Transcript rapport
PILEGRIMSVANDRING FRÅ VEST-TELEMARK TIL RØLDAL 28.06- 6.07.12 Torsdag 28.juni 2012 Det kjem mykje godt ut av pilegrimsvandringar , men eg kan ikkje seie og ha blitt betre på hovudrekning av vandringane. Utanfor Seljord kyrkja gjekk eg å talde og talde på fingrane for å finne ut kor mange gonger ein har arrangert turar mot Røldal. Fyrste gong var i 2003. Men med hjelp av endå fleire fingrar vart det klart at årets pilegrimsvandring er den tiande. Rett og slett ei jubileumsvandring. Utanfor Seljord kyrkja samla det seg etter kvart femten påmeldte pilegrimar. I år var det far og son Tveiten frå Edland som hadde bagasjekøyring. Ole Simon tok fyrste køyringa. Dette fungera kjempebra. I kyrkja var det pilegrimsgudsteneste ved underteikna og soknediakon Svanhild Rui Gustavsen. Kyrkjeverje Jon Svartdal sørgja for ringinga og følgde oss som vanleg til St.Olavs kjelda i Brunkeberg. Kviteseid-organist Dagfinn Køhn gav oss flott musikalsk følgje . Ved kyrkjekaffien vart det ønskt velkommen av sjefen for vandringa Margit Gjørv. Varden journalist Andreas Soltvedt fotografera oss ut kyrkjeporten, og kl.12.05 var me i gang. I tillegg til femten påmeldte var det sju ekstra. Mellom anna Torstein Eidem Nordal frå Agder og Telemark bispedømmeråd. Ved kjelda i Brunkeberg fekk Jon Svartdal pilegrimstaup,(ikkje minst for si flotte Draumkved –tolkning ved Ramskeid) , men ingen Emanuel Riis var å sjå. Når med møtte han i Brunkeberg kyrkje kunne han fortelje at han hadde ikkje hadde registera at vegen er noko omlagt dei siste åra. Emanuel hadde venta på oss ved Heggtveit. Godt og koma til Brunkeberg kyrkje, og bli teken imot av soknerådsleiar Bjørg Nordlien og tre medhjelparar. Elles vart med ønskt velkomen til Kviteseid av sokneprest Hallvard N. Jørgensen. Han følgde med oss til Morgedal. I kyrkja fekk me ei flott omvisning ved kjentmann Riis. På tunet på Hemmestveit vart med flott teken imot av Stig og Ellen Margrete Bang før med kom fram til Morgedal Camping kl.19.35 . På campingen var det middag levert av Halvor og Ellen Nordal. Torsdag 28.juni 2012 Å KOMA HEIM Eg er klar til å gå. Skoa er nypussa, har henta fram vandringstaven frå vinteropplag og sjela ? Ja, kva med ho? Er det ikkje mest sjela det handlar om på ei pilegrimsvandring? - Det beste med heile vandringa, er at eg ikkje har hatt ein einaste tanke undervegs” , sa ein pilegrim vel framme ved krusifikset i Røldal. Så må eg berre vedkjenne det . Eg er ein heimføding i pilegrimsamanheng. Kjenner ingen andre pilegrimsmål enn Røldal. Mange av dei eg har gått saman med gjennom åra, har hatt kamskjel på sekken og snakka intenst om varmen og gnagsåra på Caminoen i Spania. Men kanskje pilegrimsvandringar eigentleg handlar om å koma heim, tenkjer eg i det me går over Brøløs, og minnest nokre liner av vinbyggen Tarjei Vesaas. Og har i oss ein lovnad om å koma heim. Koma heim, gå borti der, bøye greiner, - og kjenne så det fer i ein kva det er å vera der ein høyrer til. Heile heile tida, til det er sløkt i våre innlandshjarte Så vert mi stille pilegrimsbøn å møte den milde Kristus når eg har lagt Haukelifjell, og alle andre fjell bak meg for godt, og er til vegs ende på den store vandringa. FREDAG 29.juni 2012 Medan fyrste dagen var varm og solrik, kom fredag med regn. Etter ein god frukost med Margit kvalitet, byrja me oppstigninga frå Morgedal kl.08. Tarje Førstøyl var kjentmann. Han kom saman med Aslak Bekhus. Aslak var ein god mann og gjeva bakarste -mann-ansvaret over dei søkkvåte myrane. Aslak Slettemeås køyrde ein god gjeng opp dei verste bakkane, og berga dage for fleire. Elles serverte han maltøl på låven sin. Rast og ord for dagen på Fittjan. Denne gongen handla dei om organisten i Tokke , den gode Spitsjekk,( 1959-2012) som døydde plutseleg heime i Polen kvelden før. Klokka 18.12 var dei siste framme på Trovassli. Den tyngste dagen under heile vandringa, meinte mange. God graut og spekemat til middag. NOKON SOM BRYR SEG? Dei er seige bakkane opp frå Morgedal mot Øyfjell. I brattbakk er det som om eg møter meg sjølv frå sommaren 1981. Full av rastlause kjensler. Forelska så det heldt. Aldri gjengjeldt, så vidt eg merka. I staden gjekk eg på boksal. Alfarheim Boghandel i Elverum hadde stort sal av Lanterne – bøker den sommaren. Eg hadde sommarjobb som omvisar på Glomdalsmuseet og handla med meg alt eg kunne av Tarjei Vesaas. (1897-1970). På regnvêrsdagar, og mellom tyske bussgrupper og norske pensjonistar gjekk det i Vesaas. Skal ikkje påstå eg skjøna ” Bleikeplassen”(1953). Der vaskerieigaren Johan Tander misser grepet på røyndomen, og blir besett av tanken på at Jan Vangen vil drepe han. Kona vil få han til å snu sine tankar, og skriv med kritt på veggen at ” Johan Tander har ingen brydd seg om”. I staden utløyser det galskapen. Tander fryktar det som kan redde han og døyr i det han verkeleg skjønar at kona vil han berre godt. Somme tider har eg møtt folk som har det på same viset med trua. For mange nederlagstankar stengjer ein ute frå ei nådig tru. Som om ein ikkje fortener at nokon bryr seg om ein, og nåden gjeld vel helst for alle andre. Laurdag 30.juni 2012 Godt og kunne seie at denne dagen vert lettare enn den førre. I Øyfjell kyrkje var det orientering ved soknerådsleiar Gudny Lid Unhjem før gruppa møtte kjentmann Knut Hylland. To dagsvandrar var med frå Øyfjell til Åmot. I Eidsborg var det pilegrimsgudsteneste og avgang for ei nytt gruppe. Ti påmeldte og to invitera ; leiar for Mellomkirkelig Råd Berit Hagen Agøy og mann var med til måndagsmorgon. Gudstenesta var ved sokneprest Jarle Bryne og sjukeheimsdiakon Bjørg Abusland. Elles var det minnestund for Spitsjekk, organist i Tokke sidan 1986. Full kyrkje denne dagen.Godt og dele sorga over ein kjær mann med pilegrimane. Før avgang , ein liten kyrkjekaffi i det nye museet med presentasjon av dagens kjentmann Olav Groven med medhjelpar Tarjei Førstøyl. For tiande gong gav campingplassen pilegrimspris på overnattinga. ( = gratis) Kjøttsuppa var strålande etter ein lang dag. Frå Eidsborg kl.12.45 . Framme på Hyllandsfoss kl.20.08. EIT TEIKN Pilegrimsvandringar var ofte ei botshandling, eller ein gjekk til heilagdomen for å bli frisk. Til Røldal var det helst det siste. Så får ein vel ikkje lettare tak i nåden på pilegrimsvandring, men det gjev eit fysisk uttrykk for at trua grunnleggande sit i beina. Kanskje ein heller ikkje berre kan ta imot , men òg må kjempe for nåden, tenkjer eg under ei stille stund den vesle og audmjuke Øyfjell- kyrkja frå 1833? Var det ikkje det den gamaltestamentlege Jakob gjorde; Eg slepper deg ikkje før du velsignar meg ? Eller kva med den blinde tiggaren Bartimeus som bad om miskunn då Jesus gjekk forbi ? Bibelboka - er som livet - full av desse kjempande menneska. I ”Bleikeplassen” finn ein den gamle Krister, ”ein einsam på jorda”. Krister kjempar for sitt liv og ettermæle. Han får ein tanke om å finne seg ei kvit skjorte før han døyr. ”Eg må få sjå eit teiken på at eg har vore mellom folk, at eg ikkje har levt til ingen nytte.” Og teiknet skulle vera at nokon vil gje han ei kvit skjorte å døy i. Det skjer ikkje, han tek ei skjorte frå snora, men døyr då han angrar seg og vil ha av seg skjorta. Sundag 1.juli 2012 Kjentmannen Olav Groven kom stegande ved ni-tida, og me var klare til å gå. Tre dagsvandrar pluss Olav Nordstoga som ekstramann frå Vinje Historielag. Regn og sol om kvarandre opp mot kyrkja. Rande Berdal Hagen frå VTB følgde oss til Bakkestøyl. Ein liten gjeng var ned nedom tunet på Midtbø. I prestegarden var det rikeleg med rom i stugo. Boller, sagt og kaffi og ordførar Arne Vinje som fortalte om kyrkja. Redaktøren i Telemarksavisa Ove Mellingen kom òg innom og helsa på. Svein og Anne Ringhus skal ha stor takk for måten dei tek imot pilegrimar på. Gudstenesta etterpå var god besøkt, og pilegrimskonserten ved Ingvild L. Nordstoga og organist Robertas Lamsodies var godt motteken. Somme rakk også innom Vinjeutstillinga før middagen på Mjonøy. Dei siste var framme på Mjonøy ved 19.15 tida. Grunna uhell med ei glas som hamna i jordeplekjelen var middag utsett over ein time. Men då smaka han ekstra godt. Ellen og Olav Nordstoga kom og delte historiar og stev med oss om kvelden. Elles slo Spania Italia 4-0 i EM-finalen i fotball, for dei som bryr seg om slikt. Å STÅ KURSTILLE I NÅDEN Det har etter kvart vorte nokre pilegrimsvandringar. Etter 20 år i Vest-Telemark som diakon , veit eg mykje om at vest- telemarkingane er snille og hjelpsame. Ikkje minst når ein går langs stig og veg. Så som på campingplassen på Hyllandfoss i Åmot. Pilegrimspris, kallar dei det og fortel at pilegrimar søv der gratis. Dette uventa gode , velsigna raust, får meg til å tenkje på Tusten. Ein figur hjå Vesaas. Han er kalla opp etter ei tørrgran, og står elles litt på utsida av bygdesamfunnet. Seinare vart denne figuren grunnlaget for boka ”Fuglane”. Eit slags sjølvportrett, sa diktaren. Ein dag møter Tusten ein granne som ber han om å ta på seg noko vedarbeid. Mannen kallar han med døypenamnet Mattis, og Mattis får identitet: ” Og alle som sa Mattis, fekk som ei stjerne fest ved seg. Om det hende at noken tala til han, sa dei sjeldan namnet hans. Han visste godt at han ikkje heitte anna enn Tusten folk imellom.” Eg har no jamt tenkt at det må vera slik Jesus kalla læresveinar den gong – og i dag. Mattis nyt augneblikket, som Vesaas skriv :Let Tusten få stå i nåden . Tusten stod kurstille i nåden , og venta. Måndag 2.juli 2012 Dagen starta med ei lita vandringa mot Vinje Biletgalleri. Galleriet vart opna takka vera ein snill ungdom, som stod ekstra tidleg opp for oss. Kjentmann Olav Nordstoga leia oss så over Smørklepp til Heiivegen . Ved Grungebru hadde me matpause og Halla Hamre overtok den gule vesten. Kyrkjeverje i Vinje Knut Våmartveit var ekstra pilegrim denne dagen. Sol og regnbyer skiftes på mot kyrkja. Kl. 5.15 kom me til kyrkja. Sondre Bratland stod klar med ei lita orientering om kyrkja, og ei rørande songstund. Lisbeth Christenson, Asbjørg Edland og Mildrid Straumstøyl sytte for vaffelservering. Dei siste kilometrane mot Tallaksbru vart dryge for somme. Dei siste kom fram fem over sju. Same kvelden reiste to stykk ned på Legevakta i Åmot. Elles god middag på Motellet. SYNEST Å VERA SÅ LITE Pilegrimsvegen går rett ovom Midtbø. Heimen til diktarparet Haldis M. og Tarjei Vesaas. Ein varm julidag med eit blenkjande Vinjevatn bakgrunn, er det som eg kan sjå dei gå på tunet. Tru om nokon kjem opp til vegen med mjølkespannet? : ”Synest å vera så lite . Det er ikkje stort som skal til . Berre det å gå opp og hente mjølkespannet ein tidleg morgon, det kan vera eit under”. (Frå ”Båten om kvelden”) Så var det vel ikkje finvêr og sol som skapte stor litteratur hjå Tarjei Vesaas. Heller angsten. Angsten som han gjorde litteratur av. Litteratur som lever sitt eige liv kring heile den vide verda. Som har sett spor i mangt eit menneske. Slik som me og sett spor etter oss. På godt og vondt. Men ein eller annan stad i verda er det kanskje nokon som ein gong opplevde at me gav godt frå oss. Kanskje det berga ein annan? Eit glas vatn held, seier Bibelen. Eit glas vatn til ein tyrstande. Synest å vera så lite, men nokon fekk livet sitt berga av det. Tysdag 3.juli 2012 Som vanleg starta med ved 9.15 etter god frukost på Haukeli- Motell. Vår faste kjentmann over Haukelihei Tjøstolv Kvålen var kunne ikkje vera med denne dagen , men halla Hamre fann vegen opp lia. Vått og tungt , og over Raftarmoen valde me å gå på 134 istaden for å trakka djupt i Ålmannamyra. Dei siste kilometrane ved Vågslidvatnet gjekk unna, og folket kom fram til Fjellstad ved 17tida. Her vart det etterkvar god kjøtkakemiddag , høgtlesing frå Cleng Person og liv i stugo. Utpå kvelden kom dei fem siste deltakarane. Etter kort tid verka dei også inkludera. INGA SPØRING OG GRAVING Det finst så mange slags pilegrimsvandringar . - Eg er no helst med på denne vandringa for å få sjå kor Halldis er gravlagt. Det er mitt heilage mål. Utan henne hadde eg vel framleis vore låst i eit håplaust ekteskap . Diktet om kjærleik som gjer klok, fekk opna augo mine.” Halldis Moren Vesaas (1907 -1995) ligg i bakkane nedanfor den raudmåla Vinje kyrkje. Rett ved sida finn ein grava til Signe og Olav Vesaas. Foreldra til Tarjei. Tarjei skriv så vakkert om mor si. ”Klart lys råder rundt henne, ikkje ein flekk tør ein påstå å kunne peike ut.” Trua var viktig for Signe Vesaas , og forfattaren skriv:” Det er eitkvart bakom som styrer med alt saman , trur eg, og vi må ikkje gløyme at det er slik. Dette hadde ho sagt på fleire måtar. Vi var aldri i tvil om kva ho trudde på. Løyndomen er : Ein likte at nokon tenkte slik som mor gjorde. Men for all del inga spøring og graving”. Mors stille arm når langt utover gravkammeret i Vinje I sol, toreslag Og frost. Onsdag 4.juli 2012 Skodde og regn venta oss. Ragnvald Christenson og Tjøstolv Kvålen var med oss dagen. Kom oss greitt av garde kl.9.15 og etter vel timen var ved Skisenteret. Ved Tyrveli måtte me ta ei pause for å få kart og terreng til å stemme. Det tetna rundt oss, og me var glad når dei raude Ålmannaveg-merka kom fram. Ved Havrdalsvegen gjekk ein pilegrim ned og vart møtt av Margit ved Prestegardshytta. Det var elles god temperatur på fjellet sjølv det om det regna ein del. Dagens samling vart halde i Ulevåskaret. Vel ned ved hytta til Margit og Svein Gjørv vanka det god toddy. Alle ved hytta klar til å bli henta av Bratland buss kl.17.45 NO IKKJE FLEIRE ORD Eg likar å sjå fjellet nærme seg. Puster tungt, fritt oppe på Haukelifjell. Fjellet er trygt og godt å kvile augo på. Men ikkje minst likar eg prosessen. Vandringa frå lågland mot dei høge nutar. Frå det enkle og kvardagslege, på stigar og i heftig trafikk på E 134, mest nedkøyrt av tunge trailerar. Midt gjennom verda går me. Er i verda og utanom ? Somme gonger til lått på bygdevegane? Desse pilegrimane, kva fer dei etter her hjå oss? Vil dei ikkje heller ligge på ei strand i Spania eller i det minste gå Caminoen? Her på vår eigen Caminio tenkjer eg på ei vandring for to tusen år sida. Jesus hadde stått opp. Sprengt grensene mellom liv og død. No var han ute og gjekk mot Emmaus . Her trefte han to av disiplane , gav seg i prat med dei. Han lytte og spurte , trøysta sikkert, men dei kjente han ikkje att. Ikkje før han sette seg ned ved bordet og braut brød. Gud openberre i det alminnelege, i nærveret mellom menneskjer , i diakoni og enkle daglege handlingar og fellesskapet kring eit bord. Han tenkte ord Ord og ord. No ikkje fleire ord. Her er mi tyrste hand. (Frå Båten om kvelden) Torsdag 5.juli 2012 Svein Gjørv stod klar ved Ulevå ved 9.30 tida. Fyrste etappe gjekk langs vatnet og over brua ved Nupselva. Så vandre me ut på E 134 mot Haukelitunellen og Piparsteinen. Opp på Dyrskar møtte me sola og sat her halv annan time. Vidare gjekk me langs Øysteinsvatnet, mykje på store snøfennar mot Midtlæger og Svandalsflona. Inge Sondre Bratland hadde berre ein buss, men hadde ordna slik at halve gruppa kunne til å ta Haukeliekspressen til Fjellstad kl. 16.15 God laksemiddag, og verthuseigar Sigmund som kom med Sfinx til kaffien. GUDS HELSING TIL DEI REDDDE OG SKRAPA I dag passerar me vasskilje . Enno ligg det snøflekkar i Dyrskar. 1100 m.o.h står det på ein stein Ei enkel vegarbeidarhytte ligg mellom høge fjell. Herfrå spadde dei opp vegen med handmakt på vårane. 15-20 meter høge brøytekantar for å opne vegen for sommartrafikk. Små menneske som med trufast innsats kjempa mot snøen Med handmakt vart det veg. Fraus og hutra gjorde dei. Fraus på beina. Trufaste og stolte vegarbeidarar minner meg om alle som kjempar for håpet. Det kan vera dei som mista noko i terroren sist sommar eller lir under sjukdom og angst. Eit stor arbeid dette. Grave fram håpet i storm og uvêr . Eg tenkjer på boka Kimen frå 1940. Forferdelege ting har skjedd, drap og massesuggesjon har truga idyllen: ” Djupt til jorda. Men så vart ein atter kar om å stå . Det måtte ha vore ein kime i dustet. Så ein stod opp. Augo vart klåre på ein, så ein såg kor støtt det gjekk i banane sine, det som laga liv og død i storom. Snart ville sola vera her att, og gras og lauv vart grønt . Det var Guds helsing til dei redde og skrapa.” Fredag 6.juli 2012 Siste dag. Rydding og lett vedmot. Ved Svandalsflona møtte det fem ekstra. Tre godt kjende Mange Ljosdal, Olav Groven og Tarjei Førstøyl og elles Sissel Widsvang og dotter Britt. Etterkvart slutta Snøhulemannen Sverre seg til gruppa. Då var med fem og tredve den siste dagen. Rast ved Bruhølen , der den trufaste kjentmannen Svein Gjørv fortalte om om korleis dei fekk til den flotte brua. Framme ved kyrkja (litt etter skjema) kl.15.13. Godt teken imot av pilegrimsprest Natås som heldt eit kort gudsteneste. Som ei sa etterpå: - Eg hadde tårer i augo heile tida. Under middagen var Eilev og Margit takka med roser av deltakarane. Vidare var det konsert i kyrkja kl. 19.30 og samlinga på Grendahuset. Her var det gjeve korte resyme av vandringane frå Stavanger og Telemark. Nok ei vandring er over. Det er tid for å takke til samarbeidspartar; kyrkja og historielaga og mange andre gode folk. I 2005 vart eg beden av Agder og Telemark Bispedømmeråd om å vera kontaktperson mot Pilegrimsvegen til Røldal. Eg har mange gongar takka for dette spørsmålet. Fordi dei ville satse på meg. Pilegrimslivet har utvida mitt diakonliv, og eg er uendeleg glad for å fått vore med. Så må eg og fått takke Pilegrimsvegen til Røldal som har tiltrudd meg og leie store grupper over Haukelifjell. Takk for samarbeidet til styret og Ragnvald , til Una Høydal og no sist det gode samarbeidet eg har hatt med Margit Gjørv og pilegrimsmiljøet i Røldal. Takk til sokneråda, kyrkjelege tilsette og historielag, kjentefolka kjentefolk og pilegrimane sjølv. Det må vel ha blitt ein nærar 300 gjennom dei åtte åra eg har vore med. Elles er eg takksam for den store friviljuge innsatsen. (Frå Kyrkja del handlar det om femti timar kvart år før tilsette ressursane er talt med) Og det beste av alt for meg . I år fekk eg ikkje eit einaste gnagsår. Eilev Erikstein Prostidiakon i Vest-Telemark Telemark Dalen 8.07.12 [email protected] 911113580 SOM OM SKIFANDE TIDER IKKJE FANST Den siste etappen på vegen. Gjennom grønfarger eg ikkje finn andre stader. Men liene gror att. Eit førtitals pilegrimar er ikkje nok til å halde oppe kulturlandskapet. Geitene kan det, men dei vert stadig færre. Sjølve Skaparverket er truga gjennom menneskeskapte klimaendringar , og me synest ute av stand til å ta naudsynte grep. Fordi me alle vil ha meir? Kva ein milliard kinesarar rar vil tør eg ikkje tenkje på. Så finn tankar og tru atter ei slags ro når eg ser Røldalskyrkja. Godt å høyre kyrkjeklokkene klemte for oss. Som Guds velsigna hjarteslag, synest eg. Audmjukt stig me inn. Krusifikset, som denne natta var sagt å utsondre livgjevande sveitte, som ei helsing frå Den Allmektige. ktige. Han me fekk kjenne gjennom gjennom Menneskesonen og etterlot sin Heilage Ande då han for heim. Forstår ein meir no? Nei. Men ein dirrar mindre. Ein er like ordlaus overfor dei store gåtene, ein vonar framleis å ikkje bli spurd.( Frå Båten om kvelden) Om det er framleis er ord, gåter og ting ein ikkje kan bli spurt om og mykje ved livet eg ikkje forstår. Men mottakinga i Røldal gjev meg denne gode kjensla av å ha kome heim. Enno ein gong. ” Det er som om skiftande tider ikkje fanst, ” for å slutte med me diktaren.