Kyrkjenytt nr 1 - 2013 - Voss kyrkjelege fellesråd

Download Report

Transcript Kyrkjenytt nr 1 - 2013 - Voss kyrkjelege fellesråd

for Vossabygdene
Nr 1 - 2013, 72. årg.
LysVaken
Ny kyrkjeordning
Ikon i Vangskyrkja
I slutten av november var
11-åringar på LysVakensamlingar i Evanger kyrkje,
Vangskyrkja og Oppheim
kyrkje. På side 5 kan du sjå
fleire bilete frå dei to første
samlingane.
Dette temaet har vore omtala
i tidlegare nummer av bladet.
No har Voss kyrkjelege
fellesråd gjeve sin uttale til
Kyrkjerådet. Kva dei meiner,
kan du lesa om på side 4.
Før jol heldt Solrunn Nes
ikon-utstilling i Vangskyrkja.
Vi har bede ho fortelja om
ikon, korleis ein skal «lesa»
dei og korleis ho arbeider med
ikonmåling. Sjå meir om
dette på side 6-7.
KYRKJA I VOSS
MINE TANKAR OM
2
977 74 489
404 40 460
952 62 026
952 62 025
478 49 134
404 40 461
952 62 084
980 64 594
952 62 021
915 98 410
414 68 733
996 00 940
Prestetenesta:
Sokneprestkontoret på Voss
56 51 96 68
Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11,
tys. 10-11) eller etter avtale
Sokneprestkontoret på Vossestrand
Oppheimstunet 76
56 52 24 73
Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy
906 99 533
[email protected]
Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde
993 53 145
e-post: [email protected]
Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule
e-post: [email protected]
952 62 085
Kapellan Kjersti Brakestad Boge
952 62 022
e-post: [email protected]
Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland
e-post: [email protected]
415 46 366
Soknerådsleiarar
Evanger, Anny Karin Forthun
Voss, Britt Trefall Hernes
Raundalen, Nanna Nordahl
Oppheim, Leif Inge Hauge
Vinje, Aud Walaker Hutchinson
481 36 520
905 89 500
917 58 826
959 10 536
907 54 840
31. januar er siste ordinære arbeidsdagen til Olav
Trå som kyrkjetenar i Vangskyrkja. Soknerådet
vil markera dette etter gudstenesta og årsmøtet i
Vangskyrkja sundag 17. februar. Kyrkjenytt kjem
med si avskjedshelsing i neste nr.
Thomas Velsvik er tilsett som ny kyrkjetenar. Vi
vil koma med ein presentasjon i neste nr.
Nye medarbeidarar ved kyrkjekontoret
Tone Brekke er tilsett i 50% stilling som
trusopplæringsmedarbeidar. Ho har allereie
vore i stillinga ei tid og gjort ein stor innsats ved
babysong, barnekor og i andre T-arrangement.
Idunn Holen og Lene Kristine Printzlau Wiik
Brunborg er tilsett som sekretærar i 50% og 40%
mellombelse stillingar.
Kirkens Nødhjelp sin
fasteaksjon
Vi møter kvardagsheltar i Kirkens Nødhjelp sine prosjekt
over heile verda. Dette er menneske som er fødde på
feil side av urettferda. Men dei vil forandre verda, og
dei veit korleis. Dei er forbilde. Med årets fasteaksjon
vil Kirkens Nødhjelp fortelje historiane til nokre av
disse forbilda. Arbeidet vårt byggjer på kunnskapen og
engasjementet deira. Dei sikrar berekraftige løysingar
som er forankra i lokalsamfunnet. Dei får det til! Støtta
frå norske kyrkjelydar gjev forbilda høve til å skape
verkeleg og varig forandring. For seg sjølv, for andre og
for kvarandre.
Det er kyrkjelydar landet rundt som står for
gjennomføringa av Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Voss,
Vinje og Oppheim kyrkjelyd sine konfirmantar
arrangerer aksjonen tysdag 19. mars. Evanger
måndag 18. mars. Pengane som blir samla inn går til
Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda.
Framsida: LysVaken-deltakarane samla i
Kyrkjenytt Vangskyrja.
Foto: Arne Mosefinn
(Vi tek gjerne imot gode framsidemotiv frå
andre.)
Utgjeve av: Voss Kyrkjelege Fellesråd
saman med Evanger, Voss, Raundalen,
Oppheim og Vinje sokneråd.
Besøksadresse: Magasinvegen 35,
Tvildemoen
Postadresse Pb. 562, 5703 Voss
E-post: [email protected]
Kontonr: 3480.30.56775
Telefon (redaktør) 915 98 410
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
Redaksjonsnemnd: Brit Furre, Aud
Wallaker Hutchingson, John Ove Thaule
og Arne Mosefinn (red.)
Grafisk utforming: Åslaug Styve Mjånes
Trykk: v/ Voss Prenteverk
Opplag: 6000 eksemplar
Neste nummer kjem ut i veke 12
Frist for innlevering av materiale til
redaksjonen: 5. mars 2013.
TRU
Av Brit Furre
Tru kan vera så mangt. I
ei sekularisert verd med
kommunikasjonskanalar som
når alle på veldig kort tid, får vi
inn både godt og gale om kva tru
fører til. Å ha tru er naudsynt for
å få til ting. Trua på oss sjølve og
dei vi lever saman med er sjølve
fundamentet for livet. Å tru på
noko større enn oss sjølve, er
og nærliggjande for mange
menneske.
Eg arva ein gong eit smykke
frå bestemora mi. Eg var 7
år, og fekk ei skinnveske
med eit Nytestamente og
eit gullsmykke i. Smykket
var eit kors, eit hjarte og
eit anker. Eg har ikkje dette
smykket lenger, men eg har
passa på å gje alle jentene
i familien eit slikt smykke
til konfirmasjonen, for å
ha eit høve til å snakka om
familien som har vore før
oss, og om tru. Eg har fått
noko verdfullt, og eg vil
gjerne gje det vidare.
Mine tankar om...
Kyrkjeverje Hans Soldal
e-post: [email protected]
Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes
e-post: [email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke
e-post: [email protected]
Kateket Rønnaug Eng Skjeldal
e-post: [email protected]
Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala
e-post: [email protected]
Kantor Magnus Kløften
e-post: [email protected]
Organist Frode Vik
Organist Ellen Marie Selland Geithung
Kyrkjetenar, (Voss) Olav Trå
Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn
Kyrkjetenar (Vossestrand) Johannes Løen
Gravar Vidar Bryn
Olav sluttar – Thomas byrjar
Framtid og håp
Av Guro Karstensen
Gamleåret har sunge sitt siste
vers. Eit nytt år er i gang. Mange
av oss har ofte ved årsskiftet
rom for ettertanke, samtidig som
me vender andletet framover og
oppover. Kanskje det nye året
syng ein kjent melodi frå
året før.
Bibelen er ei forunderleg
bok. Ei bok som gjev håp
frå Gud til oss. Opnar
augene våre og gjev oss ei
ny framtid om me tar oss tid
til å lesa. Jes. 43, 19: Sjå,
eg skaper noko nytt. No
gror det fram. Merkar de
det ikkje? Ja, eg legg veg
Andakten
Kyrkjekontoret,
Kontortid: mån-fre kl 9 - 15
Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss
Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81
www.voss.kyrkja.no, [email protected]
kto.nr. 3480.16.45293
Det er ikkje så ofte vi snakkar om
tru i lunsjen, på arbeidsplassen i
landet vårt. Det er noko heilt anna
når ein kjem sørover i Europa.
Kjem ein til Israel kan ein rekne
med at den første drosjesjåføren
du treff på spør kva du trur på, og
for mange av oss nordmenn er vi
ikkje vane med å snakka om det.
Når eg les avisa Vårt Land på
laurdagar, ser eg alltid etter kven
som er interjuobjektet i Spalten
«Min tro». Det er spennande
å lesa om kor forskjellige vi
menneska er.
Denne laurdagen såg eg at det var
komikaren og skodespelaren Linn
Skåber, som var hovudpersonen.
Når morosame menneske snakkar
alvoleg, kjem det ofte noko
uventa. Det gjorde det denne
gongen, for meg i alle fall. I VG
skreiv ho som spaltist: «Tro vitner
om at du er et undrende, levende
menneske (..).folk som vet kan
være livsfarlige». (Vårt Land
laurdag 19.01.13).
I skrivande stund er akkurat
terroraksjonen i In Amenas i
Algerie avslutta. Kva slags
tru ligg i botnen for så harde
verkemiddel? Og det er ført
mange krigar i kristennamnet
og, og i landet der Jesus vart
fødd, er det konstant uroleg; i
det landet som er utgangspunkt
for tre verdsreligionar. Dette er
vanskeleg å forstå. Tre religionar
med utgangspunkt i Abraham,
som har utvikla seg veldig
forskjellig.
Å tru må vel vera å ta vare på
håpet, på kjærleiken. Å tru på
Gud vil vel vera det same som å ta
vare på mennesket, Guds skapnad
på jorda, og vise respekt for det
skapte? Å tru må vel vera å vera
glad i menneske! Ei levande tru
må vel og ha noko av tvilen i seg.
På den måten vert ho utvikla og
få nye djupner. I skjæringspunktet
mellom tru og tvil, vil vel det
audmjuke kome fram. Alle treng
vi nåde og alle treng vi å strekka
oss mot våre medmenneske og
vera nådig.
i øydemarka og stigar i den aude
hei.
Han aldri bort frå oss. Han kallar
på oss, vekkjer oss opp på ny, til
eit liv med seg.
Gud ber oss sjå framover, med
håp til han som skaper noko nytt.
Med 2013 opnar det seg eit nytt
år for oss, med nye muligheiter.
Derfor er det trygt og godt å vera
eit truande menneskje. Jer. 29,
11-12: For eg veit kva tankar
eg har med dykk, seier Herren.
Fredstankar, ikkje ulukkestankar.
Eg vil gje dykk framtid og håp.
Når de kallar på meg og kjem til
meg med bønene dykkar, vil eg
høyra på dykk.
Takken må gå til Gud når me får
oppleva eit nytt nådeår frå Han.
Om me kjem bort frå Han, kjem
Han har skapt ein flott natur, som
me skal forvalta. Fantastisk flott
er det på fjellet ein vinterkveld
med stjerneklar himmel. Og når
millionar av snøfnugg dalar ned
mot marka. Og snøkrystallane –
kunstverk der ikkje to er like.
Me er alle om bord i livsbåten på
det store hav. Når det stormar og
båra slår, har me den rette kursen
mot livsens land? Legg me våre
liv i Guds hender, er han alltid
nær. Og me er trygge.
Godt nytt år!
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
3
AKTUELT
Ny kyrkjeordning – slik Voss ser det
VKF meiner at ei ny
kyrkjeordning må sikre sokneråda
meir mynde og større innverknad
på eiga verksemd og sikre at
alle dei kyrkjelege tenestene
og oppgåvene vert vidareført
under felles og heilskapleg
arbeidsgjevaransvar, der alle
tilsette er forplikta på felles mål
og felles strategi.
4
urealistisk å ha ein dagleg leiar for
kvart sokn, men ein bør likevel
arbeide for at råda skal ha tilgang
på administrativ ressurs (sekretær/
sakshandsamar), og at det skal
vere lokale møtepunkt som folk
kan vende seg til.
Kyrkjestyret
VKF meiner at kyrkjestyret
skal ha arbeidsgjevar for ALLE
tilsette i lokalkyrkja. Dagens
todelte arbeidsgjevaransvar
gjer det vanskeleg å utøve ein
overordna, strategisk leiarskap
og løyse eventuelle konfliktar
mellom tilsette som har ulike
arbeidsgjevarar.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
- For alle stillingar gjeld:
Med grunngjeving i soknerådet
sitt verksemdsansvar skal
soknerådet delta ved intervju,
og vere representert i
innstillingsrådet. Biskopen får
på oppmoding søknadane til
uttale. Biskopen har møterett i
tilsettingsorganet (kyrkjestyret).
Av Arne Mosefinn, tekst og foto
Fredag 23. og laurdag 24.
november var det LysVakensamlingar i Evanger kyrkje og
Vangskyrkja. På Evanger var
det 11 11- og 12 åringar med. I
Vangskyrkja var det rundt 70!
11åringar. Først får alle læra
LysVaken-songen. Så er det ei
forteljing om Jesus som Guds
lys for oss. Deretter eit måltid
med pizza og brus/saft. Vi blir
betre kjent med kyrkja ved å gå
gruppevis innon ulike stasjonar, så
som koret, preikestolen, orgelet,
lysgloben m.m.
vi kan skriva personlege bøner
som vert lagt i ei krukke. Så ein
quiz om det vi har vore med på.
Til slutt bretta vi papirfly som
vart sende ned frå galleriet til dei
vaksne som kom for å vera med
på avslutninga.
På Evanger fekk vi gå opp til
klokkene i tårnet. Det er ein
bønestasjon med lystenning, der
Biskopen og stiftssenteret si
rolle i ny kyrkjeordning
Medvitne om eit stort og
krevjande oppdrag, kombinert
med avgrensa ressursar, treng
kyrkja meir ein nokon gong
biskopen som:
o Tydeleg visjonsberar for alle
tilsette, for friviljuge og så vel
som rådsmedlemer.
5
o Ein som kan teikne eit bilete av
det å vere kyrkje i vår tid.
o Ein som kan gje oss nytt frimod,
ny stoltheit og ny energi i vårt
kyrkjelege arbeid.
Biskopen må framleis sikrast ei
sentral rolle i høve tilsettingar,
og kunne delta aktivt inn
mot kyrkjestyret. Biskopen
kvalitetssikrar prestetenesta, og
har tilsyn med kyrkjelydane og
medarbeidarane i bispedømet.
I VKF sin modell er
bispedømerådet som vald,
demokratisk organ ikkje lenger
naudsynt. Stiftssenteret derimot,
må oppretthaldast, der biskopen
har ein tenleg organisasjon for
utøving av tilsyn, fagleg rettleiing
og kompetanseutvikling. Både
den einskilde kyrkjelyd så vel som
bispedømet treng stiftssenteret
som eit slikt kompetansesenter.
Voss
Prosten skal ha eit fagleg
leiaransvar for prestetenesta, og
også ha ei oppgåve som rettleiar
for andre funksjonar som omfattar
forkynning og opplæring. Han
VKF meiner for øvrig at så lenge
kyrkja sin økonomi fyrst og fremst skal ha det avgjerande ord i høve
til pastoral leiing i kyrkjelyden,
kjem frå kommunale løyvingar,
er det avgjerande å ha ein rimeleg innan dei (økonomiske) rammer
som kyrkjestyret har fastsett.
nærleik mellom kyrkjestyre og
kommune. Me trur at kyrkja sin
Det viktigaste kriteriet er
økonomi er avhengig av at eit
kyrkjestyret sitt verksemdsansvar.
representativt og profesjonelt
Dette er svært vidtfemnande, og
organ tala kyrkja si sak direkte
vil i tillegg til det kyrkjefaglege
til politikarane i kommunen. Det
omfatte administrative og
handlar om nærleik, relasjon og
økonomiske oppgåver, tilsetjing
kommunikasjon mellom kyrkja og og arbeidsgjevaransvar,
kommunen.
samhandling med kommunen,
forvaltning av kyrkjebygg og
Soknet
kyrkjegardar, samt leiing med
Soknet er grunneininga i kyrkja,
utgangspunkt i kyrkjestyret sine
og må difor få større ansvar i
oppgåver som serviceorgan for
den strategiske utviklinga av
soknet, og organ i den regionale
kyrkjeldyen, og større moglegheit kyrkjeforvaltninga
enn i dag til å påverke kven som
Tilsetjingar
vert tilsett der. Det strategiske
leiaransvaret vil få ei større
- Vigsla stillingar:
gjennomslagskraft om sokneråda
Kyrkjestyret føretek kunngjering
også får styrka styringsrett over
av ledig stilling. Søknadar vert
dei økonomiske ressursane. Ein
sendt til kyrkjestyret, som set
må utgreie spørsmål som har med opp søkjarliste. Før kyrkjestyret
soknegrenser og storleik på sokn
sender søknadane til handsaming
å gjere. For små sokn vil det vere
i sokneråda, sender ein søknadane
til biskopen. Biskopen innstiller
nokre kvalifiserte søkjarar
i prioritert rekkefylgje, og
kyrkjestyret tilset ein av desse.
LysVaken
Evanger
Voss kyrkjelege fellesråd har
gjeve uttale til spørsmålet om
ny kyrkjeordning. Eit viktig
poeng er profesjonalitet
og samstundes nærleik.
Hovudbodskapen er at det
bør opprettast eit Kyrkjestyre
som omfattar fleire av dei
minste kommunane, men
ikkje er så stort som vårt
Hardanger og Voss prosti.
T-dagar
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
SIDAN SIST
SIDAN SIST
Ikon i Vangskyrkja
Av Arne Mosefinn
Før jol heldt Solrunn Nes
salsutstilling av ikon i
Vangskyrkja. Ho fortel at
Vangskyrkja høver særs
godt til å visa fram ikon.
Ved opninga av utstillinga
gav ho ei interessant
framstilling av ikona sin
«historie», korleis ein skal
prøva å «lesa» dei, og
korleis ho sjølv arbeidde
med denne kunstforma.
Bibelen føreskriv eigentleg eit
forbod mot å framstilla Gud
på bilete (slik særleg muslimar
praktiserer strengt i dag). Ho
siterer Johannes av Damaskus
(ca. år 730):
6
«I tidlegare tider kunne Gud,
som er utan form eller lekam,
aldri avbildast. Men no når
Gud er sett i kjøtet i samtale
med menneske, lagar eg eit
bilete av den Gud som eg ser.
Eg tilber ikkje materien; eg
tilber materiens Skapar som
vart materie for mi skuld,
som ville ta bustad i materien,
som fremja mi frelse gjennom
materien.»
Det er altså inkarnasjonen
– det at Gud vart menneske
– som gjer at biletforbodet
kan opphevast. Slik kunne
evangeliet forteljast gjennom
symbolikken i bileta. Dei
lærde heldt seg gjerne til
Ordet, medan dei ulærde kunne
finna trua på Gud ved å sjå.
For at vi lettare skulle «lesa»
ikona, gav ho oss nokre
haldepunkt:
• Frontalitet: Figurane på
bileta er framstilt slik at dei
gjerne ser på oss, møter oss
front mot front. Blikket vik
ikkje unna, slik som ein ofte
kan møta hjå menneske ein
snakkar med. Dei eignar seg i
samband med bøn.
• Omvendt perspektiv: Eit
vanleg måleri vert gjerne
framstilt med perspektiv
bakover, men ikon vender
perspektivet framover – mot
oss. Her vil ein få fram eit
teologisk poeng: Guds rike
kjem til oss. Vi blir gjenstand
for det som skjer på biletet –
frelsa kjem til oss.
• Bladgull: Eit vanleg måleri
vil ta seg betre ut når motivet
vert belyst frå ein viss vinkel.
Her kjem lyset frå biletet sjølv.
Det kjem innanfrå biletet og
gjennomlyser personen som er
framstilt.
• Rangperspektiv: Den
viktigaste personen i biletet
er framstilt størst. Det ser ein
gjerne i motivet Maria med
Jesus-barnet. Jesus er ofte
overdimensjonert.
Solrunn Nes i Vangskyrkja med litt av
målarsakene sine.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
Ikon
, av gresk εἰκών, eikōn
«bilete», er ei nemning for
religiøse måleri på trepanel i bysantisk
stil, og som spesielt har plass i den
russisk-ortodokse og gresk-ortodokse
kyrkja. I denne tradisjonen er ikkje
ikonet berre ein illustrasjon, men ein
berar av ein religiøs bodskap. Ikonet
vert derfor bruka i samband med bøn og
meditasjon. I den ortodokse gudstenesta
finst det ein eigen liturgi for velsigning
av ikon.
Den bysantiske kunsten hadde sin
første gullalder på 3 – 400-talet, knytt
til kyrkja og keisaren i Konstantinopel.
I år 726 forbaud keisar Leo III i
Konstantinopel alt ikonvesen. Kampen
om ikona raste i meir enn hundre år, og
var i røynda ein kamp om makta i kyrkja.
Ikonoklastane, biletstormarane, øydela
alt dei kom over av ikon. Striden raste til
«ortodoksiens triumf» i år 842. Då vart
det slått fast at ikona ikkje var gjenstand
for tru, men hjelpemiddel for trua.
Ikontradisjonen utvikla seg vidare då
Russland vart kristna på slutten av det
tiande århundret. Ikona fekk ein sentral
plass i russisk kultur. Det fanst eit ikon i
einkvar heim, og det var skikk at når ein
kom inn i ein heim, helsa ein først ikonet
i hjørnet før ein helsa på husfolket.
Eit ikon vert måla på ei plate av tre.
Plata vert preparert med mange lag
gessogrunning, ein serie lag med
krittlim, slik at ein ikkje kan sjå
spor av trestrukturen i plata. Sidan
rissar ein inn motivet, før ein målar
fargebakgrunnen. Ikon vert måla med
eggtempra, ei blanding av eggeplomme,
vatn og fargepigment; ein av dei eldste
målarteknikkane vi kjenner. Etter at
bakgrunnen er ferdig, målar ein inn
motivet, og så målar ein på bokstavar
og gloriar. Til sist kan ein leggje på
forgylling. Forgyllinga kan vere laga
av leirblandingar, sølv eller bladgull.
Ikona vert ikkje signert – dei skal vere
Guds, ikkje kunstnaren sitt verk
Maria og Jesusbarnet i tavla til høgre: Jesus-barnet er hovudfiguren og er framstilt større enn «normalt». Han har ein skriftrull i handa, og gjer
velsigningsteiknet med den andre. Maria står på ein sokkel som er framstilt i omvendt perspektiv.
Tavla i midten: Tradisjonell framstilling av den majestetiske Jesus og symbola til evangelistane.
Tavla til venstre: Johannes døyparen i eit landskap av trappefjell.
Korleis kan ein gå fram når ein
sjølv vil prøva å lesa eit ikon?
Då kan ein starta med å ta føre
seg detaljane ein ser – ein for
ein. Det er også nyttig å ha god
bibelkunnskap – kanskje også
språkkunnskap. Så bør ein tenkja
over miljøet i biletet – landskapet
og arkitekturen. Ein vil gjerne
oppleva ein del inkonsekvens,
som at ein kan sjå eit rom både
på innsida og utsida. Det fortel
at Gud ikkje let seg avgrensa til
denne verda.
Fargane har også sin betydning.
Jesus er gjerne kledd både i raud
og blå klednad. Det skal syna at
han har både ein menneskeleg
og guddommeleg natur. I mange
ikon ser vi at Jesus held ein
skriftrull eller ei bok (også som
barn i magen til Maria). Slik kan
vi lesa at Ordet vart menneske.
Eit ikon kan lett bli eit
overflatefenomen – eit bilete
det er fint å sjå på. Rikdommen
finn vi først når vi klarar å sjå all
symbolikken og meininga som
kunstnaren vil halda fram.
Songkonsert i
Vangskyrkja 20. mars
Korleis vart du sjølv ikon-målar?
- Eg fekk eit gresk statsstipend og
fekk studera ved kunstakademiet
i Aten frå 1985. Det kan
samanliknast med å læra annan
tradisjonsbærande kunst, som
hardingfelespel og kveding. Du
lærer ved å høyra/sjå på andre,
og fører vidare kunsten i same
tradisjon. Likevel vil det alltid
vera eit personleg preg i det du
framstiller.
Konfirmasjonsdagar 2013
Vangskyrkja:
Laurdag 4. mai kl. 1000 og 1200
Sundag 5. mai kl. 1000 og 1200
Sundag 12. mai kl. 1000 og 1200
Evanger kyrkje:
Torsdag 9. mai kl. 1100
Oppheim kyrkje:
Sundag 19. mai kl. 1100
Bodil Arnesen er ein av dei
fremste sopranane me har
her i landet. 20. mars kjem
ho og Paal André Grinderud
(tekstforfattar og opplesar) til
Vangskyrkja for å presentera
sin «Takknemlighetskonsert»
i lag med VOK; Voss og
omland kantori, samt kantor
Magnus Kløften på ulike
instrument. Prosjektet
«Takknemlighetskonsert» har
vore presentert i mange kyrkjer
rundt om i landet, med god
respons. Bodil Arnesen vil
syngja alt frå opera til salmar,
og vert fylgd tekstleg av Paal
André Grinderud, som les eigne
tekstar om oppvekst, levekår
og samfunnsliv. Det er med
takksemd me seier velkomen
til desse 2 denne kvelden.
Konserten startar klokka 1930 i
Vangskyrkja. Det vert billettsal
ved inngangen. Voss sokneråd er
arrangør.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
7
UNG
8
SIDAN SIST
Ungdomsåret 2013
Dåpsnamn i 2012
Biskopen og bispedømet
vil framheva ungdomen
i «Ungdomsåret 2013». –
Dette er ikkje ei ny reform,
men eit høve til å setje
lys på aldersgruppa 1519 i det vi held på med
i kyrkjelydsarbeidet,
slik som gudstenester,
diakoni og trusopplæring,
seier prosjektleiar
Arnt Johan Vistnes ved
bispedømekontoret.
Kyrkjenytt har i kvart nummer eit
oversyn over døypte. For nokre
år sidan tok eg ei oppteljing over
dei mest brukte namna det året. I
2002 var det Eirik som var det
mest «populære» gutenamnet, då
6 gutar fekk det namnet. Også i
år 2000 var Eirik/Erik populært
saman med Anders (5 av kvar).
Av jentenamn var det i 2002
Maria/Marie som var mest brukt
(6 jenter). I 2000 var det ingen
jentenamn som var spesielt mykje
brukte.
Biskopen har valt eit ikon for
Ungdomsåret, «Jesus og vennen
hans», eit koptisk (egyptisk) ikon
frå 6-700 talet. I dette ikonet er
nærleiken mellom Jesus og venen
hans uttrykt med handa over
skuldra og at dei ser på kvarandre
med det eine auga og med det
andre ser dei fram – på oss.
Saman med ikonet har
ungdomsåret eit slagord: «Venner
for livet». Jesus er ein ven for
livet, han ynskjer vennskap
menneske imellom, og at vi skal
verne om livet, seier biskopen.
I 2013 håpar vi på at ungdom får
fokus i gudstenester, forkynning
og der kyrkjelyden samlast. Vi
håpar at ungdom får delta der
planar blir lagt og der avgjerder
blir tatt. Kanskje Ungdomsåret
2013 kan bli startskotet for noko
som skaper ei positiv retning
for ungdomssatsinga i åra som
kjem. Vi håpar at fleire unge,
etter konfirmasjon, kan oppleve at
kyrkja vil dei noko og at den har
noko viktig som dei treng. Vi må
utfordre kyrkjelydane våre på å
vere med på å gjere kyrkjelyden
til ein plass der alle kan finne
sin plass, seier prosjektleiar Arnt
Johan Vistnes.
Av Arne Mosefinn
Dei fire B-ane
På mange måtar satsar vi
på det som har blitt kalla
Dei fire B-ane: Bibel, bøn,
brødsbrytinga (gudstenesta) og
(broder)fellesskapen. Gjennom
ungdomsåret vil vi oppmode
ungdom til å lese i Bibelen, blant
anna vil vi dele ut ei spesialutgåve
av Det nye testamentet. Det blir
arbeidd med å få klar eit kurs
om kristentrua for ungdom i
løpet av Ungdomsåret. Vidare
har vi invitert ungdom til å vera
med å formulere ei eiga bøn for
ungdomsåret. I våre møte med
Kristus og abbed Mena. (C) RMN-Grand
Palais (musée du Louvre)/ Hervé Lewandowski
kyrkjelydane har vi lagt vekt på
at det må vera eit mål å gjera
gudstenestene relevante for unge
menneske, seier Vistnes.
Misjonsprosjekt
Ungdomsrådet i Bjørgvin fekk i
oppgåve å anbefale eit av SMM
(Samarbeid Menighet og Misjon)
sine prosjekt som ungdomsåret
sitt misjonsprosjekt. Dei valde
Normisjon sitt prosjekt: «Gi
steinarbeidarane eit verdig liv og
ei framtid.» Prosjektet set søkelys
på steinindustrien i Vest-Bengal i
India. Vi ser fram til å samarbeide
med Normisjon og kyrkjelydane
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
om å engasjere ungdom i dette
prosjektet.
Ungdomsårarrangement
Ungdomsåret blir arrangert
i samspel med dei kristne
ungdomsorganisasjonane. Fleire
arrangement vil bli merka som
«Ungdomsårsarrangement». Der
står organisasjonane sjølve for
innhaldet i sine arrangement, men
i Ungdomsåret vil vi særskild
promotere desse arrangementa for
kyrkjelydane. Desse arrangementa
er i stor grad spreidd over heile
året.
17. mars vert Ungdomsåret
markert i Voss med Ung Messe
i Vangskyrkja. Minileiarkurset
(MILK) skal stå for planlegging
av gudstenesta saman med
kateket og prest.
Heimeside –
www.ungibjorgvin.no
Heimesida, ungibjorgvin.no er
ikkje berre for Ungdomsåret,
men skal òg kunne brukast i
tida som kjem. Den viktigaste
funksjonen til denne sida
vil vere ungdomskalenderen
der arrangørar av
ungdomsarrangement i
bispedømet kan legge inn sine
arrangement. Dette er ei god
synleggjering av det enkelte
tiltak, samstundes som ein lettare
kan unngå kollisjon av større
arrangement. Heimesida vil ha
linkar til andre ungdomssider
og vil vere ein kanal for gode
idear og erfaringar med kristent
ungdomsarbeid.
I 2002 vart det brukt 85 ulike
namn til 121 døypte gutar (1,4
gutar pr. namn). To år før vart
det brukt 70 ulike namn på 110
døypte gutar (1,6 gutar pr. namn).
Det vart i 2002 brukt 64 ulike
jentenamn på 93 døypte jenter
(1,45 jenter pr. namn), medan det
i 2000 vart brukt 80 ulike namn
på 119 døypte jenter (1,5 jenter
pr. namn). – Det har såleis på dei
to åra vorte ein større variasjon i
namnsetjinga.
Korleis har dette så utvikla seg?
I fjor er det registrert 63 døypte
gutar, med 50 ulike namn, dvs.
1,26 gutar pr. namn. Dei mest
brukte namna er no Olav (4),
Joar, Sindre, Anders, Håkon,
Tor og Eirik (2 kvar). Det er altså
vorte ein endå større variasjon.
Det er registrert 72 døypte jenter,
med 59 ulike namn, dvs. 1,22
jenter pr. namn. Same trenden
gjer seg altså gjeldande også for
jentene, kanskje i endå større
grad. Dei mest brukte namna er
Sara(h) med 6 jenter, Tuva med
4, Sofie, Linea, Nora, Vilde og
Tea/Thea med 2 kvar.
Korleis ligg Voss an i høve til
landet elles? På landsplan er Emil
det mest brukte namnet (2011),
med Lukas/Lucas og Mathias/
Matias på dei neste plassane.
Desse namna er ikkje registrert
på Voss (i 2012). For jentene sin
del er det på landsplan Emma,
Nora(h), Sara(h), Sofie/Sophie,
Lin(n)ea og Tea/Thea som er
mest «populære». Same trenden
finn vi også på Voss, med unntak
av Emma.
Trenden med å bruka bibelske
namn, er – som på landsplan –
minkande. For 12 år sidan var
det på Voss 24 gutar som fekk
bibelske namn. I fjor var det 9.
Namna var då Noa(h), Gabriel,
Mikkel/Mikael, Andreas, Isak,
Markus (2), Elias og Jakob.
Blant jentene har det ikkje vore
så vanleg å bruka bibelske namn,
heller ikkje på Voss. I fjor vart
desse namna brukte på 8 jenter:
Sara(h) (6), Anna og Johanne
(-a).
Til slutt nokre råd til nybakte
foreldre, henta frå Statistisk
Sentralbyrå som fører
namnestatistikk for Noreg: «En
stor navnebok inneholder 3 000
navn. Styr derfor unna de 40 som
ligger på toppen av listen selv om
mange av dem er pene. Barnet har
16 tippolde-foreldre og dobbelt så
mange i neste ledd. Det er mange
aktuelle navn å ta av. Et råd
kan være å følge Jørgen Ourens
navnelov:
§ 1. Ingen kaller opp etter tanter.
§ 2. Alt gammelt blir pent, bare
det blir gammelt nok.
§ 3. Ikke spør besteforeldrene.
Kyrkjestatistikk for 2012
Her presenterer vi nokre tal for kyrkjelege handlingar siste året. Fullstendige årsmeldingar for dei ulike sokn
vert lagt ut på nettsida til kyrkja: www.voss.kyrkja.no under menyen kontakt oss. Tala i parantes gjeld 2011.
Sokn
Døypte
Konfirmerte
Vigde
Gravlagde
Evanger
8 (3)
11 (7)
3 (1)
17 (10)
Raundalen
2 (5)
0 (0)
2 (2)
6 (1)
Voss
112 (139)
136 (117)
23 (33)
110 (128)
Vinje
5 (10)
5 (10)
2 (3)
11 (9)
Oppheim
6 (7)
9 (9)
3 (4)
133 (164)
161 (143)
33 (43)
Sum
3 (12)
147 (160)
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
9
Kyrkjelege handlingar
LEDIG ANNONSEPLASS.
- satsar på Vestlandet
TA KONTAKT FOR Å
FÅ DI ANNONSE I
KYRKJENYTT
10
Korleis har du det…
EIGENTLEG?
Krisetelefon 815 33 300
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
Selskap i konsernet
HMV Voss AS
ALT I FØRARKORT
www.hagatrafikk.no
9100 3101
[email protected]
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
DØYPTE:
Voss gutar:
25.11: Sindre Jordalen
Marcus Grønholt Mykkeltveit
Tor Lucas Grønholt Mykkeltveit
Håkon Johan Tveite
26.12: Brage Andreas Repål
Anders Rode
Knut Eirik Seim
Nikolai Bø Soltvedt
Oliver Odd Tesdal
06.01: Emin Aksel Celik Tangerås
13.01: Dennis Cook
Alexander Stana Hydle
Nikolai Bjelkevik Jensen
Mikkel Grindeland Lunde
27.01: Odin Gjeraldstveit
Benjamin Helleve
Benjamin Kolskår
Eskil Fossåskaret Nordpoll
Torjus Rørlien Seim
Edgar Solbakk
Voss jenter:
25.11: Michelle Kvåle
Oda Dolve Melve
Vilde Olde Merkesdal
Sarah Straume-Øystese
13.01: Karoline Berge
Ada-Sofie Skudal Bø
Henriette Kyte
27.01: Emma Bryn Haugstvedt
Vinje:
06.01: Oda Ulvund
Oppheim:
29.12: Alva Pernille Warholm Naasen
VIGDE:
Voss:
12.12: Linn Veronika Fyllingslid og Bjørn Olav
Rongen
Oppheim:
15.12: Åse Karin Ramsøy og Frode Midtun
16.12: Ingvil Aase og Chimwemwe Manangi
DØDE:
Voss menn:
06.11: Arnfinn Bø f. 1914
23.11: Mons Rokne f. 1934
29.11: Knut Ukvitne f. 1930
30.11: Olav Magne Kaldestad f. 1952
03.12: Per Gunnar Mundal f. 1972
10.12: Olaf Fossheim f. 1921
12.12: Knut Rudolf Svensson f. 1923
19.12: Kåre Agledal f. 1930
19.12: Ola K. Berge f. 1935
03.01: Lars Fykse f. 1952
10.01: Knut Sætre f. 1939
15.01: Alfred Mathias Dagestad f. 1934
23.01: Johannes Litlere f. 1935
Voss kvinner:
14.11: Margit Andresen f. 1929
15.11: Johanne Løne f. 1924
16.11: Maria Lofthus f. 1916
20.11: Ingebjørg Skutle f. 1930
23.11: Brita Dugstad f. 1927
29.11: Gudrun Haldis Gjeraker f. 1920
07.12: Ågot Laila Fadnes f. 1920
13.12: Inger Therese Opheim f. 1925
28.12: Anna Johanne Rogne f. 1933
05.01: Gudrun Torget f. 1922
05.01: Alvhild Vethe f. 1923
15.01: Karen Hemre f. 1920
16.01: Ingeborg Bårtvedt f. 1925
19.01: Torbjørg Johanne Ygre f. 1919
Evanger:
06.12: Ingard Bolstad f. 1930 (grl. Bolstadøyri)
19.12: Harald Julseth f. 1953 (grl. Bolstadøyri)
21.12: Olav I. Hernes f. 1924 (grl. Evanger)
Raundalen:
23.11: Marit Fagnastøl f. 1918
Vinje:
16.11 Niels Nielsen
27.11 Gerd Mørkve
04.12 Elsa Bidne
19.12 Kristina Flisram
f.1941
f.1921
f.1926
f.1913
Oppheim:
05.12 Målfrid Midlang
f.1941
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
11
DET HENDER
Gudstenesteliste:
Vangskyrkja:
17.02. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.
Årsmøte for kyrkjelyden.
24.02. kl. 1100 Høgmesse v/Haaland. Dåp.
Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.
03.03. kl. 1100 Familiegudsteneste med T4 v/Skjeldal og Boge.
Barnekor. Kyrkjekaffi.
10.03. kl. 1100 Gudsteneste m/babysong v/Boge. Dåp.
Offer til trusopplæringa.
17.03. kl. 1100 Ung Messe v/Skjeldal, Boge og Hellesøy.
Start på Ungdomsåret i bispedømmet.
Offer til Voss KFUK/M.
Evanger kyrkje:
10.02. kl. 1100 Høgmesse vHaaland. Nattverd.
Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.
03.03. kl. 1100 Gudsteneste v/Molde.
Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.
Kyrkjelyden sitt årsmøte.
Bolstadøyri kapell:
17.02. kl. 1500 Gudsteneste v/Molde. Offer til Bedehuset.
Kyrkjekaffi. Årsmøte for Bedehuset.
17.03. kl. 1100 Familiegudsteneste v/Molde. Sundagsskulen.
Offer til Sjømannskyrkja.
Raundalen kyrkje:
24.02. kl. 1600 Gudsteneste v/Molde.
Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.
Kyrkjelyden sitt årsmøte.
Idrettshallen:
10.02. kl. 1200 Ung Messe v/Vinterfestivalen KFUK/M.
Vinje kyrkje:
10.02. kl. 1100 Storfamiliegudsteneste v/Thaule.
T10 med utdeling av NT. Offer til Bibelselskapet.
Årsmøte for kyrkjelyden. Kyrkjekaffi.
03.03. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule. Offer til Blå Kors.
Oppheim kyrkje:
17.02. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule.
Offer til Israelsmisjonen.
17.03. kl. 1100 Storfamiliegudsteneste v/Thaule.
T7 Borna sin påskefest. Barnekoret.
Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
C-BLAD
Fulldistribusjon
Kyrkjenytt for
Vossabygdene,
pb 562, 5703 Voss
Aktivitetskalendar:
- Nye Testamentet, Oppheim
Sundag 10. februar. Utdeling av Nye
Testamentet til 10-åringar.
Ung Messe
Idrettshallen sundag 10. februar kl
11.00. Vinterfestival.
- Undretur, Voss sokn
Vangskyrkja laurdag 2. mars, for born
fødd 2. halvår 2009 og 1. halvår 2010.
- Barnebibel, Voss sokn
Torsdag 28. februar og sundag 3. mars
i Vangskyrkja i samarbeid med Mini-/
MidiSing.
- Babysong, Voss sokn
Gudsteneste med babysong sundag 10.
mars i Vangskyrkja.
- Tårnagentdag, Voss sokn
Fredag 15. mars i Vangskyrkja/
Vonheim. (Planleggingsdag i skulen).
- Borna sin påskefest
Sundag 17. mars kl 11.00 i Oppheim
kyrkje. Vinje/Oppheim sokn.
Kvinnenes Internasjonale Bønedag
Fredag 1. mars er dagen for
Kvinnenes internasjonale bønedag.
Kvinner i Frankrike har førebudd
opplegget for dagen. Tema for dagen
er støtte til «Ester-prosjektet» i
Kamerun. Bibelselskapet i Kamerun
har ansvar for prosjektet, som gir
støtte til tenåringsmødre og unge
prostituerte. Prosjektet vil gje
unge jenter høve til å få eit nytt og
meiningsfullt liv.
I fjor vart det samla inn kr. 414.126
til eit arbeid i Malaysia.