Referat - Hordaland fylkeskommune

Download Report

Transcript Referat - Hordaland fylkeskommune

Møtereferat
Til stades:
Dato: 15.05.2014
Marit Rødseth, HFK, Anne-Kathrine Vabø, HFK, Inge Døskeland, HFK, Nils E. Grude, HFK,
Kari Elstad Moen, FM, Hans Vindenes, Fusa kommune, Asle Andås, Os kommune.
Forfall:
Emne:
Referat frå Planforum 6.mai 2014 - Interkommunal
næringsplan for Fusa, Os og Samnanger, Planprogram
Møtetid:
10:00 – 12:00
Møtestad:
Sak:
2014/1362413
Fylkeshuset, «Nordhordland»
Møteleiar: Marit Rødseth
Referent: Anne-Kathrine Vabø
Referat frå Regionalt planforum 6.mai 2014 – Utkast til planprogram,
Interkommunal næringsplan for Fusa, Os og Samnanger
Innleiing, Hans Vindenes
Utgangspunktet for planen er at Business Region Bergen (BRB) sine utgreiingar viser at det er behov for
nytt næringsareal i Bergensregionen. Bjørnefjordsregionen har hatt ein sterk vekst i folketalet dei siste åra,
men utvikling av arbeidsplassar har ikkje stått i stil med auken i folketalet. Det har ført til at regionen har høg
utpendling. Denne planen ser på tvers av kommunegrensar og tar for seg kommunane Os, Fusa og
Samnanger i lag.
Planarbeidet er nybrotsarbeid, den har vore oppe i alle dei tre kommunestyrene og arbeidsgruppa er
tverrfagleg. Os kommune har hatt ansvar for å utforme planprogrammet. For at planen skal vere
forpliktande vil det bli ei plan etter Plan- og bygningslova (PBL).
Planen vil leggje føringar for vekst omkring knutepunkt med kompetanse arbeidsplassar, og arealkrevjande
arbeidsplassar ute i distrikta.
Presentasjon av utkast til planprogram, Asle Andås
I arbeidet med planprogrammet er det ei politisk styringsgruppe og ei administrativ arbeidsgruppe.
Planprogrammet har fire plantema:
1. Behov for næringsareal
2. Lokalisering av næringsareal
3. Infrastruktur
4. Modellar for utbygging av næringsareal
Det er behov for meir næringsareal enn det som er tilgjengeleg. Bjørnefjorden og Bergen er ein
arbeidsregion. Ved å få fleire arbeidsplasser i Bjørnefjordregionen vil pendling kunne reduserast. Planlagte
infrastrukturtiltak vil føre til at Bjørnefjorden kjem nærare Bergen, sjå på korleis dette kan utnyttast på ei
positiv måte. Bjørnefjorden er ikkje formelt organisert. Planen må avklare korleis samarbeidet mellom dei tre
kommunane skal organiserast.
Planen skal innehalde eit arealplankart der kommunane sine kommuneplankart er samla.
Medverknad:
- Private aktørar
- Næringslivet
- Open høyringskonferanse
- Kontakt med regionale næringslivsorganisasjonar
- Planforum
Framdrift:
Det er eit mål å få planprogrammet på høyring i sumar, med vedtak av planprogrammet i haust. Vidare at
utkast til plan leggjast fram i Planforum om eit år, og endeleg vedtak av planen i oktober 2015.
Innspel
Generelt
Bra å sette i gang kartlegging der ein ser heile regionen samla.
Utviklingstrekk er ulik for kommunane i Bjørnefjorden når det gjeld folkevekst og pendling.
I BRB-utgreiinga er det ein del areal som ikkje er vist, areal som er flytta i frå. Dette bør ein sjå nærare på.
Av dei nasjonale forventningane som er lista opp punktvis (2.3) er alle aktuelle og viktige for planen.
Fleire planar som og er tilgrensande: Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger og
Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa. Og sjekke opp i om Strategisk næringsplan for
Bergensregionen er under revisjon.
Sjå på forhold mellom denne planen og kommuneplanane. Vil denne planen bli førande for kommuneplan?
Det er heller ønskjeleg at kommuneplanane kjem først og legger føringar for denne planen. Målet er å
utforme ein så god plan at den kan verte vedtatt i den einskilde kommune og overførast til den einskilde
kommuneplan.
Drøfte korleis komme vidare frå BRB-utgreiingane og kva planen skal resultere i: kart med soner eller
konkrete streker?, forslag til føresegner som kommunane kan vedta? Juridisk bindande plankart er
krevjande, velje om lage arealplankart eller temakart. Kan velje å lage temakart og føresegner som innspel
til kommuneplanane, slik at dei i kommuneplanprosessane vert vurdert opp i mot andre tema og.
I forhold til kor konkret planen blir må det vurderast om den vert KU-pliktig.
Det er ein god struktur med oppdeling av kvart plantema i Status og utfordringar, Konkretisering,
Utgreiingsbehov. Teksten under overskriftene bør spissast. Status og utfordringar må beskrive utfordringar i
dag. Under konkretisering er det viktig at planen er tydeleg på kva skal planen gjere. Sjå på samla
utgreiingsbehov, det er omfattande.
Planprogrammet er i tråd med handlingplan for næringsplanen (HNH) som vart vedtatt i vår, der måla
mellom anna er attraktive regionale senter og å sikre positiv utvikling av næringsarealreserven. Det er
Side 3/4
positivt at det vert laga ein plan på dette temaet og at den vert kopla til plan- og bygningslova. Å tenke
større næringsareal er i tråd med handlingsplanen.
I planperioden lett å bli overvelda a kompleksiteten, men denne planen kan ikkje løyse «alt». Om det blir
vanskelig å konkretisere, så kan ein seie noko om kva som ikkje er ønskeleg.
Bruk sidetal!
Plantema 1: Behov for næringsareal
Kartlegge dagens situasjon, eksisterande næringsareal og ledig areal. Analysere kor det er føremålstenleg
å lokalisere næringsareal. Sjå på kor det er aktuelt å gjere om noko som i dag ligg som næringsføremål og
kor det er ønskjeleg å legge inn nye areal til næring. Det viktegaste er altså å finne ut: er det ledig areal og
er dei lokalisert på riktig/feil plass.
Sjå til analysen for ledig areal på Haugalandet.
Kommunane må planlegge kor næringa skal lokaliserast ut i frå mange ulike omsyn, ikkje berre kva
næringa ønskjer. Men kor tøffe kommunane skal vere med styringa varierer. Spesielt i Fusa og Samnanger
må kommunane leggje til rette slik at bedrifter ønskjer å komme. Dette er bra å spesifisere i
planprogrammet.
Lokalisere tilsetteintensive arbeidsplassar (=70 % av dei yrkesaktive) i regionseteret Os og i
kommunesentera.
Sjå på planarbeidet i høve til pågåande sentrumsplanar i Os. «Omsette»
tilsetteintensive/arbeidsplassintensiv til plan- og bygningslova.
Handsame areal i sentrum annleis enn større næringsareal utanfor. I sentrum er areal gjerne regulert til
blanda føremål (bustad, næring, forretning...), medan utanfor sentrum finn ein i større grad eksklusive
næringsareal.
Det er mogleg å lage analysar utforma som scenario med ytterpunkt.
Sjå nærare på kva type næring planen skal ta for seg, spesielt i høve til handel. Handterer planen hotell,
bevertning, areal på land til oppdrett...
Plantema 2: Lokalisering av næringsareal
Under konkretisering: Kva skal planen gjere? Skal den ta for seg næringsarealet i seg sjølv, prinsipp for
lokalisering eller kva for type næring?
Under dette plantema er det mogleg å nytte scenario-tenking til sjå på kva ulike lokaliseringar kan føre til.
Vise lokalisering av næringsareal tydelig i forhold til kommunane sin senterstruktur: regionsenter,
kommunesenter og evt. lokalsenter/nærsenter.
Plantema 3: Infrastruktur
Det skjer mykje på vegsida i alle dei tre kommunane. Få ei oversikt over eksisterande vegsystem og
kollektivsystem, og også potensielle framtidige infrastrukturprosjekt. Nytt næringsareal bør leggjast til
hovudvegsystemet. Problematisere kva ein meiner med hovudveg.
Hordaland fylkeskommune
Agnes Mowinckels gate 5
PB 7900
5020 Bergen
Tlf: 55 23 90 00
e-post: [email protected]
www.hordaland.no
Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Kontonr. [xxxx xx xxxxxx]
Se for seg at ikkje alt vert bilbasert, for eksempel har aksen Bergen – Osøyro i dag god kollektivdekning.
Kan vere mogleg med forlenging til Hatvik når vegen vert utbetra og etabler innfartsparkering frå Fusa på
Venjaneset. I dag er det lite kollektivmoglegheiter i Fusa. Arna kan fungere som innfartsparkering om ein
kjem frå Samnanger.
Skal planen ta for seg anna infrastruktur enn veg og breiband? Som for eksempel VA?
Utgreiingsbehovet er tydeleg. Konkretisering litt utydeleg.
Sjå på korleis planen skal stilla seg til regional hamnediskusjon. Bra å forankre planen til kystsoneplanen og
strandsoneplanen.
Plantema 4: Modellar for utbygging av næringsareal
Bør det utgreiast som del av planen om det er aktuelt med eit felles næringsarealselskap?
Kan hente lærdom og inspirasjon frå Osterøy og Haugesund. Osterøy har sett av eit stort næringsareal ved
hovudveg, det er fleksibelt og vert drifta av kommunen. I Haugesund har kommunen engasjert seg i å sjølv
eige næringsareal, da kan dei stille krav.
Planen bør problematisere om det er eit mål med ein buffer av ledig næringsareal, slik at ein kan gjere det
mogleg for eksisterande verksemder å flytte dit.
Medverknad
I Bergensregionen har det vore gjennomført questback til næringslivet. Kva med å ha ei slik undersøking
meir spesifikt i kommunane? Samstundes er det litt farleg å berre spørje dei som er der i dag, næringslivet
er dynamisk.