for Vossabygdene - Voss kyrkjelege fellesråd

Download Report

Transcript for Vossabygdene - Voss kyrkjelege fellesråd

for Vossabygdene
Nr 4 - 2012, 71. årg.
Vi er blitt ei
folkekyrkje – kva no?
Refleks på
sommartur
Gamlekyrkjegarden på
Bolstad
Grunnlova og kyrkjelova er
endra med sikte på at kyrkja
skal verta meir sjølvstendig.
Framleis står det att ordningar
som må på plass før kyrkja er
«herre i eige hus». Dette gjeld
mellom anna korleis kyrkja
skal leiast lokalt. Les om dei
ulike problemstillingar vi står
overfor på side 4-5.
Den fyrste veka av
skuleferien var ei
gruppe ungdomar frå
Refleks TenSing på
sommartur. På side 8
kan du lese rapport frå
turen, og sjå bilete av
den flotte gjengen.
Den gamle kyrkjegarden i
Teigen på Bolstad har stått
mest urørd sidan 1924. No har
bygdefolket tatt tak og fått han
opprusta. Det er særleg Anny
Forthun som leiar i Evanger
sokneråd og Bolstad Kvinne- og
familielag som har stått på for å
få dette gjort.
Les meir på side 9.
KYRKJA I VOSS
MINE TANKAR OM
Kyrkjeverje Hans Soldal
e-post: [email protected]
Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes
e-post: [email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke
e-post: [email protected]
Kateket Rønnaug Eng Skjeldal
e-post: [email protected]
Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala
e-post: [email protected]
Kantor Magnus Kløften
e-post: [email protected]
Organist Frode Vik
Organist Ellen Marie Selland Geithung
Kyrkjetenar, (Voss) Olav Trå
Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn
Kyrkjetenar (Vossestrand) Johannes Løen
Gravar Vidar Bryn
2
Ordet
977 74 489
404 40 460
952 62 026
952 62 025
478 49 134
404 40 461
952 62 084
980 64 594
952 62 021
915 98 410
414 68 733
996 00 940
Prestetenesta:
Sokneprestkontoret på Voss
56 51 96 68
Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11,
tys. 10-11) eller etter avtale
Sokneprestkontoret på Vossestrand
Oppheimstunet 76
56 52 24 73
Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy
906 99 533
[email protected]
Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde
993 53 145
e-post: [email protected]
Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule
e-post: [email protected]
952 62 085
Kapellan Kjersti Brakestad Boge
952 62 022
e-post: [email protected]
Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland
e-post: [email protected]
415 46 366
Soknerådsleiarar
Evanger, Anny Karin Forthun
Voss, Britt Trefall Hernes
Raundalen, Nanna Nordahl
Oppheim, Leif Inge Hauge
Vinje, Aud Walaker Hutchinson
«Rop med jubel for Herren,
all jorda!
Ten Herren med glede,
kom fram for han med jubel!
481 36 520
905 89 500
917 58 826
959 10 536
907 54 840
Kjenn at Herren er Gud!
Han har skapt oss, vi er hans,
vi er hans folk og den flokken
han gjeter.
Kom gjennom portane hans
med takkesong,
inn i føregardane med
lovsong!
Lov han, velsign hans namn!
Herren er god, evig er hans
miskunn,
hans truskap varer frå slekt
til slekt.»
Salme 100
Folkemusikk vart nytta både
Kyrkjenytt tilFramsida:
salmesong og liturgi under stølsmessa på
Tjørnarhovden sundag 19. august. Her spelar
Kjersti Nordgård og Leif Rygg saman.
Foto: Ruth Thaule
Utgjeve av: Voss Kyrkjelege Fellesråd
saman med Evanger, Voss, Raundalen,
Oppheim og Vinje sokneråd.
Besøksadresse: Magasinvegen 35,
Tvildemoen
Postadresse Pb. 562, 5703 Voss
E-post: [email protected]
Kontonr: 3480.30.56775
Telefon (redaktør) 915 98 410
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
Redaksjonsnemnd: Brit Furre, Jorunn
Gjøstein, John Ove Thaule og Arne
Mosefinn (red.)
Grafisk utforming: Åslaug Styve Mjånes
Trykk: v/ Voss Prenteverk
Opplag: 6000 eksemplar
Neste nummer: Veke 42
Frist for innlevering av materiale til
redaksjonen: 2. okt. 2012.
Folkekyrkja
Av Arne Mosefinn
Når Den norske kyrkja no
er vorte sjølvstendig, må
ein også kunna forventa at
ho greier å styra seg sjølv.
Kyrkjerådet har sendt
ut på høyring ei rekkje
spørsmål som sokneråda
er oppmoda om å svara på,
mellom anna om korleis
kyrkjeordninga skal vera.
På dei to neste sidene er
det laga eit samandrag av
høyringsnotatet.
Eit vanskeleg spørsmål er kven
som skal ha arbeidsgjevaransvar
for dei kyrkjelege tilsette. Slik det
er no, er det to arbeidsgjevarliner:
Bispedømeråda, som er
arbeidsgjevar for prestane, og
Kyrkjeleg fellesråd som på vegne
av sokna er arbeidsgjevar for
andre tilsette i kyrkjelydane. I
ein kyrkjelyd må prestar og andre
tilsette kunna samarbeida og
gjera tenester saman. Det betyr
at når det t.d. er gudsteneste, må
både prest, organist, kyrkjetenar
og klokkar vera tilstades
samstundes. Men det er prosten
og soknepresten som styrer
prestane, og kyrkjeverja som
styrer dei andre. Kva om desse
er usamde i når ein person skal
vera tilgjengeleg?
Mine tankar om...
Kyrkjekontoret,
Kontortid: mån-fre kl 9 - 15
Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss
Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81
www.voss.kyrkja.no, [email protected]
kto.nr. 3480.16.45293
Eit anna spørsmål er kven
som skal ha rett til å tilsetja
personale. No vert prestane
tilsette av bispedømerådet,
og andre medarbeidarar av
fellesrådet. Men det er også
mogeleg at soknet kan få begge
oppgåvene gjennom kyrkjeleg
fellesråd.
Det er uttrykt eit sterkt ynskje
om ei arbeidsgjevarline, slik
at eit organ kan samordna
tilsetjings- og arbeidsgjevar
ansvaret. Men kven skal gjera
det? Eit utval har foreslått at
det skal skje i eit nytt organ
på prostinivå. Presteforeninga
ynskjer gjerne at bispedømerådet
skal få ei utvida oppgåve, medan
KA som representerer fellesråda
ynskjer at oppgåva skal leggjast
lokalt i fellesråda.
Eg meiner at vi framleis må ha
eit lokalt organ på kommunenivå.
Det er svært viktig at avgjerder
vert teke så nær brukarane som
råd. Så lenge kommunane skal
ha som oppgåve å finansiera store
deler av kyrkjeleg verksemd
lokalt, er det viktig å ha eit organ
som lett kan kommunisera med
kommunen. Det er også viktig
at dette organet kan samordna
all kyrkjeleg verksemd i sokna/
kommunen, både presteteneste og
anna teneste.
Bispedømet, som for vår del
omfattar både Hordaland og Sogn
og Fjordane, vert for stort og for
fjernt til å ha lokal kompetanse.
Eit nytt organ på prostinivå vert
kunstig og unødvendig. Det vil
heller ikkje vera rett at Biskopen
sitt tilsynsmynde skal kombinerast
med arbeidsgjevarfunksjonar.
Elles i samfunnet er alltid kontroll
og tilsyn skilt frå tilsetjings- og
arbeidsgjevar ansvar.
Eg meiner vidare at på
bispedømenivå skal Biskopen
sine tilsynsoppgåver skiljast frå
reine arbeidsgjevarfunksjonar.
Her bør det opprettast ei eiga
avdeling for slike oppgåver,
med ein profesjonell stab som
har med arbeidsgjevarpolitikk
å gjera, under leiing av ein
eigen «direktør». Når det gjeld
tilsetjingar i ein kyrkjelyd, bør
utlysing og innstilling skje lokalt,
medan den formelle tilsetjinga,
med lønnsplassering m.v. skjer
på bispedømeplanet i den «nye»
avdelinga. Dette er elles vanleg
i mange organisasjonar, t.d.
KFUK/M.
Lokalt – i ein kommune – bør vi
framleis ha eit organ – «kyrkjeleg
fellesråd» - som samordnar alle
tenester i kyrkjelydane, og som
har kontakt med kommunen når
det gjeld økonomi m.v.
Kva så med sokneråda slik dei er
i dag? Treng vi dei framleis? Eg
meiner at det ikkje treng å vera
sokneråd slik vi har det i dag.
Sokneråda bør omgjerast til lokale
kyrkjekomitear som tek ansvar for
aktivitetar knytt til kvar kyrkje.
Desse kyrkjekomiteane bør
veljast på noverande soknenivå
som før. Så kan vi ha eit felles
sokneråd for heile kommunen, der
medlemene vert valde av og blant
medlemene i soknekomiteane,
gjerne representerte utifrå storleik
på soknet. Eit slikt fellesråd vil
få ansvar for ein samla kyrkjeleg
innsats i kommunen (økonomi,
vedlikehald og utbygging,
personaltrong og «tilsetjing»,
ressursbruk m.m.). Eit felles
sokneråd bør då ha ein dagleg
leiar som må sjå til at ting
fungerer i det daglege.
Vi vil såleis framleis ha tre
forvaltningsnivå i kyrkja, slik
Kyrkjemøtet har vedteke:
soknerådet (felles for ein
kommune), bispedømmerådet
(felles for arbeidsgjevarlina og
tilsynslina i bispedømmet) og
Kyrkjemøtet.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
3
AKTUELT
AKTUELT
Vi er blitt ei folkekyrkje – kva no?
I eit breitt forlik kalla
kyrkjeforliket, vedtok
Stortinget i april 2008 å
endre Grunnlova på viktige
område som gjeld kyrkja.
Først og fremst inneber
grunnlovsendringane at
staten ikkje lenger skal vere
konfesjonsbunden – staten
skal sjølv ikkje lenger ha ein
«offentleg religion». Desse
endringane skjedde våren
2012 og er ein viktig milepæl i
Den norske kyrkja si historie.
4
For staten inneber dette at staten
sitt særskilte kyrkjestyre vert
avvikla. Det skal ikkje lenger
haldast «kyrkjeleg statsråd». Det
vil ikkje vere krav om medlemskap
i Den norske kyrkja for statsrådar.
Staten skal ikkje lenger drive
religiøs verksemd, men støtte Den
norske kyrkja som folkekyrkje, og
andre trus- og livssynssamfunn på
linje med henne.
For kyrkja inneber ein
konfesjonsfri stat i første omgang
at biskopar og prostar ikkje lenger
skal utnemnast av regjeringa
(kyrkjeleg statsråd), men tilsetjast
av kyrkjelege organ. Naudsynte
endringar i kyrkjelova på desse
punkta skjedde samstundes med
grunnlovsendringane våren 2012.
Kyrkjeordninga
Kyrkja er altså enno ikkje heilt fri
frå statleg styring. Kyrkjemøtet
sette i 2011 opp nokre vilkår som
måtte innførast for at dette skulle
skje:
• Den norske kyrkja må
forankrast i ei kortfatta
rammelov, vedteken av
Stortinget.
• Den norske kyrkja må bli eige
rettssubjekt.
• Kyrkjemøtet må få mynde til å
fastsetja kyrkjeordninga.
• Kyrkjemøtet må få mynde til å
vedta kyrkjeleg regelverk.
• Arbeidsgjevaransvaret for
prestar, prostar og biskopar må
overførast til kyrkjelege organ.
• Kyrkjerådet og
bispedømmeråda må
ikkje lenger vere statlege
forvaltningsorgan.
Av desse punkta er det særleg
kyrkjeordninga som vedkjem oss
mest lokalt.
Kva er kyrkjeordning? Dette
omgrepet inneber alt frå inndeling
i sokn, prosti og bispedømme, til
ansvar for tilsetjing av personale
og styring av desse. Det siste er
kanskje vanskelegast å einast om.
Slik det er no, er (dei fleste) prestar
tilsette av bispedømmerådet,
medan andre tilsette (kateket,
diakon, organist, kyrkjetenar
m.m. er tilsette av/i soknet (i
prinsippet av kyrkjeleg fellesråd i
kommunane). Når ein veit at alle
desse må samarbeida i kyrkjeleg
samanheng, ville det beste vore om
ein hadde ein felles arbeidsgjevar
som kunne samordna ressursane.
Men kven skal det vera: biskopen
eller dagleg leiar i fellesrådet eller
prosten?
Ei arbeidsgruppe nedsett av
Kyrkjerådet har lagt fram ei
utgreiing som konkluderer med
at det skal opprettast eit organ
på prostiplan som skal ha denne
samordninga. Presteforeninga
vil at biskopen skal gjera det, og
KA vil at oppgåva skal leggjast på
kommunenivå/kyrkjeleg fellesråd.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
Ei kyrkje si konkrete organisering
vil alltid vere knytt til tid og stad.
Forma til den enkelte kyrkjelyd
vil vere «lokal». Kyrkja har difor
mange ulike former. Kyrkjelova
§ 2 seier at: Soknet er den
grunnleggande eininga i Den
norske kyrkja. I Den augsburgske
vedkjenninga vert det nytta eit
anna språk. Her heiter det at kyrkja
er forsamlinga av dei heilage,
der evangeliet vert lært reint og
sakramenta forvalta rett.
I Kyrkjemøtet i 2005 ynskte ein
elles desse hovudprinsippa for Den
norske kyrkja:
• Tre forvaltningsnivå med
demokratisk valde organ
(sokneråd, bispedømmeråd og
kyrkljeråd).
• Felles arbeidsgjevaransvar for
tilsette i kyrkja.
Kyrkjelyden, kommunen og
lokalsamfunnet
Kyrkjeleg fellesråd har to
funksjonar på vegne av
soknet: både å vere organ for
kvart enkelt sokn og å vere
samarbeidsorgan for alle sokna
innan kommunen. Alle sokneråd
er difor representerte i fellesrådet.
Kyrkjeleg fellesråd skal ta hand
om administrative og økonomiske
oppgåver på vegne av soknet, ta
hand om sokna sine interesser
overfor kommunen, ha ansvaret
for kyrkjene, kyrkjegardane og
vere arbeidsgjevar for soknet sine
tilsette.
I den gjeldande ordninga opptrer
både fellesråda og sokneråda
på vegne av soknet. Eit anna
alternativ kan vere å vurdere større
sokn. Dette vil gi meir robuste
lokale einingar, til dømes relatert
til eit visst tal på tilsette eller eit
bestemt ressursnivå. Kva som
er «robust» og kva for kriterier
som kan regulere storleiken på
sokn er viktige spørsmål. Det er
til no ikkje utarbeidd kriterier
for soknestørrelse og det er store
variasjonar mellom sokna i dag.
Norske kommunar er pålagt
ved lov å finansiere Den norske
kyrkja lokalt. Det er kommunale
løyvingar som sikrar vedlikehald
og drift av kyrkjebygg og
verksemda i sokna. Løyvingane
er ikkje basert på berekningar
eller nærare kriterier, men på
mellom anna fellesrådet
og kommunen si vurdering
av situasjon og behov,
kommunen sin økonomiske
situasjon og prioritering av
kyrkjelege formål. Difor sit ein
representant frå kommunen i
kyrkjeleg fellesråd.
Den lokale kyrkja har ikkje
berre kyrkjelege oppgåver.
Den har óg andre offentlege
oppgåver, mellom anna ansvaret
for gravferdsverksemda. Dette
er verksemd som gjeld alle
borgarar – uansett tru, livssyn eller
religion. Mange kyrkjeleg tilsette
har kombinasjonsstillingar knytt
til drift av både kyrkjebygg og
gravplass. Tilhøvet mellom kyrkja
og lokalsamfunnet vil påverke den
kyrkjelege organiseringa framover.
I kommunar med fleire sokn, ser
kommunane det som naturleg og
ønskeleg å forholda seg samla
til sokna.
Leiing – kyrkja som
arbeidsgjevar
Grunnleggande spørsmål i den
lokale kyrkja vil vere: kva form
for leiing treng kyrkjelyden? Kven
leier kva og kor mange leiarar
treng vi? Korleis kan leiing føre
til «en dynamisk videreutvikling
av kirkens liv» og «medlemmenes
engasjement og deltagelse« – slik
Kyrkjemøtet 2007 formulerte det?
Dette er med å aktualisere både
kven som leier og korleis ein leier.
på basis av statleg hovudavtale og
tariffavtale.
2. Kyrkjeleg fellesråd (eller
soknerådet) er arbeidsgjevar
for dei tilsette i soknet.
Tilsettingsmynde er lagt til
kyrkjeleg fellesråd som organ for
rettssubjektet soknet. Kyrkjeverja
leier på vegne av kyrkjeleg
fellesråd. Arbeidsgjevaransvaret
vert utøvd på basis av kyrkjeleg
hovudavtale og hovudtariffavtale.
Det er KA – Kyrkjeleg interesseog arbeidsgjevarorganisasjon
– som på vegne av soknet inngår
desse avtalane i medhald av § 34 i
kyrkjelova.
Dei viktigaste arbeidsgjevarfunksjonane er ansvaret med å
leie, fordele arbeid, kontrollere,
rett til å tilsette og seie opp
arbeidstakarar, oppfølging av
arbeidstid og arbeidsmiljø med
vidare. Kyrkjemøtet gjekk i
Dersom ein skal innføre felles
arbeidsgjevaransvar, må det
etablerast nye ordningar.
Av dette følgjer ei rekkje
problemstillingar: kva for
nivå i kyrkjeorganisasjonen
skal ta hand om eit felles
arbeidsgjevaransvar? Skal
tilsettingsmynde for ulike
grupper tilsette i kyrkja skiljast
frå det organet som tek hand om
arbeidsgjevaransvaret?
2005 inn for at det skal vere eit
felles arbeidsgjevaransvar i ei
framtidig kyrkjeordning. Sidan
Den norske kyrkja i dag er
bygd opp med to sjølvstendige
verksemder – prestetenesta og
valte organ si verksemd – er det
òg to typar arbeidsgjevarar, det
som i kyrkja vert kalla dei to
arbeidsgjevarlinjene:
Sokneråda er spesielt utfordra til
å gje svar på dei ulike spørsmåla
nevnt framanfor. Men det er også
høve for alle å uttala seg. Dette
kan berre gjerast på nettsida:
https://response.questback.com/
kirken/kirkeordning/
1. Staten er arbeidsgjevar for
prestane (og dei tilsette i dei
kyrkjeleg organ regionalt og
sentralt). Tilsettingsmynde for
prestane er lagt til bispedøme-rådet
i eigenskap av regionalt statsorgan.
Biskopen leier prestetenesta i
eigenskap av statleg embetsmann.
Arbeidsgjevaransvaret vert utøvd
Framstillinga ovanfor er basert på
heftet Kyrkjeordning etter 2013
som du kan lasta ned frå www.
kirken.no > Kirkeordning etter
2013.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
5
NOTISAR
Kyrkjelyden si besøksteneste på Voss.
VOSS KYRKJEAKADEMI:
• Er ein fast person som kjem heim
til deg etter avtale.
• Ein person som har tid, og som du
kan snakka med.
• Tenesta er retta til menneske som
bur heime.
• Fos enkeltpersonar, heimar,
unge og eldre, kronisk sjuke eller
funksjonshemma.
St. Hildegard av Bingen
Er dette noko du kan ha gleda av, eller kjenner du nokon det
kan vera aktuelt for?
Eller er du ein mogeleg besøksven? Oppfordringa er no:
Har du litt tid til overs?- del den med andre!
Ta kontakt med Voss kyrkjekontor tlf.56 52 38 80.
Me vil hjelpa så langt me har kapasitet.
Raundøler, sjå her!!!
(både de som er busett her og de som er utflytta).
6
SOMMAR
Me inviterer deg til føremiddagstreff i
Kyrkjestova, Raundalskyrkja
onsdag 12. september kl. 1100.
Det er tenkt som eit treff med mykje prat,
humor, kanskje litt mimring, song, kåseri,
ettertanke (ein liten andakt) og ikkje minst kaffi
og mat. På første treff vert Reidar Reime med
og kåserer om smått og stort frå dalen. Åshild
Bøe Kharazmi syng for oss.
Me vil ha føremiddagstreff andre onsdag i
månaden no utover hausten. Me gler oss til å
sjå deg!
Dersom det skulle vera behov, ta gjerne kontakt
på telefon 56522315 eller 91654950.
For nemnda: Berit Hauge Våle
Kyrkjebenken.
Me starta opp att med folk på kyrkjebenken
onsdag 29. august kl.13.00 – 15.00 på AMFI,
og vil framover hausten være der kvar onsdag
til same tidspunkt. Velkomen til ein god prat på
benken!
Diakonen.
- eit lys for vår tid
Laurdagsseminar på Voss
20. oktober kl. 10-16
ved Sr. Maria Hildegard Koch frå
Lunden Kloster i Oslo og
songarinne Ingrid Louise Birkeland
Ei reise i det 11. århundre
«Messias» av G.F. Händel
Helga 1.-2. desember går årets største
konsertprosjekt i Voss føre seg i Nain.
Det er det kjende verket «Messias» av Georg
Friedrich Händel som vert sett opp av vårt lokale
orkester, Fossegrimen, i samarbeid med kyrkja
sitt eige kor, VOK. Dette verket er ei stor satsing
som har vore sett opp med jamne mellomrom
her i Voss, sist i 2007. Blant solistane som me
får høyra er, mellom andre, Harald Bjørkøy,
professor ved Grieg-akademiet i Bergen, og som
har gjesta Voss ved fleire høve, seinast i mai i
år, då lærarar og studentar ved Grieg-akademiet
heldt ein flott vårkonsert i Vangskyrkja. Bjørkøy
gav oss som var til stades óg ei minnerik stund
under fjorårets jolekonsert i Vangskyrkja.
Når «Messias» no atter står på programmet er
det høge forventningar og motivasjonar hjå
korsongarar som gjev seg med på prosjektet.
Korøvingane går føre seg på tysdagar i
Vangskyrkja (1800-2030) utover hausten, og
det er framleis plass til songarar som har lyst
og høve til å melda seg på. Me oppfordrar
mannspersonar generelt, og særskild tenorar
til å «hiva seg på» denne sjansen når han
no byr seg att. Det heiter seg at «den største
gleda her på jord, det er å stå i blanda kor»,
så oppfordringa er herved gjeve!
Ta kontakt med Ingrid Vethe (tlf. 90890565)
eller Magnus Kløften (tlf. 40440461) om du
lurar på noko.
M.Kløften, kantor
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
Voss kyrkjelyd på tur.
Av Eldbjørg Foldnes Finne
Kyrkjelydsturen dette året gjekk med
buss til Eidfjord 25. juli. Fyrste stopp
var Hardangervidda Natursenter i
Øvre Eidfjord. Med fint sumarver
og ein mektig natur utomhus, og
ei interessant utstilling og ein
storslagen film frå Hardangervidda
innomhus, fekk vi med oss mange
fine naturopplevingar.
Neste stopp var Vøringsfoss Quality
Hotel i Eidfjord der vi fekk servert
eit varmt måltid. Etter maten vart det
også høve til å rusla rundt i Galleri
Bergslien som ligg i hotellbygget.
Her kunne ein lett la seg imponera
over detaljrikdommen og humoren
til Nils Bergslien sin biletkunst, og
det var rikeleg høve til å trekkja på
smilebanda. Tida her vart kanskje litt
for kort.
Høgdepunktet på turen vart
nok deltakinga i Jacobsmessa i
Gamlekyrkja i Eidfjord på sjølvaste
Jacobs dag som er 25. juli. (Sjå og
omtale av dette i Kyrkjenytt nr. 3.)
Det vart ei fin og spesiell oppleving
å vera til stades på denne messa. Og
med det historiske bakteppe som
denne kyrkja frå 1308 har, vart det
ei metta oppleving kor ein kunne
fornemma nærver av både Gud,
apostelen Jacob og Rike-Ragna.
Etter messa gav presten oss ei
orientering om kyrkja si historie. Vi
vart også ynskt velkomen attende ved
seinare høve.
historietime under bussreisa. Med
seg på laget hadde dei også Gerd
H.L. Steine og underteikna.
Turen vart samla sett ei fin oppleving
for dei 28 deltakarane, og mange
smilande ansikt steig av bussen ein
sumarkveld vel attende på Voss.
Knut Hernes var idémakar og primus
motor bak denne turen. Bernt
Daltveit var turleiar, og gav oss
ein interessant og underhaldande
På veg inn i Eidfjord gamle kyrkje.
Foto: Gerd H.L. Steine.
Føde for kropp og sjel i Tjødnarhovden
Av John Ove Thaule (tekst/foto)
VOSSESTRAND: Langt inne
i Oppheimsdalen ligg stølen
Tjødnarhovden, som har gode
tradisjonar for stølshelg og
friluftsgudsteneste. Mange
medhjelparar er i sving og saman
utgjer dei kyrkjelydsarbeid på sitt
beste. Sundag 19.august var rundt
75 samla frå fleire sokn og bygder.
Sundagsteksten som sokneprest
Thaule tala over, handla om
då Jesus metta 5.000. Som
hesteskokasting.
Årets
meister
vart Sjur
Hirth
Nesheim
(115p)
framfor
12 år
gamle
Synnøve
Véret var denne gongen mildt
Sundsvoll
(95p).
og fint. Folk kosa seg.
Svanhild Nordanger (65p)
Borna hadde fyrst
bærplukkar-konkurranse vann dameklassen. I den yngste
klassen vart det altså klar siger
der Maria Selland og
til Synnøve før delt tredjeplass til
Marita Lilletvedt vann.
Catrine Selland, Marita Lilletvedt
Så fekk alle vera med
og Jomar Torbjørnsen (alle 60p).
på stølsmeisterskap i
den gongen i Galilea handla
det også her om føde for både
kropp og sjel. Frå tale om Jesus
som «Livsens brød», var det
fint å kunna servera mat til dei
frammøtte. Fredagen hadde
dyktige kvinner koka dravle.
Sundag kom Arne Johan Dregelid
med grillvogna si. Det vart både
rømmegraut, grillmat, kaffi og
kaker.
t.v.: «Budeiene» Aud W.Hutchinson, Kjersti Hallbjørhus og Astrid
Bidne klar for servering, med kokk Arne Dregelid i bakgrunnen
t.h.: Vesle Guri som vart døypt på stølen i fjor, er vorte stor jente.
Her på fanget til bestefar, Olav Sundsvoll.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
7
UNG
SIDAN SIST
Sommartur med Refleks TenSing
Gamlekyrkjegarden på Bolstad
av Arne Mosefinn (tekst/foto)
Av Ingrid Tønnesen, Lea Haugsbø og Veslemøy Alme. Foto: Rønnaug Skjeldal.
dagen var oppgåva at me skulle
gje venen vår noko i form av eit
hjarte. Kreativiteten blomstra, og
alt frå fluortablettar og BH-show
til menneske-danna hjarteformar
oppstod. Dei andre dagane hadde
me oppdrag
som: fisk,
klem og
kompliment.
8
Tradisjonen tru samla me ein fin
liten gjeng Refleksarar fyrste veka
etter skuleslutt, for å tilbringe
ei sommarferieveke saman.
Me reiste frå regnfullt
Vestland til sørlandsk
innland med padlevatn
og tilhøyrande knott og
sol, og fekk bruke ei veke
på å bli betre kjende med
kvarandre. Me brukte òg
tid på å bli betre kjende
med Kristuskransen: med
perlene som utgangspunkt
snakka me om både tru,
håp og kjærleik. To av
sommarturdeltakarane,
Lea Haugsbø og Veslemøy Alme,
oppsummerer turen slik:
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
T.v.:Godt med solid
fundament før steinen
vert lagt på plass
Under: Anny Forthun
har vore primus motor
i arbeidet
Den gamle kyrkjegarden i
Teigen på Bolstad har stått
mest urørd sidan 1924. No
har bygdefolket tatt tak og
fått han opprusta. Det er
særleg Anny Forthun som
leiar i Evanger sokneråd
og Bolstad Kvinne- og
familielag som har stått på
for å få dette gjort.
Søndagen etter at skulen
slutta reiste ein gjeng
glade ungdomar til
Fredheim Leirstad.
Det regna mykje, men humøret
var på topp! Dagane på Sørlandet
vart brukt til blant
anna: kanopadling,
bading, soling,
grilling, og til og
med ein dagstur til
Kristiansand for å
shoppe litt. Som
tradisjon på Refleksturane hadde alle ein
hemmeleg ven. Me
fekk ulike oppgåver
som me skulle utføre
for vår hemmeleg
ven kvar dag. Første
Den største oppgåva var muren
som heldt på å rasa ut i eine
hjørnet.
Voss Tween Sing treng ein
vaksen matlagar!
Dei 20 kjekke 11-13-åringane
i Voss Tween Sing møtast i
Vonheim annakvar onsdag frå
13.30 - 16 og set stor pris på
matbiten dei får før øvinga
byrjar.
Oppgåva som venleg
matlagar står på ledig kanskje det er noko for deg?
Ta gjerne kontakt med Ingrid
Tønnessen (48031200) om du
vil vite meir!
Muren rundt plassen heldt på å
rasa ut, og noko måtte gjerast.
Kvinne- og familielaget sette
i gang og sende søknader om
midlar. Det viste seg at Voss
kommune, fylkeskommunen,
Norsk Kulturminnefond, BKK
og Voss kyrkjelege fellesråd ville
vera med på eit spleiselag for å få
sett plassen i stand.
Den lokale entreprenøren Geir
Olav Tyssen sette i gang med
gravemaskin, tok ned stein
for stein, særleg med tanke på
topphellene som skulle opp
att. Med hjelp av lokale krefter
og noko tilkøyrt stein fekk han
møysommeleg bygt opp att
muren. Inngangsporten vart
også utvida noko.
Deretter planerte han heile
plassen før Lars Vassenden
harva. Ein dugnadsgjeng
med river fjerna stein i
dagen. Deretter vart plassen
sådd til. No ventar ein i
spenning på at graset skal
spira slik at ein på ny kan
få ein grøn og fin plass. Ny
port skal og setjast opp.
T.h.: Nils
Harald
Vestrheim
og Geir
Olav Tyssen
avsluttar
muringa ved
porten
Under:
Ferdig mur
- Vi vonar at dette kan bli ein fin
møteplass for bygda, med benker
og bord, seier Anny. Dei gamle
gravsteinane vil gje plassen eit
verdig preg. Kanskje kan vi få på
plass ei tavle som syner kven som
er gravlagde her?
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
9
Kyrkjelege handlingar
DØYPTE:
voss osteopati
- satsar på Vestlandet
Lene Møl Søndergaard
MNOF OSTEOPAT DO
Uttrågt. 12, 5700 Voss
Timebestilling
Tlf. 908 61 255 - [email protected]
Voss jenter:
17.06:Sara Haug Nikolaisen
24.06:Sarah Vangsnes Gullbrå
Sunniva Ringheim Ohnstad
Emma Solberg
21.07:Ellen Eriksen Fykse
22.07:Sarah Himle Hjørnevik
12.08:Nora Andreassen
Gunnvor Emmylou Loxley Rygg
26.08:Milly-Marie Finne Giljarhus
Mina Svardal Lindland
Voss gutar:
10.06:Joakim Steinstø Hilland
Jamie Roeper Kolve
Erling Kløve Turvoll
24.06:Aksel Bøe
Anders Daniel Midttun
08.07:Kåre Nestås Kvarme
Olav Nestås Kvarme
22.07:Markus Hopland Steine
12.08:Theodor Bryn
Aleksander Skutle
25.08:Eirik Rong
26.08:Olav Myklebust Stegane
10
Korleis har du det…
EIGENTLEG?
Krisetelefon 815 33 300
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
Selskap i konsernet
HMV Voss AS
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
Evanger:
17.06:Adrian Bergstad Raknes (Bolstadøyri)
05.08:Håkon Engvold Mugås (Evanger)
Vinje:
18.08:Amanda Lid Fjellby
26.08: Sivert Jordalen
VIGDE:
Voss:
23.06:Tone Brandseth og Robin Norbakk
Ranveig Herheim og Ørjan Knapstad
30.06:Ingvild Lid Aske og Vegard Ringsby Hasselgård
Toril Bakke og Kristian Slåttsveen
07.07:Ericka Odeth Steine Solbjør og Adrian Skårland
28.07:Gro Janne Herheim Wilhelmsen og Yngve Tranøy
04.08:Anne Marie Gjernes og Frode Wærnes
25.08:Astrid Vaksdal og Jan Morten Rong
Jennie Elisabeth Lindell og Joseph Gerard Ward
Raundalen:
21.07:Beate Selheim og Yngve Dalland
(Raundalen)
28.07:Ina Nilsen og Jan Remy Litland
(Mjølfjell)
Vinje:
18.08: Guro Gjøstein Lid og Inge Fjellby
DØDE:
Voss kvinner:
01.06:Gunnhild Godøe f. 1930
10.06:Olga Bertine Kallestad f. 1942
18.06:Ragnhild Øvsthus f. 1920
19.06:Liv Asta Melve f. 1935
23.06:Borghild Sivertsen f. 1928
24.06:Ingebjørg Engeland f. 1925
08.07:Signy Bryn f. 1925
14.07:Gudrun Hjelle f. 1917
01.08:Astrid Flatekvål f. 1924
05.08:Ragna Haugo f. 1915
Voss menn:
23.03:Helmut Wallner f. 1943
06.06:Johnny Grevle f. 1960
06.06:Knut K. Vinje f. 1931
07.06:Birger A. Vaksdal f. 1930
17.06:David Fjose f. 1920
27.06:Arnfinn Brekke f. 1927
28.06:Sigurd Nilsen f. 1928
02.07:Nils Johan Veka f. 1938
18.07:Leiv Prestegard f. 1936
11.08:Olaf Kjell Hærnes f. 1930
14.08: Arne Tvilde f. 1942
18.08: Arnold Asbjørn Takvam f. 1930
19.08: Sigvald L. Hansen f. 1928
19.08: Lars Kolskår Karlsen f. 1981
Evanger:
06.06:Johannes E. Brekkhus f. 1932
(grl. Evanger)
08.06:Marie Sjursen f. 1930
(grl. Bolstadøyri)
Vinje:
26.06: Brita Gjøstein f.1916
21.08: Marta Vinje f.1919
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
11
DET HENDER
Gudstenesteliste:
Vangskyrkja:
09.09. kl. 1100 Høgmesse v/Hellesøy. Nattverd.
Offer til Dei fire diakoni-institusjonane.
16.09. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Dåp.
50års-konfirmantar. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
23.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Hellesøy. Dåp.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
30.09. kl. 1100 Familiegudsteneste v/Boge. T4. Barnekor.
Kyrkjekaffi.
07.10. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til Norsk Lærarakademi. Soknemøte om ny
gudstenesteordning.
14.10. kl. 1100 Høgmesse v/Haaland. Dåp.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Evanger kyrkje:
16.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Boge. T3-4.
Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.
07.10. kl. 1600 Babysong-gudsteneste v/Mjånes og Molde.
Offer til Norsk Lærarakademi. Kyrkjekaffi.
Bolstadøyri kapell:
23.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Molde.
Konfirmantpresentasjon. Offer til Bedehuset.
Kyrkjekaffi.
14.10. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til NKSS.
Raundalen kyrkje:
30.09. kl. 1600 Hausttakkefest v/Boge.
Sundagsskulen tek del. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Kyrkjekaffi.
Mjølfjell kapell:
09.09. kl. 1100 Gudsteneste v/Molde. Offer til Voss KFUK/M
Vinje kyrkje:
16.09. kl. 1930 Konfirmantpresentasjon v/Thaule.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
30.09. kl. 1100 Høgmesse v/Jan Rantrud (NLA). Nattverd.
Offer til Norsk Lærarakademi.
Oppheim kyrkje:
23.09. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule. Sivlelaget
10årsjubileum. Kollekt til «Mor si grav»
14.10. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule. Konf.jubilantar +konf.
presentasjon. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 4/12
C-BLAD
Fulldistribusjon
Kyrkjenytt for
Vossabygdene,
pb 562, 5703 Voss
Aktivitetskalendar:
MiniSin
Midi
Startar opp torsdag 30.08. Har øvingar kvar
torsdag, frå kl. 1800-1900 i Vangskyrkja.
Merk: Ny øvingsdag!
Startar opp onsdag 29.08. Har øving annakvar
onsdag (oddetalsveker) i Vonheim frå kl
1500-1630. Ope hus i Vonheim frå kl 13.30.
- Babysong
Evanger veke 36 - 42.
Voss, oppstart veke 37 - torsdag 13.
september (ikkje veke 36 som før meldt).
Oppheim veke 38 - 44 (ikkje veke 36), som
før meldt)
- Undretur i kyrkja
Vossestrand: Vinje 4. november kl.1500
– Utdeling av barnebibel
Evanger: 16. september kl. 1100
Bolstadøyri: 23. september kl. 1100
Raundalen: 30. september kl. 1600
Vossestrand: Vinje 4. november kl.1600
– På spor av Heilag Olav
Voss: laurdag 22. september kl. 1400-1630 i
Prestegardsmoen.
På Stronde: sundag 23. september
kl. 1600-1800.
Helgatun:
07.10. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule.
Bygdadag. Kyrkjekaffi.
Offer til Helgatun.