Austefjord - Volda.kyrkja.no

Download Report

Transcript Austefjord - Volda.kyrkja.no

KONFIRMASJONSTIDA I KYRKJA
GIR DEG HØVE TIL Å…
VIKTIGE TIDSPUNKT
TIDSPUNKT!!
MERK AV I KALENDEREN MED EIN GONG!
… finne ut kva du trur

… lære meir om deg sjølv
BLI KJENT MØTE for konfirmantar
og deira foreldre/føresette
tysdag, 3. juni kl 2000 i Austefjord kyrkje
VELKOMEN SOM
… lære meir om Bibelen

… samtale om kristen tru
Presentasjonsgudsteneste
Søndag 14.september kl 2000
i Austefjord kyrkje.
… bli kjent med kyrkja

… få nye tankar om livet
Leir
Fredag 3. til måndag 6.oktober
(NB! Haustferien!)
… engasjere deg i kyrkja sitt arbeid

for miljø og solidaritet
Lysmesse
Søndag, 30. november, kl. 16
i Ausetfjord kyrkje
… og mykje meir!

BLI MED PÅ EI SPENNANDE REISE
Konfirmasjonsgudsteneste 2015
Søndag 10.mai, kl 1100 i Austefjord kyrkje
FRAM TIL KONFIRMASJONSDAGEN
KONFIRMASJONSDAGEN!!
————————————————
————————————————--
Volda kyrkjekontor
Postboks 17
6101 Volda
Besøksadresse: Gymnasvegen 2
(Sparebankbygget), 3. høgda
Tlf kyrkjekontoret 70074090
Tlf spr Kjell—Roger Isene: 4889 3706
E-post:
[email protected]
Tlf Constanze Lindner: 4889 3741
E-post: [email protected]
I AUSTEFJORD KYRKJELYD
DETTE FÅR DU OPPLEVE SOM KONFIRMANT
I AUSTEFJORD

Leir
Leir er spennande! Du får vere
saman med gamle og nye vener,
vi skal gjere kjekke ting i lag og
de får (ganske) snille leiarar som
tek hand om dykk. Leiren går av stabelen på Fjordly leirsenter (20 min frå Måløy) , fredag 3. til måndag 6. oktober.
(NB! I haustferien).

Undervisning
I Austefjord har vi undervisningar på tysdagar, kl 1445—
16.15, om lag 3 samlingar og nokre øvingar per semester.
Undervisninga finn stad i kyrkjestova. Vi vil ha nokre samlingar saman med dei andre konfirmantane i
kommunen, t.d. TemaDagen våren 2015. For å unngå
”kollisjonar” med andre aktivitetar skal vi informere både
idrettslag, organisasjonar og skulen om dette. Når du er
påmeldt, vil du ved skulestart få tilsendt eit brev med detaljert informasjon, semesterplan osv.

Anna
I tillegg til den vanlege konfirmasjonsundervisninga kjem
de til å delta i ei samtalegruppe om lag ein gong i månaden. Gjennom året samlast vi til 2 kross-samlingar (kveldssamlingar med roleg musikk, lystenning, ei enkel andakt
osv), nokre temakveldar og de får vere med på mange ulike
gudstenester.
For å vere med i forbønshandlinga i konfirmasjonsgudstenesta mot slutten av året er det
likevel slik at ein må vere døypt på førehand.
Til dei som ikkje er døypte: Alle kan altså ta
del i opplegget for konfirmasjonstida. Viss du
i løpet av året finn ut at du vil døype deg gjer
vi det ein gong rundt påsketider.
REGLAR FOR KONFIRMANTANE
Dersom du er usikker på om du ynskjer å ta
del i det kyrkjelege konfirmasjonsopplegget
er du velkomen til å ta ein prat med kateketen eller ein av prestane. Dei kan fortelje meir
om kva dette går ut på og kanskje hjelpe deg å tenke vidare.
Her er reglane som gjeld for konfirmasjonstida. Ved påmelding godtek
konfirmantar og føresette desse.
INFORMASJON OG PÅMELDING
§2 Leiarane forpliktar seg på å gjera
alt dei kan for at kvar einskild av konfirmantane skal ha eit godt utbytte av
opplegget.
BLI KJENT MØTE FOR KONFIRMANTAR OG FORELDRE
Vi held eit ”Bli kjent møte” for konfirmantane og deira foreldre/føresette tysdag, 3. juni, KL 20.00 i Austefjord kyrkje.
Her får de bli kjent med dei som er hovudansvarlege. Og de får
informasjon om konfirmasjonsordninga generelt og tilbodet i
Austefjord komande skuleår.
PÅMELDING
Du melder på konfirmanten ved å følgje linken på heimesida
vår: www.volda.kyrkja.no. (Gjerne foreldre/føresette i lag med
konfirmanten!). Påmeldinga er open etter informasjonsmøtet.
Påmeldingsfristen er 20.juni
KVEN KAN VERE MED
MED??
Konfirmasjonstida er open for alle som fyller 15 år i løpet
av 2015 eller byrjar i 9. klasse hausten 2014. Du treng
ikkje vere døypt eller vere medlem i Den norske kyrkja for å
ta del i leir, undervisning eller anna opplegg.
leir, TemaDag og
andre arrangement. Ta på gjerne kontakt om de har
spørsmål eller kommentarar!
ANSVARLEG
Kateketen i Volda, Constanze Lindner, er hovudansvarleg for
konfirmasjonsordninga. I tillegg til ho er det soknepresten,
kyrkjelydspedagogen, andre prestar og frivillige som er med
§1 Ein bør gjere mot andre slik ein vil at andre skal gjere mot ein
sjølve.
Dersom både konfirmantar og leiarar
er positive og greie vil alle få ei kjekk
og lærerik konfirmanttid.
§3 Tidspunkt og andre beskjedar leiarane gjev, må følgjast. Opplegga startar presis. Dersom ein ikkje
kan møte til undervisning eller andre samlingar skal kyrkjekontoret eller leiar få
beskjed frå foreldre/føresette, på
førehand. Berre sjukdom gjeld som gyldig fråvær.
§4 Mobbing og anna oppførsel som øydelegg for andre er ikkje
tillate.
§5 Dersom ein gjer skade på bygningar, buss eller andre sin
eigedom skal dette erstattast av den som årsaker skaden.
§6 Det er ikkje tillate å bruke mobiltelefon i undervisning og
liknande Dersom nokre har med seg mobiltelefonar, mp3spelare o.l. skal dei vere avslått og må ikkje vere synleg framme.
VELKOMNE!
Constanze Lindner
Kjell-Roger Isene
Kateket
sokneprest