i nemnda. Rommetveit
utarbeidde framlegg til føresegner for laget.
Ein kveld han var ute på restaurant med
NRK-mannen Trygve Fosstveit, nemnde
han at han var i beit for eit godt namn til
laget. Fosstveit føreslo å bruka Kringkastingsringen, og dermed fekk den organisatoriske nykomingen eit namn.
Det var Arthur Klæbo som skreiv teksten i invitasjonen til medlemskap. Men
ettersom han var høgt oppe i NRK-hierarkiet, kunne han ikkje involvera seg så
direkte i ei så omstridt politisk sak som
NRKs språkpolitikk. Det ville ha vekt protestar. Difor signerte ikkje Klæbo på invitasjonen. Han fekk heller vera ein støttespelar i kulissane. Men 93 kjende menn og
kvinner frå akademia, politikk og kulturliv, skreiv under. Oppropet vart trykt i eit
hefte med eit opplag på heile 50 000. Hefta
vart spreidde mellom nynorskfolk over
heile landet med god hjelp av lokallaga til
Noregs Ungdomslag og det aktivistiske
Studentmållaget i Oslo.
I-mål mot a-mål
Det var ikkje tilfeldig at lokallaga i Noregs
Mållag (NM) ikkje var involverte i arbeidet med Kringkastingsringen. Sidan tidleg
på 1950-talet hadde Mållaget vore sterkt
prega av striden mellom den konservative
i-målsfraksjonen, og den meir reformorienterte, a-målsfløya.
Dei konservative var opptekne av å
halda fast på det opphavlege3 i målet, og
sette seg hardt imot påverknad frå bokmålet. Di reinare målet var, di lettare var det å
få det gjennom, hevda dei.4 Det som særmerkte nynorsken, meinte denne gruppa,
var at han var norsk. Nynorsken var det
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
21
Hartvig Kiran og Arthur Klæbo fekk den fyrste Kringkastingsprisen i 1978. Dei var begge med
å la grunnlaget for Kringkastingsringen. (Foto: Terje Albregtsen, Norsk Tidend)
nedervde norske språket, og ein skulle ikkje
tukla med rettskrivinga for å gjera språket
meir likt riksmålet. Støtte til samnorsken
ville føra nynorsken og målrørsla i eit uføre,
meinte dei. Det var denne fløya som sat
med makta i NM. Arbeidet for å halda
oppe nynorsken i skule, kyrkje, presse, litteratur og statsteneste var viktig for denne
fraksjonen. Dåverande mållagsleiar og jussprofessor, Knut Robberstad, og språkmennene Eivind Vågslid og Sigurd Sandvik, var
sentrale personar i denne fløya.
22
Dei som sympatiserte med tanken om
samnorsk var på den andre sida i striden.
Dei ynskte ei framtidig tilnærming mellom
dei to språka «på norsk folkemåls grunn».
Tanken var at nynorsken måtte endra seg
etter kvart som nye grupper tok målet i
bruk. Til slutt ville han smelta saman med
bokmålet. Resultatet ville vera eit skriftspråk som bygde på målet til folk flest.
Dei reformorienterte var meir opptekne
av aktivistisk motstand mot den hardtslåande riksmålsrørsla. Både på skulemåls-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
fronten og på andre frontar måtte Mållaget
svara på riksmålsfolket sine mange og
harde åtak, meinte a-målsfraksjonen. Dei
var dessutan også særs uroa over at Noregs
Mållag ikkje lenger såg ut til å appellera til
ungdomen.
På landsmøtet i 1955 kravde målkjempa Sigmund Skard at Noregs Mållag
måtte ta tak i utfordringa med å nå ut til
ungdomen. «Kva skal vi gjera med dei unge
som susar rundt på motorsykkel, dei som
les Det beste og Verden rundt og kastar seg
over grammofonplater med Duke Ellington.»5 Det som måtte til, var eit systemskifte, meinte Skard. Han var professor i
litteraturhistorie, omsetjar og mangeårig
formann i Det Norske Samlaget. Dei unge
hadde avskrive Noregs Mållag, meinte han.
Det ein trong, var eit systemskifte. Skard
tok også til orde for at NM måtte slå hardare tilbake mot riksmålsfolka. Skard var
ein sentral ideolog for den reformvenlege
fløya. Andre sentrale personar i dette miljøet var NRK-mannen og forfattaren Hartvig Kiran og dei tidlegare nemnde, Rommetveit og Skodvin. Det same var Bjarte
Birkeland, som seinare vart redaksjonssekretær i Syn og Segn og nordiskprofessor i
Bergen. Opplysningsnemnda for norsk
mål, sprang også ut av dette vitale målmiljøet. Nemnda vart grunnlagt i 1956 og
organiserte den reformorienterte opposisjonen i Noregs Mållag. Dei gav ut små
hefte og gjorde ein innsats i skulemålsrøystingar.
Det var ikkje riksmålsfolka som var farlege. Det farlege var at opplyste folk som
Sigmund Skard tok omsyn til Lytterforeningen og rekna han som ein maktfaktor,
hevda i-målsmannen Eivind Vågslid i sitt
tilsvar til Skards utfordring til mållags-
leiinga. Dimed er det kanskje ikkje overraskande at det reformvenlege miljøet kring
bygarden i Kristian Augusts gate kom fram
til at NM ikkje evna å svara på dei mange
grove åtaka frå Lytterforeningen. Dei tok
difor initiativ til ein ny organisasjon.
«Vi har spilt mykje tid, vi målfolk, på å
slåst med kvarandre, og demokratar som vi
er, kan vi vel òg ha råd til å vera usamde om
eit og anna. Det som er ille, er at vi ikkje –
trass i all meiningsskilnad – alltid kan syne
motmennene våre at vi likevel er ein flokk,
fordi vi alle er målfolk. Eg trur at vi med
dette lydarlaget har høve til å skapa oss eit
samlingsorgan, eit organ som ikkje slåst for
i eller a eller samnorsk – det kan vi slåst om
andre stader, men som går heilhjarta inn
for at nynorsken ikkje skal skamskjellast ut
or kringkastinga, men heller – så sant og så
langt det er råd – skal vinne seg endå større
rom i programma enn han har hatt til
denne dag.»6 Det skreiv Hartvig Kiran i
På landsmøtet i 1955 kravde målkjempa
Sigmund Skard at Noregs Mållag måtte ta
tak i utfordringa med å nå ut til ungdomen.
(Foto: Norsk Tidend)
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
23
brevet sitt til Bondeungdomslagsleiaren
Hans Sørbø. Det er nettopp vektlegginga
av den målretta aktiviteten utan omsyn til
fraksjonsstrid, Kiran trekkjer fram som den
store fordelen med ein eigen kringkastingsorganisasjon. Kringkastingsringen skulle
klara å styra klar av intern bokstavstrid,
men i fyrste runde klarte ein ikkje å overtyda alle om at nykomingen hadde livsens
rett.
Initiativet vart ikkje helsa velkomen av
den konservative leiinga i Noregs Mållag.
Korkje leiinga eller styremedlemene i NM
skreiv under på oppropsteksten som oppmoda folk om å melda seg inn i Kringkastingsringen. Derfor var ikkje laga i Noregs
Mållag med på den storstilte kampanjen
for å få folk til å melda seg inn i Kringkastingsringen, hausten 1955. Interessa for det
nye laget var likevel stor, alt før skipingsmøtet hadde fleire tusen menneske meldt
seg inn i organisasjonen.
Skipingsmøtet
På møtet i Teatersalen heldt Vegard Sletten,
som var redaktør i Verdens Gang og ungdomslagsmann, opningstalen. Han hevda
at radioen måtte vera ein kanal som formidla det levande ordet og den personlege
kontakten. Lytterforeningen sine aktivitetar sto i sterk kontrast til dette. Dei ville
«snøre programma inn i eit språkkorsett frå
kolonitida».7 Sletten sa han var glad for at
Kringkastingsringen no var grunnlagt, slik
at «alt som er av norsk tone, fritt skal få
strøyme inn i dei heimar som lyder til
Norsk Rikskringkasting.» Magne Oftedal,
som seinare vart professor i keltisk språk,
vart vald til leiar. Magne Rommetveit vart
skrivar for det nye laget.
Føremålet til den nye organisasjonen
24
var å «hjelpe nynorsk mål til å få sitt rettkomne rom i norsk kringkasting». Vidare
skulle ein «arbeide for at norsk kringkasting i bruken av begge dei offisielle måla
tek skyldige omsyn til norsk talemål». Det
ville ein oppnå gjennom å arbeida for gode
program i kringkastinga og for ein positiv
kontakt mellom NRK og lyttarane. Kringkastingsringen vart frå dag ein ei vaktbikkje for plassen til det nynorske språket i
statskanalen.
Frå fyrste stund Kringkastingsringen la
også vekt på positive tiltak for å dyrka fram
meir nynorsk. I heftet som vart sendt ut før
skipingsmøtet, står det at laget skal ha ei
programtevling for program på «norsk mål
og målføre»8 med store premiar. Kva pro-
Redaktør i Verdens Gang, Vegard Sletten,
heldt opningstalen på stiftingsmøtet til
Kringkastingsringen.(Foto: Norsk Tidend)
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
gram som skulle premierast, vart avgjort
gjennom røysting mellom medlemene. Det
fyrste året var det Alf Prøysen og programma «Snø i romjula» og «Vaksin jinte»
som vann. Også arbeidet for å legga til rette
for innspelingar av plater med nynorske
tekstar var prioritert den fyrste tida.
Aggressiv riksmålsreaksjon
Riksmålsforbundet var på hogget som aldri
før på 1950-talet. I 1951 drog riksmålsfolket i gang Foreldreaksjonen mot samnorsk.
Vestkantfrua Sofie Helene Wigert sto i
spissen for den aktivistiske organisasjonen.
Dei tok kraftige verkemiddel i bruk mot
språket som dei hadde døypt om til «skamnorsk». Dei oppmoda foreldra om å retta
ord som «høna» til «hønen» i lærebøkene
til borna, og dei arrangerte brenning av
samnorske bøker. Foreldreaksjonen nådde
ut til mange. Nesten ein halv million menneske skreiv under på aksjonens opprop
mot samnorsk. Men kva var det med samnorsken som vekte eit slikt rasande hat?
Riksmålshistorikar Lars Roar Langslet
forklarer raseriet mot samnorsken slik. «For
å illustrere hva de reagerte mot, kan vi
klippe noen typiske setninger fra en lærebok i naturkunnskap: ‘Magesekken har
form som ei skeiv pære. Den ligg øvst i
bukhola på venstre side, like under
mellomgolvet. I magesekken blir maten
blanda med magesafta.’ Intet under at
‘magesafta’ kunne bli sur hos foreldre som
så at det var denne form for norsk deres
barn måtte innøve.»9 Dialektord som
«skeiv» og «øvst» verka som ein raud klut
på Foreldreaksjonen. Dei folkelege formene måtte ut til fordel for eit reint, danskprega riksmål, meinte dei.
Tekstutdraget Langslet brukar frå «buk-
hola» er typisk for retorikken til riksmålsfolket på 1950-talet. Kringkastingsringen
peika alt i 1955 på at foreldreaksjonistane
gjerne heldt seg til mindre delikate tema
når dei skulle visa fram for folk kva som var
gale med samnorsken. «Døma på ‘skamnorsk’ var helst slike som på grunn av sakleg innhald måtte verka fråstøytande på
folk flest. Ord av typen magehola, bukhola,
rotta, lusa og avføringa var vanlege.»10 Analysen til Kringkastingsringen var at Foreldreaksjonen på denne måten prøvde å få
uviljen mot rotter og lus smitta over til å
også omfatta folkelege språkformer. Lesarbrevspaltene i avisene Aftenposten og Morgenbladet, Riksmålsforbundets tidsskrift
Ordet og Foreldreeaksjonens blad Frisprog,
fløymde over av hat mot samnorsk.
Hatet vart også vendt mot nynorsken.
Forfattaren Peter Wessel Zappfe samanlikna i Frisprog nynorsken med ein sjukdom: «Gjennom skolevæsenets betændte
lymfebaner har sotten (nynorsken) spredt
sig fra de store svulster på Vestlandet: havregjødede spyfluer har sværmet ut over landet og slått ned med smittestoffet overalt
hvor de fant et stykke uskjæmmet hud.11
Nynorsken gjorde dei rasande fordi
språket kom frå folkedjupet på Vestlandet.
Språket sto dessutan i vegen for riksmålet:
«...når valget rundt omkring i skolekretsene
står mellom riksmål – eller altså bokmål –
og landsmål, da er det ikke til å unngå at
landsmålet – nynorsken – må ut for at riksmålet skal få innpass igjen», hevda Øverland i Agderposten i 1956.12
I dette betente språkpolitiske klimaet
oppretta Riksmålsforbundet Lytterforeningen. Foreininga hadde etter eiga
utsegn som sitt fremste mål å kjempa mot
«samnorskuhyret», som dei meinte hadde
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
25
fått fotfeste innanfor kringkastinga. Riksmålsfolk var rasande fordi dei bokmålsbrukande journalistane hadde pålegg om å fylgja læreboknormalen. Ikkje alle fylgde
dette kravet. Men trass i dette, var dei folkelege taleformene som vart kringkasta ut
frå det kvite huset på Majorstua nok til å
vekkja eit sterkt engasjement. Dermed såg
Lytterforeningen dagsens ljos.
For riksmålsmiljøet var språket i NRK
«til stadighet en kilde til raseri, irritasjon og
ergrelse. Den sproglige lapskaus, knotet og
rotet som tvangsdyrkes i dette samnorskens
fornemste forum, er en uhederlighet og en
fornærmelse mot lytterne. Det kan ikke
avle annet enn ren irritasjon og protest.»13
I kjølvatnet av Lytterforeningen fylgde
også ein hat-kampanje mot nynorsktalande
journalistar. Den profilerte radiomannen
Hartvig Kiran fekk anonyme hat-brev frå
riksmålsfolk. Ein lyttar samanlikna Kirans
nynorske tale med «et hestehår i suppen».
Heftet med innbedinga til medlemskap i
Kringkastingsringen inneheldt sitat frå
fleire av desse trakasserande breva. Magne
Rommetveit meiner desse sitata opprørte
nynorskfolk og dialektbrukarar over heile
landet, og at det var ein viktig grunn til at
medlemene strøymde til organisasjonen frå
fyrste stund.14
I strid med Noregs Mållag
Som nemnt var det ingen frå styret i
Noregs Mållag som skreiv under på innbedinga til medlemskap i Kringkastingsringen. Ein disputt i Norsk Tidend hausten
1955, før sjølve opprettinga av den nye
organisasjonen, kastar ljos over motsetnadene.
Det heile starta med at bondeungdomslagsmannen og i-målstilhengjaren Halvard
26
Bergwitz kritiserte planane om å skipa ein
ny målorganisasjon. «Eg kan ikkje fri meg
frå tanken om at dette må vera det danskane kallar ‘anstaltmageri.’».15 Ein treng
ingen eigen organisasjon for arbeid med
kringkastingsspørsmål, meiner han vidare.
Det kan heller NU og NM ta på seg av.
Han er dessutan kritisk til å oppretta ein
eigen nynorsk kringkastingsorganisasjon
berre fordi Riksmålsforbundet har Lytterforeningen. «Det er riksmålsfolket som styrer leidi – dei hev initiativet i si hand, og
målfolket kjem dinglande etter», skriv han.
Bergwitz’ kritikk har også ei ideologisk
side. Han kritiserer det nye laget fordi dei
ser ut til å også ville meina noko om korleis bokmålet bør vera. Dette skal ikkje
nynorskfolk leggja seg borti. Interessa for
eit slikt lag er det ikkje mogleg å halda ved
like «i lengdi», er Bergwitz’ konklusjon.
Magne Skodvin svarar i same nummer
på vegner av nemnda som arbeidde fram
mot skipinga av laget. Skodvin held ein
sakleg og kjøleg tone i svaret sitt. Han hevdar at det er ingen grunn til å tru at nokon
skulle melde seg ut av NM på grunn av ein
ny kringkastingsorganisasjon. Han trur
heller at ein gjennom å gjera dette vil
kunne trekkja nye folk til nynorskaktivitet.
Redaksjonen i Norsk Tidend ser ut til å
ha hatt ei meir venleg innstilling til Kringkastingsringen enn styret i Noregs Mållag
hadde. I ein redaksjonell kommentar i
Norsk Tidend i samband med landsmøtet i
Noregs Mållag i 1955, vart Kringkastingsringen omtala i positive ordelag: «Innmeldingar i hundretal midt på blanke sumaren
viser at dette gav utløysing for mykje norsk
vilje.»16
Diskusjonen går likevel vidare. Mållagsleiar Knut Robberstad hevdar at Mållaget
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
planla ein motreaksjon mot Lytterforeningen, men at press frå dei som sto bak
Kringkastingsringen gjorde at desse planane vart lagde på is.
No kjem misnøya som mange i miljøet
kring Kringkastingsringen har overfor
Noregs Mållag, klårt til uttrykk. Mållagsleiinga er blinde, hevdar Kringkastingsringaktivisten Trygve Wicklund, i eit lesarbrev: «Det verste utslaget av blindskap er
likevel den mottakinga tiltaket med Kringkastingsringen har fått», i staden for støtte
«blir tiltaket motarbeidd og stempla som
kløyvingsarbeid», skriv han. Wicklund
meiner at Kringkastingsringen vil verta viktig fordi det er mange målfolk som ikkje
finn seg til rette med «den konservative
førarskapen Noregs Mållag». Kringkas-
Den fyrste tida gjekk kontakten med medlemene gjekk gjennom brosjyrar Kringkastingsringen sende ut. «Kringkastinga og
språket» var brosjyre nr. 2.
tingsringen kan vera organisasjonen for
folk som ikkje kjenner seg heime i Mållaget, men som har lyst til å gjera ein innsats
mot Foreldreaksjonen og Lytterforeningen,
hevdar han.
Den konservative leiinga i Noregs Mållag godtok likevel Kringkastingsringen
etter at skipinga var eit faktum. Alt året
etter vart organisasjonen ynskt velkomen
av landsmøtet i Noregs Mållag. På årsmøtet i 1957 tok striden mellom i-måls og amålsfoka ein førebels ende då Hartvig
Kiran vart vald til leiar. Han var den fyrste
frå dei reformvenlege som fekk formannsklubba. Motkandidaten Ivar Eskeland som
høyrde til i-målsfløya, vart hans næraste
medarbeidar i styre og arbeidsutval. Men
ingen av dei to hadde markert seg sterkt i
fraksjonsstriden. Båe desse unge målmennene hadde fått lovord for mykje godt
praktisk målarbeid. Med valet av Kiran og
Eskeland vart grunnlaget lagt for ein ny giv
for Noregs Mållag. Etter dette vart samarbeidet mellom dei to organisasjonane tettare.
Verving og organisasjonsstruktur
Medlemsvervinga den fyrste tida gjekk
gjennom ungdomslaga og det særs aktive
Studentmållaget i Oslo. Desse spreidde
informasjonsmateriell og samla medlemer.
Det bitre tilhøvet til NM den fyrste tida
fekk konsekvensar for Kringkastingsringens organisasjonsstruktur. Alle medlemene
var direkteinnmelde, organisasjonen fekk
ikkje lokallag, slik NM og NU har. Magne
Rommetveit meiner ein av grunnane til at
denne organisasjonsstrukturen vart oppretta, var at leiinga i Kringkastingsringen
ikkje ynskte meir konflikt med mållagsleiinga. Med ein organisasjonsstruktur
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
27
utan lokallag, ville ein også i mindre grad
framstå som konkurrent til Noregs Mållag.17
Årsmøtet som kvart år fann stad i Oslo
i desember, var det høgste organet i samskipnaden. I periodane mellom vart politikken sett ut i livet gjennom styret og skrivaren. Magne Rommetveit var skrivar for
laget frå skipinga og fram til 1969. Vida
Rommetveit var i fleire år tilsett for å driva
kontorarbeid for laget.
Sidan starten har organisasjonen hatt
hovudsete i Oslo. Herifrå har også mesteparten av aktiviteten vore styrt. Mykje har
vore retta mot politikarane på Stortinget og
mot leiinga i NRK. Nettverk er eit viktig
stikkord. Aktivistane i Kringkastingsringen
høyrde ikkje til den tradisjonelle økonomiske og politiske eliten frå Oslo vest. Dei
kom frå bygder og småbyar rundt om i landet, arbeidde seg opp og kom til å danna
ein slags alternativ elite, i kulturlivet og
innanfor universitetet. Det var ikkje få av
Kringkastingsringens aktivistar som seinare
fekk professortitlar, eller hamna i politikken. Kringkastingsringen hadde gode kontaktar i NRK, både blant journalistane og i
leiinga. Kontakten med stortingspolitikarar var også god.
Kontakten med medlemene gjekk
gjennom brosjyrar Kringkastingsringen
sende ut den fyrste tida. Brosjyrane inneheldt opplysningar om kva som hende i
organisasjonen, informasjon om og synspunkt på målbruken i NRK og informasjon om agitasjonen til riksmålsfolket. Dei
tente både som informasjon til medlemer
og som vervemateriell. Frå 1962 heldt
Kringkastingsringen kontakten med medlemene gjennom særutgåver av Norsk
Tidend.
28
Ei historie om suksess
Kringkastingsringen segla i medvind den
fyrste tida. Eit lesarbrev i Norsk Tidend i
desember 1956 omtalar framgangen for
organisasjonen: «Kringkastingsringen har
fått mykje vellæte for innsatsen sin. Det er
beint fram eit eventyr at ein liten flokk
interesserte har kunna få så mykje ut av
dette tiltaket. Medlemstalet til Kringkastingsringen ligg hakk i hør på Lytterforeningen og Foreldreaksjonen.»18
Etter eitt år hadde Kringkastingsringen
fått heile 8 000 medlemer. Året etter var
organisasjonen oppe i 10 000 medlemer.
Medlemsveksten heldt fram også etter det
fyrste året. I 1958 talde organisasjonen 12
000 medlemer. Kringkastingsringen hadde
heilt klart ei god sak som opptok mange.
Kanskje var det nettopp det at organisasjonen heldt fred innetter og heller brukte
kreftene på målretta arbeid for nynorsk,
som trekte folk til organisasjonen? Medlemspengesatsen er også ein grunn til den
raske veksten. Det kosta berre tre kroner å
vera med.
Kringkastingsringen var eit tiltak der
målfolk tenkte nytt og utradisjonelt. På det
organisatoriske planet låg nytenkinga i å
oppretta ein ei-saks organisasjon heller enn
å inkorporera arbeidet i dei rørslene som
eksisterte frå før. Kringkastingsringen var
også nytenkjande ved at organisasjonen
tidleg satsa tungt på å påverka målbruket i
eit strategisk viktig felt for framtida, nemleg etermedia.
Nynorskløgnene
Å skaffa oversyn over nynorskbruken i
NRK og driva opplysningsarbeid om dette,
var eit viktig arbeidsområde heilt frå starten. Før Kringkastingsringen kom på
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Argumentasjonen dei fyrste åra var knytt
til at det var alt for lite nynorsk i NRK i
høve til talet på nynorskbrukarar. Men
denne argumentasjonen kom til å endra
seg med åra.
Kringkastingsringen prøvde å ta eit
oppgjer med riksmålsfolket sine påstandar
om at nynorsken vart tvinga inn i NRK.
Tvangen låg heller i at nynorsk mål vart
stengd ute, hevda dei. «Når visse menneske
talar om måltvang i kringkastinga, kan dei
nok ha rett i det. Men det er ikkje nynorsken som vert tvinga inn på folk»,20 skreiv
Kringkastingsringen.
Illustrasjonane til Bjarne Kristoffersen vart
mykje nytta i brosjyrane til Kringkastingsringen. Her kommenterer han riksmålsforfattaren Sigurd Hoel som hevda at 97 prosent av litteraturen som kom ut, var på bokmål.
banen, hevda Riksmålsforbundet, med
leiar Arnulf Øverland i spissen, at minst ein
tredjepart av sendingane på NRK var på
nynorsk. Dette talet hevda Øverland å ha
frå kringkastingssjefen.19
Tal Kringkastingsringen fekk frå NRK
synte ei noko anna fordeling mellom
nynorsk og bokmål i NRK. Mellom 1. juli
1954 og 30. juni 1955 var det ikkje 33,3
prosent nynorsk i Rikskringkastinga, slik
Riksmålsforbundet hevda, men berre 14,1
prosent. Dette var grovt urettvist i høve til
kor mange menneske i landet som brukte
nynorsk, meinte Kringkastingsringen.
Radioens gullalder 1945-1960
Skipinga av Kringkastingsringen fann stad
i den perioden som vert kalla radioens gullalder. Under andre verdskrigen vart radioen brukt til å samla folket. Radiopropagandaen frå London vart omtala som «den
fjerde front» i krigen, i tillegg til den militære, den økonomiske og den diplomatiske. Då allmennkringkastinga vart teken
opp att etter krigen, fekk ho ei endå sterkare stilling enn før, både blant politikarane og i folket. Londonsendingane hadde
fått folk til å forstå kor godt og effektivt
nyhendemedium radioen var.
Ei lyttarundersøking frå 1953–54 fortel om folks radiovanar i denne perioden. I
gjennomsnitt høyrde norske radiolyttarar
2,5 timar radio dagleg. Programma hadde
ein gjennomsnittleg oppslutnad på 23 prosent. Dei mest populære programma var
nyhendesendingar, morgonnyhenda klokka åtte hadde om lag 50 prosent oppslutnad. Laurdagsunderhaldninga og Ønskekonserten hadde enno høgare lyttartal,
mellom 60 og 70 prosent, og heile 80 prosent av ungane høyrde på barnetimen21.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
29
Sigurd Hoels svindelagitasjon
Ei av dei fyrste utgreiingane frå organisasjonen sette «svindelagitasjonen til Sigurd
Hoel (...) på plass»,22 melde Norsk Tidend.
Utgangspunktet var at riksmålsfolk nok ein
gong hadde vore lausslepne med nynorskstatistikkar. Riksmålsforfattaren Sigurd
Hoel hevda at 97 prosent av litteraturen
som kom ut, var på bokmål. Dette skulle
sannsynlegvis underbyggja påstandar om at
nynorsken var eit døyande språk.
Den grundige granskinga til universitetsbibliotekar Kaare Haukaas synte at biletet var annleis. Han kom fram til at talet på
nynorskutgjevingar låg på nærare 20 prosent av dei utgjevne bøkene. Haukaas
hadde gått gjennom alle bøker og brosjyrar
som hadde kome ut mellom 1946 og 1955
for å koma fram til dette talet. Om lag 12
prosent av romanane kom ut på nynorsk,
så mykje som ein tredjedel av diktsamlingane var på nynorsk, og nesten halvparten
av dei utgjevne skodespela var på nynorsk.
Dårlegast sto det til med den omsette litteraturen, berre 2,4 prosent av dei omsette
bøkene var på nynorsk.
Haukaas hadde også gjort ein språkleg
gjennomgang av bokmålslitteraturen. Han
kom fram til at det sto dårleg til med riksmålet – berre 26 av dei utgjevne bøkene
nytta ein like konservativ språknormal som
det Riksmålsforbundets Arnulf Øverland
oppmoda til. Dermed kunne Kringkastingsringen setja riksmålsfolket på plass på
meir enn ein måte.
Framgang for nynorsken i NRK
Kringkastingsringen fylgde målbruken i
NRK tett dei fyrste åra. Samskipnaden
stilte krav om ei meir rettferdig fordeling
mellom nynorsk og bokmål. Nynorskbru30
karar vart også oppmuntra gjennom prisar
og rettferdskrav. Likevel auka nynorskbruken lite i løpet av dei fyrste leveåra til
Kringkastingsringen. I juli 1957 sende
organisasjonen difor eit brev til NRK der
dei kritiserte at berre 14,1 prosent av ordsendingane hadde vore på nynorsk i tidsromet 1. juli 1955 til 30. juni 1956. Kringkastingsringen minna NRK på at 27 prosent av borna har nynorsk som opplæringsmål, «programleiinga kan umogleg tolke
jamstelling slik at gjennomsnittsprosenten
skal vera mindre enn 27»,23 meinte Kringkastingsringen. Kringkastingsringen kravde ikkje at nynorskprosenten skulle fylgja
prosenttalet på nynorskbrukarar, men
NRK kunne i alle fall ikkje bruka mindre
nynorsk enn dette.
Året etter gjekk den samla nynorskprosenten endå litt ned, til 13,9 prosent. Men
det skulle koma til å snu. «Det går då rette
vegen, og det vil vi gjerne gje dei som arbeider i NRK honnør for»,24 melde Kringkastingsringen i Norsk Tidend i 1959. I 1960
var nynorskprosenten i NRK på 17, 2 prosent, same året bad Stortinget NRK om å
auka nynorskbruken.
Det var Kaare Fostervoll, målmann og
arbeidarpartipolitikar som var kringkastingssjef i denne tida. Han gjekk på som
sjef i 1948. Etter at han gjekk av, vart NRK
langt mindre lydhøyre for nynorskfolket
sine krav.
Men heller ikkje under Fostervoll gjekk
alt så greitt som Kringkastingsringen
ynskte seg. Nynorsken fekk gjennomslag i
nyhenda, i gudstenestene og i vermeldinga,
men ikkje i underhaldningsavdelinga. I
1959 melde Kringkastingsringen at nynorsk i lette programpostar i NRK framleis
var ei mangelvare. Berre 2,2 prosent av lett-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Det gjekk rette vegen for nynorsken i NRK
medan Kaare Fostervoll var kringkastingssjef. (Foto: Norsk Tidend)
programma var på nynorsk. Sportssendingar på nynorsk var det også smått med.
I sporten låg nynorskprosenten på 6,2 prosent.
Kringkastingsringen vakta også på
nynorskbruken i dei lokalproduserte sendingane. Dei fann ut at nynorsken vart diskriminert ved lokalstasjonane i NRK. Her
samanlikna Kringkastingsringen nynorskbruken med prosenttalet av nynorske elevar i grunnskulen i nærområda og fann ut
at nynorsken var grovt underrepresentert.
Kontoret i Bergen brukte berre 31,2 prosent nynorsk, sjølv om 63 prosent av skuleelevane i området hadde nynorsk som opplæringsspråk. I Stavanger-området brukte
45 prosent av elevane nynorsk, men berre
12,2 prosent av sendingane var på nynorsk.25
Attendegang for nynorsken
Utetter på 1960-talet stogga dei hardaste
riksmålsåtaka på nynorsk og samnorsk.
Attendegangen for nynorsk som skulespråk
heldt likevel fram. Normeringsstriden i
NM vart lagt vekk fram til slutten av 1960talet, då han blussa opp att med full styrke.
I dette tiåret klarte NM i aukande grad å få
med seg ungdomen. Mållaget sette ned ei
nemnd under leiing av Berge Furre.
Nemnda skulle analysera samfunnsmessige
strukturendringar og målpolitikk. Arbeidet
til denne nemnda førte til ein ny giv, og til
boka Målreising 1967.
Då fjernsynet vart innført i 1960, tok
ikkje Noregs Mållag opp innføringa av det
nye mediet på landsmøtet. Det var eit felt
som Kringkastingsringen tok seg av. Etter
fem års arbeid, la organisasjonen premissane for mediepolitikken i Noregs Mållag.
Denne arbeidsdelinga vart slått fast i NMs
årsmelding for 1961. «Kringkastingsringen
gjer mykje verdfullt arbeid for nynorsk
riksmål. Noregs Mållag måtte ha ofra
mykje meir arbeid på målbruken i radio og
fjernsyn om ikkje Kringkastingsringen
hadde teki seg av dette viktige arbeidet.»26
Etter 1962 byrja NM å stilla eigne krav til
NRK. Landsmøtet i 1963 kom såleis med
krav om teksting av utanlandske filmar på
nynorsk, same året protesterte organisasjonen også mot attendegangen for nynorsken
i radioen. Grunnen til at NM igjen byrja
engasjera seg i spørsmålet, var at nynorskfolket fekk mindre gehør i NRK. I 1962
tok Hans Jacob Ustvedt over sjefsstolen i
NRK. Han var professor i medisin, hadde
tidlegare ikkje hatt politiske verv og han
var heller ingen målmann. No måtte innsatsen intensiverast.
Med Ustvedt som sjef vart også hald-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
31
ninga til nynorsk endra på Marienlyst. I eit
intervju med Aftenposten i samband med
60-års dagen sin i 1963, uttala Ustvedt at
«når det fra enkelte hold stilles krav om
flere programmer på nynorsk, vil jeg si at i
en periode hvor bruken av nynorsk som
talesprog er i tilbakegang – jevnfør rekruttstatistikken – kan man ikke vente at Norsk
Rikskringkasting skal kunne prestere noen
økning av nynorskprogrammene».27
Tre år tidlegare hadde Stortinget bede
NRK om å sørgja for meir nynorsk. Så det
er ikkje til å verta overraska over at intervjuet vekte sterke reaksjonar i målrørsla. På
landsmøtet i Noregs Mållag kort tid seinare
gjekk debatten høgt. Ustvedt fekk mange
svar.
I Norsk Tidend gjekk Magne Skodvin til
åtak på grunnlaget for Ustvedts utsegner,
nemleg den såkalla rekruttstatistikken. Statistikken, som Ustvedt brukte som grunnlag for å hevda at nynorsken gjekk tilbake,
var nemleg slett ingen statistikk, men ei
pressemelding som hevda at mellom 67 og
68 prosent av rekruttane sa at bokmål var
det naturlege språket for dei. Problemet her
låg i at dette ikkje var eit spørsmål rekruttane hadde svara på. Dette var talet på kor
mange av rekruttane som hadde svara at
dei ville ha Soldatboka på bokmål. Derifrå
kunne ein ikkje utan vidare slutta seg til at
bokmål var det språket nesten 70 prosent
av rekruttane ville ha, heldt Skodvin fram.
I same nummer tok Ivar Eskeland opp
noko av det han trur kan vera grunnen til
den låge oppslutnaden om den nynorske
Soldatboka. Nynorskutgåva var vanskeleg
å få fatt i. Han sjølv måtte krangla mykje
for å få boka på nynorsk då han var på
«Øvelse høst» på Voss.
Det oppsiktsvekkjande med Ustvedts
32
utsegner er for Skodvin ikkje at han viser
til ein ubrukeleg statistikk for å underbyggja utsegnene sine. Det som provoserer
mest, er at han ikkje ynskjer å gje plass til
nynorsken.
Attendegangen for nynorsken i skulen
førte til at Kringkastingsringen endra argumentasjonen sin for nynorsk i Kringkastinga. På 1950-talet var det matematiske
rettferdsperpektivet det viktigaste. Nynorskprosenten måtte svara til prosenten av
nynorskbrukarar i befolkninga. På 1960talet meinte Kringkastingsringen framleis
at kravet om meir nynorsk var eit rettferds-
Tidlegare skrivar i Kringkastingsringen,
Magne Rommetveit, vart i 1972 den fyrste
konsulenten for nynorske programspørsmål i
NRK. (Foto: Norsk Tidend)
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
krav, men eit nytt perspektiv kom inn i
argumentasjonen. Oppretthalding av det
nynorske språket. «Det hadde vore gildt
om kringkastingssjefen hadde sagt at når
det eine av dei to riksmåla våre må ta harde
støytar, kan ikkje Kringkastinga sitja roleg
og sjå på at ein så sentral del av kulturlivet
har slik motbør»,28 skreiv Skodvin. Men
slik var ikkje Ustvedts haldning.
Ustvedt måtte svara på kritikken frå
målfolket. I ei seinare utgåve av Norsk
Tidend, seier han at han ser på det som ei
kulturelt viktig oppgåve å verna nynorsken.
Det han derimot ikkje vil ha, er ein fastsett
prosentsats for nynorskbruk29
Nye medium
Ordinære sendingar for fjernsynet kom i
gang i 1960. Fjernsynet vart straks ein suksess. I 1962 hadde alt 77 200 husstandar
betalt fjernsynslisens. I ei meiningsmåling
frå 1969 sa heile to tredelar av dei som
hadde fjernsyn, at dette var det mediet dei
aller minst kunne tenkja seg å unnvera.
Kringkastingsringen prøvde frå dag ein å
sikra språkleg jamstelling i tv-sendingane.
Får ein ikkje knesett dei same prinsippa i
fjernsynet som i radioen, kan det ta urimeleg lang tid å retta opp att det forsømde,
meinte Kringkastingsringen.30
Fjernsynet førte med seg eit statistikkføringsproblem. NRK var usikre på korleis
statistikkane skulle førast. Mange av fjernsynssendingane hadde lite ord, men var
biletbaserte. Skulle ein då sitja med stoppeklokke og ta taletida, eller skulle ein
rekna lengda på innslaget?
Difor var det også usikkerheit knytt til
statistikkane. Problemet med statistikkføringa starta alt i perioden då Fostervoll var
kringkastingssjef. Men med Ustvedt i sjefs-
stolen vart det ikkje lettare å få orden på
tala.
Norsk Tidend ironiserte over statistikkrotet på leiarplass. «Det er ei meir enn klein
orsaking når vi får høyre at NRK ikkje
eingong har så pass orden i sitt eige hus at
nye medarbeidarar blir sette inn i det arbeidet dei tar over.»31
Kringkastingsringen tok fleire gonger
opp den manglande statistikkføringa. På
eit møte med organisasjonen i 1966 lova
kringkastingssjef Ustvedt å retta opp i den
misvisande statistikken og å få klare reglar
for føringa, men lite hende. Uvissa knytt til
statistikkføringa varte ved heilt fram til
1970-talet, då Magne Rommetveit vart tilsett som nynorsk programkonsulent.
Trass i uvissa, var det tydeleg at
nynorskbruken gjekk tilbake. I 1969 låg
nynorskprosenten i statskanalen på om lag
10 prosent, ifylgje NRKs eiga statistikkføring. Men kva var problemet? Fjernsynets
programdirektør, Otto Nes, hevda at problemet låg i at det ikkje var lett å få tak i
nynorskbrukarar. Programdirektør Torolf
Elster i radioen hevda overfor Norsk Tidend
at kringkastinga hadde lett for å verta prega
av oslomiljøet ettersom ho låg på Marienlyst.
I strid for bygda
Kringkastingsringen har hatt fleire krav
enn at nynorsken skal få eit rettkome rom
innanfor kringkastinga. Mållaget ynskte
seg på 1930-talet ein kringkastingssjef som
hadde «hovud og hjarta for heile landet».
Kringkastingsringen var ein viktig pådrivar
for å gjera eit slikt program til verkelegheit
i kringkastinga.
I 1959 hevda formannen i Kringkastingsringen, Einar Hovdhaugen, at byg-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
33
dene var sette til sides av NRK-leiinga.
Hovdhaugen meinte vidare at bygdene var
undervurderte når det gjeld kulturinteresse. «Det er på bygdene ein finn dei beste
lydarane»,32 hevda han. Dette grunngav
han med at lyttarane på bygda var meir trufaste mot favorittprogramma sine, og at dei
høyrde meir på radio. Hovdhaugen meinte
det var naudsynt at folk med bakgrunn frå
bygde-Noreg kom med i programarbeidet,
det ville vera ei vinning for NRK som kulturinstitusjon.
I 1962 sende Kringkastingsringen brev
til NRK-leiinga der dei klaga over at
underhaldningsavdelinga gjorde narr av
folkemålet. Dialektparodieringa frå den
austlandske revy-tradisjonen, der dialektbrukarar vart framstilte som fyllikar eller
undermålarar, hadde fått innpass i underhaldningsavdelinga på Marienlyst. Dette
låg «på eit uvanleg lågt nivå»,33 meinte
Kringkastingsringen. Det positive synet på
bygdene skulle verta langt viktigare utetter
på 1970-talet.
Rekrutteringsarbeid for NRK
No må NRK leggja om rekrutteringspolitikken34 heiter det i ei særutgåve av Norsk
Tidend frå 1963. NRK brukar lite nynorsk
fordi det er få nynorskbrukande tilsette,
heiter det vidare. For å bøta på dette kan
NRK til dømes oppretta eit aspirantkurs,
der folk kan få prøva seg. For nynorskfolk
er det vanskelegare å få foten innanfor i
NRK, hevdar signaturen MR, som truleg
er kort for Magne Rommetveit. Artikkelen
fortel at Kringkastingsringen har tipsa
NRK om flinke nynorskbrukarar, men at
dei til no ikkje har vorte kalla inn.
Det skortar ikkje på kvalifisere nynorskfolk, hevda Kringkastingsringen, men på
34
viljen til å bruka dei. Frå no sette Kringkastingsringen i gang eit systematisk arbeid for
å snu om på dette.
Frå 1965 førte Kringkastingsringen eit
register over unge, flinke nynorskbrukarar
som kunne tenkja seg å jobba i NRK.
Kringkastingsringen informerte kontaktnettverket sitt om ledige stillingar og vikariat. Frå no fekk fleire innpass. Men det
hjelpte ikkje alltid å tilsetja nynorskfolk,
skulle det visa seg.
Studentane Jostein Stokkeland og Kåre
Hauge fekk båe jobb i NRK etter tips frå
Kringkastingsringen. Oppgåva deira var å
teksta program. Norsk Tidend skreiv at dei
båe er toppkandidatar og at dei kan
omsetja frå russisk, polsk, fransk, engelsk
og tysk. Men etter å ha teksta ein film på
nynorsk, fekk ein av dei melding om at tekstinga skulle vera på bokmål. Det kom
fram etter at dei to hadde slutta i NRK.
Kringkastingsringen vart mektig provosert,
fordi dette hende etter at Stortinget eintydig hadde gjeve NRK melding om at
nynorskprosenten måtte aukast. Og det
hende i ei tid der NRK sjølv hevda at grunnen til at dei ikkje hadde så mykje nynorsk
som Stortinget ynskte, var at dei hadde for
få nynorskbrukande tilsette.
Kringkastingsringen fylgde tilsetjingspolitikken i NRK vidare. I Norsk Tidend
melde organisasjonen frå om tilsetjingar av
nynorskbrukarar. 30. august 1968 melde
Norsk Tidend om at Fana-jenta Olga Meyer
kom inn på opplæringskurset denne hausten. I 1969 melde Kringkastingsringen
vidare om at Meyer no var tilsett i opplysningsavdelinga. Meyer vart ei veldig populær radiostemme, og ho kom til å verta ein
sentral aktivist for Kringkastingsringen.
Kringkastingsringen prøvde også å
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Olga Meyer vart tilsett som programsekretær
i NRK i 1969. Ho gjorde seinare eit viktig
arbeid for nynorsken i kringkastinga.
(Foto: Norsk Tidend)
påverka sendingane gjennom å lysa ut
manuskonkurransar. I 1959 sette organisasjonen i gang ei tevling om det beste manuskriptet til eit kort radioprogram. Kringkastingsringen delte ut eigne premiar, men
sa også at dei premierte programma alle vil
ha god sjanse til å verta sende i kringkastinga. I 1963 hadde Kringkastingsringen
ein konkurranse om å laga det beste lettprogrammet på nynorsk.
25-prosentregelen i NRK
Heilt frå skipinga av NRK i 1933 heitte det
at kanalen burde ta omsyn til målstoda i
landet og syta for at båe måla vart representerte i sendingane. Etter at Kringkastingsringen vart skipa, vart påtrykket om meir
nynorsk konstant. Men Kringkastingsringen var ikkje åleine om å krevja meir
nynorsk i NRK, også Stortinget etterlyste
dette. I 1960 bad Kyrkje- og undervisingsnemnda på Stortinget NRK om å gjera
noko for å få ei jamnare fordeling mellom
nynorsk og bokmål i sendingane.
På dette tidspunktet låg nynorskprosenten i NRK på 17,2 prosent. Så kom problema med statistikkføringa. Ustvedt tok
over leiinga i NRK. Nynorskprosenten
dalte, sjølv om ein ikkje kunne seia heilt
sikkert kor mykje. Dette hende stikk i strid
med ynska til Kyrkje- og undervisingsnemnda.
Tre år etter tok venstremannen Ludvig
Botnen frå Sogn og Fjordane opp spørsmålet på nytt frå Stortingets talarstol.35 Kvar
hadde det vorte av den nynorsken som vart
etterlyst i 1960, spurte Botnen. Han viste
til nedgangen for nynorsk i kringkastinga.
I svaret sitt kunne ikkje statsråd Helge
Sivertsen garantera for meir nynorsk.
Då stortingsmeldinga om NRK-verksemda vart lagt fram, vekte NRK sin definisjon av måljamstelling mykje harme.
Meininga med jamstellinga, var at fordelinga mellom dei to språka skulle verta
jamnare. I NRKs 176 sider lange melding
hadde dette vorte omdefinert til å tyda at
«begge mål kan nyttes med like full rett».36
Denne forståinga av jamstelling tok luven
frå kravet om auka nynorskbruk. Både
Kringkastingsringen og statsråd Kjell Bondevik protesterte mot denne vridinga vekk
frå jamstellingskravet.
Statsråden hadde berre ein merknad til
meldinga, og den var knytt til språkspørsmålet. Han kravde at arbeidet med å sikra
ei jamnare målfordeling ikkje måtte forsømmast. Norsk Tidend kommenterte at
her var det underforstått at dette arbeidet
hadde vore forsømt i lang tid. «Ingen kan
vera i tvil om at departementet rett og slett
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
35
gir leiinga i NRK ei skrape – endå om ordbruken er varsamt departemental»,37 skreiv
Norsk Tidend.
Framfor stortingsbehandlinga av tilrådinga frå Vogt-komiteen (1964–1966),
komiteen som skulle vurdera den norske
språkstoda på brei basis, etter tiår med hard
strid om den statlege samnorskpolitikken,
utarbeidde Kringkastingsringen ei eiga fråsegn om språket i kringkastinga. Her etterlyste organisasjonen retningsliner for målbruken. Kringkastingsringen la vekt på å
auka plassen til nynorsken «i samsvar med
den faktiske måltilstanden her i landet».38
NRK måtte dessutan satsa meir på å
rekruttera fleire nynorskbrukande medarbeidarar. Standardtalemålet måtte verta det
faste språket i dagsnyttsendingar, i meldingstenesta, i fjernsynsteksting og i skulekringkastinga, meinte Kringkastingsringen. Det som ikkje vart kravd i fråsegna, var
ein fastsett prosentsats for nynorskbruken.
Ein grunn til dette er at Kringkastingsringen på førehand vart åtvara av sine eigne
folk på Stortinget om at det ikkje ville vera
klokt å gå for ein fastsett prosentsats. Men
så synte det seg at fleire bokmålsbrukande
representantar gjerne ville gå for eit vedteke
minstemål. Dermed gjekk ein for denne
ordninga. Kringkastingsringen brukte kontaktane sine på Stortinget for å påverka i
denne saka. Innsatsen til den unge mål- og
Ap-mannen Einar Førde var sentral for å få
på plass det vedtaket som kom.39 Trygve
Bratteli bad Arbeidarpartirepresentantane
om å røysta for ei prosentgrense.
I mai 1970 kom det endelege gjennomslaget for nynorsk i kringkastinga. Stortinget slo fast at «hovudregelen må være å
gi nynorsken en plass som i det minste svarer til en fjerdedel av ordsendingene.»40
36
Ap-representanten Einar Førde var viktig
for å få på plass vedtaket om 25 prosent
nynorsk i NRK. (Foto: Norsk Tidend)
Dermed hadde ein for fyrste gong i historia
fått på plass ein regel som fastslo ei prosentgrense for nynorskbruk. Høgre var det
einaste partiet som røysta imot dette vedtaket.
Det var ein stor siger for Kringkastingsringen. Teater- og filmlegenden Olav Dalgard hevda like etter at dette truleg var den
viktigaste hendinga i målrørsla den siste
mannsalderen. Med dette vedtaket tok
mange til å tru at ein no hadde sikra nynorsken ein plass i NRK og at Kringkastingsringen no kunne konsentrera seg meir om
andre oppgåver. I dag har me erfart at eit
regelverk åleine ikkje er nok for å sikra auka
bruk av nynorsk. NRK har aldri klart å
oppfylla prosentkravet.
Tilhøvet mellom NRK og Kringkastingsringen vart betre etter denne avklaringa. NRK tok krava om å auka nynorskbruken meir på alvor. Ein programkonsu-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
lent for nynorsk vart tilsett i 1972. Fyrste
konsulenten var ein av grunnleggjarane av
Kringkastingsringen, Magne Rommetveit.
Etter at han kom i gang med arbeidet sitt,
vart det også orden på språkbruksstatistikkføringa i kanalen, og nynorskprosenten tok
til å gå framover.
25 prosentregelen tryggja stillinga til
nynorsken innanfor NRK systemet. Å sikra
nynorsken i allmennkringkastinga, var viktig for stillinga til nynorsken som eit jamstelt nasjonalspråk. Nynorsken vart ikkje
berre eit språk for dei som kom frå
nynorskstrok, eit språk folk frå bokmålsområde berre møtte i norskundervisninga
på skulen. Nynorsken vart også eit språk
alle fekk møta i tidas mest populære
medium, i radio- og tv-sendingane.
Kringkastingsringen og Dag og Tid
Ved skipinga av den nye avisa Dag og Tid
spela Kringkastingsringen og folk som var
knytte til organisasjonen, ei sentral rolle.
Sjølve idéen om å starta ei ny nynorsk avis
kom frå Magne Rommetveit i Kringkastingsringen, Ivar Eskeland og Olav Engan i
Noregs Mållag. Den nye avisa skulle ikkje
vera eit organ for målrørsla, slik som Norsk
Tidend. Tanken var å laga noko heilt nytt.
Ein skulle laga ei allmenn kulturavis som
skulle skriva på nynorsk, men ikkje om
nynorsk.
Det var Magne Rommetveit som gav
avisa namnet. Dag og Tid var lånt frå ein
av NRKs programpostar, og skulle eigentleg berre brukast som mellombels tittel på
dei fyrste prøvenummera som kom i 1962.
Men namnet slo så godt an at det vart
verande. Olav Engan var sentral i førebuingsarbeidet. Etter å ha lagt til rette for
grunnlegginga, gjekk han over i stillinga
som disponent for den nye avisa.
Det var ikkje gjort i ei handvending å
stabla ei ny avis på beina. Sjølv om mykje
vart gjort for å skaffa tingarar og innkomer,
sleit Dag og Tid med økonomien i dei fyrste åra. NM lånte pengar til avisa og
gjennomførte tingaraksjonar. Kringkastingsringen var også sentral i arbeidet for å
redda Dag og Tid økonomisk.
I 1964 gjennomførte Kringkastingsringen eit lotteri til inntekt for avisa. Egil
Ytrearne vart hanka inn som kampanjesekretær. Magne Rommetveit fortel at han i
nesten eit år reiste Noreg på kryss og tvers
med bil, som ein slags nynorsk emissær.
Bagasjerommet var fylt opp med lodd. På
dagtid oppsøkte han kioskar og butikkar
for å få dei til å driva loddsal for Kringkastingsringen. Kveldane gjekk ofte med til
møte med lokale mållag.41 Så det er ikkje til
Egil Ytrearne reiste Noreg på kryss og tvers
for å samla inn pengar til Dag og Tid.
(Foto: Wickman, Norsk Tidend)
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
37
Erling Lægreid (nr. 3 frå høgre), var med å starta Riksfondet for nynorsk presse. Biletet er frå
lokala til Dag og Tid. (Foto: Dag og Tid)
å undrast over at loddsalet gjekk strykande.
Suksessen skuldast også ei særs aggressiv
marknadsføring av loddsalet frå Kringkastingsringen si side. Organisasjonen sende
loddbøkene i oppkrav til alle medlemene,
men sende fyrst ut ei melding om at dei
som ikkje ville ha loddbøker, måtte avbestilla dei. Denne meldinga hadde svært
kort svarfrist. Ho inneheldt ei melding om
at medlemene sjølvsagt ikkje hadde noka
juridisk plikt til å selja lodd i presselotteriet, men det vart meir enn ymta at dei
hadde ei moralsk plikt til å gjera det.42 Dermed henta mange i vanvare ut ei loddbok
som dei såg seg forplikta til å selja ut.
Kringkastingsringen mottok fleire sinte
brev frå medlemer som klaga over det hissige salspresset. Men dei aller fleste stilte
opp for å redda Dag og Tid.
38
Det kan ha vore fleire ting som motiverte
det store loddsalet denne hausten. Premiane var nemleg heller ikkje å forakta. Fyrstepremien i lotteriet var ein Fiat landbrukstraktor. Fleire bilar sto på den lange
premielista. Kringkastingsringen freista
også med ei flyreise, ein slåmaskin, ein
komfyr og ein skrivemaskin. Det året selde
Kringkastingsringen lodd for heile 550 000
kroner. Årsmøtet i desember 1964 oppsummerte, ikkje overraskande, loddsalet
som ein braksuksess. Administrasjonsutgiftene og utgiftene til premiane var høge,
men Dag og Tid fekk 229 500 kroner i tilskott.
Men økonomien var framleis ikkje
redda. Avisa trong framleis økonomisk
støtte frå målrørsla for å halda drifta i gang.
Denne støtta vart etter kvart kanalisert
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
gjennom Riksfondet for Nynorsk Presse.
Dette fondet hadde som hovudføremål å
støtta Dag og Tid økonomisk. Det var
Magne Rommetveit som tok initiativet til
opprettinga av fondet, og han utarbeidde
føresegnene i samarbeid med Erling
Lægreid, som seinare vart leiar i fondet.
16 Norsk Tidend, 10. august 1955, nr. 27:3.
17 I samtale med underteikna og Kjell Arve
Straumsvåg 22. juni 2005.
18 Norsk Tidend, 8. desember 1956:3.
19 Kringkastingsringens brosjyre nr. 1:25.
20 Kringkastingsringens brosjyre nr. 1:26.
21 Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye, Norsk kringkastingshistorie, Det Norske Samlaget, 2003:120.
22 Norsk Tidend, 2. november 1957.
Notar
1 Kringom nr. 3/4-2002.
23 Norsk Tidend, 20. juli 1957:4.
2 Rommetveit, Magne: «Slik vart Kringkastingsringen til», Kringom 01.03 s. 10.
24 Norsk Tidend, 5. november 1959:3.
3 Vikør, Lars S, «Noregs Mållag 1906-81» i Målreising i 75 år. Fonna Forlag 1981:223.
26 Noregs Mållag, årsmelding 1961, NM 459.
4 Vikør, Lars S, «Noregs Mållag 1906-81» i Målreising i 75 år. Fonna Forlag 1981:225.
5 Vikør, Lars S, «Noregs Mållag 1906-81» i Målreising i 75 år. Fonna Forlag 1981:224.
25 Norsk Tidend, 5. november 1959:1.
27 Norsk Tidend, 1. august 1963:3.
28 Norsk Tidend, 26. august 1963:1 og 6.
29 Norsk Tidend, november 1963:6 og 14.
30 Norsk Tidend, 5. januar 1961:1-2.
6 Kringom nr. 3/4-2002.
31 Norsk Tidend, 1. desember 1960:3.
7 Møteboka til Kringkastingsringen, 1955-1977.
32 Norsk Tidend, 21. mai 1959:1.
8 Kringkastingsringens brosjyre nr 1:29.
33 Norsk Tidend, 14. desember 1962:4.
9 Langslet, Lars Roar: «Foreldreaksjonen og Sofie
Helene Wigert», Aftenposten, 8. desember 2001.
34 Norsk Tidend, 14. november 1963:12.
10 Kringkastingsringens brosjyre nr. 1:20.
36 Norsk Tidend, 31. mai 1968:4-5.
11 Zappfe, Peter Wessel i Frisprog, 5. februar, sitert
i Kringkastingsringens brosjyre nr. 1:21.
37 Norsk Tidend, 31. mai 1968:3.
12 Arnulf Øverland i Agderposten 5. nov. 1956,
sitert i Kringkastingsringens brosjyre nr. 7, s. 21
(våren 1958).
13 Ordet, 22. mai 1954, sitert i Kringkastingsringens brosjyre nr. 1:2.
35 Norsk Tidend, 14. november 1963:8.
38 Norsk Tidend, 31. januar 1969:8.
39 Dag og Tid, 28. november 1975:7.
40 Norsk Tidend, 23. oktober 1970:4.
41 I samtale med underteikna 2. september 2005.
42 Norsk Tidend, særutgåve, 4. november 1964:6.
14 I samtale med underteikna og Kjell Arve
Straumsvåg 22. juni 2005.
15 Norsk Tidend, 10. august 1955:2.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
39
Kringkastingsringen 1970–2005
Eva Marie Mathisen
Desentralisering av NRK
I norsk historieskriving har syttitalet fått
merkelappen «radikalismens tiår», der
kjenneteikna har vore ei venstredreiing i
politikken, med døme som EEC-røystinga
og Alta-aksjonen. Arbeidet i Kringkastingsringen, og resten av målrørsla, endra seg i
denne perioden. «Målsak er ikkje filologi,
men politikk», var eit slagord mange unge
målfolk nytta ved inngangen til syttiåra.
Tilhøyrsle til distrikt og lokal kultur vart
viktigare, og det å arbeida for at folk i distrikta fekk like tilbod som dei i meir
urbane strok, stod sentralt. Dialektkampen
– «Snakk dialekt – skriv nynorsk» var eit
teikn på denne utviklinga.
På midten av sekstitalet byrja målrørsla
å jobba for å flytta ut statlege institusjonar
til distrikta og oppretta nye politiske og
intellektuelle institusjonar der. Arbeidet
byrja med bygginga av Akademiet i Rauland, som sprang ut av ein idé om eit bygdeuniversitet på nynorsk. Noregs Mållag
var leiande i dette arbeidet, men knytte til
seg eit større og aktivt målmiljø som
omfatta mellom anna Kringkastingsringen,
Noregs Ungdomslag og Studentmållaget i
Oslo. Noregs Mållag meinte at Akademiet
i Rauland skulle verta ein vidare- og etterutdanningsstad for lærarar i folkehøgskulen, samstundes som det skulle vera «ein
forskingsinstitusjon som tek føre seg byg40
desamfunnet og bygdestrukturen».1 Den
same grunntanken finn me i arbeidet med
distriktshøgskulane. Det handla om å tryggja det sosiale grunnlaget for nynorsken og
den nynorske kulturen, skriv Lars S. Vikør
i Målreising i 75 år.
Målmiljøet i Oslo, og særleg Studentmållaget i Oslo, var ei sterk drivkraft i
arbeidet for distriktshøgskulane. Det vart
skipa ei nemnd som vart kalla «Aksjonsnemnda for distriktshøgskulane». Nemnda
var breitt samansett, med representantar frå
Kringkastingsringen, Noregs student- og
elevmållag (NSEM), Norges Bondelag og
Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Aksjonsnemnda kontakta kommunar for å få støtte
til krava sine om å få lagt det nye skuleslaget til bygdemiljø, og fekk med 200 kommunar kringom i landet.2 Resultatet av
dette arbeidet vart at distriktshøgskulen i
Telemark vart lagt til Bø, høgskulen i Møre
og Romsdal vart delt mellom Molde og
Volda og høgskulen i Hedmark og Oppland vart lagt til Lillehammer.3
Kampen for distriktshøgskulane var eit
arbeid som sette fokus på distrikta,4 og tanken om desentralisering av NRK oppstod
i kjølvatnet av distriktshøgskulearbeidet.
Det var naturleg å ta opp spørsmålet om ei
desentralisert kringkasting, skreiv Oddvar
Natvik, ein av dei viktigaste aktivistane i
Kringkastingsringen i denne perioden, i
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Dag og Tid.5 Fleire av dei som hadde vore
med i miljøet kring «Aksjonsnemnda for
distriktshøgskulen» var òg medlemer i
Kringkastingsringen, så grunntankane var
ikkje nye. Kampen for distriktshøgskulane
gav òg kveik og kunnskap: «Vi veit frå før
at ein samla og sterk aksjon frå distrikta
kan stikka kjeppar i hjula for den ‘utviklinga’ som ekspertar av varierande kaliber
held opp for oss som ‘naturleg’ og ‘uavvendeleg’», skreiv leiar i Kringkastingsringen
Ola Bredeveien (som seinare tok namnet
Ola Breivega) .6
Ein annan grunn til å arbeida med
desentralisering var påverknaden frå utlandet, særleg frå Storbritannia og BBC, men
òg frå Sverige. I Storbritannia hadde ein
sidan 1966 bygd ut 20 såkalla «local radio»,
altså radio med sendingar for avgrensa geografiske område, og dette var ein tanke som
slo rot i miljøet kring Kringkastingsringen.7
Britane hadde planar om heile fem hundre
lokalradioar fram til 1974. Direktøren for
den fyrste nærkringkastaren i Storbritannia, Mr. Maurice Ennals, sa fylgjande om
«Folk må jobba der dei bur, og nynorsken
finst i distrikta», sa Audun Heskestad, dagleg leiar i Kringkastingsringen 1969-70.
(Foto: Audun Skjervøy, Norsk Tidend)
føremålet til ein slik lokal radio: «Vi vil lage
ei kringkasting for folket, om folket og for
folket i kvar kommune!»8
Kringkastingsringen såg Sverige som
idealet for kringkastingsutbygginga til den
statlege rikskringkastinga. I 1972 var leveransen av stoff frå distrikta til rikssendingane, og talet på tilsette i distrikta, mykje
større i Sverige enn i Noreg, og den svenske rikskringkastinga hadde som mål å fordobla tala.9 Trass i at det var ulike opplegg
for desentralisering av kringkastinga i
mange europeiske land, var grunnlaget det
same; å kunna levera betre nyhendedekning frå distrikta. Ei forståing av at det
fanst ulike interesser i ulike delar av landet,
låg til grunn.
Kvifor byggja ut
distriktskontora i NRK?
For Kringkastingsringen byrja syttitalet
med siger då Stortinget slo fast at minst 25
prosent av sendingane i NRK skulle vera på
nynorsk. «Ingen er no i tvil om kva Stortinget meiner om det rommet nynorsken
skal ha i kringkastingsprogramma» skreiv
Magne Rommetveit i ein artikkel i Norsk
Tidend i 1970.10 Og det var ingen tvil – 25
prosent nynorsk i NRK måtte innebera at
NRK dobla prosenttala sine frå 1969, og at
NRK måtte driva ein aktiv rekrutteringspolitikk av nynorskbrukande journalistar.
Då heldt det ikkje berre å rekruttera
gjennom vanleg stillingsutlysing, ein måtte
byggja ut distriktskontora, meinte Kringkastingsringen. «Folk må jobba der dei bur,
og nynorsken finst i distrikta». Slik argumenterte dagleg leiar, Audun Heskestad, i
1970.11
Dei tiltaka som Kringkastingsringen
meinte kunne hjelpa NRK til å nå 25 pro-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
41
Kringkastingsringen arbeidde for å byggja ut distriktskontora til NRK, mellom anna for å
rekruttera fleire nynorskjournalistar. (Ill. Norsk Tidend)
sent nynorsk i sendingane, var ei aktiv
rekruttering av nynorskbrukarar, til dømes
ved å leita i studentmållagsmiljøa. Planane
om å byggja ut massemedialiner ved dei
nye distriktshøgskulane i Volda og Bø ville
òg vera til hjelp. I tillegg måtte NRK senda
fleire innslag frå distrikta og om distrikta
og ikkje minst – byggja ut avdelingskontor
i bygdesenter.12
Andre argument for desentralisering
vart også viktige. Desentraliseringa var ein
måte å fremja lokal kultur og demokrati
på. I årsmeldinga til Kringkastingsringen
for 1973-74 vart denne overgangen i argumentasjon og arbeidsområde peikt på.
Arbeidet handla desse åra mindre om
nynorskprosenten og meir om kva rolle
NRK skulle ha i samfunnet. NRK som
42
rikskringkastar måtte gjenspegla heile samfunnet, både i språk (nynorsk) og i lokale
kulturar, tradisjonar og saker som var viktige for distrikta. Då heldt det ikkje at
NRK sende nokre distriktsprogram frå
Oslo. Distrikta måtte senda sjølve.13
Bakgrunn: Stoda i NRK
Frå midten av femtitalet endra NRK sendingane sine og byrja med ei varsam utbygging av radioen utanfor Marienlyst. Seinare
vart desse sendingane frå distrikta utvida,
og på 1960-talet vart det éin times sending
frå klokka 14.30 frå alle distriktskontora.
Sendingane vart populære. I same periode
vart òg nemningane «distriktsprogram» og
«distriktskontor» innarbeidd, i staden for
«lokale meldingar» og «avdelingskontor».
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Men framleis var det få sendingar frå distriktskontora, og dei hadde ikkje mange tilsette. I 1970 arbeidde 5 prosent av det
totale talet tilsette i NRK ved distriktskontora.14
Før utbygginga hadde NRK eit hovudkontor i Oslo, i tillegg til distriktskontor og
kontaktmenn. Hovudkontoret i Oslo var
stort, og i 1971 sende Oslo 4814 timar
medan berre 934 timar av riksprogramma
kom frå distriktskontora.15 Det var ni distriktskontor: Kristiansand, Stavanger, Bergen, Ålesund, Trondheim, Bodø, Tromsø
og Vadsø. I tillegg var Oslo distriktskontor
for Austlandet og dekte heile åtte fylke og
52,7 prosent av betalande lyttarar.16 Dei
andre distriktskontora var marginale
samanlikna med det store Austlandskontoret. Bergen som dekte Hordaland og Sogn
og Fjordane kom på ein andreplass, med
11,4 prosent av lyttarane. Det minste distriktskontoret var Vadsø som dekte 1,7
prosent av lyttarane, og berre 0,3 prosent
av det dei produserte vart sendt i riksprogramma.17 På botnen i strukturen fann ein
kontaktmenn og kontaktfotografar. Dette
var vanlege menn og kvinner med andre
jobbar, som gjorde enkeltoppdrag for
NRK. Desse kontaktmennene hadde som
oftast særs enkelt utstyr, og leverte i stor
grad berre stoff til distriktskontora, sjølv
om somme kunne vera heldige og koma
med på Dagsrevyen.18
1971 – til offensiv kamp
på eigne premissar
1971 var det året ein kan seia at arbeidet
med desentraliseringa verkeleg skaut fart.
NRK gav sjølv ut ei intern utgreiing om
distriktsutbygginga, og Kringkastingsringen heldt seminar og gav ut ei bok om
emnet. Dette året vart desentralisering
hovudarbeidet i Kringkastingsringen, og
ein klårgjorde målsetjingane og arbeidsmetodane sine. Årsmeldinga oppsummerte
slik: «Dette siste året har det kome ei ideologisk klårgjering i Kringkastingsringen.
Før har samskipnaden vore mykje tvinga til
å føre ein defensiv politikk for å verne om
bygdenorske språk og kulturinteresser mot
den tyninga som synest liggje i det noverande kringkastingssystemet. [...] Kringkastingsringen har teke til å føre ein offensiv kringkastingspolitikk på sine eigne premissar, der eit nytt omgrep, nærkringkasting, står sentralt.» Kringkastingsringen
brukte dette omgrepet offensivt, til dømes
kom dei med framlegg om at NRK heller
burde bruka omgrepet «nærkringkastar» i
staden for «bygderadio».19 Grunngjevinga
var at bygderadio ville peika for einsidig
mot utbygging i bygdene og lett kunne
verta utgangspunkt for bygderomantiske
og høgnorske tankar.20 For Kringkastingsringen var nærkringkasting «...det er desentralisert, demokratisk kringkasting i sin
fulle konsekvens». Kvar lokal eining skulle
kunne kringkasta sjølv, heilt ned til kommunenivå om det var naudsynt.21
NRK og distrikta
23.–25. april 1971 heldt Kringkastingsringen eit seminar på Gol, med tittelen
«Norsk Rikskringkasting og lokalsamfunnet». Seminaret tok opp tre emne: Program
2, rekrutteringspolitikken i NRK og desentralisering av programma. «NRK må ha
som første oppgåve å kommunisera med
alle grupper i folket, og over geografiske
skiljelinjer. Skal NRK nå slike mål, trur vi
det er viktig at programma blir laga av folk
som sjølve kjem frå distrikta og kjenner til
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
43
alt som rører seg i det samfunnet dei skal
laga program om», sa Ottar Hov som skipa
til seminaret.22
Tankane om at det burde byggjast ut ei
rad små, sjølvstendige radiostasjonar som
skulle vera grunnstammen i kringkastinga,
fekk stor oppslutnad. Helst burde det vera
ein slik radiostasjon i kvar kommune. I
tidsskriftet Sentrum og periferi, utgjeve av
Studentmållaget i Oslo, ser me òg desse
tankane. Her skriv dei at nærkringkastinga
skal vera ei uprofesjonell kringkasting, som
skal avspegla det levande og daglegdagse i
kvar kommune. «Ho skal levandegjera det
lokale livsmiljøet og vera eit talerøyr for
både by og bygdefolk. På denne måten vil
vørdnaden for det lokale, nære, heimlege
auka. Dette vil vera ei styrking og frigjering
av den lokale livsforma.»23
Boka NRK og distrikta. Kan Norsk Rikskringkasting bli ei rikskringkasting?, skriven
av Karl Arne Utgård og Oddvar Natvik,
Karl Arne Utgård skreiv saman med Oddvar Natvik boka «NRK og distrikta».
(Foto: Norsk Tidend)
44
kom hausten same året. Boka var eit
direkte resultat av seminaret på Gol. Desse
to studentmållagsmedlemene var med i ei
arbeidsgruppe i Studentmållaget i Oslo
(SmiO). Gruppa hadde lagt ned eit grundig granskingsarbeid, både med å samla
inn informasjon om NRK og å analysera
stoffet. I boka kom Kringkastingsringen
med sine ynskje og krav til ei framtidig
utbygging av NRK, og gjorde det klart kva
dei la i omgrepet rikskringkasting. Forfattarane meinte at NRK hadde svikta, fordi
dei ikkje hadde sett det store skiljet mellom
by- og bygdekultur, og at dialektane og
nynorsken spegla ein særskild kulturtradisjon. Debatten om meir nynorsk i NRK
var difor ikkje eit filologisk spørsmål, men
eit kulturspørsmål. «Først den dagen ‘riksprogrammet’ avspeglar denne mangfaldige,
norske kulturrøyndomen, kan ein snakke
om eit verkeleg riksprogram og ei verkeleg
rikskringkasting.»24
Tanken var at eit riksprogram skulle
vera ein sameinar av dei grunneiningane
som Kringkastingsringen meinte den framtidige kringkastingsstrukturen burde innehalda. Grunneiningane var nærkringkasting (minst ein i kvar kommune), fylkessendingar og regionalsendingar (fleire fylke
saman). I riksprogrammet kunne då alle
sider av norsk røyndom avspeglast, og med
ein slik struktur ville det verta eit reelt riksprogram.25
Smeland-utvalet
Det interne utvalet i NRK, som la fram ein
plan for utbygginga av distriktskontora, var
leia av Sverre Smeland, mangeårig sjefssekretær i NRK. I innstillinga vart det gjort
framlegg om å auka talet på distriktskontor frå 9 til 12 fram til 1980, og auka talet
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Oddvar Natvik og Sevat Kjellargard på kontora til Kringkastingsringen. (Foto: Norsk Tidend)
på medarbeidarar ved distriktskontora frå
94 i 1970 til 159 i 1975. Delen av distriktsproduserte rikssendingar skulle aukast
frå 15,6 til 20 prosent.26
Kringkastingsringen kom med hard
kritikk av innstillinga og karakteriserte
framlegga om auke som smålåtne. «Kritikken mot Smeland-utvalet går såleis fyrst og
fremst ut på at utvalet legg opp til eit framhald av dei tilhøva som rår i dag.»27 Smeland-utvalet var eit internt utval, og
ålmenta hadde difor ikkje fått sett denne
innstillinga. Kringkastingsringen måtte
difor byggja sin kritikk på den informasjonen dei hadde fått i ei pressemelding frå
NRK. I tillegg til at Kringkastingsringen
meinte at framlegga var smålåtne, noko
NRK skulda på knappe økonomiske ressursar, reiste det seg spørsmål om plassering
av NRK-kontora. Smeland-utvalet kom
med framlegg om at det skulle skipast distriktskontor i tre byar i Austlandsområdet,
kontoret for Hedmark og Oppland skulle
leggjast til Lillehammer, distriktskontoret
for Buskerud og Telemark skulle leggjast til
Skien/Porsgrunn og kontoret for Østfold
og Vestfold skulle leggjast til Fredrikstad.28
Kringkastingsringen meinte at kontoret for
Telemark og Buskerud burde leggjast til eit
bygdemiljø, Bø i Telemark.29 Det å få plassert distriktskontora til ein mindre stad,
vart ei viktig sak vidare.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
45
«Eit ord i rett tid», sa statssekretær Gunnar Stålsett i Kyrkje- og undervisingsdepartementet om
tilrådinga frå Kringkastingsringen. (Foto: Norsk Tidend)
Nytt Smeland-utval
Torolv Elster tok over som kringkastingssjef i 1972, og han var positiv til distriktsutbygginga. Dette tiåret må vera i distrikta
sitt teikn, skal han ha uttalt, refererer programsekretær Arne Grimstad i NRK til
Norsk Tidend. Grimstad la til at han var
overtydd om at kringkastingssjefen meinte
alvor med det, og at han var villig til å ta i
eit tak for å retta opp stoda. Det var der46
imot dei løyvande og politiske styresmaktene som mangla vilje til å gjera noko.30
Elster sjølv sa det slik: «Kringkastinga skal
tena mannen i gata. Dette er utgangspunktet når NRK skal finna fram til oppgåva si
i samfunnet. Alle som arbeider i NRK, må
sjå på seg sjølve som distriktsmedarbeidarar og vera klare til å reisa rundt i landet.»31
Elster ville drøfta om nærkringkasting
kunne la seg gjennomføra, og han sette ned
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
eit nytt utval, men med dei same folka som
i 1971.32 Vonbrotet var stort då utvalet
berre kom med framlegg om prøvedrift
med nærradio ein stad – Førde.
Eiga tilråding
I mellomtida hadde Kringkastingsringen
sett ned eit eige utval som skulle sjå på
desentraliseringa av NRK, og i 1973 la
Kringkastingsringen fram ei alternativ tilråding til desentraliseringa. Ho vart godt
motteken av styresmaktene og vakte mykje
interesse, særleg hjå dei politiske partia.
«Eit ord i rett tid», sa statssekretær Gunnar
Stålsett i Kyrkje- og undervisingsdepartementet om tilrådinga frå Kringkastingsringen.33 Viktige prinsipp i tilrådinga var
mellom anna at 50 prosent av alle riksprogramma måtte koma frå distriktskontora,
og at alle nye stillingar i NRK difor måtte
koma ved distriktsutbygging. Viss NRK
skulle vera ei rikskringkasting, måtte fleire
program produserast i distrikta. Kringkastingsringen la vekt på at distriktskontora
skulle ha eige styre og eige budsjett.
Nærradio for fyrste gong
I 1970 heldt Erling Lægreid, som er programsekretær i NRK, eit føredrag i Nordfjordlaget i Oslo, der han la fram meiningane sine om NRK. Dette var fyrste gong
ordet nærradio dukka opp. Eit referat av
føredraget stod på trykk i Norsk Tidend, og
ideen hans var at kvar kommune burde ha
ein nærsendar. Det var eit tiltak som ville
få mykje å seia for det kommunale demokratiet, meinte Lægreid.34 Nærkringkastinga skal vera amatørradio, der vanlege
folk får driva med radio. Desse ideane om
nærkringkasting var dei som prega heile
syttitalet og åttitalet.
Støtte frå politisk hald
Så tidleg som i 1971 hadde nokre stortingsrepresentantar gått inn for nærkringkasting. Kringkastingsringen hadde ei partiutspørjing som vart prenta i Norsk
Tidend, der alle partia utanom Kristeleg
Folkeparti (som ikkje hadde diskutert
spørsmålet i partiet) gav støtte til ei NRKutbygging i distrikta, 35 men nærkringkasting vart ikkje valkampsak før ved stortingsvalet i 1973. Då vart kravet om prøvedrift med nærkringkasting programfesta
i fire politiske parti. Det var Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Valforbund og Venstre. I tillegg hadde Kringkastingens Landsforening, LO-foreininga i
NRK, gjort vedtak om å stø prøvedrift.
Kravet som Kringkastingsringen retta til
kringkastingssjef Elster, var ikkje utan
støtte i det politiske Noreg.
Nei til radio i kvar kommune
I nærare to år hadde NRK diskutert prøvedrift med nærkringkasting, om det i det
heile var mogleg. Til slutt fann kringkastingssjef Torolf Elster det umogleg å
gjennomføra, og i innstillinga si til styret,
hausten 1974, rådde han dei til å seia nei.
Det var etter at Kringkastingsrådet med
knapt fleirtal hadde sagt nei til prøvedrift
med nærkringkasting i Førde. For kringkastingssjef Elster var det fyrst og fremst
økonomiske grunnar som avgjorde. Trass i
at han meinte at nærkringkasting var ein
sympatisk tanke, hadde han rekna på det
og funne ut at ei nærkringkasting med sendarar i kvar kommune ville ha kosta 150
millionar kroner og kravd minst 1500 nye
tilsette i NRK.36 Men i same innstilling
rådde Elster til at distriktskontora måtte
desentraliserast og styrkjast. I staden for
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
47
nærkringkasting gjekk såleis Elster inn for
at distriktskontora i større grad skulle oppsøkja lokalsamfunna og dekkja dei betre.
Konklusjonen i stortingsmeldinga frå 1974
om prøvedrift var negativ, og regjeringa
gjekk òg mot. Men saka var framleis ikkje
avklara i Stortinget, og Kringkastingsringen hadde dimed von om at Stortinget
skulle gå mot innstillinga. Kravet frå
Kringkastingsringen var prøvedrift med
nærkringkasting minst seks stader i landet.
Ein måtte fyrst prøva, før styresmaktene
kunne satsa vidare på, eller seia nei til,
denne kringkastingsforma.37
Men det skulle ikkje gå Kringkastingsringen sin veg i nærkringkastingsspørsmålet. 4. mars 1975 sa Stortinget nei til prøvedrift. Men Stortinget vedtok ei langtidsutbygging av NRK i distrikta. I løpet av dei
neste 10 åra skulle kvart fylke få sitt distriktskontor, og minst 20 lokalkontor.
Under det igjen skulle ein ha minst 35
underkontor, som skulle ha ein tilsett.38
Med langtidsplanen stilna den offentlege
debatten, og Kringkastingsringen vende
engasjementet til arbeidet for å få dei planlagde distriktskontora lagt til bygdemiljø.
Alle distriktskontora til NRK låg i byar.
Kringkastingsringen meinte det hadde
uheldige fylgjer for innhaldet i programma,
ved at det som opptok folk i byane vart prioritert framfor bygdeinteresser. NRK
hadde planar om å leggja eit distriktskontor til Telemark, og Kringkastingsringen
arbeidde for å få kommunane til å stø dette
kravet. Diverre for Kringkastingsringen
vart kontoret lagt til Porsgrunn.39
Kva no for Kringkastingsringen?
I løpet av dei siste 5 åra hadde Kringkastingsringen lagt ned mykje tid og krefter i
48
Kringkastingssjef Torolf Elster gjekk inn for
å styrkja og desentralisera distriktskontora.
(Foto: Norsk Tidend)
desentraliseringsdebatten. Desentraliseringa og lokaliseringa av distriktskontora vart
likevel ikkje slik dei ynskte, men dei hadde
fått gjennomslag for at NRK skulle desentraliserast. Slik oppsummerte Dag og Tid
arbeidsinnsatsen til Kringkastingsringen i
høve 20-årsjubileet i 1975: «I spørsmålet
om desentraliseringa av kringkastingsverksemda har Kringkastingsringen gått i brodden og vore eit forum for nytenking. Boka
NRK og distrikta kom i 1971, og Kringkastingsringen har følgd opp med utgreiingar
og seminar. På 5 år har Kringkastingsringen greidd, trass i sine små økonomiske
ressursar, å påverke, til dels forme, den nye
debatten om desentralisering av NRK i
Stortinget og andre fora.»40
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
I 1976 vende Kringkastingsringen attende
til å arbeida for å auka bruken av nynorsk
normaltalemål og dialektar i NRK. Kringkastingsringen hadde no som mål at NRK
måtte opp i 25 prosent nynorsk innan
1980. Same år tok Kringkastingsringen på
seg å gje ut Norsk Tidend, i samarbeid med
L/L Nynorsk Dagblad. Kringkastingsringen
såg på det å driva ei nynorsk avis som å føra
vidare tradisjonar – Kringkastingsringen
var aktivt med då Dag og Tid vart skipa, og
det var om lag hundre år sidan Fedraheimen
kom ut for fyrste gong. Eit nytt driftsselskap vart skipa, L/L Nynorsk Bladdrift, der
Kringkastingsringen eigde 60 prosent av
lutane. Dagleg leiar, Oddvar Natvik, vart
redaktør for Norsk Tidend, og det tok
mykje av tida hans. Fyrst etter to år klarte
dei å stabilisera drifta av Norsk Tidend, få
arkivet over på datasystem og økonomien i
balanse. Produksjonskostnadene var den
største hindringa for å gje ut fleire nummer
av Norsk Tidend. I fleire årsmeldingar på
slutten av tiåret les me om korleis det vart
jobba for å få inn fleire lysingspengar for å
få råd til å gje ut fleire nummer.41
Ein styrkte organisasjonen gjennom
arbeidet med Norsk Tidend, som fungerte
som bindelekk mellom styret og medlemene. I 1977 hadde Kringkastingsringen
ein vervekampanje, der målet var å få 1000
nye medlemer. Ved årsskiftet hadde dei fått
800, mykje takka innsatsen frå Norsk Målungdom. Denne organisasjonssatsinga
heldt fram åra etter. Kringkastingsringen
fekk betre økonomi, og i august 1978 fekk
organisasjonen for fyrste gong råd til å ha
to tilsette på heil tid. Organisasjonen
hadde to tilsette i meir eller mindre heil
stilling fram til 1982.
Dialektaksjonar prega arbeidet i mål-
rørsla på slutten av syttitalet og byrjinga av
åttitalet. Målet var å auka dialektbruken på
alle samfunnsområde. Aksjonane samla
fleire målorganisasjonar, og Kringkastingsringen var med i arbeidet.42 Heile syttitalet
var prega av kamp for norsk talemål, og frå
1975 byrja Norsk Målungdom med dialektveke, ei aksjonsveke der målfolk delte
ut flygeblad og agiterte med folk. Dialektvekene var på same tid over heile landet,
slik at ein kunne «slå til» samstundes. Året
etter kom Noregs Mållag med, og etter
kvart vart samarbeidet utvida til ei felles
dialektnemnd med representantar frå
Norsk Målungdom, Noregs Mållag, Kringkastingsringen og Noregs Ungdomslag.
Felles for alle dialektaksjonane var slagordet Snakk dialekt – skriv nynorsk!43 Kvar
aksjon hadde sitt eige emne, og sjølv om
Kringkastingsringen var med på mange, er
det grunn til å nemna to aksjonar særskild.
I 1982 var emnet for dialektaksjonen «Dialekt og kringkasting», og i 1983 vart det
«Barn og språk». Bakgrunnen for aksjonane var at borna stort sett høyrer og les
konservativt bokmål. Sidan bokmålsdominansen frå media er stor, trur borna at det
er bokmål som er det normale og eit finare
mål.44
Samisk i Kringkastingsringen
I føremålsparagrafen til Kringkastingsringen står det i dag at «Kringkastingsringen arbeider for at nynorsk normaltalemål, norske dialektar og samisk mål skal få
eit rettkome rom i norsk kringkasting og
andre norske massemedia.» Denne setninga vart vedteken på eit omframt årsmøte i 1975. På årsmøtet i 1974 vart det
vedteke at ein skulle kalla inn til eit omframt årsmøte i februar 1975 for å avgjera
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
49
om rekneskapsåret skulle fylgja kalenderåret. Då nytta ein samstundes høvet til å
endra fleire delar av vedtektene, av di det
var «fleire punkt i dei gamle vedtektene
som var forelda, andre var uklårt formulerte.»45 Ei nemnd med Oddvar Natvik,
Karl Arne Utgård og Magne Rommetveit
vart sett ned, og dei la fram eit framlegg til
vedtektsendringar på eit styremøte i
november 1974.
I dei tidlegare vedtektene stod det:
«Kringkastingsringen arbeider også for at
kringkastinga skal ta omsyn til norsk talemål i bruken av begge dei offisielle målformene.»46 På eit styremøte der ein gjekk
gjennom framlegget til nye vedtekter, vart
det ein del diskusjon om i kva grad Kringkastingsringen skulle ta omsyn til bruken
av bokmål i NRK. Ein meinte at bokmål
ikkje var Kringkastingsringen sitt bord. På
same styremøte kom det eit framlegg frå
styremedlem Morten Kluken om at Kringkastingsringen skulle arbeida for samisk
språk. Han meinte at det var naturleg, og
at omsynet til samisk måtte med i føremålsparagrafen. I referatet frå styremøtet står
det at resten av styret var prinsipielt for
dette framlegget, men at dei likevel meinte
at det ikkje ville vera rett å ta med samisk i
føremålsparagrafen til Kringkastingsringen. Ein burde fyrst ta kontakt med dei
samiske organisasjonane for å høyra kva dei
meinte.47
På det omframme årsmøtet 5. februar
1975 vart vedtektene endra, og arbeidet for
samisk språk kom med. Det er lite som
tyder på at denne endringa var problematisk. I det heile kan ein seia at det samiske
språket ikkje har fått stor merksemd i organisasjonen.
50
«Synes du det er for mye
nynorsk i Kringkastingen?»
Innimellom kampen for plassering av distriktskontora i bygdemiljø, finn me døme
på at Riksmålsforbundet framleis var på
hogget. Eit døme er aksjonen Eidsvoll
Riksmålsforening starta hausten 1977.
Foreininga hadde funne ut at heile 63,8
prosent av nyhendesendingane var på
nynorsk, og det var grunnlaget for aksjonen. Dei sende ut opprop til kommunar,
verksemder og einskildpersonar og sette
store lysingar i avisene med teksten: «Synes
du det er for mye nynorsk i Kringkastingen?». Dei skal ha klart å samla inn
82 000 underskrifter mot for mykje
nynorsk i NRK. Dette var noko som
Kringkastingsringen tok til ordet mot.
Dagen før underskriftene skulle overrekkjast, sende Kringkastingsringen eit brev til
presidentskapet i Stortinget, der det kom
fram at tala som Riksmålsforbundet la til
grunn, var feil. Dei hadde målt 294 nyhendesendingar i ein periode og funne ut at
186 av dei vart sende på nynorsk. Men
Kringkastingsringen kunne visa at det i
denne perioden var snakk om heile 657
nyhendesendingar!48 Underskriftene var
samla inn på «falske føresetnader», og i årsmeldinga skriv Kringkastingsringen stolt at
«me tok brodden av aksjonen».49
Kringkastingsprisen
Kvart år sidan 1978 har Kringkastingsringen delt ut ein kringkastingspris. Denne
prisen skal gå til ei røyst i eteren som
utmerkjer seg med godt språk i radio eller
fjernsyn, og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.50 I 1978 var det to som fekk Kringkastingsprisen (det har berre skjedd ein gong
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Kringkastingsprisen har etter kvart vorte ei
svært viktig markering for Kringkastingsringen. Den årlege utdelinga får ofte mykje
merksemd i media. Noko av det som kjenneteiknar Kringkastingsprisen, er at alle
medlemer i Kringkastingsringen kan senda
inn framlegg til kandidatar.
Ingrid Espelid Hovig fekk Kringkastingsprisen i 1986. (Foto: Norsk Tidend)
seinare, i 1983), Hartvig Kiran og Arthur
Klæbo. Klæbo og Kiran fekk prisen for
lang og verdfull innsats for nynorsk i NRK
og innsatsen deira i organisert målarbeid.
«Det er to kringkastingsfolk på nynorsksida som merkjer seg ut, og som har gjort
det lenge, i fleire tiår, som framifrå programskaparar og som målmeistrar av dei
sjeldne» sa leiaren i Kringkastingsringen
Einar Ådland. Kiran takka for prisen med
fylgjande replikk: «Det er ikkje så mykje
som fell av blomar på målfolk. Vi kan
rekne opp mykje vi har tapt gjennom eit
langt liv med å gå inn for ei slik sak. Men
desto meir set vi pris på det vi har vunne.»51
(Sjå oversyn over alle prisvinnarane seinare
i heftet.)
Nærradio, P2 og TV2
I 1981 fekk Noreg den fyrste reine Høgreregjeringa etter krigen. Mediemonopolet
vart brote då kulturminister Lars Roar
Langslet opna for prøvedrift med privat
nærradio og kabelfjernsyn. Det nye var at
det var private som skulle byggja ut nærradioen og ikkje NRK, slik tanken hadde
vore på syttitalet. Nærradio, som ei forlenging av syttitalets kamp for nærkringkastar i kvar kommune, vart no teken opp
att, og sjølv om det var i ei ulik form, var
argumenta om lag dei same. Det handla
om nærleik og demokrati. Kontinuitet i
Kringkastingsringen sitt arbeid finn ein òg
i striden om lokalisering av dei nye kanalane, program 2 og den nye fjernsynskanalen, TV2.
Program 2 –
ei vinnarsak for Kringkastingsringen
Planane om å byggja ut radioen med ein ny
kanal hadde vore klare lenge, i alle fall
sidan tidleg på 1960-talet.52 I Noreg var ein
sein på dette området, og Island var det
einaste landet i Vest-Europa utanom
Noreg, som ikkje hadde to radiokanalar.
Tida var overmogen for P2, og det var
ingen parti som var mot at kanalen skulle
etablerast. Det vart derimot strid om kvar
kanalen skulle plasserast. Dei einaste som
var mot at kanalen skulle leggjast utanfor
Oslo, var NRK-styret, og dei fekk støtte frå
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
51
Arbeidarpartiet.53 Måla for Kringkastingsringen var å få P2 lagt utanfor Marienlyst
og at kanalen skulle produsera mest mogleg
frå distrikta.
I 1975 låg det føre planar om at eit program 2 skulle byrja senda frå 198154, og at
ein då skulle utvida distriktsendingane,
men sendingane frå den nye kanalen byrja
ikkje før i 1984. Langtidsplanen for NRK
for 1975–1985 var det formelle grunnlaget
for utbygginga av P2. Planen slo fast at P2
ikkje skulle setjast i verk før sendenettet
dekte heile landet, og ein kunne gje alle eit
fullverdig tilbod. Utbygginga av sendenettet byrja varsamt i 1975 og i motsetnad til
andre utbyggingar byrja ho nordfrå. Ein
hovudgrunn var omsynet til samiske krav.
Og med utbygginga i P2-nettet kunne
Sámi Radio auka sendetida si frå to til fire
timar dagleg. Kontoret for dei samiske sendingane vart samstundes flytta frå Tromsø
til Karasjok, slik at dei ikkje berre sende på
samisk, men òg frå eit samisk område.55
Striden om lokaliseringa byrja i 1978.
29.–30. april skipa Kringkastingsringen til
eit seminar om P2 i Årdal. Her la Kringkastingsringen planane for det vidare arbeidet. På denne tida hadde ikkje organisasjonen noko krav om kvar den nye kanalen
skulle leggjast, berre at han måtte liggja
utanfor Oslo. Kringkastingsringen fekk
godt høve til å koma på bana med sine meiningar då ei gruppe stortingsrepresentantar i 1979 fekk gjennomslag for at NRK
skulla laga ei utgreiing med ei alternativ
plassering av administrasjonen til P2. Då
NRK kom med utgreiinga si nokre månader seinare, vart det leiinga i NRK hadde
sagt tidlegare, stadfesta. Det var praktisk og
økonomisk uklokt å leggja kanalen andre
stader enn i Oslo. No vart det klårt for
52
Kringkastingsringen kva dei skulle jobba
for. Dei laga ei alternativ melding og sette i
gang aksjonar.56
Verkeleg rikskringkasting
I 1979 gjekk Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen saman for
å få kommunar til å ta standpunkt for å
leggja P2 ein annan stad enn Oslo. I brevet
som vart sendt ut til dei ulike mållaga,
skreiv Bjarne Myrstad, leiar i Kringkastingsringen at «det er viktig at DistriktsNoreg samlar seg bak ønsket om at Program 2-leiinga blir plassert utanfor Marienlyst/Oslo, slik at kringkastinga kan bli ei
verkeleg rikskringkasting».57 194 kommunar og fylkeskommunar skreiv til slutt
under på eit brev som vart sendt til Kyrkjeog undervisingdepartementet. Krava til
Kringkastingsringen fekk òg støtte frå Kyr-
Bjarne Myrstad, leiar i Kringkastingsringen, meinte det var viktig at program 2leiinga vart plassert utanfor Marienlyst.
(Foto: Norsk Tidend)
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
kje- og undervisningsnemnda i Stortinget.58 Stortinget la seg altså ikkje opp i
innhaldet i kanalen, men i organiseringa av
kanalen, og i stortingsdebatten i 1981 var
det brei semje om at ein stor del av programma burde produserast ved distriktskontora. Men det var strid om kvar administrasjonen skulle liggja. Hans Olav Tungesvik, tidlegare leiar i Noregs Mållag og då
stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, hadde lansert Trondheim som eit
alternativ. Alle parti utanom Arbeidarpartiet støtta dette.
No måtte Kringkastingsringen definera
kvar «utanfor Oslo» var, og tilrådinga vart
Trondheim. Årsmøtet 6. mars 1983 vedtok
ei fråsegn om P2, der dei bad om at utbygginga måtte skje ved ei styrking av distriktskontora i NRK, og ein eigen sjølvstendig
programredaksjon i Trondheim. Stortinget
støtta krava, og i 1983 vart det endeleg
avklara: P2 skulle leggjast til Trondheim.
Etter prøvesendingar både i 1978 og 1981
vart kanalen formelt opna 1. september
1984. Tre år seinare stod dei nye lokala på
Tyholt klare til bruk.59 Samstundes slo
Stortinget fast at ein føresetnad for å leggja
P2 til Trondheim var at det ikkje skulle gå
ut over distriktsutbygginga til NRK.60
Nærradioarbeid
I desember 1981 vart dei første konsesjonane til forsøk med privat kringkasting
gjeve, 37 løyve til å senda nærradio på åtte
stader: Oslo, Trondheim, Bergen, Stavanger, Stokke, Hamar, Kristiansand og
ikkje minst, den staden som etter kvart
kom til å verta særskild viktig for Kringkastingsringen, Korgen i Hemnes kommune i
Nordland.61
I denne fyrste forsøksrunden kom det
fleire søknader til Kulturdepartementet
som avslo ein etter ein. I 1984 vart kringkastingslova endra. Etter lova hadde NRK
einerett for kringkasting, og det var berre i
særlege tilfelle at ein kunne gje andre løyve
til å senda. Etter endringa kunne ein «som
ledd i forsøksvirksomhet gi andre løyve til
begrenset kringkastingsvirksomhet».62 Same månad vart ein ny konsesjonsrunde for
nærradiodrift lyst ut, og då søknadsfristen
gjekk ut, låg det 436 søknader til handsaming i departementet. «1984 vil bli hugsa
som året då medieflaumen verkeleg vart
slept laus» 63 skriv Kringkastingsringen i årsmeldinga. Desse nye nærradioane fekk ei
prøvetid på to år.
For Kringkastingsringen innebar brotet
med mediemonopolet nye utfordringar og
nye moglegheiter til å fremja nynorsken i
media. No kunne endeleg distrikta koma
med i kringkastingsarbeidet, meinte Kringkastingsringen. I hovudsak var det vel to
grunnar til at Kringkastingsringen valde å
arbeida med nærradio; for å styrkja og
fremja den lokale kulturen, og dimed
nynorsken og dialektane, og for å auka
rekrutteringa av nynorske radiojournalistar
til NRK og dimed auka nynorskprosenten
der. Her viste ein mellom anna til rekrutteringa NRK hadde frå studentradioen i
Oslo, Radio Nova, og frå kvinneradioen i
Oslo, Radiorakel.
Kringkastingsringen som
informasjonssentral
Nærradioarbeidet tok mykje av arbeidstida
til Kringkastingsringen, og organisasjonen
opparbeidde seg meir og meir kompetanse
på feltet. «Arbeidet med nærkringkasting
er i ferd med å gjere Kringkastingsringen til
ein mediesentral og interesseorganisasjon
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
53
Nærradiokurs ved Radio Folgefonn i 1985. (Foto: Tormod E. Eitrheim, Norsk Tidend)
for nærradioar kringom i landet.»64 Kringkastingsringen gjekk meir og meir over til å
verta ein mediesentral for nærradioane, der
dei kunne venda seg for å få svar på spørsmål og rettleiing. Det var eit uttrykt ynskje
at Kringkastingsringen skulle verta ein
interesseorganisasjon for bygderadioane,
noko som skulle gje Kringkastingsringen
ny styrke i den mediepolitiske debatten.
Målet var å verta ein mediepolitisk sentral
for heile målrørsla. Eit godt steg på vegen
mot dette målet, var å gje ut Nærradiohandboka. Dette var ei kokebok for nærradiodrift. Ho tok for seg alt som hadde med
nærradio å gjera, korleis ein arbeidde journalistisk, kva reglar og lover som fanst, korleis det tekniske utstyret fungerte og korleis ein kom i gang med radiodrift. Nærradioboka var på 80 sider og fyrsteopplaget
på 300 stk vart fort utselt. Forfattaren var
54
Magnar Brandseth, programsekretær i
NRK Sogn og Fjordane, og med ei brei
røynsle frå radioarbeid. Boka kom i nye
opplag i 1984, 1986 og 1990, og det var til
og med nokre skular som nytta henne i
undervisinga.65 I tillegg hadde Kringkastingsringen lutar i tre nærradioar, og fleire
nærradioar var medlemer i organisasjonen.
«Den eigentlege nærradioen»
Regjeringa hadde ikkje kome med nokre
særskilde mål eller tankar om korleis nærradiodrifta skulle vera eller verta, skriv Magnar Brandseth i Nærradiohandboka. Det
skulle vera forsøk på «fritt grunnlag» for
organisasjonar og andre som ville driva
radiosendingar, som regjeringa sjølv skreiv.
«Då var det godt at det utifrå ein såpass tilfeldig start, der ‘alt kunne skje’, skulle
springa ut ein blom – Radio Korgen – som
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
viser seg å vere ein god modell for det ein
kan kalle ein verkeleg nærradio, ein brei,
allmenn radio om alle til alle i lokalsamfunnet.»66
Ein av dei måtane Kringkastingsringen
kunne blesta nærkringkastinga på, var å
spreia informasjon om dei ulike organisjonasjonsmodellane nærradioane brukte.
Korgen-modellen, som ein brukte i Korgen
i Hemnes kommune i Nordland, vart òg
kalla kommunalmodellen og bygdemodellen. Denne modellen vart sett på som idealmodellen for å driva nærradio, og i boka
Da monopolet sprakk. Nærradio i Norge av
Tore Torrersud og Finn-Ove Hågensen vart
modellen kalla «Den eigentlege nærradioen». Kringkastingsringen meinte likevel at
kvar nærradio måtte finna sine løysingar,
og ulike modellar høvde på ulike stader.
Men Kringkastingsringen framheva Radio
Korgen, og brukte denne som grunnmodell i Nærradiohandboka. Etter at ein hadde
presentert Radio Korgen i boka, presenterte ein variantar av Korgen-modellen,
særleg Radio Voss og Oslo Kringkastar
L/L. Desse var mangfaldige og uavhengige
av politisk og religiøs tilknyting, og dei
hadde som mål å laga radio for alle.
Kva var det med Radio Korgen?
Radio Korgen var ein ålmenn radio, der
alle interesserte, alt frå idrettslag til privatpersonar, fekk vera med. Korgen stod difor
i skarp kontrast til religiøse og politiske
radioar. I eit informasjonsskriv Kringkastingsringen gav ut i 1984, skriv dei at
Radio Korgen var ein samlande radio for
heile bygda, det var ein radio for og av folket, som tok mål av seg til å spegla alle
sidene av lokalmiljøet. Heftet vart sendt ut
til alle kulturstyra i landet og til mållag og
ungdomslag,67 og seinare vart dette skrivet
gjort om til eit hefte om bygdemodellen
som ein kunne tinga hjå Kringkastingsringen.
For å finansiera Radio Korgen vart det
gjennomført ein dør-til-dør-aksjon i kommunen for å få inn midlar, og radioen
hadde meir enn 2100 lutar, fordelt på 1400
luteigarar, i ein kommune med rundt 5000
innbyggjarar. I tillegg til alle desse medeigarane, var det òg eit kjenneteikn ved
Radio Korgen at dei hadde mange journalistar, og at redaktøransvaret gjekk på rundgang. Redaktøren vart utpeikt av eit programråd og hadde ansvaret for sendingane
i ei veke av gongen.68
Oslo Kringkastar
I tråd med ideane frå Radio Korgen vart
Oslo Kringkastar skipa på eit møte 25.
oktober 1984. Oslo Kringkastar, Radio
OK, var eit partslag. Det stod fem organisasjonar bak partslaget: Bondeungdomslaget i Oslo (BUL Oslo), Aker og Oslo Bygdeungdomslag, Oslo mållag, Bygdelagssamskipnaden i Oslo (BLS) og Studentmållaget i Oslo (SmiO). Det var ein nærradio på nynorsk og dialekt i Oslo, og det
vart hardt slege ned på folk som knota. Her
skulle det berre vera sendingar på dialekt
og nynorsk normaltale! I føremålet til
Radio OK stod det mellom anna at:
«Gjennom programverksemda vil ein leggje vekt på ein distriktspolitisk profil, der
ein mellom anna vil skape kontakt mellom
hovudstaden og Distrikts-Noreg. I Oslo
Kringkastar – Radio OK skal norsk musikk
og kultur spele ei sentral rolle. Ein vil samstundes ta avstand frå den internasjonale
kjøp- og salkulturen.»69
Radio OK sende 15,5 timar i veka i
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
55
byrjinga av 1985. I glanstida jobba det 4–5
journalistar fast i radioen, og dei sende seks
dagar i veka. Men radioen hadde òg om lag
80 medarbeidarar som arbeidde frivillig.
For Kringkastingsringen var målet for
denne radioen, som alltid, å rekruttera
fleire nynorskjournalistar. Ein pådrivar var
nok at nynorskprosenten i NRK såg ut til å
vera på retur. Dagleg leiar Terje Reite i
Kringkastingsringen var òg ansvarleg
redaktør i Oslo Kringkastar i ein periode.
Andre redaktørar var Thomas Førde og
Ragnar Lurås.
Radio OK var ein populær radio i Oslo,
særleg av di at han tok opp aktuelle emne
som opptok vanlege oslobuarar. Radio OK
satsa på temaprogram og musikk. Det var
viktig at ein berre skulle senda norsk
musikk, og at den musikken ein sende, var
av høg kvalitet. I tillegg var det mellom
anna ungdomsmagasin, kulturmagasin,
lette underhandlingsprogram og ein forbrukarhalvtime. Særs populært var eit innringjarprogram, der lyttarane kunne ringja
inn og byta og kjøpa gjenstandar.
I tillegg til at ein ville ha ein radio med
distriktsprofil, ville ein òg at det skulle vera
eit aktivitetstilbod til medlemer i organisasjonane. Ynsket var å skulera dei til å laga
kvalitetsprogram og til kritisk journalistikk. Medarbeidarane i Radio OK drog
mykje kringom i landet og heldt kurs for
andre nærradioar.
Kringkastingsringen var ein aktiv støttespelar til Radio OK og hadde lutar i radioen. Etterkvart viste det seg at Radio OK
gjekk med økonomisk underskot, og i
1988 vart radioen lagt ned. Redaktør Reite
oppsummerte seinare i ein artikkel i Mål og
Makt at ein grunn til at det gjekk dårleg
med Radio OK, var at nærkringkasting
56
aldri var ein del av ein strategi for korleis
målorganisasjonane skulle vinna fram i
Oslo. Og fordi organisasjonane ikkje
garanterte for økonomien til Radio OK,
vart medarbeidarane nøydde til å driva
med økonomiarbeid i staden for å laga
radioprogram.70
På slutten av åttitalet dabba arbeidet
med nærradio av. Sjølv om ein framleis
selde ein del av Nærradiohandboka og
skipa til seminar i samarbeid med Noregs
Mållag, vart nærradioarbeidet avslutta i
1987, då det årelange ordskiftet om nærkringkasting tok slutt. Etter prøvedrift i
seks år kom det eit lovframlegg som skulle
gjera nærkringkastinga permanent. Lovframlegget opna for reklame, og Kringkastingsringen var motstandarar av kommersiell nærradiodrift.71
Plateselskapet På Norsk
Plateselskapet På Norsk L/L vart skipa i
1982, og Kringkastingsringen gjekk inn i
selskapet med ein aksje på kr 2500.72 Ola
E. Bø, no dramaturg ved Det Norske Teatret, var den fyrste daglege leiaren. Initiativet til dette selskapet kom frå ungdomslagsmiljøa i Oslo, og føremålet med selskapet var å gje ut norsk musikk, men òg noko
skandinavisk folkemusikk. Motivasjonen
var at ein ville få inn meir nynorsk tekst i
norske plateutgjevingar. Seinare vart plateklubben På norsk skipa som eit utspring frå
plateselskapet. Denne plateklubben var av
same type som vanlege bokklubbar med
hovudtilbod og ekstratilbod, og ein satsa på
kvalitetsmusikk, med musikarar som Olav
Stedje og Bjørn Eidsvåg. Men diverre var
ikkje plateselskapet lønsamt, og etter eit
par år tok Bondeungdomslaget i Oslo over
plateklubben. Då var det ikkje for å gje ut
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Oddvar Natvik vart dagleg leiar i «BUL
Kommunikasjon» i 1985.
(Foto: Norsk Tidend)
fleire plater, men å selja vidare dei som
allereie var produsert.
Nye tidsskrift
I 1982 byrja Kringkastingsringen å gje ut
eit lagsblad med namnet KringkastingsRINGEN. Det kom ut med to nummer i
1982, og åtte nummer åra etter. Bladet
skulle gå til alle medlemer, til NRK, til
pressa og stortingsrepresentantar. Målet var
å gje ut eit tenleg, men rimeleg blad, som
hadde kort produksjonstid, og som kunne
styrkja kontakten mellom medlemer og
med mediemiljø.73 Magnar Brandseth vart
tilsett i ei lita stilling med ansvar for å gje
ut dette lagsbladet i ei kort stund i 1983 og
1984.
I 1984 byrja Kringkastingsringen òg å
gje ut eit nytt medietidskrift: KRINGKASTING. Dette skulle vera eit framhald av
KringkastingsRINGEN, men KRINGKASTING skulle vera eit meir profesjonelt
skrift, eit kommentar- og fagblad for mediepolitikk. Det hadde undertittelen «distrik-
tas eige medieblad». I tillegg til at medlemene fekk bladet, var det mogleg å abonnera, og den primære målgruppa var nærradioar, kulturstyre, folkehøgskular, lokalaviser, mållag og ungdomslag. Dei fleste
tingarane var kulturstyre og nærradioar.
Som erstatning for meir generell medlemsinformasjon, skulle ein senda ut informasjon i rundskriva som gjekk ut med medlemspengekrava og ved sumargåva og
haustgåva.74 Organisasjonen sleit med å gje
ut KRINGKASTING. Det var stramt
økonomisk, og bladet hadde høge produksjonskostnader. På årsmøtet i 1986 vart det
vedteke at medlemsbladet KRINGKASTING skulle slutta å koma ut. Ein ville
heller nytta dei 4 midtsidene i Norsk
Tidend som medlemsblad inntil vidare, for
å redusera kostnadene, og for å nå ut til
fleire i målrørsla.75 Kringom, som me kjenner frå i dag, byrja koma ut som medlemsblad i 1995.
TV2
Debatten om eit TV2 kom i gang i 1981,
og heile åttitalet var prega av debatten om
den nye fjernsynskanalen. TV2, slik me
kjenner kanalen, byrja sendingane sine 5.
september 1992.76 Eit av dei viktigaste
stridsspørsmåla var reklamefinansiering,
som kulturminister Langslet støtta. Det at
ein hadde satellittsendingar med reklame
frå før, vart sjølvsagt ei brekkstang for å tillata reklamefinansiering, og lokal-TV og
lokalradioar ynskte òg at det vart opna for
meir reklame i media. Kringkastingsringen
argumenterte hardt for at den nye kanalen
måtte finansierast gjennom offentlege midlar. I 1984 vart det laga ei offentleg
utgreiing (NOU) om reklamefinansiering
av ein ny fjernsynskanal, og konklusjonen
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
57
var positiv til reklame. Året etter kom ei
utgreiing om ei mogleg organisering av
TV2. Dette vart viktig, for spørsmålet om
eigarskap og reklamefinansiering var to
spørsmål som hang nøye saman. Viss ein
valde offentleg eigarskap, var både reklame
og lisens moglege finansieringsformer, men
viss ein valde privat eigarskap, var reklamefinansiering einaste alternativ.77 I ei høyringsfråsegn frå 1985 la Kringkastingsringen fram sine krav til eit nytt TV2.
Kringkastingsringen ynskte at den nye
kanalen skulle leggjast til Bergen, slik at dei
tre største byane i landet, Oslo, Trondheim
og Bergen, vart hovudsentra for kringkastingsproduksjonen. I tillegg meinte Kringkastingsringen at kanalen måtte verta ein
norsk kanal, som i all hovudsak nytta
norskproduserte program. Eit mål burde
vera at 70 prosent av programma var
norskproduserte. I utanlandskvoten burde
ein leggja vekt på nordisk-produserte program. Kanalen burde byggjast kring distriktskontora til NRK. Ved at programproduksjonen i hovudsak skjedde i distrikta,
kunne kanalen verta ein ny og annleis
kanal, meinte Kringkastingsringen.78
Det vart ikkje slik Kringkastingsringen
ville. Sjølv om hovudkontoret vart lagt til
Bergen, vart kanalen reklamefinansiert.
Ordninga som Stortinget vedtok hausten
1990 var i grunnen ganske lik den som
Høgre hadde kjempa for ti år tidlegare.
Saman med vedtaket om TV2 vart òg
grunnlaget for to nye radiokanalar lagt, ein
reklamefinansiert, P4, og ein ny innanfor
NRK-verksemda, NRK Petre. Båe desse
kanalane kom på lufta i 1993.79
Nye utfordringar
I motsetnad til sytti og åttitalet, er det nok
58
vanskelegare å plukka ut ei stor hovudsak
som prega nittitalet. Det var fleire ting som
opptok Kringkastingsringen i denne tidsbolken. Ein gjennomførte fleire granskingar av målstoda i media, heldt kurs i
nynorsk normaltalemål og etablerte det
noverande medlemsbladet Kringom. Mediestoda hadde endra seg frå syttitalet, og ein
hadde fått fleire kanalar å arbeida mot, og
«kontrollera» målbruken i. Kringkastingsringen var, som alltid, aktiv i dette arbeidet, og ein hadde møte med TV2, P4 og
NRK. Til ein viss grad heldt ein òg fram
med nærradioarbeidet, med nærradiokurs
og sal av Nærradiohandboka.
Meir nynorsk i andre kanalar
I 1994 heldt Kringkastingsringen det fyrste møtet med TV2. Normert nynorsk tale
var lite synleg i kanalen, og det same gjaldt
nynorsk teksting. Kringkastingsringen fekk
ingen konkrete lovnader på møtet, men
møtte ei forståing for krava sine. Året etter
kunne TV2-leiinga visa til at det var kome
fleire nynorskbrukarar til, både i nyhendetenesta og i morgonprogrammet God morgen, Norge. Sjølv om det ikkje akkurat var
rosenraude tilstandar for nynorsken i den
Ein ny reklamefinansiert radiokanal, P4,
kom på lufta i 1993.
(Foto: Kringkastingsringen)
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
nye kanalen, hadde Kringkastingsringen
mykje positivt å seia. TV2 var flinke til å
bruka dialekt og hadde dyktige medarbeidarar.80 Men det har vore vanskeleg å seia
noko sikkert om målstoda i TV2, sidan dei
aldri har ført målstatistikk.
Diverre såg det ikkje ut som at forståinga for nynorsk var like stor i den nye radiokanalen, P4. I møte med kanalen bad
Noregs Mållag og Kringkastingsringen om
å få vita korleis P4 tolka formuleringa i
konsesjonsvilkåra, «å styrke norsk språk,
kultur og identitet», og kva P4 gjorde for å
styrkja nynorsk og dialektane. Knut Sveen
frå P4 meinte kanalen gjorde mykje for
nynorsken, sjølv om dei ikkje hadde sett eit
tal for kor mykje nynorsk det skulle vera i
kanalen. Dei var på vakt mot trendspråk og
framandspråk meinte han. Men Sveen poengterte òg at P4 var ein kommersiell kanal
og meinte at dei ikkje hadde det same
språklege ansvaret som NRK.
Språkstatistikken som P4 har ført dei
siste åra, skil ikkje mellom nynorsk og bokmål, men dei har registrert bruken av austnorske dialektar. Prosentdelen austnorske
dialektar har stort sett vore over 80 prosent.81 I 2002 vart konsesjon for landsdekkjande radiokanal som P4 fekk i 1992, lyst
ut på ny. Det vekte stor harme då Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland gav
Kanal 24 konsesjonen, i staden for P4.
Men Kringkastingsringen såg med glede på
at det vart ein ny kanal med eit allmennkringkastingsprogram som tek språkomsyn. 82
Nynorskprosenten for NRK var på eit
lågmål gjennom heile nittitalet, kring
13–15 prosent, og Kringkastingsringen
hadde nærmast årlege møte med kringkastingssjefen for å diskutera dette og andre
aktuelle mediepolitiske saker. Ei av sakene
var barneprogram på nynorsk. «Gaute og
Gullit» var tittelen på eit populært barneprogram NRK Sogn og Fjordane produserte på byrjinga av 90-talet. «I programma
om Gaute og Gullit makta NRK å gjenskapa ein barnekultur som er levande
rundt om i distrikta».83 Kringkastingsringen ynskte at distriktskontoret skulle
verta ein fast produsent av nynorske barneprogram, og frå 1993 byrja Kringkastingsringen å arbeida for dette. Det var eit
arbeid ein fekk Noregs Mållag med på, og
i eit sammøte mellom NRK, Noregs Mållag og Kringkastingsringen tok dei opp
dette kravet. NRK svara med at det var den
generelle økonomiske stoda som hindra ei
slik utbygging. NRK ville heller prioritera
nyhendeproduksjonen ved distriktskontora enn Barne-TV.
Fokuset på språkutviklinga hjå born
heldt Kringkastingsringen fram med. Kan
tale speglast? var tittelen på eit stort seminar Kringkastingsringen skipa til 20.–21.
april 1995. På dette seminaret sette ein
fokus på språk i etermedia og kva språkbruken i media kan ha å seia for talemålsutviklinga og språkhaldningar til born og
vaksne. Sjølv om det tidlegare var forska
mykje på mediepåverknad når det gjaldt
vald og reklame, var det svært lite forsking
på dette området. På konferansen var det
fleire kjende forskarar som på ulike måtar
freista å kasta lys over desse problemstillingane. Innleiingane vart samla i eit hefte
som det vart stor etterspurnad etter.
Rekruttering
For å rekruttera nynorskjournalistar skipa
Kringkastingsringen til kurs i normert
nynorsk tale. Bakgrunnen for arbeidet med
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
59
nynorsk normaltalemål var at ein såg på
dialektar i kringkastinga som positivt, men
ikkje noko som stod i motsetnad til
nynorsk normaltalemål. Erfaringa frå syttitalet hadde vist at det går an å snakka dialekt, men å skriva bokmål, meinte Kringkastingsringen. For tjue år sidan var det
motstand mot dialektane, men no var motstanden større mot nynorsk normaltalemål
i kringkastinga.84 For Kringkastingsringen
var det viktig å arbeida for at folk skulle få
høyra nynorsk knytt til sin eigen språktone
og at dei dimed kunne kjenna seg heime i
nynorsken. Eit tiltak var talemålskurset
Kringkastingsringen laga. Ideen bak kurset
var at normert nynorsk skulle vera lett tilgjengeleg for alle. Kurset inneheldt både eit
teorihefte og ein kassett med talemålsprøver frå heile landet, og det vart ferdig i
1998.85 Kurset var meint for folk som meir
eller mindre medvite legg av seg dialekten,
og som ynskte noko å stø seg til. Men òg
for tilsette i NRK og andre medieinstitusjonar og for framandspråklege som vil læra
nynorsk.86 I 1999 heldt Kringkastingsringen eit introduksjonskurs til denne
kurspakka «Normert nynorsk tale», og i
årsmeldinga kan me lesa at kurset var ein
suksess, og at det vart stadfesta at kurset var
eit framifrå virkemiddel for å stimulera til
ein god og stabil nynorsk i media.87
Målgranskingar
Randi Alsnes, dagleg leiar gjennom mange
år, la ned mange timar for å finna ut korleis målstoda var. I 1994 undersøkte ho
språket i norske aviser i samarbeid med
Noregs Mållag, og undersøkinga vart
prenta i Norsk Tidend.
Året etter laga Kringkastingsringen ei
undersøking av språket i NRK. Kringkas60
Mangeårig skrivar i Kringkastingsringen,
Randi Alsnes, viser fram granskinga av språket i norske aviser. (Foto: Norsk Tidend)
tingsringen ynskte å sjå på korleis NRK
førte statistikken sin, om statistikken verkeleg gjenspegla røyndomen. Kringkastingsringen samanlikna NRK med P4, som
ikkje hadde noko krav om 25 prosent
nynorsk i sendingane sine (men som skulle
styrkja norsk språk og kultur ålment, slik
det stod i konsesjonsvilkåra). I undersøkinga fann ho mellom anna stor skilnad
mellom det NRK-statistikken viste og den
reelle språkføringa. For å pynta på eit dårleg resultat, har NRK laga seg ei finurleg
«statistikkføring» som går ut på å dela all
ikkje-normert tale i to, og så kallar dei den
eine halvdelen «nynorsk». Problemet er at
oslonære dialektar er i stort fleirtal.
Omfanget av normert nynorsk var derimot
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
minimalt.88
I 1997 vart det gjort ei stor undersøking
og tre mindre. Den største av desse, Bokmålsborga – om fjernsynsspråket i Noreg,
synte kor lite nynorsk det var i dei tre kanalane NRK, TV2 og TVNorge. Samla for
dei tre kanalane var det berre 3,5 prosent
normert nynorsk, inkludert teksting. Viss
ein tok med dei som tala nynorsknær dialekt, det vil seia alt talemål som låg nærare
nynorsk enn bokmål, vart resultatet at
NRK hadde 13,8 prosent nynorsk, TV2
9,8 prosent og TVNorge 2,8 prosent. Når
det gjaldt program for born viste statistikken at NRK hadde 5,9 prosent mot null i
dei andre kanalane.89
Dei andre undersøkingane var Røyndom
i utdrag, som var ei samanlikning mellom
nyhendespråket i Dagsrevyen og TV2nyhenda, der ein målte mellom anna talemål, kvar i landet innslaget var frå og innhaldet. I tillegg kom det ei undersøking om
teksting i NRK og nynorsk ved distriktskontora.90
Meldingsbladet Kringom vart til i 1995,
medan Åsmund Lien var leiar.
(Foto: Kringkastingsringen )
Kringom vert til
Etter ynskje frå årsmøtet, skipa ein i 1995
eit nytt medlemsblad: Kringom. I leiarteigen i det fyrste nummeret les me: «Med
Kringom, bladet som du no held i handa,
ynskjer me å verta betre kjende med medlemene, eller kanskje rettare, at medlemene
skal verta betre kjende med oss.» Kringkastingsringen skal ikkje berre vera ein organisasjon ein som medlem hugsar på når ein
betalar medlemspengar, «eller får bøn om
vårgåve og haustgåve,» skriv leiaren
Åsmund Lien. I tillegg heldt ein fram med
å bruka dei tre sidene organisasjonen hadde
i Norsk Tidend, som kom ut fire gongar i
året, og dimed kunne no medlemene få
medlemsblad og informasjon åtte gongar i
året.
Eit anna tiltak for å betra kontakten
med medlemene var å senda ut brev og
spørja om kva dei meinte. Lenge hadde
medlemene kunna nominera kandidatar til
Kringkastingsprisen, men no inkluderte
ein medlemene i langt større grad i politiske spørsmål. I 1995 kom spørsmålet om
Norge skulle jamstellast med Noreg på
nynorsk opp i Norsk språkråd. Kringkastingsringen spurde medlemmene, og det
var ei sak som verkeleg engasjerte. På den
tida hadde organisasjonen om lag 2300
medlemmer, og det kom inn 382 svar, altså
ein svarprosent på nærmare 17 prosent, og
mange grunngav meininga si. To tredelar
meinte at Noreg var det einaste rette namnet, og Kringkastingsringen vedtok ei fråsegn til Kulturdepartementet i tråd med
det.91 Året etter hadde Kringom ei spørjegransking der medlemene kunne kryssa av
i rubrikkar for kva ein meinte om dialektbruken i TV2 og NRK, og kva ein meinte
at Kringkastingsringen skulle arbeida for –
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
61
meir normert nynorsk eller meir dialekt.92
Svara viste at det var eit soleklart fleirtal for
å arbeida for normert nynorsk i NRK.
Nynorsk mediesenter
2000-talet var prega av gamle kampsaker i
nye former. Det handla om å slåss for distriktskontora i NRK, og at NRK skal vera
ein kringkastar som når ut til heile folket.
Ein raud tråd i Kringkastingsringen sitt
arbeid har alltid vore å rekruttera fleire
nynorskjournalistar og dimed kunna auka
nynorskprosenten. Difor var det ein stor
siger for Kringkastingsringen då Nynorsk
Mediesenter vart opna i Førde i 2004.
Ny konsesjon for TV2
I 2000 gjekk konsesjonen for TV2 ut, og
fokuset på språk og kultur i programproduksjonen måtte styrkjast viss TV2 skulle
få fornya konsesjonen, understreka kulturminister Åslaug Haga samstundes som ho
varsla at ho kom til å skjerpa krava til norsk
språk og kultur. Kringkastingsringen arbeidde med denne nye konsesjonssøknaden, og sende sine synspunkt i ei fråsegn
saman med andre målorganisasjonar. Der
var kravet at det måtte presiserast i konsesjonsvilkåra til TV2 at det både i tale og
tekst skulle vere rimeleg fordeling mellom
nynorsk og bokmål.93
NRK2 til folket!
NRK2 starta sendingane 31. august 1996.
Alle som hadde parabolantenne og dei
fleste med kabel-tv kunne få inn sendingane, men det var ein stor del av folket som
ikkje fekk inn den nye kanalen.94 I område
utan NRK2-dekning kom det til fleire protestaksjonar, der krava var at ein måtte ha
høve til å betala ei differensiert lisensavgift.
62
Kringkastingsringen og leiar Unn Aarrestad
kjempa mot samanslåinga av distriktskontora i NRK. (Foto: Hege Lothe)
Det vart sett i gang ein folkeaksjon som
mange kommunar i distrikta var med på,
og Kringkastingsringen støtta aksjonen.
NRK er allmennkringkastar, og då må
kanalen nå ut til heile folket.95
Opprettinga av Nynorsk mediesenter
Den viktigaste saka på 2000-talet var motstanden mot samanslåing av distriktskontor i NRK. Då det sumaren 2002 kom
framlegg frå NRK-leiinga om dette, fekk
Kringkastingsringen mykje å gjera. Leiaren, Unn Aarrestad, skreiv mange lesarbrev
og pressemeldingar der ho på vegner av
Kringkastingsringen forsvarte distriktskontora. Dei er NRK sin styrke i ei globalisert
medieverd, skreiv ho. Kringkastingsringen
hadde møte med kringkastingssjef John G.
Bernander for å diskutera samanslåinga av
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
distriktskontora. Forsvaret av distriktskontora var truleg ei viktig årsak til at Kringkastingsringen fekk medlemsvekst i 2003,
etter mange år med nedgang i medlemstalet.96
Særleg i Sogn og Fjordane og i Finnmark kom det reaksjonar på NRK-leiinga
sine framlegg, og opprettinga av eit
nynorsk mediesenter vart det sterkaste
argumentet for å redda Sogn og Fjordane
som distriktskontor. I januar 2003 vedtok
NRK-styret å oppretta eit kompetansesenter for nynorsk, eit senter som skulle
utdanna nynorskjournalistar. Senteret har
dette målet for arbeidet: «Nynorsk mediesenter skal styrkje nynorskbrukarane i
media både språkleg og fagleg, og ha som
mål at dei skal vere blant dei beste. Senteret
skal òg medverke til at nynorskbrukarar
flest skal bli trygge nok til å bruke målet
sitt, og såleis auke det språklege mangfaldet i medie- og samfunnsdebatten.»97
Magni Øvrebotten vart tilsett som leiar for
senteret. Ho var tidlegare distriktsredaktør
for NRK Sogn og Fjordane, og skriv sjølv
nærare om opprettinga av Nynorsk mediesenter i dette heftet. Det fyrste kullet med
nynorskpraktikantar kom hausten 2004.
Gjennom heile nittitalet hadde Kringkastingsringen pressa på NRK for å få distriktskontora til å tilsetja fleire nynorskpraktikantar. Gleda var difor stor då NRK
Sogn og Fjordane og NRK Møre og Romsdal i 1999 tok opp att ordninga med kvar
sin nynorskpraktikant etter ein pause på
nokre år. Men målet var at fleire distriktskontor skulle driva med opplæring, slik at
journalistane kunne læra seg eit dialektprega nynorsk.98
Notar
1 Vikør, Lars S, «Noregs Mållag 1965-70» i Målreising i 75 år, Fonna forlag 1981:251.
2 Almenningen, Olaf, «Fornying og nyvakning for
målarbeidet», i O. Almenningen (m. fl.), Studentar
i målstrid, Det Norske Samlaget, 2003:213.
3 Vikør, Lars S, «Noregs Mållag 1965-70» i Målreising i 75 år, Fonna forlag, 1981:250-252.
4 For utfyllande lesnad om distriktshøgskulane, les
t.d. O. Almenningen (m. fl.), Studentar i målstrid,
Det Norske Samlaget, 2003:211-220.
5 Natvik, Oddvar, «Striden for desentralisering», i
Dag og Tid, 91-1975:12.
6 Usikkert om dette dokumentet er eit brev eller
kladd til føreordet til NRK og distrikta. Datert 11.
juli 1971.
7 Natvik, Oddvar, «Striden for desentralisering», i
Dag og Tid, 91-1975:12.
8 Brandseth, Magnar, Nærradiohandboka, Kringkastingsringen, 1986:7.
9 Norsk Tidend, serutgåva, 3-1972:6.
10 Norsk Tidend, serutgåva, 5-1970:10.
11 Norsk Tidend, serutgåva, 5-1970:10.
12 Norsk Tidend, serutgåva, 1-71:4.
13 Årsmelding for Kringkastingsringen 19731974.
14 Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye, Norsk kringkastingshistorie, Det Norske Samlaget, 2003:164.
15 Natvik, Oddvar og Karl Arne Utgård, NRK og
distrikta, Det Norske Samlaget, 1971:13.
16 Natvik, Oddvar og Karl Arne Utgård, NRK og
distrikta, Det Norske Samlaget, 1971:13-14. Betalande lyttarar er her meint av forfattarane som både
dei som berre hadde radio, dei som berre hadde
fjernsyn og dei som hadde begge delar.
17 Natvik, Oddvar og Karl Arne Utgård, NRK og
distrikta, Det Norske Samlaget, 1971:17.
18 Natvik, Oddvar og Karl Arne Utgård, NRK og
distrikta, Det Norske Samlaget, 1971:19-20.
19 Årsmelding for Kringkastingsringen 1971,
prenta i Norsk Tidend, serutgåva, 5-1971:5.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
63
20 Brandseth, Magnar, Nærradiohandboka, Kringkastingsringen, 1986:8.
21 Årsmelding for Kringkastingsringen 1971,
prenta i Norsk Tidend, serutgåva, 5-1971:5.
reising i 75 år, Fonna forlag 1981:293-297.
44 Vikør, Lars S, «Noregs Mållag 1974-80» i Målreising i 75 år, Fonna forlag 1981:296.
45 Opprit frå styremøte 28.11-1974.
22 Norsk Tidend, serutgåva, 2-1971:5.
46 Opprit frå styremøte 28.11-1974.
23 Brandseth, Magnar, Nærradiohandboka, Kringkastingsringen, 1986:8.
47 Opprit frå styremøte 28.11-1974.
24 Natvik, Oddvar og Karl Arne Utgård, NRK og
distrikta, Det Norske Samlaget 1971:52.
25 Brandseth, Magnar, Nærradiohandboka, Kringkastingsringen, 1986:9.
26 Natvik, Oddvar og Karl Arne Utgård, NRK og
distrikta, Det Norske Samlaget, 1971:36-37.
27 Natvik, Oddvar og Karl Arne Utgård, NRK og
distrikta, Det Norske Samlaget, 1971:63.
28 Natvik, Oddvar og Karl Arne Utgård, NRK og
distrikta, Det Norske Samlaget, 1971:38.
29 Fråsegn frå Kringkastingsringen, prenta i Norsk
Tidend, serutgåva, 5-1971:11.
30 Norsk Tidend, serutgåva, 3-1972:5.
31 Torolv Elster til Norsk Tidend, serutgåva, 51972.
48 Brev til presidentskapet i Stortinget, datert
9.11.1978, underskrive av leiaren Knut Ødegård.
49 Årsmelding for Kringkastingsringen 1978.
50 Kringom, 10-2004:14.
51 Presseutklypp frå Varden, 9. mars 1978.
52 Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye, Norsk kringkastingshistorie, Det Norske Samlaget, 2003:206.
53 Dahl, Hans Fredrik og Henrik G. Bastiansen,
Over til Oslo: NRK som monopol 1945-1981, Cappelen, 1999:528-529.
54 Dag og Tid, 91-1975:10.
55 Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye, Norsk kringkastingshistorie, Det Norske Samlaget, 2003:206207.
56 Årsmelding for Kringkastingsringen 1979.
32 Dahl, Hans Fredrik og Henrik G. Bastiansen,
Over til Oslo: NRK som monopol 1945-1981, Cappelen, 1999:535.
57 Brev til laga i Noregs Mållag, datert 24. august
1979, signert Bjarne Myrstad, leiar i Kringkastingsringen.
33 Norsk Tidend, serutgåva, 1-1973:11.
58 Årsmelding for Kringkastingsringen 1979.
34 Norsk Tidend, serutgåva, 6-1970:13.
59 Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye, Norsk kringkastingshistorie, Det Norske Samlaget, 2003:208209.
35 Norsk Tidend, serutgåva, 5-1971:16.
36 Dahl, Hans Fredrik og Henrik G. Bastiansen,
Over til Oslo: NRK som monopol 1945-1981, Cappelen, 1999:536.
37 Årsmelding for Kringkastingsringen 1974.
60 Årsmelding for Kringkastingsringen 1983.
61 Brandseth, Magnar, Nærradiohandboka, Kringkastingsringen, 1986:13.
38 Årsmelding for Kringkastingsringen 1975.
62 Brandseth, Magnar, Nærradiohandboka, Kringkastingsringen, 1986:13.
39 Årsmelding for Kringkastingsringen 1975.
63 Årsmelding for Kringkastingsringen 1984.
40 Snerte, Kjell, i Dag og Tid, 91-1975:2.
64 Skriv til medlemene, datert 5.2.1985, underskrive Oddvar Natvik, leiar.
41 Årsmelding for Kringkastingsringen 1977 og
1978.
42 Årsmelding for Kringkastingsringen 1977.
43 Vikør, Lars S, «Noregs Mållag 1974-80» i Mål-
64
65 Pressemelding 20. september 1990.
66 Brandseth, Magnar, Nærradiohandboka, Kringkastingsringen, 1986:13.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
67 Skriv til medlemene, datert 5.2.1985, underskrive Oddvar Natvik, leiar.
81 Rapportar frå Allmennkringkastingsrådet.
68 Nærkringkasting, eit informasjonshefte utgjeve
av Kringkastingsringen i samband med søknaden
om løyve til drift av nærradio, april 1984:1-3.
83 Opprit frå sammøte, 18. mai 1994, underskrive
Randi Alsnes.
69 Brandseth, Magnar, Nærradiohandboka, Kringkastingsringen, 1986:25.
85 Årsmelding for Kringkastingsringen 1997.
70 Tangen, Håvard og Geir Martin Pilskog, «I
gamle og nye far», i O. Almenningen (m. fl.), Studentar i målstrid, Det Norske Samlaget, 2003:262.
71 Årsmelding for Kringkastingsringen 1997.
72 Årsmelding for Kringkastingsringen 1982.
73 Årsmelding for Kringkastingsringen 1982.
74 Årsmelding for Kringkastingsringen 1984.
75 Årsmelding for Kringkastingsringen 1986.
76 Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye, Norsk kringkastingshistorie, Det Norske Samlaget, 2003:229.
77 Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye, Norsk kringkastingshistorie, Det Norske Samlaget, 2003:219.
78 Brev til Kulturdepartemetet, datert 2.11.1985.
79 Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye, Norsk kringkastingshistorie, Det Norske Samlaget, 2003:221.
82 Årsmelding for Kringkastingsringen 2002.
84 Kringom, 1-1996.
86 Kringom, 2-1997.
87 Kringom, 1-2000.
88 Norsk Tidend, 2-1995:27.
89 Kringom, 3-1997.
90 Årsmelding for Kringkastingsringen 1997.
91 Norsk Tidend, 1-1995.
92 Kringom 2-1996.
93 Årsmelding for Kringkastingsringen 2001.
94 Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye, Norsk kringkastingshistorie, Det Norske Samlaget, 2003:248.
95 Kringom, 2-2000.
96 Årsmelding for Kringkastingsringen 2003.
97 www.nynorskmediesenter.no.
98 Kringom, 4-1998.
80 Kringom, 3-1995.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
65
Ein framtidsretta organisasjon
Astrid Dybvik og Eva Marie Mathisen
Kringkastingsringen vart til midt på 1950talet, ei tid som var vanskeleg for målrørsla.
Målrørsla var på defensiven. Nynorsken
vart pressa ut som skulemål mange stader
både på Agder, i Trøndelagsfylka og i NordNoreg.
Riksmålsforbundet opplevde på same
tid ein glasperiode under leiing av Arnulf
Øverland. Forbundet fekk mange tilhengjarar på grunn av uviljen mot samnorskrettskrivinga frå 1938. Foreldreaksjonen
mot samnorsk og Lytterforeningen til
Riksmålsforbundet fylgde i kjølvatnet av
riksmålsframmarsjen. Deira uvilje mot folkelege trekk i språket smitta også over på
nynorsken. Riksmålsrørsla retta harde åtak
på nynorsken, både i skule og kringkasting.
Til alt overmål var målrørsla sjølv på
same tid plaga av indre usemje. Fraksjonsstriden mellom i-måls- og a-målsflokken
dominerte på mangt eit landsmøte i
Noregs Mållag på 1950-talet. Denne striden var til tider nesten lammande for det
konstruktive arbeidet for nynorsk. Dette
var tida Kringkastingsringen vart til i.
Organisasjonen vart raskt ei sterk og sjølvstendig stemme i språkstriden. Og sjølv om
organisasjonen hadde opphavet sitt i den
reformvenlege a-målsfløya, klarte organisasjonen å styra klar av bokstavstriden som
prega resten av rørsla så sterkt.
1950-talet vert kalla radioens gullalder.
66
På den tida var det vel likevel uråd å førestilla seg i kor sterk grad media skulle koma
til å dominera folks kvardag 50 år seinare.
Kringkastingsringen klarte å gripa fatt i dei
nye utfordringane i tida, nemleg språket i
etermedia. Dei sette i gang eit arbeid som
var både strategisk og framtidsretta.
Kringkastingsringen var medverkande
til at nynorsken fekk gjennomslag i NRK,
og til at kravet om at minst 25 prosent
nynorsk i sendingane vart vedteke. Seinare
vart Kringkastingsringen ein sentral påverknadsagent i utbygginga av NRK i distrikta. I desse sakene hadde Kringkastingsringen konkrete krav, og dei arbeidde systematisk, gjennom å laga utgreiingar og
dokumentasjon og gjennom påverknadsarbeid.
I dag er det mange som hevdar at dei
breie folkerørslene og dei politiske partia er
organisasjonar som høyrer fortida til. Nettverksbaserte eisaksorganisasjonar vert trekte fram som ei organiseringsform som har
framtida føre seg. Anten ein har eit slikt syn
eller ikkje, er i alle fall Kringkastingsringens organisasjonsform frå 1955 overraskande moderne for si tid. Kringkastingsringen vart danna som ein eisaksorganisasjon utan lokallag. Mange av leiarfigurane i
organisasjonen høyrde til landets definitive
kulturelle og intellektuelle elite. Og denne
gruppa brukte nettverka sine for det dei var
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
verd for å få gjennomslag for organisasjonen sine krav, anten det var innetter i
NRK, eller overfor Stortinget.
Institusjonen NRK har spela ei viktig
rolle som nasjonsbyggjar i Noreg, gjennom
å gje folk mange felles referanserammer og
slik skapa ei fellesskapskjensle blant folk.
Gjennom NRK vart også nynorsken ein
del av denne fellesskapen. Enno i dag er
ikkje nynorsken fullt ut akseptert i alle
delar av befolkninga. Saman med obligatorisk sidemål er plassen nynorsken fekk i
NRK, heilt sentral for å gjera nynorsken til
ein del av det fellesnorske. Med å sikra
nynorsken innanfor NRK klarte ein å løfta
nynorsken ut av dei nisjane der han fyrst
hadde sin plass, i utgjevingar frå Samlaget,
i den eigne nynorske pressa og i dei
nynorskbrukande lokalsamfunna. Slik har
nynorsken blitt normalisert dei siste 50 åra.
For mange nordmenn er dette den einaste
staden utanfor skuleverket der dei møter
nynorsk.
Arbeidet for nynorsken i NRK fekk
ringverknader. Nynorsken vart normalisert
som munnleg nyhendespråk. Og både
TV2 og dei kommersielle radiokanalane
Kanal24 og P4 brukar nynorsk i nyhendesendingane.
I dag spelar media ei langt meir sentral rolle
i folks kvardag enn på 1950-talet. Framleis
må ein arbeida for å sikra nynorsken i
NRK. Heller ikkje i 2005 kjem nynorsken
inn av seg sjølv. I jubileumsåret har Kringkastingsringen, saman med Noregs Mållag,
engasjert seg i eit nærskyldt felt, den trykte
pressa. Her er kravet at nynorsken må få
sleppa til i VG og Dagbladet. Kanskje vil
avisene bli eit viktigare satsingsområde for
Kringkastingsringen i åra som kjem. I den
trykte pressa, som i radio og fjernsyn, er det
framleis nok av oppgåver å gripa fatt i.
Eva Marie Mathisen (f. 1979) er frå Sortland
i Vesterålen. Ho har vore aktiv i Norsk Målungdom og vore nestleiar og dagleg leiar i
organisasjonen. Ho er no leiar i Studentmållaget i Oslo (SmiO). For tida tek ho mastergrad
i historie ved Universitetet i Oslo.
Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er frå
Lensvika i Sør-Trøndelag. Ho har vore leiar i
Norsk Målungdom og jobba som journalist i
ulike aviser og blad. For tida tek ho mastergrad i historie ved Universitetet i Oslo.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
67
Kringkastingsprisen
1978
1979
1980
1981
1982
1983
1984
1985
1986
1987
1988
1989
1990
1991
Hartvig Kiran og Arthur Klæbo
Henning Rivedal
Rolf Myklebust
Olga Meyer
Herbjørn Sørebø
Andreas Lunnan og
Gustav Moberg
Steinar Brauteset
Svanhild Mundheim
Ingrid Espelid Hovig
Gunvor Hals
Sigvart Østrem
Nils Gunnar Lie
Per Riste
Martin Lohne
1992
1993
1994
1995
1996
1997
1998
1999
2000
2001
2002
2003
2004
Astrid Brekken
Oddgeir Bruaset
Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Kari Sørbø
Astrid Versto
Bjørn Bø
Ingvild Bryn
Ingolf Håkon Teigene
Siri Lill Mannes
Egil Johan Ree
Gry Molvær
Arne Hjeltnes
Audhild Gregoriusdotter
Rotevatn
Leiarar og skrivarar
Leiarar i Kringkasingsringen
1955-56 Magne Oftedal
1956-57 Olav Bø
1957-60 Einar Hovdehaugen
1960-64 Dagfinn Mannsåker
1964-68 Kåre Grytli
1968-71 Ola Breivega
1971-72 Karl Arne Utgård
1972-74 Ola Stemshaug
1974-78 Einar Ådland
1978-79 Knut Ødegård
1979-81 Bjarne Myrstad
1981-82 Rune Valestrand
1983-84 Svein Linge
1984-85 Oddvar Natvik
1985-87 Øystein Havrevoll
1987-90 Jon Aarekoll
1990-91 Ingen leiar
1991-92 Leiv Ellingsen
1992-94 Maria Høgetveit Berg
68
1994-96 Åsmund Lien
1996-02 Jon Låte
2002Unn Aarrestad
Skrivarar i Kringkastingsringen
1955-69 Magne Rommetveit
1969-71 Audun Heskestad
1971-72 Karl Arne Utgård
1972-73 Bjarne Myrstad
1973-85 Oddvar Natvik
1985-87 Terje K. Reite
1987-88 Audun Skjervøy
1988-91 Jan Swensson
1991-93 Olav Norheim
1993-99 Randi Alsens
1999-00 Sverre Valdal
2000-02 Knut E. Karlsen
2002-05 Tormod Strømme
2005Marit Aakre Tennø
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Foto: Helge Tennø
Eit godt og fruktbart samarbeid
Sigrun Høgetveit Berg
Tilhøvet mellom Kringkastingsringen og
Noregs Mållag blir frå alle partar karakterisert som godt. Sjølv om det er ulike syn
på kor synleg organisasjonen har vore for
dei større målorganisasjonane, er det heilt
klart at Mållaget har hatt stor nytte av
Kringkastingsringen – både politisk og
praktisk. Ei samtale med to karar som hugsar godt, utdjupar dette.
– Noregs Mållag (NM) hadde eit godt
og nært forhold til Kringkastingsringen
heile vegen, sjølv om det i byrjinga nok var
målpolitiske skilnader dei imellom. Kringkastingsringen vart skipa i radikal opposisjon til dei rådande kreftene i NM på slutten av 1950-talet, og stod den gongen for
ei modernisering av målarbeidet. Kringkastingsringen vart med på å få rørsla på offensiven att etter alle atterslaga i etterkrigsåra.
Men frå den tida eg var aktiv, oppfatta me
oss begge som kamporganisasjonar for
nynorsken og dialektane, med klart definerte politiske målsetjingar. Andre norskdomstiltak stod Mållaget fjernare, i det
daglege iallfall, seier Olaf Almenningen,
sentralt plassert i Norsk Målungdom og
Noregs Mållag frå 1967 til 1987.
Jon Aarekol, aktiv i Kringkastingsringen på slutten av 80-talet og byrjinga av
90-talet, trekkjer særleg fram dei felles
møta Mållaget og Kringkastingsringen
hadde med NRK-leiinga, der organisasjo70
nane bar fram felles syn og standpunkt. Eit
slags tidleg Nynorsk Forum.
Viktig premissleverandør
Aarekol understrekar også Kringkastingsringen si rolle som viktig premissleverandør for mediepolitikken til Mållaget.
– Det er viktig å halde oppe trykket og
fokus på nynorsken si stilling, særleg når
det gjeld gjennomslag for kravet om 25
prosent nynorsk i NRK.
Almenningen held fram:
– Me såg på Kringkastingsringen som
rørsla sin spydspiss i mediepolitikken;
stundom tok dei sakene heilt åleine, andre
gonger i lag med Noregs Ungdomslag
(NU), NM, Norsk Målungdom og Samlaget med fleire. I NM og NU let me vera å
arbeide særleg mykje med mediepolitikk på
eiga hand når me hadde Kringkastingsringen. Det var òg ein politisk styrke å ha
Kringkastingsringen med i ordskiftet om
EU, distriktspolitikken, dialektaksjonane
og liknande. Og dei siste 15–20 åra har
Kringkastingsringen stått i fremste rekkje i
ordskifta kring utbygging og desentralisering av NRK, TV 2 til Bergen, rekruttering
av nynorske medarbeidarar til NRK og TV
2, 25 % nynorsk i NRK og nynorsk i
pressa.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Vanskeleg å halde fokus – lite synleg?
Både Almenningen og Aarekol trekkjer
fram dei nye utfordringane Kringkastingsringen har stått overfor etter det store frisleppet i mediebransjen på 80-talet.
– Avviklinga av kringkastingsmonopolet var ei særskild utfordring, og plasseringa
av TV 2 i Bergen vart sett på som ei positiv
sak for målrørsla, særleg at TV 2 har lagt
vekt på bruk av dialektar og nynorsk i dei
ulike programma. Ei anna sak me var opptekne av, var nynorsk i reklamen. Det
fremja me òg i møte med Løvebakken mållag, men dette har ikkje akkurat fått
gjennomslag, for å seia det mildt, seier
Aarekol.
– Men det har vorte verre å arbeide
målretta. Med P4, Kanal 24 og så bortetter
er konkurransen større, og krava blir vanskelegare å målbera, seier han.
Olaf Almenningen meiner Kringkastingsringen stort sett greidde å samle seg
om dei viktigaste tinga, men at det vart
verre å få grep om alt som hende etter oppløysinga av NRK-monopolet i 1982–83.
– Det skjedde jo samstundes så mykje
på den tekniske sida som det var vanskeleg
å halde seg oppdatert på. Ein prøvde seg
med hell når det galdt nærradio, sjølv om
Oslo Kringkastar laut gå inn til slutt, og var
kunnskapsformidlar for mange glade amatørar rundt om i landet. Nærradiohandboka var ein suksess då ho kom ut. Kommersialisering, reklame og anglifisering,
som kom som ei flodbølgje med privatiseringa av media, var det uråd for ein liten
samskipnad som Kringkastingsringen å stå
imot.
Likevel meiner Almenningen at Kringkastingsringen har vore synleg for organisasjonane og verksemdene i målrørsla dei
siste 15–20 åra. Dette er ikkje Aarekol like
samd i:
– Kringkastingsringen har heile tida
vore «veslebror», som har kjempa jamt og
trutt med sine saker, og har ikkje vore godt
nok synleg for dei større norskdomsorganisasjonane. Kringkastingsprisen er vel den
einaste saka som har skapt noko merksemd
i media.
Framtidstankar – kanskje samanslåing?
Men at Kringkastingsringen har ei framtid
er dei begge sikre på – med visse justeringar
og samling av krefter.
– Han må kanskje moderniserast noko,
lagast til eit forum for aktiv mediedebatt
med fokus på språk. Det bør samarbeidast
tettare med NM, særskilt Mediemållaget,
men også andre organisasjonar. Dei må
knyte til seg ressurspersonar og fagpersonar, men også viktige målberarar av
nynorsk språk, som til dømes Are Kalvø og
Per Inge Torkildsen, seier Jon Aarekol.
Fleire har teke til orde for å slå saman
Kringkastingsringen med til dømes Mediemållaget og gjera det til eit underbruk av
Noregs Mållag.
– Fyrst i 1980-åra prøvde me å ta opp
mediespørsmåla i lag på brei front, særleg i
samband med oppløysinga av NRKmonopolet. Då diskuterte me om Kringkastingsringen heller burde integrerast i
NM og NU i form av eigne mediestillingar
der, men slo det frå oss. Det var betre å ha
ein særskild organisasjon, ikkje minst av di
ein del målfolk og sympatisørar berre var
medlemer i Kringkastingsringen og ønskte
å syne si kulturpolitiske interesse på den
måten. Dertil kom sjølvsagt det økonomisk-organisatoriske momentet; korkje
NM eller NU ville greidd å få inn tilsva-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
71
rande ressursar – økonomiske og på personalsida – om mediespørsmåla vart dregne
inn i apparata til NU og NM og Kringkastingsringen nedlagd, hevdar Almenningen.
– Det er endå viktigare enn før å ha ein
samskipnad som tek opp mediepolitiske
spørsmål no i vår tid, med sterk teknisk og
digital utvikling og mange fleire verdsomfattande kanalar. Me har ikkje så mange
kulturpolitiske organisasjonar i Noreg, om
me tenkjer etter. Og det er fint at me i
norskdomsrørsla kan skilte med såpass
mange, klart profilerte samskipnader som
me gjer. Det gjev oss større makt innanfor
kulturpolitikken enn me sjølve kanskje
anar – og greier å utnytta, meiner han.
Stortinget heldt fram som eit naudsynt
mindretalsvern i 1970, trur eg Kringkastingsringen skal samordna det trykket og
presset som no ligg der for å få nynorsken
inn i riksavisene våre. Det vil bli ein viktig
framskuv for heile rørsla og det me strir for.
I og med at Nynorsk mediesenter no er
kome i gang, vil tilgangen på unge nynorske journalistar halde seg oppe i framtida,
og Kringkastingsringen kan dermed samle
hovudkreftene sine om nynorsk i storavisene, heimleg og norsk programskaping i
vid forstand, i tillegg til å vera vaktbikkje
for nynorsk språk og dialektar i allmennkringkastinga, avsluttar Almenningen.
Ein viktig framskuv for heile rørsla
– I tillegg til å vera vaktbikkje for nynorskog dialektprosenten i NRK og TV 2, som
72
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Del 2
Om media
Nynorsk i media
Jon Peder Vestad
Nynorsk og forløparen landsmål har vore
brukt i media i omkring 150 år. Ivar Aasen
fekk trykt eit stykke på landsmål i Morgenbladet i 1848, og Dølen med undertittelen
Eit Vikublad tok til å komme ut ti år etter.
I årevis var Den 17de Mai ei storavis, i 1910
hadde denne nynorskavisa faktisk det nest
største opplaget i landet. Da radioen kom
til Noreg, fann nynorsken også vegen til
dette nye mediet. I den fyrste offisielle sendinga til Kringkastingsselskapet AS 29.
april 1925, finn vi tittelen «De `kje draumar som leikar» på sendeskjemaet. Den
fyrste klaga på språkbruken i radioen kom
same året, med Noregs Mållag som avsendar. I dag er det vanskeleg å unngå nynorsk
om ein følgjer med i norske medium.
Her vart eit viktig ord nemnt: klage. Eit
anna ord kunne vere strid. Når ein les om
språk og norske medium, ser ein at det vanlegvis er nynorsken som er skildra som eit
problem. Men like gjerne kunne ein ha
problematisert motstanden mot nynorsk!
Og dette «problematiske» ved målforma
kan ha gått i blodet på mange nynorskbrukarar, slik at dei (vi) trur på det. Språkstriden i og rundt media i Noreg kunne like
gjerne bli skildra som kamp mot bruk av ei
offisiell målform, kamp mot eit morsmål,
mot demokratisk avgjorde vedtak, ja, som
intoleranse. Slik ser eg det. Og når eg har
tatt klar stilling for nynorsken – utan å gå
74
mot bokmål – må eg nemne at eg har
arbeidd som journalist og seinare som
nynorskkonsulent i NRK i fleire år. Eg har
også forska på nynorsken i NRK og undervist i nynorsk mediespråk.
Emnet for denne artikkelen er så vidt at
eg må sjå bort frå veke- og fagpresse, publikasjonar som Norsk Barneblad og reine
nettmedium. Det er dessutan mange måtar
å nærme seg emnet på. For eksempel kan
ein sjå på førekomsten av nynorsk i media,
i kva grad nynorsk har vore og er brukt.
Ein annan måte er å gjere greie for korleis
nynorsken i media er. Her skal eg gjere
noko av båe delar. Men eg vil begynne ein
annan stad, nemleg med eit viktig skilje
mellom presse og kringkasting.
Fridom og kontroll
Ytringsfridommen som er nedfelt i Grunnlova, har gjort det mogleg for kven som
helst å setje i gang aviser og tidsskrift, og
den veksande nynorske offentlegheita nytta
seg tidleg av dette. Somme hadde eit publisistisk motiv for å gje ut aviser og tidsskrift,
som Aasmund Olavsson Vinje, andre
hadde idealistiske motiv: Publikasjonar såg
dagens lys for å støtte ei sak, eit parti eller
ein ideologi. Mange nynorskaviser vart
starta med slike motiv. Det låg altså språkpolitikk bak, men det var ikkje offisiell
språkpolitikk som førte til at vi fekk aviser
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
som brukte nynorsk.
Kringkastinga har vore behandla på ein
heilt annan måte. Nordmenn med radio
som hobby sette i gang eigne sendingar alt
i 1923, men radiomediet vart ganske raskt
lagt under offentleg kontroll. Da Kringkastingsselskapet AS begynte å sende, var det
med sendeløyve og sendeprivilegium. Ei
tilsvarande offentleg styring av kringkastingsmedia har vi enno. Radioen vart statskontrollert, og frå 1933 vart Norsk rikskringkasting (NRK) driven av staten. I
dette mediet vart det språklege knytt til
den offentlege språkpolitikken; NRK som
statsinstitusjon skulle følgje Lov um målbruk i statstenesta som kom i 1930. Ikkje
før pressestøtta kom i 1969 kan vi seie at
den offisielle mediepolitikken – og dermed
språkpolitikken – tok omsyn til bruk av
nynorsk i trykte medium. Og framleis må
radio- og fjernsynsstasjonar ha løyve,
medan trykte medium og no også nettmedium ikkje treng det.
Den nynorske pressa
For å forstå vilkåra for nynorsken i pressa,
er det nødvendig å ta omsyn til at avismediet er fristilt frå det offentlege. Ja, visst
finst det døme på at kommunar kan eige
aksjar i lokalaviser, men sjølve mediet er
mindre regulert enn radio og fjernsyn er.
Det har ført til at mange nynorskaviser har
sett dagens lys, og at nynorsken har fått
plass i aviser som tidlegare (berre) nytta
bokmål. Pressa har levd under marknadslovene fram til pressestøtta kom, og i stor
grad au etter ho vart innført. Det finst ikkje
noko krav om at aviser i nynorskområde
må skrive på nynorsk, og det er ikkje ulovleg å nekte journalistar å bruke målforma
si i bokmålsaviser.
I tillegg til dei publisistiske og idealistiske
motiva for avisdrift som er nemnde, har vi
kommersielle motiv. Det finst ikkje vasstette skott mellom desse tre motiva, og
aviseigarar har støtt måtta tenkje butikk.
Ein porsjon idealisme har likevel gjort at
somme aviser har tøygd leveevna, ved hjelp
av innsamlingar, sal av støtteaksjar osv. Det
kjenner vi til frå nynorsk-Noreg. Dei fleste
avisene som har nynorsk som redaksjonell
målform, er likevel ikkje ideologiske organ,
men fyrst og fremst lokalaviser. Om desse
avisene skulle bruke nynorsk fordi nynorsk
er brukt i dekningsområdet, så knyter målforma likevel avisene til den motkulturen
nynorsken er ein del av. Avisene tener dermed to formål: Dei er arenaer for bruk av
og spreiing av nynorsk, og dei er nyheitsog debattorgan.
Avishistorikaren Øystein Sande1, som
eg byggjer store delar av dette på, har peikt
ut nokre vanskar for nynorsk avisdrift. I
den fyrste tida da aviser på nynorsk vart
grunnlagde, hadde mange av dei moglege
lesarane deira ikkje lært nynorsk. Det har
heller ikkje støtt vore lett å få annonsar.
Mye av stoffet har vore på bokmål, og det
har vore krevjande å setje om til nynorsk.
Dessutan kan målfolk ha latt vere å tinge
avisa. Dette kan verke pussig, men ein del
av dei fyrste nynorskavisene var svært tydelege ideologiske organ. Det gjeld til dømes
avisa Synnøve Riste og Rasmus Steinsvik
starta, Vestmannen. Det kunne bli for mye
for somme om ei avis både var på landsmål
og agiterte for sosialisme eller fritenkjeri.
Nokre andre tilhøve kan au ha hemma
den nynorske pressa. Da nynorskavisene
begynte å komme ut, fanst det alt ein
danskspråkleg avistradisjon i Noreg. I den
grad folk las aviser, var dei på dansk. Ikkje
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
75
berre skulle folk venje seg til å lese aviser,
dei måtte også venjast til å lese aviser på
nynorsk! Det andre er at målsaka har vore
omstridd i delar av samfunnet, og heller
ikkje alle nynorskbrukarar har hatt like stor
sans for denne striden – eller for å skilje seg
ut i det heile. Til sist vil eg nemne at avisene som vart gitt ut på dansk og seinare
bokmål, i større grad enn nynorskaviser
kunne hente og vente solid økonomisk
støtte. For den konservative pressa sin del
kunne det vere snakk om familieformuar,
og den sosialdemokratiske pressa hadde
ofte store fagforeiningar å stø seg til. Det
mangla målfolket.
Utviklinga fram til i dag
Øystein Sande skreiv i 2000 at det da fanst
65 lokalaviser som bruker nynorsk, men
dette talet kan vere endra sia. Terje Skjerdal (2005) listar opp ikkje mindre enn 87
aviser som bruker nynorsk redaksjonelt,
men dette talet femnar breiare enn lokalavisene. Dei lokalavisene Sande viser til
kjem ut minst ein gong i veka, og har
nynorsk som redaksjonell målform, åleine
eller saman med bokmål. Dei har vorte til
på to måtar. Den eldste måten er at aviser
som har vore gitt ut på dansk eller bokmål,
har skifta målform. Møre i Volda er eksempel på dette. Dette skjedde særleg dei fyrste tiåra i førre hundreåret. Den andre
måten vi har fått nynorskaviser på, er at det
har vorte starta nye aviser som har brukt
nynorsk frå dag éin. Vikebladet-Vestposten i
Ulsteinvik er døme på det. Denne avisa
syner også korleis talet på nynorskaviser
kan gå ned – aviser blir slått saman. I båe
tilfella nyttar avisene nynorsk fordi målforma er vanleg i dekningsområdet.
Dei fleste nynorskavisene har vore
76
fødde på og med nynorsk. Det vart starta
mange aviser rundt førre hundreårsskiftet
og tiåra etter, og mange bukka under. Ofte
hadde dei heim i byar. Per Håland2 nemner
Norig i Skien, Agder Tidend i Kristiansand,
Møre Tidend og Sunnmøre Tidend i Ålesund, Spegjelen i Trondheim, berre for å
nemne nokre. På 1970- til 1990-talet kom
det ei ny avisbølgje, der landet vart tapetsert med småaviser, mange av dei i
nynorskområde. Vest-Telemark Blad, som
kom til i Kviteseid i 1973, er eitt døme.
Denne tida gjekk distriktspolitikken i
Noreg ut på å styrkje distrikta, det var
knytt både håp og prestisje til det som før –
og no – blir rekna som utkantar, og mange
stader fanst det eldsjeler som sette i gang
med lokalaviser. Vest-Telemark Blad har eit
opplag på om lag 5500, som er ganske vanleg for mange av nynorskavisene.
Nynorskavisene sto for 12 prosent av
avisetableringane i Noreg før 1940, skriv
Sande. Det er eit lågt tal, som blir forklart
med at nynorsken var inne i ein landevinningsfase, og for mange var det ikkje naturleg at aviser skulle eller kunne ha nynorsk
som redaksjonelt språk. I perioden frå
1945 til 1969 var 32 prosent av etableringane nynorskaviser, og i tida etter 1970 har
nynorskaviser stått for 31 prosent av nyetableringane3. Dette er overraskande høge
tal målt ut frå oppslutninga om nynorsken
i samfunnet, særleg i den siste perioden.
Etterkrigstida var tung for igangsetjing av
aviser uavhengig av målform. Når knapt
ein tredel av dei nye avisene mellom 1945
og 1969 kom ut på nynorsk, syner det stor
vilje i nynorskområde til å gje ut aviser. Ja,
det kan verke som om nynorskkrefter ytte
noko ekstra for å få i gang aviser denne
tida, som elles var prega av motstand mot
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
målforma. At talet held seg så høgt etter
1970, kan blant anna forklarast med distriktsbølgja på 1970-talet og med billigare
teknologi.
Stoda i dag
Bortimot 30 prosent av alle aviser i Noreg
bruker nynorsk, og det er eit høgt tal. Men
når vi ser på det samla opplaget, hadde
nynorskavisene berre omlag 260 000 eller
8,7 prosent av avisopplaget i Noreg. Og
ikkje alt i desse avisene er på nynorsk heller.
18 av avisene bruker både bokmål og
nynorsk, så dette er altså maksimumstal.
Likevel fortel dette at avisene let lesarane
møte nynorsk som redaksjonell målform.
Nynorskavisene er spreidde utover tre
av landsdelane, og tyngdepunktet ligg som
venta på Vestlandet som huser to tredelar
av dei. Størst er Firda med eit opplag på
om lag 15 000, og ho er den einaste seksdagarsavisa som berre har nynorsk som redaksjonelt språk. Sogn Avis og Sunnhordland er
femdagarsaviser. Utan «blandingsavisene»
var om lag seks prosent av avisopplaget i
2005 å finne hos reine nynorskaviser. Men
alle avisene som bruker nynorsk fortel om
store område der nynorsk blir rekna som
naturleg og rett å bruke, og det syner au at
det finst mange journalistar som dyrkar
nynorsk som mediespråk.
Vi må au nemne dei mange riks- og
regionalavisene som bruker nynorsk. For å
ta regionavisene fyrst. Dei blir gitt ut i byar,
altså tradisjonelt sterke bokmålsbastionar,
og dei dekkjer eit omland der nynorsken
kan vere mindretalsmål. Den største avisa
her er Bergens Tidende, som har om lag 90
000 i opplag og 250 000 lesarar kvar dag.
Andre regionaviser med daglege eller i det
minste regelmessige nynorskinnslag er
Romsdals Budstikke (Molde), Sunnmørsposten (Ålesund), Haugesunds Avis, Stavanger
Aftenblad, Fædrelandsvennen (Kristiansand), Agderposten (Arendal), Varden
(Skien) og GD (Lillehammer). Det finst au
mindre regionaviser som kan ha artiklar på
nynorsk. Den nynorske presseverda blir
enda større når vi tek med dei riksavisene
som bruker nynorsk. Vi finn (så å seie) dagleg nynorsk i Dagen, Klassekampen, Nationen og Vårt Land, og også Dagsavisen kan
nemnast blant dei avisene som regelmessig
skriv på nynorsk. Dessutan finst det nisjeaviser som Bondebladet, Fiskaren, Folkets
Framtid og Morgenbladet som bruker
nynorsk attåt bokmål. Det er altså ganske
mange presseorgan som nyttar nynorsk i
nokon grad. Og så har vi Dag og Tid, sjølvsagt.
Kva så med nynorsken
i den nynorske pressa?
Det norske journalistspråket har gått frå å
vere prega av ein «offisiøs», abstrakt og lite
kvardagsprega språkbruk med lange og
kronglete setningar, til å bli meir kvardagsnært og enkelt. Dette har skjedd både i
bokmål og nynorsk, og det er grunn til å
tru at det noko meir talemålsnære preget i
nynorsk har påverka bokmålet. Samstundes skal vi hugse på at stilideala har forandra seg, slik at det vi no kan meine er dårleg og lite tilgjengeleg mediespråk ikkje
nødvendigvis vart oppfatta slik i samtida.
Det nynorske avisspråket har i hovudsak følgt tendensane i norsk rettskriving,
der i-mål og særprega nynorskord har fått
mindre plass. Somme aviser har eigne
språknormer, andre ikkje. I det siste tilfellet
følgjer ein i prinsippet dei gjeldande rettskrivingsreglane, sjølv om pressa ikkje har
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
77
vore pålagd av noko offentleg organ å gjere
det. Likevel har dei fleste avisene etter kvart
valt ei språkform som for det meste har
halde seg innafor reglane for nynorsk.
Unnatak har sjølvsagt funnest, særleg i fyrste halvdel av førre hundreåret. I seinare tid
har organ som Gula Tidend (1904–1996)
vore ein stad der såkalla tradisjonell
nynorsk har hatt rom. Det har støtt vore
ulike syn i den nynorske pressa på korleis
nynorsken skulle vere. Det ser vi i vekslinga
eller vaklinga i ulike nynorskorgan alt på
1800-talet, og vi ser det i dag. På 1800-talet
hadde ikkje nynorsken funne noka fast
form, og seinare viste det seg at den faste
forma skulle innehalde variasjon. Somme
aviser har valt ein meir fasttømra nynorsk
enn andre, i andre kan det vere opp til journalistane å avgjere rettskrivingsspørsmål.
Nynorsken i lokalavisene varierer mye,
med bruk av ein del tradisjonelle ord som
ikkje er så vanlege i til dømes nynorsken i
NRK. I somme mindre aviser kan ein ofte
sjå innslag av «forbodne» ord og former
som samsvarer med bokmålet, knappast
bevisst. Rettskrivinga kan vere inkonsekvent, og ikkje alltid like god. Årsakene til
dette kan vere tidspress, bokmål i kjeldetilfanget og mangelfull språkkunnskap. I
større organ, som dei riks- og regionavisene
som bruker nynorsk, kan språkbruken vere
betre og meir konsekvent, og der kan au
bruken av enkelte bokmålsord og uregelrette former vere bevisst. Dette syner eit
stort spenn i omgangen med reglane for
nynorsk formverk og ordtilfang.
Nynorsken i etermedia
I etermedia har det ikkje vore noko yrkesforbod for journalistar som bruker
nynorsk, iallfall ikkje offisielt. Det vil like-
78
vel ikkje seie at levekåra for nynorsken alltid har vore dei beste. Det at nynorsken
fekk plass i eit moderne medium som radio
– sjølvsagt for mange, men ikkje for alle –
gjorde at målforma vart spreidd over heile
landet. Og framleis er det slik at ingen som
bruker dei største tenestene til storebror
NRK i eteren eller på nettet, kan unngå
heilt å møte nynorsk, i skrift som i tale.
NRK har ofte stått i sentrum for språkstrid. Da NRK vart oppretta i 1933, var
institusjonen meir ei statskringkasting enn
i dag, og i tråd med mållova frå 1930 skulle
nynorsk brukast i NRK. Sjølvsagt! Men så
innlysande var det ikkje for alle, og
nynorskbruken i NRK førte til stortingsdrøftingar, underskriftsaksjonar, forsøk på
lisensnekt og naturlegvis lesarbrevskriving.
Dette kan forklarast på mange måtar, men
ikkje her. Det er likevel tre poeng som må
fram: Kampen mot nynorsk i NRK var ein
kamp for å halde det hypermoderne
mediet radio fritt for ei målform somme
kjende fremmend, bondsk, gammaldags og
dermed ikkje passande og tidsriktig. Det
andre er at ei nynorskfri kringkasting ville
vere det same som at lyttarar ikkje fekk
møte ei målform som sto nærmare talemåla
deira enn det konservative bokmålet som
vart nytta – dialektbruk fanst knapt i eteren på den tid. I tillegg kjem eit mogleg
yrkesforbod for nynorskjournalistar også i
dette mediet. Men slik gjekk det ikkje. I
trebandsverket om historia til NRK er dei
to siste perspektiva vanskeleg å få auge på.
I denne store NRK-historia presenterer
den omstridde historikaren Hans Fredrik
Dahl argumenta som vart nytta frå riksmålssida. På 1930-talet var det ifølgje Dahl
«utvidelsen av sendingene» på nynorsk som
skapte mest motstand, det fanst ein mål-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
strid om kringkastinga, som kom av ein
«fullbåren (ferdig utvikla; JPV) lytterindignasjon over å få uvante målformer»4 inn i
heimane. Og utan reservasjon blir eit ord
som måltvang nytta. Dahl skriv at språkstriden i NRK hadde to polar – staten og
lyttarane, og ein kan få inntrykk av at «lytternes krav»5 var at det måtte haldast
avstemning om målbruken i NRK. Dette
grammatikalske valet dekkjer over sanninga. Det var nemleg ikkje lytterne i bunden form fleirtal – alle lyttarane – som
aksjonerte for å sleppe nynorsk på lufta,
men ein del tusen «lyttere». I Oslo var det
til dømes berre rundt ti prosents oppslutning om aksjonen for å få folk til å seie opp
lisensen6. Nynorsken hadde tilhengjarar
blant lyttarane.
Det var i faste postar som vêrvarsel,
nyheiter og programannonsering at nynorsken skulle kunne brukast side om side
med bokmålet. Dette utgjorde om lag ein
tidel av programtilbodet den fyrste tida – i
resten av sendetida var det meir tilfeldig
kva slags målform som vart nytta. Frå 1934
vart det sendt ei nyheitssending om dagen
på nynorsk. I alt vart det nytta 4,8 prosent
nynorsk i sendingane i 1933 (1. og 4. kvartal), og i åra 1934 til 1937 låg nynorskbruken på mellom 7 og 9,4 prosent (1936).
Dette var mindre enn talet på nynorskbrukarar i samfunnet elles. I åra 1930 og 1935
hadde 19,5 og 19,9 prosent av elevane i
folkeskulen nynorsk som opplæringsmål,
og nynorsk var gudstenestespråk for om lag
11 prosent av folket.
På 1950-talet mobiliserte riksmålsfolket
att. Etter meir eller mindre å ha sett ein
stoppar for bruk av radikalt bokmål i lærebøker, var det språkbruken i NRK som sto
for tur. Sjølv om samnorsken var målet,
råka kritikken også nynorsken. Likevel
auka nynorskdelen i sendingane, slik at det
midt på 1950-talet var 14–15 prosent
nynorsk, og eit par prosent meir på slutten
av tiåret. Denne prosentdelen vart sett på
som ei diskriminering av målforma frå
nynorskhald, blant anna av Kringkastingsringen. At det vart meir nynorsk i NRK i
etterkrigsåra, var naturleg når vi tenkjer på
at det kom kull etter kull med nyutdanna
nynorskbrukarar ut på arbeidsmarknaden.
Nynorsken fekk også sterkare tradisjonar
som administrasjons- og formidlingspråk.
Dei relativt tette banda mellom somme
politikarar og nynorskforkjemparar sikra
også nynorsken i NRK.
Medarbeidarane i NRK var dei fyrste
tiåra mest å sjå på som representantar for
ein nasjonal kulturinstitusjon med opplysnings- og samlingsoppgåver. Språkbruken
var prega av at NRK skulle vere ein arena
for korrekt språkbruk, og det vart lagt vekt
på språkkunnskap hos dei som vart tilsette.
Overordna språkpolitiske og kulturelle
omsyn var tydelegare i arbeidskvardagen til
journalistane samanlikna med tiåra etter.
Etter krigen har det støtt vore for lite
nynorsk i NRK sett med dei fleste nynorske auge, og på 1960-talet gjekk bruken
attende. Stortingsfleirtalet slutta seg i 1970
til at nynorsk skulle brukast i minst ein
firedel av ordsendingane. NRK har sia hatt
denne «25-prosentsregelen» som mål.
NRK har aldri greidd å fylle målsetjinga,
og har blant anna fått opp nynorskprosenten ved å dele dialektbruk likt mellom bokmål og nynorsk. Statistikk er statistikk, og
kan førast og tolkast på ymse måtar. I 1987
vart det elles presisert at 25-prosentsregelen skulle gjelde såkalla normalisert
nynorsk. Samstundes har bruksområdet
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
79
for normert tale vorte snevra inn frå 1980talet og framover. No er normert nynorsk
tale fyrst og fremst å finne i programannonsering og i nyheitssendingar, og ikkje
alltid der heller. Nynorsk som skriftspråk
har lenge vore nytta i teksting og på teksttv, og Internett har gitt målforma eit nytt
bruksområde i NRK.
Nynorsk i andre etermedium
TV2, P4 og Kanal 24 har alle hatt nynorskjournalistar i staben sia dei starta. I P4 har
desse medarbeidarane stort sett arbeidd
med nyheiter, medan dei har vore spreidde
på fleire programtypar i TV2 og Kanal 24.
Like fullt er det i nyheitsredaksjonen vi
finn dei fleste som snakkar normert
nynorsk eller nynorsknært i TV2. Hausten
1996 bestemte elles TV2 seg for at kanalen
ikkje skulle tillate at filmar og seriar vart
teksta på nynorsk. Nynorsk er fråverande
som skriftspråk i TV2, bortsett frå ein
hende gong i tekstar i innslag og/eller program når folka bak bruker nynorsk.
I TVNorge har det funnest nynorskfolk
i nyheitene, men heller ikkje her blir noko
teksta på nynorsk. I lokale radio- og fjernsynsstasjonar kan det finnast nynorsk i
nyheitene, men dialekt- og bokmålsprega
språkbruk er det vanlege. Vi kan elles leggje
merke til at P4 legg ut nyheitsmeldingar på
nynorsk på nettet, medan Kanal 24 ikkje
gjer det. Det er i tråd med den språkpolitikken vi finn hos eigaren TV2 Nettavisen.
Utviklinga av det nynorske
etermediespråket
Korleis er den nynorsken vi kan finne i
radio og fjernsyn? Det er viktig å vere
merksam på at dette er ein eigen språkbruksvariant med eigne reglar og skikkar,
80
det er noko anna enn opplesen tale. Opphavet til språkvarianten er nok meir føredraget og preikespråket enn scenespråket.
Det har vore to måtar å nærme seg talt
nynorsk på, den eine er å ta skriftspråket
som norm, og ha ein mest mogleg «nøytral» språkbruk. Den andre måten er å gå
ut frå sitt eige målføre og velje former og
ord frå nynorsken som samsvarer med talemålet. Det er det siste som er og har vore
vanlegast i etermedia. Vi hører kor folk
kjem frå, og vi hører at dei bruker nynorsk.
I samband med eit forskingsprosjekt
om nynorsk i etermedia har eg analysert vel
130 opptak frå nyheits- og aktualitetssendingar i NRK radio frå tida mellom 1960
og 1970, frå 1982 til 1984 og frå 1998.
Materialet femnar om vel fire og ein halv
time med opptak av i alt 56 nynorskjournalistar. Lengda på periodane varierer på
grunn av tilgangen på materiale som kunne
samanliknast. Eg har særleg granska avvik
frå læreboknormalen og frå nynorsk stil.
Språkbruken syner utvikling og endring
på fleire plan. Det tydelegaste er at det finst
færrast normbrott i den fyrste perioden og
flest på 1980-talet. Språket har også vorte
meir munnleg i denne tida. Eit visst bokmålspreg finn vi i alle tre periodane. På
1960-talet kunne NRK-folk bruke ord
som tilbørlig, foreløpig, erfaren og øyeblikk.
Samsvarsbøyinga var dei heller ikkje heilt
støe i. Ja, dei fleste typar avvik frå korrekt
nynorsk som vi registrerer i dag, fanst da
au, og eit bokmålspreg var tydeleg. Her
finn vi formuleringar som «presidentens
prinsipielle programsyn» og «ein nobel fredens tenar», attåt s-genitiv ved namn.
Mange vil meine at dette er språkbruk som
peikar i retning bokmål. Bokmålspreget ser
vi au i formuleringar som «dei tunge våpen,
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
å forlate den politiske arena, det mest originale innslag». Det er heller ikkje i tråd med
god nynorsk språktone i dag å fortelje at
«dei slo opp sine telt» eller «ein xx følgde
min gang». Det vart gjort den gongen.
I opptaka frå 1982 til 1984 er dialektpreget tydeleg. På denne tida tok dialektbølgja til å stilne, men ho sette merke etter
seg. På 1980-talet hadde radioen vorte
mindre manusbunden, og meir vart sendt
på direkten – og frå distriktskontor. Dialektpreget viser seg i substantiv- og presensendingar som dykkara, skula; snakka,
meine, og pronomenformer som ka, nåkken og some vart nytta i normert nynorsk
tale. Om lag kvart tredje avvik frå nynorsken i denne perioden kan førast attende til
målføra, og det munnlege preget viser seg
også i at det nesten ikkje fanst manglande
dobbel bunden form. Innslaget av lån frå
bokmålet var au tydeleg, men i større grad
tilpassa nynorsken.
NRK-nynorsken i 1998 inneheld færre
avvik frå nynorsknorma enn i perioden før.
Flest avvik frå norma finn vi i ordtilfanget
og verbbøyinga. Men no er det enda vanlegare å tilpasse låna nynorsken. Vi finn til
dømes ord som forestillingar, samtlege og
forurensa. Vi finn au verbformer som reduserar, endte og svekka, og feil bruk av kjønn,
manglande samsvarbøying osv. – som før.
Den normerte nynorsken er klart mindre
prega av dialekt enn på 1980-talet, men
garpegenitiven («partiet sin politikk») er i
bruk og blir nok verande i den talte nynorsken. Innslag som kan førast attende til
bokmålet, er fleire enn i perioden før. Og
det kan verke som om det nynorske
nyheitsspråket er noko meir skriftprega att.
Kunnskapen om nynorsk ser ut til å ha
vorte svekt frå 1960-talet til i dag. Bokmå-
let har i heile perioden vore ein klar påverkingsfaktor, og det blir spegla i materialet.
Men det som er spesielt interessant å leggje
merke til, er at nynorsken også er styrkt
denne perioden. Det har seg slik: Dersom
ein nynorskbrukar på 1960-talet trødde
utafor nynorsken, gjorde han det «skikkeleg». Berre 11 prosent av dei avvikande
språkfunna frå denne perioden kan knytast
til nynorsken, medan over 21 prosent
gjorde det i 1998 (17 i 1982–84). Haldninga ser ut til å vere at ein skal unngå både
å snakke dialekt og å verke bokmålsaktig.
Ergo gjer ein språket «mest mogleg»
nynorsk.
Sjølv om «forbodne» ord og former blir
behandla meir i pakt med nynorsken no
enn for nokre tiår sia, så har det vorte vanlegare å bryte nynorskreglar. Det vil ikkje
seie at bokmålet har fått større makt. Språkdrag som er tilpassa nynorsken, er i
utgangspunktet avvik frå nynorsknorma.
Men nettopp fordi desse funna jo er tilpassa nynorsken, representerer dei ikkje
noko brott med nynorsken som målform.
Bokmålspreget i stil er au mindre tydeleg
enn det var før. Det kan med tida ha vorte
klarare korleis ein «bør» formulere seg på
nynorsk. Samstundes har dialektbølgja og
utviklinga av radioen som eit direktesendt
medium ført språktonen nærare ein munnleg og mogleg ideell nynorsk stil. Journalistane hadde ein norm- og miljøstyrt lojalitet
til nynorsken utan stort individuelt spelerom på 1960-talet. På 1980-talet ser vi ein
meir individuell og dialektprega språkidentitet. I 1998 lever denne individuelle fridommen side om side med ein styrkt lojalitet til nynorsken, men ikkje nødvendigvis til nynorsknorma.
Mange av dei journalistane som bruker
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
81
nynorsk eller nynorsknære talemål i dei
private kanalane, har bakgrunn frå NRK,
og er vaksne opp med ein nynorsktradisjon
prega av NRK-tradisjonen. Inntrykket er
lell at NRK held seg tettare til rettskrivingsreglane og målgrensene i ordtilfanget enn
konkurrentane.
Haldningar til språket
I samband med det omtalte forskingsprosjektet har eg au undersøkt haldningar til
språk hos redaksjonelt tilsette (journalistar,
vaktsjefar, redaksjonsleiarar osv.) i norske
etermedium. Alle nynorskbrukarar eg
greidde å finne fram til, fekk skjema, og ei
tilsvarande undersøking vart au gjord blant
bokmålsbrukarar.
Spørsmålet var om det er viktig å bruke
nynorsk eller bokmål for dei? Medan kvar
fjerde spurde bokmålsbrukar svarer nei, er
det berre knappe seks prosent av nynorskbrukarane som meiner det same. 88 prosent av nynorskbrukarane svarer ja på
spørsmålet, mot knapt 63 prosent av bokmålskollegaene. Det same skiljet går igjen i
fleire svar. Eg bad informantane ta stilling
til to påstandar. Den eine var «Eg er kry av
å vere nynorsk-/bokmålsbrukar», og dette
var over 75 prosent av nynorskbrukarane
heilt eller ganske einige i, mot 21,6 prosent
av bokmålsbrukarane. På ein påstand om
at identiteten ein har som nynorsk- eller
bokmålsbrukar var sterk, svarte nesten 80
prosent av nynorskbrukarane at dei var
heilt eller ganske einige. 50 prosent av bokmålskollegaene er heilt eller ganske einige
i ein tilsvarande påstand. For nynorskjournalistane er målforma deira noko meir enn
eit kommunikasjonsmiddel, og vi kan sjå
spor av eit såkalla førestelt fellesskap knytt
til bruk av nynorsk. Over 54 prosent av
82
nynorskbrukarane har ei svært sterk eller
ganske sterk samkjensle med andre
nynorskbrukarar i etermedia, medan resultatet på bokmålssida er vel 13 prosent.
I NRK har det sia 1930-talet funnest ei
oppfatning om at ein ikkje skal bruke språket til å provosere, og både nynorsk- og
bokmålsbrukarar har vorte bedne om å
unngå dei mest konservative eller minst
brukte orda og formene i målformene sine.
Denne oppmodinga ser ut til å vere følgd.
I radioinnslaga var det lite konservativ
nynorsk å høre, og haldningsundersøkinga
syner at slik nynorsk ikkje har noka særleg
oppslutning. Journalistane i radio og fjernsyn har oftast eit liberalt språksyn. Åtti prosent ønskjer at norma for talt bokmål og
nynorsk skal vere vid og rettleiande, seksti
prosent er tilhengjarar av tilnærming
mellom bokmål og nynorsk. Like mange
synest ikkje at valfridommen i målformene
er for stor. Eg vil tru at eit slikt språksyn
også har støtte hos eit fleirtal av avisjournalistane.
Talenormering eller ikkje?
Normering av språket på lufta er eit emne
som stadig blir drøfta i NRK, og også kor
langt ein kan gå i retning av dialektbruk i
normert tale. Dette kan eg ikkje gå grundig inn på her. TV2 har vist at det går an å
formidle nyheiter til heile nasjonen på dialekt. Men – det er ikkje alle dialektar som
ville bli akseptert i nyheitssamanheng, og
det som går under nemninga dialekt er ofte
ein såkalla idiolekt, ein personleg og ofte
inkonsekvent språkbruk. Det blir gitt lite
opplæring i normert tale, og evna og lysta
til å lære denne språkvarianten ser ut til å
variere blant nynorskfolk. Det må i mange
tilfelle lærast og øvast inn. Det fører til at
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
når folk med nynorskbakgrunn har høve til
å snakke dialekt, så gjer dei helst det,
medan folk som soknar til bokmålet ofte
friviljug snakkar normert bokmål likevel.
Ein grunn kan vere at dei har dialektar som
dei føler har låg status, ein annan at dei
synest talt normert bokmål er ein god reiskap. Sia mange språkval alt er tatt når ein
held seg til ei talenorm, kan ein konsentrere seg meir om innhaldet. Men da forsvinn samstundes noko av «sjela» og særpreget, og det individuelle og personlege er
i mange samanhengar viktigare for folk i
dag enn før. Men også uavhengig av individualiseringa i samfunnet i vår tid veit vi kor
nært knytte til kvarandre språk og identitet
kan vere. For mange journalistar kan det
kjennast vanskeleg å skifte til ei normert
måldrakt, og derfor vegrar dei seg for å
gjere det.
Sylfest Lomheim skil mellom nærspråk
og fjernspråk, to variantar av normert talespråk. Fjernspråket er meir formelt og stivt,
og kan for eksempel finnast i nyheiter.
Nærspråket er meir uformelt og spontant.
Det nynorske mediespråket treng båe delar,
og no har nærspråket fått utvida bruksområde. Attåt å kunne bruke dialektnær
nynorsk når dei snakkar fjernspråk, bør
journalistar i etermedia kunne bruke
nynorsknær dialekt når dei bruker nærspråk. Det siste vil seie at ein støttar seg
bevisst til nynorsken når ein snakkar talemålet sitt. Nynorsk er elles godt utvikla
som nyheitsspråk, og kan somme gonger
bli oppfatta som «sjølvaste nyheitsspråket».
Det er uheldig for målforma at ho blir etter
måten lite brukt i nærspråksvarianten i
etermedia – i underhalding, barne- og ungdomsprogram og i sportsdekninga, og som
fjernspråk i økonomijournalistikk. Og kor
er den kule og tabloide nynorsken i media?
Han trengst, og finst sikkert, men kan vere
vanskeleg å få auge på.
Nynorsk som mediespråk
Det å høre til eit språkleg mindretal kan gje
eigne perspektiv, og språket kan i seg sjølv
også farge det ein formidlar, varsamt – bokmål like mye som nynorsk. Dei kvalitetane
som nynorsken ber i seg, språklege som
meir symbolske, blir ein del av formidlinga. Ein mindretalsposisjon kan føre til
eit sterkt indre samhald, og språkbrukarane
kan utvikle eit nært forhold til målforma si.
Båe delar kan vi sjå hos nynorskbrukarar.
Mange nynorskbrukarar i media arbeider med stoff som er på bokmål, har
knappe leveringsfristar og er ikkje vane
med eller ser seg tid til å bruke ordboka.
Mange arbeider dessutan i eit bokmålsdominert miljø, og kan kjenne seg ustøe i
nynorsken. Dette kan vere med på å gjere
arbeidskvardagen krevjande for dei. Det vil
ikkje seie at dei er dårlegare journalistar
enn kollegaer som bruker bokmål. Ein fordel med å måtte arbeide ekstra med kjeldespråket, kan vere at ein da set seg betre inn
i sakene. I tillegg har nynorsken ein styrke
ved å vere konkret og med stor bruk av
verb, og setningsutforminga er munnleg.
Det har au vore strid om korleis målforma bør vere. Dette er ikkje merkeleg sett
i lys av dei sterke kjenslene mange har til
nynorsk. Og talet på brukarar av eit språk –
eller andre fenomen – hemmar ikkje moglegheita for at folk er ueinige. Nynorsken i
media lever dessutan i grunnen delvis uavhengig av nynorsken. Ja, det er ikkje alt
som er vedtatt som «rett» nynorsk som får
innpass i media, og innarbeidde ord og
uttrykk i media får ikkje alltid plass i
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
83
nynorsken. Dersom avstanden mellom
praksis og norm i den nynorsken vi møter
i media blir for stor, kan banda til nynorskreglane bli svekte. Dersom for eksempel
innarbeidde valfrie former blir fjerna, er
det liten grunn til å tru at dei blir borte frå
lufta. Det ligg ikkje i tida dette med å følgje
eller innføre pålegg og reglar. Og nettopp:
Dei formelle posisjonane nynorsken har
fått gjennom politiske vedtak kan bli
endra, og det kan gjere at nynorsken ikkje
blir tolt lenger på stader der han finst no.
Det treng ikkje skje, men kan gjere det. I
så fall kan nynorskbruken i media bli meir
avhengig av enkeltindivid, av sterk vilje,
kjendisstatus osv. Ein annan ting må nemnast – det finst mange avisjournalistar som
gjerne hadde brukt nynorsk om dei hadde
fått lov til det. Og enda fleire kunne det ha
vore. Den sterke bokmålstradisjonen i
enkelte viktige aviser, og den statusen desse
avisene har, gjer at mange journalistar slår
seg til ro med at dei må bruke bokmål om
dei skal arbeide nettopp der.
Klagar mange på nynorsken, da? Nei,
ein kan nok ha fått inntrykk av det, men
det er for eksempel nesten ingen som kontaktar NRK for å klage på nynorsken! I
2003 og 2004 kom det berre 74 klager til
marknads- og publikumsavdelinga i NRK
der nynorsk er nemnt. Klagene gjeld for lite
bruk av nynorsk, nynorskfeil, blanding av
bokmål og nynorsk og så vidare, og somme
har også fått det for seg at det er for mye
nynorsk i NRK. Klagetalet ser ut til å ha
vore jamt frå 2000 til no, og klagene gjeld
alle medium NRK bruker – Internett,
tekst-tv, radio og fjernsyn. Når ein tenkjer
på kor mange det er som følgjer med i tilboda til NRK, må ein seie at dette er lite.
Vi kan sjå noko oi-ing og akking i avisene
84
også, og må hugse at somme ser som ei
oppgåve å arbeide for at det skal finnast
minst mogleg nynorsk i verda. Idealet om
toleranse stoppar tydelegvis for somme ved
nynorsken. Mye av motstanden mot
nynorsk kan elles bli forstått som eit utslag
av såkalla naboopposisjon – dei som står
ein nærast, er dei ein lettast ønskjer å vise
avstand til.
Klaging og kritikk er noko nynorsken
og nynorskbrukarane ser ut til å måtte leve
med. Men båe delar lever. Nynorsk er like
eigna til å bli brukt i media som andre
språk, og følgjer dei same lovene som andre
språk. Det treng bruk for å utvikle seg. Det
blir brukt, og brukarane liker det. Meir skal
ikkje til for at nynorsken skal klare seg, på
lufta som på trykk.
Jon Peder Vestad er høgskulelektor ved
Avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda.
Kjelder:
Almenningen, Olaf og Åsmund Lien: Striden for
nynorsk bruksmål. Det Norske Samlaget 1978
Fauske, Brynjulv: Fra Oslo Kringkasters historie.
Oslo 1969
Dahl, Hans Fredrik: Hallo-hallo! Kringkasting i
Norge 1920–1940. J.W. Cappelens Forlag AS, Oslo
1975 (1999)
Dahl, Hans Fredrik og Henrik Grue Bastiansen:
Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. J.W.
Cappelens Forlag AS, Oslo 1999
Grepstad, Ottar: Nynorsk faktabok. Nynorsk
Forum, Oslo 1998
Håland, Per: Den nynorske pressa. Frå Målreising i
75 år. Fonna Forlag, Oslo 1981 (s. 408–441)
Lomheim, Sylfest: Språket i radio og fjernsyn. Frå
Egil Børre Johnsen (red.): Vårt eget språk. Bind 1.
Aschehoug, Oslo 1987 (s. 295–305)
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Natvik, Oddvar: Nynorsken i kringkastinga før krigen. Frå Målreising i 75 år. Fonna Forlag, Oslo
1981 (s. 442–454)
Nedrelid, Ola Normann: Nynorsken i kringkastinga etter krigen. Frå Målreising i 75 år. Fonna
Forlag, Oslo 1981 (s. 455–465)
Rommetveit, Magne: Nynorsken og kringkastinga.
Frå Ivar Eskeland (skriftstyrar): Halvtanna hundreår med Ivar Aasen. Noregs Mållag, Bergen/Oslo
1964 (s. 129–146)
Sande, Øystein: Aviser på nynorsk. Arbeidsrapport.
Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet Nr. 9. Høgskulen
i Volda, Volda 2000
Sandøy, Helge: Talenorm i NRK. Frå Ruth Vatvedt
Fjeld/Boye Wangensteen (red.): Normer og regler.
Festskrift til Dag Gundersen. Nordisk forening for
leksikografi, Oslo 1998 (s. 158–170)
Sandøy, Helge: Landsdelsnormer. I Alsnes, Randi
(red): Nynorsk normert tale. Kringkastingsringen,
Oslo 1998 (s. 42–55)
Skjerdal, Terje S.: Meir nynorsk i avisene. Kringkastingsringen 2005
Diverse brev om forbodet mot teksting på nynorsk
i TV2
E-brev frå Gunn Helen Berg, Marknads- og kommunikasjonsavdelinga i NRK (Mo i Rana),
8.12.2004
Opplagstal:
www.mediebedriftene.no/novus/upload/file/avis/m
arked/opplagstall/2003/opplag_2003_alfa.pdf
Notar:
1 Øystein Sande: Aviser på nynorsk. Arbeidsrapport. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet. Høgskulen
i Volda, Volda 2000.
2 Per Håland: Den nynorske pressa. I Målreising i
75 år. Fonna Forlag, Oslo 1981 (s. 408-441)
3 Sande s. 96
4 Dahl 1975:297-299
5 Dahl 1975:304
6 Natvik 1981: 452
Vinje, Finn-Erik: Talemålsnormering i NRK. Frå
Ruth Vatvedt Fjeld/Boye Wangensteen (red.): Normer og regler. Festskrift til Dag Gundersen. Nordisk
forening for leksikografi, Oslo 1998 (s. 143–157)
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
85
Anonym nynorsk lyrikar søkjer publikum
Arne Hjeltnes
Då eg byrja på Bedriftsøkonomisk Institutt
(BI) i Bærum i 1982 venta eg meg eit snobbete vestkantmiljø, der nynorskbrukarar
kanskje ikkje stod i sentrum. Eg tok feil. BI
var på den tida, som no, ein institusjon der
økonomiinteressert ungdom frå heile landet søkte saman. I gangane på skulen
kunne ein høyra så å seia alle dialektar.
Kvar du kom ifrå var ein svært viktig del av
identiteten din. Det var litt som i den gode,
gamle Stompa-serien.
Eg hadde før dette så vidt sysla med heimelaga lyrikk til husbruk utan særleg større
ambisjonar enn å mora meg sjølv. Miljøet
på BI, med ei særs oppegåande studentavis,
Inside, spora meg til å presentera det eg
hadde for eit ljos levande publikum. Fyrst
sende eg inn dikta mine anonymt (eg la dei
ein sein kveld i forslagskassa). Då dei kom
på trykk og fekk god respons, stod eg fram.
Etter det hadde eg ei fast spalte i avisa og
gjekk under namnet «lyrikaren». Eit særs
godt kallenamn å ha i eit elles tal- og rekneskapsorientert studentmiljø.
Alle som skifter miljø eller dreg ut i den
store verda, ynskjer å finna sin plass og vera
synlege. For meg vart mine nynorske dikt
ei opning til større tru på meg sjølv, og
86
ikkje minst skrivinga mi. Nokre som drog
ut, hamna i miljø der dei skjulte både dialekt og skriftspråk. Eg må nok vedkjenna
at det sikkert kunne ha hendt med meg òg.
Særleg viss dikta ikkje hadde slått an. Men
den tydelege profilen som «lyrikaren»
gjorde at det aldri vart aktuelt å snika seg
inn i dei bokmålskrivande sine rekker. Eg
er sjølvsagt takksam for at miljøet var så
«fleirkulturelt» og ope. Mange trur kanskje
ikkje det om BI. 10 år seinare kom dikta
mine ut på Det Norske Samlaget og gjorde
det bra, sjølv i tunge bokmålsmiljø.
Bortsett frå 3 år som tekstforfattar i
reklamebransjen, der eg laut skriva bokmål
(i arbeidstida), har eg aldri fått negative
reaksjonar på nynorsken min. Eg er klar
over at eg har vore heldig, sidan eg er ein
kjend nynorskbrukar, og at bokmålsfolk
ville verta overraska viss eg skulle skriva til
dei på noko anna enn nynorsk. Men alle
kjende nynorskbrukarar har ein gong i tida
vore heilt ukjende nynorskbrukarar. Det
viktigaste er sjølvsagt kva du har å seia,
men det vert ikkje betre på bokmål.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Foto: Helge Tennø
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
87
Ein retrospektiv morgonkåsør
Ola Jonsmoen
Den tid laurdagskåseriet varte i 15 minutt,
og eg utan tanke på protest måtte normalisere alvdalsdialekten til radionynorsk, var
det ærefullt å vere kåsør i NRK. Radioforedraget var sant nok eit hakk høgare på
prestisjestigen, men 15 samanhengande
minutt utan det minste innslag av musikksnuttar var heller ikkje å forakte. Tida gav
høve til å forfølgje ein tanke, finne innsmett for parentesar og digresjonar, og
dessutan utvikle resonnement som ein iallfall kunne drømme om skapte ettertanke
utover dei minutta ein var på lufta. Det tok
lang tid før eg fekk meg til å bryte konvensjonen for talt nynorsk med visse innslag av
dialekt. Først fleire år seinare, da laurdagskåseriet var borte, men ein kåsør framleis
hadde fem minutt kvar dag i seks dagar på
seg til å gjere seg attkjent for radiolyttarane,
lurte eg inn monoftongar for liksom å signalisere at Østerdalen også er ein del av
Noreg.
Men det var framleis normalnynorsk eg
brukte. Regimet var strengt. Hartvig Kiran
var, som folk framleis veit, ein språkmeister, og han likte å halde andre som våga seg
inn i rikskringkastinga, i øra. Folk i radiohuset på Marienlyst, der ein måtte møte
opp og snakke inn kåseriet, poengterte
med stor sjølvkjensle at ein måtte hugse det
var snakk om riks, altså ikkje distrikts, eller
lokalt, men nasjonalt. Jamvel ein kåsør var
88
ein slags nasjonsbyggar og med i den store
kulturdugnaden radio utgjorde for å binde
landsdel til landsdel.
Harvig Kiran var forresten påpasseleg
på andre vis også. Eg måtte sende inn
manus på førehand, og det skulle ikkje vere
mye slinger i valsen før han greip til pennen og irettesette ein flåkjefta kåsør. Eg går
ut frå at Arthur Klæboe og andre av dei
gamle tråvarane vart mindre påpassa, og
med tida vart dei ansvarlege meir slepphendte også andsynes meg. Med eitt unntak minnes eg ikkje ein einaste merknad.
Men den eine har eg ikkje glømt, fordi eg
der, utan sjølv å fatte det, må ha trødd på
noe som for Kiran nærast var heilag grunn.
Samanhengen hugsar eg ikkje i detalj, men
eg brukte striden for å få til eit museum på
Hamar i huset der Kirsten Flagstad vart
fødd, som eit poeng. Kirsten Flagstad var
eit verdsnamn alle andre stader enn på
Hamar, og den nærsynte debatten der i
byen fekk folk langt utanom Hedemarken
til å spisse øra, for folkemeininga var delt,
og politikarane i byen hadde ikkje nødvendig sans for offentleg kulturvern. Men i
siste minuttet gjekk det i orden. Slik er det
med hedmarkingar frå breibygdene, dei har
spekulativt lang lunte, som detonerer
akkurat tidsnok i siste sekundet. Kirsten
Flagstad fekk sitt museum med eit skrik, sa
eg. Det måtte eg ta ut. Ikkje eingong i eit
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
fastuttrykk kunne ein kåsør tillate seg å
røre ved vår store primadonna. Og iallfall
ikkje ymte om at hennar kunst kunne
minne om skrik.
Kiran meinte vel eg underbygde ei folkeleg oppfatning av at opera var skrikande
opplevingar for alle andre enn kultursnobben, medan dei på si side alltid let si forakt
gå ut over Drømmen om Elin og trekkspelmusikk. Dessverre fekk eg aldri høve til å
krangle skikkeleg med Hartvig Kiran om
«skriket» i min flagstadkontekst, enda eg
møtte han ofte, mellom anna i Norsk kulturråd. Det kunne ha vore moro å analysere gammaldans i musikalsk perspektiv,
ikkje bare med Jularbo som eksempel, men
kanskje enda meir med utgangspunkt i ein
dansesymfonikar som Bolstad og hans
Fagre Stryn.
For meg var det ei frigjering å få bruke
alvdalsdialekten, og samtidig vise at ein
kunne normalisere mot nynorsk i staden
for mot bokmål når ein hadde trong til å
gjere seg finare enn ein var. Men den største frigjeringa var nok å få leike med fordomane som eksisterte og enno eksisterer mot
bygdenorsk røynd og bygdenorsk verdsoppfatning. Verda er ikkje mindre om ein
sit i ein såkalla utkant og ser henne derfrå.
Provinsialismen er ikkje meir eit bygdefenomen enn eit byfenomen. Eg syns kanskje
eg har møtt meir trongsynt fordom i
såkalla urbane miljø, men eg veit auga som
ser og øret som hører og huet som tar imot,
er faktorar som legg føringar for vurderinga.
Det mest givande med å vere radiokåsør var alle dei innspel ein fekk frå lyttarane. Eg fekk telefonar om tema eg burde
ta opp neste morgon. Folk tenkte ikkje på
at opptak alt var gjort. Det var langt frå
nord i Østerdalen til studio, og ein eg
møtte ein time eller så etter morgonkåseriet hadde gått på lufta, meinte eg kjørte
for fort etter vegane som alt var heime att
så snart etter at eg måtte ha vore ein eller
annan stad og i radio. Kåsør og publikum
hadde eit truskyldig og rimeleg forhold til
mediet. Men brev fekk eg, og eg såg som
regel på skrifta korleis innhaldet var, surt,
fordømande med spisse bokstavar, eller
blidt og assosiasjonsrikt. Det hendte nok
nynorsken var sjølve åtaksvinkelen, men
hovudsaka var i regelen ei anna; anten var
eg for gudlaus, eller for sexifisert. Det er
rart som visse ting heng i hop.
Det var fint å vere talemålsutstyrt radiokåsør. Enda i dag kjem det folk og seier at
dei hugsar meg frå radio, kjenner att
stemma og ordleggingsmåten, skiftinga
mellom humor, toleranse, ironi og naturlyrisk sentimentalitet. Seier dei. Eg er ikkje
alltid sikker på om det er meg dei meiner,
eller blandar meg saman med andre kåsørar. Men det gjer same nytta, bare dei syns
det dei hører er godt og gjer godt.
Dei første opptaka var forresten ikkje
studioproduksjonar. Redaktør Olav Kvikne i avisa Fjell-Ljom på Røros gjorde
teneste som medarbeidar i NRK, og var
teknisk ansvarleg i fjellregionen attpå.
Opptak vart utført i andre høgda over telefonsentralen på Røros, og slik det er i
gamle trehus går lyden i veggene som mus
i låve. Medan eg prøvde å leike med ord på
lydband for Norsk Rikskringkasting,
snakka Brekkenkjerringar på besøk på
«Sta’a» med slektningane sin i Glåmos om
Rørosku og fôrmangel. Eit venleg akkompagnement som perfeksjonismen har røva
frå lydbildet i NRK.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
89
Meir nynorsk i avisene
Terje S. Skjerdal
Ein skulle kanskje tru at det er mindre
nynorsk i avisene i dag enn for 50 år sidan,
men det stemmer ikkje. Heller tvert om.
Både i nasjonale og lokale aviser er det meir
nynorsk enn det truleg har vore nokon
gong før. Talet på nynorskaviser er høgt, og
nynorskskrivande journalistar markerer seg
ikkje berre i lokalaviser, men òg i riksavisene. Nokre unntak er det sjølvsagt, og dei
er vesentlege. VG, Dagbladet og Aftenposten tillet vanlegvis ikkje nynorsk på redaksjonell plass. Men – som me skal peika på
snart – dei slit med argumentasjonen og
har mange folk mot seg. Det er nynorskavisene som er i vinden. Men først nokre
nakne fakta.
Nynorsk i 87 aviser
45 reine nynorskaviser finst det i Noreg i
dag (tabell 1). Dette talet har halde seg forholdsvis stabilt dei siste 30 åra. Det er særleg lokalaviser og fådagarsaviser som er på
nynorsk. Den største er Firda med 13 247
eksemplar – den kjem ut kvar dag. Utgjevarstad er nynorskbyen Førde.
Når 45 av totalt 225 aviser kjem på
nynorsk, vil det seia at kvar femte avis i
Noreg er redigert på nynorsk. Men
opplagstalet for desse avisene er forholdsvis lite. Av totalopplaget på 3 millionar
eksemplar er det berre 172 800, eller litt
mindre enn 6 prosent, som kjem på
90
nynorsk (2004-tal). Store delar av det norske folket har ikkje tilgang på ei rein
nynorskavis.
Stoda er ei anna dersom me tek med dei
språkkløyvde avisene – dei som tillet både
bokmål og nynorsk. 42 slike aviser er det,
og dermed aukar totalopplaget på nynorskaviser og språkkløyvde aviser til 27 prosent.
Rett nok er dei språkkløyvde avisene dominerte av bokmål, men nynorsken i somme
av desse avisene er godt synleg.
Opplagsutviklinga for norske aviser
etter 2000 viser at lokalavisene vinn terreng, medan dei nasjonale avisene taper.
Dei som taper mest er tabloidavisene VG
og Dagbladet, samt Aftenposten (både morgonutgåva og ettermiddagsutgåva). Dei
store bokmålsavisene strevar, medan
nynorskavisene er i medvind.
Fordi nynorskavisene er små og utsette,
kvalifiserer dei nesten alltid til statleg produksjonstilskot, populært kalla pressestøtte. 63 nynorskaviser eller språkkløyvde
aviser fekk pressestøtte i 2004; totalt 112,2
millionar kroner. I heile landet er det 135
aviser som får pressestøtte (247 millionar
kroner).
I det siste har det vore diskutert om det
skal følgja eit språkkrav med pressestøtta.
Må aviser som mottek statsstønad ha ein
viss prosent nynorsk, eventuelt godta at
journalisten sjølv får bestemma kva mål-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
form ho vil skriva? Redaktørane Hilde
Sandvik og Marit Eikemo i Syn og Segn tok
til orde for dette i 2004. Noregs Mållag har
diskutert saka fleire gonger. Så tidleg som i
1980 var saka på bordet, kanskje før. I målrørsla er det ulike meiningar. Somme er
skeptiske til å påtvinga nynorsk i pressa,
som tradisjonelt er den mest frie av basismedia aviser, radio og fjernsyn. Men då
pressestøtta vart innført i 1969, var det i
alle høve eit viktig argument for enkelte at
den kom til å underbyggja nynorskavisene.
Osmund Faremo (Ap), stiftaren av Løvebakken Mållag i 1974, argumenterte slik.
Dagen, Klassekampen,
Nationen og Vårt Land
Denne artikkelen skal handla mest om
språket i riksavisene. Me skal sjå nærare på
nokre av riksavisene som tillet nynorsk –
Dagen, Klassekampen, Nationen og Vårt
Land1. Det er nok ikkje tilfeldig at det er
nett desse såkalla meiningsberande riksavisene som har den mest opne haldninga til
nynorsk av dei landsdekkjande avisene.
Alle dei fire avisene har på ulike måtar idealistiske røter, og dei er kjende for å forsvara minoritetsinteresser og gjerne stå
imot populære meiningar. Dei legg vekt på
meining og debatt. Alle skal koma til orde
i avisa, i alle fall i prinsippet. Dessutan markerer journalistane seg tydelegare enn i
mange andre aviser, og det skjer ikkje berre
gjennom kommentarspaltene, men òg ved
at dei får dekkja sine særlege interessefelt.
Denne opne haldninga til meiningsmangfald og individuell fridom kan i nokon
mon forklara kvifor det er sjølvsagt for dei
meiningsberande riksavisene å fremja
nynorsk i spaltene.
Så kan ein spørja seg: Er det ikkje først
og fremst fråveret av økonomiske drivkrefter som forklarer kvifor meiningsavisene
torer å sleppa til nynorsken? Dei er trass alt
ideologiske faneberarar og kan ikkje lata
økonomiske interesser styra innhaldet.
Men faktum er at òg meiningsavisene er
styrte av opplagstalet. Og lesarmassen til
desse avisene er slik samansett at den vil ha
nynorsk i avisa! Ikkje berre vestlendingar –
som rett nok er overrepresenterte i lesarskaren til dei meiningsberande riksavisene
– men òg mange andre av dei faste lesarane
vil ha nynorsk. Dette kjem tydeleg fram i
lesarbrevspaltene. Det er faktisk ikkje særleg kontroversielt for meiningsavisene å ha
ein viss nynorskprosent.
Kor mykje nynorsk er det eigentleg i
desse avisene? Ikkje så mykje som ein kanskje skulle tru. Nynorskdelen er på mellom
7 og 12 prosent; mest i Dagen, minst i Klassekampen og Vårt Land. Omtrent berre
kvar tiande artikkel er på nynorsk. Likevel
trur eg folk har inntrykk av at det er meir
nynorsk enn det. Det kan skuldast at ein
har lettare for å leggja merke til det som
avvik frå det normale, og såleis gjer nynorskartiklane meir «vesen» av seg enn bokmålsartiklane.
Faktum er at det er meir nynorsk i avisene enn statistikken syner. Tabellen viser
berre kor mange artiklar det er på kvar målform, men nynorskartiklane er generelt
lengre enn bokmålsartiklane. Mykje av
stoffet på bokmål er korte NTB-notisar; i
enkelte aviser utgjer dette så mykje som 1/3
av artiklane. Nynorskartiklane er som regel
skrivne av journalistar i redaksjonen, og
gjerne presenterte på heilside med bilete til.
I éi utgåve av Vårt Land var det til dømes ti
artiklar på nynorsk som tok heile ni sider
av avisa.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
91
Målsak og lokalstoff på nynorsk
Nynorskprosenten i dei meiningsberande
riksavisene – bortsett frå Dagen – har auka
monaleg sidan 1950. Når me òg veit at
nynorskartiklane (reportasjane) i dagens
aviser tek mykje større plass enn før, og
utkonkurrerer bokmålsnotisane frå NTB,
kan me slå fast at det aldri har vore så
mykje nynorsk i riksavisene som i dag. I tillegg til dette kjem dei tradisjonelle bokmålsavisene som dei siste åra har vorte
«liberale» og opnar for ein nynorskartikkel
i ny og ne. Dette siste slår sjølvsagt ikkje ut
på statistikken, men det vert lagt merke til,
og det er eit viktig signal om at det er meir
aksept for språkmangfaldet no enn før.
Interessant er det òg å studera kva stoff
som har vorte dekt på nynorsk i historisk
perspektiv. Det synest klart at dagens aviser nyttar nynorsk til langt fleire stoffområde enn før. Bioteknologi, utanriks, Stortinget, finnmarkslova – alt duger på
nynorsk i 2005. Slik var det ikkje i 1950.
Då var det særleg målsak, familiestoff og
lokalnytt som vart skrive på nynorsk. Ein
tittel frå Dagen illustrerer dette: «Det fyrste
offentlege opptaket til norsk målgransking»
(kronikk i Dagen 29. juni 1950).
Bergensavisa Dagen kan høva som eit
typisk døme på skiljet mellom bokmålsstoff og nynorskstoff: Spalta «Bondeliv og
bondeyrke» inneheldt mange artiklar på
nynorsk i 1950. Dessutan kom hjartesakene til Dagen ofte i nynorsk språkdrakt,
til dømes i spalta «Kristenfronten». Til og
med stortingsstoff kunne dukka opp på
nynorsk når det handla om viktige saker
for redaksjonen, som referatet «Stor debatt
i Stortinget om samfunnshus og alkohol»
(Dagen 29. juni 1950). Men mykje av det
92
andre nasjonale stoffet vart henta frå NTB,
og dermed publisert på bokmål. Utanriksstoff like eins. Det kan synast som det nære
og kjærlege ofte stod på nynorsk, medan
det distanserte og offisielle stod på bokmål.
Familiestoffet er eit kapittel for seg. I
spalta «Familienytt» var det mykje nynorsk
i Dagen i 1950, og slik var det i 1980, og
slik er det i dag. Like eins i dei andre avisene som er undersøkte (utanom Klassekampen, som aldri har hatt noka familiespalte). Og det er naturlegvis på dette feltet
hjartespråket til folk kjem fram. I personaliaspaltene er det konsekvent meir nynorsk
enn i resten av avisa. Mange med meg har
sikkert undra seg over kor mange nynorskfolk som døyr i dette landet – dødsannonsane i Vårt Land, Stavanger Aftenblad og
mange andre aviser er ofte på nynorsk,
sjølv om mykje av avisa elles er på bokmål.
Også i lesarbrevspaltene er det meir
nynorsk enn elles i avisa. Dette gjeld både i
meiningsavisene og regionavisene. Lesarane verkar til å vera meir nynorskorienterte enn redaksjonen.
Nynorskdreiing i Nationen
Oslo-avisa Nationen var ikkje nokon
nynorskbastion i 1950. Knapt tre prosent
av artiklane i utvalet vårt (10 av 342) var
på nynorsk. Det er ikkje mykje for ei avis
som òg i den tida hadde som mål av seg å
vera ei distriktsavis. Til og med landbruksstoffet var på bokmål. At avisa var heimehøyrande i Oslo, er tydeleg. Det underlege
er at avisa elles gjev inntrykk av at den skal
vera for heile landet. I «Nationen og Bondepartiets jubileumsuke» i november 1950
var det helsingar frå nord og sør, aust og
vest. I ei utgåve var ein tredel av helsingane
på nynorsk! Det er tydeleg at redaksjonen
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
ikkje var i takt med lesarane i språkpraksisen sin. Ironisk nok skriv Aslak Djuve, fylkessekretær i Telemark Bondeparti, i helsinga si: «Nationen er nøytral når det gjeld
målsaka, og gjev ’livsrom’ for båe dei offisielle målføre i landet vårt.» (Nationen 7.
november 1950). Men det er ikkje mykje
livsrom å spora i utvalet til denne studien,
i alle fall.
Det seier sjølvsagt sitt om levekåra til
nynorsken i avisene på 1950-talet når det
var eit honnørord at ei avis var «nøytral» i
målsaka. Særleg galdt nok dette Oslo-avisene, der bokmålet var så å seia einerådande. Avisene på den tida – sjølv dei
landsdekkjande – var meir knytte til utgjevarstaden enn dei er i dag.
I dag står det annleis til i Nationen. I så
å seia kvar avis er det nynorsk. Ofte er leiarartiklane på nynorsk. «Me vil gjerne ha
meir nynorsk,» uttalar redaktør Tove Lie
når ho vert spurt om språkpolitikken til
avisa. Ho stadfestar at det tel positivt for
ein jobbsøkjar om han eller ho skriv
nynorsk. Slik var det neppe på 1950-talet.
Så seint som i 1989 var det ikkje nokon
pluss at ein jobbsøkjar til Nationen skreiv
nynorsk. «Nei, ved tilsetjingar går me etter
andre journalistiske kriterium,» slo ansvarleg redaktør Osvald Magnussen fast då
(Eide, 1989).
Tilfeldig språkpolitikk
Kor medvite er det eigentleg når nynorskprosenten aukar i avisene? For å seia det
rett ut: Det ligg neppe nokon medviten
strategi bak. Dei omtala avisene snakkar
fint om målsaka, men i røynda er nynorskprosenten avhengig av korleis redaksjonen
er samansett. Og redaksjonssamansetnaden
er bestemt av heilt andre faktorar enn mål-
form. Når det er forholdsvis mykje nynorsk
i Vårt Land i dag, skuldast det at tre av dei
faste journalistane skriv mykje nynorsk:
Bjørgulv Bjaaen, Johannes Morken og Alf
Kjetil Walgermo. I 1980 skreiv ingen av
journalistane i Vårt Land nynorsk; så vart
det heller ikkje meir nynorsk i avisa enn det
som kom i lesarbrevspalta. Dersom Vårt
Land hadde meint noko med språkpolitikken sin, hadde avisa sjølvsagt hatt ein og
annan leiarartikkel på nynorsk.
Like eins med Nationen: Når det er
mange leiarartiklar på nynorsk, er det fordi
mannen som skriv dei fleste leiarartiklane
er tospråkleg – Alf Skjeseth. Hausten 2005
går han over til Klassekampen, og dermed
går nynorskprosenten opp også der.
Og Dagen: Noko av grunnen til det
store nynorskinnslaget på 1980-talet var
den profilerte nynorskredaktøren Arthur
Berg og landsmålshøvdingen Ludvig Jerdal. Utan dei hadde det stått smått til.
Språksituasjonen i dei meiningsberande
riksavisene er såleis ikkje nødvendigvis
medviten, men tilfeldig og personavhengig. Samstundes er det eit teikn i tida
at journalistane kjenner seg meir frie til å
skriva det målet dei vil, og dei skriv nesten
kva som helst på nynorsk. Men eitt unntak
er det: sport.
Sport – berre på bokmål
I undersøkinga til dette festskriftet – som
omfattar fleire enn 5000 artiklar – finst det
knapt ein einaste sportsartikkel på nynorsk.
Unntaket er eit par mindre sportsevenement på Mørekysten som har fått nokre få
spaltemillimeter i Sunnmørsposten.
Sport skjer altså ikkje på nynorsk. Det
er uvisst kvifor det er slik, men nokre forklaringar kan synast rimelege: For det før-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
93
ste er sportsspråket vanespråket framfor
noko. Sport skjer fort og kjapt, og det er
lett å ty til klisjear. Det finst heller ikkje så
mange tydelege førebilete mellom nynorske sportskommentatorar på fjernsynet
eller i radioen, så skribenten har inga
stemme å høyra i bakgrunnen dersom han
vil skriva på nynorsk. For det tredje er ein
sportsreportasje ei mindre intellektuell
øving enn til dømes ein kulturreportasje.
Motstanden som skribenten gjerne vil ha i
ein kulturartikkel, er uynskt i ein sportsartikkel. Den vesle motstanden som ligg i
eit «ikkje», kan vera nok til å bli diskvalifisert på sportssidene. Og sist kan me kanskje forklara nynorskallergien i sportsredaksjonen med profilen på lesarane: Sportsinteresserte (som ifølgje undersøkingar
utgjer om lag 1/3 av avislesarane) viser seg
å vera generelt mindre boklege enn andre
lesargrupper når ein freistar å kartleggja
desse. Jamfør redaktør Per Egil Hegge når
han skal forklara kvifor ei anna gruppe, dei
kulturinteresserte, ikkje reagerer negativt
på at det frå tid til anna er nynorske bokmeldingar i Aftenposten: «Folk som er
interesserte i kultur har då ingenting imot
nynorsk.» Underforstått: Andre grupper
har det.
Nynorsk i Aftenposten
Så er det nemnt: Det har så smått byrja å
dukka opp nynorskartiklar også i dei store
riksavisene – både i VG, Dagbladet og
Aftenposten. For Aftenposten sin del er det
stort sett på kultursidene. Eit par av dei
faste bokmeldarane skriv nynorsk, og det
hender at det dukkar opp ei og anna bokmelding frå den redaksjonelle staben òg på
nynorsk, men då berre dersom boka er
skriven på nynorsk. Dette er for så vidt
94
ikkje nytt; alt på 1960-talet skreiv Per Egil
Hegge og andre skribentar bokmeldingar
på nynorsk.
24. januar 2001 var ein historisk dag
for Aftenposten: Avisa hadde på prent sin
første leiarartikkel på nynorsk. Det var ein
heidersartikkel i samband med 150-årsdagen sidan Arne Garborg var fødd. Det var
ikkje sensasjonelt at Aftenposten gjorde
dette, men mange vart nok litt overraska
likevel. Leiarartikkelen var eit typisk døme
på eit journalistisk grep der forma (presentasjonen) støttar opp under innhaldet. Kreativt, men forholdsvis ukontroversielt. Og
leiaren var velskriven. Det skulle berre
mangla. To av redaktørane i avisa, Per Egil
Hegge og Harald Stanghelle, har nynorskbakgrunn.
Interessant var det å sjå på reaksjonane
på leiaren. Av positive reaksjonar var det
mange, av negative svært få. To er kjende:
Den eine kom frå Bokmålsforbundet, den
andre frå Dagbladet. Dagbladet hengde ut
Aftenposten i sin eigen leiarteig dagen etter.
Aftenposten svara med at det var eit surt
oppgulp frå ein konkurrent som var snurt
fordi dei ikkje kom på same ideen sjølv.
Saka er nok at tida var svært mogen for
å skriva ein leiarartikkel på nynorsk. Ingen
kom til å reagera negativt, og om det var
nokon, kom dei til å setja seg sjølv i eit dårleg lys. Såleis er tida. Språkstriden er forbi.
I det avslappa klimaet som rår kan ein vera
raus med «motparten», og nokon provokasjon mot bokmålet er det uansett ikkje å
setja på trykk ein nynorsk leiarartikkel når
ein nynorskhøvding ein sjeldsynt gong har
åremålsdag. Det same kjem truleg til å skje
5. august 2013, på 200-årsdagen til Ivar
Aasen. Men det verkar samstundes klart at
Garborg-leiaren ikkje kunne ha stått på
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
trykk for 20 år sidan, i Egil Sundar si
redaktørtid. Noko har skjedd – både i samfunnet og innetter i redaksjonen.
Motstand i VG og Dagbladet
I jubileumsåret til Kringkastingsringen har
Noreg sett den største nynorske medieaksjonen nokosinne: aksjonen for å få
nynorsk inn i VG og Dagbladet. Aksjonen
byrja på landsmøtet til Noregs Mållag i
april 2005. Oppslutnaden har vore formidabel. Journalistar, kulturfolk, fotballspelarar og statsrådar – alle vil ha nynorsk i VG
og Dagbladet. Over 30 000 har skrive
under så langt. Men redaktørane er ikkje til
å rikka. Språket til tabloidavisene er og skal
vera bokmål, punktum.
Lat oss sjå litt på argumentasjonen. Kvifor vil dei ikkje ha nynorsk? «Vi ser tydelig
vår politiske rolle, og har valgt å legge oss
på en konsekvent linje; et moderat bokmål,» seier Bernt Olufsen, sjefredaktør i
VG. «Det må vera orden på språket, elles
blir lesarane forvirra,» seier Gudleiv Forr i
leiargruppa i Dagbladet. Grunngjevingane
er mangelfulle. Det høyrest ut som det er
tilfeldig at det er bokmål og ikkje nynorsk
som er valt, men det er sjølvsagt ikkje det.
Det er redselen for lesarreaksjonar som gjer
at VG og Dagbladet ikkje opnar for
nynorsk. Dersom mange nok av lesarane
ville ha nynorsk, hadde det vorte slik.
Historisk sett er det lett å forklara kvifor
ei avis som Dagbladet valde bokmål. Då
avisa vart skipa i 1869, var den først og
fremst ei Oslo-avis, og riksmål var det
einaste aktuelle språket. At den første
redaktøren, Hagbart Emanuel Berner, var
den same mannen som var med å skipa
Den Norske Samlaget og Noregs Mållag,
er underordna. Språkpolitisk og demogra-
fisk sett var det ingen alternativ til riksmål.
I dag er stoda ei anna. Dagbladet er ei avis
for heile landet, og nynorsk er eit etablert
avisspråk. Og om Dagbladet er ei riksavis,
er VG det endå meir.
Ut frå ordskiftet i avisspaltene kan det
synast som språkhaldningane har endra seg
dei siste tiåra. Lesarane reagerer ikkje lenger
med avsky når det kjem ein nynorskartikkel. Heller tvert om. Språkforskaren Jon
Peder Vestad har påvist at nynorskjournalistar får oftare ros for målbruken sin enn
bokmålsjournalistar (Vestad, 2001). Undersøkinga galdt radio- og fjernsynsjournalistar, men det er grunn til å tru at det same
er tilfelle for avisjournalistar.
Eit eksperiment i VG 13. juni 2005
støttar dette. Journalist Jon Selås gjorde eit
intervju med språkdirektør Sylfest Lomheim på nynorsk. Av negative reaksjonar
var det ingen.
Nynorskbruken i radio og fjernsyn, særleg i NRK, har hatt mykje å seia for haldningane til folk flest omkring nynorsk. Det
er ikkje lenger rart med nynorsk i radio og
fjernsyn; det er forståeleg – ja, til og med
fint. Denne haldningsendringa har skjedd
med ein god porsjon press frå målrørsla og
styresmaktene. 25-prosenten har stått sentralt. I den neste fasen, når nynorsken skal
inn for fullt i avisene, må målrørsla velja
ein annan strategi. Ingen kan gje ordrar til
avisredaktørane om å bruka nynorsk. Det
må skje frivillig. Men – som materialet vårt
indikerer – det kan verka som tida snart er
mogen for at nynorsken skal slå ut i full
blomst i avisene òg.
Terje S. Skjerdal er høgskulelektor på
Mediehøgskulen Gimlekollen.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
95
Kjelder
Notar
Eide, Linda (1989): «Språktvang i den frie pressa?
Stoda for nynorskjournalistar i dei riksdekkjande
Oslo-avisene.» Seminaroppgåve ved Norsk journalisthøgskule.
1 Dagsavisen høyrer naturleg med i denne familien
av meiningsberande riksaviser, men avisa har så lite
nynorsk at den ikkje kan omtalast i same vendinga
i denne samanhengen. Dagsavisen er òg den «minst
meiningsberande» av avisene – det vil seia at den er
mest allmenn og har lite att av særpreget som
Arbeiderbladet hadde tidlegare.
Vestad, Jon Peder (2001). «Når skrift er tale. Haldningar til språk hos journalistar i etermedia.» Oppgåve presentert på den 15. nordiske konferansen
for medie- og kommunikasjonsforsking, Reykjavik
11.–13. august 2001.
Øvrebotten, Magni (1978): «Holdningar til
nynorskjournalistar i Oslo-pressa.» Hovudoppgåve
ved Norsk journalisthøgskule.
Tabell 1: Målform i norske aviser 2004
Aviser
Opplag
Prosent
Bokmål
135
2 192 800
73%
Bokmål/nynorsk
42
632 200
21%
Nynorsk
45
172 800
6%
Samisk
3
4 700
0,2%
Totalopplag
225
3 002 500
100%
96
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Tabell 2: Nynorsk i ulike aviser 1950, 1980 og 2005
1950
Artiklar
Dagen
Klassekampen*
Nationen
Vårt Land
Stavanger Aftenblad
Sunnmørsposten
Prosent
1980
Artiklar
Prosent
2005
Artiklar
Prosent
bm
269
76%
228
75%
171
88%
nn
84
24%
75
25%
24
12%
bm
-
-
216
94%
171
93%
nn
-
-
14
6%
13
7%
bm
342
97%
350
96%
269
89%
nn
10
3%
15
4%
33
11%
bm
332
98,5%
437
97%
273
93%
nn
5
1,5%
13
3%
21
7%
bm
245
84%
494
93%
691
94%
nn
48
16%
37
7%
41
6%
bm
174
74%
400
78%
403
72%
nn
61
26%
110
22%
156
28%
* Klassekampen skipa 1969.
Tabellen syner kor mange boksmåls- og nynorskartiklar dei ulike avisene har. Både notisar,
reportasjar, kommentarartiklar og lesarinnlegg er med.
For kvart år er det gjort eit tilfeldig utval på fem utgåver av kvar avis. Ei typisk avis inneheld mellom 40 og 120 artiklar (færrast i Klassekampen, flest i Stavanger Aftenblad). Kvar avis
er representert med 200-700 artiklar kvart år. Utvalet er truleg representativt.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
97
Nynorskbrukar i NRK
Egil Johan Ree
Å koma til NRK som nynorskbrukar i byrjinga på 1960-talet var ikkje vanskeleg for
meg. Det hadde seg slik at ein nynorsktalande studentkamerat hadde frilansa i
Dagsnytt ei tid. Nå skulle han over i Dagsrevyen og nemnde namnet mitt for dagsnyttsjefen. Eg vart innkalla, laga ein prøvebulletin, og dermed var det gjort. Etter eit
par morgonvakter saman med den velrøynde radiomannen, Ottar Odland,
sleppte dei meg laus på lufta åleine. Det
gjekk kjapt for seg den gongen. Og så vart
eg verande.
Eg visste at det var mange nynorskhatarar der ute blant lisensbetalarane. Men eg
slapp lett frå det av ein eller annan grunn.
Eg fekk ingen sure reaksjonar, og om
nokon ringde eller skreiv til leiinga for å
klaga på meg, så fekk eg i alle fall ikkje vita
noko om det.
I grunnen var NRK den beste plassen
ein kunne vera, om ein brukte nynorsk.
Det var eit miljø for nynorsk språk der, og
i ryggen hadde ein nykomar nynorskveteranar som Karl C. Lyche, den første sjefen
min, Hartvig Kiran, Arthur Klæbo og
Lasse Dyrdal. Jamvel toppsjefen den aller
første tida mi var nynorskmann: sjølvaste
kringkastingsjef Fostervoll. Det kjendest
trygt for ein urøynd og usikker student.
Dei nemnde veteranane var forresten
svært ivrige lydarar. Ein skulle ikkje gjera
store feilen før dei var der med korreksjon
98
og rettleiing. Feil var det visst nok av. Det
gjekk jo fort for seg stundom då bulletinane skulle dikterast til dama ved skrivemaskinen. Telegramstoffet var på bokmål,
og kunsten var å omsetja sakene til brukande nynorsk. Det gjekk stort sett bra,
men når sendetidspunktet nærma seg, var
det ikkje alltid lett å riva seg laus frå bokmålsteksten og få skikkeleg nynorsk fasong
på språket.
For ein som alltid hadde brukt dialekt i
daglegtale, var det uvant å snakka reint
nynorsk i mikrofonen. Eg tykte sjølv det
høyrdest rart ut den første tida, men det
vart snart ein vane. Tanken på alle kritikarane som sat ute ved apparata var plagsam
ei god stund og kunne føra til visse vanskar
med pusten, men etter kvart som ein registrerte at dei ikkje kasta seg på telefonen
etter sending, eller sende sinte brev, tenkte
ein ikkje så mykje på dei. Dei reagerte ikkje
ein gong etter den sørgjelege hendinga då
eg drog i hosteknappen for å kopla meg ut
og reinska halsen grundig med kraftige
host og kremt. Det eg ikkje visste då, var at
ein uheldig kollega hadde snubla i ein leidning og trekt kontakten ut av veggen, slik
at hosteknappen ikkje verka. Uhyggelege
lydar må ha kome ut av høgtalarane i dei
tusen heimar, men både arbeidsgivar og
lydarar var overberande, så eg fekk lov til å
halda fram – og kontakten i veggen fekk
solid metallsperre på seg.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Foto: Helge Tennø
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
99
Prinsipp for massedialog i norsk radio
Lars Nyre
Nye medium skapar revolusjon, blir det
hevda. Mobiltelefon og Internett gjev folk
større kontroll over mediekvardagen sin, og
dei kan difor oppføra seg meir sjølvstendig
og fritt enn i gamle dagar. Viss dette er
sant; korleis kan det slå ut i norsk radio i
framtida?
På eit nivå er det ingen tvil om at dei
nye digitale moglegheitene har styrka
radiobrukaren, nemleg når det gjeld SMSog epost-deltaking i programma. Alle program med respekt for seg sjølve tek imot
innspel og kommentarar på SMS, og slepper såleis folk til på ein måte som var
ukjent for berre ti år sidan. Men det er for
tidleg å seia om slike «interaktive tenester»
kan skapa ein genuin brukarrevolusjon og
såleis endra radio og fjernsyn for alltid.
Det er likevel sikkert at dersom allmenn
deltaking skal kunna bli ein vanleg del av
kringkastinga på lengre sikt, må nokon
kjempa for dette som ein mediepolitisk
verdi, og forsøka å gjennomføra det i radioog fjernsynskanalar på ein betre måte enn
det som er tilfelle no.
Deltaking som grunnverdi
Det ville vore ei dramatisk endring av
radiomediet dersom «alle» kunne vore deltakarar. Sjølve definisjonen på eit massemedium er jo at det sender frå store sentralar
til dei mange små og spreidde mottaka100
rane. Både dei redaksjonelle verdiane og
forretningsmodellen til stasjonane ville
blitt endra dersom det skulle bli alvor av
den digitale medierevolusjonen.
Er det verdt å satsa på ei slik utvikling?
Kva er det som gjer folkeleg deltaking i
media så viktig at forskarar og journalistar
enno ein gong bør satsa på å få det til? Alt
botnar i verdisynet ditt. Eg meiner media
er ein samfunnsressurs som også må forvaltast demokratisk, slik tilfellet er med
straumforsyning og kollektivtransport. Alle
må få høve til å uttrykka seg i media, viss
media skal kunna seiast å vera ein allment
tilgjengeleg ressurs.
I vår høgteknologiske samtid er det
berre massemedia som kan spegla og kultivera samhaldet i ein stat på ein realistisk
måte, sa den amerikanske filosofen John
Dewey i 1927. Berre massemedia har ei
kulturell og politisk rekkevidd som er stor
nok til å kunna sleppa laus borgarane med
alle dei konfliktane og dialogane som samfunnet faktisk er prega av. Då er det ein fordel for radiomediet at det berre krev snakking. Snakking er ein uhyre mangesidig
ressurs for produsentane, sidan telefonen er
tilgjengeleg for alle i Noreg. Sjølv åtteåringar har jo mobiltelefon i våre dagar.
Radio (og fjernsyn) kan lettare enn andre
medium gje folk flest ei stemme, slik at dei
kan ytra meiningane sine offentleg.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Kva slags redaksjonell organisering er best
eigna for å kunna gjennomføra ein slik
«nasjonal telefonsamtale» i radio? Etter
mitt syn formulerte Berthold Brecht
grunnprinsippet for slik demokratisk fordelt deltaking i massemedia allereie i 1932.
I dei fleste land var radioen på denne tida
prega av statspropaganda og sentralisert
styring, medan Brecht meinte han heller
skulle vore organisert for massedeltaking.
«Radio er einsidig når han skulle vore
tosidig. Det er eit reint distribusjonsapparat, han deler berre ut. Så her er eit positivt
forslag: skap ei endring i dette apparatet frå
distribusjon til kommunikasjon. Radioen
ville blitt det finast tenkelege kommunikasjonsapparatet i det offentlege livet, eit veldig nettverk av kontaktar. Men då må radioen veta korleis han skal motta så vel som å
senda ut, korleis han skal få lyttaren til å
tala så vel som å høyra, korleis radioen skal
koma i eit forhold til lyttaren i staden for å
isolera han. Radioen burde bruka dette
prinsippet til å forlata leverandørbransjen
og organisera lyttarane sine som leverandørar» (Sitat frå Brecht 1932, mi omsetjing til
nynorsk).
Brecht ynskte å skapa «den store samtalen», ei ansvarleg meiningsutveksling der
det helst bør vera like mange deltakarar
som lyttarar. Han tenkte på lyttarane som
kringkastarar i bokstavleg forstand, fordi
mange hadde kraftige apparat og kunne
senda morsekode og lyd like vidt omkring
som ein ordentleg radiostasjon. Slike private initiativ kunne då organiserast til å
fylla «stasjonen» sin frekvens og sendetid i
staden for at stasjonen sjølv leverte innhaldet. Verdiformuleringa til Brecht er like
gyldig no som i 1932, men dei tekniske
forholda er jo dramatisk annleis.
No kan me organisera offentleg samtale på
heimesider på Internett, i kombinasjon
med mobiltelefon og andre nye teknologiar. I ein periode vil dette vera den beste
staden for demokratiske eksperiment, og
det finst allereie mange subkulturelle suksessar på Internett.
Behovet for massedialog
For å nå målet om allmenn deltaking i
framtidas radio og fjernsyn foreslår eg altså
massedialog som fremste redaksjonelle verkemiddel. Med massedialog meiner eg ei
allmennmenneskeleg deltaking i radio
basert på telefoni. For at det radikale i dette
prinsippet skal koma til syne, vil eg peika
på at det neppe er råd å snakka om demokratisk deltaking utan at minst 15–20 prosent av innbyggarane er med kvar einaste
dag, det vil seie 600 000–800 000 menneske på landsbasis. Dette er ikkje noko
realistisk mål, men det viser ein interessant
forskjell. Ankerpersonar og programvertar
som Kari Sørbø i NRK P1 og Tor Endresen i P4 er på lufta i mange hundre timar
pr. år, medan nesten alle andre i Noreg er
på lufta i null timar og null minuttar.
Her er det altså ei skeiv fordeling av dei
offentlege ressursane, og eg meiner at prinsippet om massedialog ville kunna retta det
opp. Ein kan innvenda at her i Noreg fungerer jo demokratiet heilt fint utan slike
radikale initiativ. Det er heller unge demokrati, som Bosnia, som treng ekstremt deltakande kringkasting. Samstundes vil nok
mange hevda at dette er komplett umogleg
å realisera, og difor berre er idealistisk tankespinn.
Eg avviser begge desse ankepunkta. Me
har andre demokratiske problem i Noreg
enn i Bosnia, men dei er like alvorlege. Hjå
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
101
oss rår det noko som liknar eit «kjendisdiktatur», og det må svekkast før den demokratiske funksjonen til radio, fjernsyn og
Internett kan bli som han bør. Og det er
mogleg å realisera ei slik reform, fordi det
bevisleg finst vilje til endring blant folk.
Misnøya blir jo ytra på brei front kvar
einaste dag, og det er i realiteten misnøya
som vil fylla eteren med nye stemmer. I
kaffipausar, på bussen og over hagegjerdet
blir det klaga på mykje av det som pregar
NRK og andre kanalar, enten det er kjendisfokuset, tvilsam sponsing og produktplassering, stadig meir reklame, eller nye og
provoserande programformer som Big
Brother. Mange føler at det finst ei kynisk
haldning i dei store massemedia, enten dei
er allmennkringkastarar eller reint kommersielle. Det går rykte om at NRK P3
diktar opp SMS-meldingar til føremiddagsprogramma sine, fordi dei ikkje får inn
mange nok brukbare svar, eller fordi dei
likar sine eigne innspel betre. Skepsisen og
mistilliten som mange føler overfor slik
journalistisk praksis, er eit symptom på at
folk oppfattar media som ein ressurs som
blir vanskjøtta, og som dei sjølve kunne
medverka til å forvalta betre. Misnøya med
den kulturelle forvaltinga av media er det
fremste symptomet på at massedialog er
mogleg.
Regimet for sentralisert deltaking
Det vil alltid stå verdiar på spel i mediepolitikken. Kyrkje- og kulturdepartementet
styrer langt på veg etter allmennkringkastingsideala. Dei blir forvalta av Allmennkringkastingsrådet, som blei oppretta
i 1996 og nedlagt i 2004. Allmenkringkastingsideala består av fem punkt som blir
undersøkte og vurderte for alle radio- og
102
fjernsynskanalar som har status som «allmennkringkastarar». Det gjeld TV2, P4,
Kanal 24 og NRK-systemet, sjølv om
NRK strengt tatt blir regulert gjennom
kringkastingslova.
1. Sendingene skal kunne mottas av hele
befolkningen.
2. Sendingene skal inneholde en variert programmeny med program for så vel brede
som smale lytter/seergrupper, herunder
barn og unge, den samiske befolkningsgruppe, etniske og andre minoriteter.
3. Det skal være daglige nyhetssendinger og
solid, løpende orientering om viktige samfunns- og kulturspørsmål, nasjonalt og
internasjonalt.
4. Allmennkringkastingsprogrammene skal
bidra til å styrke norsk språk, identitet og
kultur.
5. Allmennkringkastingskanalene skal ha
redaksjonell selvstendighet.
Medieverksemdene har full ytringsfridom, og det er difor i praksis dei sjølve som
forvaltar dei fem punkta gjennom programstrategien sin. Rådet evaluerer programma i ettertid ut frå undersøkingsprosedyrar, og gjev ei innstilling som Kulturdepartementet kan bruka som grunnlag for
sin politikk. Allmennkringkastingsrådet
har årleg kome med kritiske konklusjonar
om programformer og -innhald i kanalane
som dei har tilsyn med, men er utan makt
til å endra på noko. Det er berre departementet som kan sanksjonera produksjonspraksisen til stasjonane.
Men desse ideala inneheld ikkje eitt ord
om allmenn deltaking i kringkastinga. Dei
fungerer i praksis som moralsk belegg for
det eg vil kalla sentralisert deltaking. Sentralisert deltaking inneber at det er få menneske som deltek, og at offentlegheita i brei
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
forstand oppfattar dette som naturleg. Alt
som kjem på lufta er laga av profesjonelle
mediemenneske, enten dei er journalistar,
produsentar, redaktørar eller teknikarar.
Sendetida blir brukt av journalisten, ankerpersonen og talkshow-verten, enten det
gjeld Rolf Kirkvaag, Hans Wilhelm Steinfeldt, Fredrik Skavlan eller Dorthe Skappel.
Slik elitedeltaking har prega heile den over
sytti år lange historia til radio og fjernsyn i
Noreg . Sentralisert deltaking er det motsette av massedialog.
I 2004 fekk medieoffentlegheita i
Noreg verkeleg føla den demokratiske
svekkinga av media som Bondevik-regjeringa sin mediepolitikk medfører. Landet
skulle få ein ny nasjonal radiokanal med
arbeidstittel P5, og ein ny versjon av P4.
Noko liknande har berre skjedd to gonger
før i norsk radiohistorie, i 1933 då NRK
blei etablert og dei private kringkastarane
nasjonalisert, og i 1993 då NRK lanserte
P3 og trekanalsystemet, og P4 starta. Som
kjent enda radioutvidinga i 2004 med at
Kanal 24 fekk det sendenettet som P4 tidlegare hadde disponert, medan P4 fekk det
nye, mindre omfattande «P5-nettet».
Kva slags radiooffentlegheit sit me att
med, eit års tid etter denne prosessen? Jo,
to ultrakommersielle selskap, som kvar på
sin måte vil nå dei same lyttarane og
annonsørane med dei same velkjende verkemidla. Dei har begge status som allmennkringkastingskanalar.
Behandlinga av dei to nye radiokonsesjonane viser at Kulturdepartementet
under Bondevik si samarbeidsregjering har
ein mediepolitikk som ikkje er orientert
mot demokratisk deltaking i det heile. Her
er det inga omsorg for kvaliteten på massekommunikasjonen i Noreg, men stor
omsorg for store aktørar i mediebransjen.
Dei verdiane som blir dyrka, er evna til å
driva slik at kanalen overlever og gir avkastning til eigarane. Her vil eg presentera
denne prioriteringa meir detaljert, slik at
maktbruken til det noverande regimet
kjem klart til syne.
Kanal 24 fekk tilgang til 90 % av folkesetnaden til ein pris av 160 millionar kroner, medan P4 no dekkjer 60 % av folkesetnaden til ein pris av 90 millionar. Med
slike kolossale pengesummar i inngangsbillett, gjorde departementet det økonomisk
umogleg for verdiorienterte aktørar å bli
reelle søkarar. Studentradio-samarbeidet
søkte om å laga regionalradio over heile
Noreg gjennom 160-millionarskonsesjonen. Deira framlegg, som verkeleg ville ha
ført til fleire stemmer i eteren, blei ikkje
behandla seriøst av departementet, fordi
søkarane ikkje kunne dokumentera at dei
hadde 160 millionar kroner til rådvelde. I
røynda hadde ingen søknader som primært
la vekt på kommunikasjonsverdiar sjanse
til å få konsesjon på nasjonal radio i Noreg.
Den politiske strategien til Kulturdepartementet i 2004 føresette at marknadsog profittdrivne stasjonar er det einaste
som er verdt å forvalta. Kulturdepartementet er utan omsorg for ein av kjerneverdiane i vår samfunnsformasjon: reell dialog
mellom borgarane. I minst ti år framover
kjem det no til å bli laga radio for aksjeeigarane i TV2 og P4, og ikkje for lyttarane.
Mediepolitikken til Bondevik-regjeringa har altså ikkje skapt fornying i retning
av auka deltaking eller andre demokratiske
verdiar, men har sørgt for at eit svært einsidig kommersielt programspekter får dominera norsk radio i minst eit tiår til.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
103
Regimet for allmenn deltaking
Sjølv om Noreg hadde kringkastingsmonopol i femti år, betyr ikkje det at me må ha
femti år med den villaste liberalisme. Det
går an å erstatta allmenkringkastingsideala
med ei anna verdiorientering utan å gjeninnføra NRK-monopolets opplysningsideal. På bakgrunn av mediepolitkken til
Bondevik-regjeringa meiner eg det er heilt
nødvendig med ei reform av radioen i
Noreg. Det burde etablerast ein nasjonal
stasjon som er hundre prosent tilpassa innringing, debatt og samtale.
Kulturdepartementet måtte hatt sterk
styring med rammene for kva form denne
stasjonen kunne ha. Fleire verdiar enn dei
økonomiske måtte krevjast av ein eventuell konsesjonær, og sanksjoneringa av mandatet måtte vera strengare enn no. Berre
slik kan allmenn deltaking sikrast i praksis,
og ikkje berre i teorien.
På grunn av denne «tvangen» måtte det
også vera eit sterkt økonomisk incentiv for
konsesjonssøkarane, og det kunne eigentleg berre bestått av statsstøtte til drifta. Viss
søkarar utan 160 millionar kroner hadde
hatt håp om å bli vurdert på alvor, så ville
det kunne leggast mykje større krefter inn i
arbeidet med ei velfungerande redaksjonell
plattform. Då kunne ein modigare og meir
radikal stasjon på sikt ha blitt bygd opp.
Men det er eit kritisk punkt her. Det er
klart at journalistiske prinsipp må vera
nedfelte i konsesjonsutlysinga for ein slik
stasjon. Kva skal den redaksjonelle instruksjonen heilt konkret innehalda? Eg har laga
ei provisorisk liste over element som kunne
vera sentrale i ein slik proaktiv mediepolitikk.
1. Stasjonen skal vera redaksjonelt og politisk sjølvstendig. Dette punktet er nesten det
104
same som i allmennkringkastingsideala,
men det må praktiserast mykje friare. I
Kulturdepartementet si utlysing av 160millionarskonsesjonen, som gjekk til Kanal
24, stod det: «Konsesjonæren skal opptre
fullt ut uavhengig av interessegrupper av
politisk, økonomisk eller annen karakter».
Dette er komplett umogleg i praksis, og
Kanal 24 blir jo også stadig sterkare prega
av dei økonomiske interessene til TV2konsernet. Sidan idealet om å vera ubunden er umogleg å oppfylla, burde ein ikkje
setja det fram som eit krav.
Konsesjonæren burde stå fritt til å
fremja sine politiske og økonomiske verdiar slik dei er formulerte i søknaden, så
lenge prinsippa for demokratisk deltaking
blir følgt (sjå punkt 3 nedanfor). Det betyr
at ein stasjon for eksempel kunne ha ei
eksplisitt tilknyting til partiet Høgre. Det
er verdt å ta risikoen med å sleppa eit politisk initiativ laus på landsdekkande nivå,
for det vil truleg inspirera til ein eksplosiv
auke i talet på ytringar, kritiske så vel som
støttande.
2. Stasjonen skal kunna takast i mot av
heile folkesetnaden. Dette punktet er også
henta frå allmennkringkastingsideala. Verdien av eit nasjonalt fellesskap må ikkje
undervurderast i globaliseringas tidsalder.
Det trengst ein offentleg arena på alle nivå
der det føregår demokratiske prosessar, og i
fyrste omgang må ei reform vera fokusert
på nivået for stortingsval og statsstyring.
Stasjonen må difor ha eit nasjonalt sendenett på den tekniske plattforma som til
ei kvar tid er dominerande. I Noreg i 2005
er det framleis FM-sending. I framtida bør
ein truleg satsa på ei form for breibandsbasert radiomottaking, med dei ekstra interaksjonsmoglegheitene det gjev.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
3. Stasjonen skal legga til rette for telefonisk deltaking for alle borgarane i Noreg. Eg
vil peika på fire viktige element i det redaksjonelle formatet som burde lagast: 1)
Regelbasert, og difor føreseieleg rammeverk for diskusjon. 2) Maksimal fridom frå
manipulasjon og maktbruk frå journalistane. 3) Tid for deltakaren til å tenka
ordentleg over temaet under samtalen på
lufta. 4) Rom for fri interaksjon mellom
deltakarane, utan at studio blir prioritert
særskilt. Desse punkta må vidareutviklast i
reelle eksperiment før det kan presiserast
meir nøyaktig korleis prinsippa skal vera.
Det er viktig å merka seg at ein stasjon
som blir styrt av slike prinsipp, likevel kan
ha ein sentralisert organisasjon. Det går
fint an å sleppa allslags stemmer til på lufta,
sjølv om hovudkvarteret er i Bergen.
4. Stasjonen skal ha kontinuerleg diskusjon omkring samfunns- og kulturspørsmål
som er relevante for styringa av staten. Dette
punktet skal sikra at innhaldet er prega av
radiomediet si evne til å ta opp dagsaktuelle emne og kommentera dei frå ulike perspektiv. Viss han skal vera demokratisk, må
stasjonen venda seg til mange forskjellige
lyttargrupper med mange forskjellige
emne. Han treng difor ikkje kopla seg til
eit minste felles multiplum av lyttarinteresser (musikk, koseprat, nyheiter), slik kommersielle stasjonar er tvungne til. Dermed
kan mangfaldet i dei redaksjonelle emna
vera stort, sjølv om dei tilletne journalistiske formene er sterkt avgrensa.
5. Stasjonen skal i all hovudsak senda på
direkten. I direktesendt samtale vil lekmannsdeltakaren stå meir på like fot med
programleiaren og andre profesjonelle talarar. Munnleg diskusjon er den mest tilgjengelege kommunikasjonsforma som
finst, og ved å dyrka denne forma ut frå
vanlege telefonsamtalar, flyttar ein del av
definisjonsmakta for innhaldet i stasjonen
over til den enkelte borgaren.
Dersom lyttaren attpåtil vedkjenner seg
makta på denne arenaen og byrjar å ta initiativet på lufta, kan ho få ei kjensle av reell
påverking på samfunnet. Her er det eit
sjølvforsterkande potensial. Jo fleire forskjellige menneske som har opplevd eigen
spontane eller nøye planlagde medverknad
som verdifull, jo fleire deltakarar kan den
nye offentlegheita få.
6. Stasjonen må senda på breiband,
gjennom ei heimeside. Når det gjeld bakkebasert radiokringkasting er framtida allereie bestemt, i det minste for ti år framover.
Det er NRK, TV2, P4 og Kanal 24 som
gjeld, og ingenting nytt finst på den nasjonale horisonten. Men det er klart at prinsippa for massedialog kan utviklast og
gjennomførast på ei internettplattform.
Det vil krevja god grafisk tilrettelegging for
streaming audio (og video), og plattforma
føreset at brukaren har breiband. Då krevst
det ei tung investering i digitale distribusjonsteknologiar. Moglegheitene i dette
oppsettet er radikalt annleis enn i den analoge kringkastinga.
Nettbasert kringkasting er veleigna til
bruk for snakking, chatting og utveksling
av anna slag, fordi ho er «live» eller
«direkte», slik kringkasting alltid har vore.
Samtidig har ho ei rekke funksjonar knytt
til tekst, grafikk, video og andre medieformer. Alt dette opnar nesten i seg sjølv for
kreativitet og fornying. Velutvikla internettformat kan også koordinerast med bakkesendte FM-signal viss det etter kvart blir
aktuelt.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
105
Demokratiet i hendene
Det viktigaste og vanskelegaste trekket ved
å etablera ein stasjon etter desse prinsippa
er å inspirera til god offentleg åtferd blant
innbyggarane i Noreg. Er det sannsynleg at
mange menneske vil slutta seg til prinsippa
for massedialog, og endra åtferda si i pakt
med dei? Mange vil seia at folk ikkje er
interesserte i slikt, og at resultatet ville blitt
ein smal stasjon for elitane eller ein overpopularisert underhaldningsstasjon.
I alle tilfelle er det praktisk mogleg å
gjennomføra ei reform av massemedia som
reint teknologisk byrjar hjå folk flest. Men
det ville blitt ein tung jobb for enkeltpersonen. Du må vera viljug til å ta del i radioog fjernsynsprogram på regulær basis. Du
må læra deg å bruka nye grensesnitt og nye
programformat, særleg på Internett. Du
må gjera eit gjennomtenkt utval av dei
interaktive teknologiane og tenestene som
er tilgjengelege, og bruka akkurat passe
mykje tid på det. Og det vanskelegaste av
alt: Du må innsjå at du faktisk har eit
ansvar for kvaliteten på den offentlege
kommunikasjonen, og at du difor må ta
konsekvensane av det i handling.
Men kva betyr ansvar i denne samanhengen? Mitt utgangspunkt er at viss du
har stor personleg kontroll over kommunikasjonshandlingane dine, så har du også eit
stort ansvar for kvaliteten på dei.
Tenk deg kor omfattande omgang du
har med teknologi, og tenk på kor ressurskrevjande denne kolossale handlefridomen
er. Utrustninga for å erfara verda er veldig
omfattande, og ting som PC-ar, Internett,
mobiltelefoni, radio og fjernsyn, film, flytransport og bilisme blir oppfatta som heilt
sentrale gode. Ein treng ikkje spesiell
utdanning og stor livserfaring for å evalu106
era kvaliteten på bruken av denne utrustninga. For eksempel kan kven som helst
med sertifikat og litt erfaring med bilkøyring vurdera andre sjåførar si åtferd i trafikken. Og alle høyrer det når eit argument i
eit debattprogram held på å bryta saman.
Det er lett å oversjå den kritiske energien
som ligg i denne praktiske omgangen med
kommunikasjonsmidla. Men dersom me
overser dette kontaktpunktet, misser me av
syne det punktet der samfunnet blir omsett
til individuell erfaring, og omvendt.
Det er på denne bakgrunnen at spørsmålet om ansvar for den politiske diskusjonen må stillast. Er det rettferdig å gje borgaren ansvaret for kvaliteten på den offentlege samtalen berre fordi ho har så mykje
teknologisk utstyr mellom hendene? Har
borgaren verkeleg så stor påverknad på
mediekvardagen sin at ho må stå til rette
for det innhaldet han får? Eg meiner svaret
er ja.
Lars Nyre er doktorgradsstipendiat ved Institutt for informasjon og medievitskap på
Universitetet i Bergen.
Kjelder
Allmennkringkastingsrådet (2004) Rapport 2003.
Fredrikstad: Statens medieforvaltning.
Brecht, Berthold (1932) [1967] Der Rundfunk als
Kommunikationsapparat, i Gesammelte Werke, Bd.
18, Frankfurt/M.
Dewey, John (1927) [1991] The Public and its Problems. Athens (Ohio): Swallow Press.
Elgesem, Dag (2004) Deliberative Technology?. Presentert ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen, 12.11.2004.
Kirke- og kulturdepartementet (2003) Søknadsdokument for radiokonsesjon. Sjå
http://odin.dep.no/kkd/norsk/tema/medier/konsesjon/043061-990048/dok-bn.html
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Foto: Helge Tennø
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
107
Mottro om nynorsk og dialektar i radio
Linda Eide
Tast tast tast (ringjer Mottro)
MOTTRO: Ja?
MEG: Hei, det er meg.
MOTTRO: Å hei, er det deg?
MEG: Ja. Har skjedd mykje på dialektfronten i radio?
MOTTRO: Ja, er du gal. Før snakka jo
ikkje ein gong dei som vart intervjua slik
dei eigentleg snakka, medan no snakkar jo
nesten alle som om dei var seg sjølve.
MEG: Er det bra?
MOTTRO: Er vel mest det. Men radio er
jo slik som står på litt i bakgrunnen, og
kjem det vanskelege dialektar må ein jo
skru opp og høyra etter, elles får ein ikkje
tak i kva dei seier. Det er jo kanskje ikkje så
bra. Du forstår kva eg meinar.
MEG: Ja, om eg vil. Men når kom det
eigentleg nynorsk i radion?
MOTTRO: Veit ikkje heilt eg. Før la me
jo meir merke til dei med nynorsk, no er
det jo heilt vanleg. Men den fyrste stemma
som eg tenkte på at skilde seg ut, det var ho
som var hallodame, ho frå Ulvik.
MEG: Svanhild Mundheim?
MOTTRO: Ja, Mundheim i alle fall.
MEG: Tenkte du på at ho brukte nynorsk?
MOTTRO: Eg tenkte vel eigentleg berre
at stemma hennar skilde seg ut frå dei
andre. Sjølv om ho var svært nøytral slik i
framføringa.
MEG: Tenkte du på at ho snakka litt slik
108
som deg?
MOTTRO: Vanskeleg å seia. Dette var jo
ikkje noko eg gjekk rundt og tenkte på.
MEG: Er det andre stemmer du hugsar?
MOTTRO: Eg hugsar jo Hartvig Kiran,
snakka ikkje han nynorsk?
MEG: Jo.
MOTTRO: Men det er jo eigentleg
stemma eg hugsar, du ser jo det, eg måtte
jo spørja om han verkeleg snakka nynorsk.
Det betyr vel at me hugsar stemmene utan
å tenkja over om dei snakkar det eine eller
det andre.
MEG: Kva tenkte du då du høyrde meg i
radio fyrste gongen?
MOTTRO: Eg tenkte at du kanskje burde
moderera deg litt, for å gli inn, viss du skjønar.
MEG: Det sa sjefane mine óg.
MOTTRO: Men du vart flink til å moderera deg og likevel ikkje verta ein annan. Eg
høyrde at det var deg. Så eg kan ikkje forstå
at dei ringde og klaga på deg.
MEG: Fortalde eg det?
MOTTRO: Du sa at gamle bergensdamer
ringte og skjelte deg ut og rett og slett var
hatefulle.
MEG: Uff ja, det var ikkje noko særleg.
Men det er snart 15 år sidan.
MOTTRO: Du verka temmeleg sjokkert.
Men eg trur ikkje du tok deg så nær av det.
MEG: Jo, eg gjorde faktisk det, men eg
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
torte ikkje å seia det. Det var litt personleg
og flaut, trur eg.
MOTTRO: Uff då.
MEG: Ei stund var eg så redd hatske gamlingar at eg slutta å ta imot telefonar etter
sending.
MOTTRO: Er det sant?
MEG: Eg hugsar etter ei laurdagssending,
eg var åleine i redaksjonen, og det ringte i
telefonen. Men eg torte ikkje å ta han, så
det gjekk inn i svararen. Etterpå tok eg mot
til meg og spelte av beskjeden som låg der.
MOTTRO: Ja?
MEG: Og så var det ho Signy Bryn som sa
noko slikt som «eg vil berre få takka ho
Linda Eide for ei god sending og eit godt
intervju med leiaren i Hordaland Bondelag».
MOTTRO: Jyss! Du vart vel glad då.
MEG: Ja! Har alltid likt ho Signy ekstra
godt etter det.
MOTTRO: Det skjønar eg.
MEG: Men du, har eg forandra meg på
lufta?
MOTTRO: Ja, du snakkar meir dialekt no
att, synst eg.
MEG: Ja, eg berre måtte det. Hadde store
vanskar med den normeringa. Det er ikkje
lett å vera munnleg når ein skal snakka eit
skriftspråk.
MOTTRO: Nei det seier vel seg litt sjølv,
skriftspråk er jo noko ein skriv.
MEG: Og talemål er noko ein snakkar. Og
radio handlar jo om å snakka.
MOTTRO: Det er vel logisk.
MEG: Det var ikkje det i NRK, ikkje før.
Og eg vart så stressa av å måtta snakka som
eit papir at eg fekk knutar på stemmebandet og måtte gå til logoped.
MOTTRO: Det visste eg ikkje.
MEG: Nei, du er nesten den fyrste eg seier
det til! Openhjerta Linda Eide snakkar ut
om den vonde tida! Les det eksklusive
intervjuet med hennar eiga mor!!
MOTTRO: Tullebokk.
MEG: Vil du helsa til Kringkastingsringen?
MOTTRO: Kan eg vel. Kva er det?
MEG: «Kringkastingsringen arbeider for at
nynorsk, norske dialektar og samisk skal få
eit rettkome rom i norsk allmennkringkasting og media elles.»
MOTTRO: Dei vil ha meir nynorsk altså?
MEG Ja, og så samisk då, verkar det som.
Dei er 50 år.
MOTTRO: Jyss. Ja, ja til lykke då. Men no
legg eg på. Hada då.
MEG: Ja, hada då.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
109
Framveksten av Sámi Radio
Nils Johan Heatta
Sjef i Sámi Radio
«Arthur Klæbo skal dø en dag, men det er
ikke likegyldig for Klæbo om jeg tar strupetak på ham mens han sitter her og kveler han i denne stol, – eller om Klæbo får
leve til sine dagers ende og dø en naturlig
død. Slik er det også med det samiske
språk. Det er ikke likegyldig om vi kaster
det overbord som om det var en unødvendig ballast, eller om språket får leve til det
dør en naturlig død. Det er heller ikke uvesentlig for en kulturnasjon på hvilken måte
et språk dør ut.»
Orda kom frå legendariske Kathrine
Johnsen, Sameradioens mor. På eit møte i
1960 med dåverande kringkastingssjef
Kaare Fostervoll, ynskte Kathrine Johnsen
å utvida dei samiske sendingane. Fostervoll
var negativ og ynskte inga utviding før
Stortinget hadde behandla Samekomitéens
innstilling, som føreslo ulike tiltak for å
fremja samisk språk og kultur. Kringkastingssjefen var klar og til og med overtydd om at «om 5 år vil samisk språk døy
ut, og om 10 år er det heilt borte». Det var
dette som fekk Kathrine Johnsen til å ta
bladet frå munnen. Ho meinte at samane
verken vil forstå eller akseptera haldninga
til Fostervoll. Og ho forklarte kva ho
meinte ved å bruka sendeleiaren Arthur
Klæbo som eksempel. Han var til stades på
møtet.
110
Samiske radiosendingar
NRK hadde etablert regelbundne samiske
radiosendingar alt i november 1946. Men
harstadmannen Lars Normann Sørensen,
som før krigen var programsekretær og sjef
for Finnmark Kringkaster i Vadsø, hadde
så tidleg som i 1938 overtydd styret i NRK
om at det både var behov og interesse for
samiske radiosendingar. Krigen sette stopp
for desse idéane. Då Normann Sørensen i
1945 vart programsekretær og sjef for
NRK- kontoret i Tromsø tok han opp att
spørsmålet om samiske radiosendingar. Og
då Sara K. Hætta frå Kautokeino presenterte den fyrste samiske radiosendinga frå
studio i Tromsø 8. november 1946, var det
eit resultat av mellom andre Lars Normann
Sørensens vilje og vedvarande innsats for å
få eit radiotilbod til den samiske befolkninga.
Gjennom åra som programsekretær i
Finnmark Kringkaster i Vadsø vart Lars
Normann Sørensen kjend med skulelæraren og seinare ordføraren i Tana, Per Fokstad. Fokstad tok opp spørsmålet om
samiske sendingar i radio med den lokale
sjefen for kringkastinga.
Motviljen mot samisk kringkasting var
sterk frå midten av 1950-talet til langt ut
på 1960-talet. Dels skuldast det stor grad
av kunnskapsløyse og dels arroganse, men
også ein god porsjon fornorskingsiver hos
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
dei som sat i maktposisjonar i Norsk rikskringkasting. Dei vart overtydde av kontaktane sine i den nordlege landsdelen og
gjennom klagebrev både frå private og
offentlege personar. Å bruka samisk språk i
offentleg samanheng var framleis så omstridd at kringkastingssjef Kaare Fostervoll
ikkje våga å utfordra samemotstandarane i
Finnmark før Stortinget hadde behandla
Samekomitéens innstilling. Og nettopp
Samekomitéens innstilling hadde skapt
høge bølgjer i Finnmark – ja til og med i
eit ekte samisk samfunn som Karasjok.
Sjølv om den fornorskings- og assimilasjonspolitikken styresmaktene dreiv i
mellomkrigsåra tok kvelartak på samepolitiske initiativ, levde sjølvrespekten og identiteten enno sterk i Indre-Finnmark. Frå
Karasjok vart det sendt oppmodingar til
Norsk rikskringkasting om samiske radiosendingar. Og like før krigsutbrotet trykte
avisa Nordkapp lesarinnlegg frå Kautokeino med ynske om samisk i radioen.
Oppmodingane og lesarinnlegga uttrykkjer fyrst og fremst behov for nyheiter og
informasjon på samisk. Men det er svært
sannsynleg at personane bak i tillegg hadde
djupare ideologiske og samepolitiske
motiv.
Skulesjefen som visste samanes beste
Årsaka til Kaare Fostervolls vegring og forsiktige linje når det gjaldt samiske radiosendingar tidleg på 1950-talet, skuldast
ganske sikkert også at redaktør Richard
Rasmussen kom med harde utfall mot
samisk kulturreising. Rasmussen hadde i
mange år vore skulestyrar i Vadsø og vart
seinare redaktør i Finnmark Tidende. Han
var medlem av Riksprogramrådet og seinare Kringkastingsrådet, heilt sidan starten
i 1934 og fram til 1953. I eit brev til kringkastingssjef Kaare Fostervoll i desember
1949, går han til frontalangrep mot dei
kreftene som aktivt kjempar mot fornorskingspolitikken til styresmaktene. Rasmussen skriv mellom anna:
«Blant dem som har arbeidet med fornorskningsarbeidet i Finnmark rår her ikke
så liten misnøye med at her er kommet
krefter som vil svekke dette arbeid nettopp
som man står foran det endelige og avgjørende løft. Kringkastingssjefen kjenner den
stilling lærer Per Fokstad har inntatt som
medlem av Samordningsnevnda for skoleverket, og at hans syn har møtt motstand
hos (visstnok) alle skolestyrer i Finnmark.
Når det gjelder de samiske sendingene i
Kringkastingen, er det blant den norske
befolkning et tilsvarende syn på programsekretær Frettes innstilling og arbeid. Man
mener – og jeg tror: med rette – at Kringkastingen alt har gjort et så stort og godt
arbeid for fornorskningen, at et brudd her
vil betegne et tilbakeskritt.
Alle samer strever med å lære norsk, og
Kringkastingen bør betrakte det som en
selvfølge at dens norske sendinger blir forstått. Som den eneste unntagelse har jeg for
min part funnet at noen samiske andakter
og ellers noen religiøse sendinger av hensyn til de få gamle må finne plass i lokalprogrammet herfra. Men nyheter på
samisk eller sending av andre samiske poster enn de religiøse finner jeg ikke nødvendig.»
Rasmussens brev talar for seg – det er
ein autoritetsperson som på denne måten
gir til kjenne kva han tykkjer er nødvendig
eller ikkje: «..... finner jeg ikke nødvendig».
Utanom Tana-ordførar Per Fokstad er det
altså Thor Frette som får passet påskrive av
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
111
redaktøren. Frette hadde på dette tidspunktet vore eit halvt år i Vadsø.
Vi er no i ei tid der den samepolitiske
organiseringa verkeleg tek til. Sjølv om
samar hadde prøvd å organisera seg mange
tiår tidlegare, er det fyrst i etterkrigsåra det
blir ordentleg driv i det samepolitiske
arbeidet. Norske Reindriftssamers Landsforening vart stifta i 1948, Sámi
Searvi/Samisk Selskap i Oslo vart omdanna
til landsforeining i 1951 og er forgjengaren
til Norske Samers Riksforbund som vart
stifta 17 år seinare, i 1968. Og det samepolitiske samarbeidet over landegrensene i dei
nordiske landa vert synleg gjennom danninga av Nordisk Sameråd i 1956. Dei som
gjekk fremst i dette arbeidet, hadde god
innsikt i og kunnskapar om både samisk
språk og samfunnsliv. I tillegg var dei generelt kunnskapsrike og hadde derfor naudsynt tyngd til å argumentera for ei samisk
framtid, både internt blant samane og
utover mot majoritetsbefolkninga.
Frontfigurane var neppe ukjende med
at samisk kringkasting og samiske aviser
kunne vera nyttige for å verna og utvikla
det samiske samfunnet. Men eit slikt argument var ikkje gangbart verken på 1950eller 1960-talet. Derfor var hovudargumentet at samar ville få meir kunnskap om
og lojalitet til det norske samfunnet når
radiosendingane kunne formidla den norske kulturen til samane på deira eige språk.
Kringkastingsrådet behandla spørsmålet
om samiske sendingar ei rekkje gonger opp
gjennom 1950-åra, utan at kringkastingssjefen lytta til tilrådingane frå rådsfleirtalet.
Politisk kamp om Sámi radio
Kampen om mediekontroll vart ført rett
inn i Norsk rikskringkasting. Skulemannen
112
og språkkonsulenten Hans Eriksen frå
Tana, vart i desember 1978 overraskande
tilsett som fyrste leiar og redaksjonssjef for
NRK Sámi Radio, som sidan 1976 var etablert med eige kontor i Karasjok. Tilsetjinga vart i samepolitiske miljø, og blant
medarbeidarane på kontoret, oppfatta som
ei klar partipolitisk tilsetjing. Også fagforeiningar i NRK protesterte mot det dei
oppfatta som ei forbigåing av dei andre
søkjarane.
NRK, med tidlegare redaktør i
Arbeiderbladet, Reidar Hirsti, i spissen,
ynskte ikkje at samisk programverksemd
skulle styrkja dei prosamiske kreftene i
kampen for ei samisk samfunnsutvikling.
Det stemte godt overeins med det kringkastingssjef Torolf Elster hadde uttalt i eit
intervju med Finnmark Dagblad to år tidlegare i samband med opninga av NRK
Sámi Radios nye redaksjon i Karasjok:
«Sameradioen skal ikke være noen kampradio.» Samstundes sa Elster at opninga
markerte «en milepæl i vårt folks historie i
den lange marsjen mot sivilisasjonen og
mot fulle menneskerettigheter for alle
mennesker i dette land, full rett til eget
språk og egen kultur».
På den eine sida ynskte altså kringkastingssjefen sameradioen velkommen, men
samstundes retta han ein åtvarande peikefinger mot at sameradioen skulle brukast
til å fremja den samiske kulturkampen.
Den programpolitiske målsetjinga som
NRK hadde om å fremja norsk språk og
kultur, skulle med andre ord ikkje overførast til å gjelda som NRK Sámi Radios
målsetjing for samisk språk og kultur.
Frykta for samisk kontroll over NRK Sámi
Radio var i høg grad til stades i korridorane
på Marienlyst. Å tilsetja ein lojal parti-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
kollega i sjefsstolen i Karasjok skulle sikra
mot slike uynskte forsøk.
Det viste seg ganske snart at valetet av
redaksjonssjef var ei feilvurdering. Den
samepolitiske kampen mot Alta-utbygginga nådde høgdepunktet og konflikten
mellom majoritetssamfunnet og samane
var svært skarp. Medarbeidaranes motstand
mot Eriksen som redaksjonssjef var truleg
sterkare enn kva NRK trudde. Sjefen klarte
ikkje å utvikla det samiske programtilbodet, og han var heller ikkje den leiaren
NRK hadde bruk for i Karasjok gjennom
ein svært turbulent og konfliktfylt periode.
Uroa på arbeidsplassen førte til at medarbeidarane anten slutta eller søkte om permisjon for å arbeida ved andre institusjonar. I ettertid har det også kome fram at
NRK vurderte å beordra bort ein medarbeidar, som vart vurdert som den som førte
an i motstanden mot Eriksen som redaksjonssjef.
Mislykka fellesnordiske tiltak
Finlands Rundradio (Yleisradio) starta med
samiske radiosendingar berre eitt år etter at
NRK kom i gang. Sendingane vart produserte i Oulu (Uleåborg) og sende ein gong
i veka. Etter kvart kom det to sendingar i
veka og sendestaden flytta til Rovaniemi.
Og i 1972 ble YLE Sámi Radio etablert i
Enare.
I Sverige gjekk det vesentleg lenger tid
før samane fekk eit fast samiskspråkleg
radio-tilbod. Dei svenske samane fekk
ikkje noko samiskspråkleg radiotilbod før
i 1965. Då var det sameredaksjonen i
Tromsø som fekk i oppdrag å laga fem
minuttar nyheitssending kvar morgon,
som så vart sendt i Nord-Sverige. Året etter
gjekk desse sendingane også ut over Nord-
Finland.
Det samepolitiske samarbeidet over
landegrensene, mellom anna gjennom etableringa av Nordisk Sameråd, førte til idéar
og framlegg om fellesnordiske løysingar på
medieområdet. På slutten av 1960-åra og
byrjinga av 1970-åra kom to utgreiingar
med tanke på å etablera eit fellesnordisk
produksjonssenter for samiske radio- og
fjernsynssendingar. Utgreiinga konkluderte
med at det var både behov og interesse for
eit slikt senter. Men dei nasjonale kringkastingsselskapa følgde ikkje opp. Intern
samisk usemje om kvar eit slikt produksjonssenter skulle lokaliserast, var ei av årsakene til at planane etter kvart vart skrinlagde.
Etter at dei nordiske planane var skrinlagde, starta NRK arbeidet med å flytta
sameredaksjonen frå Tromsø til Karasjok. I
november 1976 var flyttinga ein realitet, og
kringkastingssjef Torolf Elster kunne konstatera at no var «etableringen av verdens
første sameradiokontor med full distriktskontorstatus» gjort.
Sjølv om planane for eit fellesnordisk
produksjonssenter ikkje vart realiserte,
kom det likevel i stand eit programsamarbeid mellom dei samiske einingane i Sveriges Radio, Yleisradio og Norsk rikskringkasting. Dette samarbeidet med sams
radiosendingar har altså vore i gang meir
eller mindre samanhengande sidan midten
av 1970-talet.
På midten av 1990-talet tok ein nye
skritt i det samnordiske samarbeidet om
radiosendingar. Dei nordiske radiosjefane
vedtok i 1998 at radiotilbodet for den
samiske målgruppa i Finland, Noreg og
Sverige skal samlast i ein fellesnordisk digital lydradiokanal (DAB) så snart som mog-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
113
leg. Innføringa av digital radiokringkasting
har teke lenger tid enn ein trudde, slik at
dette målet ikkje er nådd enno.
Men det skulle enno ta mange år før
NRK Sámi Radio fekk ressursar til å produsera sendingar med same standard og
kvalitet som det dei andre distriktskontora
til NRK produserte. Gjennom 1980-åra
vart det lettare å vinna aksept for at samane
hadde krav på utvida radiotilbod på
samisk, men det var ikkje like lett å få
denne forståinga omsett til reelle vedtak
om sterkare utbygging av den norske sameradioen.
Sjølv om Alta-saka førte til eit betre
mediepolitisk klima, var det fyrst på slutten av 1980-talet og det siste decenniet på
1900-talet at det samiske kringkastingstilbodet verkeleg fekk ei sterk utvikling. Det
radikale omslaget kom med kringkastingssjef Einar Førde, som klart såg det globale
ansvaret NRK har for samisk kultur- og
samfunnsutvikling. Sjølv har Førde sagt at
det paradoksalt nok har vore lettare for han
å støtta samisk språk, kultur og identitet
som kringkastingssjef, enn det var å gjera
det same medan han var kyrkje- og
undervisningsminister og hadde ansvar for
kulturen i dette landet.
Faste samiske fjernsynssendingar
I 1990 skreiv Norsk rikskringkasting fyrste
kapittel av den samiske fjernsynshistoria.
Då starta nemleg faste samiske fjernsynssendingar i Noreg. Tilbodet er stadig
utvida, og i dag kan samiske born få barneprogram på fjernsyn kvar veke.
Eit nytt kapittel vart skrive i 2001 då
NRK saman med SVT etablerte daglege
samiskspråklege nyheitssendingar på fjernsyn. YLE kom med i samarbeidet eitt
114
halvår seinare. Nyheitssendingane presenterer samiske nyheiter frå dei nordiske
landa, men sendingane er også svært viktige når det gjeld å trekkja fram urfolksspørsmål og urfolksnyheiter frå ulike delar
av verda. Sámi Radio har fått i gang eit
nettverk for nyheitsresearch og er i ferd
med å etablera ein nettstad for å utveksla
nyheitsmateriale mellom ulike urfolksstasjonar.
I dag er NRK Sámi Radio med sine vel
70 medarbeidarar den største mediebedrifta i Finnmark. Hovudredaksjonen i
Karasjok saman med 8 lokalkontor lagar
dagleg over fem timar samiske radiosendingar, 15 minutt fjernsynsnyheiter kvar
dag og fjernsynsprogram for born kvar
veke. Frå hausten 2005 får samiske born to
program i veka. Dessutan lagar kontoret
nyheitsinnslag både til regional- og riksnyheitssendingar. NRK Sámi Radio driv
digitale prøvesendingar og er ein moderne
utstyrt radio- og tv-stasjon.
Frå omsetjing til kritisk journalistikk
Dei fyrste åra var NRKs samiske nyheitssendingar omsette klypp frå dei norskspråklege nyheitssendingane. Då var det
ingen sjølvstendig samisk nyheitsjournalistikk. Ressursmangelen og dårleg kommunikasjon gjorde det vanskeleg å få fram
nyheiter frå samiske område. Samstundes
var det slett ikkje ynskt at dei samiske sendingane skulle formidla det som skjedde i
det samiske samfunnet. Målet var fyrst og
fremst å bringa norsk kultur og norsk tenkemåte til samane gjennom dei samiske
radiosendingane.
For den samiske sjølvkjensla hadde det
likevel mykje å seia at samisk språk vart
brukt i radioen. Dei som stod i spissen for
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
dette arbeidet, visste nok at sendingane i
seg sjølv kom til å vera viktige, sjølv om
innhaldet var prega av norske vurderingar
og verdiar.
Klimaet for å driva meir sjølvstendig og
oppsøkjande journalistisk arbeid vart betre
utover 1960-talet. Men manglande ressursar og skulering var årsaka til at den
samiske nyheitstenesta bar preg av klypp
frå aviser og omsett stoff frå norske radionyheiter og frå NTB (Norsk Telegrambyrå). Ein kan heller ikkje stikka under stolen at den samiske kulturreisinga og
samiske organisasjonar til langt ut på 1980talet til dels var svake og følsame for eventuell kritisk saumfaring. Dei samiske journalistane opplevde situasjonen som eit
dilemma: den overordna målsettinga om å
utvikla samisk språk og kultur tyktest å
kollidera med journalistane sitt faglege
ynske om å opptre kritisk i forhold til det
eigne samfunnet.
Utover 1980-talet vart den samepoli-
tiske debatten meir mangfaldig, og det
samiske samfunnet hadde vakse seg sterkt.
Ein ny generasjon journalistar ynskte på
ingen måte å opptre som tenarar for samepolitiske ideologiar eller samerørslas representantar i radio- og avisredaksjonar. Den
samiske journalistikken gjekk inn i ei ny tid
med same idéelle målsetjingar, oppgåver og
oppdrag i det samiske samfunnet, som norske medium har i det norske samfunnet.
Journalistisk fagutdanning og profesjonalisering førte til stadig meir kritisk og
ubunden kringkasting. Samisk journalistutdanning på slutten av 1990-talet medverka sterkt til kvalitetsheving i samisk
journalistikk. Med sin samiske kulturbakgrunn og journalistiske fagutdanning har
dei samiske journalistane eit godt utgangspunkt til å beherska vår fleirkulturelle arena
betre enn dei fleste andre.
Omsett til nynorsk av Randi Alsnes.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
115
Ei framtid med nynorsk? Ja takk!
Inger Johanne Sæterbakk
Leiar i Mediemållaget
Som heilt fersk nynorskrøyst i radio, fekk
eg tilbakemelding frå ein lyttar om at det
var forferdeleg å høyre på meg.
Det forferdelege med meg var at eg
hadde nordnorsk talemål og normerte til
nynorsk. Vår mann, som formulerte sine
innspel på bokmål, reagerte «svært negativt» på det han høyrde, og meinte at eg
«gjør nynorsken en bjørnetjeneste» ved å
halde på som eg gjer.
Eg las brevet, og lo litt. For eg hadde
ikkje trudd at eg skulle kunne leve utan
slike tilbakemeldingar, som nordnorsktalande nynorskbrukar i etermedia. Og eg
trur ikkje primært han var nynorskmotstandar, han som reagerte på mi tilnærming til det normerte talemålet. Eg trur
han var ein kjenslestyrt språkpietist. Og dei
finst det mange av framfor norske fjernsynsskjermar og radioapparat.
For det generelle språkmedvitet står
sterkt hos folk flest i dette landet. Men ofte
krinsar medvitet om våre heilt personlege
kjensler for kva som er rett og gale. Og det
som er rett, er det som av gammal vane verkar naturleg. For nokon blir nynorsk med
nordnorsk tonefall heilt feil. Sia det ikkje
er det vi er vande til å høyre. Men dialektgrensene er òg heilage for mange. Fleire
kollegaer i ulike redaksjonar i NRK kan
fortelje om lyttarar som stadig er på tråden,
skriv e-postar og til og med lesarbrev i
116
lokalavisa for å fortelje kor forferdeleg
språk desse journalistane har. Og i dei fleste
tilfella dreier det seg om feil dialekt på feil
plass. Trønderar vil ikkje ha distriktsnyheitene sine presentert av ein vestlending, og
på Austlandet set enkelte ivrige lyttarar
morgonkaffien i halsen om dei blir vekte av
ein trønder ved daggry.
På same måte som oppfatninga om kvar
i Noreg det er naturleg å høyre vestnorsk
og trøndsk – ja, akkurat, i Vest-Noreg og
Trøndelag, trur eg biletet av det nynorske
kjerneområdet er overeksponert i medvitet
til mange nordmenn. Nynorsk er eit fenomen som høyrer heime i fylka på Vestlandet og i dei indre dalstroka på Austlandet.
Vi har ikkje problem med ei sunnmørskvinne eller ein mann frå Valdres som normerer til nynorsk. Men folk frå resten av
landet ventar vi at skal kle seg i ei bokmålsdrakt, anten ho passar eller ikkje.
Eksotisk
Vi veit at nynorsken og dialektane finst i
andre område enn dei vi reknar som heimeområda deira. Folk flyttar dit utdanning, jobben eller kjærleiken er, og dei
fleste tar med seg dialekten dit dei reiser. Så
flott stilt er det ikkje alltid for nynorsken,
som diverre i mange tilfelle blir lagt att
heime. Men han blir òg oppdaga og
spreidd av engasjert ungdom, foreldre med
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
nynorskbakgrunn, synlege målaktivistar og
språkmedvitne folk som søkjer etter han.
Nynorskbrukande nordlendingar, trønderar eller østfoldingar er såleis ikkje eksotiske. At eg likevel trur og har erfart at tanken om eit nynorsk kjerneområde sit spikra hos mange, er ikkje rart om vi skrur på
tv-skjermen eller radioen. For der er
nynorsk- og bokmålsbruken så tradisjonell
som den kjenslestyrte språkpietisten vil ha
han. NRK er den einaste riksdekkande
kringkastaren som har eit lovpålagt språkansvar, med krav om minimum 25 prosent
frå kvart av skriftspråka i sine sendingar,
der normert talemål må brukast i alle meldingstenester. Og kvar dag blir nyheitssendingane i radio og fjernsyn styrt med stø
hand, av dyktige avviklarar, på nynorsk og
bokmål. Men har du høyrd nokre andre
enn vestlendingar eller folk frå fjellbygdene
på Austlandet som les nynorsk, eller austlendingar frå flatbygdene som presenterer
nyheitene på bokmål? Desse har i tilfelle
gått meg hus forbi, både i NRK og TV2.
«Stolt nynorsk»
Løvetanna er bumerket til Nynorsk Mediesenter i Førde. Senteret held hus i same
lokale som distriktskontoret til NRK i
Sogn og Fjordane, men er ei sjølvstendig
eining. I september 2004 vart senteret
opna, og har så langt utdanna 15 unge
nynorskbrukarar med mål om å bli dyktige, frodige og framfuse nynorskjournalistar under mottoet «stolt nynorsk». Sjølv
fekk eg vere med i det første kullet som
gjekk gjennom den seks månader lange
utdanninga. Og eg trur bumerket og
grunntanken til Nynorsk Mediesenter
representerer ein tankegang som alle norske media burde ta til seg. Bles du på løve-
tanna spreier frøa seg, og det er tanken med
den nye generasjonen nynorskjournalistar;
vi skal spreie nynorsken med nye talemål,
til nye område, både i geografien og innafor journalistens arbeidsfelt.
I inneverande år arbeider Noregs Mållag for å sleppe nynorsken til i Dagbladet
og VG, to riksdekkande aviser som båe
fører ei streng bokmålsline under trykksverta. Underskriftskampanjen har så langt
samla om lag 30 000 namn, og på lista finn
eg signaturen til folk eg aldri før har forbunde med nynorsk, både frå eigen
omgangskrins og den offentlege arena.
Trass i den store oppsluttinga om ønsket
frå Mållaget, seier redaktørane i Akersgata
at det ikkje kjem til å bli endringar i deira
språkprofil. Eg trur det handlar mest om å
sleppe nynorsken fri. I redaktøranes øyre
og auge passar nok ikkje nynorsk inn i dei
områda desse avisene liker å bruke spalteplass på; sport, sex og samliv, reiser og kjendisstoff.
Og dette må etermedia vere med å ta
ansvar for. Nok ein gong vil eg trekkje fram
NRK. NRK forvaltar på mange område
nynorsken godt, men rikskringkastinga har
eit særskilt ansvar overfor nynorsk, og vi
har difor lov til å stille krav til dei. I dag
finn vi majoriteten av nynorskbruken i
NRK innafor det eg vil kalle «viktig og
alvorleg». Vi har mange gode ambassadørar for nynorsk i form av profilerte og ikkje
minst dyktige journalistar. For meg som
nynorskjournalist er desse idola mine. Men
vi høyrer dei mest i nyheitssendingar i
radio og fjernsyn, i programannonsering,
debattprogram og vitskapsprogram, eller
med kvasse kommentarar eller spissformulerte kåseri.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
117
Barne-TV på bokmål
Sjølvsagt er det flott å vere viktig og få vere
med på å setje dagsorden. Men nynorsken
treng å få eit utvida bruksområde i etermedia, både for å brøyte veg for avisene, men
ikkje minst for å vere naturleg for fleire. For
ei tid tilbake var Mediemållaget, i lag med
Kringkastingsringen og leiinga i Noregs
Mållag i møte med NRK. Der møtte vi
forståing og samarbeidsvilje for å få meir
dialekt og nynorsk inn i barne- og ungdomsprogram. I dag representerer barneprogramma i NRK i stor grad Oslogryta.
Då eg var barne-TV-sjåar drøymde eg om å
få vere programleiar eller skodespelar i
Midt i Smørøyet, som gjekk i fjernsynet kvar
laurdag. Men eg visste med meg sjølv at det
var berre ungane i Oslo som fekk vere med
på dette. Over ti år seinare tenkjer nok
ungar utanfor Austlandet det same når dei
til dømes ser på storsatsinga Barnas supershow. For det er bokmål som rår i dette programmet, med unnatak av ein vaksen skodespelar som snakkar sunnmørsdialekt. Vi
treng å høyre vår eigen dialekt på fjernsyn.
Det er med på å skape stoltheit kring eigen
språkleg identitet. Og når programleiaren
i fleirmediale ungdomsprogram brukar
nynorsk, sender det viktige signal både til
nynorskbrukande ungdom og ungdom
som ikkje har det same forholdet til språket.
Men vi skal ikkje gløyme det «viktige og
118
alvorlege» heller. Der trur eg jobben ligg i å
få fram eit større nynorsk dialektmangfald,
både i NRK, TV2, Kanal 24 og P4. Det
same gjeld dei distriktskontora i NRK som
ligg i den kjenslestyrte språkpietistens kjerneområde for bokmål. Og vi skal sjølvsagt
ikkje gløyme dei som har lyttarar som
synest nynorsk er heilt naturleg. Likevel
trur eg det viktigaste er å få fram at nynorsken ikkje følgjer fylkesgrensene vest for
Langfjella, men passar for alle.
Eg ser lyst på livet som nynorskjournalist i norske etermedia, sjølv om breva, telefonane og e-postane vil kome med jamne
mellomrom. For eg håpar og trur at dei
som sit på makta innafor desse media har
skjønt at nynorsk har eit større bruks- og
virkeområde enn det vi kjenner i dag.
Nynorsk Mediesenter som leverandør av
nynorskjournalistar og ikkje minst nytt
tankegods vil få mykje å seie for denne
utviklinga. Og eg trur avisene vil kome
etter dersom etermedia greier å sleppe
nynorsken fri.
Eg er overtydd om at nynorsk vil få
større rom i norske media i framtida. Vegen
er lang og grisgrendt, og vi må vere framfuse, modige og irriterande, med stoltheit
og tru på vår eiga dyktigheit. Men lar vi
den kjenslestyrte språkpietisten få siste
ordet, då har vi gjort nynorsken ei bjørneteneste.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Foto: Helge Tennø
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
119
«Grautmålet»
Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Det var mange nynorskbrukarar som sleit i
fjernsynets barndom. Men då eg kom til
NRK i 1969, hadde nok dei som gjekk før
meg brøyta unna det verste. Det var utruleg kva enkelte måtte tåle av hets for målet
sitt, men dei fleste retta ryggen og «stod
han av.»
Då eg tok til i NRK var fjernsynet 9 år
gamalt her i landet, og mykje hadde roa seg
på den tida. Eg kan faktisk ikkje hugse
meir enn eitt einaste negativt brev eg fekk.
Det var like før jul, etter at det vart blitt
offentleggjort i avisene korleis programmet
skulle vere i NRK fjernsynet på julaftan –
og at eg skulle vere julaftansvert. Då fekk
eg eit sint brev frå ein mann som sa at han
ville eg skulle vite at julekvelden alt var
øydelagd for han, sidan eg skulle vere på
vakt den kvelden. Han brukte å sjå mykje
på fjernsyn på julaftan, men det var utenkjeleg for han å gjere det når eg skulle sitje
der med «grautmålet» mitt. Sidan eg kunne
dukke opp «når som helst» i løpet av sendinga, måtte altså han ha TV-apparatet
avslått heile kvelden, og han heldt meg personleg ansvarleg for å ha øydelagt julestemninga for han.
Om det likevel vart slik at han tjuvtitta
litt iblant i løpet av sendinga den kvelden,
veit eg ikkje noko om, og eg har ikkje
akkurat vore tyngd av skuldkjensle i dette
tilfellet. Heldigvis er dette ca 30 år sidan.
120
Det ville vel ikkje ha skjedd i dag.
Men svært ofte – i alle desse åra – har eg
opplevd følgjande: Folk snakkar til meg
om at dei ikkje likar nynorsk, og at dei tykkjer det er altfor mykje av det i NRK. Og
etter å ha kome med ganske krasse utfall
mot nynorsken, seier dei så til meg: «Men
dette gjeld ikkje deg, for du har jo slik ein
fin dialekt, og det likar eg å høyre på – iallfall når dialekten er så lett å forstå som din
er.» Dei blir ganske flate, og nektar ofte å
tru det, når eg fortel at eg aldri snakkar dialekt i jobben. Eg snakkar korrekt nynorsk
utan det minste dialektinnslag – for det er
eg pålagd å gjere i tenesta som kanalvert.
Dette viser at mange rett og slett ikkje
greier å skilje mellom normert nynorsk og
dialekt. Men dei har bestemt seg for at det
dei trur er nynorsk, det skal dei ikkje like.
Dialekt er meir akseptert, og ein kan til og
med briljere litt med dialektgjenkjenning.
Etter kvart som åra har gått, har dei
munnlege media opna heilt opp for bruk
av dialektar. Det er bra – dialektane har fått
ein heilt annan status enn for 20–30 år
sidan. Men eg meiner det er viktig at både
bokmål og nynorsk blir å høyre munnleg
også – i korrekt språkleg form.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Foto: Helge Tennø
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
121
Torolf Elster – ein sjeldan plante
Olga Meyer
Kvar torsdag, fekk eg vita då eg byrja våren
1969, var det «husmøte» i NRK-radio på
Marienlyst. Eg gjekk dit spent på kva for
møte dette var. Ved bordenden sat programdirektøren for radio, Torolf Elster, og
nedetter på begge sider av eit langt, ovalt
og solid, lyst møtebord, sat alle avdelingsleiarane på rad; Hartvig Kiran, Kristian
Lange, Per Bøhn, Gudrun Simonsen,
Helge Sverre Nesheim, Rolf Kirkvaag, Paul
Skoe, Per Riste, Tor Myra, Arthur Klæbo
og Lasse Dyrdal. Det var litt av ei forsamling! I tillegg var me fotfolket der. Møtet
gjekk gjennom programframlegga frå avdelingane, samordna og sorterte av sekretariat
og av radiodirektøren. Program som var
kringkasta vart vurderte og nye idear lufta.
På dette første husmøtet mitt hende det
noko som fekk meg til verkeleg å spissa
øyro. Det galdt pålegg frå NRK-leiinga om
meir nynorsk i radiosendingane: Elster
viste til at han tidlegare hadde gjeve programavdelingane melding om å sjå til å
auka nynorskprosenten, men utan at han
hadde vore fornøgd med resultatet. Deretter hadde han pålagd avdelingane å levera
handfaste skriftlege planar, svar som han
no sat med i hendene. Opplegget frå to av
avdelingane godtok Elster ikkje. Leiarane
fekk planane tilbake over bordet med
«beskjed» om å ta saka alvorleg og koma
med nye opplegg. Eg undra meg: Tenk at
ein Oslo-mann tok nynorskprosenten så
122
alvorleg! Det var ei god oppleving.
Me i målrørsla har mykje å verdsetja
Torolf Elster for. Som programdirektør i
NRK-radio frå 1963 og som kringkastingssjef frå 1971, tok Elster på alvor føringane
frå Stortinget om målet: 25 prosent
nynorsk i NRK-sendingane. I mine 31 år i
NRK opplevde eg ingen toppleiar som
gjorde så mykje for nynorsken som han.
Han var den første som fekk tilsett ein
eigen språkkonsulent for nynorsk, den
beste som var å få: Magne Rommetveit,
grunnleggjaren av Kringkastingsringen.
Neste tilsetjing var ein medarbeidar som
hadde i eineoppgåve å skaffa nynorsksbrukarar til NRK, først Oddvin Lundanes,
kjend frå Noregs Ungdomslag, og etter han
ingen ringare enn Sylfest Lomheim. Han
vart seinare språkkonsulent i nynorsk i
NRK og søkkjande godt omtykt av alt som
kraup og gjekk der i garden, og ein som
dermed skaffa mykje godhug for nynorsken.
Elster tok likeeins på alvor utbygging og
styrking av distriktskontora – og dermed
dempa det auken på Marienlyst. Kringkastingssjefen var nok ikkje allmektig «på haugen», men han var «fast i fisken», og knapt
nokon annan kunne ha makta meir enn
han når det galdt distrikta og nynorsken.
Elster var også lydhøyr når det galdt å auka
talet på kvinner i programma. Kvinnene
hadde etter kvart blitt utolmodige og sette
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
i 1974 i gang ei eiga undersøking gjennom
fire veker over kor mange kvinner og menn
som snakka i NRK radio og fjernsyn.
Undersøkinga viste for ein månad 21.5 %
kvinner og 78.5 % menn. Ikkje alle mannlege sjefar lika like godt dette geskjeftige tiltaket frå kvinnene. Men Elster var lydhøyr
og samtykte i eit kvinneseminar for å betra
stoda.
Ein forunderleg fyr denne Elster, lydhøyr og omtenksam, full av humoristisk
sans, avhalden av radikale som av konservative, av fotfolk som av folk i sjefssjiktet,
av «bråkebøtter» som av fåmælte – og ikkje
minst – av dei som dagleg arbeidde saman
med han – uvanleg kunnskapsrik, likevel –
eller nettopp difor – lydhøyr andsynes
medarbeidarar, sette pris på opposisjon og
kunne utan irritasjon endra på ei avgjerd
dersom ein medarbeidar visste ei betre løysing. No er Elster 92 år gamal, men støtt
når me gamle NRK-folk kjem saman og
særleg då radio-folk, og ikkje minst me
målfolk, ja så endar det støtt med ei triveleg
historie knytt til den gamle Mot-Dag`isten
i Husebygrenda.
Denne radikalaren, Elster, kunnig i det
meste på topplan, han var den som best av
alle skjøna kva vanlege lydarar og sjåarar
rundt om i by og bygd venta seg og ynskte
seg frå NRK. Snobberi og jåleskap hos programleiarar i ordbruk og i haldning stod
difor ikkje høgt i kurs hos kringkastingssjefen. «Elster, du er naturstridig,» sa eg ein
gong til han på eit møte. «Du skal sjølvsagt
ha god greie på litteratur og politikk på
høgste plan. Det er heilt naturleg. Det
naturstridige ligg i at ingen skjønar seg
betre enn deg på haldningane rundt om i
by og i bygd, på føresetnadene og på korleis programma skal vera laga for at kvar ein
kan ha nytte og glede av dei – kjenna i både
ordbruk og i tema at dette er noko som
gjeld også meg og mine, mitt arbeid og
mitt liv og oss her i grenda eller i gata.»
Dette innsynet og denne rettferdskjensla hos Elster, merka me godt ikkje
minst i striden i tilknyting til folkerøystinga i 1972. Det politiske maktapparatet,
embetsverket, industrien og ikkje minst i
det politiske pressemiljøet – også i NRK –
var klart i overvekt for medlemskap. Likevel og difor fastsette Elster «balanse på kort
sikt». «Ingen er upartisk i denne sak,» slo
han fast. Heller ikkje representantar frå
embetsverket eller statsadministrasjonen
kunne godtakast som upartisk i saka. Brot
på retningslinene, balansen, i EF-dekkinga,
vart påtala. Eitt utval for radio, der eg var
med, og eitt for fjernsyn fekk som oppgåve
å sjå til at retningslinene vart etterlevde, og
balansen kom seg etter kvart.
Mange meinte at Elster måtte vera
NEI-mann sidan han sette så mykje inn på
balanse mellom ja og nei-dekkinga. Det
trudde ikkje eg, og eg fekk rett. Eit par års
tid etter at Elster hadde gått av for aldersgrensa, råka eg tilfeldigvis på han. Eg våga
meg frampå og sa: «Du Elster, det var
mange som trudde du måtte vera NEImann sidan du var så pass oppteken av
«balanse på kort sikt». Men – la eg til – eg
trudde det ikkje. Eg kjende det på meg at
du var JA-mann, men at du kjende ansvar
for skaffa balanse i NRK-dekkinga.» Eg
gløymer ikkje svaret sagt med ein humoristisk blink i auga: «Jeg var ikke bare JAmann, jeg var en entusiastisk JA-mann!»
Ved seinare høve spurde eg om eg kunne få
bruka utsegna hans offentleg. «Ja, nå står
det deg fritt å gjengi det du vil!» svara heidersmannen Torolf Elster.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
123
Nynorsk mediesenter – frå idé til røyndom
Magni Øvrebotten
Leiar for Nynorsk mediesenter
Nynorsk mediesenter var vedteke før det
var utgreidd. Det var ein idé som synte seg
å vere på rett plass til rett tid. Idéen bygde
på mange års oppal av nynorskbrukande
journalistar, og vart boren fram av folk som
veit at ingenting gjer seg sjølv.
NRK Sogn og Fjordane eksporterte vel
50 nynorskbrukande journalistar frå 1990
til 2000, som drog vidare til andre riks- og
lokalredaksjonar i NRK, TV 2 og fleire aviser. Distriktskontoret satsa medvite på
nyhende og folk som snakka lokale dialektar og nynorsk. Vi meinte at det var grunnlaget for vel 50 % oppslutning om denne
lokalsendinga. Det vart eit kvalitetsstempel
å ha vore ved kontoret i Førde, og det var
rift om gode nyhendejournalistar som
brukte nynorsk.
For kvar ein som reiste, starta rekrutteringa og opplæringa av nye talent, ofte frå
grunnen av. Det var eit slit, for den faste
kjernen av tilsette måtte i tillegg til å vere
journalistar i radio, fjernsyn og Internett,
også vere lærarar for nye kollegaer. Enkelte
i NRK kalla det «Førdeskulen», og som ei
lita takk for dette arbeidet fekk kontoret i
1996 pengar til opplæring av éin nynorskpraktikant i året.
Alt i 1992 lanserte NRK Sogn og Fjordane at den då nedlagde ordninga med
nynorskpraktikantar i Oslo skulle takast
opp att og leggast til Førde. Kringkastings124
sjef Einar Førde likte idéen, men sidan kontoret alt var peika ut til prøvekontor for distriktsfjernsyn, saman med NRK Hordaland, våga han ikkje legge meir til Førde.
Det kunne fort bli mistanke om favorisering av heimfylket, så tanken frå Førde vart
lagt til NRK Møre og Romsdal i Ålesund.
Sukra pille
Då Arve Sandal i 2001 slutta som redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, etter ni
år i jobben, lanserte han idéen om eit
Nynorsk kompetansesenter lagt til distriktskontoret. Føremålet skulle vere
rekruttering og opplæring av nynorskbrukande journalistar. Kontoret hadde alt
lenge synt at det hadde kompetansen som
skulle til, meinte han. Forslaget vekte ingen
reaksjonar i NRK, eg masa om det for døve
øyre.
Sommaren 2002 kom forslaget om å
legge distriktskontoret i Førde under NRK
Hordaland, med sams redaktør og administrasjon i Bergen. Det vekte eit sterkt folkeleg opprør i Sogn og Fjordane, som vart
lagt merke til også i det politiske miljøet.
Det vart også idéen om Nynorsk kompetansesenter, som vart brukt som eitt av
argumenta for å behalde eit sjølvstendig
distriktskontor i Sogn og Fjordane.
26. august 2002 sukra styret i NRK pillen om samanslåing av dei to distriktskon-
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
tora med at det skulle opprettast eit
Nynorsk kompetansesenter i Førde, «som
ivaretar de særlige oppgavene som Førde
har i forhold til nynorsk språk og kultur».
Styrevedtaket om samanslåing av sju
sjølvstendige distriktskontor til tre vart
mellombels stoppa av kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Ho var skeptisk til
samanslåinga av Finnmark med Troms og
Sogn og Fjordane med Hordaland. Dette
var distriktssendingar med svært stor oppslutning, og dei dekte område med mindre
medietilbod enn elles. Ho ville ha på bordet fylgjene av samanslåingane i Trøndelag
og Hedmark/Oppland før meir kunne
skje. Det var stort oppstyr over at medieministeren ville styre utviklinga.
Både i pose og sekk
NRK Sogn og Fjordane argumenterte med
at skulle det vere base for eit Nynorsk kompetansesenter, med opplæring av inntil ti
journalistar i året, så måtte det vere eit
sjølvstendig distriktskontor, med eigen
redaktør og administrasjon. Det vart òg
påpeika at Bergen og nynorsk ikkje nett var
synonyme ord.
På styremøtet 9. januar 2003 stod styret i NRK fast på alle samanslåingane frå
året før, bortsett frå at «sammenslåing av
distriktskontorene i Sogn og Fjordane og
Hordaland gjennomføres ikke. Styret
finner at en sammenslåing av disse redaksjonene vil kunne virke som et hinder for
opprettelsen og utviklingen av et nynorsk
kompetansesenter i Førde».
NRK Sogn og Fjordane overlevde som
sjølvstendig distriktskontor på grunn av
idéen om Nynorsk kompetansesenter, og
fekk såleis både i pose og sekk. Det hadde
nytta å kjempe, og det var vondt å svelgje
for dei som meinte at det var illojalt, og at
større einingar var det beste.
Utpå våren oppnemnde NRK ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe til å
utgreie Nynorsk kompetansesenter; føremål, oppgåver, namn, organisering, økonomi. Rapportane frå gruppa låg føre til jul
og synte mellom anna at talet på nynorskbrukande journalistar i NRK hadde gått
attende frå 19 % til 13 % frå 1988 til
2003. Nynorsk var i fyrste rekkje eit distrikts- og nyhendespråk, og berre 5 % av
dei som arbeidde med barne- og ungdomsprogram i NRK brukte nynorsk. For kvar
nynorskbrukande medarbeidar tilsette
NRK 10 nye bokmålsbrukarar, og for kvar
nynorskbrukande leiar i NRK var det over
30 som hadde bokmål som hovudmål.
Kulturministeren var sjølvskriven
Det var ein openberr kandidat til å opne
Nynorsk mediesenter 2. september 2004,
kulturminister Valgerd Svarstad Haugland.
Ho ivra for idéen frå fyrste gong ho høyrde
om han, og utan hennar engasjement
hadde det ikkje vorte noko Nynorsk
mediesenter.
– Nynorsk mediesenter her i Førde kan
vise seg å bli eit svært viktig tiltak for å
utvikle og utbreie godt nynorsk mediespråk, sa ho i talen sin ved opninga.
Elles deltok mange kjende nynorskingar med song, musikk, dikt og andre
kulturinnslag. Og det fall mange godord
både frå leiinga i NRK og ikkje minst frå
andre organisasjonar og institusjonar som
arbeider for å styrkje nynorsken.
Stolt nynorsk
Dette er visjonen for Nynorsk mediesenter,
som vart det endelege namnet. «Nynorsk
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
125
mediesenter skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i dialekten og språket sitt. Då vil dei ta vare på det, kjempe
for det og bli ei kraft for den språklege
identiteten som nynorsken er.»
Gode nynorskbrukande journalistar i
etermedia er gode ambassadørar for nynorsken og gjer oss stolte av språket vårt og
røtene våre.
Nynorsk mediesenter skal ale opp fleire
slike ambassadørar, og det skal drive kursverksemd som skal gjere nynorskbrukarar
trygge nok til å nytte språket sitt, og såleis
auke det språklege mangfaldet i medie- og
samfunnsdebatten.
Dyktig – frodig – framfus
Dette er verdiane Nynorsk mediesenter
skal byggje på. Dei skal seie noko om kva
senteret vil vere, og kva som skal prege
både dei som arbeider ved senteret og dei
som vert lærde opp der. Det skal vere kvalitet i alle ledd, slik at dyktig vert omdømet
til senteret.
Nynorsk er meir enn eit språk; det er
ein identitet, ein kultur og ei historie. Ein
trygg språkleg og kulturell ståstad er viktig
for å vere open for nye impulsar, og for å ta
sjølvstendige val. Nynorsk språk og kultur
har ein frodig tradisjon som Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på. Eit mål er at
nynorsken får innpass på nye område.
Nynorskbrukarar må vere dyktige for at
språket ikkje skal bli brukt mot dei. Då
nyttar det ikkje å stå med hua i handa, ein
må vere litt framfus, i den positive tydinga
av ordet. Våge å merke seg ut, stå for noko
og vere noko.
Målet for Nynorsk mediesenter er eit
godt omdøme, det må til for å lukkast. Det
kan senteret berre få ved at praktikantane
126
held eit høgt nivå. For å oppnå det må det
vere kvalitet i alle ledd, ikkje minst hjå dei
tilsette og når det gjeld innhaldet i senteret.
Nynorsk frå heile landet
Nynorsk mediesenter er organisert direkte
under personaldirektøren i NRK, med eit
årleg budsjett på vel 3,5 mill. Det er eit mål
at senteret i framtida skal bli ei stifting,
eigd og driven av fleire enn NRK. Eg fekk
jobben som leiar av Nynorsk mediesenter
frå 18. mai 2004, etter 14 år som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.
Det har vore god søknad til dei tre fyrste kulla med nynorskpraktikantar. Dei
fem fyrste byrja 1. september 2004, og
innan jula 2005 har 15 nynorskpraktikantar vorte lærde opp i Førde. Haustkullet
byrjar 1. september, vårkullet ved nyttår.
Tyngda av søkjarane er vestlendingar,
men på kvart kull har det vore ein til to
med austnorsk eller trøndersk/nordnorsk
dialektbakgrunn. Nynorsk mediesenter
ynskjer å rekruttere nynorskbrukarar frå
heile landet. Stillingane vert lyste ut i
april/mai og september/oktober på nettsida
til Nynorsk mediesenter, på jobbsidene til
NRK, nettsidene til distriktskontora og i
vekeavisa Dag og Tid.
Hestekur i journalistikk
På seks månader skal nynorskpraktikantane lære så mykje at dei kan byrje som
journalistar. Det er ein hestekur, som krev
stor eigeninnsats for å henge med. Etter vel
ein månad med innføring i journalistikk,
data og teknikk i teorien er nynorskpraktikantane klare for praksis i redaksjonen til
NRK Sogn og Fjordane. Dette er opplæring etter «lære med å gjere det»-metoden,
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
der det er kort veg mellom teori og praksis
i radio, fjernsyn og Internett.
Dei skal òg lære at det gjeld å snu seg
fort, fylgje godt med og kunne jobbe mykje
for å vere journalist. Det praktikantane
lagar, skal vere godt nok til å bli sendt, både
lokalt og på riksnettet i NRK.
Høge mål
Vi ynskjer å gjere folk tryggare i møte med
media, og vi har særleg dialekt- og nynorskbrukarar som målgruppe. Med kurs i
eit direkte og klart språk og medietrening
håpar vi å medverke til større språkleg
mangfald i medie- og samfunnsdebatten.
Kursverksemda vår er samla under
omgrepet «Munn og mæle», og vi skreddarsyr kurs for verksemder, lag og organisasjonar i til dømes medietrening, presentasjon, skriving for Internett, osv.
Draumen er at det frå Nynorsk mediesenter i Førde skal kome mange dyktige,
engasjerte og sjølvstendige journalistar,
som snakkar og skriv slik at folk forstår dei.
Dei skal bli så gode at det blir rift om dei i
redaksjonane. Som nynorskbrukar må du
vere dyktig for at språket ikkje skal bli
brukt mot deg, men er du dyktig kan det
bli ein fordel, både for deg sjølv og andre.
Det er høge mål, men det nyttar ikkje å
legge lista slik at alle kan stige over.
Nynorsk mediesenter skal bli ein naturleg stad for leiarar å spørje etter gode
nynorskbrukande journalistar, og vi skal
kunne tipse ulike redaksjonar om dyktige
folk. Vi kjem til å halde kontakt med dei vi
sender frå oss, og vil etter kvart kunne bli
eit ressurssenter for nynorsk i media.
Vi prøver å rekruttere breitt, slik at det
skal bli folk å hente for både barne- og ungdomsprogram, underhaldning og nyhende- og samfunnsprogram. Vona er å
medverke til auka fokus på nynorsk eterspråk og rekruttering av gode nynorskbrukarar, og vi vil bruke dei som alt finst til å
inspirere nye talent.
Det er rikeleg arbeid å ta fatt i, men det
må gjerast litt stegvis, slik at vi ikkje gaper
for høgt og ikkje får gjort noko. Vi tykkjer
sjølve at vi har kome godt i gang.
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
127
Noreg eller Norge?
Ingvild Bryn
Noreg eller Norge. Det er spørsmålet for
oss nynorskjournalistar. Sjølv har eg vingla
i mine 20 år i NRK. Først sa eg Noreg. Eg
var leiar i Mediemållaget og meinte det var
rett.
Så gjekk eg gradvis over til Norge. Kanskje vart eg påverka av kollega Ingolf
Håkon Teigene, som nyttar eit stødig
nynorsk, men som likevel hardnakka seier
Norge. Han meiner det ikkje lenger fins
grunnlag i talemålet for å seie Noreg.
Men så ein vakker dag ringte NRKveteranen Olga Meyer og sa med bedande
røyst: «Kjære Ingvild, kan ikkje du som er
slik ei kjekk jente, seie Noreg?» Kven kan
stå for slikt? Eg gjekk straks over til Noreg.
Eller eg sa «landet vårt» eller «her i landet».
Etter ein lang Noreg-periode var eg på
galeien igjen. Ein dag berre glapp Norge ut
av munnen. Eg retta det opp att dagen
etter ved å seie Noreg. Men jammen vart
128
det Norge igjen. Fleire gonger. Så no vinglar eg igjen. Dag og Tid-redaktøren kjeftar
på meg. Han seier at eg ikkje har nokon
rett til å privatisere nynorsken og at det
berre fins eitt nynorsk namn på landet vårt.
Og dessutan er Noreg eit vakrare namn
enn Norge, meiner han.
Eg spør meg kvifor eg ikkje kan slutte
med dette tullet og seie Noreg frå no og til
eg pensjonerer meg? Er eg redd for å irritere bokmålsfolket? (Men skal eg vere reddare for dei enn Olga?) Er det fordi Noreg
er så høgtideleg at det ikkje fell naturleg
anna enn i 17. maitalar?
Eg veit at eg som nynorskbrukar bør
kjenne eit ansvar, og eg veit at eg ved å
skrive dette får mange sjåarar til å fylgje
nøye med på kva eg seier. Men seier eg
Noreg, så er det først og fremst for å gjere
min gode ven Olga glad!
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Foto: Helge Tennø
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
129
Nynorsk i radioprogram NRK
1955-2004
Nynorsk sendetid i NRK/TV
1959-2004
År
% NN
1955/56
14,2
1956/57
13,9
1957/58
15,2
1958/59
17,2
1959/60
15,9
1960, haust 16,7
1961
16,6
1962
14,5
1963
1964
1965
14,6
1966
14,7
1967
13,5
1968
10,5
1969
12,7
1970
12,6
1971
13,1
1972
18,0
1973
18,1
1974
17,8
1975
17,2
1976
17,2
1977
16,4
1978
16,5
1979
16,9
År
% NN
1959/60
0,5
År
1980
1981
1982
1983
1984
1985
1986
1987
1988
1989
1990
1991
1992
1993
1994
1995
1996
1997
1998
1999
2000
2001
2002
2003
2004
% NN
16,3
17,9
17,8
17,0
15,3
13,1
12,4
11,5
10,8
12,0
10,8
10,8
10,9
9,7
10,2
11,4
11,6
11,8
10,9
21,0
8,9
21,4
6,9
8,3
3,0
Merknader:
Dialekt er ikkje rekna med i nynorskprosenten.
1981–1982 hadde P2 prøvesendingar som
ikkje er med. Først frå 1985 finst fullstendige
data.
Frå 1985 er P1 og P2 slått saman. Frå
2.10.1993 er også P3 medrekna.
1961
4,6
1965
13,9
1972
1973
1974
1975
1976
1977
1978
1979
1980
1981
1982
1983
1984
1985
16,2
14,9
17,9
15,5
17,3
18,5
17,0
16,6
16,7
17,3
15,8
18,5
15,6
14,5
% NN
16,1
16,1
15,4
15,8
14,6
13,7
10,7
9,4
10,8
10,3
10,3
10,9
12,4
5,3
12,3
12,0
8,8
13,0
6,0
NRK tok ikkje til å føre samla målstatistikk for
fjernsynssendingane før 1972.
Frå 1996 er NRK2 medrekna.
Tala frå 1999–2003 kan ikkje samanliknast
med tidlegare år. I 1999 la NRK om grunnlaget
for språkstatistikken, og i 2004 endra dei kriteria for skiljet mellom målformer og talemål.
Kjelde: Ottar Grepstad, Nynorsk faktabok 2005
130
År
1986
1987
1988
1989
1990
1991
1992
1993
1994
1995
1996
1997
1998
1999
2000
2001
2002
2003
2004
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Nynorsk og dialekt i NRK etter kanal 1972-2004
NN Radio
År
P1
P2
Radio i alt
P3
NN
Dialekt
1972
18,1
1973
17,6
1974
NN TV
NRK1
NRK2
TV i alt
NN
Dialekt
3,3
16,2
1,9
3,9
14,9
3,0
17,8
4,6
17,9
3,7
1975
17,2
4,7
15,5
2,9
1976
17,2
5,4
17,2
4,5
1977
18,5
3,8
16,5
4,9
1978
16,5
7,0
16,9
3,9
1979
17,0
7,7
16,5
4,1
1980
16,2
7,9
16,7
5,3
1981
17,9
7,5
17,3
4,6
1982
17,8
8,2
15,7
4,7
1983
17,0
7,9
18,5
4,3
1984
15,3
8,3
15,6
4,2
1985
15,6
9,2
13,1
9,7
14,5
4,8
1986
14,4
9,6
12,4
11,4
16,1
5,6
1987
12,9
9,3
11,5
11,0
16,0
7,3
1988
12,6
8,3
10,8
11,8
15,4
5,9
1989
13,7
9,6
12,0
12,6
15,8
8,2
1990
12,3
9,0
10,8
12,4
14,7
9,2
1991
12,6
8,8
10,7
12,1
13,7
8,2
1992
12,5
8,4
10,5
14,5
10,7
7,3
1993
7,0
12,0
9,6
14,8
9,4
8,2
1994
10,4
10,9
6,7
10,1
13,1
10,8
8,5
1995
12,2
13,6
5,2
11,4
12,3
10,2
7,2
1996
12,4
13,0
6,6
11,6
16,0
10,5
8,9
10,3
8,8
1997
20,9
17,8
23,9
10,3
20,7
15,4
11,1
10,0
6,0
1998
18,0
18,0
23,0
10,0
19,7
16,0
14,0
11,5
4,5
1999
24,0
13,8
27,0
19,7
-
12,0
21,0
5,3
8,8
2000
7,7
10,5
7,2
8,9
13,2
11,7
14,0
12,3
9,2
2001
27,0
22,0
27,0
21,4
-
12,0
25,0
12,0
8,0
2002
19,0
15,0
27,0
20,3
-
10,2
15,8
13,0
-
2003
23,0
19,0
26,0
8,3
30,2
17,0
21,0
13,0
10,4
2004
24,0
20,0
28,0
3,0
42,0
23,0
19,0
6,0
32,0
Merknader:
P2 er rekna med i sumtala frå 2.10.1993
P3 er rekna med frå og med 3. kvartal 1994.
NRK2 blei opna september 1995, men er rekna
med frå 31.8.1996.
Tala frå og med 1999 kan ikkje jamførast med
tala frå tidlegare år fordi NRK la om registreringssystema det året.
Kjelde: Ottar Grepstad, Nynorsk Faktabok 2005
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
131
Helsingsliste
Bondeungdomslaget i Oslo
Buskerud Mållag
Dag og Tid
Det Norske Samlaget
Det Norske Teatret
Gudbrandsdalslaget i Oslo
Mållaget i Kristiansand
Noregs Ungdomslag
Norsk Målungdom
Norsk Ordbok
Norsk Rikskringkasting (NRK)
Norsk Språkråd
Nynorsk kultursentrum
Odda Mållag
Riksfondet for nynorsk presse
Studentmållaget i Oslo
Telemark Mållag
Trønderlaget avd. Nord
Voksenopplæringsforbundet
Aga, Sverre og Klara
Agneberg, Hans
Aksnes, Magne
Almenningen, Olaf
Alsnes, Randi
Alstadsæter, Dagfinn og Inger
Alvestad, Ingebjørg
Alvsåker, Bjarne
Andersen, Anders M
Aune, Berta
Aune, Egil Ingvar
Aursland, Helge
Austenå, Petra Synnøve
Austnes, Lillian
Bakka, Lars
Bardal, Kjell Morten
Berg, Arne og Mildrid
Berg, Bodvar
Berg, Hallgrim
Berg, Maria Høgetveit
Bergan, Gunvald
Berge, Daniel
Berge, Ingvard
Bergset, Vidar
Bergø, Eva
Berntsen, Helge og Dagrun
Bernaas, Arnfinn
Bertelsen, Siri Solvik
Birkeland, Liv
Bjørge, Magnus
Bjørge, Nils
Bjørgo, Narve
Bjørlo, Normann
Bjørnberg, Audun
Blindheim, Petra
Bollestad, Sevrin B.
Borgersrud, Lars
Bortne, Jarle
Botnen, Oddveig Benum
Botten, Anne Grete Witzøe
Breiland, Olav
Breiland, Ånund
Brottveit, Augund K
Brottveit, Kjetil O
Brunstad, Endre Otto
Bruset, Anders og Dårdi
Brørs, Styrkår og Kjellaug
Budal, Jostein
Burheim, Arne
Burheim, Eivind
Burheim, Oddvard
Byrkjeland, Leiv og Rannveig
132
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Bø, Kjell
Bøyum, Arne
Bøyum, Eirik
Dahl, Willy
Dahle, Jan M
Dale, Alv Reidar
Dale, Knut O
Daling, Lars
Digernes, Olav
Døssland, Ingeborg
Dåe, Bjarne
Ebbing, Hans
Eek, Gunnar
Eidhamar, Kristine
Eidhammer, Tove K
Eidnes, Asbjørn
Eidnes, Vidkunn og Aud
Eikemo, Tor W
Ekeberg, Arne
Endal, Jorid Laura Vingen
Engan, Olav
Engene, Per og Magnbjørg
Eriksmoen, Dag-Erik
Eskeland, Aud
Falch, Marta Østerås
Farbregd, Oddmund
Farbregd, Turid
Felland, Randi og Olav
Fetveit, Leiv
Fiskvik, Inger Lise
Fjermedal, Astrid
Fjermedal, Magnhild
Fjær, Turid og Per
Flatråker, Mass
Flem, Leif A.
Fleten, Nils
Flo, Helga
Flokenes, Kåre
Flugsrud, Sverre og Liv
Flå, Rakel
Foss, Birgit
Fossgard, Else
Frøholm, Anders og Mathilde
Fuglesteg, Anna Susanna
Fuhr, Torfinn
Fykse, Haldor
Fylling, Ivar Johan
Færrevaag, Bjarne
Færøvik, Øystein
Færøyvik, Ottar
Gjelsvik, Anders
Gjelsvik, Eldbjørg
Gjeraker, Arne
Gjerdevik, Reidar
Glette, Kåre Johs.
Gravdal, Kristian M
Gravås, Ingebjørg
Grodås, Kari Raftevold
Grunnaleite, Hans
Grønvik, Gunnvald
Grønvik, Oddrun
Gusevik, Oskar
Gvammen, Nils J
Hageberg, Otto og Arnbjørg
Hagelia, Tonnie og Gunnar
Hagen, Arnt
Hagen, Haldor
Halle, Lisbet
Halle, Tor
Hamre, Olav
Hansen, Asbjørn Nes
Haraldseide, Harald
Harsheim, Kari
Haug, Asbjørn og Lydia
Haugland, Kårleiv
Havstad, Johannes
Heggheim, Asle
Heimlid, Oddny
Heitmann, Ingeborg
Helle, Borgny
Henriksen, Henning
Heskestad, Audun
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
133
Hestholm, Norvald
Hetland, Torger G og Ella
Hirth, Helga
Hjønnevåg, Johannes
Hoel, Oddmund Løkensgard
Hognestad, Brynhild
Hole, Petter
Holsvik, Halldor
Holsvik, Oddrun
Holte, Tor Stian
Holvik, Johan Torgeir
Hope, Karl
Hotvedt, Ragnar
Hovda, Theodor
Hovdenak, Marit
Hovslien, Knut
Husdal, Kjetil
Huseby, Håvard
Høgetveit, Olav
Høydal, Mia
Hårklau, Ingjerd
Jansen, Halvard
Jenstad, Tor Erik
Johannessen, Kåre
Johansen, John Gustav
Johnsen, Geirmund
Johnsrud, Jorunn
Jonsmoen, Ola og Unni Lise
Jordal, Ingebjørg
Juveli, Konrad
Jørstad, Ragnhild
Killingbergtrø, Laurits
Kjetland, Sven og Karin
Kløve, David og Inger
Koht, Harald Sverdrup
Kolnes, Gunvor
Kolås, Kåre
Krogsæter, Noralf
Kråkevik, Trygve
Kvalvåg, Trygve og Liv
Kyllesø, Oddmund
134
Kyrkjedelen, Olav og Sigrid
Ladehaug, Helga
Langeland, Olav
Langelid, Torfinn
Langesæter, Knut
Larsen, Per Audun
Laukeland, Mass
Leiknes, Margit
Lien, Lars
Lien, Åsmund
Lindvik, Reidar
Line, Steinar
Lode, Olav og Aaslaug
Lognvik, Anne
Lundanes, Oddvin
Lunde, Arne
Lunde, Bergljot og Gunnar
Lunde, Marta
Lunde, Sigrun
Lundekvam, Fridtjof
Lyngstad, Arnold
Lysberg, Ingrid
Løning, Torstein
Løyland, Olav
Låte, Jon
Mannsåker, Magne
Mannsåker, Marit Bleie
Mannsåker, Olav M
Meling, Lars
Mestad, Viking
Meyer, Johan
Meyer, Olga
Midttun, Olav
Mjøs, Nils Aksel og Åslaug
Moa, Lars
Moen, Aud
Moen, Oddvar
Mogstad, Olav
Molund, May
Molven, Olav
Mundal, Arnold
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Myklestad, Sverre og Randi
Mølstre, Paul
Måge, Magne
Natvik, Oddvar
Nedrelid, Leiv
Nedrestøl, Jenny og Henrik H
Nesheim, Reidar
Nesje, Leif
Nesse, Trygve
Norang, Øyvind Per
Nordeng, Tormod
Nordsletten, Øyvind
Nordvik, Målfrid
Nordås, Hallvard
Nygaard, Sigurd
Nærland, Gabriel O
Nøkleby, Olaf
Nøkling, Bergljot
Odland, Bergljot Skeie
Olimstad, Jakob
Olsen, Herolv
Oltedal, Inge og Kristi
Oma, Steffen
Osnes, John
Ottosson, Kjartan Gyduson
Perstølen, Einfrid
Perstølen, Margit
Pettersen, Petter Norm
Raftevold, Helge
Ramsvik, Finn og Ingebjørg
Ranes, Herman
Reisæter, Nils
Repstad, Laurits
Rindal, Anders Jarle
Ringheim, Frode Viste
Risnes, Birger
Riste, Per
Risvik, Petter
Risøy, Johannes
Robberstad, Magnus
Robberstad, Torleiv
Rogne, Gudveig
Rogne, Torleiv
Rommetveit, Magne og Vida
Rommetveit, Margretha
Rongen, Ole Bjørn
Rongevær, Fredrik og Eldbjørg
Rui, Halvard O
Russøy, Einar
Russøy, Ingrid
Ruud/Larsen
Ryssdal, Arne
Ryssdal, Rønnaug
Røe, Magne Atle
Rønningsgrind, Ottar
Røstad, Arne
Råheim, Hugfrid
Råheim, Sverre og Else
Samuelsen, Emil Johannes
Sande, Steinar
Sandøy, Arne og Bjørg
Sandaaker, Mette
Saur, Oddmund
Saur, Ragnhild
Schanche, Amund
Scharning, Jarl Åge
Seim, Arnfinn
Silset, Ole Arnfinn
Sindre, Bjarte og Karen Anna
Skagstad, Ivar
Skeidsvoll, Hogne
Skeie, Birgit Skjevrak
Skeiseid, Gunvald
Skjelvåg, Arne Oddvar
Skjæveland, Arnlaug
Skjæveland, Per
Skjæveland, Øystein
Skogholt, Jahn-Arill
Skram, Olav
Skre, Oddvar
Solberg, Gunnar
Solberg, Herbjørg
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
135
Solberg, Jon og Torbjørg
Solberg, Kari
Solheim, Eldrid
Soot-Jacobsen, Kjell
Sortland, Peder
Stallvik, Tor og Randi
Stang, Jardbjørg Krokann
Stangeland, Jon
Stegane, Idar og Nora
Stegane, Joar
Storebø, Gerhard Inge
Strandbu, Nils
Straumsvåg, Kjell Arve
Strømnes, Åsmund L
Straand, Harald og Ingegerd
Sunde, Arne
Sunnanå, Sigmund og Turid
Svalastog, Aslaug
Svare, Jo
Svarteberg, Oddmund
Svartefoss, Sigrid Solbjørg
Svea, Ellen Marie
Sverre Roald A/S
Sæbø, Arve
Sæland, Gunleiv
Søreide, Johannes
Søreide, Olav
Søreng, Hans
Søvik, Nils
Søyland, Ingrid
Søyland, Jorunn
Tessem, Andreas
Thesen, Olaf
Thingnes, Jakob
Thingvold, Tore
Thornes, Reidar
Thorsen, Audun
Tjeltveit, Oddrun
Toft, Erling
Tormodsgard, Øystein
Torp, Arne
136
Torstveit, Johannes G
Tronsmoen, Ola
Tufte, Leif og Marta
Tungesvik, Hans Olav og Liv
Tustervatn, Are
Tveiterås, Karl og Aslaug
Tvitekkja, Jon
Tømmerås, Bodvar
Ukkelberg, Rolv
Ulsaker, Halgrim
Ulveraker, Per Kristian
Urheim, Synneva
Utne, Brynhild
Vada, Kjellmod
Valheim, Ragnvald
Valle, Anna K
Vandvik, Ottar
Vartdal, Kjell
Vasseljen, Sigurd
Veka, Olav og N Colemann
Versto, Einar
Vestås, Leif
Vesaas, Guri
Vesaas, Olav
Vevatne, Ingolv
Vik, Alv og Øylaug
Vik, Inger
Viken, Oddmund
Vikesland, Øystein
Vikør, Lars S.
Visnes, Odd og Bodil
Volden, Leiv og Grete
Waktskjold, Roald
Woldstad, Dagrun E.
Waagbø, Ola
Ystad, Arne
Ystad, Vidar
Ytrearne, Egil
Øksnevad, Tomas
Ørjasæter, Håkon
Østrem, Knut
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
Østtveit, Dag Hallvard
Øverland, Olav
Øverås, Helge
Øvstedal, Nils
Øwre, Aa. Bjørgum
Øyen, Arnhild
Øyen, Ola P
Øyri, Steinar
Aaberge, Karstein
Aabø, Bergfinn
Åbø, Sverre
Ådland, Einar
Ålvik, Oddmund
Åm, Eldbjørg og Olav
Åm, Knut
Ånestad, Svein
Århus, Magne og Ingebjørg
Årseth, Kjell Arne
Aarsæther, Nils Johan
Aartun, Brynjulv
Åsen, Sverre
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
137
:
Kringkastingsringen
Postboks  Grønland
 
.5,1*.$67,1*6
5,1*(1