VELKOMEN SOM - Volda.kyrkja.no

Download Report

Transcript VELKOMEN SOM - Volda.kyrkja.no

KONFIRMASJONSTIDA I KYRKJA
GIR DEG HØVE TIL Å…
… finne ut kva du trur
VIKTIGE TIDSPUNKT
TIDSPUNKT!!
MERK AV I KALENDEREN MED EIN GONG!

8A + 8B torsdag 22.mai, kl 1430—1530
8C + 8D torsdag 22.mai, kl 1530—1630
… lære meir om deg sjølv
… lære meir om Bibelen

… samtale om kristen tru



————————————————
————————————————--
Leir:
Lysmesse
Søndag, 30. november, kl 18.00 i
Volda kyrkje

FRAM TIL KONFIRMASJONSDAGEN
KONFIRMASJONSDAGEN!!
Presentasjonsgudsteneste
søndag 28.september kl 1100
fredag 3. til måndag 6.oktober
(NB! Haustferien!)
… og mykje meir!
BLI MED PÅ EI SPENNANDE REISE
VELKOMEN SOM
i Volda kyrkje.
… engasjere deg i kyrkja sitt arbeid
for miljø og solidaritet
Møte for foreldre/føresette:
torsdag 22.mai, kl 2000 på Uppheim
… bli kjent med kyrkja
… få nye tankar om livet
BLI KJENT MØTE for konfirmantar
i Volda kyrkje
Konfirmasjonsgudsteneste 2015
Søndag 3.mai, kl 1000: 9A* kl 1200: 9B*
Laurdag 9.mai, kl 1000: 9C* kl 1200: 9D*
*: Dersom dato og klokkeslett ikkje høver, kan de bytte
dag og klokkeslett. Merk dette i påmeldinga.
Volda kyrkjekontor
ostboks 17, 101 Volda
Besøksadresse: Gymnasvegen 2
(Sparebankbygget), 3. høgda
Tlf kyrkjekontoret 70074090
Kateket Constanze Lindner
Tlf: 4889 3741
E-post: [email protected]
Sokneprest Svein E. Kvamsdal
Tlf: 4889 3705
E-post:
[email protected]
I VOLDA KYRKJELYD
DETTE FÅR DU OPPLEVE SOM KONFIRMANT I
VOLDA

Leir
Leir er spennande! Du får vere
saman med gamle og nye
vener, vi skal gjere kjekke ting
i lag og de får (ganske) snille
leiarar som tek hand om dykk. Leiren går av stabelen på
Fjordly leirsenter på Bryggja (20 min frå Måløy) fredag, 3. til
måndag 6. oktober. (NB! Første helg i haustferien).

Undervisning
I Volda har vi undervisningar på onsdagar, kl 1745—1915,
om lag 4 samlingar per semester. Det meste av undervisninga er på Uppheim. Vi vil ha nokre samlingar saman med
dei andre konfirmantane i kommunen, t.d. TemaDagen i
mars 2015. For å unngå ”kollisjonar” med andre aktivitetar
skal vi informere både idrettslag, organisasjonar og skulen
om dette. Når du er påmeldt, vil du ved skulestart få
tilsendt eit brev med detaljert informasjon, semesterplan
osv.

Anna
I konfirmasjonstida vil vi i tillegg til undervisninga tilby
KonfPLUSS der de verte kjent med andre kristne i bygda.
Det vert om lag eit møte i månaden, mest sansyneleg i ei
samtalegruppe.
Gjennom året samlast vi til 3 kross-samlingar (kveldssamlingar med roleg musikk, lystenning, ei enkel andakt
osv), nokre temakveldar og de får vere med på mange ulike
gudstenester.
KVEN KAN VERE MED
MED??
Konfirmasjonstida er open for alle som fyller 15 år i løpet
av 2015 eller byrjar i 9. klasse hausten 2014. Du treng
ikkje vere døypt eller vere medlem i Den
norske kyrkja for å ta del i leir,
undervisning eller anna opplegg. For å vere med i forbønshandlinga i konfirmasjonsgudstenesta mot slutten av året er
det likevel slik at ein må vere døypt på
førehand.
Til dei som ikkje er døypte: Alle kan altså ta del
i opplegget for konfirmasjonstida. Viss du i
løpet av året finn ut at du vil døype deg, gjer vi
det ein gong rundt påsketider.
Dersom du er usikker på om du ynskjer å ta
del i det kyrkjelege konfirmasjonsopplegget er
du velkomen til å ta ein prat med kateketen eller ein av prestane. Dei kan fortelje meir om kva dette går ut på og kanskje
hjelpe deg å tenke vidare.
INFORMASJON OG PÅMELDING
BLI KJENT MØTE FOR KONFIRMANTANE
Alle konfirmantar er invitert til ”BLIKJENT MØTE” i kyrkja torsdag 22.mai (klokkeslett for din klasse finn du på baksida). Her
får du bli kjent med dei som hovudansvarlege, kyrkja, og du vil
få informasjon om konfirmasjonskurset vårt.
INFORMASJONSMØTE FOR FORELDRE
Vi held eit møte for foreldre og føresette torsdag 22.mai kl
2000 på Uppheim. Her får de informasjon om konfirmasjonsordninga generelt og tilbodet i Volda komande skuleår.
PÅMELDING
Du melder på konfirmanten ved å følgje linken på heimesida
vår: www.volda.kyrkja.no. (Foreldre/føresette i lag med konfirmanten!). Påmeldinga er open etter informasjonsmøtet.
Påmeldingsfristen er 20.juni.
Detaljert informasjon som semesterplan etc. vil berre bli sendt
ut til påmeldte konfirmantar.
ANSVARLEG
Kateketen i Volda, Constanze Lindner, er hovudansvarleg
for konfirmasjonsordninga. I tillegg til henne er prestane
og kyrkjelydspedagogen med på undervisning,
gudstenester og meir. Ta gjerne kontakt om de har
spørsmål eller kommentarar!
—————————
REGLAR FOR KONFIRMANTANE I VOLDA
Her er reglane som gjeld for konfirmasjonstida. Ved påmelding godtek
konfirmantar og føresette desse.
§1 Ein bør gjere mot andre slik ein vil at andre skal gjere mot ein sjølve.
Dersom både konfirmantar og leiarar er positive og greie vil alle få ei
kjekk og lærerik konfirmanttid.
§2 Leiarane forpliktar seg på å gjera alt dei kan for at kvar einskild av
konfirmantane skal ha eit godt utbytte av
opplegget.
§3 Tidspunkt og andre beskjedar leiarane
gjev, må følgjast. Opplegga startar presis.
Dersom ein ikkje kan møte til undervisning
eller andre samlingar skal kyrkjekontoret eller
leiar få beskjed frå foreldre/føresette, på
førehand. Berre sjukdom gjeld som gyldig
fråvær.
§4 Mobbing og anna oppførsel som øydelegg for andre er ikkje tillate.
§5 Dersom ein gjer skade på bygningar, buss eller andre sin eigedom
skal dette erstattast av den som årsaker skaden.
§6 Det er ikkje tillate å bruke mobiltelefon i undervisning og liknande
Dersom nokre har med seg mobiltelefonar, mp3-spelare o.l. skal dei
vere avslått og må ikkje vere synleg framme.
VELKOMNE!
Constanze Lindner
Svein E. Kvamsdal
Kateket
sokneprest