Les dette på PDF fil

Download Report

Transcript Les dette på PDF fil

Nikolai Engeset har leita i arkivet og Kjell Høydal har redigert for nett.
Stoffet er henta frå skrivet til jubileumsfesten 28.april 1973.
ROTARY FOR 20 ÅR SIDAN
V/ past guvernør Olav Kårstad
og chartersekretær Dagfin Hovden
I 1953 var det berre 3 rotaryklubbar i Møre og Romsdal fylke, nemleg Ålesund
R. K., skipa i 1929,Molde R. K. ,1948 og Kristiansund R.K. same året. Klubbane
i Volda og Ørsta er dei eldste på landsbygda i vårt fylke. No er vi 18 klubbar i
vårt fylke. For 20 år sidan var heile Noreg eit distrikt, og sivilingeniør Lindboe
var guvernør då våre klubbar vart skipa. Rotary International var lite kjent på
den tid. Det hang saman med at det var få klubbar i landet, og at ein ikkje
måtte drive noko slag PR utanfor klubbanane. Dette synet har endra seg mykje
siste åra. I Rotaryklubbane drøftar ein no saker som er aktuelle i bygda, og ved
den allsidige samansetjinga av medlemane har ein høve til å påverke sakene i
Rotarys ånd.
Rotary vert kjent i Volda og Ørsta.
Det var gjennom vener i Ålesund Rotaryklubb at ein alt i 1952 fekk kjennskap
til Rotary International. Det førde til at interessa vart vekt hjå oss, og at
førebuinga tok til. Men fart i saka kom det først då guvernør Lindboe bad
Ålesund Rotaryklubb ta opp arbeidet me å skipe ein klubb i Volda/ Ørsta
området. Ålesund R.K. valde ei nemnd som skulle ta seg av dette. Valet vart:
Anders A. Hovde, Jonas Peson, Arne Norbakke og Norvall Jacobsen. Desse tok
kontakt med Erling Aarseth, Anders Kvam og Karl Kornberg i Volda, og med A.
Krogh Albertsen, Ivar Myklebust og Henrik Straumsheim i Ørsta.
Klubbane vert skipa.
Kontaktmenne i Volda og Ørsta gjekk straks i gang med å setje opp liste over
mogelege medlemar. Det synte snart at det bvar grunnlag for to klubbar, ein i
Volda og ein i Ørsta. Då dei hadde sett opp 20 namn på kvar plass, sette dei
punktum.
Klubbane vart konstituerte.
Den 27. februar 1953 vart det halde konstituerande møte på Stjernesalen i
Ørsta under leiing av guvernør Lindboe. Frå fadderklubben i Ålesund møtte
presidenten, Jakob Søreide, sekretæren, Rolf Havnevik og Politimeister
Holmsen. Til president i den nye Ørsta Rotaryklubb vart vald A. Krogh
Albertsen, og til sekretær Dagfinn Hovden. For Volda Rotaryklubb vart Erling
Aarseth vald til president, og Bjarne Hoel til sekretær. Dermed var klubbane
klar til å starte si eiga møteverksemd og velje dei ymse tillitsmenn.
Etter eit par månadar vart charterbreva til dei to klubbane utskrivne. Ørsta sitt
datert 20.4.1953, og Volda sitt 23.4.1953. dermed var alt kome i lovelege
former. Med alt det som hadde skjedd til no, måtte feirast med ein skikkeleg
charterfest.
Charterfesten
vart halden på hotell Alexandra i Loen den 13. juni 1953. I ein kortesje av
privatbilar reiste dei fleste av dei 40 chartermedlemane med fruer, og med god
oppslutning frå fadderklubben i Ålesund, til loen i det vakre forsommarveret. Av
høgdepunkta i festen minnest ein at Voldas seremonimeister, Mjanger, ønskte
alle velkomne. Etter tale av guvernør Lindboe kom så den høgtidelege
overrekkinga av til chartera Krogh Albertsen og Aarseth, flankert av Hovden og
Hoel. Der var også tale av presidenten i fadderklubbe, Søreide, med
overrekking av klubber og rotaryflagg til dei nye kubbane. Etter takketalane
gjekk ein over til kameratsleg samvær i Vikinghallen til langt ut idei små timar.
Den første tida
Første møte i Volda Rotary vart halde i eit lite rom på kafe Bondeheimen. Men
der var det trangt og vanskeleg, så doktor Bryhni kom med tilbod om at møta
kunne haldast i hans heim. Og der var det koseleg og møta vart heldne der i 2
½ år. Då vår medlem A.H. Vassbotn bygde seg nytt hus, innreidde han eit
prektig lokale med tekjøkken i underetasjen. Der vart kjøpt inn møblar og
kjøkkenutstyr, og med rotaryflagg og andre symbol fekk romet ekte rotarypreg.
Frk. Ester Lundberg var vertinne på kjøkkenet i mange år, etter henne Marta
Lundberg og Anna Bjørdal. For eit par år sidan (1971) mista vi lokalet og
klubben held no måta sine på Samfunnshuset. Men Volda Rotaryklubb har
planar om å bygge eige hus, med fast møæterom for klubben og med andre
rom for utleige. Talet på medlemar har no ( 1973) vakse til 43.
Arbeidsoppgåver og samarbeid
Det var naturlig at dei to klubbane gjekk saman om å løyse større oppgåver.
Sjå prosjektbeskrivinga om Heggjadalsvegen undre menyen prosjekt
Skogplanter til Island. I mange år vart det sendt planter til Island, og Volda
Rotaryklubb og mange andre klubbar var med og betalte desse.
I 1967 hadde vår medlem, Natvik, etter ei kjempeinnsats fått reist ein Senil
Dement- heim i Volda. Men terrenget rundt var berre morass – og måtte
gjerast om til hage – ein høveleg jobb for ein internasjonal leir. Og mykje godt
arbeid vart utført. Ørsta Rotary støtta opp med pengar, og dei arr. Ein fin
avsluttningsfest på Viking Fjord Hotel.
Andre tiltak.
 Narkotikaproblemet. Klubben skipa distriktskonferanse
 Vanføreheim. Arr. av stor medisinsk og politisk konferanse i
førebuinga av Mork.
 Cerebral Parese. Fleire innsamlingsaksjonar i forbindelse med
oppretting av heim for born.
 Distriktshøgskulen. Då den skulle verte ein realitet, vart
formannen i den departementale nemnda, Ottosen, tilkalla for å
orientere ei rekkje innbedne autoritetar.
 Ungdoms- og idrettsarbeid. Til fremjing av dette arbeidet vart
formennene i 10 organisasjonar innbedne til samordningsmøte i
Rotarys regi.
 Trafikkulturen. Til fremjing av denne mellom born og unge, vart
det arrangert ein stilkonkurranse på skulane. Det kom inn ca. 300
svar, og Rotary spanderte 50 premiar for dei beste svara.
 Yrkesrettleiing. I mange år skipa Rotary yrkesrettleing for
skuleungdom og andre, med i hovudsak rotarianarar som
rettleiarar.
Gjennom Rotary Foundation og andre stiftelsar har klubbane skaffa heilårs
stipend til studiar i utlandet for ungdomar frå våre bygder. Sameleis har
klubbane tatt i mot ungdomar frå andre land og gjeve dei fritt opphald hos
Rotarianarar. Det har vore stor aktivitet og ei kunne halde fram denne
oppramsinga, men—----
Her vil kome meir når ein grunnlagt for det.