Konfirmant i 2015?

Download Report

Transcript Konfirmant i 2015?

Når og kvar melder me oss på?
Påmelding til konfirmantåret skjer på nettet. Du og dine
føresette fyller inn informasjon og lastar opp bilete på
www.fusasokn.no >> ungdomsarbeid >> konfirmantpåmelding
Påmeldingfrist er 20.juni.
Viss du ikkje er døypt i Fusa må du senda inn dåpsattest til
[email protected] eller
Fusa kyrkjekontor, P.b.73, 5649 Eikelandsosen.
Konfirmant
i Fusa sokn
Kva kostar det å være med?
Eigendelen for konfirmantåret er kr. 800,- Det dekker all
undervisning, materiell, leir m.m. Faktura kjem i posten i løpet
av hausten.
Når startar det?
Konfirmasjonstida startar med at alle konfirmantane blir
presenterte for kyrkjelyden. Dette vil bli gjort på gudstenester
24. og 31. august. Leiren er 5.-7. september. For alle føresette
startar konfirmantåret med foreldremøte fredag 22. august.
Info om dette samt detaljert plan for hausten vert sendt ut ved
skulestart.
Konfirmantundervisning
Når du melder deg på, vel du den kyrkja du vil konfirmera deg
i. Det blir ”di gruppe” i konfirmasjonstida. Noko undervisning
skjer med ”di gruppe”, noko skjer i din skuleklasse, noko skjer
med alle konfirmantane i lag og noko skjer med di
teneste/interessegruppe. Dette er den obligatoriske delen av
konfirmantåret i Fusa:
- Leir
- Teneste/interesse-gruppe etter eige val
- To temadagar
- Minimum åtte sjølvvalde gudstjenester
- To aksjonar (Fasteaksjon og Kalenderaksjon)
- Undervisning:
- 4 gongar på skulen i skuletida
- 3 gongar i di lokale kyrkje, kveldstid
- 3 gongar på E.osen bedehus, kveldstid
Kva handlar bibelen eigentleg om?
Denne informasjonen går ut til alle som skal
begynne i 9. klasse og som bur i Fusa. Viss
du ikkje er medlem i Den Norske Kyrkja er du
likevel velkommen til å ta del i vårt
konfirmantopplegg, så kan du bestemme deg
i løpet av året om du ynskjer å verte døypt.
Dåp er ein føresetnad for å ta del i den
avsluttande konfirmasjonsgudstenesta.
Fleire spørsmål?
Då er du velkommen til å ta kontakt med oss!
Fusa kyrkjekontor, Postboks 73, 5649 Eikelandsosen
2. høgda på Fjord`n senter
Tlf. 56580180
[email protected]
Den store dagen i 2015....
I Fusa sokn har me konfirmasjonsgudstenester i fire kyrkjer:
3. mai: Hålandsdalen kyrkje og Strandvik kyrkje kl. 11.00.
10. mai: Sundvor kyrkje kl. 11.00 og
Fusa kyrkje kl. 10.00 og kl. 12.00.
Tilrettelagt undervisning
Dersom konfirmanten har behov for tilrettelagt undervisning,
er det viktig at me få beskjed om det. Det kan gjerast på
resistreringsskjemaet eller ved å ta kontakt med
konfirmantlærarane. Dette gjeld òg opplysningar om særskilde
allergiar, diettar eller diagnosar det er lurt at
konfirmantlærarane bør vita om. Me vil prøva å gjere det me
kan for at alle konfirmantane skal få gode opplevingar
gjennom konfirmantåret 2014-2015.
Rom for alle, rom for deg – trusopplæring steg for steg…..
Sokneprest
Roar Strømme
56 58 01 83
Mob: 970 37 737
Prostiprest
Ellen Nordtun
56 58 01 82
Mob: 90 68 62 87
Ungdomsarbeidar
Hans Einar Markhus
56 58 01 86
Mob: 959 36 580
roar.stromme@
fusa.kommune.no
ellen.nordtun@
fusa.kommune.no
hans.einar.markhus@
fusa.kommune.no
trusopplæring i Fusa sokn
Teneste/interesse-grupper konfirmantåret 2014-2015
Velkommen til kyrkja sitt konfirmantår!
Når du no snart er ferdig med 8. kl. er det tid for å
ynskja deg velkomen til å ta del i kyrkja sitt
konfirmantår.
I konfirmanttida
vil du gjennom
oppleving og
læring bli betre
kjend med Gud, deg sjølv og kyrkjelyden din, og
slik få hjelp til tru og liv i ein spanande fase i livet.
Du vil du få tilbod om å vere med på ulike
aktivitetar der noko er frivillig og noko er
obligatorisk.
Om du ikkje er sikker på om du vil konfirmerast i
kyrkja, er du er likevel velkomen til å ta del i
konfirmantåret, så kan du bestemme deg
undervegs.
Velkommen!
Kyrkjevert:
Dela ut salmebøker, telja kollekt, rydda o.l. på
gudstenester i di lokale kyrkje.
KRIK:
Ei idretts- og turgruppe for deg som
likar fysisk aktivitet. Det blir òg lagt
inn ein bolk med andakt/samtale på kvar samling.
(KRIK=Kristen Idrettskontakt, sjå www.krik.no )
Strikk for livet:
Nyfødde og for tidleg fødde barn i Tanzania treng
varme klede. Bli med og strikk ullklè til dei små!
Gruppa samlast til strikkekveldar gjennom året. Både
sosialt og nyttig!
”Strikk for livet” er ein veldedig organisasjon som samlar inn
strikka ullplagg til premature, nyfødde og sjuke barn ved
sjukehus i Tanzania i Afrika. Hensikta er å hindra sjukdom og
død.
Konfirmantdiplom:
For deg som likar grafisk utforming. Her skal ein laga
eit minne frå konfirmantåret og eit diplom for vel
gjennomført konfirmantsertifikat.
Trusopplæringsassistent:
Hjelpe til praktisk i forkant,
under og i etterkant av
4-5 trusopplæringsarrangement
for barn i kyrkjelyden.
Leirleiar:
Har du vore ein del på leir i Sætervika? Kanskje
du kan tenka deg å vera hjelpeleiar på ein eller
to barneleirar der? Då er dette valet for deg.
Klokkar:
Lesa teksten for dagen, lesa kunngjeringar, o.l. på
gudstenester i di lokale kyrkje.
.
Musikk:
Spela eller syngja (vera forsongar) i
samband med nokre konfirmant- og
kyrkjearrangement.
Du må beherska instrument. Noter ditt
instrument ved påmelding.
Lagsarbeid:
Vera medhjelpar i ditt lokale kristne barnelag/kor
gjennom heile skuleåret.
Aktuelle lag: Songbuketten/Juniorklubben Nordtveit,
E.osen søndagsskule, Fjord`n Barnekor, evt. andre.
Fairtrade:
Vera ”Fairtrade-ambassadør”
(rettferdig handel) i Fusa.
Du får innføring i kva fairtrade er
og du skal vera med å følgja opp at
butikkane i kommunen satsar på
fairtrade-produkt. Å profilera dette
for resten av konfirmantgruppa og
innbyggarane i Fusa er òg ein del av oppgåva.
PC/AV:
Styring av PC og lyd i
samband med kyrkjelege
arrangement. Ca. 6 arr. i året.
BASIC:
Ei tilbod til alle ungdommar i Fusa torsdagar kl.19.3020.30 på Eikelandsosen bedehus etter plan. Her har me
bibellesing, samtale, bøn – for deg som ynskjer å læra
meir om kristen tru.
BASIC
Besøksteneste:
3 og 3 går saman med andre vaksne (pensjonistar).
Besøksstaden blir Fusa bu- og behandlingssenter. Her er
du med og lagar til kaffimåltid til dei gamle, deler ut
sangbøker, snakkar med dei og hjelper til praktisk. Ca. 5
gongar i året.